70Dei undrast kva Didrik no gjorde. Han gjorde det verste han kunde, han sa ingen ting. Da var ikkje anna å gjera for dei andre enn å tie med, og vente.
Tale snakka meir enn vanlig, men Ragnhild hørte der fanns ikkje snakkarglede i det, og låtten hennes var der ingen tone i. No først såg ho litt av kven Tale var: eit ømskinna kre som kunde ha skrike for lite eller ingenting; ho hadde set fleire slike.
Og Didrik kom ein ikkje ifrå, same kva ein sa eller gjorde, han var nær attmed dem om han så var langt unda. Tankane hans levde bert og blankt framfor ein, – korles kunde han gi seg?
Håkon heldt til i kvennhuse og mól bygg for ein av grannane. Ragnhild såg kor hardt det tok han, dette med faren. Han heldt av han, på sin måte, meir enn han sjøl visste, han hadde vore byrg av han, for Didrik var halden for beste hovude i bygda, og vilde han ikkje skjemmast av han så laut han hjelpe han no. Men da måtte faren komma til han.
Det var så fint vêr, ho måtte ut om døra først ho nådde til. Lyse dagen, lyse dagen. Alt var 71klårt og greit der; einast menneska var mørke og rangsnudde; ein kunde vera fresta til å le åt dem når ein stod slik. Lande synte seg så stort og øde i dag, og like vel kom det så nær auga og hjarte på ein stakar: Skapt av Gud sjøl midt framfor syna på ein. Brune fjellsida, brunblåe bjørkskogen, fjorden nordetter og fjorden austetter, ho syntes stund og anna at ho stod og song om det.
Men eitt var visst, at Indiana skulde ikkje vera her. Det var liksom det første. Ho gjekk ut i gangen og møtte henne, ein gong gjenta kom utanfrå. Hjarte dunka litt, og det fekk det i guds namn klemme på med.
– Vent, bad ho, og gjenta stod still. – Eg vilde berre be deg at du reiser her ifrå.
Gjenta lo. Det var ein kvass liten flir, men så vart ho ståande og tie. Og Ragnhild tagde; tagde og venta. Indiana tok så smått til å stige opp troppa. Da stana ho og sa:
– Ja den som berre var vel her ifrå! At du held ut her i huse? For her skulde ingen –
Ragnhild svara ikkje, og den andre gjekk opp troppa og inn til seg. Ragnhild stod att og visste at ho elska huse her, dette syndehuse med alt som i det fanns. – Huse og eg, vi kunde ikkje godt undvera einannan, tenkte ho.
Da Indiana kom inn på kjøkene ringte Gammalfaster etter henne. Ho måtte inn og fortele kor ho hadde halde til og kva som gjekk for seg der nede. Ho laug så godt ho hadde lært seg det, 72der det trongs, og elles laut ho ut med sanninga som vanlig når gamla var over henne. Gammalfaster anka seg da ho hørte Håkon hadde teke på seg å hjelpe Lea. – Hau au au! jamrast ho. Men litt var det så lo ho, hegra og lo det litle ho var god for. Så sa ho:
– Kven skal hjelpe han da, meiner du? Slik ein tulling? Hau au au!
Der låg noko i dei orda som ikkje Indiana vart klok på. Ho kom seg ikkje til å nemne testamente, enda ho hadde lovt Didrik det og visste det måtte gjerast.
Dagen etter var det same gode vêre. Ragnhild vart mint om noko ho hadde glømt. Vest i grenda var der ei husmannsenke som låg nedfor i gikta, ho hadde ikkje anna hjelp enn gjentungen sin. Ragnhild visste med ein gong at der var det både matløysa og motløysa, det var same tingen for den kona, ho kjente henne så pass. Ho snakka litt med Håkon og Tale om det, og så gjorde ho seg i stand med både korg og spann.
Da ho er på gonga, blir ho vâr korles Håkon står der, reint skamstukken av ein vond tanke. Der vest i garane er det Paul bur. Først blir ho harm. Men så ser ho og kjenner på seg at mister Håkon trua på henne, da er det slut med han. Og det gir henne makta. Ho ser lyst men fast på han og blåheld auga hans, ho smiler utan ho veit det.
73– Hm? seier ho.
Han blir raud, men ser lettare ut.
– Kom i mot meg da, visst eg ikkje er heimkommen før det blir mørkt. Du kunde jamenn syne meg så pass – – ja du veit!
Han smilte ikkje, men der rann ein smil gjenom heile menneske; han trong ikkje meir. – Neigu gjer eg ei lel, let han.
I det same kom Didrik. – Nei jaså? undrast han, skulde ho òg på bygda? Da han hørte kor ho skulde, vart han enda meir opp i under, for den vegen var det just han etla seg, og no fekk han lag! og så song han ein liten stubb om kor huglig det er å følgjast åt for dem som gjerne vil samen vera. Ragnhild hadde ingen ting i mot å gå i lag med han.
Dei gjekk eit langt stykke og sa ikkje noko større. Ragnhild såg dagen i auga med ho gjekk, og da vart ho vâr det var vinteren sjøl ho hadde for seg, han både lyste og lo henne i møte. Ho var huga til å gi han det same att. Da hører ho Didrik seier:
– Kom i hug det, Ragnhild, at det er livsdraumen min dette. Livsdraumen min ja. Eg vilde gjera einkvart det var gagn i! Einkvart som stod der etter meg. Så både du og ‘n Håkon såg det. Eg tapte denne prosessen du veit. Eg kan ikkje seie deg korles det var for meg, men eg kjente meg dømt som menneske. Det var skade, Ragnhild. Og det var skam! Men så opna Vakkermannen 74vindauge sitt og retta ut handa til meg, ja slik syntes eg det var. Han peika på denne fabrikken for meg. På livsdraumen min. Ja. Og no har ‘n Håkon ødelagt det for meg, så godt han kunde.
– Tull og vas! sa Ragnhild.
– Jaså! sukka han. Du er i mot meg du òg. Ja da kan eg gi meg. Ingen ting meir å tenke på da, san; for meg.
Ho snur seg i mot han og ler, beint i mot auga hans så vake dei er. – Nei, De skulde ikkje tenke så mykje på Dykk sjøl; ein blir klein av slikt.
– Eg? Han såg på henne stums forvilla. – Eg som berre tenker på dei andre! Får aldri tid til å tenke på meg sjøl; det sørger dei for. He!
Han letta på huva og strauk seg over skallen tak for tak. Ragnhild nytta det ikkje å bli vond på. Han er snart inni sitt igjen, og legg ut for henne så ho veit ikkje anna lange stundene enn at dei er to om dette, ho og ‘n Didrik, og Gammalfaster får gjera i stand testamente litt fort, det er da ei hjelp for det første. Midt i det rådde ho med seg, – han tala om at når han ein gong er ferdig med det, da vil han be dem om årsaking alle han skumpa borti, ansles er han ikkje. – Men sjå, seier han, kva veit du om slikt, du som ikkje er meg! Du som er eit skikkelig menneske. Ho hørte det var meint det han sa, ord for ord. Og enda, tenkte ho: Spurte du meg om eg trur dette, da svara eg både ja og nei. Men det er da trøysamt at der finns slike òg.
75Med det same fór det gjenom henne, ein kastvind ned frå ville fjellmarka, noko ho måtte ha ha lese ein gong: «Og døden og helvede var i hans følge». Men kvifor skal det eine menneske tenke slik om det andre?
– Når Vakkermannen har retta Dykk handa, da bør De tru litt på han, sa ho.
– Men kjære deg, det er da det eg gjer eg! Trur ja – du ser det i kring deg at han er her, og du kjenner det i deg når du les i bøkene hans. Og han ser at ‘n Didrik er ikkje motstandaren hans. Eg slepte ein tjyv ein gong, berre for det eg meinte han der oppe vilde det slik, gu’ gjorde eg så ja; enda eg har aldri vore tjyv sjøl. Eg snakkar for resten ålvor no, Ragnhild.
Stakars Didrik, tenkte ho, han har ikkje ein gong namn som eit anna menneske, korles må ein så ikkje bli. Og høgt sa ho:– De talar om å tru, De. Nei eg trur eg. Eg trur gud hjelpe meg eg skal få folk av så rangvridd ein skapning som De er. Ja-a gu’! som ho Gammalfaster seier.
– Det er vakkert av deg det, Ragnhild. Eg lit på deg. Kom i hug det.
Ho kom i hug at no skulde ho ha snakka til han. Ho skulde i alle fall ha bedt han snakke til Håkon, så kom dei til å gå i lag med dette storverke sitt. Men det var henne så umulig som ting kunde bli. Det måtte ikkje vera rette stunda enno.
Han stana, for her skulde han ta av frå ålmannvegen. Han viste med nakken og nemnte ein gar, 76– der budde ein bra mann han vilde snakke med. – Han gjorde meg eit pek ein gong, og eg gjorde visst han to i staden. No skal det vera glømt. No byd eg han børnskapen min for brorkjøp: laksnøter for to tusen går for eitt tusen, sildgarn for eitt tusen går for eit halvt. Han skal ha det; han skal ikkje angre vi har vore i busta på einannan.
Men Didrik vart beiskelig sviken. Den andre var ikkje den han hadde teke han for. Han trudde ein annan så kleint som han trudde seg sjøl, han smilte til Didrik som smøre i sola og visste ikkje om anna enn snyting og fark. Det er vondt å gå ifrå slike, ein må gå med skam. – Didrik hadde elles erend fleir-stads, og tid tok det eine som det andre. I heimvegen var han innom plassen og spurte etter Ragnhild, men da hadde ho gått for lenge sia, det var svarte kvelden.
Ragnhild møtte Håkon straks med det same ho kom ned på ålmannvegen. Ho krøkte seg fram etter stigen i halvmørkre, millom olderbyskje og blautdike, og så stod han der på vegen og røykte og venta henne. Den gleda ho da kjente måtte vera sendt henne ovanfrå.
– Du vart lenge du, let han.
– Det har du godt av.
Han tok korga hennes, og så gjekk dei. Himmelen var sådd med stjerner, den eine blankare enn den andre, det var ikkje rådelig å sjå opp. 77Det var så lydt som det kan vera ei stund om haustkvelden, ein hørte mannamål langt langt unda. Så fanns der ikkje lyd meir. Til dei vart vâr fotstega sine: to par lyd som fresta å følgjast åt.
– Eg har elles nytt å fortele, sa Håkon.
– Jau det skal eg tru?
I det same møtte dei eit menneske, ein karmann. Han måtte ha stått still ei god stund, ettersom dei ikkje hadde hørt stega hans før. Det var Paul. Han helsa men stana ikkje.
– Kva er det du har i posen da? spurte Ragnhild.
Håkon drygde noko før han svara. – Ho Gammalfaster har gjort testament no.
Og så fortalde han, liksom han ingen annan ting hadde i tankane. Ho tok armen hans, men ho var ikkje viss på han merka det. Kvifor hadde Paul vorte slik ei straff over henne?
Straks ho og faren hadde gått skikka gamla i veg Indiana og henta lensmannen og ‘n Even nedpå Stranda. Først dei var der skyssa ho frå seg gjenta att, i eitt eller anna erende, og bad med det same Håkon komma opp: Han skulde sjå til at ingen kom opp troppa med dei to frammandkarane var der.
Han laut gjera seg bitsk åt Indiana, ho vilde og skulde inn, ho måtte høre korles testamente vart, let ho. Ho vart så brennarg, ho spurte han beint i syna om det var han som hadde kommandert gamla til dette.
78Det var ikkje lang stunda dei to vitna var der oppe, så kom dei tuslande ned att. Ein kunde sjå på munnvikene deira det nytta ikkje å spøre dem ut, gamla hadde læst munnen på dem, og det same kunde no det vera. Dei såg så rart på Håkon, og så sa dei farvel og gjekk. Sia hørte han lensmannen hadde testamente med seg; der måtte stå viktige ting i det.
Men det verste og beste var at no heldt Indiana på og vilde fara sin veg, ho hadde kanskje alt fare. Om gammalpiska hadde jaga henne eller om ho hadde teke til vettes sjøl, visste han ikkje. Det kom for han at ho visste ikkje for vel om ho skulde aust eller vest. – Ho snufsa og gret, sa han.
– Ho er heimlaus, sa Ragnhild og tok på å gå fortare.
Indiana var der enno da dei nådde heim. Ragnhild fann henne oppå kjøkene, ho sat på kista si, midt på golve.
– Du veit ingen staden å gjera av deg no da? spurte ho.
Gjenta rista på hovude.
– Da skal ‘n Håkon bli med deg over sunde, til a Lea; der veit eg du får vera til så lenge. Kista får du etter deg sendt, sia.
Ho gjekk med på det. Og Ragnhild fekk Håkon i veg, ho nådde ikkje til sjøl.
Ragnhild gjekk opp til Gammalfaster. No når testamente var undagjort kunde ho gjera det. Gamla var sjuk og kunde lite og ikkje snakke. 79Ragnhild baud seg til å sova der oppe hoss henne. Det kvinka ho til, det skulde vel vera som eit ja.
Håkon kom att og fortalde at no var Indiana der til så lenge.
Didrik kom da dei hadde sett seg åt kveldsborde. Han var meir enn vanlig nedlesst i sine eigne tankar, men han sat ikkje lenge før han merka der hadde hendt einkvart. Han snudde seg til Arn og spurte kva han sat der og lo til. Dei visste ikkje anna enn at guten hadde sitte både dauv og still, han som dei andre. Men no såg han på faren og flirte. Der var drypstilt kring borde.
– No har vi mista a Indiana, sa gutgapen. Ho har stryke sin veg.
– Kva er det han tullar i? Didrik såg frå den eine til den andre, og stana ved Tale.
Og ho kunde ikkje anna, enda ho var redd så hjarte vilde stogge for henne: ho lo han beint i andlete.
– No har vi mista henne ja, sa ho. Det er ikkje mi skyld. Kan hende ho kjem att; vi får trøste oss med det.
Didrik åt. Han vart meir og meir raud oppi panna. Han hadde eit ar oppunder hårgaren, og det synte seg både raudt og blått.
– Og Kvitugla vår ho har drive på og testamentert, heldt Arn fram. Det fekk ingen vita kva som står i testamente. Du blir rik no du far, blir du ikkje det?
80Didrik rykte andlete opp som snarast og såg på han og dei andre. Sia såg han ikkje opp meir. Og ingen sa noko meir.
Da Ragnhild hadde vore oppe og gitt Gammalfaster mat, hørte ho Didrik inni kårstua, han ropa vilt over seg og svor, han vilde jaga Tale på dør. – Eg tåler ikkje sjå deg meir! skreik han, ut med deg, til helvetes! Eg har gått her som ein devel for deg i alle dei år, trur du ikkje eg har set det? No skal eg vera den du held meg for. Går du ikkje på timen no, – han sa det lågare og farligare –, da da! Ragnhild hørte Tale gav eit rart læte frå seg, og der med reiv ho opp døra og steig inn.
Tale reiste seg frå stolen da ho såg Ragnhild. – Nei kjære deg, kom ikkje inn her! bad ho,– kom ikkje her da!
– Berre kom som lystar, sa Didrik. Han gjorde seg rolig no, men lest ikkje som han såg Ragnhild. – Eg seier berre det som må seiast eg, at enten skal du ut av huse eller så eg. Eg vil ha skilsmål, skjønnar du det? Ja! no må du gjera deg bleik no. Han snudde seg til Ragnhild: – Jaha, du kan stå der og glåme på meg, ver så god! Eg ser dykk alle samen no. De er fiendar. Og her har eg gått og trudd de vilde meg vel – ha ha ha!
Tale seig ned på stolen da ho hørte korles han lo, og frå stolen bar det i golve med henne. Der låg ho. Ho hadde svimra utor. Det hadde hendt før, men Ragnhild hadde ikkje set det. Ho sprang bort og reiv opp halslinninga på trøya hennes og 81letta opp hovude, men ho let det sige ned att, for ho trudde mest dette var døden. Ho vart ståande på kne attmed henne. Ho hørte som gjenom sømnen at Didrik sa:
– Ja da, du må gjera deg stiv no, din hyklar der du ligg. Eg skal spenne deg i hel visst du ikkje pellar deg opp!
Ragnhild såg på han utan ein tanke i hovude; så var der ei stund ho visste at rettno slo ho eller hivde han på dør – tullute folk var ikkje folk, same kva som vart sagt! Ho reiste seg, tok etter all si makt og fekk Tale opp, bar henne ut i kammerse og la henne på senga. I same sjauen kom Arn inn, og han sprang etter vatn og vaska mora på tynningane, han hadde set dei gjorde slik ein gong før. Tale slo opp auga og anka seg.
Ragnhild hørte Håkon var uti gangen. Ho venta han inn, men han kom ikkje. Det var det vondaste, tykte ho. Han stod der så åleine som menneske kunde bli, og skjemdest over foreldra sine, skjemdest for henne. – – Enno stod han der! No endelig gjekk han. Kva gjorde han ein annan gong?
– Hjelp meg her ifrå! bad Tale. Bed ‘n Håkon komma inn.
Da ringte det ovanfrå lofte. Gammalfaster vilde ha hjelp att. Det gav Ragnhild ein tanke. – Kom, sa ho, og så tok ho Tale med seg opp. Over golve måtte ho stø henne, framom Didrik, som stod midt i stua og stirde i veggen, ein vond 82og ulykkelig skapning som ein burde ha gjort einkvart ved. Opp troppa gjekk ho vonoms bedre. – Enno har eg da føtene, skjemta ho. Er det på take du vil sette meg no da?
Gamla vilde vita kva som stod på nede, ho hadde hørt noko. Ho var tunghørd av seg, men ho hørte like godt for det; dei lurte ikkje henne, fortalde ho. – Å! han likte ikkje at førkja reiste? lo ho, men så teptes ho til i halsen og vart liggande og surkle og låte, så dei vart redd; dei trudde ho fór. Ho vann seg til att, og spurte: – He?
– Han rauk opp som all snarast, sa Ragnhild. Berre ein eling. Og no vil ho værmor få ligge her oppe hos Dykk.
Gamla tok handa til Ragnhild.
– Ho vil helst ha deg her, ser eg, sa Tale.
– De er da ikkje så klein? spurte Ragnhild.
– Nei, klein? Og gamla gav seg til freds. Henne fekk dei i guds namn handsama som dei vilde.
Ragnhild hadde eitt og anna å sjå etter i huse enno, ho sa godnatt og fór ned.
Det let i Gammalfaster att, og Tale luta seg nedåt henne. Ho låg og lo:
– Han får ikkje blank skilling etter meg. Fortel han det. Så gir han meg ikkje revgift. Eg vil spara han for den synda.
Tale vart ikkje gladare da ho hørte dette.
Håkon kom inn utor stallen da Ragnhild såg etter han i kjøkene. Ho visste ikkje kva ho skulde gjera med han. Tok berre omkring han og heldt han.
83– Det er overstått no, våga ho seg til å seie.
– Ikkje fullt det, smålo han. Litt etter sa han: – Om einkvan uvettingen gjorde som han vart huga til, og slo han flat, så var ikkje det noko manndrap; for han er ikkje menneske no. Men at eg narra deg hit, det – –.
– det er det likaste eg har gjort, skal du seie. Men du får ikkje lov til å vera så sint på han; du får ikkje snakke så stygt oftare; du skræmer meg meir enn du trur.
– Kan hende eg skræmer meg sjøl òg. Eg skal ikkje seie eit ord meir, det er inga moro i det. Men Gud hjelpe tullingane sine for kva dei tenker somtid.
– Det er visst Vårherre si meining at eg skal føre saka mi sjøl her etter, sa Didrik om kvelden da han hadde lagt seg, og det same sa han om morgonen da han steig opp. Han tykte han hadde ei djup meining med det, han fekk lodde botnen i det han som lysta, visst han kunde det.
Det hadde aldri falle han inn at ikkje han og Vårhere vilde det same. Han hadde enda bedt han at han måtte få råderom til å gi fan i folk. Men hitinntil hadde det set ut som han og den andre støtt vart to-eina i mot dem.
Og no syntes han sjå han hadde vorte åleine i mot dem. Når ikkje ein gong eins eigne folk trudde på ein, ikkje vilde ein anna enn vondt! Indiana var einaste sjæla som heldt av han, på det vise 84det var. Derfor hadde dei skyssa etter henne, og dei var som vanlig i sin gode rett. Som vanlig ja.
Like vel kjente han seg ikkje svimeslegen. Han hadde aldri gått ut med lettare hjarte. Det som hendte i går-eftas la han att etter seg til så lenge. Orda var sagt, og resten kjente han seg mann for visst det bar til. Visst det så var laga. Og i grunnen var det småting. Der var noko anna han ikkje kunde gi seg på. – Eg er dømt til vona eg, tenkte han; enno skal eg bli dem ein god mann.
Først var han ned og snakka med Karl Albert om garhandelen, for det hadde han rette mote til no. Han kunde fortele at Kvitugla låg for døden og at testamente var i stand. Alt var i stand.
Karl Albert var uvanlig open av seg i dag. Han nemnte han hadde hørt at der vart ingen auksjon i Fagernese, kunde ingen byttehandel bli der, nei vel, men han for sin part vilde selge dess før dess heller; så slapp han òg tvangsauksjonen. Så han stod ved handelen, visst berre Didrik gjorde det.
– Der kom eg no så langt, sa Didrik da han Shaj gjekk der ifrå.
Næste dag tok Didrik vegen vestetter att, der han fór dagen før. Han åtte husa på ein liten garpart som låg øde. Der hadde det leigd seg inn ein mann med huslyden sin, ein skulde aldri ha set slik ei umengd med stygge ungar. No var det eitt av to: enten kjøpte han stua, eller så laut han ut. Her den førre dagen fekk han ikkje mote til å snakke med han. Kroppen var nøydd til å kjøpe, eller 85rettare sagt, bygda laut kjøpe, for kor skulde dei elles gjera av han? Ein måtte som sagt til å føre saka si sjøl. Han var innom fattig-ordføraren og kunngjorde korles det stod til med han som aldri betalte. Han fekk berre ein vantruen smil til svar. Han venta seg ikkje meir heller.
– Som Tale lo da ho fortalde at Nybomma mi hadde reist, sa han da han var i heimvegen. Kven har makt nok til å stå i mot slik ein vondskap. No var han da bra åleine, han kjente seg isande einslig under himmelen, han der oppe fekk sjøl svara for kva han meinte med å gjera det slik. Ein burde kan hende takke han for at han gav ein så frie hender.
Da han kom heim var Lea der. Ho sat på kjøkenbenken og dingla med føtene som ein gjentunge.
– Nei da, sa ho, eg kjem ikkje og krev deg denne gongen, vi let heller loven verke på deg. Nei eg fer med godt budskap i dag. Og så fortalde ho det ho hadde fortalt dei andre: No når det synte seg at dei verkelig berga garen, no var ho så glad at ho hadde sett kallen sin til å bryte opp eit nylandstykke, der og der, så dei kunde fø fjerde kua litt likare enn dei gjorde no. Men sjå han, sjøpølsa, han kunde det ikkje, betterde om han det kunde nei! Så hadde dei komme på å gjera dugna, i morgo den dag, for rettno var det vinteren. Karl Albert talde dem til det, han baud dem enda varer på borg og koppar og stell til låns frå bua, storveges, han måtte 86vera feig no. Han sytte enda for det dei skulde drepa tørsten med – det kom til å bli ein våtvoren kveld i Fagernese, det kunde ho helse dem med, og dans og full glede. No peisa ho rundt frå gar til plass og bad inn folk, eller ungdom, rettare sagt, likt og ulikt, – dei svara både ja og halelu-ja! Så nær som Håkon her, men skit, ein halvbror meir eller mindre tok ikkje ho seg nær av. – Du er enda velkommen du òg, far, slik du er, sa ho og hoppa ned frå benken. Om det så er berre til etinga og drykkja; kom og sjå på styggheita! – Og du, Ragnhild, du står der og skin. Ja ja, han saknar ikkje sola som har deg i huse; eg likar meg best når eg er langt unda deg, eg, du veit kråka er ikkje den styggaste ho heller når ho flyg åleine. Gud signe dykk alle sytten!
Ho sa farvel og fór.
Det vart ein våtvoren kveld i Fagernese, som Lea hadde spådd. Karane hadde arbeidd og ete så dei var ikkje til noko meir. Dei kvilte eit tak, og så kom ponsgryta inn; og så kom gjentene. Så kom spelmannen òg. Da var dei like kåte som om morgonen, og etter kvart vart dei vel så det. Karl Albert hadde komme over sunde og stod for ponsen og dei ting, det skulde ein til det òg san.
Karl Albert og Morten hadde talast ved ofte i det siste. Det var om Didrik. Dei kunde ikkje komma etter kva spekulasjonar han gjekk med, han lest som han var dem for klok. I kveld kom 87han hit, tålig visst, og var lykka god så var vona god, Indiana hadde lova å få han full. Ein eller annan hadde fått Paul, spelmannen, til å be henne om det. Så eit ord eller to måtte der bli å få høre.
Dei venta lenge på han. No visste han vel han hadde ikkje berre venner her, Paul var ikkje eit vettugt menneske når han kom i hug Didrik, andre fiendar hadde han frå før, og dei siste dagane hadde han fare fram som ein tyrk: han hadde hivd ut ein huslyd som hadde budd fritt hoss han i fleirfaldige år; det tykte mange han var verd lite grand for, attåt alt anna. Men slikt pla ikkje Didrik anse på. Juling hadde aldri bite på han.
Og kom gjorde han. Han helsa og smilte stua rundt, som han var vant til; det var i kvila etter ein lang dans. Han vart sessa i kammerse, for det var hedersromme i kveld, og så kom Indiana i kvitforklæ og med brett og fullt stell. Han fekk ikkje vera her utan han drakk som eit anna kristenmenneske. Mange vakta på han med ho stod der framfor han. Det var berre ho som vart brydd, ho hadde vorte raud som nypa. Didrik han skjemta med henne og nøydde henne til å drikke av glase hans først, ropa så til dem som såg på at dette var gjente det, slike skulde gamlemor Norig ha havt mange av! Skål nokon kvar! Og dei drakk med han alle samen, det var gjort før dei vardest. Didrik måtte vera fødd i skamma, han var både blind og dauv for den.
88Så reiv Paul opp ein ny slått, og så var dei i trampinga att.
I kvar kvila hadde Didrik orde. Han heldt for det meste til i politikken, og den brydde dei seg lite om, men Didrik måtte dei høre på, måtte høre seg arg på han om ikkje anna. Visst hadde han lese meir enn andre, det var enda han som hadde sett i hop den vesle stubben at «bokhylden er en stige, hvorved du bliver din overmands lige», kom ikkje der. Bibelen hadde han lese frå perm til perm, grundig, mest som han las lovar og dommar og slikt; men kva han meinte om den det heldt han for seg sjøl. – Lat oss halde oss til den verda vi er i, pla han seie, og det sa han i kveld òg. For eitt er visst, og det er at verda er god. Ingen ting i vegen nei, anna enn at folk er dumme. – Ein full ein bad han passe si eiga dumheit. Det hørte ikkje Didrik. – – No fortalde han om Sverdrup, han Johan Sværdrop, som han sa. Det var mannen det; berre dei hadde havt han ved styre enno! Han hadde set han og snakka med han.
– Du har fan ikkje set i busta på han! ropa ein.
Didrik han tala om sitt. Og set han måtte han vel ha gjort, det visste alle, – han gjekk enda beint på han i hovudstadsgata, kva gjorde ikkje ‘n Didrik? og så sa han: – Er det her ‘n Johan Sværdrop? sa han. De må betterde eta, mann, De er grådig så liten og mager! Det var han som sa dei orda, kom ikkje og fortel det var ein nordlending! Han var ikkje Didrik for ingen ting. Og slug som farligheita 89det var han, og utlærd i alle slag develskonster, hald deg unda der, ban. Men i natt var dei jamngode med han, mange, han burde vera litt meir utrygg.
Da la han ut på golve og vilde danse.
Det var ikkje Paul som spela no, han var for full og måtte danse. I staden hans spela Finn-Jørgen, ein skamdrukken finn som rak i garane med ymse finn-arbeid. Folk sa han var sviken i kjærligheita; han var gråtande ulykkelig når han vart påskjenkt. Da dikta han det han spela, tok det beint utor hjarte, vart det sagt, og ofte murra han og song attåt, når sorga vart han for nærgåande. Her i lage skulde han ikkje ha vore, tykte dei, men Lea var ikkje den som viste vekk nokon.
Didrik stemna bort til Indiana, men i det same fór ein gutfark avstad med henne, det var enda Paul, og gliste og lo gjorde han. Det gjorde mange, men Didrik lest ikkje sjå dem, han fekk seg ei anna gjente og la i veg. Han dansa ikkje dårlig enno. Næste dans var han tidsnok ute, fekk Indiana med seg og dansa som ein brurgom.
– Arti å sjå at folk kjærleikar seg, sa Lea; dei visste ikkje kva ho meinte.
Finn-Jørgen la seg framover og gnudde på strengene av livs makt. – – Han arbeider på forsagd no, sa folk. Tunga kom fram i munnvika på han, auga stod stivare og stivare, og sist på let dei seg att. Da tok han til og murra og song på omkvæde sitt, langt langt nedi tonane: – Skjæbnan, skjænban!
– Finns ingen skjæbna! ropa Didrik.
90No først bar det til å danse. Dansarmote sette opp i alle, ein kunde tru det var stua som var på styr. Didrik vart skumpa og skuva så godt det let seg gjera, men det tok han med i moroa. Indiana dansa med han, så var alle sorger vest i have til så lenge. Jamenn var han glad i henne like vel! Ho forrådde han ikkje, ho kom ikkje til å nemne eit ord om planen hans. Henne måtte det vel forunnast han å gjera glad ein gong?
Han fekk ikkje danse med henne meir. Unggapen rådde golve og heile stua no. Karl Albert og Morten baud han skjenk alt i eitt, og han drakk trøstig, for han skjønna kva dei vilde han, krokane. Litt om senn ansa han på korles dei såg etter han, mange av skarvpakke som var her, så skygt og skumt at dei kunde ha skræmt redde folk. Ja vel, han skulde vera snild og gå no. Han gjorde seg veg fram til Indiana, og let så ho skulde følge han eit stykke på vegen. Han var meir høgmælt og ung enn nokon av dei andre. Ho vilde ikkje. Han drog i henne, men ho gjorde seg morsk og sleit seg ifrå han.
– Eg undres ikkje på deg, sa han.
Lea sa til Morten at han burde vera med værfarkroken sin eit stykke, mørkt var det, og mangt slag folk ute, – du veit dei har vore borti skinne på han før, sa ho. Den galne mannen kan vera attkommen, det var gjerne far han leita etter.
Morten var ikkje å rikke. Han mumla enda nokre ord om at ei lappa skinntrøye det missunte han ikkje somme folk.
91Didrik såg etter Paul og eit par andre, skulde ha sagt godnatt med dem og. Men dei var ikkje å sjå nett no. Lykke på reisa, han kunde gå forutan. Det var bra dei ikkje hadde med seg Indiana ut i mørkre. Han hadde den gleda at ho såg etter han da han var i døra, dei heldt på og skulde få dansen i gang att.
Både Håkon og Ragnhild vart ottesame da dei hørte Didrik sette av ut om kvelden. Dei visste kor han tenkte seg. Ragnhild vilde ikkje nemne det for Håkon, for ho krevde ikkje at han la i veg etter far sin og henta han heim, den skamma vart han for dryg. Håkon vilde heller ikkje nemne det. Når ein ingen ting kunde gjera ved det, da var det heller ingen mon i å snakke om det.
Ho kom i hug Paul. Det var da godt der var så pass livsvon i han at han spela. Ho kunde kjenne det på seg korles det var å vera han no: Han kan ikkje bli meir ulykkelig enn han er, der er botnen i han. Ja visst er det hardt, men. Samstundes er han vill og kan kjøre seg ut i både likt og ulikt, han trur enda han kan drepa seg. Og så er han stor, større enn han drømte å bli, for ulykka gjer folk større enn lykka kan gjera dem. Dei ler til han og dei har vondt av han, dei talar om han alle samen; han kan umulig kjenne att seg sjøl no. Der med strauk ho han ut utor minne. Han greidde seg alltid, på eit vis. Men korles kom det til å gå her i huse? Der hadde sitte ein 92ir i henne alt frå den kvelden sist Didrik kom frå byen. Ho syntes ho hadde sove hittil. Stund og anna hørte ho tonen frå dei dagane: – Eg finn meg vel ein stad eit himmerik. Det var mest som han leita etter henne.
Men no gjekk ho og la seg; det var det einaste å gjera.
Håkon vart ståande ute da han hadde vore hoss hestane. Han kjente seg nedkuva under stilla og stjernetyngda. Men han visste det var ikkje det som gjorde han nåmen. Nei, det var det at han måtte sjå. I det siste hadde han set faren alt i eitt, som eit menneske. Og eit menneske det har retten sin. Og eit menneske det skal døy, det er det einaste som er visst, kva er der så å gjera? Og den som står og ser slikt, han er utanfor. Kva rett har han til å gripe inn og styre nokon ting? – Men visste Ragnhild kva for ein eg er, tenkte han – – men herre gud, det er da det ho gjer. Det er just derfor ho ikkje slepper deg.
Han gjekk og la seg han òg. Det raraste var at han merka sømnen tok han.
Han tvervakna hest det var. Så vâk kunde han ikkje minnast han hadde vore før, nattens tid. Han måtte ha hørt gjenom sømnen at enno var ikkje faren attkommen. Han sette seg opp i senga. Ragnhild ho sov; ho var langt borte frå han no. Han tok på seg klæane og stal seg ut. Han laut gå og få kallen heim.
Ute var det store lydlause natta, langt bortom 93midnatt visst. Himmelen levde, han var berre stjerneblunk all vegen, men jorda var sløkt og død. Som snarast hørtes lyd av mannamål, men umulig å seie kor det kom ifrå. Så var det nattstilla att.
Han la i veg, vestetter og rundt vågen, han syntes han visste at den vegen hadde faren og teke. Han fór fortare etter kvart. Da han kom over haugryggen var det radt som føtene visna under han. Han torde ikkje stane og lye, for den der lyden kjente han, det var faren som jamra seg, han var skamslegen. Siste stykke småsprang han. Der, bortunder eit granbyskje, låg han. Nei, han kom kravlande fram til vegen.
Håkon vart heilt rolig. Først vilde han sjå kor mykje dei hadde gitt han. Andlete var ei blodkake,– så gale hadde han set før ein gong –, men der var djupe sår i hovude på han. Ja, dei hadde vore harde straffarar, syndharde, dei hadde gitt Didrik for alle gongene no.
– Korles er det med Dykk, far? spurte han.
Der kom berre ei jamring til svar. Håkon fresta å reise han opp, men krypen kunde ikkje sette fot under seg. Han stod litt og såg seg i kring. Det var ikkje langt til bekken, og dit bar han faren og vaska av han blode som blinda han. Det synte seg at meste blode kom frå ei stor flære over venstre øre, og frå båe øra, for dei var halvveges avrivne. Eina auge var overhovna, og det andre stirde ut i vêre som det var dødt. Bak i nakken hadde han ein diger kul. Håkon reiv fôre 94utor trøya si og batt over verste såra så godt han kunde.
Kaldvatne måtte ha gjort Didrik godt, for no tok han eit par djupe andedrag, og så snakka han både vake og medvitande, bad Håkon gå heim etter hest.
Håkon svara ikkje. Han kunde ikkje late faren bli liggande her, natta var ikkje slik. Ein gong sprang han etter hjelp til han, sprang til det smaka blod, – der var ein som hadde skamslege faren – det var sommars dag det, og vel gjekk det den gongen. Det gjekk som ein frost gjenom Håkon kor all ting var ansles no. – Nei, murra han, bøyde seg så og tok faren opp, la eine armen hans over aksla på seg og gjekk med han. Det vart mest som å bera han, og smått gjekk det. Didrik anka seg. Flytt og anna tok han og bar han på ryggen. Det teikna til ein langvarig heimveg.
Da kom Ragnhild rennande.
Ho hadde vakna og hadde visst at Håkon var ute etter faren. Ho fresta å sovne att, ho trudde han vilde vera åleine. Men det var umulig å få sova, og snart etter var ho ute, kom innanfrå svarte kammerse og sømnen og rente hovude ut i stjernevêre. Slik ei eldmørje med stjerner! Der var eit heilt glo-fok av dem, – undringa fór i henne i lag med angsten for Håkon, – kva vondt var det han skulde ut og møte i natt?
Først sprang ho ned til sjøen, men der var ingen 95båt ved lande, fór så stranda frammed og vågen rundt. Ho ønska utan ho visste det at Håkon var i nød og ho kunde berge han. Da ho fann han skjemdest ho for det ho kom vasande slik. Men så synte det seg ho kunde vera til nytte. Han sa enda ho kom i rette tid no.
No gjekk det ikkje så verst med å få han heim.
Da dei hadde Didrik i seng, tok Ragnhild seg for og vaska såra hans. Ho bleikna da ho såg den store flæra i hovude. Men dette måtte her gjerast noko ved, og det straks. Ho snudde seg til Håkon, som stod der og halvt såg på.
Didrik bad henne: – Saum att verste gape du!
Ho vart enda bleikare. Ho såg på Håkon at han skulde ho ikkje be. Ho fann seg det som til skulde, og gjorde arbeide. Eit par tak var ho åt og skulde uvita, men så gjorde Didrik det i staden. Ei stund gjorde ho seg til dyr, det var nær på ho murra; så innbilte ho seg det var fisk ho sauma i. Didrik kom seg så vidt han takka for arbeide.
Håkon gjekk og la seg, for der var enno att ein stubb av natta. Ragnhild såg til Didrik alt i eitt. Først sov han ein god tøy, og vakna som ein frisk ein; men da ho så kom til han att var han rød i andlete og låg urolig. I det same hørte ho vinden ute. Landvind, etter det ho kunde høre. Ho gjekk og snakka til Håkon.
Dei vart straks einige om at dokteren måtte hentast. Men dokteren budde i byen, og dit var 96det to gamle mil. Og kor var der no eit edru menneske til å skysse? Ho gjekk opp og vekte Tale.
Tale kom fort ned. Ho vilde kjenne på pulsen hans, men det fekk ho ikkje. Dei gjekk ut i stua alle tre, og no visste Ragnhild det:
– Det einaste blir å ro til byen med han, no før landvinden kvesser i. Så kjem han under dokterhand mange timar tidligare. Og så slepp vi å ha meir enn ein sjukling i huse.
Der var ikkje noko å seie i mot det. Dei tagde.
– Du veit eg kan ro, sa ho til Håkon.
– Ja ja, er du huga på det, meinte Håkon, så kan da eg vera det. Det er fort snakka men seint gjort.
– Vi må i veg. Ho såg mest hardt på han no.
– Det er så. Men høyr der du: Han seier nei.
Og no hørte dei austavinden, han kom så nyvaken og friskhelsug at det var ein lyst.
– Så får du aust i Støvika og gjera laus ‘n Ole Peter. Han var ikkje i dugnaen.
Men da dei kom til Didrik slo han seg rang. – Langt ifrå, han skulde ikkje til byen! I morgo den dag var han god kar att, og i morgo hadde han viktige ting å gjera. Det nytta ikkje kva dei sa, han kava dem ifrå seg.
Tale lo ikkje. Ho stod med ei ny skjorte i handa og vilde bytte på han. Han låg litt og stirde på henne med det auge som såg.
97– Ja ja, Tale, sa han. Når du meiner det så vel med meg, da lyt eg gi meg. Men på eitt vilkår. På eitt vilkår, hører du: Du skal ha bytta om kåre mitt i pengar til eg kjem att. Pengane på borde, skjønnar du.
Tale lo, men det var ikkje den vanlige kaldfliren hennar:– Ja eg kunde vel vera traven den same –
– Lovar du det så folk hører på? For elles – –
Håkon såg i take. Ragnhild kjente pina gå frå han og tvert igjenom seg. Aldri hadde ho set det klårare at ho var berre eit vanlig lite kvinnfolkkre, men det var inga årsaking for henne.
Ho flytta Tale til sides, tok i Didrik og smøygde skjorta fram over hovude på han, og bytta på han den nye. Han vart liggande og ynke seg etterpå og såg forfæld på Ragnhild.
Dei var ferdig i ein fart. Da dei bar han ut i vogna, stod legdekjerringa der, ho Tull-Beret, og såg på styre deira. Ho hadde omgangslegd i garane og kom hit i gårkveld, til Vonlausheimen, som ho kalla garen her. Best det var sette ho i med ein høg lått, han var tør og skjerande som eit hønemål, og reint uhuglig lystig.
– Det her er berre andre gongen det, Didrik. Tredje gongen, da går det best!
– Tredje gongen, da slær dei han kvik i hel, sa Arn.
– Ja lykke på reisa! sa Tale.
Det måtte vera dei ho snakka til, for dei kjørte just med det same.
98Det vart både motvind og motstraum. Tre mann på ein sekstring tek seg fram lenge; og dette vart lenge. Kvar gong dei kom ut for ein odd så vêre og straumen fekk fullt tak på dem, vart der ei stund at dei rodde og rodde og båten stod still, og først når dei gjorde seg sterkare enn dei var, sleit dei seg laus og vann seg inn i livda att. Gong for gong når dei streid som verst, sa Ragnhild: – Nei, gutar, no må vi til å ro lite grand!
Når dei kvilte innpå ei logn vik, såg Ragnhild etter korles Didrik hadde det. Da tok han til å snakke. Han hørtes blåvaken, og vislig og vond som han skulde vera, men det han sa var slik at dei laut tru han tala over seg i fylla eller feberen. Dei hørte det og hørte det ikkje. Han fraus i alle fall ikkje.
– Han Håkon! lo han. Garen gav eg bort til han. Ikkje for under han må hemne det. – Du? sa han til Ragnhild. Deg er eg redd. For der er noko godt i deg; du er av same slage som eg. – Jaså, Vårherre er rettferdig? Da er han min mann. – De snakkar om medmenneske. Ja da, det let ikkje stygt det. Men eg har ikkje bedt om dem – ta dem til deg att, Herre! – Ja visst har eg råkt på ærlig folk. Men eg gjekk av vegen for dem. For enten var dei for dumme eller for sluge. Men når du seier at menneske er ypperste skapningen på jorda, da snakkar du om deg sjøl; og det er ikkje fint. Og kva seier du ikkje om oss andre straks etter! Ho-ho san! He he! Det er mange 99som påstår dei er store syndarar. Det er ikkje rådelig du sannar med dem, har eg lært. – Det er lettgjort å lyge når ein tier still.
Enno ein gong laut dei kvile på. Dei visste ikkje om dei kom lenger. Didrik snakka i sitt.
– Ja ja, Håkon. Du skal ikkje vera redd å seie meininga di. Det er ikkje så visst at det er di meining. – Du Peleoter, sa han til Ole Peter, du er lykkelig du. For du er berre ein husmann i verda. Lykkelig eg? Nei gut, eg er ein mann og ein nordmann, eg vik ikkje frå retten min! – – Dei bed meg ta konsekvensen av det eg seier. Dei unner meg det. Konsekvensen ja, det er ein smal veg det. Blir han oss for smal, da opnar der seg andre vegar, utvegar; det kallar vi Forsyne. – De bortfører meg! Eg –
Dei rodde og rodde. Dei mumla om å snu, både Håkon og Ole Peter. Ragnhild hørte det ikkje. Endelig la dei åt land. Dei kom ikkje lenger, for sjøen oskerauk no. Og no nådde dei i kjørevegen til byen. Dei fekk låne hest og kjørte Didrik på sjukehuse. Ole Petter venta til dei kom att. Dei var så utslitne, det var armelig dei stod; ja dei kunde mest ikkje sitte heller. Og dyvåte var dei. Didrik visste ikkje til seg lenger.
Sjukhusdokteren saumfór Didrik. Han trudde ikkje det skulde vara så lenge før han var god kar att. Han let enda vel over sauminga hennes Ragnhild.
Didrik var berga denne gongen òg. Det gjekk 100som ein styng mot hjarte både på Håkon og Ragnhild.
Ho vart så glad ho sa Gud skje lov; men ho tenkte kanskje mest på Håkon da ho sa det; ho hadde rodd hardt for dem båe to i dag, – ho åtte knapt skinn inni handlovane.
Han òg vart glad; men han vart redd seg sjøl, for no kjente han at heile tida med dei rodde og faren snakka så stygt, hadde han sitte og ønska det vart enden med faren, han var så ikkje eit rettelig menneske like vel. I alle fall hadde han vore like glad med kva som hendte. – Men er eg eit rettelig menneske, tenkte han, da er alle det.
– Ja Gud skje lov da! sa Ragnhild enda ein gong.
– Du kan ha rett i det, mumla han.
Vinden spakna noko utetter kvelden, så pass dei kunde føre segl, og dei kom heim att utpå føremidnatta.
Tale kom ned og spurte korles det stod til. Elles sa ho ikkje stort.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Romanen Medmenneske fra 1929 regnes av mange som høydepunktet i Duuns forfatterskap.
Familiekonflikten som driver handlingen framover er en konflikt mellom det gode og det onde, personifisert ved den unge gårdskona Ragnhild og hennes svigerfar, Didrik Dale. Midt i konflikten står Ragnhilds mann, Håkon. Ragnhild, som i utgangspunktet bare ønsker forsoning og gode ting, blir drevet til en fryktelig handling. Romanen handler også om hvordan hun må stå til ansvar for sine handlinger.
Romanens spenningsoppbygging er dramatisk og romanen ble senere også dramatisert (av Duun selv i samarbeid med Knut Hergel) og spilt på Det Norske Teatret med suksess.
Se faksimiler av 1. utgave, 1929 (nb.no)
Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.