Handskrifter av norske mellomalderlover ved Nasjonalbiblioteket

Handskrifter med omsetjing til dansk av landslova




Ms.fol. 4

Det er fire skrivarar i dette handskriftet, som er frå slutten av 1500-talet. Hovudhanda har skrive landslova, bylova og ei rad rettarbøter. Handskriftet startar med Magnus Lagabøtes prolog til landslova, som blir kalla «den rette gamle fortale som kong Magnus sjølv laga». Omsetjinga er etter ein Gulatings-redaksjon. Etter prologen kjem eit register over bolkane og kapitla i dei. Der er ingen eigen kristendomsbolk, den er inkorporert i tingfarebolken, og credo-kapitlet manglar. Handskriftet har 22 kapittel i landevernsbolken, det vanlege i dei norrøne handskriftene er 18. Ms.fol. 4 har i alt åtte bolkar. Som nemnt er der ingen eigen kristendomsbolk, og det er ingen bolk med rettarbøter.

Etter tjuvebolken seier handskriftet at det er slutt på Noregs lovbok. Kong Håkon og kong Magnus sine rettarbøter og epilogen står seinare, etter ein instruks om kyrkjas handel og Regulæ juris. Rett etterpå kjem det 49 rettarbøter, som spenner over tidsrommet 1293–1584. Denne omsetjaren har sett på rettarbøtene frå Håkon Håkonsson og Magnus Lagabøte på same måten som dei andre rettarbøtene, dei er ikkje ein del av landslova.

Rettarbøtene er ikkje fullstendig kronologisk ordna. Dei som har hatt norrøn språkform, er omsette til dansk. Ei av dei gamle rettarbøtene i omsetjing er hertug Håkon Magnussons store rettarbot for Ringerike og Hadeland, trykt i NgL 3 nr. 7 (sjå under Ms.4° 1). I handskriftet er ho datert til fire dagar før påske i det åttande året i hertugen si regjeringstid, som blir 2. april 1298. Ho gjev også årstalet med romartal, og det er 1227, som må vere ei feilskrift. Også andre omsetjingar av rettarbota har denne feildateringa. I RN 2 nr. 872 er ho datert til 10. april 1297. I Ms.fol. 4 begynner rettarbota med artikkel 8, om skysshestar, slik også nokre andre omsetjingar gjer, sjå NgL 3:27.

På slutten av handskriftet kjem det ei omsetjing til dansk av Bergens bylov, fullført 18. mai 1568, skriven av same handa som har skrive landslova. I byrjinga er det sagt at omsetjinga berre inneheld dei artiklane som ikkje står i landslova.

Den instruksen som står etter landslova, er skriven under av m.a. «D. Jens Skielderup», som truleg er han som var biskop i Bergen 1557–1582. Handskriftet inneheld Gulatings-redaksjonen av landslova og Bergens bylov, det er difor all grunn til å tru at det har blitt til i Bergen. Det er fire ulike hender i handskriftet, alle frå slutten av 1500-talet. Hovudhanda har skrive landslova og bylova, men dei har ulik datering. I pennesvinget etter kvar bolk i landslova stå det 1581, medan bylova har årstalet 1568.

Etter NgL 4:711 var boka (i 1885) bunden inn i brunt figurert lerbind frå ca. 1600 med spor av messingspenner. Bindet var då halvt avrive, og blada til dels moletne. Etter at handskriftet kom til biblioteket, er det bunde inn på nytt.




Ms.fol. 5


Ms.fol. 5, 1r

Ms.fol. 5, 1r

Bortsett frå éi side er heile handskriftet skrive av éin skrivar. På innsida av framsida av bandet på handskriftet står det «Morten Nielsen forrige Laugmand i Staffanger, haffuer denne Lougbog schreffuen». Morten Nilssøn var lagmann i Stavanger 1590–1601, og før det byskrivar i Bergen 1588–1590. Han har også skrive ein del av landslova i Holm perg 31 4° (Gulatings-redaksjonen), GKS 3262 4° (bylova), AM 97 4° (bylova i omsetjing) og Ms.4° 507 (bylova i norrøn tekst og omsetjing). Han har skrive heile handskriftet, bortsett frå framsida av blad 255. Hovuddelen inneheld norrøn tekst av landslova og omsetjing til dansk, i kvar sin spalte. Etter Storm 1885:712 er den norrøne teksten skriven av etter AM 322 fol., som m.a. inneheld Gulatings-redaksjonen av landslova. Men i prologen er AM 322 fol. det einaste handskriftet som flytter avsnittet om arv, bortgifting av kvinner osb. til slutten, og det gjer ikkje Ms.fol. 5. Det er difor lite truleg at AM 322 fol. er førelegget. Men det er vanskeleg å peike på kva handskrift av landslova som Morten Nilssøn har brukt. Teksten gjev aldri noko namn for lagtinget, men skriv N: ting. Det same gjer Holm perg 31 4°, som inneheld Gulatings-redaksjonen av landslova, og som delvis er skrive av Morten Nilssøn. Det er fleire innskot av utdrag av rettarbøter, resessar (den yngste er Jørgen Lykkes frå 1568) og andre rettstekstar, m.a. den eldre Gulatingslova og Jónsbók. Dei avsluttande rettarbøtene frå kongane Håkon og Magnus er ikkje med i avslutninga.

Ms.fol. 5 har den vanlege prologen i landslova, formulert som eit brev frå Magnus Lagabøte. I tillegg har det ein ny prolog, som viser tilbake til Olav den heilages lovarbeid. Credo-kapitlet har den gamle formuleringa. Tingfarebolken og kristendomsbolken har ikkje eigne nummer. Landevernsbolken er andre bolken, og har 18 kapittel. Det er ingen bolk med rettarbøter. Men kong Magnus sin epilog er med.

Før landslova står det to bøner, formular for å setje og løyse opp tinget, eit kalendarium og eit alfabetisk register over viktige ord og uttrykk i landslova, med sidetilvising.

Etter landslova kjem ei norsk kongerekkje på latin (med ei anna hand), frå Sverre til Kristian 4, eit register over kapitla i dei ulike bolkane i landslova, eit stykke om mynt, vekt osb., fleire rettarbøter, somme med både norrøn tekst og dansk omsetjing. Dei er ikkje fullstendig kronologisk ordna. Her står også dei rettarbøtene frå kongane Håkon og Magnus, som elles i handskriftene er ein avsluttande del av landslova. Utanom desse inneheld handskriftet 13 rettarbøter og domar.

Siste kapitlet i landsleigebolken gjeld jakt på sel. Ms.fol. 5 set deretter inn ei rettarbot frå kong Håkon om forbod mot å fare til andres selvær i ein viss periode (sjå på slutten under rettarbøtene i Ms.4° 1). Her er den andre perioden frå mortensmesse til jul, som svarar til seks veker før jul. Også Ms.fol. 5 har eit tillegg til det som står i Frostatingslova og i Bjarkøyretten.

Handskriftet er innbunde i brunt figurert skinn. På frampermen ser vi Justitia med vekta, og vi kan lese M N 1597. Det same er skrive inne i handskriftet etter epilogen i landslova. M N er nok initialane til Morten Nilssøn. Ved slutten av prologen står årstalet 1595. I kalendariet finn vi årstala 1592 og 1599.

Vi veit ikkje noko om handskriftets proveniens.




Ms.fol. 230

På tittelbladet står følgjande: «Norgis laugbog, huilcken den herre s. Oluff konning med mange gode herrer oc fremfarne konninger vdi Norgis rige stadfest haffuer oc nu aff norsk tungemaall paa dansche vdsat och forklarit mennige mandt till nytte oc gaffn». Der står også H. G. 1585 og MB 92. H. G. er nok Henrik Gyldenstierne. På blad 3r står det Niclas Poulsen manu propia (dvs. «med eiga hand»), med ei hand frå 1700-talet (Storm 1885:714). Det er fire skrivarar i handskriftet. Hand a har skrive blad 1–141, og i pennesvinget på siste sida står årstalet 1585. Truleg er det denne skrivaren som kallar seg MB på tittelbladet, der vi også finn same årstalet. Hand b har skrive blad 142–151r, og årstalet 1591 står øvst på fyrste sida. Hand c har skrive blad 151r–157r. Der er det inga datering, men den yngste rettarbota er frå 1594. Hand d har skrive resten av handskriftet, blad 157v–160r. Der er det inga datering, men det yngste dokumentet er frå 1631. Hand a har skrive landslova og ei rad rettarbøter.

Landslova har ein ny prolog, som viser tilbake til Olav den heilages lovarbeid. Også tittelbladet viser til Heilag-Olav. Kristendomsbolken er her ikkje eigen bolk, men den siste delen av tingfarebolken. Credo-kapitlet manglar. Landevernsbolken har 22 kapittel. Kong Håkon og kong Magnus sine rettarbøter manglar. Det same gjer epilogen. Landslova er generelt formulert, og viser ikkje til noko bestemt ting.

Etter landslova kjem 88 Regulæ juris på latin, med omskriving til dansk. Så kjem ei rad rettarbøter, frå Magnus Lagabøtes tid tid og til 1608. Rettarbøtene er ikkje fullstendig kronologisk ordna. Innimellom rettarbøtene kjem eit stykke om saker der kongen og biskopen saman har rett til bøter og inndragingsgods, den norske kongerekkja frå Harald Hårfagre til Hans (d.1513), eit stykke om eidar og meineidar (De iuramento et significatione eius). Der er også to resessar, Truid Ulfstand og Claus Bille sin resess, Bergen 1539 og Bjørn Andersens resess, Oslo 1578. Resessane blir i handskriftet kalla rettarbøter. På slutten av handskriftet er det svar på eit par supplikkar (bøneskrift eller klageskrift stila til kongen) som er sende inn frå fire sorenskrivarar i Akershus og frå bøndene i fire fiskevær på Nordmøre.

Mellom det hand a og hand b har skrive, står det ein notis som opplyser at det finst mange brev på Båhus som har kome Henrik Gyldenstierne i hende. Det gjeld truleg dei etterfølgjande rettarbøtene. Denne notisen er skriven eigenhendig av Henrik Gyldenstierne. Etter Storm (1885:715) var Henrik Gyldenstierne lensherre på Båhus 1576–1592, og han har truleg late handskriftet binde inn i brunt figurert skinnbind med messingspenner.

Handskriftet blei gjeve til Universitetsbiblioteket i 1842 av bergråd Peter Petersen (1767–1850), som også var stortingsmann.




Ms.fol. 278

Heile handskriftet er skrive av éin skrivar. Landslova har ein ny prolog, som viser tilbake til Olav den heilages lovarbeid. Skriftemål og faste er med i credo-kapitlet. Landevernsbolken har 12 kapittel. Kong Håkon og kong Magnus sine rettarbøter manglar. Det same gjer epilogen. Landslova er generelt formulert, og viser ikkje til noko bestemt ting.

Etter landslova kjem ei rad rettarbøter, frå Magnus Lagabøtes tid og til 1587. Rettarbøtene er ikkje fullstendig kronologisk ordna. Innimellom rettarbøtene står det seks resessar, frå Truid Ulfstand og Claus Bille, kong Fredrik 2, Trond Benkestokk, Erik Rosenkrantz, Jørgen Lykke, Bjørn Andersen. Det finst også nokon fleire rettsdokument.

Handskriftet inneheld også slektstavla frå Magnus Måneskjold, med kroninga av kong Hans. Vi finn også lista over saker der kongen og biskopen saman har rett til bøter og inndragingsgods.

Før siste stykket i handskriftet står det «Anno 1598 denn 3 Nouemb: bleff denne bog endt». Handskriftet var innbunde i brunt figurert skinnbind. Det blei omfattande reparert/konservert og ombunde i 1960. Det gamle midtfeltet i frampermen er innfelt i den nye, og der står det «I. P. S. 98». Den gamle bakpermen blei fjerna, og ligg no i ein konvolutt som er limt til den nye bakpermen. Der ligg også seks blad frå ei samtidig rekneskapsbok, og seks små fragment. Desse fragmenta har truleg lege i ryggen på handskriftet, og dei inneheld helgendelen av eit graduale frå 1100-talet, av tysk type.

Handskriftet blei kjøpt til Universitetsbiblioteket på auksjon etter Jens Christian Berg (1775–1852). Han hadde juridisk utdanning, og var justitiarius ved Akershus stiftsoverrett 1814–1843. Berg var ein framståande historikar, og hadde eit stort bibliotek med ca. 10000 band, som blei selt på auksjon etter hans død.




Ms.fol. 530

Bortsett frå dei siste 16 sidene, som inneheld Bjørn Andersens resess, er heile handskriftet skrive av éin skrivar. Fyrst kjem De officio Iudicis og ei liste over dei mest interessante artiklane i landslova og rettarbøtene, med tilvising til kvar dei finst. Landslova er generelt formulert, men Storm (1885:722) meiner at ho byggjer på Frostatings-redaksjonen. Lova har kong Magnus sin prolog. Kristendomsbolken er her ikkje eigen bolk, men den siste delen av tingfarebolken. Credo-kapitlet nemner faste, men ikkje skriftemål. Landevernsbolken har 18 kapittel. Kong Håkon og kong Magnus sine rettarbøter manglar. Etter tjuvebolken står det at det er slutten på Noregs lovbok, med årstalet 1594. Deretter kjem epilogen, kalla Conclusio, som viser tilbake til Olav den heilages lov. Etter mannhelgebolken står årstalet 1593. Dernest kjem giftingsbolken, med 6 kapittel, og Arvetalet, med 13 arvar. Deretter står det at det som følgjer, ikkje står i lovboka, men er sett saman av lagmannen O. W. F. Etter Storm (1885:722) er dette Olav Vigfastsson, lagmann i Trondheim, død ca. 1538, omtalt i DN 7 nr. 702. Det følgjande er ein giftingsbolk med to slektstre og 24 kapittel.

Etter landslova står det eidsformularar. Så kjem det ei rad rettarbøter, frå Magnus Lagabøtes tid og til 1548. Siste delen av kong Magnus sine rettarbøter er i hovudsak dei som elles står som del av landslova. Handskriftet inneheld også resessar frå Truid Ulfstand og Claus Bille, udaterte, frå Peder Huitfeldt og lagmennene, Bergen 1557, frå Erik Rosenkrantz (kalla «Resess oc Rettebøder»), Bergen 1561 og 1565, frå Jørgen Lykke, Bjørn Andersen og Kristoffer Valkendorf (kalla «Resess oc Rettebøder»), Bergen og Trondheim 1568 og frå Bjørn Andersen og andre gode menn (kalla «Rettebøder»), Trondheim 1578. Vi finn også Regulæ juris og ei liste over dei norske kongane, frå Harald Hårfagre til Sigurd og Øystein, søner av Magnus Berrføtt (d. 1103). På to sider står det også ei beskriving, kalla søkort, av segling til Grønland. Særleg interessant er resessen frå Peder Huitfeldt og lagmennene. Peder Huitfeldt (d. 1584) var Noregs rikes kanslar 1547–1565. I 1557 var han og alle lagmennene i Noreg med på eit rettarting i Bergen, der ein lovrevisjon var påtenkt. Men det ser ut til at det var uråd å få til ein fullstendig revisjon av landslova, og resultatet blei berre 6 artiklar (sjå meir i Robberstad 1976:225, som seier 14 paragrafar).

På frampermen er det trykt H A 1594. På innsida av frampermen står det m.a. iohannis Andreæ. B. og årstalet 1594. Same namn og årstal finn vi att på sida framfor landslova, og det står også datoen 24. januar. Det står også at Niels Lange fekk handskriftet som gåve av Jacob Trolle 1599, og at det i 1796 og 1837 tilhøyrde Iver Pedersen Bøe i Gausdal. Etter Storm (1885:723) blei handskriftet innsendt i 1837. Seinare har det tilhøyrt Jacob Aall (1773–1844), og arvingane hans gav det til biblioteket i 1883.

Handskriftet er bunde i brunt figurert skinnbind med messingspenner, ei messingspenne er øydelagd.

Saman med boka ligg no halvparten av eit vertikaldelt blad, truleg delar av ein rekneskap, der vi kan lese årstalet 1763.




Ms.4° 14

Heile handskriftet er skrive av éin skrivar. Landslova har ny prolog, som viser tilbake til Olav den heilages lovarbeid. Kristendomsbolken er her ikkje eigen bolk, men den siste delen av tingfarebolken. Credo-kapitlet manglar. Landevernsbolken har 22 kapittel. Kong Håkon og kong Magnus sine rettarbøter manglar. Det same gjer epilogen. Lova er generelt formulert, og viser ikkje til noko bestemt ting. Etter sjølve lova kjem det eit register over kapitla i alle bolkane. Deretter kjem det ei rad rettarbøter, frå Håkon Håkonssons tid og til Kristian 3 (d. 1559). Desse er ikkje fullstendig kronologisk ordna. Fyrst kjem ei rettarbot frå Eirik Magnusson. Deretter kjem rettarbøter frå Håkon Håkonsson og Magnus Lagabøte, nokre av dei er dei same som vi elles finn som del av landslova. Så kjem Truid Ulfstand og Claus Bille sin resess, Oslo utan år. Deretter kjem slektstavla frå Magnus Måneskjold. Til slutt står det ei liste over norske kongar, med opplysning om kor mange år dei regjerte. Ho startar med Harald Hårfagre og sluttar med Kristoffer av Bayern, konge 1442–1448. I alt omfattar lista 534 år.

Handskriftet er bunde inn i kvitt skinnbind med reimar, som no delvis er borte. På fyrste sida med tekst står det Lars Lünov.

Vi veit ikkje noko om handskriftets proveniens.




Ms.4° 58

Heile handskriftet er skrive av éin skrivar. Framfor fyrste bladet er minst eitt blad borte. Der har prologen stått, no er det berre seks linjer att. Det ser ut til å vere ein ny prolog, og ikkje Magnus sin. Kristendomsbolken er her ikkje eigen bolk, men den siste delen av tingfarebolken. Credo-kapitlet manglar. Landevernsbolken har 11 kapittel. Kong Håkon og kong Magnus sine rettarbøter manglar. Det same gjer epilogen. Lova er generelt formulert, og viser ikkje til noko bestemt ting. På slutten av lova står det: «Her ændis Norgis Lagbog, Som schreffuen war anno 1560».

Etter landslova kjem det ekstrakt av 12 rettarbøter frå kong Håkon (truleg Magnusson) og av ei rettarbot frå kong Eirik Magnusson. Deretter kjem rettarbøter frå Håkon Håkonsson og Magnus Lagabøte, nokre av dei er dei same som vi elles finn som del av landslova. Så kjem åtte rettarbøter frå Håkon 5 Magnussons tid og fram til Kristian 3 (d. 1559). Til slutt kjem Truid Ulfstand og Claus Bille sin resess, som manglar avslutninga.

Handskriftet er bunde inn i nyare bind, og på ryggen er trykt «K Magni Guletings Lov». På frampermen står eit eigarmerke i form av eit elefanthovud, der snabelen ber ei krone med tre piler. Dette eigarmerket tilhøyrer Bolle Willum Luxdorph, 1716–1788, dansk embetsmann og litterat. Og på baksida av fyrste bladet står det «Luxdorph». Han hadde ei omfattande boksamling på ca. 15000 band, som blei seld på auksjon etter hans død. I katalogen over Luxdorphs boksamling står det at handskriftet inneheld ei dansk omsetjing av Gulatingslova. Men på framsida av fyrste bladet står det «Denne er ikke Kong Magni Guletings Lov, men Kong Olufs norske Lovbog», dvs. den eldre Gulatingslova. Etter Storm (1885:728) skal Luxdorph ha skrive dette, men katalogen ved Nasjonalbiblioteket opplyser at det er Halvor Andersens (1745–1810) hand. Dette kan tyde på at handskriftet har tilhøyrt Halvor Andersens samling, som blei testamentert til det nye universitetsbiblioteket.




Ms.4° 302

Heile handskriftet er skrive av éin skrivar, bortsett frå fem blad rett etter landslova. Lova har ny prolog, som viser tilbake til Olav den heilages lovarbeid. Kristendomsbolken er her ikkje eigen bolk, men den siste delen av tingfarebolken, credo-kapitlet manglar. Landevernsbolken har 22 kapittel. Kong Håkon og kong Magnus sine rettarbøter manglar. Det same gjer epilogen. Lova er generelt formulert, og viser ikkje til noko bestemt ting.

Etter landslova kjem det ein dom og to rettarbøter skrivne med ei anna hand. Domen er frå Bergen 13. juli 1589, og gjeld ei sak mellom bøndene og Peder Frost, fut i Dale i Sunnfjord. Dei to rettarbøtene er frå kong Kristian 3, København 1550, og frå dronning Filippa (d. 1430). Den siste er feilaktig datert til 1525.

Deretter kjem det ei rad rettarbøter, frå Håkon Håkonssons tid og til 1573, og dei er ikkje kronologisk ordna. Rettarbøtene frå Håkon Håkonsson og Magnus Lagabøte er delvis dei same som vi elles finn som del av landslova. Håkons rettarbøter er stila til Eidsivating, og Magnus sine til alle Noregs menn, men også Magnus sine ser ut til å vere gjevne til Eidsivating. I tillegg til desse finn vi 23 andre rettarbøter.

Handskriftet inneheld også eit oversyn over norske kongar og 88 Regulæ juris, på latin og dansk. Vi finn også Truid Ulfstand og Claus Bille sin resess, Bergen 1539, nokre andre rettstekstar og slektstavla frå Magnus Måneskjold. Alle desse tekstane er det vanskeleg å lese på grunn av vasskade.

Handskriftet inneheld også eit stykke om selvær, og her er den andre «heilage» perioden frå mikjelsmesse (29. september) til jul, slik som i Ms.4° 1. Teksten inneheld eit tillegg om korleis ein kan fri seg for skulding om brot på denne rettsregelen, slik som i Ms.4° 1. Der er også eit stykke om leidangsfall.

I handskriftet ligg det no eit originalbrev frå 1558.

I 1812 kjøpte Teis Lundegaard (1774–1856) handskriftet av «Madame Holm» (Storm 1885:729). Han har skrive namnet sitt inne i omslaget rundt permen.

Handskriftet har seinare vore i jurist Henrik Steenbuchs (1774–1839) eige, og Universitetsbiblioteket kjøpte det på auksjonen etter hans død i 1839. (Jfr. Witting 2020.)




Ms.4° 311

Heile handskriftet er skrive av éin skrivar. Det er defekt, og inneheld no berre 31 blad. Den gamle nummereringa viser at følgjande er bevart: Blad 22, som inneheld slutten på landevernsbolken, og starten på mannhelgebolken; blad 55–61, som inneheld kap. 25–29 av mannhelgebolken og kap. 1–3 av arvebolken, som her blir kalla quinde giffting; blad 87–109, som inneheld kap. 23–25 av arvebolken, kap. 1–15 (som er siste kapitlet) av odelsløysingsbolken og kap. 1–6 av landsleigebolken. Etter Storm (1885:729) inneheld handskriftet også blad 62–86, men det er truleg ei feilaktig opplysning.

Landevernsbolken er andre bolk, så anten har handskriftet mangla kristendomsbolken eller han har vore inkorporert i tingfarebolken. Vi kan ikkje sjå kor mange kapittel det har vore i landevernsbolken. Vi kan heller ikkje sjå om kong Håkon og kong Magnus sine rettarbøter har vore ein del av lova.

Handskriftet er bunde inn i papirbind. Det er inga datering i det, Storm (1885:729) seier ca. 1550. På innsida av frampermen står det C. Anker. Handskriftet har altså tilhøyrt Carsten Anker (1747–1824). Også Ms.4° 309, frå 1700-talet, som inneheld Frostatings kristenrett, har tilhøyrt Carsten Anker. Handskriftet har seinare vore i jurist Henrik Steenbuchs (1774–1839) eige, og Universitetsbiblioteket kjøpte det på auksjonen etter hans død i 1839. (Jfr. Witting 2020.)




Ms.4° 314

Bortsett frå dei to siste blada, som ser ut til å vere hefta inn seinare, er handskriftet skrive av éin skrivar. Landslova er generelt formulert. Ho har Magnus Lagabøtes prolog. Der står det at kristendomsbolken er fyrste delen av tingfarebolken, men det nå vere ein skrivefeil, for i det følgjande utgjer kristendomsbolken siste delen av tingfarebolken. Credo-kapitlet manglar. Landevernsbolken har ti kapittel.

Handskriftet seier at lovboka sluttar etter tjuvebolken, trass i at prologen har den gamle formuleringa om at rettarbøtene er ein del av lova. Også epilogen manglar.

Etter landslova kjem det ekstrakt av rettarbøter frå kong Håkon (truleg Magnusson) og ei rettarbot frå kong Eirik Magnusson. Deretter kjem rettarbøter frå Håkon Håkonsson og Magnus Lagabøte, nokre av dei er dei same som vi elles finn som del av landslova. Magnus sine er daterte til 1274.

Så kjem tolv rettarbøter frå kong Håkon Magnussons tid og fram til Kristian 3, siste rettarbota er datert 1541. Til slutt i det som hovudhanda har skrive, kjem Truid Ulfstand og Claus Bille sin resess, Oslo 1539. Denne delen inneheld også ein riksrådsdom om bøndene på Hedmark og Romerike, Oslo 1348.

På dei to siste blada står Fadervår og ei taksering av jord. Denne blir avslutta med årstalet 96 og initialane C: T: S:

Innbindinga er av nyare dato. På innsida av frampermen er det limt eit stykke papir som seier at Jens Christopherssen har gjeve handskriftet til svogeren Otte Mogenssen. Den sistnemnde kan vere Otte Mogensen Gyldenaar (d. 1660), som var lagmann på Opplanda 1635–1660.

På innsida av permen er det opplyst at biblioteket fekk handskriftet som gåve i 1842 av bergråd Peter Petersen (1767–1850).




Ms.4° 377


Ms.4° 377, tittelbl.

Ms.4° 377, tittelbl.

Bortsett frå dei tre siste blada er heile handskriftet skrive av éin skrivar. Etter tjuvebolken i landslova står det følgjande: «Her endis Lougbogen skreffuit paa Lindaas vdj Norhoreleen aff Albert Albertzøn effter Erick Pederssøn egen handskrifft Anno 1601 den 26. Decemb. Soli deo gloria» (Storm 1885:734). Lovboka blir altså avslutta her, og inkluderer ikkje kong Håkon og kong Magnus sine rettarbøter eller epilogen. Denne omsetjinga har kong Magnus sin prolog. Etter tingfarebolken er fleire blad borte, og teksten begynner att i kap. 15 i landevernsbolken. Sidan tingfarebolken er kalla fyrste Bog, og landevernsbolken andre, kan ikkje handskriftet ha innehalde nokon kristendomsbolk. Landevernsbolken har 25 kapittel. Sidan kong Håkon og kong Magnus sine rettarbøter ikkje er med, har landslova her åtte bolkar. Tittelbladet kallar lova Heilag-Olavs lov.

Deretter kjem det 30 rettarbøter, frå Håkon Håkonssons tid og til 1557. Fyrst står rettarbøter frå Håkon Håkonsson som elles er ein del av landslova. Deretter kjem Magnus Lagabøtes rettarbøter, som elles er ein del av landslova, og ein forkorta versjon av Magnus sin epilog til landslova. Rettarbøtene er ikkje fullstendig kronologisk ordna.

På dei tre siste blada har ei hand frå 1600-talet skrive om betydninga av eiden, i ei anna utforming enn i NgL 2:337.

Handskriftet er innhefta i eit breviarium frå 1200-talet (jfr. Edwards 2013:340).

Dette er ei omsetjing av Gulatings-redaksjonen av landslova. Etter Storm 1885:734 skal ho byggje på eit tapt handskrift. Men under omtalen av AM 307 fol. meiner Storm 1885:483 at dette handskriftet er grunnlaget for omsetjinga. AM 307 fol. inneheld ikkje rettarbøter, så dei må i så fall vere tekne frå andre handskrifter. Før kong Magnus sin prolog er det vist til at Olav den heilage laga lova, som dei norske kongane seinare har stadfest, og som kong Magnus har retta og forbetra.

Det einaste vi veit om proveniensen, er at handskriftet kom til biblioteket i 1852. (Jfr. Witting 2020.)




Ms.4° 502

Heile handskriftet er skrive av éin skrivar, og inneheld berre omsetjing av landslova. Det har ein ny prolog, som viser tilbake til Olav den heilages lovarbeid. Kristendomsbolken er inkorporert i tingfarebolken. Credo-kapitlet manglar. Landevernsbolken har 11 kapittel (ikkje 21, som opplyst av Storm 1885:735). Kong Håkon og kong Magnus sine rettarbøter manglar. Det same gjer epilogen. Lova har såleis åtte bolkar. Ho er generelt formulert.

Handskriftet, som skal vere frå slutten av 1500-talet, er bunde inn i brunt skinnbind frå 1700-talet. Det har i 1764 tilhøyrt Philip Smit, som også kalla seg Philipus Georgius Fabritius. Biblioteket kjøpte det 1855 på auksjon etter høgsterettsassessor Debes, som er høgsterettsassessor Jens Peter Gløersen Debes, 1776–1832. Debes sitt namn står på fyrste sida i handskriftet.




Ms.4° 526


Ms.4° 526, 39r

Ms.4° 526, 39r

Heile handskriftet er skrive av éin skrivar. På tittelbladet står det at dette er Noregs lovbok, omsett til dansk frå den gamle lovboka for Gulating, skrive på Nedenes i 1592. Handskriftet startar med ei opplisting av kongane i Noreg, frå Harald Hårfagre til Kristian 4 (d. 1648). Deretter kjem slektstavla frå Magnus Måneskjold. Etter eit stykke om landskyld kjem det ei dansk omsetjing av kong Magnus sin prolog til landslova. Deretter begynner sjølve lovboka, med ein ny prolog, som viser tilbake til Olav den heilages lovarbeid. Kristendomsbolken er her ikkje eigen bolk, men den siste delen av tingfarebolken. Skriftemål og faste er med i credo-kapitlet. Landevernsbolken har 12 kapittel. Kong Håkon og kong Magnus sine rettarbøter er ikkje med. Det er heller ikkje kong Magnus sin epilog. Mange av kapittelinitialane har andlet teikna inn i seg. Etter sjølve lova kjem det eit register over kapitla i alle bolkane.

Deretter kjem lista over saker der kongen og biskopen saman har rett til bøter og inndragingsgods, og ei rad rettarbøter, frå Magnus Lagabøtes tid og til 1508. Rettarbøtene er ikkje fullstendig kronologisk ordna. Så kjem Truid Ulfstand og Claus Bille sin resess, Bergen 1539. Resessen blir i handskriftet kalla rettarbøter. Dernest kjem ei arvetavle i 13 ledd. Til slutt er det brotstykke av eit skriv til kongen om dom i ei arvesak.

Handskriftet er bunde inn i eit brunt skinnbind med spor til messingspenner. På innsida av det bakre bindbladet står årstalet 1593, og at boka tilhøyrer Christoffer Jørgenssøn. Det blir også opplyst at han var fogd i Nedenes len og i Mandals len, og at han i 1604 var borgar i Køge. På fyrste bladet i handskriftet er det rundt 1600 skrive Anne Marie Larsdatter, og med ei nyare hand «Till Universitets Bibliotheket i Christiania af P. O. Liljevalch». Liljevalch (d. 1877) var livlækjar for den svenske kongen, og samla også på gamle handskrifter. Han gav det til biblioteket i 1857. (Jfr. Witting 2020.)




Ms.4° 528


Ms.4° 528, tittelbl.

Ms.4° 528, tittelbl.

Handskriftet inneheld berre landslova med etterfølgjande register. Lova er skriven med ei hand, og registeret med ei anna.

På fyrste sida i handskriftet står årstalet 1544, og same årstalet står i avslutninga etter lova.

På fyrste sida i handskriftet står også følgjande tekst: «Norrigiis laagbog er partthett vdi otthe bøger och er aff viisse och forstandige mendt wdragen aff rett gammell norske och wdsatt paa dette maall alle till nytte och gaffn som henne lesse och kunne forstaa henne ret et cetera miitt hop er christus». Det blir her altså vist til at «vise og forstandige» menn har omsett Noregs lovbok frå gammalnorsk til dansk. Men vi får ikkje vite noko om kven desse mennene var.

Ms.4° 528, skrive 1544, er det nest eldste av handskriftene av den danske omsetjinga av landslova. Det har same skrivaren (Rassmus Hertuicksen) som det eldste, AM 85 4° frå 1543. Begge handskriftene har kanskje blitt til i Trondheim. Ms. 4° 528 inneheld berre landslova. AM 85 4° inneheld også Bergens bylov, Farmannslova, Nidaros’ takmark (einemerke) og mange rettarbøter.

Landslova, som er generelt formulert, har ny prolog, som viser tilbake til Olav den heilages lovarbeid. Kristendomsbolken er inkorporert i tingfarebolken. Credo-kapitlet manglar. Landevernsbolken, som blir kalla wdtfarbolchenn, har 11 kapittel. Kong Håkon og kong Magnus sine rettarbøter og epilogen manglar.

Handskriftet er innbunde i brunt figurert skinnbind.

Det er ikkje nokon opplysningar i sjølve handskriftet om eigarar, men det har tilhøyrt Christian Hersleb Hornemann (1781–1860), overrettsassessor i Trondheim 1815–1860, og stortingsmann. Då han døydde, hadde han ei boksamling på ca. 10000 bind. I testamentet sitt bestemte han at fyrst Universitetsbiblioteket i Christiania, og deretter DKNVS i Trondheim, skulle få dei bøkene dei sjølve ønskte. Ms.4° 528 var mellom dei som kom til Universitetsbiblioteket.




Ms.4° 553

Handskriftet ber tittelen «Norske Lougbog, som er wdskreuen effter Edtzwalds Lougbog», men det er slett ikkje Eidsivatings-redaksjonen av landslova vi har her. Hovuddelen (hand a frå ca. 1575) av handskriftet er ei omsetjing av NKS 1642 4° (etter Storm 1885:741), som inneheld Borgartings-redaksjonen. Omsetjinga er gjord av Hans Jakobsen Loe, lagmann i Skien 1567–1573 og i Tønsberg 1573–ca. 1580. Sjølve teksten skriv han i gotisk skrift, men i notar og i overskrifter bruker han kursiv. Prologen, Kristenretten, Håkon og Magnus sine rettarbøter og epilogen manglar. Tingfarebolken er generelt formulert. Landevernsbolken har 18 kapittel. Etter landslova kjem det ei rad rettarbøter «aff Tønsberg loug bog». Det er vel dette som får Gustav Storm til å meine at 553 er omsett etter NKS 1642 4°, som også blir kalla Codex Tunsbergensis. Rettarbøtene i 553 følgjer ikkje rettarbøtene i 1642, men stikkprøver i landslova viser at 553 følgjer 1642 der 1642 vik av frå dei andre handskriftene. Dessutan seier 553 at lagtinget skal møte persokaftan, denne møtetida finn vi berre i 1642 og to andre handskrifter med Borgartings-redaksjonen av landslova. Det er alt i alt grunn til å tru at 553 verkeleg inneheld omsetjing av landslova i 1642. Denne omsetjinga av landslova er skriven av i AM 92 4° og UBB Ms 65.

I tillegg til landslova har Hans Jakobsen Loe skrive dei eldste rettarbøtene, til og med dronning Margretes. To andre hender frå slutten av 1500-talet har skrive det som står føre landslova, og rettarbøtene etter dronning Margretes tid, pluss ei frå 1357. Den eine skrivaren kallar seg Hartuigh Rasmussen.

Framfor landslova står: 1. Tabell over markebol, øyresbol osb. 2. Forklaring av ord som vinternatt, frillebarn osb. 3. Alfabetisk register over innhaldet i landslova. 4. Liste over norske kongar frå Harald Hårfagre til Kristian 4, «ther endnu leffuer». 5. Nyttige artiklar frå lova. 6. Liste over høvedsmenn på Båhus, frå Jørgen Lauritssøn til Hannibal Gyldenstierne til Restrup (1592–1595).

Etter landslova kjem 44 rettarbøter og nokre andre rettstekstar. Rettarbøtene, som ikkje er fullstendig kronologisk ordna, skriv seg frå Magnus Lagabøtes tid og til Kristian 4 i 1596. Der er to resessar, Truid Ulfstands og Claus Billes frå Oslo i 1539 og Jørgen Lykkes, stadfest 1574.

Hans Jakobsen Loe har i tillegg skrive Deichman 11 8° (landslova). AM 95 b 4° (delar av landevernsbolken etter Holm perg fol. 29) og notisar i AM 60 4° og i NKS 1642 4°. Storm 1879:24 meiner at han også har skrive AM 80 4°.

Handskriftet er bunde inn i eit brunt skinnbind. På innsidene av permen har Hartuigh Rasmussen skrive fleire notisar. Det har tilhøyrt R. Keyser, som gav det til biblioteket i 1859.




Ms.4° 591

Bortsett frå nokre notisar er handskriftet skrive av tre hender på slutten av 1500-talet. Hovudhanda har skrive landslova og rettarbøtene. Den andre handa har skrive kristenretten, og den tredje har skrive stykket om betydninga av eiden.

Landslova har ein ny prolog, som viser tilbake til Olav den heilages lovarbeid. Handskriftet nyttar termen bog for dei enkelte bolkane. Kristendomsbolken er inkorporert i tingfarebolken. Credo-kapitlet manglar. Landevernsbolken har 18 kapittel. Kong Håkon og kong Magnus sine rettarbøter manglar. Det same gjer epilogen. Lova har såleis åtte bolkar. Ho er generelt formulert.

Etter landslova kjem det ekstrakt av rettarbøter frå kong Håkon (truleg Magnusson) og frå kong Eirik Magnusson. Deretter kjem rettarbøter frå Håkon Håkonsson og Magnus Lagabøte, nokre av dei er dei same som vi elles finn som del av landslova.

Deretter kjem åtte rettarbøter, frå Håkon 5 Magnussons tid og til 1541. Dei er ikkje fullstendig kronologisk ordna.

Så kjem dei artiklane som lagmennene vedtok på rettartingsmøtet i Bergen i 1557. Handskriftet har med 12 artiklar.

Dernest kjem det fire resessar. Den fyrste er utferda Bergen 1551 (Storm 1885:743 skriv feilaktig 1557), og er frå Christoffer Huitfeldt, lensherre på Bergenhus 1542–1556. Den andre er frå Truid Ulfstand og Claus Bille, utferda Oslo 1539 og Bergen 1539. Den tredje er frå Erik Rosenkrantz, utferda Bergen 1565. Den siste er frå Jørgen Lykke, utferda Bergen 1568 og Trondheim 1568.

Med ei ny hand følgjer den såkalla Gulatings nyare kristenrett i omsetjing til dansk. Omsetjinga skal vere gjord etter eit tapt handskrift (Storm 1885:743). I byrjinga er det vist til Noregs lov, ikkje til lova for Gulating. Denne versjonen av kristenretten har 28 kapittel, mot 39 i dei fleste handskriftene av den norrøne teksten (NgL 2:306–325). Det som manglar, er fire kapittel om kongeval, kap. 29 om menn som rømer bort med andre menns ektekoner, mesteparten av kap. 33 og resten. Handskriftet AM 62 4°, frå fyrste halvdelen av 1300-talet, inneheld dei same kapitla som Ms.4° 591, jfr NgL 2:326–335. Men det kan ikkje vere grunnlaget for omsetjinga, for i fire av kapitla er det berre skrive dei fyrste orda, følgt av et cetera. Kap. 24 om felag (felleseige) mellom ektefolk følgjer ikkje den såkalla Gulatings nyare kristenrett, men landslova, kapittel 3 i arvebolken, i den versjonen som finst i dei fleste handskriftene, sjå NgL 2:77, note 18. Her har AM 62 4° berre dei fyrste tre orda av kapitlet.

Etter Jørgen Lykkes resess har ei hand frå 1600-talet skrive ei opplysning om at Endre Skarestad hadde ansvaret for Bøyum kyrkje i Fjærland. Og på framsida av andre bladet står det at Endre Skarestad eig boka. På innsida av frampermen er det limt inn eit ex libris, der det er trykt to greske ord og «E. Hagerup, Dr.». Dette er Eiler Hagerup (1685–1743), biskop i Nidaros 1731–1743, teologisk doktorgrad i 1742 (jfr. Witting 2020.) Etter Espen Karlsen tyder den greske teksten «å kristne omhyggeleg».

Handskriftet kom til biblioteket i 1863. (Jfr. Witting 2020.)




Ms.4° 691 B

Bortsett frå eit stykke om sjukdomar på slutten er heile handskriftet skrive av éin skrivar på slutten av 1500-talet. I byrjinga er eit par blad borte. Handskriftet begynner no i slutten av innhaldsregisteret for landslova, med dei to siste kapitla i tjuvebolken (Storm 1885:746 skriv feilaktig tingfarebolken). Slik handskriftet er overlevert, manglar prologen. Men han kan ha stått framfor innhaldsregisteret.

Kristendomsbolken er inkorporert i tingfarebolken. Credo-kapitlet manglar. Landevernsbolken har 11 kapittel. Kong Håkon og kong Magnus sine rettarbøter manglar. Det same gjer epilogen. Lova har såleis åtte bolkar. Ho er generelt formulert.

Etter landslova kjem rettarbøter frå Magnus Lagabøte og Håkon Håkonsson, nokre av dei er dei same som vi elles finn som del av landslova.

Deretter kjem ei udatert rettarbot frå Hans, konge i Noreg 1483–1513.

Så følgjer resessen frå Truid Ulfstand og Claus Bille, her udatert. Resessen blir her kalla rettarbøter.

Til slutt kjem eit stykke om sjukdom, dedisert til Noregs rikes kanslar Jens Bjelke til Austrått (1580–1659), datert København 1633.

Handskriftet tilhøyrde G. Stenersen og D. Brochmann, som ca. 1836 sende det til kommisjonen for utgjeving av Norges gamle Love. Sannsynlegvis har R. Keyser gjeve det til Universitetsbiblioteket.Slik som han gjorde med Ms.4° 546, Ms.4° 553, Ms.4° 695 og Ms.8° 66. Truleg kom det til biblioteket ein gong mellom 1882 og 1885. (Jfr. Witting 2020.) Handskriftet er bunde inn i brunt figurert skinnbind med messingspenner.




Ms.4° 694

Dei fyrste 29 blada i handskriftet, som inneheld omsetjing til dansk av Tønsbergs bylov, er skrivne av Anders Pederssønn, som etter Storm (1885:746) var rådmann i Tønsberg, og døydde i 1597. Resten av handskriftet er skriven av éin skrivar på slutten av 1500-talet.

Omsetjinga av bylova er gjord etter Codex Tunsbergensis (NKS 1642 4°). Etter denne følgjer landslova, men fleire blad er borte i starten. Teksten begynner no med landevernsbolken, som har 18 kapittel. Kong Håkon og kong Magnus sine rettarbøter manglar. Det same gjer epilogen. Etter lova står det eit innhaldsregister, som begynner med tingfarebolken. Kristendomsbolken manglar, og er ikkje inkorporert i tingfarebolken. Det er såleis åtte bolkar i lova.

Etter landslova kjem det 25 rettarbøter, ikkje fullstendig kronologisk ordna. Av desse er 20 frå kong Håkon 5 Magnusson, tre er frå kong Eirik Magnusson, ei frå kong Magnus Eriksson, og ei frå dronning Margrete, datert 1379.

Bak i handskriftet har Ole Nitj og Ellen Eriksdatter skrive fødselsdagane sine, 23. august 1742 og 28. mai 1752. På andre bladet står namnet M Tonsberg. På innsida av frampermen står namnet Peder Stranger, skrive med runer.

Handskriftet er bunde inn i brunt figurert skinnbind med messingbeslag og spenner. På frampermen er trykt «ANDERS PEDERSEN», og på bakpermen «ANNO 1595».

Handskriftet er nemnt som gåve i universitetet si årbok for 1883, utan opplysning om kven som var gjevar. (Jfr. Witting 2020.)




Ms.4° 736 a

Heile handskriftet, som er frå andre halvdelen av 1500-talet, er skrive av éin skrivar. Det begynner med denne formuleringa: «Den norske Lag som kong Magnus gaff Norgis menige indbyggere Anno 1274». Dernest kjem nokre notisar om landskyld og om bøter. Så følgjer landslova. Framfor kvar bolk står eit innhaldsregister. Handskriftet har kong Magnus sin prolog, som er stila til Eidsivating. Kristendomsbolken er inkorporert i tingfarebolken, som har 23 kapittel. Credo-kapitlet har med skriftemål og faste. Landevernsbolken har 11 kapittel. Etter tjuvebolken kjem kong Magnus sine rettarbøter, og epilogen. Kong Håkon sine rettarbøter er ikkje med, slik vi også ser i nokre norrøne handskrifter av landslova.

Dette er det einaste handskriftet på Nasjonalbiblioteket som har med alle delane av landslova, utan noko tillegg av seinare rettarbøter. Det kallar dei ulike bolkane for bollck eller bog, og reknar med åtte bolkar. Bolkane blir avslutt med finis, gjerne med tillegg av bolkenummer og libri.

Handskriftet er hefta inn i eit blad frå eit latinsk legendarium.

På 1600-talet tilhøyrde handskriftet Kiethell Biosthadt og Anund Kietilsøn. Seinare har det tilhørt Jacob Aall (1773–1844), og arvingane hans gav det til biblioteket i 1883.




Ms.4° 736 b

Heile handskriftet, som er frå andre halvdelen av 1500-talet, er skrive av éin skrivar. På byrjinga er nokre blad borte, og handskriftet begynner i kap. 3 av landevernsbolken, som har 11 kapittel. Kong Håkon og kong Magnus sine rettarbøter manglar. Det same gjer epilogen. Tjuvebolken er rekna som den åttande bolken. Det har altså ikkje vore nokon eigen kristendomsbolk, og sidan byrjinga vantar, veit vi ikkje om han har vore inkorporert i tingfarebolken.

Etter landslova kjem det ei lang liste med forklaringar av ord som er brukte i lova, ordna etter bolk og kapittel.

Deretter kjem tre rettarbøter frå Håkon Håkonsson, andre enn dei som er ein del av landslova, ei rettarbot frå Eirik Magnusson og seks frå Håkon 5 Magnusson.

Ei rettarbot er frå dei norske kongane Magnus og Håkon, utferda i Oslo i niande styringsåret. Ho gjeld folk som har drive med hor, manndrap, falske eidar, falske vitnesbyrd eller andre ugjerningar. Dei to kongane er truleg Magnus Eriksson (1319–1374) og Håkon 6 Magnusson (1355–1380), og det niande året er då 1363–1364. Denne rettarbota ser ikkje ut til å vere trykt i NgL. Storm (1885:748) meiner at vi har å gjere med hertug Håkon Magnussons store rettarbot for Hedmark og Toten, utferda Hamar 1293, i det 14. året i hans tid som hertug. Denne identifikasjonen er uforståeleg.

Denne delen av handskriftet inneheld også det som blir kalla «Konning Magni Retteboed om Tiende, vdschreffuen aff denn gamle Cristenn Ret j Raadsens Laubogh j Bergenn», datert Tønsberg 1277. Dette stykket svarar til kap. 18–19 av erkebiskop Jons kristenrett, som gjeld tiend.

Etter stykket om tiend står Kristian 3s stadfesting av lova, datert København 1548. Han kallar lova Olav den heilages lov.

Både byrjinga og slutten av handskriftet er borte. Det same er innbindinga. Vi veit difor ingenting om historia til handskriftet, bortsett frå at det låg saman med Ms.4° 736 a, då dette blei gjeve til biblioteket.

.




Ms.4° 1392

Det er fleire hender i handskriftet, dei seinare er frå tida etter 1600. Landslova står fyrst. Ho har ny prolog, som viser tilbake til Olav den heilages lovarbeid. Kristendomsbolken er inkorporert i tingfarebolken. Credo-kapitlet manglar. Landevernsbolken har 22 kapittel. Kong Håkon og kong Magnus sine rettarbøter manglar. Det same gjer epilogen. Lova har såleis åtte bolkar. Ho er generelt formulert.

Etter landslova kjem 88 Regulæ juris i dansk omsetjing og ei rad rettarbøter, som ikkje er fullstendig kronologisk ordna. Mellom dei er rettarbøter frå Håkon Håkonsson og Magnus Lagabøte, som delvis er like dei som er ein del av landslova. Håkon Håkonssons er stila til Eidsivating. Der er elles 27 rettarbøter, frå kong Eirik Magnussons tid til 1557.

Så kjem lista over saker der kongen og biskopen saman har rett til bøter og inndragingsgods, og eit stykke om eidar og meineidar «De iuramento et significatione ejus».

Deretter kjem ein rad resessar og forordningar frå 1500-talet, som alle blir kalla rettarbøter. Mellom desse er resessen frå Truid Ulfstand og Claus Bille, Oslo 1539, og resessen frå Bjørn Andersen, Oslo 1578.

Etterpå står det eit oversyn over når det skal haldast lagting sønnafjells. Dette er truleg henta frå Kristian 4s norske lov av 1604, kap. 1 i tingfarebolken. Det er ukjent kva som er kjelda for dette kapitlet (Hallager og Brandt 1855:7).

Der er også eit oversyn over dei dagane som etter lova er «ij gredstadt», her har vi truleg ordet griðastaðr, brukt om den tida då det er høgare bøtesatsar for å krenkje den personlege tryggleiken.

Så følgjer formular for rådmannseiden, som også står i landslovhandskriftet Holm perg 34 4°, skrive med ei hand frå ca. 1400, jfr NgL 4, note 1.

Dernest kjem det rettarbøter som er tekne frå Jon Simonssøns lovbok, det gjeld herredagsresess i Oslo 1548. Jon Simonssøn (1512–1575) er nemnd som rådmann i Bergen 1544, frå 1546 var han lagmann på Agder. Han har skrive Thott 1273 fol., som inneheld dansk omsetjing av landslova.

Så følgjer rettarbot frå Kristian 2, datert 1514, formular for futeeiden, utarbeidd av Jørgen Lykke og andre i 1568 (Storm 1885:786 skriv feilaktig 1468), ein resess frå Jørgen Lykke, Bjørn Andersen og Kristoffer Valkendorf, Trondheim 1568, og tre rettarbøter frå kong Fredrik 2.

Deretter kjem stykke om utrekning av landskyld, om myntverdiar og om «Jorders affwoxter o.s.v.», delvis etter lovboka til Lasse (Laurits) Hansen, lagmann i Stavanger på 1500-talet.

Som siste del av det opphavlege handskriftet står Mathias Scavenius sin prolog til landslova, skriven til den kristelege lesar.

Resten av handskriftet er frå 1628, og inneheld rettarbøter frå kong Kristian 4, kong Erik Kristoffersons handfesting, forklaring på artiklar i lova og resessane, verdiberekning i skifte, gammal mynt i Danmark.

I resten av boka finst det notisar som Storm (1885:787) karakteriserer som «værdiløse theologiske Optegnelser».

Handskriftet er hefta inn i eit gult skinnbind. På frampermen står det Kristiansands Kathedralskole, og der hadde handskriftet signaturen E. 13 4°. På ein innklistra setel står det at det blei gjeve til Kristiansands skolebibliotek i 1775 frå I Schavland. Kanskje er det Jacob Schavland (1716–1788), prest i Mandal. Då Gustav Storm laga oversynet over lovhandskriftene trykt i NgL 4 i 1885, låg handskriftet framleis i Kristiansand. Kristiansands katedralskole gav det til Universitetsbiblioteket i 1931. (Jfr. Witting 2020.)




Ms.8° 29

Handskriftet er skrive av tre skrivarar. Den fyrste har skrive landslova, og på fyrste sida finn vi årstalet 1603. Den andre har skrive det som blir kalla «christen retten», og i avslutninga står dateringa 13. august 1594, deretter kjem eit innhaldsregister. Den tredje har rundt 1600 skrive to blad med den norske kongerekkja. Dei tre delane har truleg vore sjølvstendige, og seinare hefta saman.

Landslova har ein kort prolog, som viser tilbake til Olav den heilages lovarbeid. Den seier også at lovboka er delt i åtte «Bøger». Der er ingen Kristendomsbolk. Landevernsbolken er svært kortfatta, berre eitt blad. Håkon og Magnus sine avsluttande rettarbøter og epilogen manglar.

I prologen er lovteksten omtalt som «Norgis laugbog korteligen Befattet. En kort summa offuer huer Bogs Capitel». Det er rettare å kalle denne teksten eit samandrag enn ei omsetjing av landslova. Det ser vi også av at kapitla ikkje er fortløpande nummererte. Siste kapitlet i landsleigebolken har nummeret 63, men bolken inneheld berre 49 kapittel. I sjølve lovteksten er det sett inn fleire rettarbøter, frå kongane Magnus, Håkon og Eirik, dronning Margrete, og det er vist til resessar frå Erik Rosenkrantz og Jørgen Lykke.

Etter landslova står det rettarbøter frå kongane Håkon og Eirik, dronning Margrete og kong Hans, og resessar frå Truid Ulfstand, Erik Rosenkrantz og Jørgen Lykke.

Den kristenretten som står i dansk omsetjing i andre delen av handskriftet, er den som er overlevert i den eldre Frostatingslova. Teksten er trykt i NgL 4:31–50. Etter Trygve Knudsen (1959:660) er det versjonen i Ms.8° 29 som gjev den mest fullstendige teksten for kristenretten i den eldre Frostatingslova. Og Hagland og Sandnes (1994:XL) meiner at den «ser ut til å ha tekstkritisk verdi». Den har 70 kapittel, som er fortløpande nummererte. Dei fleste handskriftene av denne kristenretten deler han i to, med 46 kapittel i den fyrste delen og 24 i den andre. Truleg skriv samlinga av dei to delane av kristenretten seg frå den kristenretten som erkebiskop Øystein Erlendsson (1161–1188) skal ha utarbeidd (jfr. Hagland og Sandnes 1994:X, XLI; Knudsen 1959:660–661).

Kap. 24 og 25 om helgedagar i dei andre handskriftene av denne kristenretten er slegne saman i eitt kapittel, nr. 25 i Ms.8° 29. Dette handskriftet deler opp kap. 35 i to kapittel. Dei har begge nr. 35, men neste kapittel har nr. 37. I innhaldsregisteret er kapittelnummera riktige. Det deler også kap. 41 i to kapittel, nr. 42 og 43.

I Frostatingslova gjeld kap. 45 i den fyrste delen jarnburd, dette er utelate i Ms.8° 29. I eit brev frå 1169 frå pave Alexander 3 til erkebiskop Øystein Erlendsson seier paven at jarnburd er i strid med kyrkjeretten og må avskaffast (jfr. RN nr. 129). Utelate er også kap. 8 i den andre delen, som gjeld forbod mot å gifte seg med nokon som ein er i religiøs slektskap med gjennom dåp. Kap. 53 i kristenretten i Ms.8° 29 svarar til kap. 6 i den andre delen av kristenretten i Frostatingslova, men der er ein skilnad. I den fyrste er det forbod mot å liggje med mor eller dotter til kona si, eller med si eiga syster, i den andre gjeld forbodet morsyster eller dotter til kona.

Kristenretten i Ms.8° 29 har eit fyrste kapittel som manglar i kristenretten i Frostatingslova. Det inneheld den tronfølgjelova som blei vedteken i 1163/1164, og som står i kap. 2 i den eldre Gulatingslova. Slik den eldre Frostatingslova er overlevert, og utgjeven i NgL, manglar denne tronfølgjelova. Men det har vore blad borte i Codex Resenianus på denne staden, så tronfølgjelova kan ha stått der (sjå NgL 1:129, note 1 og NgL 1:130, note 5). Men heller ikkje dei andre mellomalderhandskriftene av kristenretten har hatt noka tronfølgjelov. I landslova står den nye tronfølgjelova av 1260 som del av kristendomsbolken. Det synest då klart at den eldre Frostatingslova, slik ho er overlevert, ikkje er eit resultat av Håkon Håkonssons arbeid med ei ny lov. Det som blir rekna som kong Håkons innleiing til lova, kan opphavleg ha vore ei større rettarbot om rettstryggleik. Sjå meir utførleg argumentasjon i Rindal og Spørck 2018.

Det siste bladet i handskriftet inneheld den norske kongerekkja frå Harald Hårfagre til Kristoffer av Bayern i 1446.

Framfor kristenretten står det m.a.: «Denne bog er mig foræret Aff Suend Erichsøn D 4. 8bris 1676 Hendrich Hendrichsøn». Handskriftet har vore i handelsmannen Bernt Holms (1765–1829) eige, og blei kjøpt av Universitetsbiblioteket på auksjonen etter han i 1835. (Jfr. Witting 2020.)

Handskriftet er bunde inn i eit gammalt, gult skinnbind.




Ms.8° 71

Heile handskriftet er skrive av ein skrivar i andre halvdel av 1500-talet. Landslova har ein ny prolog, som viser tilbake til Olav den heilages lovarbeid. I det innleiande registeret er det borte blad, frå kap. 28 i mannhelgebolken til kap. 11 i landsleigebolken. Kristendomsbolken er inkorporert i tingfarebolken. Credo-kapitlet manglar. Landevernsbolken har 11 kapittel. Kong Håkon og kong Magnus sine rettarbøter manglar. Det same gjer epilogen. Lova har såleis åtte bolkar. Ho er generelt formulert.

Etter landslova kjem ei rettarbot frå Håkon 5 Magnusson. Så kjem rettarbøter frå Magnus Lagabøte til alle Noregs menn, ei rettarbot frå kong Hans og ei frå dronning Margrete, som feilaktig er datert 1292. Til slutt kjem resessen frå Jørgen Lykke, Bjørn Andersen og Kristoffer Valkendorf, utferda i Bergen.

Handskriftet er bunde inn i eit nyare bind.

I 1818 kjøpte Ingvard Hansen Seland (d. 1858) handskriftet. Sonen hans, Andreas I. Seland, skolelærar i Hellesund, gav det til universitetet i 1861.




Ms.8° 296

Handskriftet er skrive av seks skrivarar. Hovudhanda frå 1500-talet har skrive landslova og rettarbøtene, som utgjer den dominerande delen av handskriftet. Det har ein ny prolog, som viser tilbake til Olav den heilages lovarbeid. Kristendomsbolken er inkorporert i tingfarebolken. Credo-kapitlet manglar. Landevernsbolken har 11 kapittel.

Etter landslova står det forklaring av nokre norske uttrykk brukte i lova. Så kjem det ei rad rettarbøter, som ikkje er kronologisk ordna, frå Håkon Håkonsson til Kristian (seinare kong Kristian 2) 1508. Håkons rettarbøter er stila til folket i Eidsivatingslag, og er i hovudsak dei same som i landslova.

Deretter kjem slektstavla frå Magnus Måneskjold, og byrjinga av kong Hans si historie. Så kjem ei liste over dei norske kongane, frå Harald Hårfagre til Kristoffer av Bayern, konge 1442–1448. Etter tre linjer på nedertysk kjem 88 Regulæ juris, i dansk omsetjing. Deretter kjem lista over saker der kongen og biskopen saman har rett til bøter og inndragingsgods. Så følgjer eit innhaldsregister for landslova.

Etterpå kjem det ei rad rettarbøter, som ikkje er kronologisk ordna, frå Håkon Håkonsson til Kristian 2. Så følgjer liste over erkebiskopane i Nidaros 1328–1537, nokre notisar, liste over lensherrar i Trondheim 1537–1688, Nidaros’ takmark (einemerke).

Ved handskriftet ligg det ei beskriving med innhaldsliste, som etter katalogen ved Nasjonalbiblioteket truleg er skriven av Wilhelm Munthe.

Handskriftet er bunde inn i brunt kalveskinn, med to spenner. På innsida av frampermen er det klistra inn ein lapp med namnet Olluf Bagger Hanssøn. Dette namnet står to stader til, ein gong med årstalet 1620. Ut frå innhaldet er det grunn til å tru at handskriftet har vore i Trondheim på 1600-talet. På 1800-talet tilhøyrde det Slottsbiblioteket. Håndskriftet blei saman med resten av slottet si boksamling gjeve til den norske stat ved unionsoppløysinga i 1905. Universitetsbiblioteket fekk lov til å velje ut delar av denne gåva. (Jfr. Witting 2020.)

Ms.8° 296 er naturleg nok ikkje nemnt i Storm 1885.




Ms.8° 3121

Heile handskriftet er skrive av éin skrivar, og er frå ca. 1600. Det har ein ny prolog, som viser tilbake til Olav den heilages lovarbeid. Kristendomsbolken er inkorporert i tingfarebolken. Credo-kapitlet manglar. Landevernsbolken har 22 kapittel.

Etter landslova kjem det ei mengd rettarbøter frå Magnus Lagabøtes tid og til Fredrik 2 i 1583, ikkje fullstendig kronologisk ordna.

Så følgjer 88 Regulæ juris, i dansk omsetjing.

Deretter kjem lista over saker der kongen og biskopen saman har rett til bøter og inndragingsgods.

Til slutt står slektstavla frå Magnus Måneskjold, og eit stykke om då kong Hans blei krona (1483).

Handskriftet, som er innbunde i pergament, blei kjøpt i 1979 av dr. Trond Berg Eriksen, Universitetet i Oslo. Ved handskriftet ligg eit udatert notat av Agnete Loth, Det arnamagnæanske institutt, som inneheld eit oversyn over innhaldet.

Ms.8° 3121 er naturleg nok ikkje nemnt i Storm 1885.




[AM 318 fol.]

Dette er eit handskrift som er skrive i Marstrand i 1554 av Rasmus skrivar. Det inneheld ei omsetjing til dansk av landslova etter AM 31 8°, generelt formulert. Det inneheld også omsetjing av bylova (generelt formulert) og Farmannslova. Då Storm gav ut sin katalog i 1885, låg handskriftet i Christiania Universitetsbibliothek, med nummeret 3 fol. Men Storm (1885:709) skriv at det utan tvil er eit sakna handskrift frå Den arnamagnæanske samling i København, med katalogsignaturen AM 318 fol., og 318 står på ryggen. Kålund (1889:266) seier i sin katalog at handskriftet blei lånt ut til Christiania Universitetsbibliothek i 1816, og tilbakelevert i 1886. Det er ikkje opplyst noko om kvifor handskriftet har vore innlemma i Universitetsbiblioteket sine samlingar.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Handskrifter av norske mellomalderlover ved Nasjonalbiblioteket

I 2024 er det 750 år sidan Magnus Lagabøtes landslov kom. Lova er overlevert i 39 handskrifter frå mellomalderen, og nokre få yngre.

Eit hovudmål for denne boka er å kaste lys over dei handskriftene av norske mellomalderlover som ligg ved Nasjonalbiblioteket. Ms.4° 1 og Ms.4° 317, som begge inneheld landslova, blir grundig beskrivne, også med omsyn til innhald og språk.

Boka omfattar også dei 25 handskriftene av omsetjing av landslova til dansk, og andre handskrifter av norske lover. Innleiingsvis er det gjeve eit samla oversyn over dei norske lovene frå mellomalderen, som alle finst i avskrifter ved Nasjonalbiblioteket.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.