Legendeballadar

Norske mellomalderballadar

TSB B 23 Agnus Dei


Innleiing

Jomfru Maria går ned til stranda og oppdagar eit barn som kjem flytande til lands. Ho tek med seg barnet til Himmelen, der barnet får namnet Agnus Dei (Guds lam). Englane dansar og er glade, men Agnus Dei sit stur og vil ikkje danse. Når jomfru Maria spør om grunnen, svarar barnet at det er fordi foreldra er «i vanden» (Blom 1971: 204), dvs. i skirselden. Jomfru Maria seier at barnet kan få løyse mor si frå skirselden, men Agnus Dei ber om å få setje fri begge foreldra. Dette får barnet løyve til, og då blir Agnus Dei glad og dansar saman med englane.

Denne balladen finst berre på norsk. Den einaste relativt fullstendige teksten vart skriven ned av Landstad i 1840-åra, etter Anne Ånundsdotter Lillegård (1792–1863) frå Eidsborg i Telemark. Som Landstad skriv i kommentaren i Norske Folkeviser, er det sannsynleg at «Visen [har] været mere omstændelig, end den her forekommer» (Landstad [1853] 1968: 551). Landstad refererer truleg til kva Anne Ånundsdotter fortalde, at foreldra til barnet var søsken og at mora hadde kasta barnet i havet. Anne mintest ikkje strofene der denne visehandlinga vart lagd fram – dei var altså borte frå tradisjonen i 1840-åra.

Etter reformasjonen kom dei katolske helgenane, med jomfru Maria i brodden, under sterkt press. Lutherske prestar og predikantar åtvara mot helgenkulten, og dei tok også avstand frå legendeballadane. I eldre danske og svenske balladeoppskrifter kan vi sjå at jomfru Marias namn blir fjerna, såleis i «Dronning Dagmars død». I historikaren Svanings handskrift heiter det at ei av ternene ved hoffet tek fram og les i «sancte Marie bog» for å løyse opp for dronning Dagmars fødselssmerter. Men nokre tiår seinare hos Vedel (1591) er dette motivet gjort teologisk korrekt ved ei omformulering – den same terna «tog Bogen oc der vdi saae», heiter det no (DgF III: 207–218).

Agnus Dei (Guds lam) er ein hymne i den katolske messa. At barnet i denne balladen blir døypt med same namn, viser kor integrert katolisismen var i den norske folkekulturen. Eit uttrykk for det same er det når Agnus Dei gav opphav til Agnestei, eit sølvsmykke i folkekunsten. Smykket «ligner en Mynt eller Medaille, forsynet med Kjæde og tildeels med omhængende Løvværk» (Aasen).

Som Ådel Gjøstein Blom peikar på, er nemninga Agnus Dei ein metafor for Jesus, og ledd i den katolske liturgien: Agnus Dei qui tollis peccata mundi, dona nobis pacem (Guds lam som ber all verdsens synd, gje oss fred). Motivet med barnet som kjem flytande til lands assosierer vidare til Moses, som vart sett ut på Nilen i ei korg og seinare funnen av dotter til Farao (Blom 1971: 207–210). Når det gjeld jomfru Maria, sjølve kraftsentret i balladen, står ho fram med kjende karaktertrekk, ikkje minst den store medkjensla hennar overfor menneske i sjelenaud.

Utsyn 56




Oppskrift A

TSB B 23: Agnus Dei

Oppskrift: 1847 av Magnus Brostrup Landstad etter Anne Ånundsdotter Lillegård, Eidsborg, Telemark.

Orig. ms.: NFS M.B. Landstad 5, 17

Utan oppgjeven tittel.

*

1. Jomfru Maria gek seg ned pa sand
– fyri follo –
der sag hon ded bani kom fljotans til lands
– tungt at troda [dansen under mollo] –

2. hon tok det báni og bar det heim
{hon}dei kalla det ungan Agnos dei

3. Alle Guds-englar dei sloge leik
sture sat ungan Agnos-dei.

4. Fram kom jomfr[u] Maria plomekinn
Kvi site du sa sture kjær Gudsonen min

5. Det er ki under eg sture má
far og mor i vanden stár

6. Løys di mor otor vanden
lat din faren stande

7. nár eg mátte ráde
sá ville eg løyse dei báde

8. Á høyre du agnos-Du kære Gudson min
løys so in at forældri din

9. Alle Guds-Englane dei sloge leik
fyre dansar ungan Agnos-dei.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta. Oppskrifta er gjord med blyant. I strofe 5 er ordet ‘vanden’ understreka med penn, med følgjande kommentar i margen: De skulde være Sødskende.

Trykt i Landstad 1853: 551. Stevet er utfylt etter den trykte utgåva.




Oppskrift B

TSB B 23: Agnus Dei

Udatert oppskrift av Halvor Sundbø? (jf. oppskrift C) etter Liv Halvorsdotter Huset, Flatdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS M. Moe 51, 7

Utan oppgjeven tittel.

*

1. Inn kom Maria Plomekjinn
– fyri Follo –
Kvi sit du so stur, du Gusso’n min?
– Dæ so tongt trøa Dans onde Molo –

2. Dæ no ‘kje ondras, om eg site stur
aa eg heve avla dei Systenne tvo.

3. Der æ bote mørkt aa kalt
der sjine so lite av Soli varmt.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Under oppskrifta står det: Denni Visa lærde Guro Haugen (onde Sondbø) Mor av Liv Huse, av ein fra Subø i Aamotsdal. Han kva o i Svømnen. (Framhald med anna hand: han laag i Løu aa Jentune laag paa laaven aa kaam te liggje lye.)




Oppskrift C

TSB B 23: Agnus Dei

Oppskrift frå 1878 av Moltke Moe etter Halvor Sundbø?, Flatdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS M. Moe 4, 1d.

Utan oppgjeven tittel.

*

1. Inn kom Maria plomekinn
– fyri follo –
Kvi site du so stur du gusson min?
– D’æ so tongt trøa dans onde mollo –

2. D’æ no kje ondras, om eg site stur
å eg heve avla dei systenne tvo.

3. Der æ båte mørkt å kaldt
der skjine so lite av soli varmt.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Under oppskrifta står: Visen kommen fra Ommersdal.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Legendeballadar

Legendeballadane handlar om mennesket i møte med katolsk gudstru. Sentrale kristne verdiar blir haldne fram til lærdom og oppbygging, i spennande forteljingar om heilage kvinner og menn, som trassar overgrep og pinsler frå overgriparar. Jamvel om martyrane må gå i døden, kan dei sjå fram til eit nytt liv i den andre heimen, og vanlege menneske kan lære av deira mot og tru. Fleire legendeballadar byggjer direkte eller indirekte på prosaforteljingar, som vart lesne høgt i kloster og kyrkjer i mellomalderen.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.