Legendeballadar

Norske mellomalderballadar

TSB B 14 Liti Kari


Innleiing

Svend Grundtvig skreiv at denne vesle, velkjende visa på ein merkeleg måte har følgt med i tida. Etter reformasjonen har liti Kari lagt av seg klosterkleda og teke på seg verdsleg drakt. Slik er ho vorte ei uskuldig møy som ikkje let seg lokke av ein liddeleg og hemningslaus konge. Ho er så velkjend at vi ikkje på nokon måte kan begripe at ho opphavleg er den heilage Katharina av Alexandria, ei egyptisk kongedotter som lei martyrdøden under keisar Maxentius i det fjerde hundreåret.

Legenda aurea fortel at keisaren kalla folket saman for å ofre til dei heidenske gudane, men Katharina steig modig fram og sa at keisaren burde slutte med å ofre til djevlar, og heller dyrka den sanne Gud. Keisaren gav henne først valet mellom dauden og å ofra til gudane, men då han merkte seg at ho var svært vakker og klok, samla han 50 vismenn, som fekk i oppdrag å omvende henne. Men det enda med at ho omvendte dei 50 vismennene til kristendomen. Vismennene vart brende på bål, men Katharina skulle få bli nest etter dronning om ho ville følgje keisarens råd. Katharina sto framleis fast mot alle gåver han baud henne.

Då han forsto at det ikkje nytta å omvende henne, vart ho kasta i fengsel, og der sat ho i 12 dagar utan mat. Ei kvit due kom med mat til henne kvar dag. Keisaren fekk laga fire hjul med kvasse piggar og sagblad. Når hjula gjekk rundt, skulle dei martre henne. Men då hjula vart set i gang, kom ein engel og braut hjula sund. Keisaren lova henne no at ho skulle få bli dronning, men ho valde dauden, og så vart ho halshoggen. Nokre englar tok liket og førte det bort.

Det er lett å kjenne att visa om Liti Kari i denne legenda. Kongen i visa er rett nok ikkje ein heidning, berre ein forførar, og ho blir ikkje drepen fordi ho er kristen, men fordi ho vel dauden, heller enn vanære. Englane kjem i form av kvite duer og hentar henne.

Vi har kring 20 oppskrifter av denne visa, alle er frå Telemark. Knut Liestøl meinte at denne visa hadde kome frå grannelanda i nyare tid. Det kan nok stemme. Dei to beste oppskriftene er oppskrivne av Moltke Moe etter Gunhild Hansdotter Tjønnås 1882–1883 og av Sophus Bugge etter Gunnhild Kjetilsdotter Sundslid, Fyresdal 1864. Båe desse er klårt påverka av den svenske teksten som vart trykt i Ole Vigs Sange og Rim for det norske Folk (1854).

Sankta Katharina må ha vore ein svært populær helgen i Noreg. Mange gamle kyrkjer har alterskap og bilete av helgenar. Då desse bileta vart talde opp, var det berre jomfru Maria og Olav den heilage som var avbilda fleire gonger enn sankta Katharina. (Dybdahl 1999: 71)

I den norske almanakken står det framleis Karimesse på 25. november, Katharinas helgendag. Helgenar har ofte eit kjenneteikn. På biletet står Katharina med hjula som skulle drepe henne. Hjulet har også vore brukt som merke på primstaven. Det kan vere grunnen til at dagen også har vorte kalla Kari med rokken.

I 1969 gjennomførte pave Paul VI ei opprydding i helgenskaren. Helgenar utan historisk grunnlag skulle ut av kalenderen. Sankta Katharina vart fjerna frå kalenderen, saman med Sankt Georg og fleire andre, men dei var populære helgenar, og paven gjekk med på at dei kunne dyrkast lokalt.


Liti Kari-strofa
Denne visa skil seg ut i strofeforma. Vanlegvis har balladane firelina strofe med etteromkved, eller tolina strofe med etteromkved, eller også indre omkved. Linene har fire eller fem taktslag.

Liti Kari-strofa har fire liner, men vantar omkved, og har regelmessig tre taktslag i kvar line. Eldre forskarar har sett fram teoriar om korleis balladestrofene har utvikla seg, men med få eldre eksempel, kan det ikkje bli anna enn spekulasjon. Sjølv om Liti Kari-strofa formelt er heilt lik første halvparten av ei nibelungenliedstrofe, meiner dei fleste at ho er ei avleiing av den tolina strofa og er ei yngre form.

Utsyn 53
DgF 101
SMB 42
FSF 20




Oppskrift A

TSB B 14: Lita Kari

Oppskrift: 1874 av Sophus Bugge etter Ingebjørg Sveinsdotter Kivle og Tone Olsdotter Kivle, Seljord, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge VI, 154 (reinskrift).

Oppgjeven tittel: Liden Karen

*

1. Å høyr dú lislan Kari å vi’Alternative lesemåter: ville, villa dú vera mí
gull å grøneAlternativ lesemåte: grønne skógar de vil jeg give dig.

2. Gull å grønne skogar demAlternativ lesemåte: dei passar eg ei på,
giv hell di unga dronning, lat mig mæ æra gå.

3. [Å høyr dú lislan Kari å vi’ dú vera mí]
de skiberAlternativ lesemåte: skibe udi sjøenAlternativ lesemåte: floden [de vil jeg give dig.]

4. [De] skiber [udi sjøen, dem passar eg ei på,]
[giv hell di unga dronning, lat mig mæ æra gå.]

5. [Å høyr dú lislan Kari å vi’ dú vera mí]
gullkronenAlternativ lesemåte: gullkrona å gullspíren [de vil jeg give dig.]

6. Gullkronen å gullspíren [dem passar eg ei på,]
[giv hell di unga dronning, lat mig mæ æra gå.]

7. [Å høyr dú lislan Kari å vi’ dú vera mí]
gullkronen å gullslotte [de vil jeg give dig.]

8. Gullkronen å gullslotte [dem passar eg ei på,]
[giv hell di unga dronning, lat mig mæ æra gå.]

9. Å hør du lislan Kari, vil du ei vera mi:
so legge eg deg i spikertunna å rullerAlternativ lesemåte: trillar (T.) den omkring.

10. Ja legge du meg [i spikertunna å ruller den] omkring,
so veit Gud Fader i himmelen, hot uskyldig eg kom derinn.

11. Så la’ enAlternativ lesemåte: dei hennar i spikertunna å rullaAlternativ lesemåte: trilla den omkring
så blodet det ud monne rindeAlternativ lesemåte: rende ⁒ ja rundt ⁒ omkring.

12. Så tok hanAlternativ lesemåte: dei hennar oto spikertunna å sette hendeAlternativ lesemåte: henar på forgyldenAlternativ lesemåte: forgylde bår,
så kom der frúgur å jomfruerAlternativ lesemåte: jomfruer å piger å krusa hendes hår.

13. Så begynde tungen at tale og kroppen ligeså:
«Herre Gud fader i himmelen, giv den unge karl nårSamlarkommentar: (sic).

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Under overskrifta står: (Ingebjør Kivle og hendes Datter Tone Kivle. Selgjord. 1874.)




Oppskrift B

TSB B 14: Lita Kari

Oppskrift: 1882-1883 av Moltke Moe etter Gunhild Hansdotter Tjønnås, Bø, Telemark.

Orig. ms.: NFS M. Moe 17, 22–24.

Oppgjeven tittel: Lita Kari

*

1. Å lita Kari tjende i onge
i ónge Kongens gåł
hó lyste som ei sjerne
błandt andre ternur små.

2. Ho lyste [som ei sjerne]
błandt [andre ternur små]
å unge Kongen talte
te’ lita Kari så:

3. «Å hør du lita Kari
å vil du vera min
gråhesten mæ gullsalen
så vil eg gjéva deg.»

4. «Gråhesten mæ gullsalen
passar eg ei på
gjiv dæ di ónge dronning
lat mig mæ æra gå.Retta frå: d (ved overskriving)»

5. «Å hør du [lita Kari]
[å vil du vera] mi
den rødaste gullkróna
så vil eg gjéva dig.»

6. «Den rødeste gullkróna
eg passar ikkje på,
gjév dæ di onge dronning
la meg mæ æra gå.»

7. «Å hør du [lita Kari]
[å vil du vera] mi
mitt hæłve Kongerikje
så vi eg gjéva dig.»

8. «Ditt hæłve Kongerikje
eg passar ikkje på
gjév [dæ di onge dronning]
[la meg mæ æra gå].»

9. «Å hør du [lita Kari]
vi’ du kje vera min
Retta frå: l (ved overskriving) lar nå eg deg sætta
i spikertunna inn!»

10. Så sette ‘n lita Kari
i spikertunna inn,
å kongens ónge svennir
dom rulla den omkring.

11te vers glemt.

12. Så kom der ifrå himłen
to vite duvur né
så tók dóm lita Kari
å straks så błei der tré.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Under overskrifta står det: ([Gónill Kjønnås], med bestemthed erklært at have den fra sin barndom).




Oppskrift C

TSB B 14: Lita Kari

Oppskrift: 1911 av Halvor Gunnarson Kalbast etter ukjend songar, Mo, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCXLIV, 9–10.

Oppgjeven tittel: Liten Karin

*

1. Aa liten Karin tente paa unge kongjens gaard;
ho lyste som ei stjerne, blant adde ternur smaa.

2. Ho lyste som ei stjerne, alt blant dei ternur smaa,
aa unge kongjen tala ti liten Karin saa.

3. «Aa høyr, du liten Karin! aa vill du blive min?
graa hesten aa gullsalen, den sko eg gjeva deg.»

4. «Graa hesten aa gullsalen eg passar ikkje paa;
gjev den den unge kongjidronning; lat mei mæ æra gaa.»

5. «Aa høyr, du liten Karin, aa vill du blive min?
eit skjib mæ gjylte stavnar, sko eg gjeva deg.»

6. «Eit skjib mæ gjylte stavnar, eg passar ikkji paa
gjev de din unge kongjidronning; lat meg mæ æra gaa.»

7. «Aa høyr, du liten Karin, aa vill du blive min?
min rødaste gullkrona, den vil eg gjeva deg.»

8. «Din rødaste gullkrona, eg passar ikkji paa
gjev den, din unge kongjidronning, lat meg mæ æra gaa.»

9. «Aa høyr, du liten Karin, aa vill du blive min?
mit halve kongerikji, de vill eg gjeva deg.»

10. «Dit halve kongerikji, eg passar ikkji paa;
gjev de, din unge dronning,Retta frå: kongji (ved overskriving) lat meg mæ æra gaa.»

11. «Aa høyr, du liten Karin, vill du ei blive min?
so sko eg lata sikkje deg i spiketunna inn.»

12. »Aa vill du lata sikkje meg i spiketunna inn,
guds englar smaa, dei ser, at eg uskjyldig æ derti.»

13. DeRetta frå: »V (ved overskriving) sette liten Karin i spiketunna inn,
aa kongjens sveinar, rulla den ikring.

14. So kom de ifraa himmelen tvo kvite duvur ned:
dei tok liten Karin, aa strakst so bleiv de tre.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Over overskrifta står det: Denne kunde mor av uppskrivaren, men her er au paaverknad fraa prente.

Under oppskrifta står: 19/12-11. (se læsebog for folkeskolen aa folkehjem) og Ende.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Legendeballadar

Legendeballadane handlar om mennesket i møte med katolsk gudstru. Sentrale kristne verdiar blir haldne fram til lærdom og oppbygging, i spennande forteljingar om heilage kvinner og menn, som trassar overgrep og pinsler frå overgriparar. Jamvel om martyrane må gå i døden, kan dei sjå fram til eit nytt liv i den andre heimen, og vanlege menneske kan lære av deira mot og tru. Fleire legendeballadar byggjer direkte eller indirekte på prosaforteljingar, som vart lesne høgt i kloster og kyrkjer i mellomalderen.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.