Det store nashorne

av Rasmus Løland

14. Véren og tordivelen

117Det hadde alt lege snø nokre gonger og so kome regn og bløyta og teke han att. Himlen hadde vore gruggutt og graa i vikevis og bekkjerne store, og vatne lege i hyljar utetter bøarne. Men so var det ein dag langt fram paa seinhausten at det lyste upp atter, so himlen var blank som ein reinvaska spegel. Bekkjerne minka strakst ned, og hyljarne seig burt. Daa kunde dei sleppa ut smalensmale, faar (samlingsnamn). att, og gutarne tok og jaga han upp i lyngbakkarne austanfor bøarne.

Fram paa dagen skulde dei av og sjaa um han; men daa var det ikkje ei klauv aa sjaa elder ei bjølla aa høyra nokon stad. Dei skyna det strakst, smalen maatte ha teke vegen upp til nedstestøylen. Daa buskapen flytte heim derfraa um hausten grodde det alltid upp so fint grønt gras paa den feite vollen kring husi. Det heldt seg grønt radt til snøen lagdest, og var ofta grønt um det hadde lege snø paa det eit bil og. Dette 118visste smalen um og tok ofta vegen dit upp um haustarne. Dei lagde daa i veg med stavar og slireknivar alle fire og skulde henta han heim til kvelds.

Det hadde vorte so friskt og svalt i lufti etter det klaarna upp. Smaafossarne aust i bakkarne var frosne i hop til allslags underlege iskrullar og isblomar, og daa dei kom upp paa høgderne var det alt is paa alle løkjer og smaatjørner innetter heidi. Soli stod bleik og stor vestyver og blenkte med allslags lîter i isarne; ho skjein gulraudt innetter dei haustbrune bakkarne, og øvst uppaa topparne laag det bjart snø. Det var so heilt annleis en i sumar alt saman, og so underleg stillt at det var mest hustert.hustert, fælslegt. uhuglegt. Men daa dei kom so langt at dei saag støylen var det som dei hadde tenkt: han laag der som ein grøn holme midt i alt det aude og brune. Og der gjekk smalen kring husi og kosa seg og aat.

Dei gjorde seg god tid daa, og gav seg til aa prøva isen nedpaa smaatjørnerne. Han var hosta tunn enno, og han Gunnar dumpa strakst nedi so han vart vaat upp yver knei. Men so hoppa han 119berre upp uppaa tuvorne og lagde mose i sokkarne, so gjorde det ikkje noko.

Daa sette han Kolbein i aa ropa paa dei andre; han hadde spronge upp i ein bakke og vilde finna mose aat han Gunnar, og laag no og grov attmed ein stein. Dei sprang upp til han. Daa var det ein tordivel han hadde funne. Han hadde rive ei mosefilla av steinen, og so var tordivelen komen krjupande fram.

Dei lagde seg paa kne kring steinen og saag vel paa han. Han var stor og tjukk etter maaten, men orka berre so vidt aa kreka paa føterne, og fjuka kunde han slett ikkje. Han grov seg berre i koll paa steinen og vart so liggjande der og peika med føterne til alle versens hyrnor.

«Han maa ha havt huse sitt under mosen her og fenge stivfrost i føterne daa han kom ut i berrkjølden,berrkjøld, berrftost.» sa han Gunnar.

«Men korleis skal det so gaa med han, naar det vert snø og vetter og han er huslaus?» spurde han Kolbein som var skuld i dette.

Ja det kunde han spyrja.

120«Me fær byggja nytt hus aat han, arme kreke,» sa han Paal, og det tykte dei alle; det var for ille at han skulde vera huslaus her i ville fjelle og frjosa i hel um han so var berre eit lite troll. Dei mura upp eit lite steinhus attunder den store steinen og tetta godt til med mose og torv, og lagde mjuk mose paa golve til aa liggja i. So tok han Gunnar tordivelen og lagde han varleg inn og sette ei breid hella for døri. Men atti eine hyrna let dei det vera eit lite ope hol, «so mykje han kan faa kjékakjéka (kika), glytta. ut og sjaa etter vere og draattendraatt, skydrag.», sa han Gunnar. Og det kunde fulla so løgje henda at han fekk andre ærend ut óg, liksom andre folk, sa han. – Ja du veit det.

Men det var snart paa tid aa koma paa heimveg med smalen. Dei rusla innetter mot støylen. Daa sette han Gunnar i aa læ. «Ser de det ikkje?» sa han. Nei dei saag ikkje noko sers, og so laut han fortelja det. Det var det at støylshuse hans Haavard burtpaa vollen var so likt han Haavard sjølv som ein skulde sjaa han. Døri var nasa, og tvo gluggar augo. Jau daa saag dei det strakst alle.

121«Ja men sjaa paa huse hans Nils!» ropa han Paal, og daa vart dei vis med at det hadde eit andlit som var han Nils upp av dage. Og sidan saag dei at det var so med alle husi, dei var alle like eigarmennerne sine. Det var mennerne paa grannegarden som hadde støylshus her, og dei stod der som dei var møtte til tings alle.

«Det er daa helder ikkje aa undrast paa, for alt fe er sin herre likt,» sa han Gunnar og gjorde seg byrg og vaksen. Dei lo og ropa til grannarne og spurde um dei var øybuar og hadde brisling til sels, og kalla dei stylkepavar alle i hop.

So skulde dei gaa upp paa kor si sida og samla smalen i hop midt paa vollen. Han Gunnar gjekk aaleine upp paa vestsida. Men han var ikkje komen langt fyrr han braadstansa og lydde og glande, og so kom han paa sprange attende – han hadde høyrt eit underlegt stygt læte ovanfraa støylen. Dei tagna og lydde alle, og høyrde det strakst. Det kom liksom innanfraa eit av husi, elder radt nedanfraa jordi under husi, og var grovt og harkande og underlegt 122so dei aldri hadde høyrt slikt læte. Dei stokk so dei rømde eit heilt stykke utetter vegen, stansa so og lydde att. Daa lét det tvo gonger til og endaa uhuglegare, tykte dei; det var mest som det knurra elder bura. Dei tok paa flôge burt til ei gamall krunglefura og stansa ikkje fyrr dei var komne radt aat toppen paa henne. Støylshusi var daa korkje like Per elder Nils. Dei stod der med myrke gluggar som dei hulde paa noko vondt. Men kva det var var verre aa vita. Dei kom i hug huldrekallar og allskyns styggedom som skulde flytja inn i støylshusi naar folk og buskap flytte heim um haustarne. Elder det skulde vel ikkje vera han sjølv – bjørnen – som hadde lagt seg i hi i eit av husi og vakna daa han høyrde dei ropa?… Det gjekk kaldt i dei berre dei hugsa korleis dei hadde sta’e der og skraala i tankeløysa, og dei hadde kje berre godt av det gape dei hadde fare med um grannarne helder – det var snodigt so snart det alltid kom ille attum, sovore. – Men daa var det liti tygd her i fura óg, og so maatte dei for alt ikkje sleppa kvelden 123paa seg liksom den gongen nedpaa fjorden i haust og uppi fjelle i sumar. Dei hadde ikkje høyrt det laata meir etter dei kom her; so manna dei seg upp alt dei vann og steig ljodlaust ned, vaaga sprange og var snart komne godt og vel ut for broti, so dei ikkje lenger saag attende til støylen.

Men daa stansa han Gunnar att og fekk dei andre og til aa hefta. Dei var nok berga sjølve no, men smalen, smalen… kva vilde dei seia heime naar dei ikkje kom med den? «Fortel me um det me hev høyrt so seier dei kanhenda det er berre fugleskrik elder inkjevetta og vert sinna… dei er soleis,» sa han.

Dei kom i hovudbrot yver dette alle fire, og det var med eit som det heile ikkje var fullt so spelegt no daa dei var so langt ifraa.

«Og smalen gjeng like roleg… det var underlegt at han ikkje skulde skyna det og røma han og, var det so spelegt,» sa han Paal.

Dette hadde dei ikkje tenkt paa fyrr, og det gjorde dei med eit so moduge at ikkje ein gong dette um fugleskrik var 124radt uraad lenger. Dei hugsa korleis dei so ofta hadde late seg skræma i utide, baade av nashorne i sumar og mangt anna, og det vilde vera so fælande leidt aa koma ut for sovore no og. Fyrr laut dei vaaga alt som raad var, tykte dei, og so vart dei sistpaa samde um aa gaa upp for brote att og innetter eit stykke og sjaa betre paa dette.

Men váre maatte dei vera i eit og alt enno. Dei saag seg fyre for kvart stige og stansa ofta og lydde, fann seg lange paakar og løyste knivarne i slirorne, um eitkvart skulde koma paa. Men det kom ikkje noko paa. Smalen gjekk like roleg innpaa vollen, dei høyrde ingen ting laata lenger, og det var like ljos dag enno. Soli var skugga nedi lægderne, men skjein enno innetter alle kollarne. Dei vaaga seg sistpaa heilt inn aat støylen att og vilde til aa huska i hop smalen og fljuga i veg med han… daa sette det i aa laata so høgt at jamvel sauderne rundt husi stokk upp, og dei høyrde denne gongen skilleg kva hus det kom fraa.

«Men du… det er eit smaalôgsmaalôg, einskilt faar. som blektar, tykkjer eg!» ropa han Gunnar.

125Ja so menn!

Dei sprang upp aat huse og saag inn, og daa var det heile berre ein vér med store horn som laag der innestengd. Dei laut baade læ aat seg sjølve og var glade.

Men som han saag ut, véren, daa dei kom inn til han! Han var ruskutt og fæl i ulli, augo var innsokne og dimme, kjeften hekk halvopen, og tunga langt ut. Han freista aa reisa seg, men sjaka so paa beini at han seig i kne nokre gonger, og han var lett som ein sopp daa dei lyfte i han og vilde hjelpa; det var som han var berre skinn og bein under felden.

Dei skyna det strakst: han maatte ha sta’e her innestengd so lenge at han var halvdaud av svolt, og ha blekta etter hjelp til han var mest kvævd og berre lét stygt nedi halsen. Vonde folk maatte ha stengt han inne, elder kanhenda han berre hadde smoge inn for uvere og døri dotte att etter han. Han hadde togge upp nokre kjeppar burti ei kraa so det var berre tjukke veden att, og det var 126likt til at han hadde ete paa sjølve svarte moldi i auren.

Paal og Gunnar reiv av seg kvar sin sko og sprang ned aat ein bekk etter vatn, og han vart so fegjen daa han saag det at han sette i aa bura. Han tømde skorne i ein sup og sleikte etter kvar dropen, han sleikte paa dei vaate henderne deira. So sprang dei og reiv smaagras aat han, og han gløypte og aat det mest heilt. Stakars tinge; dei klappa han paa hovude og fann meir og meir; det var so synd for han. Og her kunde han enno ha vorte liggjande og talmast radt i hel hadde dei rømt for læte no og, og fare heim med smalen. Dei lova at dei aldri skulde vera rædde stygg laat meir.

Daa han hadde drukke og ete eit bil hadde han kome seg, so han so vidt kunde stavra og gaa ut. So tok Kolbein og Andres til aa driva smalen heimyver, og Paal og Gunnar kom etter med véren. Dei laut lyfta han yver alle steinar og bekkjefar; men han mjukna litt upp etter kvart so han gjekk elles.

Utmed myrarne utum støylen hefte 127Kolbein og Andres litt og venta til dei tvo hine kom etter. Daa var dei komne til aa tenkja paa noko, dei tvo smaa: tordivelen. No hadde han nok hus for vetteren, men kva hadde han aa liva av i huse sitt? spurde han Kolbein.

Ja det, ja; – dei hadde fenge slik medhug for alt som svalt og leid vondt no etter dei fann véren, at dei lo ikkje aat dette dei tvo største helder. Dei leitte i lummorne sine, og so fann han Gunnar so heppeleg ei liti flis gamalt spekekjøt; den sprang han upp med og stakk inn i huse. «Men naar me kjem att ein annan gong skal me ta med eit kokt jordeple aat deg», sa han, og tordivelen baud ikkje imot aat det; han laag og kosa seg nedi mosen og hadde nok alt lagt seg for natti. So tok dei i veg att.

Dei lét svært vel heime daa dei kom med véren dei hadde berga; det var ein av husmennerne som aatte han. Men mest av alle skrepte bestemori, daa dei kom burt aat stova til henne fram paa kvelden. Ho hadde alltid so ilt av det som leid vondt. Ho var paa graaten 128naar ei høna lagdest sjuk, og fekk ein nygg av otte berre den gamle katten hennar naus hosta mykje; og ein gong dei fann ein saud som hadde hengt seg fast uppi urderne og lege der og talmast i hel fekk ho ikkje sova skikkeleg i tvo netter etterpaa. Og det vilde ‘kje ha vorte betre no hadde denne stakars véren lote pinast til daudar, sa ho. Dei var svære karar som hadde berga han, det var dei.

Dei sat rundt omnen og steikte eple og tykte det sjølve óg at dei var ikkje smaakarar, nettupp. At dei so nære hadde kome heim med bleike nebbar og inkjevetta fortalde dei ikkje noko um; dei hadde vorte samde um at det ikkje var noko aa gjera drøs av. Paal og Gunnar brydde seg helder ikkje um aa hugsa meir paa det vesle paafynsterepaufynster, paafund. med tordivelen no; det var liksom so lite karslegt det med, etter dei var komne heim til dei vaksne. Men korleis det var so kom han Kolbein til aa nemna det daa det leid-paa eit bil, og daa gav ho bestemor seg til aa spyrja til han fortalde alt.

Ho sa’ ikkje noko fyrsta; men so var 129det at ho gjekk ut aat skaape etter sirupskakor, ei aat kvar av dei. Jau, dei skulde dei ha no, sa ho.

«At de hjelper det som lid vondt naar de veit de fær takk og vellæte for det etterpaa og at einkvar hev gagn av det, er alltid gildt nok. Men aa vera god mot det livande naar ingen veit um det elder takkar for det, og ingen hev sers bate av det, det er meir,» sa ho. Og anten han tærde spekekjøt elder ikkje, tordivelen – det torde ho ikkje nettupp spaa noko um, sa ho – so var det like vel meint.

Dei skyna ikkje rett dette enno – at eit lite trodltrodl, troll. i mosen var noko aa rø’ um mot den gode risbit-vérenrisbit, aarsgamall vér. hans plass-Ola; men sirupskakorne var like gode aa ta imot for det, og so sat dei rundt omnen og kosa seg og aat.

*

Det var glimande stjerneklaart daa dei kom ut og skulde gaa kvar til seg. Kveldstjerna stod stor og blank vestyver fjelli, og Vettrevegen var kvit og endelaust djup… mange tusund mil upp. 130«Sume seier det er billionar,» sa han Paal. Vangen stod nordyver og lyste som eit stort femtal som alltid – litt knikkut i den store kroken liksom femtali hans Veloms-Nils i skulen; og Tribelte blinka bjart i sud.

Men i sudvest drog det upp ein diger graa skybakke. Han gjekk so fort at dei godt kunde sjaa det, og her og der gjekk det smaa lausrivne flokar framfyre han. Det var nok snøskyer; og det isa so underlegt i lufti som jamt framfyre snø. Og kom det snø paa den frosne marki no, so skyna dei at det var vetteren for aalvora, snø som vilde liggja til næste vaar. «So er det ute med denne sumaren og hausten for alltid,» sa han Paal.

Dei tagna alle fire med’ dei stirde ut i skyi; det var som dei alle tenkte paa det same: det hadde vore ei gild tid sidan i vaar… tru um det vart so gildt i vetter?

Boken er utgitt av OsloMet

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Det store nashorne

Det store nashorne ble utgitt i 1900 og inneholder 14 mer eller mindre frittstående fortellinger om fire gutter: Paal og Kolbein «fraa aust i stova» og Gunnar og Andres «fraa vest i stova». De fire vennene er stadig på jakt etter eventyr, gjerne inspirert av historiene og bildene de har sett i bladet Almuevennen, men havner ofte i trøbbel.

Boken er korrekturlest og tilrettelagt av Bachelor-studenter i Bibliotek- og informasjonsvitenskap ved OsloMet høsten 2019.

Les mer..

Om Rasmus Løland

Rasmus Løland er i dag mest kjent for sine barnefortellinger, som Paa sjølvstyr (1892), Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Han regnes for en av våre beste barnebokforfattere.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.