Handskrifter av norske mellomalderlover ved Nasjonalbiblioteket

Innhaldet i handskriftene





Norsk lovgjeving før Magnus Lagabøte


Landskapslovene

Den eldste norske lova vi har vitnemål om, er den eldre Gulatingslova. Ho er overlevert i eit handskrift frå ca. 1250, som no ligg ved Det Kongelige Bibliotek i København. Det har signaturen E donatione variorum 137 4°, og ber namnet Codex Rantzovianus, etter grev Otto Rantzau (1632–1719). Vi veit ikkje kvar handskriftet var i mellomalderen, men språkforma gjer det sannsynleg at det har blitt skrive i Bergen. Dessutan har vi tre gamle fragment av lova, frå fyrste halvdelen av 1200-talet.

Men lova er mykje eldre enn handskriftene. Ho er nemnd i Íslendingabók, ei lita bok frå ca. 1125, som gjev eit oversyn over Islands eldste historie. Der er det fortalt at før etableringa av Alltinget ca. 930 blei ein mann som heitte Ulvljot, send til Noreg for å studere Gulatingslova. I soga om Egil Skallagrimsson er det detaljert fortalt om ein rettsstrid på Gulatinget, truleg på 930-talet. Det er såleis grunn til å tru at det fanst ei Gulatingslov frå ca. 930. I den eldste norske kongesoga, Ágrip, frå ca. 1190, er det sagt om Håkon den gode at han fastsette Gulatingslova. Dette blir teke opp att i seinare kongesoger. Håkon den gode levde frå ca. 920 til ca. 960, og Ágrip har nok knytt lova til hans levetid.

Det er usikkert når Gulatingslova blei skriven ned fyrste gongen. Dei fleste reknar med at det skjedde i Olav Kyrres regjeringstid, 1066–1093 (Helle 2001:20–23). Sjølv har eg argumentert for at nedskrivinga av dei norske lovene begynte i fyrste halvdelen av 1000-talet (Rindal 2004:108–110).

Gulatingslova har altså levd meir enn 100 år før ho blei nedskriven. I denne perioden har lova blitt sagd fram på tinget. På Island var det lovseiemannen (logsogumaðr) som gjorde det. Denne funksjonen var det høgaste ombodet på Island i tida før 1264. I Noreg er denne termen ikkje brukt. Her var det truleg lagmannen (logmaðr) som sa fram og tolka lova. Han hadde i den fyrste tida ikkje noko fast ombod, men var ein slags tillitsmann for bøndene på tinget.

Slik Gulatingslova er overlevert i dag, i handskrifter frå 1200-talet, viser ho fram ulike kronologiske lag. Tydelegast er det i dei handskriftene der det er markert kva rettsreglar som er gjevne av Olav, av Magnus eller av begge. Olav er her Olav den heilage, konge 1015–1028, Magnus er Magnus Erlingsson, konge 1161–1184. Lova seier også at Olav den heilage og biskop Grimkjell fastsette kristenretten på Moster. Vi finn referanse til ein lovregel som ein Atle sa fram for mennene på Gulatinget, truleg rundt midten av 1000-talet. Og lova inneheld rettarbøter frå Magnus den gode og Håkon Magnusson Toresfostre. Magnus den gode var konge 1035–1047, og Håkon Magnusson Toresfostre var konge over Opplanda og Trøndelag 1094–1095. Lova blir avslutta med Bjarne Mårssons nye saktal (liste over mannebøtene), som truleg er frå byrjinga av 1200-talet. Når vi les Gulatingslova i dag, etter eit handskrift frå ca. 1250, vil vi finne rettsreglar frå heile perioden på ca. 300 år, frå fyrste halvdel av 900-talet til fyrste halvdel av 1200-talet. Dei eldste rettsreglane var truleg baserte på sedvanerett, og etter kvart godkjende av bøndene på tinget. Seinare har kongane formulert nye rettsreglar, som også blei godkjende på tinget.

Gulatingslova er strukturelt sett ikkje delt inn i bolkar, men i kapittel med overskrifter. Den fyrste kapitteloverskrifta i dei ulike delane inneheld ofte ordet «bolk». Fyrst kjem kristendomsbolk, deretter kjøpebolk (kjøp tyder her både «kjøp» og «avtale»), kvinnebortgifting, løysingslov, landsleigebolk, arvebolk, tingbod, rettarbøter, kvalrett, mannhelgebolk (om personkrenkingar), tjuvebolk, odelsløysing, leidangsbolk, Bjarne Mårssons saktal, og eit tillegg om sakøyre (bøter for brotsverk) til kongen og biskopen.

Gulatinget omfatta opphavleg berre Hordaland og Sogn og Fjordane, med tingstad i Gulen i Sogn. Seinare kom Rogaland, Agder og Sunnmøre med. Då landslova blei vedteken i 1274, var også Setesdalen, Valdres og Hallingdal med i Gulatinget.

Den eldre Gulatingslova er utgjeven i NgL 1:3–110 og i Eithun, Rindal og Ulset 1994, og omsett i Robberstad 1961.

To av handskriftene ved Nasjonalbiblioteket, Ms.4° 41 og Ms.4° 546, begge frå 1700-talet, inneheld avskrifter av den eldre Gulatingslova. Det fyrste av dei er ei nøyaktig avskrift av Codex Rantzovianus, med forkortingar som i originalen. I Ms.4° 546 ser det ut til at skrivaren har brukt eit anna handskrift enn Codex Rantzovianus.

Den eldre Frostatingslova kjenner vi i hovudsak frå avskrifter frå 1600-talet av eit tapt handskrift frå ca. 1260, Codex Resenianus. Dessutan finst det nokre fragment frå 1200-talet. Også denne lova inneheld ulike kronologiske lag. Vi finn fleire rettarbøter i lova. Dei eldste er frå kongane Sigurd, Øystein og Olav, sønene til Magnus Berrføtt, og dei er frå ca. 1105. Den siste rettarbota er gjeven av kongane Harald og Magnus, truleg Harald Gille (1130–1136) og Magnus Sigurdsson (1130-1135), og rettarbota er då frå 1130–1135. Dei fleste meiner at innleiinga til lova er frå kong Håkon Håkonsson, frå 1260, noko eg stiller meg tvilande til (sjå under kapitlet Håkon Håkonssons lovarbeid).

I Sverres saga frå ca. 1200 er det nemnt ei lovbok som blir kalla Grågås, som Magnus den gode (konge 1035–1047) skal ha late skrive. Også Snorre Sturlason knyter i Heimskringla frå ca. 1230 Magnus den gode til ei lovbok kalla Grågås. Truleg er det denne lovboka som blir tillagd Olav den heilage i Fagrskinna frå ca. 1230 og Soga om Håkon Håkonsson frå 1260-talet. Også avslutninga i sjølve Frostatingslova omtalar Olav den heilage som lovgjevar.

I Heimskringla er det sagt at Håkon den gode setti Frostuþingslog i samråd med Sigurd jarl og dei visaste trøndarane. Gammalnorsk log tyder anten «lov» eller «lovområde». Etter mitt syn er den rimelegaste tolkinga at kong Håkon fastsette Frostatingslova i samråd med andre.

Det er alt i alt grunn til å tru at ei skriven lovbok for Frostatingslag har funnest på 1000-talet. I munnleg form går lova lenger tilbake, truleg til 900-talet.

Frostatingslova er strukturelt delt inn i desse bolkane: Innleiing, tingfarebolk, kristendomsbolkar, mannhelgebolk (om personkrenkingar), bolk om ymse emne, saktalsbolk (om mannebøter), leidangsbolk, arvebolkar, rettargangsbolk, kvinnebolk, jordkjøpsbolk, fyrste landsleigebolk, andre landsleigebolk og tjuvebolk, brotsverksbolk, rettarbøter.

Frostatinget omfatta opphavleg berre dei åtte trøndske småfylka. Då landslova blei vedteken i 1274, var også Romsdalen, Nordmøre og Namdalen med i Frostatinget. Lovboka gjaldt også for Hålogaland og truleg for Jämtland, men dei hadde ikkje sendemenn på Frostatinget.

Den eldre Frostatingslova er utgjeven i NgL 1:121–258, og omsett i Hagland og Sandnes 1994.

Ingen av handskriftene ved Nasjonalbiblioteket inneheld heile den eldre Frostatingslova. Men vi finn lovas kristenrett i to handskrifter, Ms.4° 309 og Ms.8° 29. Ms.4° 309 er frå andre halvdelen av 1700-talet, og inneheld berre ei islandsk omsetjing av denne kristenretten. Ms.8° 29 inneheld omsetjing til dansk av landslova og rettarbøter, og av Frostatings kristenrett. Den sistnemnde omsetjinga, som er datert 1594, er den som gjev den mest fullstendige teksten for denne kristenretten, sjå meir under omtalen av dette handskriftet.

I Den legendariske Olavssoga er det sagt at Olav den heilage fastsette Sevslova, som sidan galdt for Opplanda og aust i Vika. Soga seier samstundes at det er tre lover i Noreg, Frostatingslova og den lova som Håkon Adalsteinsfostre lét fastsetje, som heiter Gulatingslova. Desse to siste kjem då i tillegg til Sevslova, som er eit anna namn for Eidsivatingslova.

Etter Snorre Sturlasons Heimskringla skal Halvdan Svarte (d. ca. 860) ha fastsett Eidsivatingslova. Men etter Snorres Den store soga om Olav den heilage er det Håkon den gode som har fastsett lova. Eidsivatingslag omfatta opphavleg Hedmark, Hadeland og Romerike, med tingstad på Åker i Vang. På 1000-talet blei tingstaden flytta til Eidsvoll, og på 1200-talet omfatta Eidsivatingslag også Gudbrandsdalen og Østerdalen. Borgartingslag omfatta på 1200-talet Båhuslen, Oslo, delar av Akershus, Vestfold og Telemark. Dette er det yngste av dei fire lagdøma, kanskje frå 1100-talet, nemnt som lagting for fyrste gong i 1224. Tingstaden var Borg, no Sarpsborg.

Formuleringa frå Den legendariske Olavssoga som er nemnd ovanfor, kan tyde på at Eidsivatingslova på 1000-talet også galdt for det som seinare blir Borgartingslag. Dessverre er det ikkje bevart meir enn eit lite fragment (NRA 1 A) av den verdslege retten som galdt for Austlandet. På språkleg grunnlag kan det daterast til slutten av 1200-talet, og det er truleg skrive på søraustlandsk språk. Innhaldet er frå mannhelgebolken. Dei fleste forskarane reknar dette fragmentet som del av ei lovbok som var felles for Eidsivatingslag og Borgartingslag, men det har også vore ført fram argument for at det tilhøyrer Borgartingslova.

Som vi seinare skal sjå, har Eidsivatingslag og Borgartingslag i den eldste tida ulike kristenrettar. Det er eit sterkt argument for at dei to lagdøma også hadde ulik verdsleg rett.

Fragmentet av den eldste austlandske lova er utgjeve i NgL 2:522–523 og i Halvorsen og Rindal 2008:226–231, som også har omsetjing.


Bjarkøyretten

Bjarkøyretten er namnet på dei eldste bylova i Norden. Namnet kjem mest sannsynleg frå øya Birka (også kalla Björkö) i Mälaren i Sverige, som var ein viktig handelsplass i vikingtida. Opphavleg har bjarkøyretten truleg vore ei samling rettsreglar som galdt på handelsplassar, og har då berre omfatta sjø- og handelsretten. Seinare blei han utvida med rettsreglar som galdt andre sider ved livet i byen. Mykje av innhaldet vil såleis ha parallellar til rettsreglar i landskapslovene.

Den einaste norske bjarkøyretten som er overlevert, er den som galdt for Nidaros. Den eldste skriftlege utforminga er frå perioden ca. 1050–1160 (Hagland og Sandnes 1997:XI). Den redaksjonen vi kjenner i dag, er truleg frå midten av 1200-talet (Hagland og Sandnes 1997:IX). Teksten er utgjeven i NgL 1:303–336 og NgL 4:71–97, og omsett i Hagland og Sandnes 1997. Hagland og Sandnes har delt teksten opp i desse bolkane: Kristendomsbolk, mannhelgebolk, rettargangsbolk, kaupangsbolk, tjuvebolk, kvinnebolk, landsleigebolk, farmannsbolk. Det er kaupangsbolken og farmannsbolken som utgjer kjernen i bjarkøyretten, og som gjorde det naudsynt med ei eiga lov for byane (Hagland og Sandnes 1997:XVI).

Kaupangsbolken regulerer primært kjøp og sal av varer. Men bolken har også reglar for handtering av eld. Der er to kapittel om arv, og eitt kapittel om pliktene til å trekkje opp eller setje ut skip og gjere vedlikehald på kyrkjene. Der er eit eige kapittel om julefreden, som skal vare i tre veker. Der er eit lite kapittel om at dersom to menn eig ein eldstad saman, skal dei til saman betale berre éi byavgift. Det siste kapitlet gjeld våpentinget.

Farmannsbolken inneheld sjøretten, og er ikkje spesielt knytt til byen. Her er det reglar for avtale om frakting av gods eller folk og for straffa for steling på kjøpferder. Bolken inneheld også reglar for når eit skip er sjødyktig, når ein kan leggje ut med skipet og organiseringa om bord. Der er også kapittel om handsaming av søksmål om bord, om skade på skip, om brot på avtala med styremannen, om utkiksvakt på skipet og om ausinga i hamn. Mykje av innhaldet i farmannsbolken er truleg av internasjonal karakter, og tyder på ein samanheng med vesteuropeisk og/eller tysk område (Hagland og Sandnes 1997:102).

Bjarkøyretten er utgjeven i NgL 1:303–336 og omsett i Hagland og Sandnes 1997.

Handskriftene Ms.fol. 87b (1700-talet) og Ms.4° 695 (ca. 1600) er yngre avskrifter av mannhelgebolken (pluss litt til) i Bjarkøyretten. Det er i hovudsak same teksten som i AM 123 a 4° (trykt i NgL 1:305–315), som er Árni Magnússons avskrift av eit handskrift frå Haukadal på Island.


Kristenrettane

I 1995 feira Den norske kyrkja tusenårsjubileum for kristninga av Noreg. Grunnlaget for det er at Snorre Sturlasons Heimskringla fortel at Olav Tryggvason dette året lét halde den fyrste messa i Noreg, på Moster. Men nordmennene kjende til kristendomen lenge før den tid. I meir enn 200 år hadde dei møtt den nye trua på vikingferder til Dei britiske øyane og andre stader. Sogene fortel at Håkon den gode Adalsteinsfostre voks opp i England og blei kristna der. Då han tok kongsmakt i Noreg på 930-talet, prøvde han å kristne landet, eit tiltak som mislukkast. Han lét vie kyrkjer, og sette til prestar, men kyrkjene blei brende og prestane drepne. Etter kong Håkons fall rundt 960 overtok sønene til Eirik Blodøks makta i Noreg. Dei skal ha motarbeidd den gamle trua, men kom ikkje nokon veg med kristninga. Dei to store norske kristningskongane er Olav Tryggvason (d. 1000) og Olav Haraldsson (d. 1030).

Både skriftlege og arkeologiske kjelder viser at kristendomen kom til Vestlandet frå Dei britiske øyane. Men biletet er eit anna for Austlandet.

Kyrkjeleg sett låg Noreg under erkebiskopen i Hamburg-Bremen. Ansgar (801–865), biskop i Hamburg, seinare erkebiskop, fekk ansvaret for misjonsverksemda i Skandinavia, og han blir kalla «Nordens apostel». Han fekk bygt kyrkjer i Danmark og Sverige, men det er usikkert om misjonsbodskapen nådde fram til Noreg i hans tid.

Seinare blei den danske kongen Harald Gormsson (konge ca. 960–ca. 985), med tilnamnet Blåtann, pressa av den tyske keisaren til å kristne Danmark. På denne tida hadde Håkon Ladejarl teke makta i Noreg med hjelp frå Harald Blåtann, som han i den fyrste tida godtok som konge over Noreg. Håkon lova å kristne Noreg, men vende om til den gamle trua. Etter kongesogene er det Olav Tryggvason som kristna mesteparten av Noreg, og Olav den heilage som fullførte verket. Men det er grunn til å tru at sogene om dei norske kongane har ønskt å framheve innsatsen til dei to Olav-ane. Vika, området rundt Oslofjorden, blei etter mitt syn kristna frå sør, utan nokon innverknad frå desse to kongane (Rindal 2004:104–106, 134).

Kristenretten er den delen av lova for dei enkelte lagtinga som inneheld rettsreglar for kyrkje og kristendom. Vi har handskrifter frå mellomalderen av den eldre kristenretten for alle fire lagdøma. Av den verdslege retten har vi berre eitt mellomalderhandskrift, Codex Rantzovianus, som inneheld Gulatingslova. I tillegg har vi fire fragment av Frostatingslova og eitt av ei austlandsk lovbok.

Av kristenretten har vi fleire handskrifter eller fragment for alle fire lagdøma. Som vi seinare skal sjå, fekk ikkje Magnus Lagabøte fullmakt til å lage nokon kristenrett i landslova. Bakgrunnen var at det var strid mellom konge og kyrkje om kven som hadde myndigheit til å fastsetje kristenretten. Den verdslege delen av landskapslovene blei uaktuell med landslova frå 1274, og blei ikkje skriven av. Men dei gamle kristenrettane blei enno brukte, og difor skrivne av.

Ingen handskrifter eller fragment av kristenrettane er eldre enn ca. 1200. Men sjølve lova er mykje eldre. Den eldre Gulatingslova seier at Olav den heilage og biskop Grimkjell fastsette kristenretten på Moster, og det skal ha skjedd rundt 1020. Også Snorre Sturlason seier i Heimskringla at Olav den heilage fastsette kristenretten etter samråd med m.a. Grimkjell.

Vi har også ei runeinnskrift som seier noko om kor gammal kristenretten er. På garden Kuli i Smøla kommune på Nordmøre var det reist ein gravstein med ei runeinnskrift på. I dag er steinen på Vitenskapsmuseet i Trondheim. Innskrifta seier at steinen blei reist då kristendomen hadde vore i Noreg i 12 år, eller at kristendomen hadde forbetra (lov og rett) i 12 år i Noreg. På Kuli stod steinen ved ein brukonstruksjon, og etter dendrokronologiske granskingar er brua laga av tre som blei felt 1034. Dersom brua blei bygd det året treet var felt, og steinen blei reist samstundes, kjem vi til at kristendomen kom til Noreg 1022. Innskrifta refererer truleg til eit tingvedtak om kristendomen, og det kan passe med det før nemnde møtet på Moster. Og etter mitt syn blei kristenretten skriven ned ikkje lenge etter den tida.

Det blei som nemnt ikkje nokon ny kristenrett i landslova frå 1274. På dette området var det ein uklar rettssituasjon, og dei gamle kristenrettane blei brukte, og skrivne av. På denne måten har vi avskrifter av dei gamle kristenrettane for alle fire lagdøma. Dei eldste, som berre finst som fragment, er frå ca. 1200. Borgartings eldre kristenrett er overlevert i to versjonar. Eidsivatings eldre kristenrett er overlevert i ein lang og ein kort versjon, og den lange er eldst. I Gulatings eldre kristenrett finn vi formuleringar som er knytte til kongane Olav den heilage (1015–1028) og til Magnus Erlingsson (1161–1184). Frostatings kristenrett skal vere frå siste halvdelen av 1100-talet, i den forma han no er overlevert.

Som nemnt er handskriftene og fragmenta av kristenretten yngre enn ca. 1200. Men det er grunn til å tru at kristenrettane for Borgarting og Eidsivating, og Olavs-teksten i kristenretten for Gulating, er frå 1000-talet. Eit viktig argument for at desse tre er eldst, er at dei ikkje syner noko spor av kanonisk rett, som gjorde seg gjeldande i Noreg i andre halvdelen av 1100-talet. Magnus-teksten i kristenretten for Gulating og kristenretten for Frostating er yngre, truleg frå andre halvdelen av 1100-talet.

I Rindal 2004 har eg samanlikna innhaldet i dei eldre kristenrettane for å sjå om det er mogleg å kome lenger når det gjeld den relative kronologien. Ein premiss er då at dei kristenrettane er eldst, som har mest omtale av førkristne fenomen. Ein annan premiss er at den nye lova blei praktisert med lempe den fyrste tida, slik det blei gjort på Island. Kjeldene fortel at kristendomen blei innført på Island ved alltingsvedtak år 1000, men den gamle lova stod ved lag med omsyn til hestekjøteting og barneutbering. Og folk kunne blote dersom det skjedde i løynd.

I dei skriftlege kjeldene les vi fleire gonger om barneutbering i vikingtida. Foreldre eller andre føresette kunne føre eit nyfødd barn ut frå heimen for å la det døy eller drepe det. Det er Borgartings kristenrett som gjev mest rom for barneutbering, og barn med visse skavankar skal ikkje døypast. Både Eidsivatings kristenrett og Olavs-teksten opnar for barneutbering, men etter at barnet er døypt. Frostatings kristenrett seier at alle barn med menneskehovud skal fødast opp. Magnus-teksten set forbod mot barneutbering.

Kristenrettane omtalar naturleg nok trolldom og heiden sed, særleg bloting. Det er særleg Eidsivatings kristenrett som har omtale av desse fenomena. Deretter kjem Borgartings kristenrett, Olavs-teksten, Magnus-teksten og Frostatings kristenrett. Ingen av kristenrettane nemner áss, som elles er det vanlege ordet for dei førkristne gudane.

Med kristendomen kom det forbod mot å ete kjøt av hest, hund og katt. Borgartings kristenrett seier at ein kan ete alt som er fødd på garden, bortsett frå hund, katt og hest. Men dersom nokon har vore på sjøen eller på ein farefull stad i sju dagar utan mat, og utan å kunne kome seg til folk, då kan han ete slikt kjøt. «For heller skal han ete hund enn hund skal ete han.» Eidsivatings kristenrett har ei liknande formulering, men der er det tale om å gå seg vill i skogen. Gulatings kristenrett nemner eksplisitt berre forbod mot å ete hestekjøt. Frostatings kristenrett har ikkje noko som svarar direkte til desse reglane. Utgravingar på Bryggen i Bergen viser at folk der har ete hundar i perioden 1170–1413. Og arkeologiske undersøkingar under erkebispegarden i Trondheim viser at folket der har ete katt.

Den nye trua forbaud også å ete kjøt på fredagar. Det er særleg kristenrettane for Borgarting og for Eidsivating som har ei fyldig omtale av dette fenomenet, og straffa er mildast i Borgartings kristenrett.

Etter kristenrettane er det plikt til å døype alle barn. Det einaste unntaket er i Borgartings kristenrett når barnet har store skavankar. Og det er denne kristenretten som har den mildaste straffa for å bryte påbodet om dåp. Straffa er litt strengare i kristenrettane for Eidsivating og for Gulating, og strengast i Frostatings kristenrett.

Kristenrettane for Borgarting og for Eidsivating har ei sosialt basert oppdeling av gravene på kyrkjegarden. Nærmast kyrkja ligg lendmennene, medan trælane ligg nærmast gjerdet. Eidsivatings kristenrett har også ei kjønnsdeling av gravplassane, menn skal liggje sør for kyrkja, og kvinner på nordsida.

Det viser seg altså at det er Borgartings kristenrett som har den fyldigaste omtala av førkristne fenomen, og som har den mildaste straffa for å bryte forboda i den nye trua. Også Eidsivatings kristenrett ser ut til å spegle eit eldre rettsstadium enn Olavs-teksten. Magnus-teksten og Frostatings kristenrett har truleg det yngste laget.

Dei fleste forskarane har meint at dei eldste kristenrettane for alle fire lagdøma hadde eit felles opphav, og det var kong Olavs og biskop Grimkjells kristenrett frå tinget på Moster tidleg i 1020-åra. Men etter framstillinga ovanfor og det kjeldene fortel om kristninga av Austlandet, er det grunn til å tru at dei austlandske kristenrettane ikkje byggjer på kristenretten for Gulating, og at kristendomen kom til Austlandet frå sør, ikkje frå vest. I denne samanhengen er det viktig å peike på at dei austlandske kristenrettane ikkje nemner kong Olav den heilage eller biskop Grimkjell, og då heller ikkje viser til Olavs autoritet.

Dei eldste kristenrettane for Borgarting og Eidsivating er utgjevne i NgL 1:339–406 og i Halvorsen og Rindal 2008, som også har omsetjingar av nokre av handskriftene.

Handskriftet Ms.fol. 87a frå ca. 1700 inneheld ei avskrift av den lengre versjonen av Eidsivatings eldre kristenrett.

Handskriftet Ms.fol. 87b frå 1700-talet inneheld den såkalla versjon 1 av Borgartings eldre kristenrett. Det er ei avskrift frå 1700-talet av AM 78 4°, eit handskrift frå fyrste halvdelen av 1300-talet som inneheld m.a. bylova. Denne kristenretten er utgjeven i NgL 1:340–352 og i Halvorsen og Rindal 2008:121–159. Den sistnemnde utgåva har også omsetjing.

Ms.fol. 87b inneheld også den kortare versjonen av Eidsivatings eldre kristenrett, truleg i avskrift av AM 58 4°. Denne kristenretten er utgjeven i NgL 1:394–406 og i Halvorsen og Rindal 2008:81–99.

Kristenrettane blei seinare reviderte av Håkon Håkonsson og erkebiskop Sigurd ca. 1250, og framleis hadde kvart lagdøme sin kristenrett. Det vi har overlevert av dette lovarbeidet, er truleg dei kristenrettane som blir kalla Borgartings nyare kristenrett og Gulatings nyare kristenrett, trykte i NgL 2:293–338 og omsette i Spørck 2009:11–58. Kristenretten trykt i NGL 4:160–182 er truleg Magnus Lagabøtes landsdekkjande kristenrett frå 1267–1268. (Jfr. Spørck 2006:264–266.)

Handskriftene Ms.fol. 87b og Ms.4° 591 inneheld den såkalla Gulatings nyare kristenrett. Det fyrste er frå 1700-talet, og inneheld ei avskrift av denne kristenretten. Det andre er frå 1700-talet, og inneheld ei omsetjing til dansk av han.

Som kjent ville erkebiskop Jon Raude i 1269 ikkje gje Magnus Lagabøte fullmakt til å gjere noko med kristenretten i den nye landslova. Og i 1273 utarbeidde erkebiskopen ein ny kristenrett, basert på kanonisk rett. I innleiinga til denne er det sagt at den er laga av kong Magnus og erkebiskop Jon, og at alle andre lydbiskopar i landet samtykte i den. Det er usikkert om kongen godkjende denne kristenretten. Han er utgjeven i NgL 2:341–386, og omsett i Spørck 2009:101–146.

Erkebiskop Jons kristenrett er m.a. overlevert i Ms.4° 317, sjå meir om han der.

Etter initiativ frå Jon Raude utarbeidde Árni Þorláksson, biskop i Skálholt, ein kristenrett for Island, vedteken på Alltinget 1275. Denne kristenretten blir kalla Biskop Arnes kristenrett, og byggjer mest på Gulatings kristenrett. Men heller ikkje denne kristenretten blei akseptert av Magnus Lagabøte, som var konge også over Island. Han er trykt i NgL 5:16–56.

Biskop Arnes kristenrett er m.a. overlevert i Ms.4° 1, sjå meir om han der. Han finst også i ei avskrift frå 1700-talet på Nasjonalbiblioteket, Ms.fol. 87a.

I handskriftet AM 78 4° finn vi ein kristenrett som blir kalla kong Sverres kristenrett. Grunnen til namnet er at kristenretten startar med eit brev frå kong Sverre, erkebiskopen og andre biskopar om bannssaker. Torgeir Håkonsson har skrive dette handskriftet rundt 1300. Han startar med Borgartings eldre kristenrett, så kjem erkebiskop Jons kristenrett og deretter det som blir kalla kong Sverres kristenrett. Innhaldet er frå dei eldre kristenrettane for Gulating og Frostating. Truleg er dette ikkje noko forsøk på å lage ein ny kristenrett, men eit samanstøypingsarbeid av Torgeir Håkonsson rundt 1300. (Jfr. Bøe 1964:301–302.) Denne kristenretten er utgjeven i NgL 1:409–434.

Handskriftet Ms.fol. 87b frå 1700-talet inneheld ei avskrift av ein del av kong Sverres kristenrett.


Håkon Håkonssons lovarbeid

I kong Håkon Håkonssons regjeringstid (1217–1263) blei det slutt på borgarkrigane, og Noreg var reelt samla til eitt rike. Vi har overlevert ei stor soge om kong Håkon, forfatta 1264–1265 av den islandske hovdingen Sturla Tordsson (1214–1284), lagmann på Island frå 1272. I nest siste kapitlet av soga er det ei beskriving av kongen. Der står det følgjande: «Hákon konungr lét i mörgu bæta lög ok landsrétt í Nóregi. Han lét þat setja i bókina er nú eru kölluð hin nýju lög» (Jakobsson, Hauksson og Ulset 2013: 265), «Kong Håkon let i mange ting bøte lov og landsrett i Noreg. Han let setje i boka det som no blir kalla Nylova» (Audne 1963:366). Deretter seier soga m.a. at han forbaud manndrap og vald. Det er det rådande synet at desse formuleringane i soga refererer til lovvedtak som blei gjorde i 1260, og overleverte som innleiing til den eldre Frostatingslova.

Av den eldre Frostatingslova er det utanom kristenretten ikkje bevart nokon mellomalderhandskrifter. Det finst fleire avskrifter frå 1600-talet av eit handskrift som blei borte ved brannen i København i 1728, kalla Codex Resenianus (CR). Som Hagland og Sandnes (1994:XXXIV) seier: «Frostatingslova, med unnatak av kristenretten, er altså i det store og heile berre kjend gjennom den redaksjonen vi har bevart gjennom CR».

I utgåva i NgL 1 er dei 25 fyrste kapitla rekna som innleiing til lova, og dette er i dag det rådande synet. Men overleveringa er usikker, for det er to lakunar i denne innleiinga. Etter byrjinga av kap. 13 er det i alle handskriftene ein lakune på eitt blad. Utgjevarane lèt følgjande kapittel ha nummeret 14, men det har nok vore fleire kapittel i lakunen. I kap. 25 kjem det ein ny lakune på eitt blad, og NgL og Hagland og Sandnes (1994:XXXI) meiner at tingfarebolken har begynt der.

Frostatingslova har overskrifta «Her hefr upp oc segir frá lögum þeim er setti Hákon konungr son Hákonar konungs» (NgL 1:16), «Her byrjar fråsegna om dei lovene som kong Håkon Håkonsson sette» (Hagland og Sandnes 1994:3). I seinare rettarbøter kan vi sjå at lov kan brukast med same innhaldet som rettarbot. Innleiinga til Håkons tekst er også formulert slik vi ser det i mange av dei seinare rettarbøtene. Vi kan difor reise spørsmålet om vi har å gjere med ei rettarbot heller enn ei innleiing til Frostatingslova.

I 1244–1245 hadde Håkon Håkonsson eit møte med erkebiskop Sigurd og dei andre biskopane (Jakobsson, Hauksson og Ulset 2013:121). Han bad dei vere med på å skrive til paven og be om løyve til å krone kongen. Det ville dei gjere «i fall han ville gi dei rettarbøter» (Audne 1963:253). Det er grunn til å tru at Håkon i samarbeid med Sigurd fekk laga ein ny kristenrett då. Eit seinare diplom frå 1291 refererer til ein slik kristenrett (RN 2 nr. 626). Det same gjer ei rettarbot frå 1327 frå Magnus Eriksson (RN 4 nr. 535, NgL 3:153–154).

Bjørg Dale Spørcks (2006:264) konklusjon i avhandlinga om Magnus Lagabøtes kristenrettar er at det som blir kalla Borgartings nyare kristenrett, trykt i NgL 2:293–306, og Gulatings nyare kristenrett, trykt i NgL 2:306–338, er Håkons og Sigurds kristenrettar frå ca. 1250 for desse lagdøma.

Kjeldene tyder altså på at Håkon Håkonsson allereie før 1250 arbeidde med ein revisjon av kristenrettane for dei ulike lagtinga. Han har også laga landsdekkjande rettarbøter i 1260, og kanskje før. Frostatingslova, slik ho er overlevert i dag, syner at ein konge har gjort endringar, men vi veit ikkje sikkert når. Kongen kan ha vore Håkon Håkonsson. Det er etter mitt syn usikkert om «Nylova» viser til desse lovarbeida til Håkon, eller til eit meir omfattande og landsdekkjande lovarbeid frå hans side.

Håkon Håkonsson hadde gjort slutt på borgarkrigane, og han hadde fullført samlinga av Noreg til eitt rike. Det er såleis ikkje urimeleg om han også hadde ein ambisjon om å få laga ei landsdekkjande lov for det samla Noreg. Også andre forskarar tenkjer seg at kong Håkon starta arbeidet med å førebu ei landslov (Hagland og Sandnes 1994:XXX, Sunde 2017).



Magnus Lagabøtes lovgjeving


Landslova

I tillegg til soga om Håkon Håkonsson forfatta Sturla Tordsson også soga om Magnus Lagabøte. Den sistnemnde blei kanskje påbegynt i Noreg i 1278. Dessverre er det av denne soga bevart berre to blad av eit handskrift frå ca. 1400.

Men vi finn stoff om Magnus Lagabøte også i andre kjelder, særleg i islandske annalar, utgjevne av Gustav Storm i 1888. Viktigast er Gottskálksannáll, som har større samanhangande stykke om Magnus som må vere tekne frå soga om han. Av andre islandske kjelder kan nemnast soga om Arne Torlaksson, biskop i Skálholt 1269–1298 (Hauksson 1972, Stefánsson 2007). Magnus Lagabøte er også nemnd i Soga om Håkon Håkonsson og i fleire norske diplom.

I Annales regii (Storm 1888:137) står det for året 1267: Logtekin Gvlaþingsbók sv er Magnvs konvngr lét setia, «Den Gulatingsboka blei vedteken som kong Magnus lét fastsetje».

For året 1268 står det: Logtekin logbók Vpplenndinga ok Vikveria sv er Magnvs konvngr skipaði, «Den lovboka for opplendingar og vikværingar blei vedteken som kong Magnus fekk i stand».

For året 1269 opplyser annalen at kong Magnus og erkebiskop Jon møttest på Frostatinget. Deretter står det (Storm 1888:138): Þá fekk Magnvs konvngr samþyct allra Frostvþingsmanna at skipa sva Frostv þings bók vm alla lvti þá sem til veralldar heyra ok konvngdómsins. sem honom nndiz bezt bera, «Då fekk kong Magnus samtykke frå alle Frostatings-mennene til å ordne Frostatingsboka med omsyn til alt det som høyrer til det verdslege og til kongedømet, slik som han tykte det var best».

Etter dette er det klart at kong Magnus fekk vedteke lovbøker for Gulating, Borgarting og Eidsivating 1267–1268. Men på Frostatinget i 1269 fekk han ikkje vedteke noka ny lovbok. Han fekk mandat til gå vidare med den verdslege retten, men ikkje den retten som galdt kyrkje og kristendom. Det er nok erkebiskopen Jon Raude som har stoppa kongen på Frostatinget. Han blei vald til erkebiskop i 1267 og var i Italia hos paven i 1268. I 1269 var han tilbake i Noreg som ny erkebiskop.

I NgL (2:291–338) er det trykt to kristenrettar, begge tillagde Magnus Lagabøte. Den eine skal vere for Gulating, den andre for Borgarting. Det har vore den vanlege oppfatninga at desse er det einaste som er bevart av kong Magnus sin revisjon av landskapslovene i 1267 og 1268.

Bjørg Dale Spørcks (2006:264) konklusjon i avhandlinga om Magnus Lagabøtes kristenrettar er at desse to er Håkons og Sigurds kristenrettar frå ca. 1250 for desse lagdøma. Ho meiner vidare (Spørck 2006:265–266) at det som er kalla «Borgarthings nyere Kristenret» i NgL 4:160–182 inneheld kong Magnus sin landsdekkjande kristenrett, i redaksjonar for Gulating, Borgarting og Eidsivating.

Dersom kong Magnus fekk laga ein landsdekkjande kristenrett i 1267–1268, er det naturleg å spørje om det ikkje også blei laga ein landsdekkjande verdsleg rett. Formuleringane i Annales regii kan ikkje hjelpe oss med eit svar. Gulaþingsbók og Frostuþingsbók kan nok brukast om landskapslovene, men er også vanlege termar for handskrifter av Gulatings- og Frostatings-redaksjonen av landslova. Slik kan ordet ha vore brukt om landslova også i 1267. I 1268 er det snakk om «lovboka for opplendingar og vikværingar». Også handskriftene av landslova kan ha formuleringar som viser til lovboka for mennene frå eit lagdøme.

Ingen av dei andre kjeldene vi har, seier noko om kva som blei vedteke i 1267–1268. Og ut frå formuleringane i Annales regii kan vi ikkje avgjere om dei viser til landskapslov eller landslov. Men Spørcks (2006) konklusjon om kristenrettane peikar mot landslov (sjå også Rindal og Spørck 2018:78 og Horn 2018:24).

Også Ebbe Hertzberg (1890:90) opnar for at det i 1267 og 1268 blei utarbeidd landsdekkjande tekst for delar av landslova.

Vi har ingen handskrifter (bortsett frå kristenretten) av dei lovbøkene som blei vedtekne i 1267 og 1268. Men det er ikkje uventa, sidan ei revidert lov blei vedteken i 1274. Og bortsett frå kristenrettane har vi heller ingen bevarte mellomalderhandskrifter av den eldre Frostatingslova, og berre eitt av den eldre Gulatingslova.

Epilogen til landslova fortel når landslova blei vedteken på tinget. Dei fleste handskriftene seier 1274, tre handskrifter har 1273 og eitt har 1277.

Dei skriftlege kjeldene fortel elles ikkje noko om at landslova blei vedteken i 1274. Men dette året er ikkje dekt i fragmentet av soga om kong Magnus. Det ser likevel ut til at 1267, 1268 og 1269 blei rekna som viktigare årstal for hans lovgjeving enn 1274. Dette kan tyde på at det verkeleg var den nye landslova som var til behandling 1267–1269.

Dersom det er slik, har arbeidet blitt stoppa på Frostating i 1269, og kongen har mått revidere lovutkastet etter samråd med erkebiskopen. Dette kan til slutt ha skjedd på eit møte mellom konge og erkebiskop i Bergen i 1273 (jfr. NgL 2:455–462). Der blei det eit forlik (composito et finalis concordia) mellom konge og kyrkje. Deretter kunne arbeidet med den nye landslova bli fullført.

Arbeidet med 1274-lova må ha blitt avslutta etter riksmøtet i Bergen 1. august 1273 og før lovvedtaket sommaren 1274. Det er eit uavgjort spørsmål om dette vedtaket skjedde på Gulatinget eller på Frostatinget. Kjeldene fortel at kong Magnus var på Frostatinget i 1275, men vi har ingen opplysningar om kva kongen gjorde sommaren 1274. Fragmenta av soga hans dekkjer ikkje dette året, og ingen av dei annalane som dekkjer denne perioden, seier noko om det.

Uavhengig av kvar lovvedtaket skjedde, er det all grunn til å tru at det avsluttande lovarbeidet blei utført i Bergen vinteren 1273–1274. Kongen oppheldt seg i byen den vinteren, og der har han hatt god tilgang på lovkyndige rådgjevarar.

«Landslova bygde på ein romersk lovgjevingstradisjon og kom til etter inspirasjon frå lovgjevingsarbeid i Castilla» skriv Jørn Øyrehagen Sunde (2017) i artikkelen om landslova i Store norske leksikon. Han meiner at medlemmer av det norske kongehoffet hadde fått kjennskap til arbeidet med ei ny lov i Castilla då dei følgde Kristin, dotter til Håkon Håkonsson, til Castilla i 1258 for å inngå ekteskap med ein av brørne til kongen der. Sunde meiner at det castillanske lovarbeidet blei avgjerande for lovreformarbeidet i Noreg. (Jfr. også Sunde 2005:118.)

Men som Sunde sjølv seier ein annan stad (Sunde 2011:58), står det ikkje noko i Soga om Håkon Håkonsson om det lovarbeidet som pågjekk i Castilla. Det kan difor vere naturleg å sjå om ikkje det i Noreg fanst førebilete for landslova. Prologen og epilogen i landslova seier tydeleg at ho byggjer på dei eksisterande lovene, som forbetringar. Og innhaldsmessig byggjer landslova i høg grad på dei gamle landskapslovene. Strukturelt er det også slektskap. Gulatingslova er ikkje formelt delt inn i bolkar, men inneheld i hovudsak dei same saksområda som landslova. Frostingslova er delt inn i bolkar, som også i hovudsak inneheld dei same saksområda som landslova.

Etter mitt syn er det då ikkje naudsynt å gå til lovarbeidet i Castilla for å finne inspirasjonen til arbeidet med Magnus Lagabøtes landslov.

Prologen og epilogen i landslova seier at lovboka har blitt til etter råd frå dei visaste og beste menn. Det er ikkje sagt noko om kven desse mennene var. Men frå andre kjelder kan vi finne opplysningar om personar med god juridisk kompetanse på denne tida.

Den islandske biskopen Arne Torlaksson var med på riksmøtet i Bergen i 1273, og blei der kjend med kongen og hans menn. I soga om han er det nemnt to norske menn med juridisk kompetanse, Audun Hugleiksson, med tilnamnet Hestakorn, og Tore Håkonsson. Biskop Arne kallar Audun den visaste mann i landslovene, og seier at Tore var skolert i kanonisk rett (Hauksson 1972:29).

Audun Hugleiksson (ca.1240–1302) var ein stormann frå Jølster i Sunnfjord, truleg i slekt med Håkon Håkonssons mor. Han var stallar frå 1276 og baron frå 1277. I kong Eirik Magnussons tid (1280–1299) var han ein av Noregs mektigaste menn. Men etter kong Eiriks død blei han fengsla, og i 1302 blei han hengd i Bergen. Vi veit ikkje grunnen til hans fall, endå om det har blitt lansert mange forklaringar (sjå Helle 1972:581).

Tore var son til biskop Håkon i Oslo, som blei erkebiskop i 1267, men døydde same året. Tore var kongens kanslar, og blei baron i 1277. Kona hans var i slekt med kong Magnus Lagabøte. Tore spelte ei sentral rolle i norsk riksstyring, som diplomat i utanrikstenesta og som sysselmann i Skien. Han døydde i 1317, fødselsåret er ukjent.

Dei norske biskopane har truleg vore med i arbeidet med lovrevisjonen. I prologen til landslova vender kongen seg i nokre handskrifter også til erkebiskop Jon Raude, biskop Andres i Oslo og biskop Torfinn i Hamar (her skriv Taranger i si omsetjing feilaktig «biskop Torfin i Bergen»). Biskopen i Bergen, Askatin, er ikkje nemnd i noko handskrift. Han var biskop frå 1270 til 1277, og hadde vore kongens kanslar frå 1266. Han har truleg spelt ei sentral rolle i lovarbeidet i Bergen.

Somme har tenkt seg at også Lodin Lepp (d. 1288–1289) kan ha vore med på å utforme landslova (jfr. Sunde 2005:118). Han var kongeleg rådgjevar og diplomat, og var med på reisa til Castilla i 1258. I 1281 gjorde han ein stor innsats for å få lovboka Jónsbók godkjend på Island. Men det er ikkje noko i dei overleverte kjeldene som tyder på at han hadde noko med landslova å gjere.

I dag finst det i alt 43 handskrifter av landslova i norrøn språkform med tekstkritisk verdi. Dei fleste av handskriftene, i alt 33, er frå perioden ca. 1300–1350. Mellom desse finn vi Ms.4° 1 og Ms.4° 317. Vi har 2 som er eldre enn ca. 1300, 4 frå perioden ca. 1350–1400, og 4 frå 1500-talet. Frå 1400-talet finst det ingen handskrifter.

Vi har i alt fragment av 55 handskrifter i norrøn språkform med tekstkritisk verdi. Av dei 55 er det flest frå perioden ca. 1300–1350, i alt 43, medan 7 kan vere eldre enn ca. 1300. Vi har 4 frå perioden ca. 1350–1500. Det yngste fragmentet, frå ca. 1550–1600, er del av eit handskrift med andre lovtekstar. Ved Nasjonalbiblioteket ligg det eitt fragment på 7 blad, Ms.8° 2037, frå ca. 1500.

Vi kjenner namnet berre på tre skrivarar frå mellomalderen. Torgeir Håkonsson har skrive AM 302 fol, AM 305 fol. og AM 56 4°. Eirik Trondsson har skrive Holm perg 34 4°. I begge tilfella namngjev skrivaren seg i handskriftet. Dessverre veit vi ikkje noko meir om desse skrivarane.

Den tredje skrivaren er Hauk Erlendsson (ca. 1265–1334), som truleg har skrive fragmentet NRA 2. Han var fødd og oppvaksen på Island, og var lagmann der 1294–1299. Seinare kom han til Noreg, og var lagmann i Oslo 1302 og lagmann i Bergen 1303–1322. Han har utferda fleire norske diplom, og står bak Hauksbók, eit handskrift med samlingar av i hovudsak historiske tekstar.

Vi har nokre eksempel på at ein og same skrivar har skrive meir enn eitt handskrift. Det gjeld framfor alt AM 304 fol., AM 322 fol., AM 60 4° og fragmentet NRA 35 A.

Av handskriftene frå mellomalderen inneheld 17 Gulatings-redaksjonen (mellom dei er Ms.4° 1), 10 inneheld Borgartings-redaksjonen, 6 inneheld Eidsivatings-redaksjonen (mellom dei er Ms.4° 317), 5 inneheld Frostatings-redaksjonen og 1 vekslar mellom Frostating, Eidsivating og Gulating.

To av dei fire handskriftene frå 1500-talet er i hovudsak generelt formulerte, og kan vanskeleg knytast til eit bestemt lagdøme. Dei to andre inneheld Frostatings-redaksjonen.

Det er varierande kor mykje vi veit om historia til mellomalderhandskriftene av landslova. Men det er all grunn til å tru at dei har vore i bruk i Noreg fram til den danske omsetjinga kom på 1500-talet. På 1600-talet blei mange av dei skorne opp og brukte i innbindingar om rekneskap og protokollar, og dukka opp att fyrst på 1840-talet i Riksarkivet (jfr. Munch 1873:273–295).

På 1500- og 1600-talet var det ei viss historisk interesse for dei norske mellomalderhandskriftene. Storfolk, både danske, svenske og norske, skaffa seg handskrifter, som seinare fann vegen til danske og svenske samlingar. Vi må vere glade for at dei norske handskriftene på denne måten blei berga. For dei som blei verande i Noreg, lei oftast ein ublid lagnad (jfr. Halvorsen 1982). Nokre få lovhandskrifter har teke vegen til Island, og derifrå til Árni Magnússon og Den arnamagnæanske samling i København.

I dag er det berre tre av mellomalderhandskriftene av landslova som er oppbevarte i Noreg. Eitt av dei er Gunnerus, XA HA, Qv. 1, frå ca. 1370–1390, som ligg ved Gunnerusbiblioteket i Trondheim. Vi veit ikkje noko om historia til dette handskriftet, men det har truleg vore i Trondheim frå mellomalderen av. Dei to andre, Ms.4° 1 og Ms.4° 317, ligg ved Nasjonalbiblioteket, og blir grundig omtalte seinare.

Dei handskriftene som Nasjonalbiblioteket har av omsetjing til dansk av landslova, blir omtalte i ein eigen bolk seinare.

Elles finst landslova, eller delar av henne, i Ms.fol. 87:a, avskrift frå ca.1700; Ms.4° 339, attgjeving frå 1700- eller 1800-talet; Ms.4° 695, avskrift frå ca. 1700; Ms.8° 66, avskrift frå ca. 1750.

Landslova er utgjeven i NgL 2:7–178 og i Rindal og Spørck 2018. Absalon Tarangers (1915) omsetjing byggjer på utgåva i NgL.


Bylova

I handskriftene av landslova finn vi aldri termen landslog. Lova var formelt sett innretta for kvart av lagdøma, og blir kalla Gulaþingslog eller Gulaþingsbók osv. I lovtekstar eldre enn landslova kan vi finne termen landslog, men då med innhaldet «gjeldande lov og rett i landet» eller «den verdslege lovgjevinga». I bylova er termen landslog brukt to gonger, med innhaldet «lova for landdistrikta». Elles finst land om landdistrikt berre i to rettarbøter. Det gammalnorske ordet for landdistrikt var elles herað. Og ein gong nemner landslova heraðsréttr.

I mellomalderen hadde Noreg (det området som omfattar dagens Noreg) 11 byar (12 dersom vi reknar med Steinkjer). Ved utgangen av høgmellomalderen var det samla folketalet i byane rundt 20.000, dvs. at berre ca. 5 % av menneska i Noreg budde i byar. (Jfr. Helle 1995:86–90). Dei gammalnorske termane for det vi kallar by, var kaupangr, kaupstaðr, staðr, bǿr.

Etter at Magnus Lagabøte hadde fullført landslova, kom turen til bylova, som blei vedteken i 1276. Denne lova blei kalla bǿjarbók, bǿjarlog eller bǿjarréttr. Men den gamle termen bjarkeyjarréttr er brukt i overskrifta i fem av handskriftene av bylova.

I dag finst det handskrifter av bylova for Nidaros, Bergen, Tønsberg og Oslo, ingen andre byar.

Bylova er overlevert i 24 norrønspråklege handskrifter og fragment av 8 andre handskrifter. To handskrifter er eldre enn ca. 1300, 19 handskrifter og alle dei fragmenterte handskriftene er frå perioden ca. 1300–1350. Vi har også 16 seinare avskrifter av kjende handskrifter av bylova.

Det er også overlevert 17 handskrifter med omsetjing av bylova til dansk, 12 av dei er frå 1500-talet.

Naturleg nok manglar bylova to bolkar som er knytte til landdistrikta: Odelsløysingsbolken og landsleigebolken. Nye bolkar (samanlikna med landslova) i bylova er byordninga og farmannslova. Bylova har også ei anna tingordning. Etter mitt syn er det usikkert om farmannslova, som er ein sjørett, har vore ein integrert del av bylova. Dette spørsmålet vil eg kome tilbake til ved eit anna høve.

Prologen og epilogen følgjer same mønsteret som i landslova. Også bylova blir avslutta med rettarbøter, men dei manglar i dei fleste handskriftene. Nokre handskrifter plasserer rettarbøtene i landslova etter bylova, som følgjer rett etter landslova. Det ser då ut til at desse handskriftene har sett på landslova og bylova som ein einskap.

Av dei 24 handskriftene i norrøn språkform er det berre 2 som har fullstendig tekst av bylova. I tillegg har eit handskrift med dansk omsetjing fullstendig tekst. Dei andre forkortar fellesbolkane meir eller mindre, og viser til landslova. Alle desse er også overleverte i handskrifter som inneheld landslova. Eit særtilfelle er AM 78 4°, som inneheld bylova og ikkje landslova, men det er grunn til tru at det opphavleg har vore del av same handskriftet som AM 56 4°, som inneheld landslova og ikkje bylova (jfr. Storm 1885:571). Dei tre handskriftene som har den fullstendige teksten, er ikkje overleverte saman med landslova.

Handskriftene av landslova kan stundom ta med forhold som gjeld byen. Særleg viktig er kap. 16 i arvebolken. Der blir det sagt at det som er gjort i byen, skal behandlast etter bylova. Det som er gjort i heradet, og som heradsmennene og bymennene er usamde om, skal behandlast etter heradsretten. I kap. 7 i landevernsbolken er det gjeve reglar for leidangsplikta i byen og i heradet.

Bylova er utgjeven i NgL 2:185–288, og er omsett i Taranger 1923.

Handskriftet Ms.fol. 4 frå slutten av 1500-talet inneheld dansk omsetjing av landslova og Bergens bylov.

Handskriftet Ms.4° 507 frå slutten av 1500-talet inneheld norrøn tekst og dansk omsetjing av bylova. Grunnlaget er truleg Bergens bylov, men teksten er redigert til bruk i Stavanger.

Handskriftet Ms.4° 694 frå slutten av 1500-talet inneheld omsetjing til dansk av bylova innretta for Tønsberg.

Handskriftet Ms.8° 66 frå ca. 1750 inneheld avskrifter av tre redaksjonar av bylova, Oslos etter AM 305 fol., Tønsbergs etter AM 307 fol. og Bergens etter AM 322 fol.


Hirdskråa

Hirdskråa er den lovboka som galdt for kongens krigsfølgje, livvakt, hoff og statsteneste. Lova opplyser ikkje sjølv når ho blei til. Men det må ha skjedd mellom 1273 og 1277. Den nye tronfølgjelova av 1273 er med i hirdskråa. I 1277 fekk lendmennene og skutelsveinane rett til kalle seg baronar og riddarar, men dette er ikkje nemnt i hirdskråa. (Jfr. Imsen 2000:24.)

I dei eldste handskriftene er hirdskråa delt inn i tre delar. Den fyrste handlar om tronfølgja og om hirdleiarane. Den neste handlar om hirdsedene og om forholdet mellom hirdmennene og kongen, og om militærvesen og riksstyre. Den siste delen handlar om gjestene og kjertesveinane. Gjester tilhøyrde ei lågare avdeling i hirda, med oppgåver knytte til vakthald og det vi kan kalle politiarbeid. Kjertesveinar var unge menn av god slekt som gjorde teneste ved kongens hoff og fekk opplæring i våpenbruk.

I sjølve lova er det vist til ei forn hirdskrå, og ein del av stoffet i hirdskråa går nok tilbake på periodar før Magnus Lagabøte, særleg Håkon Håkonssons tid (jfr. Imsen 2000:25–30).

Hirdskråa er utgjeven i NgL 2:391–450. Utgåva byggjer på AM 323 fol., og har eit rikt variantapparat. Imsen 2000 har gjeve ut eit anna handskrift av hirdskråa, AM 322 fol., og har laga ei omsetjing bygd på det.

Handskriftet Ms.fol. 87a frå ca. 1700 inneheld ei avskrift av hirdskråa.


Járnsíða

Den islandske lovboka Járnsíða blei av R. Keyser og P. A. Munch rekna som eit tillegg til den eldre Frostatingslova, og dei brukte namnet Hákonarbók, etter Håkon Håkonsson. Dette namnet blir i hovudsak avvist i dag, men har hatt ein viss tradisjon. Lova er overlevert i berre eitt handskrift, AM 334 fol.

Det er semje om at Járnsíða blei send til Island i 1271 og at ho heng saman med Magnus Lagabøtes lovgjevingsarbeid på slutten av 1260-talet. I 1262 kom islendingane under den norske krona. Dette var grunnlaget for at den norske kongen utarbeidde ei ny lovbok for Island. Og det kan vel hende at det var Håkon som initierte arbeidet med den nye lova.

P. A. Munch (1858:484) drøftar namnet Hákonarbók. Han seier at namnet er misvisande, for lovboka, også i den eldste utforminga, høyrer heime i Magnus Lagabøtes regjeringstid. Men dersom namnet verkeleg er gammalt, kan det vise til «en ved Kong Haakons Foranstaltning udarbejdet Bog, indeholdende et Udkast til en Fælleslov for Norge, hvilken Kong Magnus benyttede som Grundlaget ved Udarbejdelsen af den nye Lov for Island.» Munch var såleis ikkje framand for at Håkon Håkonsson starta arbeidet med ei ny felles lov for kongeriket.

Mesteparten av Járnsíða byggjer nok på Magnus Lagabøtes arbeid med ei landslov i 1260-åra, men i 24 av 141 overleverte kapittel er Grágás brukt (Lárusson 1962:567). Som i landslova inneheld kristenretten i hovudsak tronfølgjelova. Lova har ingen bolk for tingordninga eller landevernet. Men som i landslova finn vi mannhelgebolk, arvebolk som begynner med kvinnegifting, bolk om landsleige, om kjøp og avtaler og om steling.

Járnsíða er utgjeven i NgL 1:259–300.

Handskriftet Ms.fol. 87a frå ca. 1700 inneheld ei avskrift av Járnsíða, truleg etter AM 334 fol.


Tilnamnet Lagabøte

I prologen til landslova omtalar kong Magnus seg som son av kong Håkon, soneson av kong Sverre. Og det er Magnus Håkonsson som er den vanlege nemninga for kongen i kjeldene. I dag blir han ofte omtalt som Magnus 6 Håkonsson. I latinske dokument frå regjeringstida hans kan han også bli kalla kong Magnus 4, som i stadfestingsbrevet frå pave Gregor 10 av 26. juli 1274 om semje mellom kongen og erkebiskopen, trykt i NgL 2:455–462. Dei to Magnusane som ein då ikkje har teke med i kongerekkja, er Magnus 2 (d. 1069), son av Harald Hardråde, og Magnus 4 Blinde (d. 1139), son av Sigurd Jorsalfare. Kong Magnus kunne også kallast Magnus den gode, som i ein islandsk annal frå byrjinga av 1300-talet.

Tilnamnet lagabœtir tyder «lovbøtaren», dvs. den som forbetrar lovene. Dette tilnamnet finst ikkje i noko handskrift frå mellomalderen. Det eldste belegget er i eit handskrift frå ca. 1600, som inneheld ein islandsk annal som går til 1427. Det ser såleis ut til at dette tilnamnet fyrst er brukt ut på 1400-talet, og då av islendingar. (Sjå Munch 1858:690.)

For islendingane var Magnus Lagabøte særleg kjend for lovboka Jonsbók, eit lovverk som var gjeldande rett i mange hundreår på Island. Det kan hende at det er bakgrunnen for tilnamnet Lagabøte. Men namnet er velfortent også ut frå Magnus sitt store arbeid med dei norske lovene.



Landslova og rettarbøter

Bolk 10 i landslova er rettarbøter frå Håkon Håkonsson og Magnus Lagabøte. Også andre stader er det vist til rettarbøter frå desse to kongane. I utgangspunktet er det uventa å finne rettarbøter i landslova frå 1274. Vi ville vente at rettarbøter frå tida før 1274 var innarbeidde i denne lova. Vi vil difor sjå litt nærmare på overleveringa av rettarbøter, både før og etter landslova.

Ebbe Hertzberg (1895:516) definerer réttarbót slik: «forbedring af landets, den hele befolknings eller en enkelt landsdels el. samfundsklasses ret; kgl. (undtagelsesvis ogsaa kirkelig) forordning, der med thingalmuens samtykke indførte ændringer i eller tillæg til den gjældende retsforfatning». For skipan har Hertzberg (1895:573) denne definisjonen: «ordning, anordning, forordning; bestemmelse men fortrinsvis dog om anordning el. forordning, fastsat eller udfærdiget af offentlig myndighed».

I det følgjande vil eg nytte termen rettarbot om rettarbøter, skipaner og andre endringar av lovene.

I den eldre Gulatingslova finn vi fleire rettarbøter. Kapittel 148 har overskrifta Her ero rettar bøtr þær er Magnús goðe gaf í Langeyjar sundi. En sumar gaf Hakon Þores fostre (NgL 1:58), «Her er dei rettarbøtene som Magnus den gode gav i Langøysundet, og Håkon Toresfostre gav nokre». Magnus Olavsson den gode var konge 1035–1047, og Håkon Magnusson Toresfostre var konge over Opplanda og Trøndelag 1094–1095.

I kristenretten i Gulatingslova finn vi to lag. Det eldste er knytt til Olav Haraldsson den heilage, konge 1015–1028. Det yngste laget er knytt til Magnus Erlingsson, konge 1161–1184. I handskriftene står det ofte kva som er Olavs tekst og kva som er Magnus sin tekst, og nokre gonger står det at begge står bak formuleringane.

Gulatingslova blir avslutta (kapittel 316–320) med Bjarne Mårssons saktal. Ebbe Hertzberg (1895:533) definerer saktal slik: «bødeberegning; udregnet schema for mandebødernes fordeling paa medlemmerne af de udredende og modtagende ætter». Overskrifta er Her hefr upp saktal hít nyia. Þat er Bjarne Marðars sun skipaðe. af .vi. morcom gullz (NgL 1:104), «Her begynner det nye saktalet som Bjarne Mårsson fastsette, om seks merker gull». Lagmannen Bjarne Mårsson er nemnd 1198 og 1199 mellom hovdingane på Hålogaland.

Den eldre Gulatingslova er overlevert i eit handskrift frå ca. 1250, og lova inneheld både gamle og nyare rettsreglar, rettarbøter. Vi ser at rettarbøtene blir innarbeidde i lova, med unntak av Bjarne Mårssons saktal.

Den siste bolken i den eldre Frostatingslova inneheld rettarbøter, Her hefr upp réttarbøtr þær er konungar gáfu (NgL 1:257), «Her begynner dei rettarbøtene som kongane gav». Dei kongane som er nemnde i dei tre fyrste rettarbøtene, er Sigurd (1103–1130), Øystein (1103–1123) og Olav (1103–1115), sønene til Magnus Berrføtt. Rettarbøtene er frå ca. 1105 (Hagland og Sandnes 1994:226). Den siste rettarbota er gjeven av kongane Harald og Magnus, truleg Harald Gille (1130–1136) og Magnus Sigurdsson Blinde (1130–1135), og rettarbota er då frå 1130–1135 (jfr. Hagland og Sandnes 1994: 227).

Vi har ikkje noko mellomalderhandskrift av den eldre Frostatingslova. Det vi har, er avskrifter av eit tapt handskrift, som truleg var skrive i 1260-åra. Vi ser at rettarbøtene ikkje er innarbeidde i lova, men kjem som avslutning.

I epilogen i landslova står det: Lizt hanns rettum eptirkomandum eins huerium stað en vmbota þurfa. þa skipi sa þui sua at guð hafe sømd af. hann sialfr salo hiolp þeir gagn er vndir skolu bua (NgL 2:178), «Dersom dei rette etterkomarane hans synest at nokon stad treng betring, då skal han skipe det slik at Gud har ære av det, han sjølv sjelehjelp og undersåttane gagn».

Vi har mange rettarbøter frå Magnus Lagabøtes etterfølgjarar, Eirik Magnusson, konge 1280–1299, og Håkon 5 Magnusson, konge 1299–1319. Men desse rettarbøtene er aldri overleverte som del av landslova. Endå om dei fleste handskriftene er frå tida etter desse to kongane, er det likevel ikkje noko eksempel på at avskrivarane har inkorporert rettarbøter frå dei i landslova. Dei er ofte overleverte i same handskriftet som landslova, og stundom skrivne av same skrivaren, men aldri integrerte.

Men det finst eitt særtilfelle. I AM 56 4°, frå ca. 1300, har ei hand frå slutten av 1500-talet skrive rundt 25 rettarbøter i margen, frå kongane Eirik Magnusson og Håkon 5 Magnusson. Denne skrivaren frå 1500-talet har på sin måte integrert desse rettarbøtene i landslova.

Mellom rettarbøtene har vi ei stor allmenn frå Eirik Magnusson i 1280 (NgL 3:4–11), og ei stor allmenn frå Håkon 5 Magnusson i 1313 (NgL 3:99–102). Desse rettarbøtene har eit landsgyldig verdsleg preg som ville forsvare ein plass i landslova. Den fyrste av dei er overlevert i m.a. 21 handskrifter frå mellomalderen. I 20 av dei finst også landslova. Det siste er AM 78 4°, som inneheld bylova. Det kan før ha tilhøyrt same handskriftet som AM 56 4°, som inneheld landslova. I AM 72 4° står denne rettarbota føre landslova. Den andre rettarbota er overlevert i 15 handskrifter frå mellomalderen, og alle inneheld landslova. Ofte er desse to rettarbøtene skrivne med same handa som landslova. Men dei er aldri inkorporerte i lova.

Eirik Magnussons rettarbot frå 1280 har ei innleiing som minner om den vi finn i landslova, og også rettarbota er fastsett etter råd frå dei beste menn. RN 2:108 meiner at ho blei kunngjord for dei ulike lagtinga, slik som landslova blei det. Dette er ei omfattande rettarbot, med 32 artiklar frå ulike rettsområde. Ho tek som utgangspunkt at den lova som Magnus Lagabøte laga, ikkje alle stader gav så klar orskurd som folk treng. Og rettarbota held fram med «oc en finnazt fleiri greinir malanna en uon se at sua litil bok megi or skyra», «Det fins også flere omstendigheter i sakene enn det kan være von at en så liten bok kan gi opplysning om» (Bagge, Smedsdal og Helle 1973:160). Det er verdt å merke seg at landslova her blir kalla ei lita bok.

Håkon 5 Magnussons rettarbot frå 1313 har ei liknande innleiing som rettarbota frå 1280. I avslutninga står det Bioðum ver syslumonnum oc logmonnum þesse log oc rettarbøtr i logbok at setia. þui at þau uilium ver at gange vm alldr oc vm æfue vm allan Noregh (NgL 3:102), «Vi bed sysselmennene og lagmennene om å setje denne lova og rettarbøtene inn i lovboka, for vi vil at dei skal gjelde i all æve over heile Noreg». Den siste setninga er den same som i epilogen i landslova. Rettarbota frå 1280 har ikkje noka avslutning.

Men trass i oppmodinga på slutten av rettarbota frå 1313 er ingen av rettarbøtene etter Magnus Lagabøtes tid sette inn i lovboka, dvs. i noko handskrift av landslova.

Etter prologen i landslova er kongane sine rettarbøter den siste bolken i lova, for det er kongens plikt å bøte på lovene med rettarbøter av omsyn til undersåttane sine. Og epilogen inneheld ei oppmoding til framtidige kongar å syte for rettarbøter når det trengst.

Dei kongane det er vist til i prologen, er Håkon Håkonsson og Magnus Lagabøte. I bolken med rettarbøter er det gjeve att 6 rettarbøter frå Håkon og 11 frå Magnus.

I si omsetjing av landslova meiner Absalon Taranger (1915:191–192) at Håkons rettarbøter er frå 1260, og svarar til kap. 1–8 og 10 i det som er rekna som innleiinga til den eldre Frostatingslova, og at Magnus sine rettarbøter er frå 1271. Truleg er dei siste vedtekne i 1271 på det riksmøtet som Knut Helle (1972:161–162) omtalar.

Av dei 11 rettarbøtene frå Magnus er det fire som ikkje har parallellar lenger framme i lova. Av dei 7 andre har 6 parallellar i mannhelgebolken, og ei har parallell i tjuvebolken.

I mannhelgebolken har kap. 12 overskrifta Vm rettar bøtr Magnus konungs (NgL 2:58). Tre av rettarbøtene i avslutninga har parallellar i dette kapitlet. I denne overskrifta har Holm perg 34 4° Håkon i staden for Magnus, dette handskriftet manglar også Håkons rettarbøter i siste bolken.

Ein del av kap. 2 i mannhelgebolken har same innhaldet som Håkons femte rettarbot i bolken rettarbøter. I teksten er det nemnt ein skipan frå Håkon, eitt handskrift har Magnus. Elleve handskrifter har ei overskrift som knyter skipanen til kong Håkon, ingen nemner Magnus i overskrifta.

I kap 2 i odelsløysingsbolken er det vist til rettarbøter frå kong Magnus. Her har eitt handskrift Håkon i staden for Magnus. I epilogen står det følgjande: Ma at fleiri rettarbøtr finnizt i þessare bok en þær einar er her eru nefndar ef skynsamir menn skoða með gaumgæfe þessa ok hina er aðr uar (NgL 2:178), «Det kan hende at det i denne boka finst fleire rettarbøter enn berre dei som er nemnde her, dersom skjønsame menn nøye granskar denne boka og den som var før».

Det er usikkert kva som er meint med den boka som «var før». Dersom det er vist til lovbøkene for dei ulike lagtinga, skulle vi vente fleirtal, dvs. hínar er áðr váru. Truleg viser det til den lovboka som Magnus la fram 1267–1269.

Dei lovene som er eldre enn landslova, innarbeider rettarbøter i sjølve lova. Rettarbøter som er yngre enn landslova, er aldri innarbeidde i lova. I handskriftene kan dei følgje etter landslova, stundom skrivne med same handa som sjølve lova.

Vi kan også merke oss at Jónsbók frå 1281 ikkje inneheld Håkon og Magnus sine rettarbøter.

I framstillinga av rettarbøter i landslova er dei to kongane Håkon og Magnus likestilte. Begge har rettarbøter med i siste bolken, og det er vist til rettarbøter frå begge i mannhelgebolken. Begge framstår som lovgjevarar i landslova. Rettarbøtene er truleg frå 1260 og 1271.

Ei formulering i epilogen reiser spørsmålet om det har funnest ei landsdekkjande lovbok før landslova slik vi kjenner henne i dag.

Rettarbøtene inntil 1387 er utgjevne i NgL 1:437–463, NgL 2:453–491, NgL 3, NgL 4:97–113, 341–386. Rettarbøter etter 1387 er utgjevne i seinare band av NgL. I Bagge, Smedsdal og Helle 1973, som omfattar tekstar fram til 1540, er sentrale rettarbøter omsette, og nokre av dei er utgjevne. Dei fleste av lovhandskriftene ved Nasjonalbiblioteket inneheld rettarbøter.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Handskrifter av norske mellomalderlover ved Nasjonalbiblioteket

I 2024 er det 750 år sidan Magnus Lagabøtes landslov kom. Lova er overlevert i 39 handskrifter frå mellomalderen, og nokre få yngre.

Eit hovudmål for denne boka er å kaste lys over dei handskriftene av norske mellomalderlover som ligg ved Nasjonalbiblioteket. Ms.4° 1 og Ms.4° 317, som begge inneheld landslova, blir grundig beskrivne, også med omsyn til innhald og språk.

Boka omfattar også dei 25 handskriftene av omsetjing av landslova til dansk, og andre handskrifter av norske lover. Innleiingsvis er det gjeve eit samla oversyn over dei norske lovene frå mellomalderen, som alle finst i avskrifter ved Nasjonalbiblioteket.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.