Legendeballadar

Norske mellomalderballadar

TSB B 22 Fuglen sette seg på lindekvist

[Tora liti]


Innleiing

Vårherre sender ein bodberar i form av ein engel, ei due eller ein småfugl til jorda, for at han skal hente ei ung jomfru opp til himmelen. Engelen eller fuglen set seg på kyrkjespiret eller i eit lindetre og syng om Jesus Kristus. Han ber Tora liti følgje med til himmelen. Tora liti høyrer og skjønar songen, men synest det er underleg at ho, som er trulova med ein kongsson frå England og er både frisk og sunn, skal kallast til himmelen. Men Tora liti døyr brått:

Torø liti fæk ilt før tuppen gol
o vart no dau før uprenner sol
(Blom 1971: 193).

På vegen til kyrkja følgjer tolv englar med som vaktarar, og i himmelen ringjer dei med tolv klokker. Når Tora liti kjem dit, blir ho venleg motteken av jomfru Maria.

Det finst om lag tjue tekstvariantar av denne balladen, med litt varierande handling. Dei fleste er frå Telemark, men vi har også mange frå andre fylke, både aust, vest og nord i landet. Ikkje minst er det skrive opp mange melodiar til «Fuglen sette seg på lindekvist» (Ressem (red.) 2011: 256–280). Balladen har fått plass i fleire vise- og songbøker i nyare tid. Den eldste teksten er frå inngangen til 1600-talet og står i den såkalla «Rygnestadboka» frå Valle i Setesdal, ca. 1590–1620. Rygnestadboka er førd i pennen av bonden Talleiv Åsmundsson på garden Rygnestad (DgF X: 222, Blom 1971: 203). I tillegg til å meistre skrivekunsten, var Talleiv Åsmundsson ein rik mann som passa godt på sølvet sitt, fortel Johannes Skar:

Talleiv hadde ein stor kasle [kjele, behaldar] full med sylv. Der kom tri fantar til Ryggnestad eingong han var heim av støylen og såg til kaslen. Han stod upp i loftsvali og kaga [kikka]. Då ropa han innatt i loftet: «Kåmi no! mi e inkji ræd[d]e,» sa han. «Du er alene – vi så hvor du skottede,» sa fantane og la upp i stetti [trappa]. Talleiv truga med byrse. Han skaut ein i stetti. Då rann [rømte] dei hine (Skar 1965 I: 247).

«Fuglen sette seg på lindekvist» peikar på dei verkelege verdiane i livet. Dei finst i himmelen, ikkje i det forgjengelege på jorda. Det kan verke underleg at nettopp Tora liti blir utvald framfor andre til å kome dit og bli motteken av sjølve himmeldronninga, for ho er ingen martyr og har ikkje gjort seg fortent til slik ære. Det som kvalifiserer henne, er at ho er jomfru. Kyskheitsmotivet knyter balladen til prosalegender frå mellomalderen, om jomfrumartyrar som går i døden heller enn å ofre jomfrudomen (Blom 1971: 197–203).

Utsyn 55
DgF 104 og 102
SMB 48




Oppskrift A

TSB B 22: Fuglen sette seg på lindekvist

Oppskrift: 1833 av Peter Christen Asbjørnsen etter ukjend songar frå ukjend stad.

Orig. ms.: NFS P. Chr. Asbjørnsen 11, 26b–27.

Utan oppgjeven tittel.

*

1. Der satte sig en Fugel paa Bonde[n]s Karm
– Til at sjunge –
Han sang saa vakkert om Herr Jesum Krist
– Herre Herr Gud sender os sin Naade –

2. Ud kom en Bonde og lyde derpaa
– Herre Gud –
Og vi du nu med mig til Himmerig gaae
– Herre Gud Herre [Gud sender os sin Naade] –

3. Neimen vil jeg ikke med dig til him[me]rig gaae
– Herren raade –
Jeg haver for mange Smaabaan i min Gaar
– Herre [Gud Herre Gud sender os sin Naade] –

4. Har du ikke Gaard baade mægtig og stor

5. Jomen har jeg Gaard baade mægtig og stor
Men Søn min kann hverken pløie elle saa

6. Der satte sig en Fugel paa Kjerkeka[r]m
– til at sjunge –
den sang saa vakkert om Herrejesum Krist
– [Herre Gud Herre Gud sender os sin Naade] –

7. Ud kom en Jomfru og lyde deroppaa.
– Herren raade –
Og vil du nu med mig til Himmerig gaae.
– [Herre Gud Herre Gud sender os sin Naade] –

8. Jamen vil jeg med dig til Himmerige gaae

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Oppskrifta er skriven «opp ned» på den attarste forsatsen til ei eventyrsamling, såleis at oppskrifta byrjar på s. 27 og held fram på s. 26b. Eventyrsamlinga er frå 8. februar 1833 og framover.

Mellom strofe 4 og 5 er det eit stort operom.

Reinskrift ved Moltke Moe: NFS M. Moe 78 nr. 37. Øvst i reinskrifta si skriv Moltke Moe: Optegnelse af P. Chr. Asbjørnsen fra Sørum (?) 1833. Til slutt har han skrive: (Cetera desunt).




Oppskrift B

TSB B 22: Fuglen sette seg på lindekvist

Oppskrift: 1848 av Ludvig Mathias Lindeman etter Marit Larsdotter Leira, Aurdal i Valdres, Oppland.

Orig. ms.: NB ms 8vo 1740, 21–25.

Utan oppgjeven tittel.

*

1. DuenAlternativ lesemåte: Dua sætterAlternativ lesemåte: sættø sigAlternativ lesemåte: sæ’ paa Liljanqvist
– Gud at raade. –
hunAlternativ lesemåte: hon sjungerAlternativ lesemåte: syngør saaAlternativ lesemåte: so vakkert omAlternativ lesemåte: um Jesum Christ
– Herre Gud senderAlternativ lesemåte: sennø osAlternativ lesemåte: us sin Naade. –

2. Aa hør du Tola litaAlternativ lesemåte: O høir du Torø liti e tala te de
aa lysterAlternativ lesemåte: o lyste du følje afAlternativ lesemåte: følji aav mæ me

3. Kos kan e fara aat følje afAlternativ lesemåte: aav mæ de
KongesonAlternativ lesemåte: Kungesaan i Engeland han beilaAlternativ lesemåte: fri’r te me.

4. Aa hørAlternativ lesemåte: høir du Tola litaAlternativ lesemåte: Torø liti e tala te de
Aa lysterAlternativ lesemåte: O lyste du at følje afAlternativ lesemåte: følji or Lande mæ me

5. Kos kan e fara aat at følje af LandeAlternativ lesemåte: følji or Lande mæ de
En KongesonAlternativ lesemåte: Ein Kungesaan af Engeland ha trolovaAlternativ lesemåte: truløft me

6. Aa Tora litaAlternativ lesemåte: Torø liti hu veivaSamlarkommentar: væve sit HuguAlternativ lesemåte: Huvu i Skjin
aaAlternativ lesemåte: o gjik saaAlternativ lesemåte: so in forAlternativ lesemåte: før kjær ModernAlternativ lesemåte: Mo’ern sin

7. Tora litaAlternativ lesemåte: Torø liti hu veiva sit HuguAlternativ lesemåte: Huvu i Streng
AaAlternativ lesemåte: o gik saaAlternativ lesemåte: so in forAlternativ lesemåte: før sin GudfaderAlternativ lesemåte: faer i Seng

8. Tora litaAlternativ lesemåte: Torø liti fikAlternativ lesemåte: fæk Ilt før ToppenAlternativ lesemåte: Tuppen gol
AaAlternativ lesemåte: O vart no døAlternativ lesemåte: dau før oprinderAlternativ lesemåte: uprenner Sol

9. SaaAlternativ lesemåte: So bar dei LikeAlternativ lesemåte: Likø ætte Væge fram
DaiAlternativ lesemåte: Dei tølv Gudsengla fere rannAlternativ lesemåte: ran

10. SaaAlternativ lesemåte: So bar de LikeAlternativ lesemåte: Liko gjønno KjørkjeleAlternativ lesemåte: Kjyrkjile
Dei tølv Gudsengla falAlternativ lesemåte: føllo paa Kne

11. SaaAlternativ lesemåte: So bar deAlternativ lesemåte: dei LikeAlternativ lesemåte: Likø in paa Kjørkje GulvAlternativ lesemåte: Kjyrkji Gølv
I Himmerike ringjdeAlternativ lesemåte: ringi dei Klukkudn tølv

12. Tora litaAlternativ lesemåte: Torø liti hu prilla paa DøraAlternativ lesemåte: Døre mæ FingreneAlternativ lesemåte: Fingadn smaa
AaAlternativ lesemåte: O kjære JomfruAlternativ lesemåte: Jamfru Maria luk LaagenAlternativ lesemåte: Løkø ifraAlternativ lesemåte: ifraa

13. JomfruAlternativ lesemåte: Jamfru Maria stod op afAlternativ lesemåte: sto up taa sin ejenAlternativ lesemåte: ejø Stol
Velkommen Tora litaAlternativ lesemåte: Torø liti mæ trettanAlternativ lesemåte: trøitøSamlarkommentar: træt (Mødighed)

14. Inte æ je saa træt inte æ je saa møAlternativ lesemåte: Inkji æ e so trøit inkji æ e so mø
En liden Hvilestund vareAlternativ lesemåte: Ei liti Kvilestund va fulla go

*

Strofene er nummererte i oppskrifta. Variantane er skrivne dels over, dels attmed den opphavlege oppskrifta, med anna blekk.

I Lindemans Halvhundrede norske Fjeldmelodier frå 1862, har Lindeman ein melodi til Tora liti, og om denne seier han (på s. VI): Melodien optegnede jeg i 1848 i Aurdal i Valdres 1 Mil Nord for Skiftet Frydenlund; den blev sunget for mig af Marit Larsdatter Leiro.




Oppskrift C

TSB B 22: Fuglen sette seg på lindekvist

Oppskrift: 1859 av Sophus Bugge etter ukjend songar frå Slidre i Valdres, Oppland.

Orig. ms.: NFS S. Bugge h, 117–119 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.

*

1. ToreAlternativ lesemåte: Tora liti sto ute og lagæ sitt hår
– Gud lat råde. –
eg ha no alder hørt venre fuggel iår
– Ti gud sender uss sin nåde –

2. Å kjære T[ore] liti {følge}fulji mæ meg
i himmerikje ska e syngje for de

3. Å kjære T[ore] liti du leve hjaa me
den konge i Engeland ska b{e}aile te de

4. Å kjære min moder du br{e}aier op ei seng
å kjære min broder du skaffar me prest.

5. D’ æ’ nåo langt bære i himmerikje væra
enn væra i ‘sæ væln å gullkrona bæra.

6.
Å køste på ‘nele si ære å tro

7. Så kjølde dei líkje ve vegen fram
D{a}ei tølv gussengladn fyre’n rann.

8. Så settø dei líkje ve kyrkjele,
dæi tølv gussengladn vilte se ve

9. så settø dei likje på kyrkjegølv,
i himmerikji ringde dei klukkudn tølv,

10. Jomfru Maria kom ríde på sin rødegullstol,
Vælkomi Tore liti så traytt å så mó.

11. Væl var den jomfru, so skikka se så.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Over oppskrifta står det: (Slidre)

Det finst ikkje spor etter første lina av strofe 6 i oppskrifta, men ho bør lyda på lag: D’ æ’ no langt bære i himmerikje bo, jamfør til dømes oppskrift D, strofe 12, eller Bugge si mest likelydande oppskrift NFS S. Bugge h, s. 130. Det er ikkje råd å fylla ut strofe 11.




Oppskrift D

TSB B 22: Fuglen sette seg på lindekvist

Oppskrift: Føre 1917 av Peter Andreas Lillebø etter ukjend songar frå Hjørundfjord, Møre og Romsdal.

Orig. ms.: TGM R. Berge DX, 27–31.

Utan oppgjeven tittel.

*

1. Litle-fuglen sette se på lindenkvisst.
– Gud at råde. –
Han song so vakkert um Jesus Krist.
– Herre Gud! sende oss sin nåde. –

2. Litle fuglen sette se på kjerkjekamb.
Han song so vakkert um Jesu namn.

3. Litle fuglen sette se på kjerkjesvir.
Han song so vakkert um Jesu brur himmerig.

4. Litle fuglen sette se på kjerkjemur.
Han song so vakkert um Jesu brur.

5. Ut kom dei store og ut kom dei små.
Dei kunne vel forstå den litle fugels-mål.

6. Ut kom jomfrua med utsleie hår.
Og vil du no fylgje me til himmerig.

7. Ak hur ska e fylgje til himmerig.
E kjen ‘kje sótta i nokæ bein.

8. Jomfruna snudde se hasteg ikring.
So kjend o sotta i alle bein.

9. Mi mor, ho ska reie mi sotteseng
Mi syste ska flette mit hår i ein ring.

10. Min far sku gjere mi kjis{kj}te svart.
Min bror han ska gjere dei naglar små

11. Kjære mi syste sov atte med med
Den kjeis{e}arsvein vil e gjeve de.

12. I himila er bere å byggje og bu.
En på jorne å bere gullkrune‘n tvo

13. So bar dei likje te kjerkjele.
I himmerik rengde dei klokke tre.

14. So bar dei likje gjønå kjerkjeport.
I himmerik rengde dei klokke seks.

15. So bar dei likje yve kjerkje golv.
I himmerik rengde dei klokkene tolv.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Denne visa sendte Thrond Sjursson Haukenæs til Rikard Berge i 1917. På brevet som Haukenæs sendte saman med oppteikninga, har Berge skrive: Desse visune er ikkje uppskrivne av Haukenæs. Skade at han hev «utsletta» kjeldune.

Handa i oppskrifta er identisk med handa i NFS M. Moe 78, nr. 17. Ho tilhøyrer Petter Andreas Lillebø frå Sunnylven.

Etter oppskrifta har Lillebø skrive nedst på sida: Denne viså æ funnen i Hjørungfjora, men ho æ visst kjend viare her på Synnmør. I Synnølva ha e soleis haurt møla ta hinne. Ho he vore kjend her lengje. Ho so sång hinne åt me, haure hinne ta besstemor si for 70 år sia.– Øvst på neste sida har det stått to liner som no er utviska, men ein kan tyda det såleis: Da ho lærde dinne va ho mykje(?) lenger. Nedanfor desse to linene er det ei ei oppskrift frå Hjørundfjorden av Kråkevisa, men det er trekt ein strek mellom dei utviska linene og visa. Det er såleis ikkje visst om opplysningane høyrer til Kråkevisa eller Tora liti. Mellom Tora liti og opplysningane er det trekt ein tunnare strek.

Haukenæs har sett til tittelen Litle Fuglen, og skriv elles: Fraa Søndmør. Gamle, merkjelige viser aa stev. Meddelt av Th. S. Haukenæs.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Legendeballadar

Legendeballadane handlar om mennesket i møte med katolsk gudstru. Sentrale kristne verdiar blir haldne fram til lærdom og oppbygging, i spennande forteljingar om heilage kvinner og menn, som trassar overgrep og pinsler frå overgriparar. Jamvel om martyrane må gå i døden, kan dei sjå fram til eit nytt liv i den andre heimen, og vanlege menneske kan lære av deira mot og tru. Fleire legendeballadar byggjer direkte eller indirekte på prosaforteljingar, som vart lesne høgt i kloster og kyrkjer i mellomalderen.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.