Det store nashorne

av Rasmus Løland

13. Den sjuke guten

Daa det ikkje var fleire neter aa finna og for mykje regn og uver til aa koma til skogs etter ber, stod kjupornekjupor, hjupor, «nyper». raude og gjornegjorne, mogne. og gode paa klungarne uppi røysarne. Og under nokre store suraplar uti bakkarne laag det i mengd med smaa eple som hadde dotte ned i hauststormarne. Dei var av og fyllte lummorne sine naar det var upphaldsver einkvan gongen, og so sat dei burti bestemorstova um kveldarne og fekk steikja epli paa omnen. Og sat dei daa rolege og skikkelege so hadde ho jamt eitkvart aa fortelja enno, bestemori. Det 102var ikkje so fælslegt som det han Todleiv fortalde, og ikkje alltid so heilt morosamt helder. Det var stundom svært mykje um gutar som hadde vore uvyrdne og fenge ei ulukka paa seg for det liksom han Tøres i Aasen; elder um gutar som hadde vore so fælt snilde og alltid kunde leksorne sine paa ein prikk – dei let Vaarherre det gaa hardlahardla, ovende, svært. godt for og lika dei svært, sa ho. Naar dei sjølve korkje var so sers skikkelege elder trugne med bøkerne var dei ikkje alltid so heilt rolege etterpaa. Og um dei lova med seg sjølve at dei skulde verta betre en dei var, so var det so altfor lett aa gløyma det, og daa var det ikkje ventandes at Vaarherre kunde vera berre blid.

Dei laut difor rett som det var slaa burtpaa um havhesten og risarne, elder korleis til-stod med nøkken; for kom ho berre innpaa um dei, elder andre underlege ting paa sjø elder land, so visste ho so mangt at ho gløymde alle skikkelege gutar; og desse sogorne var alltid like morosame um dei hadde høyrt dei fyrr nokre gonger. Nøkken hadde ho 103endaa set litt av ein gong. Han laag og flaut som ein holvd stampstamp, saa, buna; «balje». utpaa ei tjørn. Men so slo ho krossen for seg, og so hadde han seg rett til hols og det snøgt.

Men ein kveld fortalde ho noko som dei kom til aa hugsa lenge, endaa det var berre um ein gutunge. Det var ikkje det at han var so sers skikkeleg denne gongen, og helder ikkje so uvyrden. Han var berre so sjuk.

Det var paa den tidi ho var ung, sa ho. Daa var det ein gut paa ein gard burti grannebygdi i –dalen. Han var den yngste av borni i huse og heitte Eiel. Han hadde alltid vore so frisk og glad; men ein haust daa han var i skulegutsalderen tok han til aa faa hoste og skrinnast av. Det drog meir og meir paa, og fram paa vaarparten laut han helst halda sengi.

Dei hadde fenge dokteren upp til han eit par gonger um vetteren, og ein dag fram paa vaaren var han der tridje gongen. Guten laag i ein liten ljos kovekove, kleve, lite kammers. ved sida av stova, so han skulde ha det stillt og godt.

104Daa dokteren hadde lydt paa bryste hans og sagt fyre um eit og anna, fylgde han foreldri inn aat stova og let att kovedøri. Han risste paa hovude.

«Nei det er ingi besning aa venta her lenger,» sa han. «Det hev teke ei vending no so eg ikkje torer seia der er von for han, elder at han kan ha so lenge att, stakar. Det er tæring og hev gjenge fælt fort sidan sist.»

Foreldri svara ingen ting. Mori heldt berre henderne upp for andlite. Dei hadde venta dette og bedt um aa faa vita det visst.

«Men det er ikkje verdt aa seia noko med han sjølv,» sa dokteren. «Dei som hev tæring hev ofta so god tru sjølve, og det gjer det liksom lettare for dei til det siste.»

«Det er vel best so,» kviskra mori. So fylgde dei dokteren ut paa tune daa han skulde reisa.

Daa mori kom inn atter sat Eiel i sengi; han var so uroleg og flakkande i augo og spurde um dokteren var reist.

«Ja no kjøyrde han. Ver no ikkje rædd… no skal du ha det so stillt og 105rolegt,» trøysta ho og gjorde seg so roleg ho kunde.

Han spurde ikkje meir; men der var enno noko underleg skræmt i augo hans som ho ikkje hadde set fyrr. Ho stulla og stulla um han og strauk han yver haare; men det vilde ikkje enno gjeva seg.

«Du er visst trøytt, vil du ikkje helder leggja deg ned og freista aa sova?» spurde ho.

Han lagde seg viljelaust ned; ho breidde godt yver han og sette seg attmed sengi. Han hadde vorte so liten og mjovmjov, smal, mager. at det var lite han tedde att under sengklædi. Det tok henne so aa sjaa; ho laut snu seg burt og løyna graaten.

Han laag fyrst uroleg og snudde paa seg og hosta og anda tungt eit bil. Men ei stund etter laag han still og med attlatne augo liksom han sov. Daa reiste ho seg stillt upp og gjekk ut. Ho hadde mykje aa gjera og laut nytta denne vesle stundi med’ han sov. Ho saag han Svein, den næstyngste av gutarne, burtmed vedskjole og fekk han til aa gaa inn og 106sjaa til Eiel so lenge. So gjekk ho aat fjose og skulde stella kyrne til middags.

Daa han Svein stakk hovude inn gjenom kovedøri laag han Eiel som han sov enno. Daa tykte han at det turvtest ikkje aa sitja der nettupp uppyver han. Han kunde svinta innum og sjaa um han av og til, tenkte han, og fór ut atter. Han heldt nettupp paa og skulde laga seg ein baat burti vedskjole, og hadde so lite tid aa hefta burt, tykte han.

Daa han vel var ute saag Eiel upp og reiste paa seg.

Han hadde ikkje sove. Han hadde berre lege som i halvørska,ørska, helvsvevn. men høyrt og haatt alt i kring seg like godt. Men no kunde han ikkje liggja roleg lenger. Det var ikkje so vondt for bryste nettupp, ikkje verre hell vanleg. Men han hadde fenge slik ein vond otte. Det laag som ei skjelving i han.

Han hadde vore rædd dokteren dei tvo gongerne fyrr og, men endaa meir i dag. Han var liksom annleis i dag hell fyrr, dokteren, tykte han; han saag so paa han, og vilde ‘kje svara daa han spurde um han ikkje snart kunde verta 107kvitt denne vonde hosten. Men han hadde fenge vita alt, kor som var. Daa dokteren fylgde foreldri inn aat stova og dei drog att døri etter seg, hadde det med eit kome yver han at han skulde fram og lyda etter kva dei sagde. Han kunde enno so vidt gaa litt naar han stavra og studde seg fram, og han gjekk so stillt at dei ingen ting høyrde. Og der attmed lyklehole hadde han so høyrt det… tæring… kunde aldri koma seg att elder ha lang tid att… Nei naar det var tæring visste han det var ingi von; han hadde ofta nok høyrt det, og han hugsa korleis det gjekk med ein gut burtpaa grannegarden som hadde havt tæring aare fyrr. Dei var jamgamle han og den guten, Martin heitte han, og han var so ofta innum til han og sat der med han. Han óg laag der og hosta og bleikna og blaana av fraa dag til dag, og ein dag bar dei han burt i den svarte kista.

… Han hugsa so godt den dagen. Det var ein graakald dag langt fram paa hausten; han saag daa dei neglde att kista, og var med daa det lange fylgje kjøyrde nedetter dalen til kyrkjegarden, paa ein 108høg snaud haug nedmed elvi. Songen ljoma tungt og uhuglegt i vinden, og elvi fossa framum so det vilde mest ta anden. Dei sette kista ned i ei djup hola og grov attyver, so stein og grus dunde ned paa loke, og i moldi var der halvrotne bein og ein fæl hovudskolt etter eit gamalt lik. Det var det siste dei saag etter han Martin.

Og fraa den dagen var det at han sjølv óg hadde vorte sjuk. Han hadde frose um dagen, og var so teken av alt det han hadde set at han laut heim og gaa til sengs um kvelden daa hine gjekk aat gjestebodsbordi; og sidan hadde det drege paa med hoste og tyngsla etter kvart og aldri slept han att, til han no laag her.

Og no skulde han same vegen som han Martin… um nokre vikor kanhenda, elder um nokre dagar, koma i den svarte kista og ned i gravhaugen… Otten tok han so det vilde mest kjøva for anden; det var som noko vondt fraa sjølve gravhaugen hadde ták i han. Og dette kunde han ikkje faa seg til aa nemna med mor si elder nokon annan, som naar eitkvart 109anna var i vegen. Dei kunde ikkje gjeva nokor trøyst elder hjelp, kor som var; dei kunde ikkje ein gong skyna det, tykte han. Ingen kunde hjelpa elder skyna det.

Medan han sat der og stirde forvildra kring seg og tenkte paa alt dette kom han til aa sjaa ut gjenom vindauga. Det var ljos vaardag og solskin ute. Han høyrde fuglarne kvitra i trei i hagen beint utanfor, og saag store grøne bladknuppar paa greinerne. Daa kom han til aa tenkja paa at no var det vel grønt paa marki og, og varmt og godt i solskine nedi hagen som alltid um vaararne; og likeeins uppi alle bakkarne og urderne – der var det vel alt grønt lauv paa bjørkerne. Og no sprang dei vel der kvar dag, hine gutarne, og saag til smalen og skar fløytor og hadde det gildt liksom ifjor og kvar vaar, medan han maatte liggja her…

Daa kom det med eit yver han: men kvifor maatte han daa so plent liggja her? Det var annleis i vetter daa det var so kaldt, daa laut han vera inne. Men no det var so varmt og fint… Han hugsa kor frisk og sterk han alltid hadde vore 110naar han sprang ute. Og brydde han seg no ikkje um nokon sjukdom, tenkte han, men gjekk ut i soli som fyrr og vermde seg, og var med hine gutarne som fyrr… so kanhenda heile sjukdomen snart kunde gjeva seg att og, og alt verta som fyrr? – og alt dette andre berre vera noko som dokteren hadde funne paa?

Det vakna med eit ei ny sæl von i han, og han kjende seg so sterk med det same. Han skauv av seg sengklædi og steig fram og fann klædi sine – han vilde ut og freista dette no strakst! Det var ingen ting aa drygja etter; han skulde berre ha tenkt paa det fyrr, tykte han. Um han so berre sat uti solskine eit lite bil maatte det vera betre en aa liggja her.

Det gjekk ikkje so lett som han hadde tenkt aa faa paa seg klædi. Han var so ustød og fimrenfimren, ustød og skjelvande. at han tumla i koll paa golve nokre gonger. Men han gav seg ikkje. Han maatte skunda seg no med’ alle var ute; saag dei han so negta dei han kanhenda aa gaa.

Han kom seg ut aat kjøken gjenom ei liti sidedør, og det gjekk ikkje enno 111so ille naar han studde seg fram langs veggjerne. Der var ingen i kjøken og ingen aa sjaa utanfor helder. Han fekk svint upp døri og steig ut.

Det var skugge paa denne sida av stova, og kom eit iskaldt vindpust mot han, so han so nære hadde tumla baklengjes inn atter. Men han kramsa seg fast i dørkarmen og beit tennerne saman, og tok til aa grava seg fram langs veggen. Berre han naadde fram i soli og hagen paa den andre sida var knipetake yver, tenkte han, og han vilde og maatte halda ut no han var komen so langt. Det var som det galdt aa røma fraa sjølve sjukdomen og dauden attanfor og fram i soli og live.

Endeleg var han komen um stovenovi og inn i hagen. Men enno stod det eit iskaldt drag fraa nord, og soli var ikkje so varm som han hadde tenkt. Han maatte lenger ned i livderne.

Han laut grava seg fram paa kne og olbogar no daa han ikkje lenger hadde veggen aa stydja seg til, og det var fælt so stridt. Men sistpaa fann han ei kraa attunder ei liti ufs som var baade i livd 112for vinden og midt mot soli, og der var det endeleg godt og varmt og. Han hosta fælt etter det harde stræve, og var trøytt so han skolv; men det vart strakst likare daa han hadde kvilt eit bil. Han lagde seg bakyver mot marki og let soli baka seg. Det gjorde so godt; det var som solstraalarne gjekk heilt i gjenom han, og vaar-angen var so frisk og sterk at det var mest altfor mykje.

Daa kjende han seg med eit so tung i hovude av alt dette solskine. Augo gleid att, og det vart so mjukt der han laag, tykte han; det var som han laag i ull. Men best som det var kjende han ingen ting under seg, det var som han fauk i lause lufti og vogga upp og ned. Han saag greiner med ljose bladknuppar og blomar strjuka framum. Daa han skulde sjaa betre etter var han komen heilt upp under urderne, og blomarne voks rundt han. Der var gul tiritunga og brune reveklokkor og mange andre slag. Litt burtanfor var bekken som dei hadde bygt kvernar i, han og hine gutarne, og der saag han dei sjølve og. Dei sprang berrføtte og bygde dammar 113og hadde vesle hunden med. Han vart so glad og fegjen og vilde springa ned til dei.

Daa var det som det ropa bakum han. Han tykte han kjende maale aat mor si, men det var liksom so skræmt og underlegt, og det sveiv for han at han hadde gjort noko som ho ikkje maatte vita um. Han bøygde seg ned millom steinarne, so dei ikkje skulde sjaa han. Daa høyrde han ikkje ropi meir; men so for han til aa kjenna eit kaldt vinddrag mot ryggen. Han freista aa snu ryggen mot soli, men det hjelpte ikkje. Det vart berre verre og verre. Det var sistpaa som det gjekk heilt i gjenom han; han stivna av frost og orka ikkje aa røra seg. Daa hugsa han at han hadde rømt for noko vondt som var etter han; han visste ‘kje lenger kva det var, men no maatte det vera det som hadde teke han att, kor som var. Han vilde ropa av rædsl, men kunde ikkje det helder; det svartna for augo, og so høyrde han rædde rop att… so var det som einkvan tok og lyfte han upp og bar han…

114Alle i huse var uppskræmde, og dei hadde sendt bod etter dokteren att.

Daa broren hadde vore ute eit bil hadde han glytt inn i sjukerome ein gong til, men gaadde ikkje at Eiel var burte. Han tenkte berre at han hadde drege sengklædi upp yver hovude og sov som fyrr. Klædi laag nettupp soleis at det var likt til det. Daa saag han ikkje inn fleire gonger. Men daa mori ei liti stund etter kom inn saag ho strakst at sengi var tom, og Eiel var ikkje aa finna nokon stad i huse – ho visste mest ikkje um ho skulde tru sine eigne augo. Han hadde fenge paa seg klædi var det likt til, og maatte ha grave seg ut, korleis det so var gjenge til.

Men daa ho kom ut var han ikkje aa sjaa nokon stad der helder; han var som sokken i jordi. Og det var iskaldt nordandrag so det maatte gaa heilt gjenom han berre han kom um døri.

Ho var sistpaa mest fraa seg av otte, og fekk folk med til aa leita og ropa etter han paa alle kantar; – daa fann dei han endeleg i kraai nedi hagen. Han sat der og sov paa den kaldvaate jordi.

115Han var ikkje komen heilt til seg sjølv att lenge etter han var komen inn i den varme stova. Bringa gjekk som ho vilde sprengjast, men armarne og føterne var kalde enno.

Nokre timar etter var dokteren der att. Han kunde ingen ting gjera. Det teikna til lungebrann attaat den gamle sjukdomen.

Fram mot kvelden kom Eiel endeleg skikkeleg til seg sjølv att, so han kunde tala med mor si. Daa losna han med graat og fortalde korleis alt hadde gjenge til, og alt det underlege han hadde set daa han sat nedi hagen.

Mori sat og stoggastogga, her: tyssa paa, «berolige». han so godt ho kunde. Ho bad han minnast Vaarherre og alt det han hadde høyrt um honom, og at gravi ikkje var alt.

Han hugsa det att no, kviskra han, og han var ikkje rædd lenger. Det var berre den vonde otten som hadde teke han so. – Han laag og stirde framfor seg etter graaten var stansa, og var roleg i augo atter. Det var som han saag ut i noko som dei andre ikkje saag.

Tvo dagar etter døydde han, og daa 116han næste gongen kom ut i soli var han i den svarte kista.

So for eit svartklædt fylgje nedetter dalen til den gamle gravhaugen att. Mori hadde vore sjuk av sorg og trege heilt sidan den usæle dagen; ho kunde ikkje gløyma at ho hadde slept guten fraa seg soleis. Men i dag laut ho manna seg upp og vera med og sjaa kvar dei lagde han.

Det var ikkje so graakaldt og audt paa haugen i dag. Det var solskin og tok til aa gro grønt burtetter alle tuvorne. Fossen nedanfor gjekk kvit og gul i solskine, og gôve uppyver glimde som ein regnboge; – ho hugsa det so godt, sa bestemori, for ho var sjølv med. Tett fram paa brote der, mot soli, hadde dei kasta upp gravi; der laag torvorne i kross paa ein liten jordhaug daa fylgje for heim.

Men daa dei kom og saag um gravi nokre vikor etter, so grodde det alt dér som paa hine graverne. Soli hadde vunne heilt yver nordanvinden daa og vilde løyna alle visner etter det som hadde falle for froste.

Boken er utgitt av OsloMet

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Det store nashorne

Det store nashorne ble utgitt i 1900 og inneholder 14 mer eller mindre frittstående fortellinger om fire gutter: Paal og Kolbein «fraa aust i stova» og Gunnar og Andres «fraa vest i stova». De fire vennene er stadig på jakt etter eventyr, gjerne inspirert av historiene og bildene de har sett i bladet Almuevennen, men havner ofte i trøbbel.

Boken er korrekturlest og tilrettelagt av Bachelor-studenter i Bibliotek- og informasjonsvitenskap ved OsloMet høsten 2019.

Les mer..

Om Rasmus Løland

Rasmus Løland er i dag mest kjent for sine barnefortellinger, som Paa sjølvstyr (1892), Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Han regnes for en av våre beste barnebokforfattere.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på X
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.