Handskrifter av norske mellomalderlover ved Nasjonalbiblioteket

Andre handskrifter av norske mellomalderlover




Ms.fol. 87a

Dette er eit handskrift skrive av éin skrivar ca. 1700. Jónas Kristjánsson (1967:23) meiner at det er skrive på Island. Det inneheld avskrifter av ei rad rettstekstar. Her blir berre dei viktigaste nemnde.

Kristenretten i den islandske lova frå fristatstida, Grágás. Dette er ei avskrift av handskriftet AM 334 fol., også kalla Staðarhólsbók, frå andre haldelen av 1200-talet. På ein gammal lapp i boksen på Nasjonalbiblioteket står det misvisande Kristin rett nyia. Denne kristenretten har mykje av det same innhaldet som dei eldste norske, men ser ut til å vere litt yngre (Kværness 1996:155–156).

Járnsíða, truleg skriven av etter AM 334 fol.

Biskop Arnes kristenrett (sjå meir under Ms.4° 1 om denne kristenretten). Han begynner med kapittel 8, som nokre andre handskrifter. Siste halvdel av kap. 41 manglar, som i nokre andre handskrifter. Teksten sluttar med kap. 42, som eitt anna handskrift. På slutten legg handskriftet til rettarbota frå kardinal Vilhelm av Sabina frå 1247 om lemping av kva ein kan gjere på helgedagar. På grunn av fattigdom i landet og dårleg klima er det på visse tider tillate å berge høy og korn, og å fiske.

Hirdskråa.

Eidsivatings eldre kristenrett, den lengre versjonen (sjå meir under Ms.4° 317 om denne kristenretten). Byrjinga er borte, teksten startar i kap. 11.

Rett etter kristenretten, på same sidan utan noko mellomrom, begynner landslova, med Landevernsbolken. Denne lova er mest sannsynleg skriven av etter AM 68 4°, frå fyrste halvdelen av 1300-talet, som også set Eidsivatings eldre kristenrett inn mellom kristendomsbolken i landslova og landevernsbolken.

Saman med handskriftet er det lagt inn ein eigen konvolutt med seks blad frå Jónsbók.

Dette handskriftet skal vere identisk med nr. 101 i salskatalogen over overbibliotekar Bernhard Møllmanns (1702–78) samling.




Ms.fol. 87b

Dette er eit handskrift frå 1700-talet, skrive av mange skrivarar, dei fleste i København (Kristjánsson 1967:11). Det er ikkje nemnt i Storm 1885. Det inneheld avskrifter av ei rad rettstekstar. Her blir berre dei viktigaste nemnde.

Bjarkøyretten, same teksten som i AM 123 a 4° (trykt i NgL 1:305–315), som er Árni Magnússons avskrift av eit handskrift frå Haukadal på Island.

Den såkalla versjon 1 av Borgartings eldre kristenrett. Det er ei avskrift frå 1700-talet av AM 78 4°, eit handskrift frå fyrste halvdelen av 1300-talet som også inneheld m.a. bylova.

Kristenretten er følgd av ei rettarbot frå Magnus, Noregs konge, om kjøpmenn i Bergen, avskrifta opplyser at førelegget er AM 138 4°, eit islandsk handskrift frå 1500-talet. Jónas Kristjánsson (1967:12) opplyser ikkje om denne rettarbota er trykt, og ho er ikkje å finne i NgL. Sidan Magnus er omtalt berre som konge av Noreg, er det truleg Magnus Lagabøte det er snakk om. I så fall er det uventa å finne ei utrykt rettarbot frå han.

Den såkalla Gulatings nyare kristenrett. Han inneheld kap. 3, 9–27 og 30–32, og legg til eit kapittel om åger, som er henta frå erkebiskop Jons kristenrett, kap. 55. Han legg også til ei rettarbot frå kardinal Vilhelm av Sabina i norsk omsetjing. Ho er datert 17. august 1247 og gjeld to saker (sjå NgL 1:456–458 og RN 1 nr. 781). På grunn av vanskelege klimatiske forhold i Noreg skal folk ha lov til å berge høy, korn og grønsaker på helgedagar, og dessutan fiske sild. Rettarbota forbyd også biskopane å ta inntektene frå kyrkjer som står ledige. Også NKS 1642 4° (Codex Tunsbergensis) har den same versjonen av kristenretten, etterfølgd av kardinal Vilhelms rettarbot. Det er såleis all grunn til å tru at førelegget her er Codex Tunsbergensis, som er eit handskrift frå fyrste halvdelen av 1300-talet som inneheld m.a. landslova. Denne versjonen av den såkalla Gulatings nyare kristenrett finst også ein annan stad i Ms.fol. 87b, med ein annan skrivar.

Kong Sverres kristenrett, som sluttar i kap. 29.

Eidsivatings eldre kristenrett, den kortare versjonen. Førelegget er truleg AM 58 4° (Kristjánsson 1967:19) frå ca. 1350 som også inneheld m.a. landslova.




Ms.fol. 104

Dette handskriftet er skrive av éin skrivar. Det inneheld avskrift av privilegium for Trondheim by frå Håkon 5 Magnussons tid til kong Fredrik 4, konge 1699–1730. Det eldste dokumentet er frå 16. oktober 1299, trykt i NgL 3 nr. 12. Det yngste er frå 21. mai 1700.

Handskriftet skal vere frå ca. 1730–1750, og blei etter katalogen ved NB kjøpt på auksjon etter krigskommissær Holm i 1835. Det er skrive av i Ms.fol. 292.




Ms.fol. 292

Dette handskriftet er ei seinare avskrift av Ms.fol. 104.




Ms.fol. 293

Dette handskriftet er skrive av éin skrivar. Det inneheld avskrift av privilegium for Trondheim frå Håkon 5 Magnussons tid til kong Kristian 5, konge 1670–1699. Det eldste dokumentet er frå 16. oktober 1299, trykt i NgL 3 nr. 12. Det yngste er frå 29. august 1670. Fremst står eit register over alle 66 dokumenta.

Handskriftet er bunde inn med skinnrygg og marmorerte permar og band.




Ms.fol. 370

Dette handskriftet er skrive av 14 skrivarar på byrjinga av 1600-talet (kanskje 1646, sjå Storm 1885:722). Det inneheld avskrifter av rettarbøter, herredagsdomar, resessar og liknande som særleg vedkjem Bergen. Det er i alt over 150 dokument, frå 1294 og til 1607. Etter Gustav Storm (1885:722) er handskriftet truleg skrive av skrivarar hos lensherren i Bergen.

Handskriftet er innbunde i kvitt skinnbind med reimar. Det er ei gåve frå stud. jur. Jac. N. Mohn i 1857.




Ms.4° 41


Ms.4° 41, 11

Ms.4° 41, 11

Dette handskriftet er skrive med éi hand på 1700-talet. Det inneheld ei tilnærma nøyaktig avskrift, med forkortingar, av Codex Rantzovianus, som inneheld den eldre Gulatingslova. Det har same lakunen i kap. 150 som Codex Rantzovianus har.

Etter opplysningar i handskriftet blei det kjøpt 26. september 1786 (feil årstal i Storm 1885:727) av S. Thorarensen på auksjon etter magister H. Einarsen. Her er det snakk om amtmannen Stefán Þórarinsson (feil fornamn i Storm 1885:727) og Hálfdan Einarsson, rektor på skolen i Hólar.

Handskriftet er bunde inn i kvitt skinnbind.




Ms.4° 309

Dette handskriftet er skrive av éin skrivar, rundt 1800. Det inneheld ei islandsk avskrift av Frostatings kristenrett i AM 60 4°. Skrivar er truleg Oddur Jónsson (Kristjánsson 1967:74–75). Han levde frå 1734–1814, hadde teologisk utdanning frå København, var interessert i historie og skreiv av gamle handskrifter. I byrjinga er det eitt blad med ei latinsk omsetjing av fyrste delen av kap. 1. I margane er det ført inn variantar frå kong Sverres kristenrett og frå erkebiskop Jons kristenrett.

Kap. 20 i den andre delen i kristenretten er delt på to kapittel i Ms.4° 309, slik som i Codex Resenianus (sjå NgL 1:164, note 26). Overskriftene på kap. 23 og 24 (kap. 22 og 23 i utgåva i NgL) er også dei same som i Codex Resenianus (sjå NgL 1:155, note 1 og 18). Men overskrifta på kap. 17 er i samsvar med dei fleste handskriftene, og i strid med Codex Resenianus (sjå NgL 1:153, note 1). Og vi ser fleire eksempel på at overskriftene skifter mellom å følgje Codex Resenianus eller ikkje. Overskrifta på kap. 25 (kap. 24 i utgåva i NgL) er annleis enn i dei andre handskriftene. Ms.4° 309 kan også elles følgje Codex Resenianus i variantar (sjå f. eks. NgL 1:154, note 2 og 1:156, note 21), men kan også følgje dei andre handskriftene (sjå f. eks. NgL 1:137, note 1). Teksten i NgL er trykt etter AM 60 4°, og dei eksempla vi har sett ovanfor, tyder på at den som skreiv Ms.4° 309, må ha brukt fleire handskrifter. Variantane i margane, som er skrivne med same handa, peikar i same lei.

Handskriftet er kjøpt på auksjon etter Carsten Anker i 1823.




Ms.4° 339

Handskriftet er skrive av fleire hender, alle yngre enn 1500-talet, truleg frå 1700- og 1800-talet. På tittelbladet står «Den Norske Lov som kong Magnus gav Norges meenige Indbyggere Anno 1274». Hovuddelen av handskriftet inneheld attgjeving av landslova, rettarbøter og ymse notisar knytte til lova. Det blei overført frå diplomsamlinga ved Riksarkivet i 1847. Ms.4° 339 er ikkje nemnt i Storm 1885.




Ms.4° 507

Med nokre få tillegg er dette eit handskrift som er skrive av Morten Nilssøn, byskrivar i Bergen 1588–1590, lagmann i Stavanger 1590–1601. Han har også skrive ein del av landslova i Holm perg 31 4° (Gulatings-redaksjonen), GKS 3262 4° (bylova), AM 97 4° (bylova i omsetjing) og Ms.fol. 5 (landslova i norrøn tekst og omsetjing).

Det fyrste bladet har eit stykke om julefred i byen, med overskrifta Wm Jula Gridt. Julefred er også nemnt seinare i kap. 1 i byordninga i bylova, men innhaldet er heilt annleis der.

Dernest kjem eit alfabetisk register over viktige artiklar i bylova og i rettarbøtene.

Så kjem bylova, med norrøn tekst i venstre spalte, og dansk omsetjing i høgre. Teksten byggjer truleg på bylova for Bergen, men er redigert til bruk i Stavanger. Kjøpebolken blir avslutta med innleiinga i eit kapittel om Stavangers takmark (einemerke), det er sett ope rom for sjølve teksten. Elles skriv handskriftet til vanleg N. for bynamnet.

Storm 1884:735 meiner at Ms.4° 507 er i slekt med, men ikkje identisk med, AM 322 fol., eit handskrift frå ca. 1320, som også inneheld landslova. I Ms.4° 507 manglar prologen og arvebolken. Av mannhelgebolken har handskriftet berre kap. 10, som er skote inn etter kap. 2 i byordninga. Også AM 322 fol. manglar prologen og arvebolken, og har med berre kap. 10 av mannhelgebolken, men dei set til dette kapitlet som siste kapittel i landevernsbolken. Ms.4° 507 flytter kap. 28 i kjøpebolken til slutten av byordninga. Også AM 322 fol. flytter dette kapitlet til byordninga, men til ein annan stad. Tjuvebolken har berre fem kapittel, deretter seier handskriftet at dei resterande kapitla er som i landslova. AM 322 fol. har berre fire kapittel i tjuvebolken. Rettarbøtene og epilogen manglar, som i dei fleste handskriftene av bylova, mellom dei AM 322 fol. Ms.4° 507 manglar farmannslova, som AM 322 fol. har.

Eksempla over syner at Ms.4° 507 ikkje byggjer berre på AM 322 fol. Det har såleis tekstkritisk verdi, og må vere med i grunnlaget for ei ny utgåve av bylova.

Det er innarbeidd fleire rettarbøter i bylovsteksten.

Etter bylova kjem 14 kapittel med reglar vedtekne i Stavanger på eit lagting i jula 1594.

Så kjem det korte stykke om rekneskap for byane sine inntekter, grunnleige, rådmannseid og byfutseid.

Deretter kjem det meir enn 60 rettarbøter, resessar o.l. Dei fem fyrste er frå Håkon Håkonsson, og er dei same som dei fem fyrste rettarbøtene på slutten av landslova, berre den sjette manglar. Elles spenner rettarbøtene i tid frå Magnus Lagabøte (det står berre kong Magnus i handskriftet) til 1590.

På frampermen står eit eigarmerke i form av eit elefanthovud, der snabelen ber ei krone med tre piler. Dette eigarmerket tilhøyrer Bolle Willum Luxdorph, 1716–1788, dansk embetsmann og litterat. (Sjå vidare i Storm 1885:738.) Han hadde ei omfattande boksamling på ca. 15000 band, som blei seld på auksjon etter hans død. På baksida av det andre tilsette bladet stå det tre namn under kvarandre: Luxdorph, C. Anker og I. H. Debes. Handskriftet har altså også tilhøyrt Carsten Anker (1747–1824). Biblioteket kjøpte det 1855 på auksjon etter Debes, som truleg er høgsterettsassessor Jens Peter Gløersen Debes (det er i såfall usikkert kva initialen H står for) 1776–1832.

Handskriftet er bunde inn i eit brunt skinnbind frå 1700-talet.




Ms.4° 546

Dette handskriftet er skrive med éi hand på 1700-talet. Det inneheld ei islandsk avskrift av den eldre Gulatingslova. Handskriftet har same lakunen i kap. 150 som Codex Rantzovianus har, og har stort sett same teksten som det handskriftet. Men Ms.4° 546 har ofte forkortingar der Rantzovianus skriv ordet fullt ut. I margen har andre skrivarar ført inn fleire rettingar eller variantar, nokre gonger med referanse til T, andre gonger utan referanse. Truleg viser T til Codex Rantzovianus. Ei nyare hand har nokre gonger skrive Mbr rett etter T. Kanskje har denne skrivaren samanlikna Ms.4° 546 med Rantzovianus, og kalla det sistnemnde Mbr, dvs. membran, pergamenthandskrift.

Mange av feila i Ms.4° 546 som er retta i margen, kan vere vanlege avskrivarfeil, som feilskrift, mistyding og utelatingar, m.a. overhopping frå eit ord til eit likelydande ord like etterpå. Men eit par eksempel viser at Ms.4° 546 ikkje kan vere avskrift av Rantzovianus. I Ms.4° 546 begynner kap. 6 slik: Enn ver hafem sva mælt vit biskup varn at hann skal oss þíónustu veíta. Rantzovianus har denne byrjinga: Þat er nu þvi nest. I margen i Ms.4° 546 står varianten frå Rantzovianus, utan referanse. I Ms.4° 546 er eit lengre stykke borte, frå slutten av kap. 58 til byrjinga av kap. 61. Dette bortfallet viser ikkje i Ms.4° 546, som har ein samanhangande og meiningsberande tekst. Det er ingenting i Rantzovianus som kan forklare denne overhoppinga. Ei nyare hand har skrive av den manglande teksten på eit blad som er limt i Ms.4° 546. Denne teksten følgjer Rantzovianus, men har forkortingar som Rantzovianus manglar.

Konklusjonen må vere at Ms.4° 546 er skrive av etter eit anna handskrift enn Codex Rantzovianus. Men dette handskriftet må ha stått Rantziovanus nær, for Ms.4° 546 og Rantzovianus har same lakunen, og teksten i dei to handskriftene følgjer i hovudsak kvarandre. Storm (1885:740) seier følgjande: «Afskrift (paa anden Haand) efter Cod. Ranzovianus.»

På fyrste bladet i handskriftet står det «R. Keyser 1827». Han har truleg fått tak i det på Island i 1826–1827. Det er usikkert om nokon av margnotisane er med hans hand, og det innlimte bladet er ikkje skrive av han. Keyser gav handskriftet som gåve til biblioteket i 1859.Rudolf Keyser har også gjeve biblioteket Ms.4° 553, Ms.4° 695 og Ms.8° 66, og truleg Ms.4° 691 B.




Ms.4° 695

Dette handskriftet er skrive av éin islandsk skrivar, på slutten av 1600-talet eller i byrjinga av 1700-talet.

Hovuddelen av handskriftet inneheld Eidsivatings-redaksjonen av landslova, i ei avskrift av AM 68 4°, som er frå ca. 1300–1325. På same måten som i AM 68 4° skyt Ms.4° 695 den lengre versjonen av Eidsivatings eldre kristenrett inn mellom kristendomsbolken og landevernsbolken i landslova.

Etter landslova kjem mannhelgebolken i Bjarkøyretten. Det er i hovudsak same teksten som i AM 123 a 4° (trykt i NgL 1:305–315), som er Árni Magnússons avskrift av eit handskrift frå Haukadal på Island. I Ms.4° 695 manglar kap. 25, og kap. 26 kjem etter kap. 27.

Deretter kjem eit lengre utdrag av Bjarkøyretten, som svarar til det som er trykt i NgL 4:75–97. Her er den «heilage» perioden for selværa tre veker før jonsok og seks veker før jul, som elles i Bjarkøyretten og den eldre Frostatingslova.

Handskriftet har tilhøyrt lagmann på Island. R. Keyser fekk tak i det på Island i 1826–1827, og gav det seinare til Universitetsbiblioteket, der det blei innlemma i samlinga 1880–1890 (Kristjánsson 1967:99).Rudolf Keyser har også gjeve biblioteket Ms.4° 546, Ms.4° 553, Ms.8° 66 og truleg Ms.4° 691 B.

Handskriftet er innbunde i pappbind.




Ms.8° 66

Dette handskriftet er skrive av éin skrivar ca. 1750.

Fyrst kjem landslova, som skal vere skriven av etter AM 322 fol., eit handskrift frå ca. 1320. Dette er rett, for i prologen er AM 322 fol. det einaste handskriftet som flytter avsnittet om arv, bortgifting av kvinner osb. til slutten, og det same gjer Ms.8° 66.

Så kjem Oslos bylov, Oslos privilegium og fyrste delen av eit domsbrev frå 1348 frå erkebiskop Arne m. fl. (trykt i NgL 3:171–172, ikkje nemnt i NgL 1:749). Desse tekstane er skrivne av etter AM 305 fol., ei hand frå ca. 1450.

Deretter kjem Tønsbergs bylov, skriven av etter AM 307 fol., eit handskrift frå ca. 1350.

Til slutt kjem Bergens bylov og farmannslova, skrivne av etter AM 322 fol.

Etter notisar i handskriftet er det truleg skrive av den islandske filologen Eggert Ólafsson (1726–1768). R. Keyser fekk tak i det på Island i 1826–1827, og gav det til Universitetsbibliotheket i 1859.Rudolf Keyser har også gjeve biblioteket Ms.4° 546, Ms.4° 553 og Ms.4° 695, og truleg Ms.4° 691 B. Storm (1885:749) seier følgjande om handskriftet: «Texten er helt igjennem corrigeret af Keyser efter Originalen.»

Handskriftet er innhefta i skinnbind.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Handskrifter av norske mellomalderlover ved Nasjonalbiblioteket

I 2024 er det 750 år sidan Magnus Lagabøtes landslov kom. Lova er overlevert i 39 handskrifter frå mellomalderen, og nokre få yngre.

Eit hovudmål for denne boka er å kaste lys over dei handskriftene av norske mellomalderlover som ligg ved Nasjonalbiblioteket. Ms.4° 1 og Ms.4° 317, som begge inneheld landslova, blir grundig beskrivne, også med omsyn til innhald og språk.

Boka omfattar også dei 25 handskriftene av omsetjing av landslova til dansk, og andre handskrifter av norske lover. Innleiingsvis er det gjeve eit samla oversyn over dei norske lovene frå mellomalderen, som alle finst i avskrifter ved Nasjonalbiblioteket.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.