Legendeballadar

Norske mellomalderballadar

TSB B 7 Sankt Jakop


Innleiing

Jesus vil sende Jakob til heidningland, men Jakob har korkje skip eller segl. Du kan segle på ein stein, seier Jesus. Vel framme kjem Jakob opp i ein ordstrid med kongen i landet om kven som har den sterkaste guden. Kongen vil ikkje tru på Jakobs gud om ikkje Jakob kan vekkje kongssonen, som drukna i fjor, til live att. Jakob tek fram ei bok og les og syng til kongssonen kjem levande opp av elva. I dei siste strofene fortel Jakob om himmerikets glede og helvetets pine, og dermed let kongen seg sjølv og folket sitt kristne.

Den fyldigaste versjonen av «Sankt Jakob» er oppskriven av Sophus Bugge etter Elen Jensdotter Rolleivstad frå Skafså, men det finst også ein variant som er skriven opp i Fergus Falls i Minnesota. Då Anne Bendiksdotter Rolleivstad, også frå Skafså, miste mannen sin i 1868, tok ho med seg dei fem borna sine og emigrerte til USA. Der tok ho etternamnet Howard etter mannen, som heitte Håvard. Ein eller annan gong må ho ha møtt Torkell Oftelie, skribent, publisist og folkeminnesamlar, som trong stoff til dei norskamerikanske publikasjonane sine.

Sankt Jakob i denne visa må vere apostelen Jakob den eldre. Han var ein av leiarane for dei jødekristne i Jerusalem etter at Jesus var død. I Apostelgjerningane 12, 2 er det fortalt at han vart halshoggen på ordre frå kong Herodes Agrippa ca. år 44. Men i legendene fekk han eit langt liv.

Legendene fortel ulike historier. Nokre meiner at liket til Jakob vart lagt på eit skip med korkje segl eller årer. Skipet styrte likevel gjennom Gibraltar og opp langs vestkysten, til Galicia. Der vart liket lagt på ein marmorstein, og steinen forma seg til ein sarkofag rundt liket, som om det var av voks. Dette mirakelet kan vere bakgrunnen til at dei nordiske balladane fortel at han sigla på ein stein. Det momentet vantar i dei eldre legendene.

Ei anna legende fortel at Jakob drog til Spania i levande live og misjonerte der i fleire år. For å få forteljinga til å henge i hop, måtte han dra tilbake til Jerusalem for å bli halshoggen i år 44. Deretter måtte liket ut på den mirakuløse sjøreisa til Spania, før han endeleg kunne gravleggjast i Santiago de Compostela. Desse fantasifulle forteljingane dukka ikkje opp før på 700-talet, men først etter at Karl den store skulle ha sett grava i ein draum, kom pilegrimsvandringa i gang.

I Sverige er det registrert ni variantar av visa, i Danmark er det berre to. Den eldste er eit skillingstrykk frå 1732. Etter god protestantisk skikk er mirakla tona ned, mens dei fleste strofene berre reknar opp synder og straff. Den norske varianten er så sjølvstendig at han ikkje kan vere inspirert av dei svenske og danske.

Framleis står Jakobs dødsdag, 25. juli, markert i almanakken som Jakob Våthatt, kanskje fordi kjenneteiknet hans er hatten med ein musling på.

Utsyn 52
DgF 100
SMB 38
CCF 140




Oppskrift A

TSB B 7: Sankt Jakob

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Elen Jensdotter Rolleivstad, Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge a, 145–149 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.

*

1. Jesus han tala te Sante Jakup så:
Du ska’ deg ti Hedneland iår.
– Vi findest undertiden. –

2. Hossi kann eg meg ti Hedneland iår,
eg hev’ ikke segl å sigle uppå.

3. Du ska’ kji ha kvorkjen segl helle streng,
men du ska’ sigle på hare grå stein

4. Ja hare grå steinen å judiske mål,
de ska’ du sante Jakup sigle uppå.

5. Steinen begynder i vandet at flyde,
så flyder han mót de hedne kungerikje

6. Den hedniske kungje han skynder seg til strand mót den fær,
han gløymer sitt skjoll å sitt gode svær.

7. Hør du kristenmand hott jeg siger dig,
frygtear du ikkje for hedningenAlternativ lesemåte i reinskrifta: hednekungen er ti.

8. Eg frygtar ikkje for hedningen dínSamlarkommentar: (sic). I reinskrifta står: [her med langt i]
ti min Gud han er langt sterker end dín.

9. Hossi kan din gud vera sterkar hell mín,
min gud han drikke mjø å vín.

10. Sante Jakup eg trur ikkje på dine ór,
før du finn atte min son, som kom burt i floden ifjór.

11. Sante J[akup] han tók sí bók i hånd.
jo mere han læser, jo mere han sång

12. Jo [mere han læser, jo mere han] sång,
alt ti han fekk dei døde bein på gång,

13. S[ante] J[akup] han stó å såg derpå,
dei krøktest dei døde bein på botnen låg.

14. S[an]t[e] J[akup] han tók han í sí hånd,
så leier han han for hednekungen fram.

(Kongen)

15.Du ær en gudsengel, det siger jeg dig
men sig mig i hi omReinskrifta har: hvor himmerig er ti.

16. Ja i himmerikje der er stor glæde og ro,
sjell syndelaus menneske der må bo.

17. Du er en gudsengjel det siger jeg dig
men sig mig i hvorom helviti er ti.

18. I helviti æ ‘kji kvorkjen glæde hell ro,
gud nåde de menneske, som der ska bo.

19. Der stander et barn, har forbanna si mor
de stende på ein steine langt heitar hell ein glo.

20. Der [stander] ei móer, [har forbanna] sit barn
ho [stende på ein steine langt heitar hell] ein svavel.

21. Der stende tvo egtefókk, har forlíkis illi å alli væl,
i æevige pinen må brende deres sjæl.

22. Gud gjeve meg den hellig ånd så
så ska eg late krisne bå stóre å små.

22. [Gud gjeve meg den hellig] ånd
[så ska eg late krisne bå] kvende og mand.

*

Reinskrift: NFS S. Bugge IV, 246–247.

Strofene er ikkje nummererte i kladden, men er det i reinskrifta.

Songaren er mor til songarane i oppskrift B og C.




Oppskrift B

TSB B 7: Sankt Jakob

Oppskrift: 1913 av Rikard Berge etter Jorunn Bendiksdotter Storelid, Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCXLIX, 34–35.

Utan oppgjeven tittel.

*

1. Sante Jakup
1. Jesus han tala ti Sante Jakup saa:
Du ska deg ti hendenland i aar.

2. Men hòsi kann eg ti hedenland i aar,
eg hev ikkji skjip tì aa sigle paa.

3. Å du ska kji hav’ anten segl ‘ell streng
men du ska hav’ ein har’e graastein.

4.4 (St. Jakup skal vekkje uppatt den sonen som drukna).

4. St. Jakup han i bokji saag,
dei krøktes dei beini paa bòtnen laag.

(Sonen stig upp av havi)

5. Sant Jakup tok ‘an i sì haand
aa leidde han fòr hedenkongjen fram.

6. Du æ ein Guds engjil de sei’ eg deg,
(men seg meg om himmerikji æ tì?)

7. Ja i himmerikji æ de glæde aa ro,
sjellaRetta frå: se (overskriving) søndefullt menneskji der maa bo.

8. Du æ ein Guds engjil, de sei’ eg deg
(men seg meg no om helviti æ te)

9. I helviti der æ kji anten glæde hell ro,
Gud naade dei menneskji der maa bo

10. GGud gjeve meg den helligaand saa
sò ska eg kristne baa store aa smaa.

11. Gud [gjeve meg den helligaand saa]
sò ska eg kristne baa kvìndi aa mann.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Songaren er dotter til songaren i oppskrift A og syster til songaren i oppskrift C.




Oppskrift C

TSB B 7: Sankt Jakob

Oppskrift: 1915 av Torkel Oftelie etter Anne Howard, Fergus Falls, Minnesota.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCCXI, 170.

Oppgjeven tittel: Sant Jakup aa Heiekongjen.

*

1. Jesus han tala te Sant Jakup saa,
du sko no deg ti hedenland iaar.

2. Aa hose kan eg te hedenland iaar,
eg heve kje skjip aa sigle uppaa.

3. Du sko inkje hava anten segl hell streng,
du sko sigle paa hare graastein.

4. Aa steinen han monne paa vatne fljote,
so flaut han te de heden kungerikje

5. Smaadrengjen han tala te heden kongjen saa,
Her kjem ein graastein me ein kristenmann uppaa.

(Her er burte noko.)

6. Du Jakup, eg trur ikkje paa dine or,
fyrr du finn at sonen min som bleiv i fjoren ifjor

7. Sant Jakup han sto aaRetta frå: og (overskriving) saag der uppaa,
daa krøktes dei daue bein paa botnen laag.

8. Sant Jakup tok guten i si haand,
so leidde han honom til hedenkongjen fram.

9. Gud gjeve meg den hellig aand,
so sko eg lata kristne baa kvind aa mand

10. Gud gjeve meg den helligaand saa,
at eg kan lata kristne baa store aa smaa.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Songaren er dotter til songaren i oppskrift A og syster til songaren i oppskrift B.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Legendeballadar

Legendeballadane handlar om mennesket i møte med katolsk gudstru. Sentrale kristne verdiar blir haldne fram til lærdom og oppbygging, i spennande forteljingar om heilage kvinner og menn, som trassar overgrep og pinsler frå overgriparar. Jamvel om martyrane må gå i døden, kan dei sjå fram til eit nytt liv i den andre heimen, og vanlege menneske kan lære av deira mot og tru. Fleire legendeballadar byggjer direkte eller indirekte på prosaforteljingar, som vart lesne høgt i kloster og kyrkjer i mellomalderen.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.