Handskrifter av norske mellomalderlover ved Nasjonalbiblioteket

Ms.4° 1 inneheld den eldste norskspråklege bok i norske samlingar

Dei eldste tekstane vi har med norsk språk, er runeinnskrifter frå ca. 700 av. Dette er berre kortare tekstar, hogne inn på stein eller skorne inn i tre eller bein. Men Danmark har ei heil bok på 101 blad skriven med runer ca. 1300, den såkalla Codex Runicus, som inneheld Skånske lov.

På 1000-talet kom det latinske alfabetet til Noreg saman med kristendomen. Tekstane blei no skrivne på pergament, laga av kalveskinn, med fjørpenn, helst av gås, og blekk laga av eikegalleple og jernsulfat. Og det blei laga bøker. Eg definerer her bok som ei samling av blad med skrift på som er bundne saman i ein kant, med eit stivare omslag. Det er semje om at det blei skrive norskspråklege tekstar med det latinske alfabetet i løpet av 1000-talet. Dei fleste meiner at dette begynte i siste halvdelen av hundreåret. Sjølv har eg argumentert for at nedskrivinga av dei norske lovene begynte i fyrste halvdelen av 1000-talet, og i nokre kongesoger er det vist til lovbøker frå 1000-talet (Rindal 2004:108–110).

På 1000-talet får vi nok også dei fyrste norskproduserte bøkene. Det er ikkje bevart noko av dei, men dei har truleg vore skrivne både på latin og på gammalnorsk. Latinen har nok stått sterkast, noko vi også ser av at bókmál er brukt om latin. Ordet bók finn vi fleire gonger i norrøne tekstar, f. eks. om handskrifter av landslova.

Dei eldste bevarte norskspråklege tekstane vi har, er fragment av forteljingar om helgenar frå ca. 1150. Den eldste norskspråklege boka som er bevart, er Gammalnorsk homiliebok frå ca. 1200. Dette er ei samling av preiker, bevart i handskriftet AM 619 4°, som ligg ved Den arnamagnæanske samling i København.

Den eldste boka som er bevart i Noreg, er det såkalla Kvikne-psalteriet, Ms.8° 102, som inneheld salmar frå Bibelen. Ho er frå siste halvdelen av 1100-talet, og er skriven på latin. Kanskje er det dette psalteriet, og ikkje Gammalnorsk homiliebok, som er eldste bevarte bok produsert i Noreg.

Som kjent har dei fleste norske handskriftene, eller bøkene, frå mellomalderen gått tapt. Dei som har overlevd, ligg nesten alle i dag i samlingar i Sverige og Danmark.

I norske samlingar finst det i dag berre få norskspråklege handskrifter frå mellomalderen. Riksarkivet har nokre jordebøker og Gunnerusbiblioteket i Trondheim har eit handskrift av landslova. Dei to einaste handskriftene som inneheld delar som er eldre enn ca. 1350, ligg begge ved Nasjonalbiblioteket, Ms.4° 1 og Ms.4° 317. Av desse er Ms.4° 1 eldst, etter mi vurdering frå byrjinga av 1300-talet.

Dette gjer at lovhandskriftet Ms.4° 1 inneheld den eldste norskspråklege boka som er bevart i norske samlingar.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Handskrifter av norske mellomalderlover ved Nasjonalbiblioteket

I 2024 er det 750 år sidan Magnus Lagabøtes landslov kom. Lova er overlevert i 39 handskrifter frå mellomalderen, og nokre få yngre.

Eit hovudmål for denne boka er å kaste lys over dei handskriftene av norske mellomalderlover som ligg ved Nasjonalbiblioteket. Ms.4° 1 og Ms.4° 317, som begge inneheld landslova, blir grundig beskrivne, også med omsyn til innhald og språk.

Boka omfattar også dei 25 handskriftene av omsetjing av landslova til dansk, og andre handskrifter av norske lover. Innleiingsvis er det gjeve eit samla oversyn over dei norske lovene frå mellomalderen, som alle finst i avskrifter ved Nasjonalbiblioteket.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.