Mannfolk

av Arne Garborg

IX.

Sundagskvelden var Helene paa Nisseball.

Josefine, Gjenta i Huse, narra henne med; det var nok ei som ikkje var bljug, det. Ho hadde vori paa Nisseball mange Gongir, sagde ho; og berre dei var tvo, so var det likso trygt der som i Kyrkja.

Helene hadde aldri vori paa Nisseball. Og so hugsa ho, at i desse Dagane var ho fri. Tenk! ingin yvi seg. Ingin til aa grine, um ho kom seint heim; ingin til aa frette og spyrja kvar ho hadde vori. Det var uvisst um ho vart so fri oftare; ho slo seg vill og gjekk. Ho var so modig den Kvelden. Det som hadde skræmt henne fyrr i Dag trudde ho ikkje var noko. Slikt hadde ho kjent fyrr. Og so hadde Studenten vori her og sagt, at ho kunde faa Plass hjaa Georg Jonathan; det tok ho som eit godt Merke i alle Maatar. Det kunde ikkje vera Meiningi at ho skulde uti noko vondt, naar det jamna seg so fint for henne i det Stykke.

Og so godt som det var aa koma ut. Dagen hadde vori klaar og mild, med tinande Snø under sterk Sol, og med fri, høg Himil; no svala det paa, fraus litegrand; og Lufti var døkk med vaknande Stjernur. Ho lo høgt der ho gjekk. Tanken paa at ho var fri, at ho ingin hadde aa svara fyri, gjekk henne til Hovude; i Kveld skulde ho kunna vera med paa allslags Galinskap, tenkte ho.

Gatelyktine stod i skeive Radir og brann, faae og bleike, stridande med Myrkre. Paa Karl Johan gjekk «den ville Jagt» sin gang. Helene totte alt var Moro.

Ho rødde og lo, so Folk saag paa deim; eit Par Fyrar kom og nappa deim i Armane: «bli-med da, Gjenter!» Daa lo ho endaa verre. Josefine, som elles ikkje var bljug av seg, laut segja henne, at naar ein var ute paa desse Tidir, so var det best aa agte seg eit Grand. –

– Nisseball-Salen var som ein stor Laave, med fint, sletthyvla Dansegolv. I den eine Enden var der eit noko høgare Rom for deim som vilde drikke; i den andre Enden eit Trev for Musiken. Den spela so det lyfte i Helene; ho liksom smaadansa der ho stod; Josefine maatte paa nytt gje henne ei Minning. «Aldri hadde je tenkt du var so vill, du Helene,» sa ho.

«Aa du da,» svara Helene.

Ho vilde dei skulde gaa upp til eit Bord og setja seg. Ikkje enno, sa den andre. Kannhende det er nokon du ventar paa? spurde Helene. Mm; ikkje det nettup –.

Helene slo seg til Ro og saag paa deim som dansa. Det saag ut til skikkelegt Folk alt. Det var ikkje noko stygt aa sjaa her; det var som aa vera paa eit anna Ball. Skulde ein ikkje kunna gaa her kven som vilde? Med det same Dansen slutta kom det ein litin feit, bleik andpustin Herre burt til deim. «Godaften Frøken! Godaften, mine Damer. Opp aa ta Plass!» Han fyri og dei etter; og Plass fekk dei; denne Fyren var nok kjend her.

Og so fekk dei Kakur og Vin; han sjølv drak Øl. «Je er saa tysst saa,» smatta han.

Det var vel Kjærasten til Josefine dette? Ja-ja. Svært ung var han ikkje, men fjong. Brunt klædd; stort svart Krullhaar; Andlite var rundt og mjukt og utan Skjegg. Han kunde skapa det til og laga det um plent som ein Komediant; og han var so morosam i all si Aatferd, og hadde so mange løglege Ord og Hermestev, at han heldt deim i ein Laatt.

Drrum! – det var Musiken. Alle Mann upp; ein tvo tri, utruleg fort, Dansegolve i ei Maurtuve. Ei mjuk Hand treiv Helene i Armen; «– ha den Fornøielse, Frøken?» Det var ein fin, ven Fyr; ned i Maurtuva bar det; ho sansa mest inginting.

Eit Par Herrar stod etter der uppe og saag paa; den eine, ein ung ein, puffa den andre paa Armen. «Du Juberg,» sa han, «hva Fan var det for et tarveli Fruentimmer, Knutzon strøk av med der?» Olai Juberg, slaskut og sein, stod nettupp og saag etter henne. «Nytt av Aare,» sa han roleg og retta paa Brillune. «Hun tør være ganske pikant, den samme. God Figur blandt andet. Jeg la Merke til henne, mens hun sat ved Bore der; hun er Pinedø en forholdsvis Uskyldighet. – Forresten er hun frugtsommelig for Øieblikke,» lagde han til; han tala litegrand gjenom Nasen.

Olai Juberg fylgde Helene med Augo ei lang stund. Henne burde han hava Tak i. Han freista i Tanken fleire Haarsetningar paa henne, og fleire Hattar; det galdt aa finne paa noko som var «saa’n litt smaadævelsk», meinte han. Fekk han rigge henne etter sitt Hovud, skulde han jaggu nok faa Gjente av henne. –

Stud. med. Knutzon svinga henne lysteleg i Dansen.

Han var fyrste Kavalleren paa denne Bula; det kunde det ikkje vera Tvil om. Men so var han og Son av ein Konsul. Og den Konsulen hadde vori rik.

Daa Stud. med. Knutzon hadde teki fyrste Bolken av Lækjarprøva, døydde Konsulen. Og daa fekk Guten Pengar. So skulde Fanden slite med Eksamen, fyrr ein hadde gjort Ende paa deim.

Han fylgde sin gode Ven Viborg til Hamborg; Viborg skulde lære Handel der. Men Knutzon kom snart heim att. Det var ingin By som Kristiania lell. Ingin Stad fekk ein so god Torsk som hjaa Ingebrett; ingin Stad so hyggjeleg ein Pjolter som paa Fallgruva; ingin Stad so friske Gjentur som paa Kristiania Tivoli.

Han vart «Karljohans-Løve». Fraa den Tidi hermde dei etter han: «man behøver Fa’n ikke aa gaa paa Tivoli; man kan faa virkelige Damer.»

Um ei Tid tok Glansen til aa gaa av han. Der var ei «virkelig Dame» som laut ein Tur til Stockholm; og det skulde vera hans Skuld. Knutzon fann ut at Kristiania var ein keidsam By; han drog til Hamborg andre Gongen.

Men kom att; og var daa fjongare enn fyrr. So gjekk han ei Tid Smaaløve fraa Teaterselskap til Taterselskap, og tok gjerne likaste Drosi i Flokken. «Man behøver ikke aa nøie sig med Koristinder; man kan faa Aktricer,» sa Knutzon.

Men etterkvart tok han til aa vise seg paa Dansesalane.

Han var ikkje so fager som fyrr. Den store Adelsnasen var der nok. Men Augo vart meir og meir vassne av seg; og Haare datt; og Andlite var ikkje lenger so klaart i Dragi. Han saag eit Grand slitin, lausfeit, ul ut. Og so vart han for kjend. Gamle Kameratar drog seg ifraa han; dei torde ikkje vera med lenger. Midt paa ljose Dagen kunde han koma køyrande full gjenom Karl Johan med kjende Kvinfolk; ja det gjekk so vidt, at han kunde vise seg for Folk i Lag med ein Fyr som Olai Juberg, som alle visste var ein Sjofelist, og som etter aalmenn Meining mest livde av aa vera Millommann millom rike Mennar og Gjentur som ikkje var rike.

– Maken til Dansar hadde Helene aldri vori ute fyri. Ein kjende seg ikkje sjølv, so lett gjekk det. Han dansa rettvendt og bakvendt, endefram og attlengjes; han hadde so mange Kunstir at ho vart reint fortumla. I Fyrstningi hadde han ein Maate som ho ikkje lika; han klengde seg so inn-til henne. Men det slutta han med, daa han skýna at det var henne imot.

Sidan var han berre hyggjeleg; og daa Dansen var slutt, tok han henne upp til eit Bord og vilde gje hende Vin. Men ho bad um Bruslimonade.

Han var endefram og greid; spurde um allting, og fortalde. Men ho skýna at ho fekk agte seg; han kunde ikkje vera so greid aa koma ut for. Den Munnen, den mjuke Munnen –; han hadde visst kysst meir enn ei Gjente i sine Dagar, den.

Ny Dans. Helene fylgde Knutzon; men det skulde vera siste Gongen no.

Det kom Folk inn jamt; Golve var so fullt at der var lite Rom til aa snu seg. Rett som det var kom dei upp-i slik ein Krull av Folk, at dei laut stana. Som dei heldt paa med aa arbeide seg ut «paa fri Sjø» att, som Knutzon sa, kom det ein Konstabel baskande. «Undskyld De, sa han. «Hva behager?» sa Knutzon; han vart so bleik og rar. «Vær rolig Di,» sa Konstabelen; «Det er ikke Dere det gjelder denne Gangen. Det var den Damen der. Di? Jomfru? Vil Di være saa god aa oppgji mej Deres Navn?» Folk stima til; Knutzon kom burt for Helene. Daa ho skýna det var henne, Konstabelen meinte paa, tok ho til aa skjelve og vilde røme, men kom ingin Veg. «Deres Navn,» sa Konstabelen; han stod med Boki og Blyanten ferdug. Daa misste ho Sans og Samling; ho skrek upp i villan Sky, kva Konstabelen hadde med henne aa gjera? um ho hadde gjort noko vondt? Heile Salen tok til aa lyde. Eit Mannfolkmaal kviskra yvi Aksli til Helene: «d’er ‘ke farli, d’er ‘ke farli; gje opp Navn og Adresse, saa er det ‘ke mer!» men Helene var vitskræmd og samla inginting. «Di gjør bedst i aa ikke gjøre no’ Slags Vrøvl her,» meinte Konstabelen; «kom med Navne naa.» «Si det; si det; vær ikke dum» kviskra Mannfolkmaale. Helene visste ikkje lenger kva ho gjorde; ho gav upp Namne. No er eg seld, tenkte ho. «Adresse?» den fekk han og. «Ja Di hører nærmere i Maaren,» sa Konstabelen; han sette Nasen upp og gjekk.

«Det er ingen Ting; Di ska ikke bry Dem om det,» sa Mannfolke no rolegt og trøystande; han tala litegrand gjenom Nasen. Ho stirde rundt etter Knutzon; han var ingin Stad aa sjaa. «Nei, Deres Herre er nok forsvunden,» sa den framande liksom han visste kva ho tenkte; «vil Di foreløbi ta te Takke med mej?» Ho kjende ikkje Fyren; lika han ikkje; «nei Takk, nei Takk; jeg skal gaa,» sa ho. «Ja men Di kann ikke gaa alene ute naa, saa sent; faar jeg Lov aa følle Dem?» «Nei Takk, nei Takk,» jamra Helene; ho søkte seg framigjenom Stimen so fort ho fann Veg; ho var so rædd ho skulde faa Uvìt

Josefine saag ho ikkje noko til. Fyrr ho visste Ord av var ho ute. Ho vilde setja til Sprangs, men saag tvo Konstablar som gjekk der og dreiv, og torde daa ikkje. Det verste var, at ho skalv so. –

– Dagen etter fekk Laurits ein Brevlapp fra Helene; den gjorde ‘n baade blaa og bleik.

Alt igaar hadde ho skræmt han. Ho hadde mint han um Ting som han sjølv hadde gløymt, Ting som han ikkje hadde lagt Merke til; han visste no at det kunde gaa gali; og gjekk det gali, so var han ferdug for sin Part Og no hadde ho vel Greide paa det.

Han gjekk til henne med same. Som ein Tjuv kom han luskande; han var raudsprengd i Augo og graa i Andlite. Han torde ikkje sjaa paa henne. Men han forstod at ho hadde det vondt, ho au. Ho var so uroleg og rar; det var som ho knapt raadde med seg. Ho hadde ikkje sovi i Natt, sa ho. Laurits Kruse sat og venta paa Domen sin med bøygt Hovud

I Fyrstningi skýna han ikkje det ho fortalde. Det var noko um Tivoli, um Knudsen, um Dans, um ein Konstabel; kva kom det Saki ved.

Men so tok det til aa gry for han – han vaaga seg smaatt i Senn til aa tru, og so forstod han –, at det berre var dette um Tivoli ho vilde fortelja.

Det var ikkje meir.

Daa kunde han ha kysst henne.

Hans runde Andlit vart smilande som Fullmaanen; og han pusta ut i eit so langt og letnande Sukk som han i den Stundi vakna fraa Dauden til Live.

Han fekk att baade Mæle og Mod. Han saag paa henne; og han fann at ho saag godt ut. Den vesle Blaaningi under Augo hadde ho alltid havt. Figuren var den same som fyrr. Det var ingin Ting aa ræddast fyri. Det gjekk nok godt. Aah. Han reiste seg upp; han maatte strekkje paa seg, lyfte paa seg; hadde her vori Rom so hadde han dansa.

Ho var so jammerleg rædd Politie. Ho trudde det stod utanfor baade Lov og Rett; det kunde gjera som det vilde mot simple Folk; for deim nytta det aldri aa klaga. Han lo; Lovi var for Politie som for alle andre, sa han; men det fekk han henne ikkje til aa tru; ho hadde høyrt for mykje um Politie til dess, sagde ho. Han svara, at ho snakka som ho hadde Vit til. Gakk du berre trygt paa Stasjonen i Morgo, sagde han, og forklaara alt som det er til; og dersom daa Politie gjer deg det minste Uskil, so skal du faa sjaa, naar du klagar, at det fær danse for deg; og det um du aldri so mykje var «simpelt Menneske»!

Lengi maatte han tala med henne um dette. Ho fann paa alle dei utrulege Ting til aa uroa seg med, og det som han kunde segja beit liksom ikkje paa henne.

Daa han skulde til aa gaa, sette ho fram ei halv Flaske Øl og spurde um ho maatte bjode. Han vart eit Grand rar med det same; gjekk so til Borde og drakk.

Stakkar; ho var snild. Alt det vonde han hadde gjort henne, – ho ikkje so mykje som hugsa det. Og han kjende i sitt Samvit, at han burde kysse henne.

Men han fekk det ikkje til. Det vilde ikkje falle seg. Han tok henne i Handi, men saag ikkje paa henne. Han kjende seg skamfull; sagde seg sjølv at han var ein Slusk; men kva skulde han gjera? Han kunde ikkje; ho var for honom eit framandt Menneskje.

So luska han ut. –

– Dagen etter møtte Helene paa Stasjonen. Ho var der paa Klokkeslaget; men ho maatte vente ei god Stund.

Ho freista aa drive Tidi og døyve Tankane med aa sjaa paa dei andre som sat her, Sluskar og fint Folk som hadde vori fulle, eit Par rare, feite Kvinfolk, ei gamal hyggjeleg Kjering, ei Gjente med eit Barn. Men Mode minka for kvar Stund, og Rædsla auka; sistpaa sat ho med turre, heite Augo som ho ikkje kunde sjaa klaart med.

Og Munnen var turr og Halsen turr; ho anda tett og tungt som i Sjukdom. Uhuglege Tankar kom; Hovude gjekk fullt av fæle Synir; ho saag Rettssalen; der sat blanke Politiherrar og dømde; og morske Konstablar drog Syndarane ut; so var det lange myrke Murgangar innetter, og stygge laage Fangehol; i eit slikt saag ho seg sjølv, innestengd, avgøymd, verjelaus, i Hendane paa ukjende Mennar … Hu, der kom Politifullmegtigen; ho kvakk som det skulde vori Vaarherre.

Det vart ei Aatvaring. Ho burde taka seg i Agt. Ho skulde sjaa seg fyri kven ho kom i Lag med. «Det kunde ha gaatt galt for Dem, dette-her. Men De har altsaa Plass hos Kandidat Jonathan?»

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Mannfolk

Romanen Mannfolk kom ut i 1886. Som i Garborgs foregående romanen, Bondestudentar (1883), er romanen et tydelig innlegg i samtidens samfunnsdebatt. Men mens Bondestudentar først og fremst tar for seg fattigdom og klasseskiller er det seksualmoral og samliv som er hovedtemaene i Mannfolk. Garborg viser hvor umoralsk den offisielle seksualmoralen var. Seksualiteten ble fornektet utenfor ekteskapet og foregikk derfor i det skjulte, noe som førte til utnytting av kvinnen.

Romanen er en kollektivroman med et stort persongalleri fra bohemmiljøet i Kristiania. Miljøet og personene er beskrevet naturalistisk og uten moralisering.

Romanen vakte oppsikt i samtiden. I motsetning til Fra Kristiania-Bohêmen (1885) av Hans Jæger og Christian Krohgs Albertine (1886) ble ikke romanen forbudt, men reaksjonene førte likevel til at Garborg ikke ble gjenvalgt i sin stilling som statsrevisor i 1887.

Se faksimiler av 2. utgaven fra 1887 (NB digital)

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.