Menneske og maktene

av Olav Duun

SJØTROLLE

231I.

Det vilde ikkje Ludvik nei, her han gjekk, legge seg borti develens gjerningar og dei ting. Ingen la seg imellom da Inger måtte li lagnaen sin, dei tok seg i vare for det, hyklarane. Inger som var einaste barne hans på denne jord. Ho hadde ei tullet mor ho, og berre han til far. Dei sendte henne heim til han da ho ikkje visste av seg meir.

Tullet, ho? Han kunde fortele dem korles det var, han: Ho torde ikkje veta nokon ting av det dei hadde gjort med henne. Men sjå, det torde dei ikkje tilstå for seg sjøl. Ho skulde ha det òg, Inger, at ho var tullmenneske. Det arga han inn i eit lite helvet mange gonger. Her gjekk han og stabba. Sia skulde han ventelig ned i glohelvete og li straffa for ugjerningane deres. Og dei skulde sitte ved stasborde oppi himmelen og skine som sola, som lyskrona i kjerka. Der skulde Inger ha vore, det var hennes rom. Dei sytte nok for at ho ikkje kom der san.

Men her kom kanskje eit vestavêr ein gong, 232storhave kom inn og renska bort heile menneskesørpa, på kvar ei øy og langt inn i lande. Da fekk gamlingen frammandfolk så det monna litt!

For storhave hadde Ludvik set] rettet etter Tm. 1938: hadde Ludvig sethadde Ludvik set. Det var utan grenser det. Eit godt hav å segle på. Ein pløyde seg over det med skip. Dampskipe det går fram med makt og mynde, å jøss, Inger! Men så søkk det under oss ein dag, ei natt. Og vi blir sittande der i eit båtskal, og svelt og tørstar. Da ser du have da!

Men så, Ludvik, så kjem du heim, og da har du einkvart i kista di. Skipskista, det er ein venn det. Den einaste du har av det slage. Han mista henne ein gong. Han gret ikkje, det gjorde ikkje jungmannen Ludvik nei. Men så kjem du heim ein gong og har kista med deg. Det er første gongen du kjem heim frå ferd. Og heime der er mor. Ho er eit godt menneske, ho gret da han reiste. Der er søster òg, ho er eldre enn han; ho er noko for seg til menneske. Og så Anton, veslebror, han ventar nok han òg. Berre vent lite granne nå!

Ja det var ein gong i live det, gutar. Tre år borte. Han såg det og hørt det alt sammen førut, i eit syn han fekk. — Å herre gud! seier mor ho. Er det du da? seier ho, er det du det der? Ho seier mange vakre ord, og gret gjer ho òg. Men han låste opp kista si. Der var skrine til henne, og maken til skrin! Med lås og nøkkel til, sølvnøkkel enten de trur det eller ei. Og da ho såg ned i skrine da vart ho mållaus. Da vart søster endelig 233vâr han; han hadde aldri drømt om at ho skulde bli halvparten så vâr han. Og gaven ho fekk den vart ho på gråten over, så fin ein ring var det, med så dyr ein perlestein i. Det var gave som høvde henne. Ho tok i kring han. Betterde gjorde ho det ja! Vesle Anton, som hadde blitt så stor, han la på dør med pistolen sin, han skaut så det smala i fjelle, og ropte hurra og hei.

Live var hurra og hei den tida.

Men han, Ludviken deres, han ser på gamle stua han. Nakne stokkeveggene uta og inna. Det skal bli anna pallas det. Mor treng snart ikkje skjemmas av stua si nei. Og så skal det bli stakitt framfor huse, har de set det nokon gong?

Han hørte livs levande kor mor skrytte til grannekonene, drakk kaffe og fortalde om den nye herligdommen: — Han Ludvik han —

Ja da. Men så kom gut-tassen heim. Kista bar han på aksla heilt frå brygga. Siste stykke var det nær på at han sprang. Høh! Kva skyndte han seg etter?

Mor møtte han utafor døra. Ho vart ståande og gapa. — Herre gud! sa ho, og det var rett nok, men andlete hennes var gale, ho vart ikkje det spytt glad, og så sa ho: — Kjem du , midt oppi elende her! Da stod han der da. Stod og var tosk med kista si. Inne låg søster hans og jamra seg, skulde ha ein unge, så ugift ho var. Himmelen hadde komme ned-dettande over dem. Anton stod bortved fjøsveggen. Andlete på han var mest 234ikkje til. Dei gjekk og sette seg nokonstan; sat der to brør i breidd.

Ja så gjekk heimkommaren sin veg. Visste ikkje anna å ta seg til. Han fann nokre kammeratar, og så hadde han brennvin, og dei var vonde mot han først, men sia vart han verre mot dem, han vart full og rasande og knuste ein slipestein (det var visst det?). Sia fór han og raga, vilde i veg og drepa barnfaren, stordrepa han.

Så var ikkje det meir. Å pytt san, Ludvik han tok seg opp att. Han kom heim andre gonger den karen.


Han kom hit òg. Han fann seg ei kone han som andre. Ho hadde ei god hand å stryke han med. Og så gret ho når han var ute i stygt vêr, ho var så redd å miste han. Såg de henne? Nei da, de ser aldri anna enn det som er stygt. For de speilar dykk sjøl i oss andre, gjer de.

Ho vart tullet, påstår de. Nei da. Ho såg inn i framtida berre. Da barne var født, da såg ho korles blodhundane vilde fara åt med Inger. Sia sat ho der og stirde. Stirde ihel seg. Det er de skyld i alle i hop. Enn om ‘n Ludvik drakk litt den tida, i dei lange svarte åra? Drakk seg i frå det litt? Enn om han banna nokre ord? Og jaga dykk frå huse når de kom lurande — kva satan var det de vilde sjå? Var det meg, når eg stelte ungen? Eller kunde ho ikkje få døy uset? Nå nei san. Ho måtte gjømme seg på lofte. De burde 235vore lempa på sunde kvar ein og ein! Men skitt med det] Men skrót med det TmMen skitt med det nå. Eg sett meg, gjer eg.

Sjøtrolle kunde sitte utom veggen halve dagen somtid. Han spikka gjernast på ei flis, eller òg la han armane i kross og stirde rett fram, såg på ingenting. Han kunde sjå fredelig ut da, som steinen nedi fjæra. Sola skjein på den og på fleinskallen hans, på hårkransen og på skjeggkosten. Inger kom og sette seg i nærleiken, ho sat der like still som han. Dagen synte fram andlete hennes, kor visna og sløkt det var, utan levande drag; ein syntes det var nake som berge breiddmed, og like langt bortafor von eller vonløyse.

Sat ho der, da fresta visst faren å synge, på sitt vis. Røsta hans murra og skura, mól som sjøduren kring lande. Det minte om eit slag song like vel, djupt nedanfrå mørkre nokonstad. Folk vilde helst ikkje høre på det. For det skilde da ikkje dem?

Da sat han og synte Inger det vakraste han hadde set, rare ting frå mange stader, slik det kom i mot han i tankane; dei fór vidt da og hadde det rimelig. Inger skjønte alt ho. Han fortalde om mor hennes. Det var så synd ho ikkje hadde set henne. Det vart til ein låg og fin tone det, som sommarvinden når han kved i dørene for ein.

Men når han gjekk bortetter berga, og stana litt og gjekk att, da sa han all verda sanninga midt i tryne. Han såg dommedagen kom som gravsvarte båreveggen med elden skinande oppi fakse. Han mana han til å komma. Det skulde 236bli litt ulåt i verda da, vilde han tru. «Sørv dem rait!» sa han på sjømannsspråke, det vilde seie så mykje som at dei fortente alt og meir til.

Og da stod han fram og vitna for han som kom: — Der ser du Inger. Fanns ikkje meir skyldlaust barn enn ho var. Du skulde set henne den dagen ho fekk reise heimefrå. Andlete hennes var som ein godvêrsmorgon, var det. Skulde eg ha nekta henne å reise? Det kunde du ja, som er hard.

Så kom ho heim att. Ingen skjønner korles ho fann vegen heim. Lensmannen? Nå er du idiot igjen. Eg vilde ikkje sjå han. Dei held i hop, heile sørpa. Du held med dem du òg, kom ikkje og fortel nokon ting. Kvifor kom du ikkje før med denne dagen din? Kva var det du bala så med da Inger trong hjelpa di?

Han sette treskoen hardt mot steingrunnen. Hadde han kjeppen i hand hytta han mot høge blånaen over seg, gjorde majestetsbrott mot Herren, nett fordi han visste det var synd!

Henne sendte dei heim til han. Umulig, drepande umulig å få jaga frå seg den dagen. Han berre er der like bannsett han.

Han såg ein neger i utlande, svarte armingen sprang seg beint ned i ei tom dokk, på lyse dagen, låg der steindau. Kvifor det? Han vilde berge live sitt, polisen og loven var etter han. Dauare neger har ingen set. Ein gutfåne lo til det. Styrmannen slo han i dekk. Skitt med han, han kom seg oppatt. Einkvan dasken har ein da fått. 237Ein har set mange ting. Berre ein slapp å sjå att dem! Nei da, det slepp ikkje han som her står. Ein smågut banka ein hest ein gong — —

Nei men i Italia såg han eit hestkrek som var så utkjørt at han måtte løfte på alle fire føtene i samme stunda, men da låg han der flat på gata. Og da bar det liksom til å banke. — Dio mio! skreik kjerringane, og det vil vel seie at develen han ta heile hesten han! Slik er folk.

238II.

Inger sendte dei heim til han, etterpå.

Det var noko vakkert inni han dei drap den gongen. Det var ein tone var det. Ja og så vekte dei opp noko inni han, noko som sov. Som skulde ha sove evig.

Nå piner dei han til å leva opp att både eitt og anna. Ting som aldri har hendt han, forbanna ei nei! Dei sitt og ønskar han må sjå det, til han lyt gi seg og ser og ser, som ein var i helvete.

Men dei ser ikkje. Dei ser ikkje korles den bonden der aust fór fram mot vesle Inger. Det er far hennes som må sjå det òg. Gjentungen var 17 år den gongen. Bort, seier eg, bort med heile syne!

Ei kjerring flådde ein levande ål, ho hadde ein spiker gjennom hovude hans og i veggen. Ålen arbeidde hardt. Og kjerringa sa, han er da dau, sju, men han er så dum han skjønner det ikkje. Dei trur Inger skjønner heller ikkje nokon ting. Trur ikkje ho minns valdtekta og heile styggedommen.

239Med kvart, da får dei han til å tru at det er han som har gjort det! Det får dei han til ja, brannane, dyrplagarane! Men ennå veit Sjøtrolle att fram på seg, berre vast urlite. Men så manar dei fram eit anna gjenteandlet, det er kvitt av redsel, det stirrer steins blindt på han, men han kan ikkje spara henne, han er eit dyr. Men det er løgn er det, berre ein styggdraum frå gamle dagar, frå eksisen, frå eit vedskjul — kven fan hadde dømt han, sjøgasten, til denne eksisen deres? Hadde han søkt om å komma der?

Det er ein draum som har liggi og sove inni han. Ho skrik, beiste, ho lyg! Bort med deg!

Det var bort han sa når dei påstod han gjøydde. — Bedre vêr i morgo, sa dei, Sjøtrolle gjøydde i sta.


Nei aldri hadde han narra eit kvinnfolk. Det var kvinnfolka som hadde narra han. Ho som døde, ho strauk han ho, mange gonger. Ho hadde hender til det.

— «Herrens sverd og Gideons] Jf. Dom. 7. 19–23Herrens sverd og Gideons!» godt folk. Dagen er over dykk. «Thi som salmisten seier i sitt vers!»

Det sa han helst når han var åleine, uti oddane eller i båten. Han hørte opp i under på måle sitt. Det let da vettugt, og tett ved han var det, eit levande læte for Gud og alle menneska. Ein vettug mann hadde orde.

Og om han hadde tulla i skodda ein gong før i tida, i historisk tid, dødt skal da vera dødt lell? 240Om han nå pinte ein fugleunge ein gong? Ein trør da i hel] Ein trø da i hel TmEin trør da i hel mauren òg når ein går og marsjerer soldat bortetter ein hard veg, mange ting skjer. I dag er det Ludvik sin dag, du ser det over Øyvære og all veg utover, skyene står og skin vesti hav.

Inger kan ikkje folk ta frå han. Ho vaknar ein dag og seier far. Ja, svarar han da. Du er Inger. Du har berre drømt. Nå er det lyse dagen. Og da smiler ho.

Da såg han seg i kring, slik han gjorde det første dagen han kom her. Have var vidare her enn når du låg og flaut utpå det. Sjøtrolle hadde mange fine dagar.

Men så kom denne gjerningsmannen hit. Helmer den bonden kom veltande utover oss. Less som han ikkje hadde hatt noko med ein gjentunge å gjera, han såg hunden flette meg beint inn i sjela på folk og var skyldlaus mann. Slik gjer den som er skyldig. For resten da så, Ludvik hadde spurt eitt og anna om han òg, austafrå.

Her kjem han tråvande, bondehesten, og vil trø deg ned, der er slik ein snøs i nasen på han at det er svære ting. Ein slik ein eig ikkje samvett eller noko anna slag vett, det er han salig fri for. — Men eg vil nå varsku han før eg skuvar han utfor steinbrygga og hiver det gamle ankere oppå han. Det ligg og ventar på han det, rødare i leten for kvar dag det lyt vente. Her er kvennsteinen din, vil eg seie.

Sjå på denne stasdokka hans. Det er han sjøl 241som er far til ungane hennes. Og enda ser ho på deg og tykkjer synd i deg. Ser på deg så du tørrbannar. Å jøss, ho skulde vore medfare slik at! Ja berre vent, Helmer.

Og så kjem han, hyklaren, og skal sone straffa si her, for alle gongene. Ror tarane rundt og småfiskar i armoda si, for han veit det er’n Ludvik som har tatt det på seg, tatt på seg straffa for alle udyra og ror småfiskar-skamma si her. Snilefiskar og paddejeger, sa vi til sjøss. Måtte rett gud inderlig og betterde han! Berre vent, Helmer —

Ludvik hadde ei gjente på fange ein kveld, men der kom ein irlender eller ein annan ludder-venn og skråla om at menneske var hans. Du kunde knepe med å slå ned ein slik ein, platt i dekk, — ål rait, sørr, du banna på tre språk og let han ha kjerringa si, god natt og takk for her! Du spente ned krusifikse i ludderheimen og gjekk, enda dei babla språk etter deg og vinka med flaske og glas. Fordømte reiveungane, men det var nå snildt folk like vel det da.

Han hadde den lykka at han kunde spela på eit par kvitkjeppar utor fjæra. Det vart gjerne ein slått frå eksisen eller utlande, han gnudde fele så vârhendt og vidunderlig og song teksten utan lyd: — «Han Gammalerik spela på positiv] (n.), lite, flyttbart orgel; lirekassepositiv, og alle hans englar på tra-la-liv. Herregud i himmelen som all ting veit, skaff meg ei kjerring som er diger og feit!» Men han såg seg vel om før han la i veg med den, for den bønna hans skulde dei ikkje veta 242noko om. Ho som døde var i tankane hans ofte nok, der kom berre ein poesi over han stund og anna slik, om ei som var hoss han og som tålte alt.

Ho som døde ho såg han i den store prøva. Det var ei prøve ja, for dem båe. Det var i sunde her, eit kvinnfolk snubla i båten og datt i sjøen. Han var nedved stranda, og kona hans kom just og bad han heim til middags. Dette kvinnemenneske var ho så redd, trudde ho vilde ta frå henne heile Ludviken hennes (sjøl veit kva ho vilde òg, men tvi med det!). Kvinnfolke skreik, og kona ho såg på han, slik og slik, — kva skulde han gjera, fortel meg det? Han jumpa uti like vel, og han fekk tak i menneske og ryggsømte til lands med henne. Og da hendte just det han hadde frykta for, han sømte av seg buksa, for han brukte ikkje sælar han, og så kom han i land naken frå belte og ned, folk stod der mann av hus og kopte.

Kona hans stod still og lei skamma hans. Dei var så nygifte den tida. Men ho tålte det ikkje for vel. Ho vart gåande og komma i hug det. Ho skjønte ikkje det eine, og ikkje det andre heller.

Men rettnå kjem syndfloa, trøsta han seg. Nokon kvar var redd for det, såg han. Herren er stor. Da vaknar Inger og syng for oss. Inger song for resten nå òg, somme kveldane. Da heldt han gjerne for øra. Men det måtte vel låte slik når ho skulde kvede om live sitt.

Han spurde Helmer beint ut ein dagen: — Du er vel ikkje redd Vårherre heller du?

243Da fjamsa Helmer og snakka om develen, at den mannen stemte ikkje han på.

Det såg snart ut som Inger var einaste vettuge menneske her i være. Berre ein fann på noko til klea åt henne. Kjerringa hans Torger var ei gjeit austant fjella. Ho kom med klea til Inger. Ho ønska vel at Sjøtrolle skulde forbarme seg over henne, over barnløysa hennes. Han let henne gå heim med gaven sin like uhjelpt som ho kom. Nei før han kjøpte på det vise, før skulde han røve kleane av eit levande menneske. For resten så skulde han binde seg laksnot og fiske laks til sommaren, Inger skulde bli kledd. Ho var så lita ei tid, han vaska og stelte henne; ho låg som ein naken fugl i handa hans.

Og elles så stod nå ikkje verda til dommedags heller. Det var ei trøst.

Berre vent og sjå. Sjå på storsjøen. Han blir verre for kvar gongen han kjem. Før jul blir han nask.

Sjøen var borte ei lang tid nå, la de merke til det? Ei natta her var det hund’ ta ikkje vatn i sunde. Men sjå, de sov de, grisa og sov alle sammen. De lyt opp på dekk når han kjem att, eg skal purre dykk eg. Eller nei, gutar. Eg er Sjøtrolle, eg legg meg ikkje borti Satans gjerningar eller noko av det slage, ikkje om bord i Øyvære i alle fall, tvi!

Han stappa treskoen i berge hardare enn vanlig, traska og gjekk. Inger såg etter han og skjønte han.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Menneske og maktene

Menneske og maktene fra 1938 er Duuns siste roman og en av de mest sentrale i hele forfatterskapet.

Romanen er en kollektivroman uten en egentlig hovedperson og er bygd opp som en rammefortelling med et åpningskapittel og et sluttkapittel. Mellom disse blir leseren bedre kjent med noen av hovedpersonene fra rammefortellingen.

Menneske og maktene føyer seg inn i hovedtemaet for Duuns dikting: hva som skal til for å ikke gå under i menneskets kamp mot onde krefter. Med dyster realisme skildrer Duun en gruppe mennesker bosatt på øya Øyværet,som er truet både av krefter i naturen, i samfunnet og i dem selv. I romanen ser vi spor av den frykten for en ny verdenskrig som preget mellomkrigstiden. Allerede i første setning aner leseren at undergangen er nær: «Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under». Når katastrofen endelig rammer det lille samfunnet, viser det seg raskt at de som er solidariske med hverandre og tar ansvar for sine egne liv, overlever. De som rømmer til bedehuset og satser på å bli reddet av utenforstående makter, drukner når havet kommer.

Les Bjørg Dale Spørcks innledning og kommentarer

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på X
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.