Kvitebjørnen

av Rasmus Løland

VIII. Paa Svartetjørni

128Uti marki laag Svartetjørni med blenkjande fin skjeise-is. Han Ola, drengen, hadde vore der og sét det ein dag han var av med byrsa etter reven, og sidan hadde dei sjølve sét det ein dag dei var uppaa fjelli og saag utyver. Tjørni laag der som eit blankt auga uti dalen, langt ut-imillom haugarne. Dei hadde skjeisorne sine ferdige og i god stand, det var fint ver um dagarne, og dei hadde mest ikkje fenge skjeisa ein einaste gong fyrr i vinter; for korkje paa fjorden eller utpaa vesletjørni hadde 129det vore nokon is som var gagn i. Men endaa so var det uraad aa faa sleppa av stad og prøva isen; for var det noko dei hadde hug til, so kann du vita dæ at dei vaksne laut finna paa noko og tverka imot, no som dei jamt gjorde. Det var no fyrst det at det var so langt aa gaa ut aat Svartetjørni; dei kom berre til aa frjosa og lida vondt i snøen og riva sund klædi sine, naar dei fór soleis flogsa, sa dei. Men endaa spelegare var det med noko han Ola drengen hadde sagt. Det var nok so at der var god is paa tjørni sjølv, sa han; men der var noko anna au der. Attmed eine sida paa tjørni var der ei stygg røytepøyla som det ikkje lagdest is paa anna hell litegrand skrauv-is, og trødde du utpaa den, so kunde du fara igjenom som ein stein og aldri meir koma upp atter; for der var so djupt at det fanst mest ikkje botn. Og ein visste koss det var med ungarne, sa han, dei maatte plent gaa der dei ikkje skulde gaa og trø der dei ikkje skulde trø. Me saag koss det var med han Leiv nedpaa Bøarne, sa ‘n.

Ja koss var det med han? vilde gutarne vita.

Jau, det var soleis dæ, sa ‘n Ola, at dei hadde slysnast til aa sleppa ned ein dynamitknall nedpaa Bøarne, og kunde ikkje finna han att alt det dei leita. So gjekk han daa der og labba, denne Leiven, 130og hadde heile den store garden aa trø paa; men kanskje det var nok, trur du? Nei, han maatte plent koma der og trø beint uppaa knallen med skurvefoten sin, so det var eit Guds vedunder at han ikkje gjekk beint til vers heile pjokken.

Dei skyna ikkje rett, gutarne, kva dette kunde ha med Svartetjørni og isen aa gjera; men for foreldri deira var det straks nok. Hadde han Leiv trøtt paa dynamitknallen, so var dei trast visse paa at dei kom til aa trø ut i røytepøyla utmed tjørni og søkkja ned, so snart dei kom der; daa var det ikkje drøsandes um at dei fekk lov til aa gaa paa isen. Det var nærepaa dei vart truga med ris, berre dei slo frampaa um det. Og so gjekk dagarne, og det kunde snart koma snø eller mildver og gjera til inkjes heile isen. Dei gjekk berre og arga seg og gav vondt paa han Ola kvar gong dei tenkte paa det um dagarne, og gong paa gong gruna dei paa um det ikkje skulde vera ei raad til aa faa lura seg paa isen, so ingen visste det. Men kvar gong lagdest det noko i vegen.

Men so var det sistpaa ein dag det laga seg likevel, og det løgnaste var at det so til helvtars var han Lamma-Lars aa takka. Det var sundag, og dei skulde snart finna fram salmebøkerne og taka til med songen-og-lesteren. Daa kom han Lars 131pæsandes og hadde skunda seg, so han var mest kvitt. No var han komen den svære Nilsen ifraa by’n, sa han; han skulde halda uppbyggjels nedi skulehuse straks klokka elleve, og no maatte dei skunda seg og koma alle som vilde høyra eit ord med den rette aandens kraft i. – Det hadde alt lenge gjenge ord um denne svære Nilsen fraa by’n. Han hadde fare baade her og der og gjort stor uppvekkjing, lyddest det; men her i grendi hadde han ikkje vore fyrr. Dei skunda seg difor alle og gjorde seg ferdige og vilde høyra han.

Dei var uti tune, dei fire gutarne, daa dei fekk høyra um dette. Dei vart fyrst forvitne og hadde mest hug til aa vera med og sjaa og høyra Nilsen. Men so kom dei snøgt til aa tenkja paa at naar foreldri og alle dei andre gjekk aat bønemøte, kunde dei nytta tidi til aa gaa paa Svartetjørni, so ingen gaadde nokon ting. Det var ti gongjer so gildt; og det var so blenkjande fint ver i dag og so godt føre, so det kunde aldri vera betre. Berre no foreldri deira ikkje fann paa at dei plent skulde vera med aat samlingi. Dei tenkte fyrst dei skulde gjøyma seg av so lenge, til dei andre hadde gjenge; men dei skyna snart at dette ikkje var til aa lita paa. Foreldri kunde faa ein mistanke og 132koma og ropa etter dei. Men so kom han Gunnar paa noko. «Aa skitt, me skal berre gaa inn og setja oss til aa lesa paa leksorne, so fær me nok sitja i fred,» sa han. So gjorde dei det, dei sette seg inni kvar si stova og las so trottigt so dei aldri gav seg tid til aa sjaa upp or bøkerne. Han Paal i austre-stova tok endaa so stort til at han hadde eit auga burt i sjølve postilen som laag der paa borde. Daa gjekk det heilt som dei hadde vona. Det var ingen som nemde noko um bønemøte, naar dei var so hæve med bøkerne. Men mor til Paal og Kolbein skrepte og let vèl. «Jau i dag er de daa gilde, det var rett! Lat meg no sjaa de held dykk fint med bøkerne til me kjem att,» sa ho. Paa dette svara dei ikkje noko; dei var altfor djupt inni lesingi til dess.

So gjekk dei vaksne, og daa dei var komne vel ned-fyre det fyrste leite, kunde det henda at leksebøkerne fekk seg ein skjuss upp aat hylla heller snøgt. Han Paal let endaatil huspostilen faa ein sprett høgt upp i lufti, so han flagsa ned paa borde att som ein stor fugl. So fann dei seg nistemat og fann fram skjeisorne, og av stad bar det. Dei einaste av dei vaksne som var att heime, var ho Helga i austre-stova og han Per legdakallen i andre stova. Men han 133sat og halvsov i omnekraai og gaadde ingen ting, og ho Helga var det endaa minder faare med; ho sat uppaa stovelemen og skreiv paa brev til kjærastarne sine, so ho korkje haadde eller fjaadde.

Dei var snart komne ut i fureskogen utanfor bøarne og gjekk paa kapplaup. Det fór alt til aa lida fram mot vaarparten og var hard skare paa snøen. Dei kunde springa som paa eit stovegolv alle stader, og alle bekkjer og myrar og glyfse var fint yversletta og tilfrosne. Det var lite dei kjende dei trødde nedpaa. Det bar uppetter haug og nedetter haug og gjenom dalar og dælder. So kom dei fram paa eit høgt bròt, og der laag tjørni beint nedunder dei, fin og blank med is so det lyste. Dei svinga med huvorne og sette i og huja og ropa, so det svara i alle aasarne; her turvte dei kje ottast at nokon høyrde dei. Dei skræmde berre upp eit par orrar burti ein haug og saag dei sigla i lang boge ut yver aasarne.

– So morosam ein dag paa isen hugsa dei mest ikkje dei hadde havt fyrr. Dei tvo minste var nok litegrand ustøde paa føterne i fyrste lage; det var so lenge sidan dei hadde fenge temja seg paa skjeisorne. Men det var ikkje lenge fyrr dei sprækna til og kunde laupa i alle dei svingar og 134krokar dei vilde. – Naar dei trøyttna sette dei seg berre ned paa snøen atti iskanten og aat paa nista si og song, og so til aa renna att. Og so fint og unelegt det var her i Svarttjørne-dalen i dag. Kom ein der um sumaren, so laag tjørni der so bekande svart og djup, og myrarne ikring var blaute, so ein var aat aa søkkja ned naar ein trødde utpaa; dei hadde vore der stundom etter tjørnerosor. Det var so det stod fælske av heile tjørni og dalen; fritt var det nok heller ikkje at folk skulde høyrt stygg laat av skrymt og skræmsle, naar dei fór der um haustkveldarne. Men no var myrarne snølagde og harde som fjelle, og tjørni sjølv og alle haugarne ikring var ljose i solskine. Det kunde ingen stad vera minder fælslegt. Dei kunde heller ikkje sjaa noko av djupni nedunder isen. Han var so tjukk at dei saag berre som ned i ein dim blaane, naar dei la seg paa magen og stirde ned. Ingen skulde tru at dei her gjekk uppaa ei fælsleg djupn og botnelaus søyla.

– Dei hadde endeleg langt um lenge fenge nok av skjeisingi og laut til aa tenkja paa heimvegen. Men so kom dei til aa hugsa paa noko som dei slett ikkje hadde tenkt paa so lenge dei gjekk der og sprang og moroa seg. Det var den myrhola som skulde vera so overlag faarleg. Dei kunde 135fyrst ikkje finna ho paa eit heilt bil; men endeleg fekk dei auga paa ein rund flekk langt burti myri der vatne seig ut or tjørni. Det maatte vera den. Der laag kvit is yver vatne; han saag tunn og møyr ut, som han Ola hadde sagt, og var nok ikkje mykje aa lita paa. Hadde det vore ein annan gong, so skulde dei visst ikkje sett sin fot utpaa eller brytt seg meir um heile hola. Men no, daa dei hadde høyrt so mykje um kor speleg ho skulde vera, var det ikkje til aa negta for at dei fekk svært hug til aa prøva denne isen litegrand. Dei gjekk rundt og rundt og trødde varlegt nedpaa med eine foten, – dæ kunde daa aldri vera nokon faare. Men han brotna ikkje so snart endaa. Daa vart han sistpaa leid, han Gunnar.

«Aa, han er kje so roten som han læst vera, den fanten», sa ‘n og trødde utpaa med baae føterne paa ein gong. Men fyrr han hadde sagt siste orde, brotna isen under han med knak og brak. Han sokk ned-i til knes og hadde nok gjenge heilt under, hadde ikkje dei andre fenge triva han i armarne og dra han upp atter. Han var reint maallaus av støkken i fyrste lage og stod berre og pæsa. Men daa han endeleg fekk munn og mæle att, var det ein eid det fyrste han fekk or seg, – det fekk ikkje hjelpa um det var synd aa banna. 136«Skulde du sét paa slik ei ròtapøyla! Var det ikkje dæ eg saag, at ho laag der og pøste og tenkte paa vondt!» snerra han og var so arg at han berre sputta uti vatne. «Men so veit me daa no kva slag dækelsmagt det er og skal ikkje tru for hardt paa ho til ein annan gong», sa ‘n. Dei tykte det same dei andre òg, at det var ei skarvehola av argaste slage. Dei tok og slo resten av isen i hundrad stykke og gjekk so sin veg. So kunde ho liggja der og røyta lenge nok, det var so visst ingen som var rædd ho, sa han Gunnar. Som vel var hadde han ikkje vorte vaat paa føterne; det hadde gjenge so snøgt at han berre hadde vorte litegrand vaat utanpaa klædi og skorne.

– Dei hengde skjeisorne paa ryggen og tok til aa rusla i veg. Men soli stod eit godt stykke uppe enno, so det var liksom for tidlegt aa gaa beint heim. Der var ein stor høg berghamar eit lite stykke austanfor tjørnedalen: der kunde det vera moro aa gjera ein sving upp fyrst og sjaa seg ikring. Snøen hadde fare til aa blotna i bakkarne mot soli no, men i alle skuggar var han like hard og god aa gaa paa. Det stod smaa gamle krongle-furor uppetter bergi og skaararne, og der dei stod beint mot soli var det alt runde flekkar med berr mark innunder greinerne. Der 137fann dei vintergamle gode tytebær i lyngen og tok til aa eta. So vart dei samde um at denne store berghamaren skulde vera eit villt land, og sjølve var dei giraffar som gjekk og aat paa allslag gode bær. Men so kom han Paal til aa tenkja paa at giraffarne slett ikkje kunde gaa og eta nedpaa marki. Dei var so høge at dei berre gjekk og aat uppi topparne paa palmetrei. So laut furorne vera palmetre daa, og konglarne var kokusneter, og giraffarne brydde seg ikkje lenger um bæri nedpaa marki; dei berre kjamsa og beit etter kokusneterne. Men dei maatte ikkje hjelpa til med henderne; for ein skikkeleg giraff hadde kje anna hell kjeften aa hjelpa seg med, han, og det fekk dei òg vera hjelpne med. Men plent so godt for kjeften var det ikkje aa vera giraff. Dei var nære-paa aa stikka seg til blods i dei kvasse furenaalerne, og han Gunnar fekk sistpaa eit stikk so ilt upp i eine nasebora at han kom til helvtars med ein eid att. «Det skulde daa hin og den og ikkje kriste folk gaa skjekkja og vera giraff», ropa han. Nei daa var det mykje mannslegare aa vera amerikanske bøflar daa. Ja so var dei amerikanske bøflar og fór uppetter bergi paa alle fire og bura og belja, so det svara i aasarne.

138Men daa dei kom upp paa høgdi, gløymde det baade giraffen og bøffelen for alt det dei der saag. Der var so blaanande vid ei utsyn. Nedanfor laag fjorden og gjekk blank og lang inn millom fjelli. Paa andre sida var det kvite snøfjell langt, langt innetter og austetter, og paa denne sida stod snønutarne som dei var gyllte i soli upp mot blaae himmelen. Og der-inne saag dei alle gardarne og grendi. Det blenkte som eld i glasrutorne og i veggjerne mot soli. Der stod skulehuse for seg sjølv uppaa ein haug, og rundt ikring krydde det med folk so smaa som svarte prikkar; det var vel samlingsfolkje.

Dei kom med eitt til aa tenkja paa Nilsen fraa by’n og alt det gjetorde det hadde vore um han, og det var ikkje fritt det tok dei som ein trege at dei ikkje hadde vore med der, kor som var, og sét preikaren. Og sét alt folkje og høyrt songen og fenge gaa i kyrkjeklæde. Det kunde vore mest som ein kyrkjesundag, i staden for at dei no gjekk her langt uti villmarkjerne for seg sjølv. Dei vart standande og tagde eit bil og berre stirde etter folkeflokken. Men so snudde han Gunnar seg med eitt ifraa og lest som inkje.

«Aa like godt! han kann no vera kor svær han vil med talegaavor og aandens kraft, denne 139Nilsen, so er han daa vel ikkje meir hell bispen», sa han, og bispen hadde dei daa alle baade sét og høyrt i kyrkja paa visentasen ifjor.

«Nei ein skulde daa tru det», sa han Paal òg. «Du kann vita d’er berre av dei aller sværaste preikertarne dei tek og hev til bispar, og var ikkje bispen daa noko meir hell som Nilsen fraa by’n, so turvte han aldri klussa med aa vera bisp», sa ‘n.

«Ja det skulde nok gaa kaldlege i skitten med heile Nilsen, skulde han til aa kapp-preika med bispen», sa han Gunnar.

«Du kann vita det», tok han Kolbein òg i. «Men eg furdast paa dæ, eg», sa han og saag tankefull ut, «naar det no var ein bisp av dei aller sværaste, og han preika so hardt som han var tenjandes god til, tru dei daa kunde høyra han alt fraa skulehuse og hit ut paa haugen her?»

«Aa er du galen, det skulde daa ei speleg gauling til dess», sa han Gunnar. «Nei, men er det noko til bisp, so maa dei høyra han so langt som… lat meg sjaa… ja, so langt som naar tri dugelege hestar kneggjar alt det dei vinn», sa ‘n.

«Aa, preikar bispen jamhøgt med tri hestar, so kann du daa vita at Nilsen preikar kje hardare hell naar ein skikkeleg hest kneggjar», sa han 140Andres. Det tykte dei alle var det trulegaste, og daa var det slett ikkje noko aa trega paa at dei ikkje hadde fenge høyra Nilsen. «Kann-henda det ikkje ein gong er meir maal eller aandens kraft i han enn i ei nokolunde mêls merr», sa han Gunnar, og sopassa kunde ein daa faa høyra noko kvar gong, um ein ikkje plent flaug i allslag forsamlingar.

– Dei tok til aa rusla og gaa innetter bergryggen og leita paa nytt lag etter bær under furorne. Han Paal hadde gjenge eit stykke fyre dei andre, og best som det var sette han i og ropa paa dei; der var noko fælt, sa han. Dei sprang andslopne burt og saag. Daa var det eit stort langt bein som laag der innunder ein stein. Dei fekk det fram og stirde og snudde paa det. Det saag mest ut som ein laarknok. Men kva kunde det no vera bein utav? Det var for stort til aa vera av noko dyr dei visste um her i skogarne. Men kanskje det var fraa den tidi her var bjørn? Eller skulde det no vera bein av eit menneskje?

Ja, men kvar skulde det daa kome ifraa?

Dei saag seg ikring. Tett nedanfor der dei stod var det eit bratt fjellstup utfyre, og nedanunder var det ein myrk skogdal. Der stod topp i topp med furor og var døkk skugge av berghamrarne. Skulde det no vera drepe eit menneskje 141der ein gong og beini liggja der skrangla enno?… ein rev kunde daa teke og draska dette hit upp. Dei vart mest fælne der dei stod, og dei saag med same at soli alt hadde laagna, so ho var aat aa gaa ned. Det var skugge i alle dalar og dekker og vart meir og meir kveldsraudt aust-yver fjelli. Og dei kom braatt til aa tenkja paa at dei vaksne snart kunde koma heim, og at det kunde vera faarlegt aa koma heim altfor lenge etter dei.

Dei slengde beine utfyre, so det huska nedi tretopparne, og kom seg av stad. Ingen av dei sa noko lenger. Dei berre grov seg fram det dei vann, paa tvo eller fire som det fall seg. Men det var som vegen hadde vorte so mykje lenger no enn i dag, daa dei fór utetter. Det var reine kvelden daa dei endeleg kom heim aat bøarne. Der gjøymde dei skjeisorne i ei røys og gjekk sidan stillt og seint heimetter, liksom dei berre skulde vera ute og reika litegrand. Dei var trøytte og svoltne og utmasa og vart meir og meir urolege for at dei hadde vaaga dette uløyves. Det var slett ikkje so gildt lenger.

Men daa dei kom smjugande inn i kvar si stova, gjekk det likevel betre enn voni. Nilsen fraa by’n hadde nok vore svær til aa preika, kor som var. Han hadde halde paa mest frametter heile dagen, 142og alle hadde so mykje aa drøsa um honom at dei korkje spurde eller ansa etter kva dei, gutarne, hadde gjort i dag. So fekk dei seg mat og kom seg i seng og vèl var det. Ein slik skjeisedag til var dei nok ikkje so huga paa no i fyrste lage.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Kvitebjørnen

Kvitebjørnen ble utgitt i 1906 og er en oppfølger til Det store nashorne fra 1900. Boken inneholder ni mer eller mindre frittstående fortellinger om fire gutter: Paal og Kolbein «fraa aust i stova» og Gunnar og Andres «fraa vest i stova». De fire vennene har god fantasi og leken er gjerne inspirert av det de har lest om i eventyrsamlinger og tidsskrifter som «Vaarblomsten. Ugeblad for Børn og Ungdom».

Se faksimiler av førsteutgaven fra 1906 (nb.no)

Les mer..

Om Rasmus Løland

Rasmus Løland er i dag mest kjent for sine barnefortellinger, som Paa sjølvstyr (1892), Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Han regnes for en av våre beste barnebokforfattere.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.