Det store nashorne

av Rasmus Løland

10. Ufreden med tysken

Det stod ille til med ufred i utlandi no atter, lyddest det. I alle nye blad var det skildra karar som puffa og skaut elder stakk etter kvarandre, og naar det kom ein framand til gards, elder folk kom fraa kyrkja, tala dei ikkje um anna hell krien og korleis det gjekk. Det var tysken og fransken som slost. Franskarne det var snilde folk; dei hadde retten fyre seg, det sa alle. Men tyskarne var store uvyrder; dei fór berre med vondt og egla seg inn baade paa franskar 73og danskar. Men endaa gjekk det so leidt til at franskarne tapte. Det var kje godt aa skyna korleis det hadde seg.

Men so kom det ein dag ein fant til gards, daa fekk dei greida baade paa det og meir. Det var mykje til fant; han visste alt so vel som han sjølv skulde ha vore i krien. Han kunde i blekk, og so sat han burt i kjøken hjaa foreldri aat Gunnar og Andres og skulde vøla nokre gamle spann. Og medan han hamra og lodda, fortalde han so kjeften hans ikkje stod. Gutarne sat i tett krins rundt han; konorne fraa alle grannestovorne gjorde seg ærend hit og sat der med spøti sine, og jamvel Tormod og Ola som læst vera so kloke paa alt kom sistpaa og var forvitne og lydde paa.

Det var ikkje so at dei tapte fraa fyrst av, franskarne, sa fanten. Det var hæve syldatterar, og dei klatta rett ikkje med flintebyrsa og tundermolarne, dei kararne. Dei hadde kanonor som gjekk med damp, sa han, og pikstolar med sju kulor i. Og dei dengde tysken nokre gonger fyrsta. Men so var det den fæle 74Bismarken, det var han som var hoppmann yver alle tyskarne næst etter kongen sjølv. «Han sat fyrst heime og rettleidde berre kossleis’n dei skulde fara aat dei som for aat krien,» sa han. «Men daa dei for til aa tapa so kallege, so vart han grydle og sinna og for aat krien sjølv og sette av alle jeneralarne sine. Dei kunde gaa heim og hakka underburd under smalen; noko anna var dei kje tess til, sa han. So kommiderte han sjølv, og daa vart det trast ein annan skikk. For han er soleis at ingen kan staa pál for han. Sume seier endaa at han hev forsvore seg. Han dengde fyrst franskarne paa landjordi, og sidan tok han dei til sjøs. Eit av dei siste slagi stod utpaa have beint utani Manndal, og det høvde seg so løgje» – sa fanten – «at eg for min part slarva til aa vera i Manndal nettupp paa den tidi, so eg fekk sjaa eit og anna. Og der kunde det henda at dei slost. Røyken av kanonorne var sistpaa so strid at han drog folk med seg til vers, naar dei kom burt i han, og me saag franskar so høgt uppi lufti at dei var berre som 75kraakor og skinnvengjer. Og kraakemat vart dei sistpaa mest alle, armingarne; for Bismark og tysken vann som alltid.»

Men gu’ sjaa til oss alle, sa fanten sistpaa og riste paa hovude; heldt tysken paa og vann soleis, so kunde ingen vita um han ikkje snart kom og vilde ta oss og. Det var spelege tider, sa’n.

Dei kunde lite tenkja paa anna elder tala um anna hell krien sidan um dagarne, gutarne; for hadde han vore so nære som i Manndal, so kunde han koma inn fjorden her og fyrr nokon vardest. Dei stokk berre dei høyrde duningi av eit skot, og endaa uhuglegare var det ein dag det for ein stor svart eimbaat inn fjorden som dei aldri hadde set fyrr. Dei gjekk berre og lydde etter um han vilde til aa skjota med kanonor, alt til dei saag han fara ut atter med ei last smale. Og det var ikkje av vegen aa vera litetær budde paa allslag og, naar det var slike tider, tykte dei. Dei laga seg lange trespjot og sette kvasse spikrar i odden paa dei. Sidan fann dei ei gamall byrsepipa som var brukande til kanona; krut tok han Gunnar hjaa 76far sin som han var vane, og kulor støypte dei av blystykke som dei reiv av vindaugeraamorne i gamlebudi. So gjekk dei inn paa ein høg haug beint uppyver sjoarvegen og bygde ein liten mur til aa leggja kanona paa. Der var det laglegast aa ta imot ei fiend, var so til ho vilde upp til gards og gjera vondt. Dei lagde eit stykke tunder burt aat fengehole naar dei vilde skjota, kveikte so eld i eine enden paa det og sprang burt i runnarne til skote gjekk av. Ein dag skaut dei eit par prøveskot so det frasafrasa (frasla), brenna og gneista. nedetter alle bjørketopparne, og det skulde fulla ikkje vera moro for tysken helder aa faa slikt i augo, tykte dei. Og so kunde dei hiva stein ned yver han attaat. Dei bar i hop ei heil røys tett frampaa ufsi, so ho laag ferdig aa ta av.

Dei var ei venda innpaa haugen kvar dag og saag etter greidorne sine, men saag lenge ikkje likt til nokor fiend. Det stod nok ein hest langt nedpaa ein haug ein dag, og han Gunnar slo strakst paa at han torte høyra tysken til. So løyste dei ein smell aat han. Men hesten vart gangande roleg og gnog som inkje var; 77so han visste nok ikkje noko um krien, han.

Men dagen etter saag dei meir. Det kom eit kvinnfolk ruslande nedi vegjerne med noko kvitt paa ryggen. Hadde det ikkje vore so faarlege ufredstider som det var, so hadde dei nok set at det var berre ho gamle-Gunnhild Viki som skulde upp til gards og faa seg mjølk i holken sin. Men no var dei strakst samde um at ho var nok helst av fiende-folk.

«Ho skal kanskje spæja ut vegjerne til dei andre kjem etter,» sa han Paal.

«Og holken ho ber paa kan vera full av allslags spelege krutgreidor,» sa han Gunnar.

Dei ladde strakst kanona og lagde godt i med krut. Men kula lagde dei ikkje i enno, og dei turvte ikkje nettupp ta noko slags méd elder sigte helder, sa han Gunnar. «For det gjeld fyrst og fremst aa skræma spæjarane or lande og ikkje nettupp gjera skikkeleg krien med dei,» sa han.

Dei venta til ho var komi upp paa næraste bakkebrote nedunder haugen; 78so let dei det smella. Og jau menn gjorde det av seg. Fienda stokk so ho hoppa mest upp. So vart ho standande og glande i kring seg. Men ned atter rømde ho ikkje, kor som var.

«Ho tarv nok ein smell til, den tytta!» let han Gunnar. Dei ladde paa fljugande flekken att og brende av. Og etterpaa slepte dei nokre steinar utfyre so det ramla nedetter ufserne.

Jau daa! Dei høyrde fienda ropa og kjæra seg; so krøkte ho av vegen og for nedfor ein haug so krutholken skrangla i meisen. Dei lo og ropa etter henne og ynskte berre dei kunde jaga alle tyskarne soleis. «Og allra helst Bismark’en sjølv, han skulde ha kula attaat,» ynskte han Gunnar. Dei var so vonde paa han og alle tyskar at dei visste kje kva ilt dei helst skulde ynskja dei. So lagde dei kanona til rettes paa muren att og bar nye steinar aat røysi. Det var godt aa ha alt reidugt til ein annan gong.

Eit bil etter for dei utetter haugen og vilde heim til nons. Dei bar trespjoti 79sine med sida som andre herfolk og gjekk med huvorne langt bak i nakken.

Daa høyrde dei ei stygg roping og raaka Tormod og Ola heimanfor haugen.

«Kva er det de hev gjort?» spurde dei.

Dei bleikna litt, og han Gunnar svara spaklege at dei hadde berre stulla litt med ei byrsepipa og skulde liksom gjera krien litegrand.

«Ja de skal faa krien paa rette staden de!» let han Ola. «Er det det de moroar dykk med at de skyt etter folk, so er det best dei sender dykk paa slavehuse strakst,» sa han.

Dei skyna at dei maatte ha gjort noko fælt ilt, og ynskte seg langt derifraa. Men daa var det for seint; dei laut fint fylgja heim. Der sat ho Gunnhild inni stova hjaa foreldri aat Paal og Kolbein og var raud i augo og andlit av graat. Ho hadde teke ein annan veg etter ho sprang nedfor haugen, og rømt upp til gards, og ho hadde fenge ein støkk so ho var viss paa ho fekk ha vondt av det i nokre 80vikor, sa ho. Og aldri kom ho til aa gløyma det.

«No er eg baade gamall og graa, men aldri hev eg set det fyrr at dei hev skote etter folk som gjeng i sitt lovlege ærend med ein holk, og ikkje vondt hev gjort,» sa ho.

Foreldri tykte og at dette var hosta mykje. Dei fann ris med det same, og denne gongen hjelpte det ikkje at gutarne gret og lova vel til ein annan gong. Det hjelpte ikkje helder at dei kunde seia for sant at dei korkje hadde bruka kula elder teke méd etter henne Gunnhild, men berre late det frasa nedetter runnarne. Krut var no ein gong krut det og ikkje til aa gjera spe med. Dei fekk av rise so dei kunde hugsa det eit bil. Sidan tok dei vaksne trespjoti deira og braut i stykke, og han Ola gjekk inn paa haugen og tok byrsepipa og gjøymde av for dei. Og etter alt dette fekk ho Gunnhild kaffi og mat og mjølk i holken sin i skadebot. Paal og Gunnar laut bera holken langt nedi vegjerne aat henne og attaat sjaa 81paa at dei vaksne kararne stod og flirde etter dei.

Etter den dagen heldt dei fred med tysken.

Boken er utgitt av OsloMet

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Det store nashorne

Det store nashorne ble utgitt i 1900 og inneholder 14 mer eller mindre frittstående fortellinger om fire gutter: Paal og Kolbein «fraa aust i stova» og Gunnar og Andres «fraa vest i stova». De fire vennene er stadig på jakt etter eventyr, gjerne inspirert av historiene og bildene de har sett i bladet Almuevennen, men havner ofte i trøbbel.

Boken er korrekturlest og tilrettelagt av Bachelor-studenter i Bibliotek- og informasjonsvitenskap ved OsloMet høsten 2019.

Les mer..

Om Rasmus Løland

Rasmus Løland er i dag mest kjent for sine barnefortellinger, som Paa sjølvstyr (1892), Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Han regnes for en av våre beste barnebokforfattere.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.