Det store nashorne

av Rasmus Løland

11. Prestedagen

Dei sat burti bestemorstova ein dag fram paa hausten, gutarne, og maksla paa kvernekallar som dei vilde setja upp i litlebekken. So saag dei han Velom koma burti tune og hit aat døri. Dei hugsa kor snild han hadde vore sist, og ottast minst at han skulde bera paa noko ilt no. Det tedde ingen ting sers paa han helder, daa han kom inn. Han helsa paa vanleg vis og spurde korleis folk stod seg, og so spurde ho bestemor korleis dei rusla nedmed sjøen.

Aa jau, sa han; men det var helder krakkjekrakkje, kruslutt. med han Njædl enno; det var den gigti som gnog.

«Ja den gigti, den gigti, ho sparer 82ingen, ho!» sa ho bestemor; ho for sin part hadde henne nettupp i eine leggen, «so det er nett som krien heilt fraa oklemoteoklemot, okleled. og upp aat hummelsboti,»hummelsbot (hombot), knebugti, knehola. sa ho.

Dei tok til aa flira aat dette, gutarne; men so var det med eit som han Velom fekk ei fima paa seg, og so sa han:

«Ja det var sant, det var nok noko eg skulde seia med ungarne, ja. Eg høvde skulemeisteren her nede, og so bad han meg bera bod at presten vilde koma hit inn aat skulehuse i morgon og halda eksamen paa ungarne. Dei skulde møta fram klokka 9, og dei som ikkje kom fekk mult paa seg, sa han; for det var strengt og nepst med presten.»

Det seig or nevarne paa gutarne det dei for med, og det vart stilt som i eit musebol der dei sat. Aldri hadde dei høyrt paa maken som det var spelegt og utrygt med øverheiti i desse tider. Nyleg var det lensmannen, og so presten sjølv. Dei hadde aldri vore for presten fyrr, men no var dei so store at dei slapp ikkje lenger. Dei maatte daa kunna alt det dei hadde lært fyrr, hadde skulemeisteren sagt, og alle kunde vita kor 83fælt det var aa staa fast naar det var for presten sjølv. Men kven kunde kunna noko no paa denne tidi? Det hadde nok gjenge nokre stygge skræmor um skuleeksamen i vaar, daa skulen slutta; men det vart ingen ting av, og so hadde dei ikkje drøymt um aa ottast for slikt fyrr til næste vaar. Dei hadde snaudt kasta eit auga paa leksorne dei skulde ha til skulen kom att i vetter, og alt det andre hadde dei gløymt mest heilt ut. Og so skulde dette koma som ein tjuv nettupp no!

Dei smaug ut og vart standande raadlause og med skjelv i kne utfor døri. Røma og gjøyma seg av heilt til i morgon kunde dei ikkje, og sjuke elder halte paa nokon maate var dei helder ikkje, so dei kunde sleppa for det. Han Gunnar var sistpaa ikkje fri han slo paa um dei ikkje kunde faa ei magesykja som hjelpte, naar dei aat i seg litt pepar og syrestylk; men fyrr dei vart samde um nokon ting kom mødrarne deira og ropa at dei skulde inn og lesa. Han Velom hadde alt vore burti stovorne óg med ubode sitt. «Og lærer de ikkje ein grand 84bok og bøn no, so skal far dykkar læra dykk ein annan læsterlæster] rettet fra: lester i kveld,» sa mor aat Gunnar og Andres til dei tvo sine – ho peika berre burt mot ein lime burtpaa dørhella.

Det var paa høg tid og, at dei tok til bøkerne. Det var snart kveld, og i morgon vilde det ikkje verta stor tid til aa lesa.

Han Paal hadde leksa uti hustavlorne ein stad, og daa han hadde sote med augo som naglar i boki mest ein time, tykte han endeleg at han kunde ei av dei so nokorlunde; det var endaa den drjuge um «undersaatters pligter». So las han henne upp atter enno eit halvt sneis gonger, so han kunde vera rett fullstød og lesa henne brenn-skjott. Men daa han so skulde prøva seg att og heldt neven for augo, var han ikkje eit haar stødare hell fyrr. Han hakka seg berre fast eit par stader som han slett ikkje hadde stigsastigsa (stigla), vera ustød. paa fyrr. Og soleis gjekk det sidan, kor lenge han las. Han dreiv til slutt paa av sinne og med graaten i halsen; men daa vart det so ille at han kunde kje fyrste linorne ein gong. Det 85datt fraa einannan som sand alt i hop, og der kom allslags rálrál, vas. og blanda seg inn, baade «herr Sinklar drog» og anna som stod i leseboki. Han gret og gjekk ut i kjøken til mor si og let um at han aldri i si tid lærde noko, og aldri gjekk han for presten helder. Men der var ikkje onnor trøyst aa faa en at han fekk maka frumme,maka frumme, freista lukka; driva paa med tôl, um det gjeng gale i fyrste lage. «so heng vel alltid eitkvart att i hausen,» sa ho. Jau det var vent med det at det hekk! Han sette seg til aa stira i boki att som i ei skodd.

Ikkje stort betre gjekk det for han Gunnar; han sveiv heilt uti «sentenserne» han. Og kva dei tvo minste lærde var ikkje godt aa vita. Dei var inni dei fem partarne og sat og mulla og mulla paa «det er», og so fekk dei lange rider med gjeitestir imillomaat og sat som dei saag baade gjenom bøkerne og veggen og ut i andre land.

Næste morgonen var dei tidleg uppe og tok til aa lesa att, og daa hefte det alltid noko likare i minne: Dei kunde sistpaa dei siste leksorne so nokorlunde. Men det var enno ei skral trøyst; for alt det andre hadde dei snaudt fenge 86tid til aa sjaa paa. Han Paal kom paa graaten enno ein gong fram paa morgonen, og slo paa at han hadde fenge det so ilt med hugbithugbit (hogbet), vatsbit, vats-æling. at han ingen stad kunde gaa. Men daa sa far hans berre til han Tormod at det var nok best han gjekk ut og kartakarta, kvista av. av namne bjørkesvig;namne (bjørkesvig), ein grand, litt. svig, (sveg) smaakvist, ris. – daa var det tryggast aa besna att for hugbite noko trast. Ho bestemor kom og læst vilja trøysta han og Kolbein, daa ho saag kor rædde dei var; men dei høyrde snaudt kva ho sa. Det var lett nok aa drøsa for henne, jaala, som ikkje hadde leksor. So laut dei vaska og kjemma seg og ta paa seg kyrkjeklædi, og ein av dei vaksne fylgde dei eit heilt stykke nedetter.

Skuleborni fraa heile krinsen var alt samla utfyre skulehusdøri, daa dei kom der. Dei var bleike og hirne mange av dei og. Berre nokre av dei største stod som ingen ting var og lo endaatil. Ja so støde kunde dei vera i leksorne.

Presten var alt komen og sat inni skulestova. So kom skulemeisteren ut og ropa dei inn; han var kyrkjeklædd og hadde fint kjemt haar han óg i dag.

87Dei fire gutarne heldt seg etter alle dei andre og sette seg paa nedste benken, og det var berre so vidt dei vaaga aa glytta upp paa presten. Han stod innar med veggen og saag paa kvar som kom. Han var høg og svartklædd og hadde svart skjegg. Men han var ikkje nettupp so oveleg vond aa sjaa til som dei hadde tenkt. Nei men so hadde han helder ikkje noko aa morska seg upp for enno.

– Dei hadde songe, og presten og skulemeisteren tok til aa spyrja dei største gutarne. Skulemeisteren spurde fyrst, so tok presten i. Og det var svært som dei kunde svara og lesa alle i dag. Stod dei fast for skulemeisteren, so kunde dei det strakst naar presten kom. Det var skilleg som dei hadde visst um det og sote og lese i lang tid. Men di verre vilde det verta naar han kom til dei som sat der som andre heidningar, tykte dei fire gutarne nedpaa benken. Dei vaaga sistpaa ikkje aa blinka upp, etter kvart som radi kom lenger og lenger ned mot dei. Allra verst kjende han Paal det. Han sat fremst, so dei vilde koma til han fyrst, og so hadde han alltid vore millom 88dei som kunde litt fyrr; dubbel skam var det daa aa vera so tosken no. Han sat berre og stræva og tok upp atter for seg sjølv det han hadde lært i dagmorgon, so det ikkje skulde leka burt … so stod presten framfyre han som ein stor svart rise.

Skulemeisteren spurde eitkvart; det var i hustavlorne, so vidt han Paal skyna. Han visste daa ikkje betre raad en aa setja i veg med «undersaatters pligter», som han kunde best. Men fyrr han hadde lese ei lina kom det eit kvast «nei, nei» fraa skulemeisteren, og det var nettupp som dei største gutarne flein. So spurde skulemeisteren upp atter; men daa var Paal so forfjamsa av mistake sitt at han korkje haatta elder høyrde, og kunde ingen ting svara. So spurde presten:

«Kan du lesa det fyrste bode?»

Nei – daa kunde han ikkje koma inn paa det helder so i snøgg-venda.

Daa tagde baade presten og skulemeisteren. Paal fekk augo fulle av vatn og venta berre aa faa eit slag under øyra. Men der kom ikkje noko slag. Presten gjekk berre beint fraa han og 89tok til aa spyrja gjentungarne paa andre sida.

Brennande heit og skjemd sat Paal etter. Det einaste han freista aa trøysta seg med var at dei no ikkje vilde spyrja han meir, so han var komen gjenom knipetake paa ein maate. Men fyrr han visste orde av stod presten framfyre han att; han spurde kor gamall han var og var ikkje det slag vond.

Jau det kunde han daa svara paa. So spurde presten um eitkvart heimanfraa, og det visste han og greida paa; det var snart gjort med det som ikkje var leksor. Men daa dei soleis var komne paa glid lirka presten inn paa det som stod i bøkerne og, og daa gjekk det so underleg til at Paal kunde svara paa det med. Var det ikkje rett nettupp kvar gong, so sa’ presten alltid at det peika i minsto burt mot det rette, og so kom Paal strakst paa lôs med det fullrette. Han vart med eitt so modig og underleg klaar i hovude. Han kunde sistpaa lesa utanboks heile stykke som han ikkje hadde drøymt um at han kunde fyrr i dag; han skyna det ikkje sjølv. Rende 90han seg litt fast her og der, so leda presten han berre paa veg att med eit ord elder tvo – so var det so godt som han kunde alt.

Presten skrepte svært etterpaa og klappa han paa hovude.

«Eg visste du kunde eitkvart,» sa han.

«Ja han hev alltid vore millom dei beste for sin alder», sa skulemeisteren og var liksom so fegjen han og.

So tok dei til aa spyrja han Gunnar. Det gjekk alltid litt hakkutt for han og i fyrste lage, men vart strakst betre, so han kunde baade sentenser og meir. Ja um det so var dei tvo minste, so kunde dei ein grand no. Presten kalla dei sistpaa hæve gutar alle fire; «og eg er viss paa at de vil verta likso hæve sidan og,» sa han.

– Det leid langt paa ettermiddagen daa dei kom ut og var fri. Hadde det vore bleike andlit um morgonen, so var det no laatt og gleda paa alle. Dei vart standande i ein flokk eit heilt bil fyrr dei skildest; dei hadde so mykje dei laut drøsa um no. Men han Paal stod 91berre og lo for seg sjølv og sa ingen ting. Han kjende seg so ljos innvendes, og det var mest som alle saag etter han. Naar det barst i so var det nok han som hadde gjort det best av alle i dag. –

Dei var komne upp i vegjerne, dei fire gutarne. Daa kjende dei at dei var svoltne, og hugsa at dei hadde nista med i lummorne. Dei sette seg burtmed ein stein og tok upp knyti sine, og daa var det vaflor dei hadde fenge med i dag, sidan det var prestedag. Det var som alt snudde seg vel i dag – kven skulde ha tenkt det daa dei for ned her i dagmorgon! Men so visste dei det og no, at slik mann som presten skulde ein faa blæ lenge etter. «Vil dei likna han i hop med lensmannen,» sa han Gunnar, «so fer dei med lygn.» Daa turvte dei ikkje vera rædde prestedagen ein annan gong helder – berre dei las noko meir framfyreaat og ikkje leit altfor mykje paa slumpelukka. For det var ikkje visst ho var til aa tru paa for ofta, um ho hadde vore god i dag.

Boken er utgitt av OsloMet

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Det store nashorne

Det store nashorne ble utgitt i 1900 og inneholder 14 mer eller mindre frittstående fortellinger om fire gutter: Paal og Kolbein «fraa aust i stova» og Gunnar og Andres «fraa vest i stova». De fire vennene er stadig på jakt etter eventyr, gjerne inspirert av historiene og bildene de har sett i bladet Almuevennen, men havner ofte i trøbbel.

Boken er korrekturlest og tilrettelagt av Bachelor-studenter i Bibliotek- og informasjonsvitenskap ved OsloMet høsten 2019.

Les mer..

Om Rasmus Løland

Rasmus Løland er i dag mest kjent for sine barnefortellinger, som Paa sjølvstyr (1892), Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Han regnes for en av våre beste barnebokforfattere.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.