Løglege skruvar og anna folk

av Olav Duun

Um morgonen slik

7Det var det med han Jørgen, – han kunde vera retteleg ein hest til aa arbeida naar han vart til det sett –, det var det med han, at han kom ikkje paa nokon ting. Bannsett, um han saag det minste grand aa gjera, sjølv. Aa nei, det var ei som laut koma paa det og ha umsut for det, slik.

Ho hadde ikkje faatt stakken paa enno, ho Martine, – endaa klokka var sju no, og væl det, etter deira solmerke. Det var denne ungen, som ikkje var aa koma ifraa um morgonen slik; og so maatte ho ha ein kaffidrope det fyrste som var, – han kunde rett koka bra kaffi no, han Jørgen, naar han berre vart til det sett; og so var det aa laga til aat ku og kalv og gris. – Og so var det aat fjøset med det same, hovudstups aat fjøset! Daa var han god nok, snart, den gamle raudstakken, aa kasta yver seg; og den blaa bunditrøya aat kallen var god og varm, um ho var liti sund.

– Sjaa no berre, no! Slik helgamess tosk, det …. Der stod han aa blaasveitta med den 8der veita att, beint paa tvers gjenom dei andre veitorne, liksom dei aldri fanst der, – i turre ækra slik. Ja, no laut ho aat fjøset, ho, so han fekk halda paa som han gjorde, ho hadde mest ikkje tid til aa taka den dropen med kaffi som ho trong so inderleg væl, – ungen, han saug holdet av ho, reint og beint. – Og so den der fyrkja og, som ikkje var aa faa upp um morgonen» fyrr det vart kvelden mest! – Men um kvelden ja, daa ha ho ikkje bleikfeber daa, teksa. Men no skulde ho – – –

«Lassine!» Ho treiv eldtonga og kakka i loftet. «Lassine – di pork’ der du ligg! No e’ de’ treddi gongen æ vækki dæ idag.»

Det snudde seg trøytt i ei seng paa loftet, og det høyrdest eit svevnugt «ja.» Voggebarnet vakna med det same og tok til aa skrika. Ho rende burtaat og vogga hardt, so klokka skolv paa veggen. Noko var det stødt, stødt!

«Hysj, hysj! einn slekt da, ongi!»

Der kom det hund’ ta, nokon! Kven var det rett som for og rak i gardarne slik, so tidleg? Det var visst nokon framandfolk, etter som dei vart der standande og fomla med døra; for ho var lett nok aa faa upp, naar ein var kjend med ho, – klinka var burte, men det var berre aa lyfta litegrand paa ho, slik. Ho laut sleppa vogga, – han fekk skrika, trollungen –, ho maatte ha upp døra. «Aa nei, e’ de’ slike langfaranes folk ut aa fer? – Aa slik som her sjer ut!»

9Det var han Johan Kælvhagan, ein gardmann utanifraa Strandbygda. Han steig inn, og vart standande. Han kom visst litegrand tidleg, var han rædd ….

– Han maatte daa setja seg! Det var no lite uflitt, slik, men det – – ja kor skal ein fara aat, naar ein har desse ungarne stedt, stødt!

– Sitja skulde han no ikkje. Han sette seg likevel, og vart sitjande. – Det var det og, sa han, – at det ikkje var flitt bra nok! Det var no morgonen, ikkje rettare enn han visste. Det var fire vindaugo paa stova, tvo i vest ut imot sjøen, og tvo i aust upp imot berget. Likevel var det myrkt inne. Ho saag det nok, naar ho hadde vore annan-stads. Det regnde og la seg dogg paa glaset utanfraa, og so dumba innanfraa; det nytta ikkje anna; og kongroa var grov til aa spinna yver rutorne. Golvet var maala, gudskjelov, men det hadde ikkje vore sopa i det siste, for ho hadde halde paa og lappa gamle klæde, og det heldt ho i golvet med, – det var greidast det, naar ho fekk leggja deim utyver der. Det laag ei brok der enno, med naal i, saag han.

– Var det underbrok, so var ho – ikkje av dei ljosaste. Bøter og fillor av alle liter laag det tjukt av burtetter.

– Det var det: um han var heime, han Jørgen?

– Jau, daa, han var daa heime, han.

Ho var uti kjøkenet, ho Martine, men døra stod uppe. Det kom nokon nedgjenom loftstroppa 10og inn i kjøkenet. Straks etter kikka det eit trøytt og svevnbleikt gjenteandlit inn i stova. Han saag ein floke av raudt haar ikring andlitet og fram i det, og ei opi linning av ei gulgraa-kvit natt-trøya.

«Staa ikkj’ der aa glaam paa folk slik, hi du hord! For dæ te aa faa i dæ kaffe’en, so du kainn gjæra nokko!»

Andlitet geispa og drog seg attende. Ho Martine kom med kaffi. Kaffikoppen i eine handa, fullskjenkt baade kopp og skaal og med fløyten i, sukkerkoppen i den andre, og han var ikkje heil lenger, – det var ho Lassine, teksa …. Katten kraup fram unda omnen og skulde strjuka seg litegrand, tykte vel det tok til aa lida noko; men han. vart trødd paa og sette i eit illskrik. – Helgamess katten og rett som laag under føterne stødt, stødt! Veslen i vogga skreik ikkje meir; han hadde vorte var naglen paa eine tumefingeren sin.

– Det var det, ja: um han kunde faa raaka han Jørgen?

– Jøss jau, det skulde det daa bli ei raad for; han Jørgen skulde han daa faa raaka. Men no skulde han ha ein sup kaffi fyrst, var meininga.

– Kaffi? – nei, det skulde han rett slettes ikkje ha, den her gongen ikkje!

– Men det var so leidt med det, at ho hadde ikkje brød attaat, – det var so langt aat handlaren slik.

– Pø, brød? Ho skulde no ikkje snakka lell.

11Ho kom inn med ein tri, fire paasmurte vaffelkakor og la paa bordet attmed, – ho hadde lagt duk paa framandbordet; tok so ein tallerk og la dei paa.

«Sjaa her no – sætt dæ hit! Værsaagod, no! De’ bli’ no paa vise’ aa ja ….»

Han drakk kaffien, men rørde ikkje maten.

Ho bad han, – det maatte han endeleg gjera. Men han skulde ikkje, slett ikkje, den her gongen. – So var det det ja, um han kunde faa raaka han Jørgen daa; – han hadde so annsamt idag.

«Krytt skaill’ det varra!» bles ho, daa han væl var ute. – Men ho visste no det, at kaka var rein, var det det han gjorde snut for. Ja, sanneleg – var det ikkje eit haar i smøret paa den eine, eit langt raudt eit! Den fordærvelege Lassine! Ho skulde no elles undrast paa, um det aldri hende noko slikt i Kælvhagan … Og korleis ho saag ut, det skilde ikkje han, – ho hadde anna for seg enn aa pynta seg for kvar ein trave. Men her vart ho gangande og sumla, kom seg sanneleg ikkje aat fjøset. – Men det var hans skuld at dei ikkje hadde kaffibrød. Aldri kom han paa nokon verdsens ting han, sjølv. Og no – no stod han der og prata no og la ut um dei der veitorne og alt det tullet der, med’ ho maatte riva som ein bjørn baade tidleg og seint. Men no skulde han ha det, – dykede skulde han det ja, paa tverre flekken!

12Ho fór ut. Haartafsarne og bunditrøya flaksa ikring ho; stubbstakken naadde ikkje til knes lenger, slik fart ho fór med.

«Jørgen – kom heim straks, høyri du!»

«Ka de’ e’ no da?»

«Kom heim, høyri du! din – – –.» Og ho las upp aat han, so det var mun i det. – Kva fanken var det han tenkte paa, han som gav seg til aa standa der, – visste han ikkje at klinka var vækk utor kjøkendøra so folk kom ikkje korkje ut eller inn? Eller skulde ho gjera det og? Og ved! – det fanst ikkje, mest, utan raa older ja, so vatnet rann av ho, – kanskje han vilde koma heim og koka med det han? Men slik var det alltid.

Daa ho kom inn att, stod Lassine – purka og klødde seg rundt ikring og gjorde ingenting. Det var skoreima, – det vart berre knutarne, den gamle, no snart. Trur du ho hadde det vitet at ho tok ein hyssingstubb …. Aa nei, ho var dotter aat far sin. Ja, kor skulde det bli med den gjenta. No var ho 17 aar, so nær, feila berre eit halvt fjerdingaar snart, og enno var det ikkje anna enn geispen og bleiksotta all dagen, og so aa renna ute um kveldarne – det var ho frisk nok til. Ho kunde ikke anna enn segja som det var; ho sa det visst dagstødt og, og fleire gonger um dag slik; men sjaa um det hjelpte. Berre bakvendt og besett, alt ihop!

Men no fekk det vera det same med alt anna; 13no maatte ho aat fjøset; kyrne, dei rauta no, og grisen – grisen! han svalt visst beint ihel! Klokka gjekk til 9, men ho var no kanskje væl fløt. Ho kasta gamle raudstakken yver seg og batt han skikkeleg upp, snara eit svart bunditurklæde nokre gonger ikring hovud og hals, – det trengde ho so væl; og so bar det hovudstups aat fjøset.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Løglege skruvar og anna folk

Samlingen Løglege skruvar og anna folk kom ut i 1907 og var Duuns debutverk. Samlingen inneholder 12 fortellinger. Mange av historiene handler om mennesker som strever med å få innpass i et bygdemiljø. I tillegg inneholder samlingen noen morsomme småfortellinger med alvorlige undertoner, som peker fram mot Duuns senere verker.

Se faksimiler av 1. utgave fra 1907.

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.