Handskrifter av norske mellomalderlover ved Nasjonalbiblioteket

Gustav Storms notat i Ms.4° 1081

Ms.4° 1081 a–h inneheld åtte hefte med notat og avskrifter frå Gustav Storm, som gav ut band 4 av NgL i 1885. Det hadde då gått 36 år sidan band 3 kom ut. I mellomtida hadde R. Keyser trekt seg frå arbeidet i 1862, og P. A. Munch døydde i 1863. I 1881 overtok Gustav Storm arbeidet med band 4, som etter planen skulle innehalde ei beskriving av dei handskriftene som var brukte i NgL. Under opphaldet i Danmark og Sverige 1835–1837 hadde Keyser og Munch laga ei kortfatta beskriving av dei handskriftene dei hadde studert (Ms.8° 1626), men arbeidet hadde blitt lagt til side. Sjølv hadde Storm i 1879 gjeve ut det vesle arbeidet Om Haandskrifter og Oversættelser af Magnus Lagabøters Love.

Gustav Storm oppheldt seg vinteren 1881–1882 i København. Han sat på Det Kongelige Bibliotek, og fekk lånt dit handskrifter både frå Den arnamagnæanske samling og frå svenske samlingar. Seinare fekk han lånt inn lovhandskrifter både frå danske og svenske samlingar til Riksarkivet i Oslo. Våren 1883 var han ei kort tid i Lund, Stockholm og Uppsala, og hausten same året var han i dei offentlege biblioteka i Trondheim og i Bergen. Og seint på hausten 1882 kunne dei begynne trykkinga av band 4 av NgL. Der er det beskriving av i alt 426 handskrifter.

Hefte a inneheld beskriving av nokre arnamagnæanske handskrifter. Denne er hefta saman med eit kort oversyn over somme verk frå den norrøne litteraturen.

Hefte b inneheld beskriving av handskrifter ved Universitetsbiblioteket og Deichmanske bibliotek i Oslo og ved biblioteket ved museet i Bergen. Denne er hefta saman med latinske notat frå Thomas Bartholins samlingar.

Hefte c inneheld avskrift av ein liten del av AM 94 4°. Dette er eit handskrift frå ca. 1600, som inneheld avskrift av landslova i AM. 322 fol., og omsetjing til dansk.

Hefte d inneheld ymse notat om handskrifter ved Det Kongelige Bibliotek i København.

Hefte e inneheld lagmannslister m.m.

Hefte f inneheld ymse notat om handskrifter i Den arnamagnæanske samling i København.

Hefte g inneheld m.a. avskrift av to fragment i Riksarkivet i Oslo. Avskrifta av NRA 4 ser ut til å vere grunnlaget for fyrste delen av utgåva i NgL 4:138–140. Der er også overskrifta på ei avskrift av NRA 5, men deretter fleire sider skorne bort, så vi kan ikkje sjå om dette er manuskriptet til utgåva i NgL 4:145–149. Der er i tillegg ymse notat og avskrifter av lovtekstar.

Hefte h inneheld ymse notat om handskrifter i svenske samlingar.

Med eit lite unntak i hefte g ser det ikkje ut til Ms.4° 1081 a–h inneheld noko manuskript til det som er trykt i NgL 4.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Handskrifter av norske mellomalderlover ved Nasjonalbiblioteket

I 2024 er det 750 år sidan Magnus Lagabøtes landslov kom. Lova er overlevert i 39 handskrifter frå mellomalderen, og nokre få yngre.

Eit hovudmål for denne boka er å kaste lys over dei handskriftene av norske mellomalderlover som ligg ved Nasjonalbiblioteket. Ms.4° 1 og Ms.4° 317, som begge inneheld landslova, blir grundig beskrivne, også med omsyn til innhald og språk.

Boka omfattar også dei 25 handskriftene av omsetjing av landslova til dansk, og andre handskrifter av norske lover. Innleiingsvis er det gjeve eit samla oversyn over dei norske lovene frå mellomalderen, som alle finst i avskrifter ved Nasjonalbiblioteket.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.