kollektivroman med et stort persongalleri fra bohemmiljøet i Kristiania. Miljøet og personene er beskrevet naturalistisk og uten moralisering.

"/> VI. | Bokselskap

Mannfolk

av Arne Garborg

VI.

Fyrste Kvelden Laurits var hjaa Ingeniør Dyring, fekk han lite Bruk for «Kvindens Underkuelse». Dei tala Politik.

Verst i den Vegen var ein Medisinar Kvaale, ein rar, 30 Aars Fyr med eit knokut skakt Andlit og Augo som ein Kinesar; fælt vitug Kar. I ein gneldrande sinna Tone, og paa Strilemaal visst, forklaara han for gamle Dyring um dei mange gode Ting som Parlamentarismen vilde føre med seg; serleg heldt han fram, at naar Statsraadane kom i Thinge, so vilde Byraakratie faa Banestøyten.

Det var elles ein som tvìla paa um me fekk Statsraadane i Thinge. Storthinge vedtok nok Lovi; men han han hadde høyrt gjeti at Kongen vilde negte Sanksjon denne Gongen og.

Gamle Dyring smilte. Negta Sanksjon for tridje Gongen? aa nei. «Aa neigu gjer han no vel ikkje da’ nei!» gneldra Kvaale; det høyrdest som Sinne, men han lo.

Juristen Frigstad fortalde, at mange Høgremennar trudde paa eit absolut Veto i Grundlovsakir.

Gamle Dyring, ein kvithærd, høg Mann med eit sterkt Andlit, reiste seg i Stolen: dei Herrane skal vers’god lesa eit Dokument som heiter «Kongeriget Norges Grunnlov»; sa han. Og han var myrkeraud heilt uppi Haargarden.

Laurits hadde aldri fylgt med i Politik; han kjende seg svært utanfyri. Men i Kveld galdt det; og daa han hadde høyrt paa dei andre ei Stund, til dess han hadde Leidi, vaaga han seg i Veg med ein Stubb Historie som han tenkte kunde vera upplysande. Det gjekk godt. Sogustubben viste seg aa vera høveleg og kom til god Nytte.

Det var fyrste Gongen Laurits hadde havt Bruk for noko av det han hadde lært; han kjende seg heilt Kar. Sidan fann han fleire Ting aa segja; og daa dei kom inn paa Unionsspursmaale – «Kongen faar ikkje Lov av Svensken at sanksjonere», hadde ein sagt –, var det Laurits som greidde best ut i Emne, av di han kunde noko meir enn dei andre um Karl Johan.

No kjende Guten at han hadde vunni eit Rom; Dagmar sjølv saag ut til aa vera fornøgd med han. Han fekk eit Augnekast av henne som kveikte han upp som eit Glas god Vin.

Daa dei skulde gaa, bad Gamlen Laurits koma att so ofte han hadde Lyst; no ser De paa Lag korleis me hev det, sagde han. Dagmar hjelpte til: me er ofte fleire enn i Kveld, fortalde ho; og me disputerar og hev det hyggjelegt. Laurits sa at han trudde han kom til aa like seg her. Han saag paa Dagmar og var aalvorsam. Ho gav han Handi; den tok han vyrdsamt imot, som var det den hØgste Heilagdom. So bukka han, sagde Takk for i Kveld og gjekk.

– I Jolegaave Fekk Laurits Kruse ein ny Klædning av Fru Broch, og Hatt og Styvlar av Presten.

Han vart eit nytt Menneskje. At Jakka var eit Grand rom i Halsen gjorde inginting; Skreddaren berre flutte lite paa ein Knapp eller tvo og sa at det vilde jamne seg, naar Klædi fekk venja seg til Kroppen.

Laurits kjende seg som høgare i desse Klædi; han vart so fri og rask og elegant. Og fekk slik ein Sjølvvyrdnad. Ein tenkte finare, naar ein var fint klædd. Naar han sette den breide svarte Hatten lite paa Skakke, so kunde ein godt taka han for Kunstnar.

Aa, han var so sterk og so glad. Han skulde klara det utrulege. Bringa hans gjekk hØgt av Kraft og Mod; paa tri-fire Aar skulde han hava Eksamen med Glans; og ho var so ung, berre «sytten Skjærsommere gammel»; det kunde nok laga seg.

Han vilde velja seg eit Serfag, t. D. Latin. So skreiv han ei Prisavhandling eller ei Lærebok; og so vart han Rektor; ja kven veit: Professor? Professor L. B. Kruse; Fru Professorinne Dagmar Kruse … Hm! Naa; han raudna eit Grand; det var ikkje slikt, Dagmar gjekk etter.

Men han vilde arbeide seg upp i alle Maatar. Alt som var framme i Tidi vilde han setja seg inn i. Berre den Boki av Mill han hadde lesi no, den hadde kveikt so mange Tankar i han, at han tok til aa undrast paa, um ikkje vaar Tid kunde vera likso god aa lìva i som den Periklêiske.

Laurits Kruse tok i med ein Gong. Han gjorde seg upp ein Timetabel: so og so mange Timar um Dagen til Eksamensstræv, og so og so mange til Frilesning. Tvo halve Timar um Dagen til aa drive, kvile, i.

Denne Timetabellen kunde han ha livt etter og, dersom det ikkje hadde vori denne Helene.

Ho brydde seg ikkje um Timeplanen hans ho. Naar den viste paa Horats, kunde ho stelle det so at det vart ein Time med henne. Ikkje meir Vyrdnad hadde ho for andre Diktarar og Tenkjarar heller.

Han maatte sjaa aa koma ut or dette. Det var umògelegt. Han, som gjekk og drøymde um Dagmar –; dessutan lika han ikkje Helene lenger.

Ho heldt visst av han paa ein Maate; kannhende vart det ikkje lett aa koma ifraa henne. Det var ikkje fritt for at han kjende seg eit Grand Don Juan. Han fekk ein Mistanke um, at Kvinfolki lett vart glade i han, og at dei vilde elske han djupt, naar han fyrst hadde vunni deim. Han totte dei saag blidt paa han dei fleste.

Men Helene var ikkje lenger den ho hadde vori. Elska henne hadde han aldri, som sjølvsagt var; men ho hadde daa vori likare enn ho no var. I Grunnen hadde det heile skift for han den Gongen han kom etter at ho var sterk – naar ho vilde. Sidan hadde all Draum, all Hildring, all Innbillning vori burte; alt hadde vorti Kjøt. Og no vart det verre og verre. Det var som ho ikkje vyrde seg sjølv lenger; ho gjorde ikkje Motstand paa liksom dessmeir. Det var komi noko ubljugt yvi henne; noko ufint. Like til Klædi og Haare; fyrr hadde ho haldi seg godt i Lag; no kunde ho møte upp her som ei rein Lurve.

Og so alt det ho kunde segja, og tala um! Det skulde vera Moro; men det var anna enn det ofte. Som naar ho med sitt Lystige Gatetaussmil fortalde um Ting ho kunde ha set i Skogen paa ein Sundags Ettermiddag, eller um alt det som «vi Pikene» rødde um, naar «vi» var i Lag. Ho kunde sleppe seg so langt utyvi all kvinneleg Sømd, at han vart skamfull yvi det, jamvel han som var Herre.

Og endaa hadde ho som ei Magt med han. Han kunde setja seg fyri so fast han vilde, at no skulde det vera slutt; det nytta ikkje lenger enn ho vilde. Ho hadde ein Maate aa sjaa han i Augo paa –; stelte seg upp midt framfor han, rett upp og ned, med Armane verjelaust nedetter Sida, og lét so Augo leike, lystige, løynske, med Skalken lokkande i Augnekrokane; eller ho fekk fat i Handi hans og leika med den, mjukt, kjælande, liksom elektriserande; ho hadde alle Slags Knìp til aa «faa han blid»; og so fekk ho han blid; so blid at han gløymde all Ting.

Han vilde ikkje dette lenger. Han heldt det ikkje ut. Det var ikkje onnor Raad enn at han fekk flytja. Det vilde han gjerne og. Her gjekk han alltid med ei Kjenning av at han var under Uppsyn. Men det galdt aa finne paa noko rimelegt aa slaa i Morbror Broch, Pastoren –

– No forstod Helene, at alle Mannfolk var like. Og var ikkje Studentane verre enn andre, so var dei visst ikkje betre. Denne her saag no so snild ut. Men etter hin eine Gongen daa ho kannhende var lite kaut imot han, hadde han aldri vori som fyrr; og det saag ut til at ho ikkje skulde faa han blid att, kor mykje ho gjorde seg fyri. Det var fælt so lite som eit Mannfolk kunde tola likevel.

So vondt som ho hadde det her, so kunde han gjerne vera eit Grand hugleg imot henne. Men han berre ynskte henne til Bloksberg; det saag ho. Jamra ho aldri so lite for det som dei tvo kunde hava aa ottast fyri, vart han arg; «Sludder,» sa han, «je har jo sagt dej, at du ikke behØver aa være bange.» Men ho trudde ikkje han skulde væra fullt so trygg. Det hadde gjengi godt til dessa; og ho var sjølv modig sùmetidir; enn um ho var av deim som ikkje fekk Born! Gjeve Gud det var so vel. Men so vart ho ottefull att. Ho kunde kjenne eitkvart som kannhende var eit Merke; daa var det so det svimra for henne; ho misste Pusten. Det hadde nok ikkje vori langt fraa Uvìte mang ein Gong. Og so gjekk ho i Dagevis med liksom ein Krampeknute for Brjoste, sjuk og skjelvande, mest ør av Otte; den einaste Tanken som kunde lette eit Grand var den, at um gali skulde gaa, so hadde me daa Gudskjelov Akerselvi.

Eller ho slo seg vill. Tumla med Studenten meir enn maateleg; bar seg aat som eit Uting; for no kunde det ikkje bli stort verre enn det var. Og naar ho var eit Svin, so kunde ho likeso godt vera det til Gagns; det bar so til Helvites kor som var.

Men hadde ho ikkje anna aa ottast fyri, so hadde ho Husbondsfolke sitt. Ho hadde ikkje høyrt meir sidan hin Gongen innpaa Kantore; men det kom nok. Kandidaten var snild; han vart blid som ei Leike berre ein gav han ein Kopp Kaffi. Men Frua? Uff. Ikkje um ein sleit seg ihel for henne fekk ein anna enn sure Augo.

Stundom, naar Studenten hadde vori seint ute um Kvelden, kunde ho høyre Kandidaten spyrja Frua, um dei skulde tala til han. «Du vèt vi har Ansvar overfor Pastor Broch,» sa han. Daa tenkte Helene so mangt med seg; stundom lo ho, men stundom fekk ho Skjelte. –

– Daa Laurits næste Gongen steig inn hjaa Dyring, fin og studenterfjong, med lette Stig paa knirknye Styvlar, var han ein vakker Gut.

Men Mark Oliv var der i Kveld; og Laurits saag snart, at der han var, der raadde han Grunnen aaleine.

Det var Moro der Mark Oliv vanka, Laatt og Staak og Huse paa Ende; og likevel var Mark Oliv ein aalvorsam Mann. Ein Ideens Mann i Sanning var han, og ein Arbeidshest, som ikkje lika seg utan han var i Selen

Det var han daa og fraa Morgo til Kveld, ute og inne, paa Gata og paa Kantore. Han hadde hundrad Jarn i Elden, men agta deim alle; forkynnte «Orde» kor han kom, og var ikkje snar aa sleppe ifraa, men fekk Folk berre i Godlag

Han hadde eit nytt Evangelium i Kveld: Folk skulde lære seg til aa eta Skjeljar. Han hadde funni ut at Norig kunde vera eit rikt Land, og br- braudføde, ha! ha! ha! braudføde dùbbelt so mange Ibuarar (Mark Oliv tala Landsmaal, naar det skulde vera gildt), dersom berre Folk frametter Havstrendane vilde stelle seg som dei skulde med Skjeljane. Det var ei Nasjonalsak. Og Skjeljar var god Mat, fin Mat; Franskmennane aat Skjeljar i Haugevis; han hadde sjølv eti Skjeljar. Helga, Husfruva hans, skulde lære aa laga deim no; og so skulde dei Ærade Damur og Herrar, dersom dei vilde daa – og det vilde dei hoffentlich, for det var ei nasjonal Sak –, faa seg ein Seksa paa Skjeljar i hans ibuande men ikkje eigande Hus Tollbugata Nummer det og det. Skjeljar med Dram; ja, Vin vilde kannhende vera Basen

Og han nikka forsikrande med sitt haarfagre Hovud, likesom stemplande kvart Ord som Sanning; for der var ikkje Tvil i hans Liv. Men so datt Luggen ned i Augo for han; og han hadde eit jamt men faafengt Stræv med aa faa den i Lag att. Paa Toddyen smaka han ender og daa; og kom det eitkvart som han totte var Moro, so lo han, med denne lystige Laatten som tok alle med

«Vin?» sa Helga, Husfrua; «tenk paa Budgette, Gut!» Mark Oliv strauk upp Haare og var aalvorsam; mja –, sa han. Men so vart det til det, at ho fekk teka Pengar til Vin av «de til tilfældige og uforudseede Udgifterbevilgede Midler». «Dersom dei ikkje alt er opdrukne,» smilte Helga. Daa small det: ah!! ah! ah! ah! – og heile Lage lo med.

Men alle maatte lova aa koma i Skjeljeseksa; og naar dei hadde vori der, so skulde dei alle, dersom dei lika Maten – og det var god Mat, fin Mat, burtimot som Østers, Ostra! Ostra heitte det paa norskt; og alle lika vel Ostra? – so skulde dei lova aa forkynne det nye Evangelium kvar i sin Krinsill.

Etter Skjeljane kom Rosporten, som og var Nasjonalsak, og Skisporten, som var ei endaa større Nasjonalsak; daa han kom til Skeisesporten, fanga han ei Sjæl: Laurits Kruse meldte sig inn i Skeiseklubben. Men daa det kom til Maalsaki, so rauk det upp med eit Ordskifte som vart heller stridt.

Dagmar var ikkje stort med i Kveld. Ho hadde vori forkjøla og var ikkje fullfrisk enno. Men ho var yndefull. Det bleike Andlite innringa av Haare, som laag ramnsvart og rikt og i stilt Fall ned-yvi Akslir og Hals, gav henne noko lidande og veikt som rørde Laurits inderleg

Men so trygg som fyrre Kvelden kjende han seg ikkje

Ein Gong fann han henne stirande paa seg med granskande, aalvorsam Augnebragd, liksom ho spurde seg sjølv, kva ho skulde tru um han. Augo gleid burt daa han vardest deim. Men heile Kvelden etterpaa kjende han seg uroleg av dette.

Og so var det i Maalstriden. Han hadde utvikla historiskt og greidt, at det Bokmaale me no hadde, det var norskt minst likso mykje som det var danskt; og dei andre Damune, og Herrane so nære som Kvaale, Frigstad og Mark Oliv, var med paa dette. Men so kom Dagmar og slo lag med Maalmennane.

Han vart reint rar ved dette, Guten.

Inn-yvi til Byen – Dyring budde paa Thorvald Meyers Plass – hadde Laurits Fylgje med Kvaale og ein Johannessen. Desse tvo kom i Ordstrid um Dagmar; og den Tosken Johannessen sa: «ja hun er nu lidt affekteret allikevel!» Laurits kjende ein Styng gjenom Sjæli: affektera! Var ho affektera? Kvaale forsvara henne; gneldrande heldt han fram, at ho var ikkje «affektert», ho var berre «eiendommelig». Men Laurits hadde fengi Orde i seg; og djupt inn i Hugen hans sat det no som eit friskt Saar.

Kald og tom og leid av seg kom han heim paa Hybelen. Han heldt ikkje av henne; og det var so vondt. Det hadde vori heile hans liv, det no. Og ho heldt ikkje av honom heller. Aaleine og litin gjekk han i Seng; tung og hùglaus stod han upp att; og det var ikkje Mod i han paa mange Dagar. –

– Ein Kveld i Skùmingi kom Helene graatande inn; no skulde ho reise, sa ho.

Laurits vart som nòmin; Hjarta stansa i han; so gav det sig til aa slite og banke att, so han kjende reint vondt.

Men det var ikkje for det som dei tvo hadde havt ihop at Helene var burtvist, sa ho; det var for noko Tøys som ho var so uskyldig i som eit Barn. Ho hadde vori her ute paa Lofte i Dag og stelt med noko; so kom Kandidaten tuslande paa sine Filtsko og vilde inn paa Kvisten; men daa han saag henne, gav han seg i Drøs med henne og stod der ei Stund; i det same kom Frua upp Troppi.

Daa flaug den Tosken som galin og vilde gøyme seg! Aldri i Verdi hadde ho set noko so tullut. Dei hadde ikkje gjort noko vondt nokon av deim; og so flyr han og gøymer seg! Han kunde vita kva Frua daa vilde tru. Ja; daa ho so kom ned, vart ho uppsagd paa Flekken. Og daa ho vilde forsvara seg, sa berre Frua det: «jeg har ikke Brug for saa’nne Piker her; jeg har længe undres paa, hva du kunde ha saa mye paa Lofte aa gjøre. Bare se aa kom dej avste’; her er Lønna di til Flyttetid; for jeg vil ikke ha no Vrøvl etterpaa.» No fekk Helene reise daa; men Gud hjelpe henne so sant; fekk Folk vita dette, og Mor hennar, og Folk uppe i Bygdi, so var ho øydelagd. Og kor skulde ho faa ein skikkeleg Plass etter dette?

Ho stod og studde seg mot Kommoden og grét, so det hiksta i henne.

Laurits var glad likevel; det var daa ikkje han som hadde Skuldi. Ho gav upp kvar ho skulde halde seg no utetter, til ho fekk Plass. Ho visste um eit Kòt ho kunde faa leigt ein Stad; det kosta 6 kronur. Han maatte sjaa der upp; ho var so leid og sorgfull at ho gjerne kunde gjera ei Ulykke paa seg, dersom ho skulde vera plent aaleine. Og no torde ho ikkje sjaa noko Menneskje snart. Laurits lova godt; naar det bar til Stykke var det baade rart og leidt aa skiljast fraa henne. Dei stod eit Grand og heldt kvarandre i Hendane. So skýna han at ho venta ein Kyss; den gav han henne. Men det vilde liksom ikkje falle.

Ho gjekk.

Han sette seg til med Sofokles; det var etter Timeplanen. Rett som det var skvatt han upp, reint glad; han maatte kunne skaffe Helene Plass hjaa Georg Jonathan!

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Mannfolk

Romanen Mannfolk kom ut i 1886. Som i Garborgs foregående romanen, Bondestudentar (1883), er romanen et tydelig innlegg i samtidens samfunnsdebatt. Men mens Bondestudentar først og fremst tar for seg fattigdom og klasseskiller er det seksualmoral og samliv som er hovedtemaene i Mannfolk. Garborg viser hvor umoralsk den offisielle seksualmoralen var. Seksualiteten ble fornektet utenfor ekteskapet og foregikk derfor i det skjulte, noe som førte til utnytting av kvinnen.

Romanen er en kollektivroman med et stort persongalleri fra bohemmiljøet i Kristiania. Miljøet og personene er beskrevet naturalistisk og uten moralisering.

Romanen vakte oppsikt i samtiden. I motsetning til Fra Kristiania-Bohêmen (1885) av Hans Jæger og Christian Krohgs Albertine (1886) ble ikke romanen forbudt, men reaksjonene førte likevel til at Garborg ikke ble gjenvalgt i sin stilling som statsrevisor i 1887.

Se faksimiler av 2. utgaven fra 1887 (NB digital)

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.