Det store nashorne

av Rasmus Løland

1. Bilætboki

So gildt blad som Almuevennen fanst ikkje. Dei hadde halde han i nokre aar burt i stova og bunde han inn i ei stor bok. Den fekk dei blada i so ofta dei vilde, gutarne – Paal og Kolbein fraa aust i stova og Gunnar og Andres fraa vest i stova – og dei fann meir hugnad og lærdom der en i alle dei andre bøker og blad som i bokhylla fanst. Saag ein i eit anna blad so var der ikkje anna hell graa lester fraa ende til annan, elder der var i høgdi nokre smaa svarte hender som stod og peika med sleikefingen. Og endaa verre var det med hine bøkerne. Huspostilen og «Skattkista» skulde vera slike grepagrepa (gripa), hæv, framifraa. bøker, sa’ alltid dei vaksne. Men saag ein til, so var 2der ikkje ein gong ein skikkeleg svart neve. Der var berre eit og anna svart strike millom all lesteren. Desse striki freista dei alltid aa gjera so mykje ut av som raad var. Dei kalla dei lengste av dei for lindormar; dei halvlange var vanlege ormar og slevor, og dei stuttaste var berre sniglar. Men det vilde ‘kje verta nokor rett moro av det helder; det var so altfor lite med berre desse ormarne.

Den gamle salmeboki etter han bestefar aust i stova var alltid litegrand likare. Der stod tri eldraude hovud uppyver kvarandre paa fyrste blade, og alle tri so hadde dei vengjer. Det munde vera englar. Han hadde nebb, den eine.

Men so var dette det einaste i heile boki og. Lenger ute var det ikkje so mykje som ei sleva um ein leita aldri so vel.

Nei men den store bladboki, det var noko anna. Der yrde og krydde det av allslag. Der var skip som sokk ned, og paven i Rom, og ein mann som heitte Jaabæk; der var ville dyr og indianarar og keisar Napoleon og 3krigen og mykje meir, so det aldri var teljandes.

Han var ikkje ven, paven. Han hadde ein stor kjole paa, som eit kvinnfolk, og sat paa ein stol og berre skjekte.skjekte (fyrrt. av skjekkja), gjera skakk munn, skapa seg. Og det var ikkje det gode han gjorde helder, sa ho bestemor aust i stova. Han fór ikkje med rett lærdom, sa ho. Men lygn og fals grov han med og alt som ilt var. Det var rett eit spelegtspeleg, faarleg. menneskje, sa ho. Men daa var det ikkje undrandes at han grein so stygt og, tykte gutarne. Dei hadde god hug til aa skjera hol i nasa paa han, hadde det ikkje vore for det at dei vaksne kunde sjaa det og verta vonde.

Jaabæk var alltid noko finare. Men so svært ven var han ikkje. Han hadde lang nasa og mykje haar. Og han var nok ikkje so svært god og skikkeleg han helder. Han hadde det med det, sa’ dei vaksne, at han var so fæl mot alle som var høgt i rangen. Han kunde ikkje ein gong lata vera aa kjekla og hakka paa kongen sjølv. Men allra snakastsnák, hæken, græug, «begjærlig». var han paa prestarne; dei vilde han klora augo ut paa. Det hadde ho bestemor 4burt i stova baade lese um og høyrt av prestfrua sjølv ein gong. «Og dei skal faa sjaa kva endelykt det vert,» sa ho, «er so til(og fleire stader) er so til («var so til», stundom «er so» og «var so»), dersom, «hvis». han fær gjera det av med prestarne, so me korkje fær støkken elder boklærdomen paa ungarne lenger,» sa ho.

Um dette siste hadde dei alltid sine eigne tankar, gutarne. Vilde han ikkje noko verre en aa gjera ende paa boklærdomen, so kunde han vist vera ein hæv mann for det. Dei hadde teke til aa gaa i skulen nedpaa Vikeland for eit par vettrar sidan, og noko verre visste ikkje dei en all den lesingi og leksorne dei laut mødast med der.

«Men kan han ikkje ein gong lata kongen i fred, so maa han vera ein tosk, kor som er,» sa han Gunnar ein dag dei sat og blada. «For kongen maa da vita alt saman mykje betre hell han, langnasa.»

«Han maa vel helder takka til kan han vita halvparten so mykje som kongen,» sa han Paal.

«Men daa kunde han jamenn halda snuten sin og, og koma i hug at kongen 5er konge,» sa han Kolbein, og han Gunnar slo paa um dei ikkje skulde styvastyva (av), stuva, skjera av; hogga toppen av. litt av nasa hans Jaabæk og. Men dei andre tykte det var hostahosta (hoste) hardt, vel hardt, i det hardaste. hardt for han, og so fekk han vera for den han var.

Men Napoleon, det var anna til kar! Han hadde store klaffar paa akslerne liksom sjersanten som dei hadde set med kyrkja, og han hadde so mykje med fint krôt og aattebladrosor paa bryste, det hadde sjersanten ikkje; han hadde berre blanke knappar han.

«Men kjøper han seg nokre fine blanke blekkplator og klypper dei ut i krôtkrôt] rettet fra krô og hengjer paa seg, so skal det ikkje skilja mykje at han vert likso fin han. For det er kje skrap til kar han helder,» sa han Gunnar.

«Det er løgje at han ikkje gjer det daa,» tykte han Paal. «Han hev daa vel pengar nok til det, han.»

«Elder han kunde ta fine rosutte stykke av sunde krusakoppar og fila ut til aattekantar,» sa han Kolbein.

Ja det og, var han berre treisk 6nok. Men det var nok ikkje alle so hendige som han Napoleon, soleis.

Og so var der ein som heitte Garibaldi, han var ikkje mykje mindre til mann. Han stod ein stad aaleine, og ein annan stad med ei svær skreid med krigskarar med seg. Sume gjekk og gjorde seg til med kvite brøker, og alle hadde lange spjot. Og det var ikkje under dei hadde spjot; for dei murde og slost med paven sjølv og folki hans, sa’ dei vaksne. Paa ein haug burtanfor mennerne stod eit lite hus. «Det er kanskje der paven bur,» sa han Gunnar.

«Han hev stengt vel att alle dørerne for seg, er det likt til… han maa vera rædd,» sa han Paal.

«Men naar alle Garibaldi-kararne gjeng paa med spjoti sine, so fær dei nok dørerne i flisar,» meinte han Gunnar. «So kan dei ta’ heile paven og slaa han i hel… so kan han liggja der og gjera rang lærdom.»

«Men korleis vil det so gaa med folki som er med han i huse?» spurde han Kolbein.

7«Aa dei rømer vel upp paa rotlofte og gjøymer seg so godt dei kan,» sa han Gunnar.

«Ja men det kan paven óg gjera fyrr dei fær tak i han!» let han Kolbein. «Han kan smjuga ned i eit myrkt hol under tekkja og dra’ ei gamall hithit, eit slags sekk (ilaat) av skinn. yver hovude paa seg, so ingen ser hyren att avsjaa hyren av, sjaa «mindste spor, glimt eller tegn» av. (Ross). han. So kan Garibaldi-kararne lenge nok gaa der med kvite brøker og leita til inkjes.»

«Der er maata aatmaata aat. høvelegt, til pass aat. dei,» tykte han vesle Andres. «For det er synd for paven at dei skal fara so fælt aat med han.»

«Vil du han skal ha lov til aa gaa og herja og rikja og gjera kva vondt han vil, du daa? So kan dei ta og senda deg til paven, so du fær smaka det eit bil,» sa han Gunnar og saag snursk paa bror sin.

«Nei men kan dei ‘kje helder ta og dengja han dugeleg elder setja han paa svartehole eit bil naar han vert for uvyrden?» spurde han Andres.

«Berre det hjelpte noko,» sa han Gunnar; «for det er ein gamall rakkjerakkje (rakke), skarv, fark. er det, den paven i Rom.»

8– Men gildare en mennerne og indianarane og alt i hop var alle dei ville dyri i boki. Der var bjørnar og krokodillar og løvor og nashorn, og mange som ingen visste namn paa ein gong. Løva hadde breidt andlit og uppkjemt haar mest som ho Mari, og nashorne gjekk med eit uhorvelegt spjot paa nasa som ein skulde sjaa bougsprøyte paa jegti hans Velom nedmed sjøen. Men korleis folk kunde berga live der som desse fæle dyri var, det var ‘kje godt aa skyna. «Dei lyt vel kliva upp i tretopparne elder upp paa høge steinar og liggja der og glukkaglukka (glokka), kika og sjaa. radt til dei store dyri gjeng inn i skogarne um kveldarne og legg seg. Daa er det vel so vidt dei kan lura seg ned og røma til husar,» sa han Gunnar.

– Dei lurde seg sistpaa til aa ta bladboki med upp aat ei gamall badstova og sat der uppaa turkelemen og blada so lenge dei hadde hug. Dei tydde ut alt dei saag og tykte til slutt at dei visste meir en baade skulemeisteren og dei andre vaksne um alt det underlege som i skogarne og utlandi fanst.

Boken er utgitt av OsloMet

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Det store nashorne

Det store nashorne ble utgitt i 1900 og inneholder 14 mer eller mindre frittstående fortellinger om fire gutter: Paal og Kolbein «fraa aust i stova» og Gunnar og Andres «fraa vest i stova». De fire vennene er stadig på jakt etter eventyr, gjerne inspirert av historiene og bildene de har sett i bladet Almuevennen, men havner ofte i trøbbel.

Boken er korrekturlest og tilrettelagt av Bachelor-studenter i Bibliotek- og informasjonsvitenskap ved OsloMet høsten 2019.

Les mer..

Om Rasmus Løland

Rasmus Løland er i dag mest kjent for sine barnefortellinger, som Paa sjølvstyr (1892), Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Han regnes for en av våre beste barnebokforfattere.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.