Handskrifter av norske mellomalderlover ved Nasjonalbiblioteket

Forord

I 2024 er det 750 år sidan Magnus Lagabøtes landslov kom. Lova er overlevert i 39 handskrifter frå mellomalderen, og nokre få yngre. Dei fleste ligg i samlingar i Danmark og Sverige. Tre av mellomalderhandskriftene ligg i dag i norske samlingar, to ved Nasjonalbiblioteket og eitt ved Gunnerusbiblioteket i Trondheim. To av desse tre har vore i Noreg frå dei blei skrivne. Dei to eldste ligg ved Nasjonalbiblioteket.

Eit hovudmål for denne boka er å kaste lys over dei handskriftene av norske mellomalderlover som ligg ved Nasjonalbiblioteket. Hovudvekta vil liggje på handskriftene frå mellomalderen, Ms.4° 1 og Ms.4° 317, som begge inneheld landslova. Dei blir grundig beskrivne, også med omsyn til innhald og språk. Ein del rettarbøter er overleverte i begge desse handskriftene, og for å lette lesinga er opplysningar om innhaldet gjevne to stader.

Boka omfattar også dei 25 handskriftene av omsetjing av landslova til dansk, og andre handskrifter av norske lover. Innleiingsvis er det gjeve eit samla oversyn over dei norske lovene frå mellomalderen, som alle finst i avskrifter ved Nasjonalbiblioteket. Her har eg henta stoff også frå Rindal 2004 og Rindal og Spørck 2018, endå om det ikkje er særskilt nemnt.

I arbeidet har eg brukt Gustav Storms Haandskriftsbeskrivelse i NgL 4 frå 1885 og katalogen ved Nasjonalbiblioteket. Dersom det er motstrid, har eg bygt på katalogen.

Arbeidet med boka er utført ved Nasjonalbiblioteket. Eg vil takke personalet ved spesiallesesalen for sjeldne bøker og privatarkiv for all den hjelpa eg har fått, prega av sterk vilje og evne til å hjelpe brukarane. Ei særleg takk går til Mette Witting, som har kome med opplysningar om handskriftene si historie, til Espen Karlsen, som har hjelpt meg med forståinga av latinske og greske notisar, og til Karen Arup Seip, som har laga det avsluttande oversynet over omtalte handskrifter.

Ei takk går også til Marit Aamodt Nielsen, som har lese ein korrektur på manuskriptet. Men for moglege feil ber eg åleine ansvaret.

Oslo, mai 2020
Magnus Rindal

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Handskrifter av norske mellomalderlover ved Nasjonalbiblioteket

I 2024 er det 750 år sidan Magnus Lagabøtes landslov kom. Lova er overlevert i 39 handskrifter frå mellomalderen, og nokre få yngre.

Eit hovudmål for denne boka er å kaste lys over dei handskriftene av norske mellomalderlover som ligg ved Nasjonalbiblioteket. Ms.4° 1 og Ms.4° 317, som begge inneheld landslova, blir grundig beskrivne, også med omsyn til innhald og språk.

Boka omfattar også dei 25 handskriftene av omsetjing av landslova til dansk, og andre handskrifter av norske lover. Innleiingsvis er det gjeve eit samla oversyn over dei norske lovene frå mellomalderen, som alle finst i avskrifter ved Nasjonalbiblioteket.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.