Det store nashorne

av Rasmus Løland

12. Haustkveldar

92Den gildaste av alle dei vaksne gutarne var han Todleiv. Dei andre, baade dei vaksne brørne deira og tenestgutarne, læst berre vera svære karar dei. Dei heldt seg for store paa det til aa ha noko lag med «gutungarne», og dei tykte dei var hæve naar dei kunde narra elder skræma dei. Og sat dei saman um sundagarne elder stod uti tune um kveldarne, so drøste dei ikkje um anna hell styrke og karstykke og eksisen. Tvo av dei hadde vore paa eksisen. Dei stod sidan og berre keikte seg i leggjerne, so greske vilde dei vera, og fortalde alltid det same um struntnestrunten, rang paa det, «hoven». sjersantar og løytmenner. Men endaa stod hine gutarne og lo, og gjentorne kniste naar dei gjekk framum, liksom det skulde vera so løgje. Jau det var noko til løgje.

Nei men han Todleiv. Han hadde aldri vore paa eksisen, og ikkje gjort so mange karstykke elles helder; han var 93mest blind. Han stod burti løda hjaa far aat Gunnar og Andres og banka og treskte med tust um dagarne fram etter hausten. Men naar det var regn og kvernevatn sat han i eldhuse og turka korne i ei stor gryta. Daa var gutarne aldri langt undan, so sant dei hadde tid. Stundom erte dei han upp og tok burt krakken hans naar han reiste seg upp, so han sette seg beint ned i auren. Men dette var ikkje so løgje i lengdi. Han vart maallaus, og dei smaa utslykte augo hans gulna. Men naar dei var skikkelege med han og sat rolege fekk dei steikja eple i korne, og so song han aat dei og fortalde. Han visste so mykje; det var um folk som hadde gjenge atter elder villa seg burt i fjelle, um utburdenutburden, eit slags skrymt (utsett barn). og huldrekad’l og allslag. Han var fraa ein husmansplass inni fjorden, innunder brattaste fjelli ein stad, og der hadde det hendt det meste. Han visste endaa um ein gamall legdekall som hadde set svyrtesvyrte (svórte), «en ubestemmelig sortagtig tingest». (Ross), sjaa svyrte av, sjaa som ein skugge av; sjaa noko som kverv svint burt. av hinmannen sjølv; han sat paa trulle-huk innunder stabure.

Det var ein kveld langt fram paa hausten dei sat soleis kring han i eldhuse. 94Elden under gryta skjein raudt og flakkande burtetter dei sotutte veggjerne, og ute var det kolende myrkt. Han var komen til aa fortelja um fyreferd og varsling.

«Dæ va ein gong paa eit lite plass der hima,» sa han. «Kaanaa va dø, aa ma’n av paa fiskje om vinteren. Der va berre to døtter hima te stedla kretturaa aa sjaa te huse. Den ælsta va saa vitt vaksaa, aa den øngsta va berre jentongjen. Aa saa va der ei gammadle halvtussete legdakjæring. Hu laag borti kro’naaPaa maalføre fraa Hylsfjorden i Ryfylke. kronaa – kraai. attemæ pist’nPaa maalføre fraa Hylsfjorden i Ryfylke. pist – peis. om nættedn, aa dei to jentedn laag oppaa ein liten staavelemm. Hu va saa fæle te laata støgt i svæv’n, kjæringjaa, atte dei ville kje liggja inne der saa hu va. Dæ va laangt te andre folk aa kom sjellaa naaken fram-om, aa sjølve kom dei ingjen sta.

Saa va dæ ei nott fram imot jul. Dæ va kaalane mørkt aa fælt snødrev. Dei hadde stengt adle dører aa laag aa saav. Daa vakna dei to jentedn av naake saa romla uti troppaa. Dæ va liksaa der sko kaama einkvan opp troppaa aa dra paa fjøler. Dæ konne kje vara 95legdakjæringjaa, for dei haure henna rota ne-i staavaa, aa dei visste endaa minder naaken a’n saa konne ha naake der jera daa. Dei blei saa fælne atte dei laag berre aa skolv aa breidde seg ne onde sengjaklædn. Dei haure dæ romla alt opp aat lemmdøraa; saa blei dæ mæ ein gong stilt, aa dei haure sia ingjen ting framette nottaa.

Dei va fælne endaa daa dei sto opp om maaraa’n. Men sia om dajen tok dei te tru atte dæ berre konne vara rotta aa mus saa hadde sprongje opp aa ne, elle atte dei hadde skræmt seg av inkjevetta. Døredn va læste om maaraa’n liksaa om kvæ’l, aa der va inkje visner ette naaken ting.

Dei la seg saa dei va vane jera om kvæ’l ettepaa, aa haure lengje ingjen ting. Men fram paa nottaa, nettopp paa sama tiaa saa om nottaa føre, stokk dei opp or svæv’n aa kjende som ein uro paa seg. Saa tok dæ te aa rutla aa dra paa fjøler uti troppaa atte, aa dei haure dæ denna gongjen saa sjele atte dæ va kje te tvila paa dæ va eitkvart. Dei visste kje anna aa jera, dei kraup væl 96onde sengjaklædn liksaa siste; dei vona berre atte dæ inkje sko kaama lenger helle aat døraa. Men denna gongjen kom dæ lenger. Dei haure kje døraa gaa, men litt ette rutla dæ alt inne paa lemmgolve, aa dæ va liksaa dæ tok te hevla aa saga. Men dæ va avdøyvt aa ondale,Paa maalføre fraa Hylsfjorden i Ryfylke. ondale – underlegt. meste saa dæ va laangt borte endaa, aa dei haure inkje fotsteg. Dei vaaga inkje aa sjaa opp helle lea paa seg, dei berre helt sengjaklædn gott fast øve haave aa laag som dei va klomsa av rædsl.

Endele stilna dæ av atte; dei haure dæ rutla mæ døraa i eit gammalt skaap, liksaa dæ sko gaa in der, aa saa inkje meir.

Eit laangt bølPaa maalføre fraa Hylsfjorden i Ryfylke. bøl – bil. ette vaaga dei seg te sjaa opp. Daa va der mørkt aa ingjen ting aa sjaa, aa om maaraa’n va alt som førr denna gongjen og.

Trea nottaa vaaga dei kje aa liggja paa lemmen. Dei sat n’i staavaa aa vakte aa brende spik.

Dæ va kaalane mørkt ute i nott og, men likare ver, aa kurtPaa maalføre fraa Hylsfjorden i Ryfylke. kurt – kjørrt. aa stilt adle star. Dei haure ingjen ting paa den 97tiaa av nottaa saa dei hadde haurt dæ romla førr, aa inkje ein gong legdakjæringjaa let i seg saa hu va vane. Hu hadde klaga seg litt for verk for bringaa tilegt om kvæ’l; men sianesPaa maalføre fraa Hylsfjorden i Ryfylke. sianes – sidan. hadde hu ingjen ting nemt. Dei totte te slutt dæ va ondale saa stidle saa hu laag, aa gjekk bort aa lyste mæ spikjaa. Daa laag hu mæ open monnPaa maalføre fraa Hylsfjorden i Ryfylke. monn – munn. aa stirte mæ auer som av glas opp i takje. Hu va daue aa kalle.

Daa sjøna dei ka dei hadde haurt, aa blei saa rædde atte dei vaaga kje aa vara inne mæ likje. Dei rømde bort aat fjose aa stengde seg inne der, aa saa snart dæ grydde av dag grov dei seg utette liadn te grannefolk. Dei fekk mæ seg ein mann him atte saa sko vara der te likje va kome or huse. Han snikra likkjistaa aa helt te mæ oppaa staavelemmen nettopp der saa dei hadde haurt førevarsle.»

«Høyrde dei noko sidan?» spurde gutarne.

Nei, sidan var det stillt som fyrr, og dei tvo gjentorne budde aaleine att til faren kom heim.

98«Men andre gonger … hev dei ikkje høyrt sovore fleire gonger og?» – dei var so fælne og forvitne at dei tokka segtokka seg, flytja seg. tett inn aat han Todleiv og stirde upp i dei tome augo hans; og klangen i gryta naar han rørde i korne var som ein underleg ljom av kyrkjeklokkor djupt inni fjelli langt i aust.

Han tenkte seg um eit bil, so hugsa han noko.

«Dæ va ein gong paa ein gar eit støkkje lenger ute. Dæ hadde vore lite snø aa hart frost framette heile vinter’n føre jul. Adle elvar aa bekkjer hadde frose te aa krytt opp,kry upp, svella upp (um vatne i elvar og bekkjer naar det demmest upp av is). saa dæ va blaatt av isjokedl utette adle fjedlaa.

Saa va dæ ein mørke kvæll litt ette laanganottaa atte dei haure naake skrika saa ondale opponde fjedlaa. Dei tenkte føste dæ konne vara kattulaa elle revaa,revaa – reva (revemori). aa brydde seg kje meir om dæ. Men kvæ’l ette kom dæ atte aa skreik verre, saa dei sjøna dæ maatte vara eitkvart anna. Dæ let meste som eit mæneskje i nauaa. Folkje paa gar’n blei saa fælne atte dei vaaga lite aa kaama om døredn. Men daa dæ lei–paa eit bøl fór dæ utette 99liadn aa følde ein steg ut te hi grennaa. Dei haure dæ te slutt som ein omeóme, fjom langt burtantil. laangt utante fjor’n, aa saa va dæ borte.

Dei trudde daa atte dei va kvitte dæ. Men trea nottaa skreik dæ endaa ein gong paa same stá’n aa for ut liadn, aa sia sporest dæ atte dei hadde haurt dæ uti hi grennaa og. Dæ hadde følt allmanneveien fram-om gar ette gar, aa te slutt fare øve fjor’n aa enda paa kjaarkjegar’n.

Daa tok dei te blanda tankarblanda tankar, ta til aa tvila for, elder skyna. naake kvar, aa dajen ette samla dæ seg monge mann aa gjekk aa leitte opponde fjedlaa der saa skrikje va kaame ifraa. Dei va kje komne laangt førrhelle dei saag bloflekkar oppi ein klakafoss. Lenger oppe fant dei kjøtslimserslimsa (kjøtslimsa), tunn strimel. aa klætrasar fastfrosne i klakjen; saa fant dei ei heile honnhonn – hand. (H. m.) av eit mæneskje, aa te slutt heile kroppen; han laag inonde ein brakabusk attonde nersta fjelldraje. Anlete va sonnkrasasonn – sund. (H. m.) saa dæ va uraa aa dra kjensl paa dæ. Dei skar kjøtslimsedn ut or klakjen mæ toleknivadn sine aa samla i hop alt aa bar dæ te husar. Sia for to mann bort te grannebygdaa aa sko spørja ette 100om naaken va bortkaamen. Daa fekk dei veta atte ein fremmane kraamkar hadde fare hitt øve fjedle for ei litaa ti sia. Dei fant faraa ette han aa følde dei tebars. Han hadde kaame fram paa fjellbrynaa beint oppøve garadn her, aa møst vegaleiaa; han monne ha villra i mørknaa. Saa hadde han kaame ut paa ei islagd elv aa kaame paa glegle – glid. (H. m.) aa rekje neøve; dei saag endaa kols han hadde skrapa mæ negledn aa prøvt aa halla seg fast. Dæ hadde bore ut øve eit blaastup aa himmelhøgt utføre, aa sia ne-ette adle fossadn.

Dæ laag meins-is paa fjor’n paa denna tiaa, saa dei konne korkje gaa helle ro han, daa dei sko te jorar mæ likje. Dei laut fara ut stejen i liadn, aa sia utette hi grennaa aa øve fjor’n utanfor isbrunaa,isbrunaa – isbrui. nettopp der saa skrikje hadde fare føre. Aa sia haure dei aldre meir te dæ.»

– Endaa eit og anna fekk dei høyra; men so laut dei vera nøgde for i kveld og sjaa aa koma seg inn til stoves. Men dei vaaga seg ikkje utum eldhusdøri fyrr han Todleiv fylgde dei ut paa hella 101og stod der med ei logande spik til dei var komne heilt aat stovedørerne. Og det var ikkje endaa fritt at baade ein stabbe burti tune og ei bytta som stod nedmed smalhusnôvi hans Per vart til svarte likkistor.

Boken er utgitt av OsloMet

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Det store nashorne

Det store nashorne ble utgitt i 1900 og inneholder 14 mer eller mindre frittstående fortellinger om fire gutter: Paal og Kolbein «fraa aust i stova» og Gunnar og Andres «fraa vest i stova». De fire vennene er stadig på jakt etter eventyr, gjerne inspirert av historiene og bildene de har sett i bladet Almuevennen, men havner ofte i trøbbel.

Boken er korrekturlest og tilrettelagt av Bachelor-studenter i Bibliotek- og informasjonsvitenskap ved OsloMet høsten 2019.

Les mer..

Om Rasmus Løland

Rasmus Løland er i dag mest kjent for sine barnefortellinger, som Paa sjølvstyr (1892), Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Han regnes for en av våre beste barnebokforfattere.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.