«I Norge kunne folk flest ikkje forstå det gamle språket lenger ved slutten av middelalderen», seier Ludvig Holm-Olsen (1981:12). Men kjeldene tyder på at dette ikkje er heilt rett. Gustav Indrebø (1951:209–211) gjev fleire eksempel frå 1700- og 1800-talet som tyder på at mange kunne lese og forstå gammalnorsk.
Vi kan også vise til eit brev datert 3. mai 1851 frå Ivar Aasen til Carl Richard Unger (Djupedal 1957:207–208). Aasen takkar for den tilsende utgåva av Barlaams ok Josaphats saga, og seier at det er tredje eller fjerde gongen han les denne soga, og med stigande interesse. Han seier vidare at «de Almuesfolk» som hadde høyrt om soga, var skuffa over at den ikkje var «paa vort Maal». Aasen vedgår at det kan høyrast underleg ut, men seier at folk ikkje er vane med å lese bøker i det gamle språket. Men dersom teksten blir lesen opp for dei, synest dei ikkje «saa ilde derom».
Dei som hadde størst behov for å forstå landslova, var lagmennene. Dei var opphavleg lovkyndige, seinare også domarar. På 1500-talet var det mange nordmenn mellom lagmennene, men også danskar. Mellom lensherrane var det utanlandske innslaget sterkare. Etter 1513 var det danskar som var kongens kanslar i Noreg. Endå om ein del norske lagmenn forstod gammalnorsk, blei det såleis etter kvart eit behov for omsetjing til dansk. Noko nyare norsk skriftspråk fanst det ikkje på denne tida.
Men også på 1500-talet blei den gammalnorske versjonen av landslova brukt. Vi har ni avskrifter på norrønt frå slutten av 1500-talet, ei av dei ligg ved Nasjonalbiblioteket (Ms.fol. 5). Diplom frå midten av 1500-talet viser også at den gammalnorske versjonen var i bruk. Under Kristian 3 (1536–1559) blei både original og omsetjing brukte, slik at dei danske embetsmennene brukte omsetjinga og dei norske lagmennene brukte originalen. Men mot slutten av hundreåret blei omsetjinga den dominerande teksten.
Kristian 4 fekk laga ei ny omsetjing og bearbeiding av landslova i 1604. Denne omsetjinga blei trykt, og etter den tid var det ikkje naudsynt å lage fleire avskrifter av omsetjinga frå 1500-talet.
Ein gjennomgang av tilgjengelege katalogar (Storm 1885, Kålund 1889–1894, Kålund 1900, Gödel 1892, 1897–1900) og andre opplysningar gjev som resultat at det skal finnast i alt 131 handskrifter med dansk omsetjing av landslova. Dei fleste handskriftene ligg no i danske og svenske samlingar. I Noreg har Nasjonalbiblioteket 25 handskrifter og Deichmanske bibliotek i Oslo har 12. Dessutan har Riksarkivet 8 handskrifter, og det finst 3 i Trondheim og 2 i Bergen.
Mange av handskriftene har eigarsignaturar og årstal, og somme opplyser om skrivar. Dateringane er difor rimeleg sikre. Det eldste handskriftet, AM 85 4°, er frå 1543, og det opplyser at det er skrive av ein Rassmus Hertuicksen, som også har skrive Ms.4° 528. Eigar har vore Michel Eskilssøn, fogd på Halsnøy rundt 1570, som gav det til bror sin Christen Tanne, som er nemnd som fogd i Ryfylke 1591. Seinare har handskriftet tilhøyrt Tormod Torfæus (1636–1719).
Berre 5 av dei 131 handskriftene er yngre enn 1604, og dei er frå 1700-talet.
For ca. ein tredjedel av handskriftene har vi meir eller mindre sikre opplysningar om kvar dei er skrivne. Av byane er Bergen den viktigaste, med 13 handskrifter. Trondheim har 5 og Oslo 3. Det er også laga handskrift i Stavanger, Tønsberg, Skien, Fredrikstad, Marstrand og Båhus. Det ser vidare ut til at 7 handskrifter er frå Austlandet, 1 frå Sunnmøre og 1 frå Island.
Det eldste handskriftet er frå 1543, så omsetjinga til dansk må ha skjedd før den tid. Omsetjinga tek med kongelege rettarbøter etter Magnus Lagabøtes tid. Men rettarbøtene frå kong Kristian 2 manglar. Han var dansk-norsk konge frå 1513 inntil han blei avsett i 1523. Omsetjinga inneheld også ei opprekning av kongane, og dei enkelte handskriftene oppdaterer kongerekkja. Men dei hoppar frå Hans, som døydde 1513, til Fredrik 1, som blei konge 1523, Kristian 2 er ikkje med i rekkja. Avskrivarane har nok fjerna Kristian 2 fordi hans regjeringstid og hans forordningar blei vurderte som illegitime (Storm 1879:27).
Den eldre utforminga av omsetjinga har behalde den gamle, katolske truvedkjenninga i kapittel 1 i kristendomsbolken, med skriftemål og faste. Det er difor sannsynleg at omsetjinga blei utført før reformasjonen, dvs. før 1537.
Handskriftet Deichman 33 4° er skrive 1567 i Sandeherred (no Sandar) i Vestfold av presten Laurentz Hermanson. Der står det: «Nories lagboch, som ær omwend aff den gamble Norsche (oc det aff Anders Sybiörn son fordom lagmand i Osloo) og paa leet [rett?] da(n)sche eller Syøømaalz Norsche, der huor man kand forstaa». Anders Sæbjørnsson er frå diplom kjend som lagmann i Borgarting 1511–1522 og i Oslo 1524–1527.
Handskriftet Linköping J 7, som inneheld ei svensk omsetjing av den danske omsetjinga, er skrive andre halvdelen av 1500-talet. Handskriftet har truleg blitt til under den svenske okkupasjonen av Trondheim 1564. Her står det: «Norgis lagh som Erick Gullen stiernn vdlade aff ysslenske mall oc paa dette mall som nu talis med iiij her lagmender myndigiste wiisseste oc clogiste han mest kune finne: ssa huar mand förstandeligt er när hon warder lessin». Erik Gyldenstierne er kjend frå ei rad diplom, og han var lensherre på Akershus 1532–1536.
Både Storm (1879:29) og Indrebø (1951:302) tenkjer seg at Anders Sæbjørnsson var den leiande av dei fire lagmennene som Erik Gyldenstierne sette til å omsetje landslova. Men her er kronologien eit problem. Anders Sæbjørnsson er ikkje nemnd i kjeldene etter 1527, og i 1528 blei det utnemnt ny lagmann i Oslo. Erik Gyldenstiernes funksjonstid begynte fyrst i 1532. Det er difor ikkje lett å sameine desse to opplysningane.
Ms.4° 528, skrive 1544, er det nest eldste av handskriftene, og har same skrivaren (Rassmus Hertuicksen) som det eldste, AM 85 4° frå 1543. Begge handskriftene har kanskje blitt til i Trondheim. Dette handskriftet seier: «Norriigis laagbog – – – er aff wiisse och forstandige mend wdragenn aff rett gammell norske». Også her er det sagt at fleire menn står bak omsetjinga.
I kapittel 2 i tingfarebolken i den gammalnorske landslova er det sagt kor mange nemndemenn som skal dra til tinget frå dei ulike distrikta. Men handskriftene for Borgarting har her ei generell formulering om at det skal sendast menn etter gammal sedvane. Den danske omsetjinga seier det same som handskriftene for Borgarting. Borgarting er også nemnt i kapittel 4 av odelsløysingsbolken. Sidan dei to siste rettarbøtene i omsetjinga gjeld Oslo, reknar Storm (1879:28) det som «utvivlsomt» at omsetjinga er gjord etter ei lovbok for Oslo. Og i ein fotnote seier han at dette førelegget ikkje er noko av dei overleverte handskriftene.
Absalon Taranger (1935:66) meiner at den omsetjinga som er knytt til Anders Sæbjørnsson, er laga i Oslo, bygd på Eidsvatings-redaksjonen av landslova. Den omsetjinga som er knytt til Erik Gyldenstierne, byggjer på denne, men bruker også Borgartings-redaksjonen.
Knut Robberstad (1976:215–232) deler omsetjingane inn i to hovudgrupper (A og B), basert på kapitteltalet i landevernsbolken. Gruppe A skal ha blitt til på Akershus 1507–1510, og her har Anders Sæbjørnsson spelt ei sentral rolle. Gruppe B har blitt til 1533–1535, og her har Erik Gyldenstierne spelt ei sentral rolle. Robberstad meiner at både A og B byggjer på Borgartings-redaksjonen av landslova. A blei helst brukt på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg, medan B blei brukt på Austlandet. Robberstads A er overlevert i m.a. AM 85 4° og Ms.4° 528, hans B er overlevert i m.a. Holm Papp 69 4°.
Robberstad har også to mindre grupper av omsetjinga, C og D. C skal vere laga etter 1557, og etter Robberstad (1976:225) er den eldste overleverte avskrifta truleg laga i 1561 av Jens Pederssøn Skielderup, biskop i Bergen 1557–1582. D har ein fortale av ein Mathias Scavenius, og er overlevert i m.a. Deichman 14 fol., som er frå 1577.
Under overskrifta «Kong Fredrik den 2dens Lov» omtalar Gustav Storm (1879:41–45) tre handskrifter som han reknar med er forsøk på å lage ei revidert dansk omsetjing. Fredrik 2 var konge 1559–1588, så revisjonen må ha skjedd i denne perioden. Revisjonen skal vere overlevert i Ms.4° 553, frå andre halvdel av 1500-talet, og i to avskrifter av 553: AM 92 4° frå 1600 og UBB Ms 65, ca. 1598. Dei to sistnemnde handskriftene har ei innleiing som seier at det er Fredrik 2s lov for Noreg.
Mange handskrifter av den danske omsetjinga av landslova har ein ny prolog, manglar den katolske truvedkjenninga, har ingen eigen kristendomsbolk, har færre kapittel i landevernsbolken, og manglar bolken med Håkon og Magnus sine rettarbøter.
Det store materialet av handskrifter av den danske omsetjinga av landslova på 1500-talet er så godt som uutforska, det treng «mykje til nøgnare gransking», for å sitere Gustav Indrebø (1951:303). Det er lett å seie seg samd i denne utsegna. Det er framleis uavklart kor mange versjonar vi har av omsetjinga av landslova til dansk, kor gamle dei er, og kven som utførte arbeidet.
Nesten alle handskriftene av landslova i norrøn språkform er frå perioden før 1400. Mange av handskriftene frå 1500-talet av omsetjinga har med stoff som ikkje finst i dei norrøne handskriftene. Knut Robberstad (1976:223–224) gjev eit kort oversyn over dette nye stoffet. Nedanfor tek eg berre med det viktigaste.
Liste over norske kongar frå Harald Hårfagre finst i einskilde norrøne handskrifter, f. eks. Holm perg 29 4°, frå fyrste halvdelen av 1300-talet. Der går lista til kong Sverre. Men ho er vanlegare i handskrifter med omsetjinga, og der går ho oftast til og med kong Kristoffer av Bayern (d. 1448).
Vanlegvis er det teke med nyare rettarbøter og resessar. På 1500-talet blei det halde herredagar, med rettarting. Dette var møte haldne i Noreg av danske riksrådar som kongen sende dit med fullmakt til å døme i rettssaker og greie med klagemål. Når herredagen tok avgjerd, var gjerne nokre lagmenn med. Herredagane på 1500-talet gav nye rettsbod, som dei kalla anten resessar eller rettarbøter (Robberstad 1976:214, 234).
Ofte finn vi dei 88 Regulæ juris. Dette er rettsreglar frå Liber sextus, som blei gjeven av pave Bonifacius 8 i 1298 og som inneheld nyare pavelover og kyrkjemøtevedtak (Robberstad 1976:73 og 80–81).
Allereie den eldre Gulatingslova har ei liste over saker der kongen og biskopen saman har rett til bøter og inndragingsgods, trykt i NgL 4:17–18. I omsetjingane finn vi ofte ein yngre versjon av denne lista.
Nokre handskrifter har ei slektstavle frå Magnus Måneskjold, oldefar til kong Magnus Eriksson. Ho går til og med kong Hans (d. 1513).
Nokre handskrifter har eit stykke om då kong Hans blei krona i København og seinare i Nidaros (1483).
Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
I 2024 er det 750 år sidan Magnus Lagabøtes landslov kom. Lova er overlevert i 39 handskrifter frå mellomalderen, og nokre få yngre.
Eit hovudmål for denne boka er å kaste lys over dei handskriftene av norske mellomalderlover som ligg ved Nasjonalbiblioteket. Ms.4° 1 og Ms.4° 317, som begge inneheld landslova, blir grundig beskrivne, også med omsyn til innhald og språk.
Boka omfattar også dei 25 handskriftene av omsetjing av landslova til dansk, og andre handskrifter av norske lover. Innleiingsvis er det gjeve eit samla oversyn over dei norske lovene frå mellomalderen, som alle finst i avskrifter ved Nasjonalbiblioteket.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.