Handskrifter av norske mellomalderlover ved Nasjonalbiblioteket

Codex Hardenbergianus på utstilling i Nasjonalbiblioteket

Den 2. august 2018 kom Codex Hardenbergianus tilbake på utlån til Noreg etter ca. 450 år i København.

Codex Hardenbergianus, GKS 1154 fol., er eitt av 39 mellomalderhandskrifter som inneheld Magnus Lagabøtes landslov. Men Hardenbergianus er vakrare enn alle dei andre. Vi kjenner berre to illustrerte handskrifter frå norsk mellomalder. Det eine er LundUB Mh 15, som også inneheld landslova, men illustrasjonane der er ikkje av same kvaliteten som i Hardenbergianus.

I omtale av mellomalderhandskrifter bruker ein også termen illuminasjon, med same tydinga som illustrasjon. Både illustrere og illuminere tyder opphavleg «opplyse», seinare «pryde med fargar». Illuminere, latin illuminare, er avleidd av latin lumen, som tyder «lys». Illustrere, latin illustrare, er avleidd av latin lux, som også tyder «lys». Vi kan også finne også termen miniatyr om ein bokillustrasjon i mellomalderen. Ordet heng saman med latin minium («mønje, sinober»), som blei brukt om raud farge. Seinare kunne miniatyrane også ha andre fargar.

Det er diskutert om den som skreiv Hardenbergianus, var islending eller nordmann. Men det er semje om at handskriftet har blitt til i Bergen ca. 1350. (Jfr. Rindal 1983 og Karlsson 1987.) Knut Berg, som har studert illuminasjonane, meiner at dei er norske, og i slekt med illuminasjonar i engelske handskrifter frå 1200- og 1300-talet. Han dreg også parallellar til dei måla frontalane frå norsk mellomalder. (Jfr. Berg 1983.) Det har seinare blitt hevda at kunstnaren bak illuminasjonane er ein islending, som også har illuminert islandske lovhandskrifter. Men den siste som har behandla spørsmålet, Lena Liepe (2009:141–142), meiner at det ikkje er same kunstnaren, men at begge står i den same ikonografiske tradisjonen.

Codex Hardenbergianus er eineståande også ved namnet sitt. Mange handskrifter har fått namn etter menn (f. eks. Milzovianus, Rantzovianus, Resenianus), men dette har fått namnet sitt etter ei kvinne, Helvig Hardenberg. Ho blei fødd i 1540 som dotter til lensherren Jacob Eriksen Hardenberg til Arreskov på Fyn. I 1558 blei ho gift med Erik Ottesen Rosenkrantz (f. 1519), som var lensherre på Bergenhus 1560–1568, og fekk fullført Rosenkrantztårnet. I 1568 vende paret tilbake til Danmark, der Rosenkrantz var stiftslensmann i Odense til sin død i 1575, og dei åtte Arreskov gods. Helvig døydde i 1599 i Odense.

Codex Hardenbergianus inneheld m.a. Gulatings-redaksjonen av landslova, og har blitt til i Bergen. Lensherren på Bergenhus har truleg gjeve denne praktfulle boka som gåve til den unge kona si. Ho har tre gonger skrive namnet sitt i margen i handskriftet. Gustav Storm (1885:390) karakteriserer skrifta som «En styg Haand», men det er ei vanleg skriftform frå 1500-talet. Dei tre notisane seier at Helvig Hardenberg eig boka, og at ho har skrive eigarnotisen med eiga hand. På framsida av fyrste bladet skriv same handa «denne bog hører meg». Truleg har Helvig teke med seg handskriftet til Danmark då ekteparet drog dit i 1568. Så veit vi ikkje meir om det før vi finn det nemnt i ein katalog frå 1663–1670 over handskrifter ved Det Kongelige Bibliotek i København. Truleg har det kome dit frå medlemmer av Rosenkrantz-familien.

Helvig Hardenbergs namn er også knytt til handskriftet AM 309 fol., som m.a. inneheld Eidsivatings-redaksjonen av landslova. Også i dette handskriftet har ho skrive at boka tilhøyrer Helvig Hardenberg. Ein annan stad står Erik Rosenkrantz sitt namn, og våpna til Rosenkrantz og Hardenberg.

Med mange av dei norske handskriftene frå mellomalderen gjekk det som med dei islandske, dei vandra til utanlandske samlingar. Dei fleste ligg i dag ved Den arnamagnæanske samling og Det Kongelige Bibliotek i København og ved Kungliga biblioteket i Stockholm.

Men vi skal vere glade for at historisk interesserte svenske og danske stormenn tok vare på desse handskriftene, som seinare tok vegen til bibliotek og samlingar. Med nokre få unntak leid dei som blei verande att i Noreg, ein ublid lagnad. Handskriftene var laga av skinn, og dei kunne difor brukast om att, til innlegg i bispelue, til å lappe klede, til mønster for kleplagg eller til å sy på. Mange handskrifter blei skorne opp og brukte i innbindingar av lensrekneskap på 1600-talet. På Riksarkivet ligg det fragment av 46 handskrifter av landslova, og av fleire andre norrøne tekstar.

Grunnen til at handskriftene blei behandla på denne måten, var i hovudsak at folket ikkje lenger forstod det gammalnorske språket som dei var skrivne på. Og mange av dei var handskrifter av landslova, som blei overflødige då Kristian 4s norske lov kom i trykt form i 1604.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Handskrifter av norske mellomalderlover ved Nasjonalbiblioteket

I 2024 er det 750 år sidan Magnus Lagabøtes landslov kom. Lova er overlevert i 39 handskrifter frå mellomalderen, og nokre få yngre.

Eit hovudmål for denne boka er å kaste lys over dei handskriftene av norske mellomalderlover som ligg ved Nasjonalbiblioteket. Ms.4° 1 og Ms.4° 317, som begge inneheld landslova, blir grundig beskrivne, også med omsyn til innhald og språk.

Boka omfattar også dei 25 handskriftene av omsetjing av landslova til dansk, og andre handskrifter av norske lover. Innleiingsvis er det gjeve eit samla oversyn over dei norske lovene frå mellomalderen, som alle finst i avskrifter ved Nasjonalbiblioteket.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.