Menneske og maktene

av Olav Duun

BORGHILD OG BROR HENNES

87I.

Så rar ein bror er det få som har hatt. Borghild levde det oppatt i tankane, live deres frå «første dagen» og frå lenge før. Og første dagen det var da mor deres reiste frå dem for alvor. Der var stor hjelp i å leva det oppatt etter ho hadde mista han.

Bror kalla ho han den tida, og det samme gjorde grannebarna, men han heitte Arne. Kva han kalla henne stundom, villbasen, det kunde ein berre le til, han meinte aldri noko vondt med det han sa. Og oftast kalla han henne Borghild.

Den tida var ho større og sterkare enn han, enda han var åre eldre. Sjøl veit om ho var sterkare, men ho laut ta han gong og annan og legge han nesegruv og gi han litt. Han var rund og god å banke på. Mor hadde ikkje hjarte til å tukte han for gapstreka hans, og da var ho nærast til det.

Men det var den første dagen. Det var om sommaren det, og dei kom frå bærskogen med det vesle dei hadde funne. Dei var bra svoltne. Midt 88nedpå vollen møtte dei ein av jamnaldringane sine. Han stod og såg på dem og smått lo. Han hadde ting å fortele dem, kunde dei sjå. Han fresta å vera alvorsam; så seier han: — Nå har mora dykkes reist i lag med farken] (m.), fanten; landstrykeren; den falske, upålitelige personenfarken sin. Litt etter legg han til: — Det er alvors sant det. Han kom og klaveleidde henne med seg, som ei ku!

Han lo, men han var redd òg, han stod på sprange. Bror såg på henne. — Nå flyg eg på han, varskudde han.

Nei, meinte ho, det let han vera.

— Ja men han skal ikkje lyge så grovt, sa han. Ikkje om mora vår, han kan lyge om si eiga mor!

— Ti still, bed ho han. Og så snur ho seg til syndaren, han står der og gottar seg over dem, og let han veta: — Gå lenger nord i bygda du og fortel. Straks, hører du!

Gutladden veik unda. Da han var på trygt hald ropte han: — Du er så freknut som — som ei gjeit!

Ho bad han syne henne] Ho bad han syne seg TmHo bad han syne henne ei freknut gjeit; — gjer det før det blir for seint! formana ho han. Ho var godt mota på å ta han. Det var Bror enda meir, men ho heldt han att, og så kviskra ho til han: — Enn om han snakkar sant?

Bror vart still da, stirde fortapt på henne, han skjønte at det kunde] han skjønna at det kunde Tmhan skjønte at det kunde vera sant. Han kom aldri i hug at han var eldst av dem. Der stod dei. Humla song i kløveren kring dem, og sola skjein på alle blomane, og så anga det av høye på vollen, 89men det vart ein annan let på alt i hop. Aldri hadde det vore slik nokon gong før. Andlete til Bror var jammers fattig, mest ingen ting, samme kor brunbrent og godt det var. Nå ser han òg at ho er freknut. Det skremmer han det med.

Den andre guten smilte ikkje meir. Han har snakka sant, ser dei. — Skal vi gå opp i haugane hoss oss i morgo? spurde han; eg veit om eit godt molterom der.

— Visst vi får lov av mor, svara ho.

Bror tykte like vel at skarvungen burde hatt litt, han visste vel ikkje anna å trøste seg med. Ho tok han i handa, og så gjekk dei heim. Gjekk og gjekk nedetter, på ein frammand og vond veg.

Og så kom dei heim. Hytta var tom ja. For anna enn ei hytte var ikkje huse deres, men du verden kor god ei hytte det var når ho berre ikkje stod tom! Dei går ut att. Kua står der i tjore sitt. Ho ser på dem, men ho er berre ei ku. Ho får meir mat, og da er den sorga sløkt. Ku-sorga.

Mor hadde nok reist bort eit par gonger før. — Ho kjem vel att denne gongen òg, fresta Bror å trøste henne. Han er så modig ein maur. Og så kan ikkje ho trøste han med nokon ting. For denne gongen er det ikkje ein tripp mor har gjort. Det ser dei både ute og inne. Stua var aldri så tom nokon gong. Der står omnen, mo åleine, og svart og sløkt. Veggene tier, heile romme tier, det er ikkje verande der; vesle dåmen etter mor kunde ha forjaga dem berre den. Men ute er det slik 90slag, så ødslig og tomt. Som ei stor skam har lagt seg over det alt sammen.

Bror torde ikkje sjå på henne. Da var det nær på ho gret. Mor hadde sett dei att her. Det var ho som sendte dem åt bærskogen i dag, ho visste at han kom i dag denne svarte skreppehandlaren. Borghild tykte det var Bror og ho som skulde ha rømt. Skamma er vondare enn noko anna vondt.

Men Bror var ikkje nedfor. Han skjønte ikkje stort av dette med mor, og det var vakkert av han. Han var slik ein rar unge all igjennom. Dess verre det stod til, dess meir slo han det bort i gap og skøy. Det skulde da lettne for henne det, trudde han. Ho måtte le til påfunna hans alt i eitt utover kvelden. Alt det han fann på! Han synte henne grannane ein for ein, korles dei tok mot budskapen om rømminga, han hermte dem så friskt at du både hørte og såg dem. «Ho kan da ikkje ha rømt?» sa kjerringa i den garen. «Har eg ikkje spådd det!» sa ho straks etter. «Ho burde vore risa med ei spekesild!» påstod mannen i grannegaren. Ei var der som gret, av sorg og av glede. — «Nå sett eg meg!» jamra ho seg, og gutfanten fekk til tårar så det var ein lyst.

Borghild hivde seg ned breiddmed kua og lo. Så gret ho da ikkje den stunda. Dei har vel hatt ein bror dei andre òg, men ikkje ein slik hjelpelausing. Han var visst bakom høyhesja og gret ein snykt. Det var einaste høyhesja deres, ho stod der og sturde.

91Men kua måtte mjølkas. Den òg hadde mor reist ifrå. Kua vart da mjølka. Sia matstellte dei seg, det nytta ikkje å glømme det lenger. Bror fekk ned vonoms meir.

Stillare kveld hadde det aldri vore. Ikkje ein lyd hørtes frå grannane i kring. Så fekk dei òg krype inn og sovne frå det. Bror låg ikkje lenge vaken, hørte ho.


Dagen etter var det like sant at mor var borte, men dei snakka ikkje meir om det. Dei bar inn høye utor hesja, og tok så til med ugrase i potetåkeren. Ho måtte mest tru Bror hadde blitt ein alvorsmann. Men så gale var det ikkje, ho såg det oppi augebrunene på han, dei var like levande best det var, som dei bevra av skire moroa. — Det er snildt av folk at dei ikkje kjem og ser til oss, sa han ein dagen. Og det var sant: det hasta ikkje med det nei. Skamma var viss nok som ho var. — For resten, sa han, så trur dei mor har komme att nå. Vi får hjelpe dem til å tru det. Ho hørte kor det smilte i han.

Ein dagen dei møtte nokre av granneungane vart dei utspurd. Borghild lo til nyfikna deres, og da var Bror straks framme: — De såg henne vel i går da ho kom utor bærskogen? Der med gjorde han rundkaste sitt over ei tuve og tok kute bortover vollen, og dei etter.

Det var jamgodt med å lyge, dette, ho visste det. Men ein fekk komma i hug: Bror venta ikkje dei 92trudde han, for dei laug sjøl. For han var det som ein sport dei kallar, der gjeld det å vinne over dei andre; han ga gjerne det vesle live sitt for det. Ja og så kunde det hende at mor kom att, kanskje så var ho her ein dag uti neste veka?

Dei greidde seg bra igjennom det. Lite grann knapt med maten tok det til og vart, mest berre mjølk og flatbrød, litt spekesild fanns der òg, men ho var så brun og trist. Bærpengane torde dei ikkje skille seg av med. Og så kjerna ho og fekk smør ein dagen. Det var eit storhende. Bror dansa kring kjerna og song: Jamenn sa eg smør eg! Den dagen fekk han smør på brøde. Så gjekk ho til landhandlaren med smørre] til handlaren med smørre Tmtil landhandlaren med smørre, som mor når ho var pengelens.

Handlaren såg på smørre. Da vart ho heit, vart visst enda meir freknut. Men han rekna berre ut, og spurde om ho skulde ha varer for smørre. Nei, ho skulde høre om ho kunde få pengane denne gongen. — Hm! svara han, og han såg som snarast på henne, men pengane fekk ho. Ho kjøpte sukkergodt til Bror, så glad vart ho, ja for ennå skjønte ikkje folk kor gale det stod til hoss dem.

— Dei skal ikkje få veta det heller, sa Bror da ho fortalde han om det.

Dei hadde vore leie mot mor den førre gongen skreppehandlaren var her. Dei kom ikkje inn til måls før han hadde fare. Nå ja, det var i grunnen ingen ting å angre på. Ein dagen sa Bror best det var: — At ho ikkje jaga denne svartingen på 93sjøen! Det er sotbrent er det. Ho hørte kor gråten kokte i han. Ho trøsta han med at denne svarten hadde kasta trolldom over mor. Han lysna i andlete da. Mor måtte vera utan skyld. — Men at der finns slike som han da? undras han. Han har stole òg, det ser du på han. — Dei sett han nok fast ein vakker dag, trudde ho. — Da skulde eg hjelpe til! let han og hivde seg rundt.

Det var i grunnen ufattelig at dei hadde vore leie mot mor.

Samme dagen var ho bortpå vollen og snakka med kua. Kua likte det, etter fattig evne som vaksefolk seier. Men om ei stund snudde kua på hovude, ho såg noko uventa og snudde seg med heile kroppen, sette så i og smårauta som når ho såg mor.

Og der går mor, midt i levande dagslyse, med bærkorga på armen, men ho går heimefrå? Fotlage og all ting er hennes, der går ho i gamlaste kle-trase sitt, men det er ikkje henne. Det er Bror, det er Arne som har kledd seg ut. Andlete er gjømt innom tørklee.

Ho fekk ikkje opp måle til eit rop. Der gjekk den vettlausingen midt gjennom grenda så alle måtte sjå han. Det er just det dei skal, er meininga hans, dei skal sjå mor, at ho går til bærskogen som før i år, som i alle dei år. Men skjønner dei ikkje] Men skjønnar dei ikkje TmMen skjønner dei ikkje at det er han?

Nei. Han er for lik mor. Borghild seig ned i grase og lo. Vårherre skjønner det nok han, at 94Bror meiner det berre godt, — sjå ikkje på han, han har ikkje meir vett! Lat dei tru det er mor, slik ei morosam løgn er da ikkje synd?

Samme kjerringa kom att frå skogen om kvelden, med både blåbær og molter.

Og søstra hans selde bæra, og ymta om at mor fann bær om det var slut for andre. Så gale kan ein komma til å snakke når det er gale, tenkte ho i heimvegen, men ho lo litt òg.

Bror tenkte visst ikkje stort, han fór der og leikte seg med dei andre. Han leit på henne i mest all ting. Det var så vakkert av han, ho kunde ha sunge. Men ho laut tenke for dem båe. Dei kom ikkje til å klare seg vinteren over. Bror svalt i hel for henne. Dei måtte vel på bygda og be. Noko meir nifst kunde umulig vera til. Mor ja, ho hadde vore nøydd til det nokre gonger, men sia arbeidde ho for det ho hadde fått; og så var ho fattig enke, hadde vore det lenger enn dei kunde minnas, det var ein skilna det.

Bror kunde visst ha gått med posen. Han hadde sikkert komme leande heim, enten posen var full eller tom. Ho kunde mest høre kor han hermte og fortalde, ein hund måtte le til han. Men ho sjøl vart stiv i halsbeine når ho tenkte så langt. Mor gret ein gong ho kom att frå ei slik ferd. Rett som det var kom Bror, den sorglausingen, og vilde ha mat, skikkelig mat; — når det nå er tirsdagen i dag, skjemta han. Det var neimenn ikkje stor moroa å nekte han det.

95Ein dag tok ho seg] Ein dagen tok ho seg TmEin dag tok ho seg på tak og sa han korles det kom til å gå dem. — Det blir svelten det, eller fattigkassa, sa ho. Bror vart rådlaus. Andlete hans såg enda meir skrint ut. Men slik vilde han ikkje stå der. Han lo småøygd til henne: — Eg blir mett straks eg tenker på det.

Der var berre ei råd: dei fekk rømme bygda med all som først.

Sia tok dei seg mot for og snakka om det. For det første var det kua å tenke på. Dei såg ikkje anna råd, dei måtte til faster og tilstå heile nøda. Rettnå visste vel halve bygda at mor deres hadde rømt. Det var berre ei mil til faster, og ein dagen la dei i veg.

Men den mila vart dem for lang. For faster var slik ei rettvis kone, ho var fiendsk mot mor deres. Det gjekk meir og meir smått med dem, føtene vart så tunge. Bror såg på henne best dei gjekk. — Faster blir oss for tung, sa han og lo. Så stana dei, og så snudde dei om. — Kanskje så hadde ho hemna seg på kua, sa Bror. Og så slikt sko-slit da, la han til, enda dei gjekk berrføtt.

Dei gjekk til næraste grannen sin, han Per. Ein farlig mann var han ofte, han både banna og slo når det kom ungar] når der kom ungar Tmnår det kom ungar i vegen for han, men dei våga det lel. — Berre du kunde gråte ein hikst eller to, sa Bror. Det monnar så lite om eg gjer det, sukka han.

Og denne gongen var Per god å komma til. Han hørte verkelig på dem. Der etter snakka han med 96kona si. Jau visst, dei fekk ta i mot kua til så lenge, når det stod slik til. — Både kua og fôre, smålo han. — Til de har funne mor dykkes, seier han og ser mildt på dem. Jaså, dei tenkte seg nordover til moster si? Det var langt dit, ei kostesam dampskipsreise, hadde dei pengar til det?

Borghild var for andsloppen, ho kunde ikkje svara straks. — Vi får kløne oss fram, sa Bror.

— Det var ord det! sa Per. Slik skal ein tenke ja når ein er ung. Ut i verda, ungar!

Han tala over med dem om resten, han skulde jamvel betale potetene deres når den tida kom; kan hende han kjøpte kua òg, om det røynte på.

Og så måtte dei til bords. Arme Bror kor han åt! Åt så han skjemdes av det, og enda ei stund. Han blunka berre når ho sparka han på leggen og bad han slutte.

Kona stakk til dem ein femkroning da dei sa farvel og takk for seg.


Dei kom heim att to lykkelige skapningar. Det verste var overstått. Men det var sant nok, det var ei lang ferd til moster, og moster hadde dei aldri set, ja og så skulde dei vera rike ho og mannen hennes. Mor hadde gjesta dem ein gong, ho skrytte ikkje noko større av det. Men dei vona dei fann henne der. Dei måtte finne henne der.

Bror spurde om dei verkelig hadde reisepengar. Ho lo og bad han kløne seg fram] komme seg frem på en klosset måte; slite seg fremoverkløne seg fram. Da lysna han over heile andlete. Han skjønte ho hadde tenkt] Han skjønna ho hadde tenkt TmHan skjønte ho hadde tenkt 97over det òg. Sparebørsa deres, tenkte han vel. Det var nok mindre der enn han trudde. Men ho hadde dei kronene dei hadde pint i hop for bær og smør, og så skulde det vera billig å reise for barn om sommaren.

Ho vona i alle fall det skulde klare seg. Det måtte da gå? Ho spurde Bror så hardt ho kunde: kva skulde dei ha til niste? — Du som treng mat mest kvar ein dag? sa ho. Det var vondt å sjå det truskyldige andlete hans da. Ein utmagra smågutfleis, hadde ho hørt nokon seie. Kva sa dei ikkje dei som var harde nok. Dei som det ikkje skilde.

— Pø! bles han. Kosten gir dei oss om bord, når dei ser kor svoltne vi er. Når dei ser kor staurmager du er. Eller, sa han og var klok mann, vi koker dei største potetene vi finn, eit spann fullt. Med finsalt til. Kva anna har vi ete nå ei tid? Inga sak for deg som skal slanke deg. Sjå her kor lett eg er! ropte han, og dermed hoppa han og hang] hoppa han og hang han Tmhoppa han og hang etter eine handa oppi ei bjørkegrein. Mannskape om bord har nyst klaga på kosten, så dei er sikkert glad dei får gi han bort, sa han der han hang.

Det var friskt mot Antonius] fra Den politiske kandestøber av Ludvig Holberg. I 1. akt 1. scene er Antonius navnet på den unge mannen som beiler til Herman von Bremens datter. Uttrykket står i følgende sammenheng: «hver gang jeg vil banke paa Dørren, er det ligesom een vil holde min [dvs. Antonius] Haand tilbage. Men frisk Mod, Antonius, er halv Tæring.»friskt mot Antonius all veg med den guten. Ho vart modig ho med.

Pengane rakk til billettar, men da var dei og tålig fri] var dei òg tålig fri Tmvar dei og tålig fri for mynt. Visst ein da ikkje rekna femkroningen som grannekona stakk til dem.

Dei fór sin veg. Ut i ville verda. Først om bord 98i fjordbåten, og sia i storskipe. Kor dei der skulde gjera av seg visste ikkje ho. Men det visste Bror da han hadde set seg litt om. Der var just plassen for dem, ei krå oppå øvste dekke ein stan, for der var det lognt, og der var dei utor vegen; han var bort og ruska i eit slag stolar til dem, vesle vettlausingen!

Ho ga seg over. Skipe var så overhendig stort, det var ein by som var ute og fór.

Bror glømte alt anna. Han reiste med dampskip han, storveges; — trur du vi ror på ein færing du? spurde han. Du all verda som ho unte han den gleda!

Sjøen var flat og fin, det var vandt å tru at jorda var rund, — det måtte vera i utlande det. Skipe gjekk mektig fram, og etter det, ut til sida, kom der ei rad med svartblanke bårerygger, dei velta seg og vatt seg, og skjein! Skipe skapte sjøormar til sommarbruk, vart dei einige om. Skya laga til eit andlet vesti have, eit vêrhovud dei kalla, for det var skapt av vêre. Lat det stå der og glo.

Ei stund sat ho og hadde det vondt. Maten vilde opp, enda ho hadde ingen mat ete i dag, verda heldt seg ikkje i ro lenger, det vildra og var i rørsle alt ho såg på, ho tålte ikkje sjå det! Ho beit i hop tennene og kaldsveitta, trudde ikkje ho kom på fast land meir. Men det gjekk over da skipe rodde seg inn i eit sund. Og bra var det, dei hadde ikkje så god råd på mat.

Sia kom Bror opp nedanfra innvålen] nedanfrå innvålen Tmnedanfra innvålen av skipe 99(fekk ein vel kalle det), han såg smilande på henne, runda handloven over den vesle magen sin og sukka velnøgd. Han var mett! Han hadde vore i kjøkkene deres, ventelig, og fått mat. — Eg klagar ikkje på kosten om bord, let han, gjekk seg ein sving på dekke og var mett mann. Det samme gjorde dei verkelige ferdafolka om bord, som dei skulde ha lært det av han.

Borghild åt ei potetkake. Ho kunde ha greidd to.

Ferda gjekk fint nordetter. Lande var ikkje noko særlig å sjå på, det var grått det, berg i berg, men så fanns der vakre stader òg, med kvite hus og flaggstenger og litt av kvart. Ein fekk da sjå det i alle fall. Og Bror likte seg. Han stod og opendaga nytt land stykke for stykke.

Det var berre det at ferda tok snart slutt, og korles vart det da? Nei ein fekk ikkje gruve seg, det var for seint nå det. Bror kom og hadde snakka med ein av mannskape, dei skulde snart vera framme nå. Da måtte ho ha sove? Kor underlig grå natta var her på sjøen. At lande og sov] At lande òg sov TmAt lande og sov? Bror, stakar, han var glad for at dei nådde fram snart.

Ho reiste seg, fresta å glatte ut skrukkene i skjørte sitt, det nye skjørte ho fekk] det nye blå skjørte ho fekk Tmdet nye skjørte ho fekk i fjor, gjekk så fram i tryne på skipe (eller kva dei nå kalla det) og såg fram.

Ho fraus litt. Råkaldt var det] Sjøkaldt var det TmRåkaldt var det, og her kom dei to ungar, dei var dummare enn sauen, og ho skulde ta vare på bror sin. Og der kom det frammande lande i mot dem. Det var ugodslig så frammandt.

100I land måtte dei i alle fall, og det tok ikkje lang stunda, så var dei der, midt inne i ei stor folkfjøld, somme kom og andre reiste, i grytidlige morgonstunda] grytidlige morgostunda Tmgrytidlige morgonstunda. Velnøgd var dei visst] Velnøgde var dei visst TmVelnøgd var dei visst alle.

Øyum heitte det her, men øyar såg ho ikkje, det var store stygge fastlande all veg, og hus i hus frammed sjøen eit stykke — slikt måtte ein da kalle by lel? Det fekk vera som det var, men kva hadde moster deres til etternamn, kva heitte mannen hennes? Der stod Bror, han berre såg seg i kring, friskt forundra, og leit på henne. Så spurde ho han like vel. — Pø! meinte han, vi spør etter Boletta, her finns ikkje mange som heiter noko slikt. Og som har garsbruk her, la han til og spytta. Ho kunde ha ledd.

Det stod ikkje lenge på å finne fram. Det gjekk mest alt for kvikt. Det var eit storvore hus dei kom til, og den borteste døra måtte vera kjøkkendøra. Dei hørte der var folk i kjøkene. Bror drog på dei løgne brunene sine da, lea på akslene og sa: — Huff, er dei oppe tidlig her? Og det hadde han gjerne rett i, at det var hardvore folk å komma til.

101II.

Men inn fekk dei våge seg. Ho visste enda så pass at ho pikka på døra. Einkvan sa noko der inne, og dermed beit dei i hop tennene og steig inn, beint inn i elden hadde ho hørt folk seie.

Noka moster var det ikkje dei helsa på, berre tausa på garen, såg dei. Borghild stinna seg opp] (v., pret. av stinna), strammet seg oppstinna seg opp og spurde om Boletta var heime.

Ho var da det. Var det noko ho skulde seie henne? spurde tausa.

Ja. Det var det at ho var moster deres.

Det var nær på at gjenta lo. — Er nå ho òg moster til nokon, mumla ho. Ho såg ulovlig vel på dem, gjekk så inn til Boletta.

— Nå får vi snart sjå a som ho er, kviskra Bror.

Kjøkkene var stort, og måla og fint og reint. Men Borghild hadde set eit velstandskjøkken før, der pla vera meir massing og kopparstas på veggene, meir krusty å sjå. Berre Bror kunde vera fin gut nå når prøvestunda kom!

Tausa kom att. Ein måtte mest tru ho hadde 102vondt av dem. Borghild trøsta seg med at ho hadde set ein enda større komfyr enn denne her, med nikkelhandtak på og litt av kvart, men her stod ho med denne broren og skulde be vakkert for dem, og kva skulde dei be om? For mor var ikkje her, hadde ikkje tort vise seg her — dei skulde ikkje ha vist seg her dei heller!

Torde denne tausa ikkje ein gong be dem sette seg? Hjelpe oss da. Men når berre moster vilde syne seg snart så.

Da kom ho ja. Stod litt i døra og såg på dem. Inga sak å sjå at ho heitte Boletta. Så kom ho nærare, stadig med auga på dem. Ho steig varlig som ei høne. Hønelegger gjekk ho på òg, men ho var visst klok nok for det. Dei helsa det beste dei kunde.

— Kan de fortele meg! seier ho.

Ho var visst på gråten. Ho hadde blårøde roser på kinna, men ho var uhuglig tynn. Blå i leppene var ho òg. Men auga hennes var verst, dei var så fryktelig lei seg, hadde aldri set anna enn det som ille var, og nå var dei to ungane her! Og så plukka ho seg på kjole-ermane med dei tynne fingerpinnane sine og visste ikkje si arme råd. Ein burde ha gått sin veg, om det kunde hjelpe henne.

— Er de barna hennes Lina da? sutrar ho. Og så kjem de hit, til oss? Kven er det som har funne på det? Så kom ho på at dei stod. Ho skjemde på tausa for at ho ikkje bad dem sette seg. Tausa tagde. Det var vel mest rådelig det ja.

103Så sat dei der på kvar sin krakk. På kvar sin tiggarkrakk, sa andlete til Arne (han fekk heite Arne her). Da sa han, best det var:

— De har ikkje set likt til mor vår her heller da?

Boletta stirde som ein blind ein på dem; så jamra ho seg med dette brostne måle sitt: — Nei nei nei! Har ho sett av heimefrå nå igjen? Eg har aldri hørt så gale, hm-hm-hm! Hadde de enda skrivi før de kom! — — — Kva slag menneske er ho da?

Det visste ikkje dei. Ikkje nå her dei sat.

I det samme kom mannen sjøl. Straks dei såg han kom dei i hug at mor hadde kalla han Bubblan. Det var som dei såg svære bublar på vatne, dei hadde lese om ei stor ei som brast. Nei brast gjorde ikkje mostermann, man han minka da moster hadde set på han litt. Nedreleppa hans minka litt ho òg. Bror var borti søster si med ålbogen: der såg ho mosterfolke deres.

Mostermann heitte Bertill, hørte dei. Boletta sette han til bords, og så laut han eta frukosten sin, kaldgraut med varm mjølk over. Borghild kunde gått med på det, men Arne såg bort i veggen; han hadde vondt av denne husherren. Og at han hata moster si det såg du på han om du berre såg] det såg du på han, om du berre såg Tmdet såg du på han om du berre såg øresnippane hans, — berre han ikkje lea på dem nå så var det godt! Mostermann åt. Fysj og fysj kor stygt eit mannfolk kan eta. Ingen hørte etter det han sa.

104Moster kvinka og bar seg att. — Dei kjem her desse ungane og forteler dei er barna til søster mi. Mor deres har reist sin veg. Men kva har vi med det?

Mostermann såg kvast på dem. — Neih! sa han og åt. Nøff! bubla han. Men han var da bedre enn moster like vel.

Da han var ferdig skulde dei til bords, han las fort etter maten. Ennå ein gong såg han på dem. — Jaså? sa han, og det var ikkje mildt meint, tok så huva og gjekk ut. Moster minte tausa om fjøse, klokka var over seks snart.

Dei fekk tørrmat dei, varm mjølk, slik ho var, og brød og smør, det mørkaste brøde dei hadde set hittil, men brød var det, ja og så var det potetkake. Er ho her òg? sa auga til Arne, men han gjekk på med frisk mathug. Her lukta det ikkje morgokaffe nei, det var vettugt folk som stelte her i garen] her i huse Tmher i garen.

Moster såg bleikt etter tausa da ho fór. Slik såg ho på dem òg. Men ho bad dem forsyne seg; — de er vel ikkje foretne kan eg tru, sukka ho. Da ho var inn i stua ein vending, kviskra Arne: — Nå må du eta, nå får du mat! Borghild bad han tie. — Eg er mota på å eta dem utor huse! klaga han seg. Dei knip ikkje på sparinga her i garen, sukka han litt etter, full av lått. Så han heldt da hovude oppe i prøvestunda.

Moster spurde dem ut om mangt, enda det hørtes som ho visste storparten før. Men korles hadde 105dei komme på å tulle seg hit? Dei svara som sant var (nesten da), at dei hadde trudd dei skulde finne mor her. Moster kremta og kremta, vilde visst ha gråte òg, men det vart berre snyting av det.

— Nei vi rømte unda for fattigdommen, sa Arne og såg hardsett på mostra si. Han vart oss litt for nærgåande, la han til.

Borghild måtte smile, så gale det var] måtte smile, sa gale det var Tmmåtte smile, så gale det var. Moster anka seg og stirde fram for seg. Ho var uhuglig blå og blind i auga. Ho fortalde dem at mor deres hadde vore eit bra menneske frå først av; ho måtte ha hatt det for vondt i lag med denne faren deres, — han døde nå òg så ulaglig tidlig frå huslyden sin! — Men de kan da veta ho kjem snart heim att, trøsta ho dem.

Borghild svara at det vart nok lenge til, denne gongen. Mora hadde tatt med seg alt ho kunde få med.

Men kva hadde dei så tenkt? Hadde dei pengar å komma seg heimatt for? — Dei rista på hovude. — Å herre gud! jamra ho seg. Kva vil de så trive til? — Tiggarstaven, svara Arne, men Borghild sa dei fekk høre seg om her i kring, einkvan kunde vel ha bruk for dem. — Men vi skil ikkje lag, la ho til.

Moster såg på dem, frå den eine til den andre, og grunda. Det var ikkje fritt for at dei fraus ved det. Ho spurde etter alderen deres og ømse anna. Fortalde dem så om den store arbeidsløysa lande rundt, 106og at det var der sør dei hadde heimstad-rett. Men det var visst djupare ting ho hadde i tankane.

— Vi kjem der aldri meir, svara Borghild før Arne kom til ords. Så takka dei vakkert for maten.

Mannen kom inn. Frå stallen, kunde dei sjå, og han vart vist ut att med eit blikk, han fekk fli av seg lite grann før han steig inn hoss folk. Sia fortalde Boletta han heile soga deres. Det var meir enn dei hadde fortald, og just ikkje stor moroa for dem å høre på.

Boletta hadde ein ørliten hårknute bak i nakken, mest berre som ei grå vorte å sjå til, — det var stort ho hadde råd til det, tykte vel Bror. Dei kom i hug mor med alt det håre, det var vakkert som sommaren, som solskine over skogen. Men henne fann dei aldri att!

— Mja! sa Bubblan og skaut underleppa fram. M-jah! Dei har vel som ein fattigkasse der sør òg? Moster let han forstå at det var ikkje den dei skulde snakke om nå. Bubblan sa nei vel, nei vel, og pusta strevsamt gjennom nesen] pusta strevsamt gjennom nasen Tmpusta strevsamt gjennom nesen. Ei stund etter såg han tålig mildt bortover til dem og sa: — Eg minns da mor dykkes. Ei lita nugle] (f.), senferdig og uanselig liten kvinnenugle til kjerring. Men: ho var så beint ikkje stygg ikkje!

Boletta kremta, og da vart det kaldvore i kjøkkene ei stund. Endelig sa ho: — Det finns ingen her i kring som har bruk for slike. — Nøff! svara Bertill. Moster snufsa og sa: — Eg ser inga anna råd eg, — ser ikkje anna råd enn at vi får prøve 107dem til så lenge. Lære dem opp. Det er som ein kristenplikt.

Mostermann skaut leppa langt fram. Han sa møh! eller kva det var.

Moster heldt ved: — Enda det er urettvist mot oss. Vi som ingen barn har fått. Og så desse to da! Ingen ting kan dei, og ingen ting veit dei, og så så tynne da, som pir-ålen båe to!

Bubblan busa ut åt dem: — Legg i dykk og få kjøtt på si-beina! De får lystre meg i det. Som i alt anna. M-jah!

— Det blir ei prøvetid! sukka moster. Ja for dykk òg, la ho til.

Og det tvilte dei ikkje på. Ingen hadde spurd dem kva dei vilde. Arne såg likesæl ut i lufta. Nå ja, Borghild var einig med han i det, at når dei hadde stått over rømminga og heile resten, da skvatt dei ikkje så snart. Ho spurde han, høgt men rolig: kva sa han til dette?

Han gjorde litt med augebrunene, som han tenkte djupt over saka, og skaut fram nedreleppa. — Mjah! svara han. Vi kan da freste] kan da fresta Tmkan da freste. Visst du vil.

Dei andre merka gudskjelov ikkje herminga. Moster tala alvorsord til dem. Ho bad dem aldri glømme dette, at ho tok dem beint utor nøda, tok dem i barns stad så å seie. Og at dei her etter var tenestfolk. Og at nå måtte mosterfolke deres vera utan både taus og dreng. Kva ho skulde ha til klea åt dem det visste ikkje ho; men ho vona at ein kristengjerning var si lønn verd. Og så til sist: 108Berre dei nå kom i hug å vera lydige og takksame, ja og tilfredse, det var det viktigaste av alt!

Ho var på gråten da det var sagt. Borghild hørte ein sukk frå Arne òg. Mostermann pusta tungt gjennom nesen] pusta tungt gjennom nasen Tmpusta tungt gjennom nesen og slo fast at der hørte dei!


Ja der var dei. I barns stad, som sagt var, og tenestfolk dertil. Dei hadde glømt å takke for det. Borghild bad til Vakkermannen om kvelden at det måtte gå bra; — eit års tid om ikkje meir! tagg ho.

Ho hadde alt vore med i fjøse da. Boletta kom og tok seg av henne, lærte henne frå nytt av, slik og ikkje slik. Det såg ut som der var arbeid nok for eit vaksemenneske, men Boletta sa det var gudskjelov berre sju kyr, — «sju magre kyr»] 1. Mos. 41«sju magre kyr», kom Borghild i hug —, og dertil så skulde ho sjøl ikkje vera langt unda. Var nå det òg ei trøst? tenkte Borghild.

Før moster gjekk inn såg ho på henne og tungsukka: — Å hjelpe oss rett for ei taus på ein gar! Berre tretten år. Men som sagt: når eg nå er mostra di, så i Guds namn! Det er dyrt å vera blauthjarta. Dermed gjekk ho.

Tausa retta seg bein og lo innbitande: Eg seier det samme eg. Det seier eg i morgo når eg krev lønna mi. Ho lo att: — Nei så mykje som i dag har ikkje Boletta snakka på heile åre. Berre ho ikkje hemnar seg på dykk] hemner seg på dykk Tmhemnar seg på dykk, la ho til, for både det og dette blauthjarte sitt.

109Borghild visste ikkje kva Arne hadde opplevd om dagen, men har var over-seg trøytt.

Morgonen etter vekte mostermann, — klokka tidlig, som Arne sa. Så hundtidlig hadde dei ikkje vore jaga opp før. Det bar i arbeide på kvar sin kant; så vakna dei vel etter kvart.

Tida ga seg til å gå. Moster laga om litt på dei eldre kleplagga sine, så hadde Borghild arbeidshyre. Til Arne vart det noko liknande; — men det liknar da mannfolk-klea òg, fann han ut. — Kan da ikkje tru eg skremmer hestane? sa han til mostermannen sin. Moster tok seg nær av det, men ho gret ikkje. Slik snakkar morlausingen som skal halde mote oppe, visste Borghild.

Men moster gret den dagen tausa fór. For nå var dei tauslause på garen. Slik er det å vera for snild.

Borghild hadde rømt, trudde ho, var det ikkje for Brors skyld. Eller, i grunnen var det han ho vilde ha berga frå dette slavelive. Det var vondt nok å sjå kor ungane i grannelage lo åt denne munderinga hans, men verre var det å sjå kor nedtukta av arbeid han var, han var snart eldre i fotlage enn mostermann sjøl der dei kom stigande inn. Dei sleit han ut før han var konfirmert.

Dess gildare var det når han fann på einkvart løylig for hennes skyld. Ho skulde merke at han stod det ikkje noko på. Ein dagen dei sat og åt den dagvisse spekesilda, så sur ho var, såg han opp på henne, og sa på mostermanns vis:

110— Legg i deg, gjente. Så du får litt sild på sibeina!

Først lo mostermann, men da han hadde set på husmora vart han bublande harm, og spurde: — Gjer du narr av maten, av silda?

Borghild vart illsvien og måtte hjelpe Bror det ho kunde. — Han miss-snakkar seg alt i eitt han, sa ho, det var kjøtt på sibeina du meinte, ikkje sant?

— Er ikkje sild like bra som kjøtt da? spurde han og såg alvorsamt på dem.

Mostermann tok det for god fisk, og sa m-jauh! til det.

Arne hadde ikkje vett til å vera redd folk før det var for seint. Utpå vinteren gjekk han i mól-froste og kjørte tang opp på åkeren. Ho såg han frå fjøsgluggen ein dagen, kor hjartans ilt han fraus. Eit par «bygutar» fór der og leikte seg, men dei var vinterkledde dei. Best det var hørte ho han.

Sur potet og sur sild,
surt vêr med surmjølk til

dikta han og song, høre det kven som vilde, og ungane lo.

Dei visste ikkje orde av, der kom Bubblan sjøl farande. — Din — din! frøste han, din —

— fattigunge, skjøytte Arne på, for det orde hadde han hørt før.

Men Bubblan svinga neven og slo.

Arne stod still og tok dasken. Han fekk han i hovude, det var så vidt han stod. Ingen av gutane der heime råkte Arne med ein dask, dei hadde 111øvd seg i boksing dei kalla. Nei han tok mot denne straffa. Borghild måtte sette seg på fjøskrakken. Ho ottas at Arne hadde gitt frå seg all vona nå.

Å nei gut. Da Arne kom heim med hesten, ropte Bubblan at nå skulde han kjøre ned på brygga etter eit sildkvartel] (m.), en kvart tønne sildsildkvartel. Arne spretta hesten frå sleden og leidde han til stalls. Du såg ikkje så beinberr skapning som den hesten. Moster-kallen stod mållaus med sinne sitt. Arne kom ut att, og kunngjorde i stort alvor:

— Nei eg tar kjelken eg. Han er lettare for meg enn sleden er for denne kjepphesten din.

Det var så vondt og handfritt sagt, det vart ingen ting att] det var ingen ting att Tmdet vart ingen ting att av heile mostermannen; han berre snøste og gjekk inn. Da Borghild var inni fjøse att tok ho i kring ein kuhals og lo.

— Han nøffar og slår folk, denne husbonden vår, sa han så Boletta hørte det. Men der var ingen som såg det, og ingen som kjente det, la han til. Elles kunde det blitt han ein dyr dask.

Det tyngste for gutungen, såg ho, det var at han sakna mor. Om han kanskje ikkje visste om det sjøl. Ho for sin del tenkte meir på mor enn ho hadde lov til.

Mor gjekk sin veg. Kunde vel ikkje anna] rettet etter Tm. 1938: Kunde vel ikke annaKunde vel ikkje anna, slikt kjem over kvinnene somtid, og da er dei enda dummare enn mennene. Ei stor skam å tenke på. Men mor var da glad i dem òg? Ho var mykje glad i dem. Enda meir glad var ho i denne farken sin, lat henne fara i fred, burde Arne ha sagt.

112Så var det skolen. Ja men det gjekk det òg, enda Boletta bar seg ille og dei sjøl måtte gruve litt for kvar dagen, særlig i første tida; desse «bybarna» var så leie mot Arne. Læraren var ikkje det, han fuska det enda til så dei fekk skolebøker utan mosterhjelp. Så svært lenge vara det heller ikkje før Arne var kammerat med dei andre gutungane. Han var så levande med i leiken deres, og så lo han like godt som dem når dei gjorde narr av han. Han vart dem for snild i lengda, dei ga seg og tok han god.

Vinteren gjekk, og der gjekk ein vinter til. Ei tid var ho sjuk oppi hovude, så svimren og elendig. Ho voks for fort, sa moster, og Bertill såg på førkjeungen] (m.), ungen til ei førkje (dial. ofte nedsettende), jenta; kvinnfolketførkjeungen som han vilde tverrstogge henne i galenskapen. — Du burde ikkje eta så kraftig kost, sa Arne ved borde stundom, du veks helsa av deg. På tomannshand sa han til henne, ho burde få i seg ein mjølkskvett i fjøse] ein mjølkeskvett i fjøse Tmein mjølkskvett i fjøse. Som godt var, kuvarm mjølk fresta henne ikkje til å stela. Derimot lurte ho i Arne og katten ein dråpe da og da.

Da var ikkje moster langt unda, — ho heldt da ord, gamla, og ein dagen kom ho på dem. Det vart ingen gledelig dag, men skrót i det, Arne og katten hadde fått dråpen sin.

Arne hiksta til og snudde seg bort, ein gong han såg kor sjuk ho var. Større helten var han ikkje nei. Men det gjekk, det gjekk.

Sia skjønte ho] Sia skjønna ho TmSia skjønte ho ikkje at ho hadde komme igjennom det. For Brors skyld hadde ho greidd det.

113III.

Og konfirmert vart dei da tida kom, samme dagen òg; — det går som ein røyk, trøsta Arne henne med. Dei torde ikkje sjå på einannan da dei stod på kjerkegolve, den eine var redd at den andre tok seg for alvorsam ut. Dei hadde fått bra konfirmasjons-klea; ein kunde i alle fall vekse i dem ei tid.

Arne voks. Og om han var litt bortbytta i klea til kvardags og litt fattig-grå i andlete, så var han god nok mellom kammeratane, og dem hadde han snart alt for mange av. Dei var ikkje så bra som dei var mange til. Stundom syntes ho at ho heldt på og vart brorlaus.

Ja lang nok vart da ho òg, det var skjære skamma at folk såg det. Kleane ho gjekk i] Klæa ho gjekk i TmKleane ho gjekk i var just ikkje morosame, men kroppen var det verste, eit uendes strek opp i lufta. Så ho heldt seg heime om der så var ei fristund.

Det gjorde ikkje Arne, enda moster var streng slik; ho var eit kristelig menneske tvert igjennom. 114Han hadde eit eige lag med henne. Han såg henne så truhjarta i auga som ho var mor hans, og lova bedring. — Men, sa han gjerne, dess meir moro eg har i dag, dess kvikkare arbeider eg i morgo; så det svarar seg da, moster? Ho drog på smilen da, etter evne.

Ein gong skar ho seg i fingen. Ho vart så redd ho ropte noko reint ukristelig. Nei men moster! åtvara han henne. Han tok handa hennes og stellte med såre, trøsta henne det hjarteligaste han kunde, og til slut sa han: — Det var ikkje feitare fingen, berre som du skar i ein kjepp, ser du. Ho fann seg i det som han var dokteren sjøl, ho takka han jamenn!

Det gjekk fint det, men ein kvelden stengte dei han ute. Det var svarte haustkvelden, og guten var ikkje heimkommen til sengetid. Moster dømte i saka, og mostermann sette dommen i verk. Han varskudde Borghild at ho opna ikkje døra, for da bar det ut med henne òg, for alvor!

Ho sat oppå lofte sitt og venta. Endelig kom han. Da han fann døra låst, dundra han på! Stod så ei stund og var opprådd, dermed tok han i døra att og rista. Så ropte han på dem. Langt om lenge opnå Bubblan vindauge og sa ein heil vål] sa ei heil mengd Tmsa ein heil vål. Det siste var at Arne kunde ha seg åt framstallen; så kanskje han fekk sjå einkvart i natt!

Arne var kar og sa at før gjekk han på kalde sjøen, så langskanka og kalvbeint eg er, skrytte 115han, men ho hørte kor rådvill han var. For resten, kalvbeint, det laug han på seg.

Ho gjekk den natta òg, på eit vis. For dei båe to, den eine i framstallen, den andre på ein stol ved vindauge. Eit par gonger reiste ho seg, vilde gjera oppreist, for hans skyld. Men for hans skyld laut ho sette seg ned att. For kor skulde han ta vegen når dei vart jaga her ifrå?

Han kom inn da dei sat ved morgobiten. Han helsa gomorn som vanlig. Ingen svara. Han såg forundra på dem. Boletta saug seg på gift-tanna. Så sa ho:

— Det får i Guds namn vera deg tilgitt, denne gongen.

— Tilgitt? spurde han og stirde blankt på henne. Så rar ein bror har ingen annan hatt. Nå ja, han trong ikkje henne den stunda, men skrót i det. — Skal de tilgi meg natta i framstallen? sa han. Det er sant, eg ga hesten fôre sitt, fortalde han Bertill og sette seg til bords.

Dei berre tagde. Da lo han, halvt med seg sjøl: — Nei eg var ein fåne i gårkveld. Eg vart med ein av bakargutane ned på brygga, skulde hjelpe han heim med ein mjølsekk. Først så kom ikkje båten, og til slut kom der ikkje noko mjøl heller. Nå eig dei ikkje mjølsåa å gjera brød av!

— Da har dei ikkje betalt! avgjorde Bubblan.

— Nei vel, sa Arne og var lei seg. For dei har ikkje noko å betale med.

— Nøff! snøste kallen og reiste seg. Fattigherk!

116— Ja ja, sa Arne. Men fattigherk — — det må da vera eit farlig ord?

Moster sat steinstill. Bertill bubla einkvart og gjekk ut.

Borghild visste loven deres: Fattigfolk skal vera fattige dei, for det er dei. Dei andre ikkje. Somme snakka mot det] Somme snakka om det TmSomme snakka mot det, den eine hit, den andre dit, til dei såg ut dummare enn dei var. Med kvart lo ho til dem, for det hørtes som dei vilde sope ned stjernene med ei kalverompe og strø ut til armoda. Meir hjelpte det vel ikkje heller om Arne protesterte mot uloven deres. Men det var friskt at han gjorde det, kor som var.

Til henne sa han da dei var toeina: — Var det naskt] (adj.), hardtnaskt å vera deg i natt? Ja eg såg for meg du gret. Men gret gjer alle kvinnfolka, det gjorde mor òg. Kanskje dei har godt av det.

Jau jau. Det gjekk i alle fall over denne gongen. Boletta small det knapt ord i, og det var bra. Og kallen og Arne skulde ut med garna, og det var ikkje noko småhende just.

Bertill var mest ikkje Bertill når han konsta med garna og lærte frå seg. For det kunde han, garna og den store fiskekonsten! Mjølka skaffa han mynt, men han var fødd fiskarkall. Derfor var han blid ute på sjøen. — For da er han fri mann, sa Arne. Og Bertill sa om Arne: — Eg trur jamenn han lærer] Eg trur jamenn du lærer TmEg trur jamenn han lærer til slutt.

Arne kunde seie mangt til han da. Han spurde han ein gong: — Er du så rik som dei forteler 117du er? Mostermann murra og nøffa litt, men sinna vart han ikkje. — Korles har du bore deg åt med å bli det? vilde guten veta. — Arbeid og spara du òg, svara den andre. Så går det deg vel! — Berre eg hadde nokon ting å spara! sukka Arne. Han lo godt da han fortalde henne det. Det var lenge sia dei vona på nokon ting sønnafrå. Og mostermann forkynte: — Det er inga synd i deg, du kan bli fiskar du. Arne terga han og sa: — Du har gjømt pengane dine for godt, du finn aldri att dem, det gjer a Boletta. — Nå nei kar! let mostermann.


Og fiskar det vart Arne, men det var hennes skyld. Ho måtte få han der ifrå. Fire års slavearbeid mest utan både kost og lønn] utan både kost og løn Tmutan både kost og lønn kunde vera nok, og så var «byen» eit farlig hol, for han da. At han tulla og var glad i gjentene fekk så vera (men det piska henne som skamma mang ein gong, kom ho i hug). Det var verre med desse gutknektane, for dei narra han bort i galne strek rett som det var.

Ein av dem trolla han med seg ned på brygga ein kvelden. Der låg det ein brennvinspakke som skulde til ein idiot utpå lande, ein som drakk seg til mordar og slikt når han fekk brennvin, skrøna uslingen. Dei fresta å berge han frå det, men folk kneip dem midt i gjerningen da ruta var knasa] midt i gjerningen Tmmidt i gjerningen da ruta var knasa.

Arne var fattig i andlete etterpå. Låtten hans var sju mil borte; han hadde vel ikkje drømt om 118at han kunde vera så dum. Men til henne less han vera kar som før. — Fullmånen kom og ødela heile moroa for oss, sa han. Vi meinte det berre vel vi.

Umulig å skjønne at dei kunde vera harde mot han.

Mosterfolke tenkte sterkt på å jaga han. — Ja men det blir dyrt for dykk det, sa ho dem. Dei vart mållause da, hadde vel aldri hørt på maken, det hørtes mest som ho tenkte på lønn!

Arne, han leit på at ho fann ein utveg nå òg. Ja ja. Først gjekk ho til lensmannen og snakka vakkert for han: Guten var så og så dum, og kom han ustraffa frå dette her, da skulde dei reise herifrå. Ho fekk stotta det fram vonoms bedre, tykte ho. Lensmannen trøsta henne, det var ikkje så farlig; Arne var så tydelig narra bort i det. Tenkte dei seg til heimbygda si? Ho fraus da han nemnte det.

Ho fraus ikkje mindre når ho tenkte på utvegen. Ho måtte gifte seg.

Ofte hadde ho tenkt at gifte seg det kunde ikkje ho som hadde denne broren å vera glad i. Ja ho kunde det ikkje elles heller, langt derifrå, det kunde dei andre, for dei var slik dei; — fy te helvete da mann! sa ho med seg sjøl gong og annan. Nå ja, der hadde ikkje vore noko tråv etter henne heller. Men der var ein utafrå øyane nokonstads, frå yttaste Øyvære; han var i slekt med mostermann og kom her ein gong sommar og vinter når han «provian119terte». Ein utrulig lys og snild ein, og ein dagen fria han til henne. Det forstår seg ja!

Ho berre lo til han, kan du veta. Han kom att, meir alvorsamt] Han kom att, meir ålvorsamt TmHan kom att, meir alvorsamt, og da fortalde han at han hadde vore glad i henne frå han såg henne første gongen. Da skratta ho, for noko så dumt hadde ho ikkje hørt før: Ein vaksen kar, ein seglar på sjøen, og så eit gjentestrek som knapt åtte klea på kroppen, — og kva slag kropp da i gudsnamn! Ja og ennå var ho knapt 17 år. Det var synd at han skulde vera så dum.

Men han tok seg hjartenær av at ho viste han bort. Der til var han så lys og mild i måle, og i andlete, og snild som morgosola det var han, ein utrulig mannsperson. Nå fekk han bli bergingsmannen deres. Han og ho fekk berge Arne herifrå.

Ho spurde om han hadde rom for bror hennes.

— Både i huse og på båten, svara han. Han fortalde mest alt om seg og heimen sin.

Javisst fraus ho litt når ho «tenkte alvor om det». Men det kunde komma for henne òg, at kanskje var det rart å legge kinne sitt innåt denne kjaken hans? Nei det var ikkje han ho hadde drømt seg i lag med, om ho hadde drømt slikt tull da. Der skulde vera noko usagt ved den guten. Noko som ho og ingen annan] ho og ingen anna Tmho og ingen annan fekk tak i. Ja men, kven veit —

Arne skjønte snart at der var tjyv i lyse] stykke av brent lysveke som er falt ned og som får lyset til å rennetjyv i lyse, som han sa. — Han er så forgapa glad i deg, denne lysluggen utant skjæra, sa han, du er dømt til å forbarme deg over han. Men ein dagen tverrsnudde 120han seg mot henne, det var reint så han glefste] så han glefsa Tmså han glefste: — Du let han ikkje ta deg, det seier eg deg! — Skal eg narre han da? måtte ho spøre. — Det var vel! svara han. For elles narrar han deg. Og det liker eg ikkje] det likar eg ikkje Tmdet liker eg ikkje, la han til, kokande heitt. Ho hadde ikkje venta seg det av han. Ho visste ikkje ut eller inn. Ho vart sjuk av det, vart liggande nedfor eit par gonger; det var så vidt Boletta fekk mana henne opp att, kjerringa gret!

Da bar det ikkje bedre til enn at Arne vart jaga utor tenesta. Han kom heim fullskjenkt ein sundagskvelden, og fortalde husbondsfolka alt han meinte om dem. Det verste var at det var så for sant. Dei jaga han på tverre flekken. Borghild såg at dette hadde han gjort for hennes skyld, han trong ikkje at ho gifta seg bort! Han kunde gå sin veg og berge seg sjøl, her gjekk han!

Han stomla til sengs som ein sigerherre. Dagen etter slong han bort i ei stue og tinga seg husrom til så lenge; sia skulde han skaffe seg arbeid, veit du. Kom så att og henta skrape sitt, stod ei stund midt i kjøkkene, såg ein gong i golve og ein gong på dem. Omsider sa han:

— Ja de må ha takk for meg da!

Mosterfolke svara ikkje. Ho såg stritt på han, men han nemnte ikkje lønn eller slikt. I døra såg han på henne, liksom han lova at han kunde ho lite på når det kneip. Eit underlig barn til kar.

Og så skreiv ho til han der ute, og sa ifrå at nå fekk han komma og hente dem. Om kvelden 121leita ho opp Arne. Da var ho redd. Ho bad han vera snild bror og bli med henne; når ho tok sjangsen kunde vel han og gjera det, — elles blir live meg litt for salt vesti havskjæra, sa ho. Han såg vel på henne da. Han svara skitt la gå] Han svara skit la gå TmHan svara skitt la gå. Sjøen var gjerne det rette for han. — Som du ser, sa han og tok seg over armen, så har eg lubba på meg bra med kjøtt i det siste.

Mosterfolka og ho sat ved middagsborde da ho sa opp tenesta. Ho fortalde ho skulde gifte seg.

Boletta sat som ho hadde svelgd både tugga og tannstubbane. Bertill såg ikkje klokare ut.

Ho fortalde det som var å fortele. Det fekk ikkje hjelpe om ho grøssa litt, — ho kom visst til å grøsse meir sia —, for slik ein bror hadde nokon kvar gjort umulige ting. Boletta hadde venta seg alt vondt av live, men ikkje dette lel. Bertill snøste og sa stopp der! Borghild måtte veta ho var for ung til å gifte seg. — Pytt! meinte ho, dei skulde søke om det. Ho trudde ho hadde hørt om noko slikt.

Mannen der vestfrå kom med skjøyta si og henta dem. Det var eit heilt farty å komma om bord i. — Jamenn er båten stor nok for både oss og godse vårt, sa Arne. Dei hadde det dei gjekk og stod i, og så eit lite knyte, ein pank med armodsdom. Lyshåringen ansa ikkje det. Kven han så var eller ikkje. Tankane hennes fór over det som småguten over veik is, det kunde vera djupt nedunder. Torger heitte han.

122Borghild sa til Boletta, dei var to-eina ei blink: — Du kunde gjerne testamentere Arne det vesle som blir etter deg. Gjer du det, da liker Gud deg. Boletta anka seg, dei var for vonde mot henne nå. — Han skulde fått lønn hadde han ikkje fare slik, sa ho. Men deg har eg tenkt på. Borghild lo og sa at det hadde ho gjort sjøl; — som du ser, moster. Ja farvel da, og takk like vel! Ho tok den sotgjerrige handa hennes. Det var rart å halde i så fattig ein ting.

Og så var dei om bord for alvor, og så fór dei, — ut av trældommens land] 2. Mos. 6ut av trældommens land, sa vel Arne med seg sjøl. Det var han som var glad. Han kjente seg som sjøkar før dei nådde ut til Øyvære.

123IV.

Det var eit underlig stykke land dei hadde komme til. Om ein kunde kalle det land da. Der var alt for mykje hav og himmel kring ein, det vilde ta ein stakar og fara bort med han. Ein hadde einast berge å halde seg til, nakne gråberge, nokre fleinskallar med litt grønt i mellom. Det var ingen ting mot all denne sjøen i kring dem, all denne himmelhøgda over dem] denne himmelvidda over dem Tmdenne himmelhøgda over dem, dei var berre attglømte haugar vesti have. — Men det er da fedreland dette her òg, sa Arne. Han såg seg i kring og tok det til eige, det eine med det andre.

Nei det raraste var at dei hadde tid til å sjå på det.

Første morgonen ho vakna der var det nordavind. Skjæra pløyde i veg nordetter så snart ho augefesta dem. Det tok tid før ho kom i gang med å elske denne parten av fedrelande. Sia vart ho da glad i det. Dei hadde solstrålande kjerkevêr den dagen dei fór innover og vart vigde. Folke i Øyvære var ufattelig snildt mot ein frammand-kryp.

124Og Arne var her. Ho hadde berga han utor verda og hit. Da fekk det ikkje gjera vondt at han vanakta henne for dette giftarmåle; ho hadde ikkje anna venta seg.

Dei gjorde rettelig eit smal] (n.), mål, eg. mengde (av ved) nok til ett ilegg, én fyringsmal første gongen Arne var med ut på fiskeferd. Det såg ut som lykka hang med han sia òg. Borghild undras ikkje stort over det. Ho såg han likte det nye live. Han likte å lyde mannen hennes ute på sjøen. Ho skulde òg ha likt å lyde han, men det fekk ho ikkje lov til.

I førstninga var ho redd kvar gong dei la ut: fire menneskemaur i eit båtskal utpå villaste have. Du såg skjøyta som ein prikk der vest, og sia såg du ikkje det ein gong. Som dei var ute av verda alle fire.

Sia var der andre ting som skremte henne. Arne gjekk og kjeia seg når det var landligge. Han tenkte, såg ho, at verda var ikkje her, tida kom ikkje framom her: det var tusen andre stader ein skulde ha vore! Etter som det lei tenkte han til med på å rømme. Som mor, fór det i henne. Han kunde sjå på henne som ein sjøsjuk ein. Ho vart sjøsjuk sjøl. Ho visste seg ikkje anna, ho fekk lite på det gjekk over.

Den tida kom óg] Den tida kom òg TmDen tida kom óg at det heldt på og gjekk over. Der kom liv i han att. Men da ho opendaga grunnen vart ho slett ikkje glad. Det var ei kvinne, og det var ei som kunde bli farlig for han. Dei kalla henne Enka, men enke var ho på ein måte ikkje; elles visste dei ikkje stort om henne, ho var henta 125langveges frå. Vakker var ho, på sitt vis. Det var vondt å sjå kor Arne drogs mot henne, han krinsa om henne dagstøtt, så uverdig det kunde bli.

Han vart meir og meir blind, så ho måtte mest ønske han hadde rømt like vel. Ho makta det ikkje bedre, ho snakka til han om det. Først lo han til henne. Sia vart han himlande harm, stod som ein fiende mot henne: han svær henne opp i andlete at endelig ein gong vil han vera sin eigen herre han òg; — eg tar henne og reiser min veg! varskudde han. Så kan du sitte att her og vera mor så mykje du lystar for einkvan annan.

Det kjentes som han drap henne. Men ho heldt seg oppe. Og tida gjekk utan der hendte noko meir. Enka ho sørgde berre over den bortrømte mannen sin, Arne måtte nøye seg med ein smil eller så.

Utpå vinteren vart eine barnsungen til Enka bråsjuk. Dokteren måtte hentas. Det stakk i hjarte på Borghild da. Vêre var alt anna enn godt. Ho såg det på mannen sin at han var lite huga på denne ferda; men han hadde einaste motorskjøyta i være, så han var dømt til å fara, han og ein til. Arne hadde alt kledd seg i sjøhyre. Borghild torde ikkje seie noko, men ho skjønte at Torger] ho skjønna at Torger Tmho skjønte at Torger helst vilde hatt ein meir sjøvant kar med seg. Så fór dei. Full storm var det ikkje, men høg sjø.

Utpå dagen kom skjøyta inn sunde, mange timar før ho kunde vera ventande. Ho hadde gjort 126vendereis. Det var gråe kvelden, men Borghild såg der var berre ein mann om bord. Ho gjekk inn og sette seg. Om ei stund stod mannen framfor henne og fresta fortele henne om ein brottsjø —

Eit fattig og ukjennelig andlet framfor henne, kva er det denne skapningen står og stammar om? Sia høgg ho tak i han, ristar og spør:

— Kor har du gjort av han?

Men ho skjønner da om sider at denne mannen her han er uskyldig i det (dess verre, hadde ho nær tenkt), det nyttar ikkje å kreve att Bror, av han eller av nokon annan.

— Når det er slutt så er det slutt, sa ho berre.

Det sa ho sia òg, gong og annan.

Arne var for resten berga han. Kva det vil seie, det veit berre den som har hatt han til bror.


Ho vart glad nok i mannen sin òg, gudskjelov. Da tida var der kunde ho seie det samme om han: Den som ikkje har hatt slik rar ein mann, den veit ikkje noko om kva det vil seie, det veit ikkje Enka heller nei. Torger med det lyse hovude, ho måtte stadig undre seg over han. Kor tok han makta si frå, i all denne tida da ho ikkje var godtil å sjå han? Ho gjorde han vondt kvar einaste dagen (og natta med, gud hjelpe oss); ho visste det på ein måte, visste det og skjemdes, kunde ha gjømt seg og gråte over det, men sjå, ikkje det ein gong var ho godtil.

127Han bar det. Han tok vêre som det kom.

Det gjorde henne glad etter kvart. Undringa var god å gå med. Og så kom den tida da ho døypte han om med seg sjøl, kalla han Torgeir. Da var han guten hennes. Det vart han meir og meir; den milde, harde mannen. Han var for resten så ung.

Det var ei natta ho vakna ved at ho gret. Ho vart blå vaki men gret like vel. Ho klengde seg til han og klaga seg: — Du har vore borte så lenge! Han hadde vore ei vanlig ferd ut på fiske. — Du har vore borte all tida! heldt ho ved og sa. Dei visste lite om kor dei var] rettet etter Tm. 1938: Dei visst lite om kor dei varDei visste lite om kor dei var, nokon av dem. Men dei drømte det ikkje. — Torgeir! kalla ho han da, og det gjorde ho sia.

Berre det var eit eventyr når ein først såg det, at han kom og vilde ha henne. Det skilde han ut frå all verda elles. Han kunde fått så mange andre. Best såg ho det på Enka. Om det nå ikkje var berre moroa heller å sjå det. Enka vilde ikkje vera ved det, men ho levna opp straks han snakka til henne, ho fekk verkelig hamlet da, blikke hennes vart farlig vake. Borghild kunde ha blitt redd, men det vart ho ikkje. Ennå hadde ho mangt å gi bort, dei laut hjelpe og gi bort rundt i kring seg, for det stod smått til i Øyvære nett nå. Ho hadde mangt å miste ja, men ikkje han. — Nei da skrik eg! tenkte ho.

Nei før kan sjøen få ta heile Øyvære, tenkte ho ein gong. Og båe delene kan hende, isa det 128gjennom henne. Kvifor skulde det ikkje hende, ho hadde vel mista eitt og anna før? Som nå det at ho fekk ikkje barn, det var eit tungt tap det. Ho hadde aldri trudd ho skulde eiga nokon ting, men like vel —] ho skulde eiga nokon ting. Tmho skulde eiga nokon ting, men like vel —

Men det hendte det som vilde hende. Det fekk vera trøsta hennes.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Menneske og maktene

Menneske og maktene fra 1938 er Duuns siste roman og en av de mest sentrale i hele forfatterskapet.

Romanen er en kollektivroman uten en egentlig hovedperson og er bygd opp som en rammefortelling med et åpningskapittel og et sluttkapittel. Mellom disse blir leseren bedre kjent med noen av hovedpersonene fra rammefortellingen.

Menneske og maktene føyer seg inn i hovedtemaet for Duuns dikting: hva som skal til for å ikke gå under i menneskets kamp mot onde krefter. Med dyster realisme skildrer Duun en gruppe mennesker bosatt på øya Øyværet,som er truet både av krefter i naturen, i samfunnet og i dem selv. I romanen ser vi spor av den frykten for en ny verdenskrig som preget mellomkrigstiden. Allerede i første setning aner leseren at undergangen er nær: «Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under». Når katastrofen endelig rammer det lille samfunnet, viser det seg raskt at de som er solidariske med hverandre og tar ansvar for sine egne liv, overlever. De som rømmer til bedehuset og satser på å bli reddet av utenforstående makter, drukner når havet kommer.

Les Bjørg Dale Spørcks innledning og kommentarer

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.