Det store nashorne

av Rasmus Løland

2. Paa fjellferd

9Det var ein dag fram paa sumaren. Det var so fint ver. Dei hadde vore med og tjerva lauv um fyreduguren, og so fekk dei lov til aa gaa til fjels og sjaa etter moltor sidan um dagen. Dei maatte berre lova at dei ikkje skulde verta for lenge, og ta seg i vare for tjørnerne og fjellstupi. Dei fann seg næverkoppar og fekk nista med, og i veg bar det uppetter den bratte stigen. Dei var berrføtte og berrærma.berrærma (-erma), erme-skjortom, med berre skjorteermar. Soli skjein i skog og urd, og det var so gildt so. Dei tok snart til aa finna jordber millom steinarne, og so fann dei ein fugl i lauve. Stakar, han var daud. Men fjørerne var like fine enno. Dei plukka av dei største og sette dei i huvorne liksom indianarane i boki, og so skulde dei vera indianarar dei med. Stavarne deira var spjot, og siklebekken burt i urdi var ei fæl elv med krokodillar i som aat upp folk. So rusla dei lenger, 10og var ferdige til aa tyna alle krokodillar som fanst.

Uppaa fyrste fjellhøgdi kom dei aat den nedste fjellslaatta. Der stod ei liti løda burt under ein bergvegg, og der var grønt og vent som heime paa ein gard. Dei kvilte litt og gjekk sidan fram paa fjelle burtanfor og saag utfyre. Huh, det var mest kjølslegt, so bratt var det. Fjorden og alle gardarne laag djupt, djupt nede, og dei saag so langt utetter og innetter. Der var djupe vikar og kvite nes, og mange gardar som dei aldri visste namn paa ein gong. Fjelli paa hi sida av fjorden vart so høge og røselege, og dei saag atti blaanande snøfjell gjenom eit skard langt langt i aust. Det maatte vera der dei ville reinsdyri var, og bjørnarne.

Men underlegast av alt vart garden heime, naar dei saag ned paa han derifraa. Det var berre so vidt dei kjende han att. Husi var som ein krins av smaa firkantar med flate taakor, og vegjerne gjekk som granne makkar burtetter bøarne. Storaakeren deira aust i stova var som ei rund bakstehella, ein annan 11var som ein stor hane, og Røysaraakeren hans Per var radt lik ein mann som heitte Teis i bladboki. Han gloste og saag beint hit upp med det eine auga, men det andre tedde ikkje. «Han maa ha blinka att med det, og grunar og tenkjer paa eitkvart,» trudde han Kolbein. Og folki som gjekk millom husi var mest som runde nysto som ega seg fram.ega seg fram. flytja seg smaatt um senn, skuva seg fram («oka seg fram», naar det gjeng tyngre og med meir stræv). Der kom eit nysta alt upp aat bekken. Det var visst ho Anna. Dei sette i aa ropa paa nyste-Anna, men fekk ikkje noko svar. Dei skræmde berre upp ein brun hauk ned i fjelle og saag beint ned paa ryggen paa han; det var som dei skulde sitja upp i skyerne og sjaa ned paa alt. Dei tok steinar og hivde etter han og skraala og skreik so lenge dei saag han… styggen som drap hønsi.

So fylgde dei utetter fjelltrømen og fann større og større steinar og grytte utfyre for moro, og uti eit bekkjedjuv fann dei sistpaa ei heil liti urd aa ta av. Steinarne gjekk fyrst i lause lufti eit langt stykke, so snàrt dei inn paa ein fjellkant, og gjorde eit tverhopp langt ut og 12gruste ned i lidi nedunder so det knaka og braka etter. Det stod som ein røyk etter dei største, og lukta som av brent. Dei fann seg handspakarhandspak, handspik. og sleit og reiv so dei sveitta.

Daa høyrde dei med eit noko ropa, og fekk auga paa ein mann som stod nedpaa bøarne og glante upp og veifta med armen; det var nok far aat Paal og Kolbein. Dei skyna strakst kva han gaula for og sprang glodsvint bakum buskarne. Det var han som aatte lidi nedunder, og han var so vár um skogen at han torde snaudt dei skar ein prikk i ei bjørk; so kunde ein vita kva læte det vart no. Berre han ikkje kom med ris i kveld! Paal og Kolbein var vanmælte av otte. Det einaste kunde vera at han ikkje hadde kjent dei. Dei rømde og grov seg stillt som tjuvar upp etter tettaste skogen.

Det var høg lyng og einer kring dei og fanst ikkje veg. Dei stakk seg paa føterne so dei minste var paa graaten, og med eit sette han Andres i eit skrik og hoppa ende upp… der fór ein roglutt orm inn i ein busk tett med han. 13Han og Kolbein sprang paa live laust upp paa den største steinen dei saag og stod berre og skreik um kapp; men dei tvo største lyfte stavarne og vilde sjaa aa faa slaa han i hel. Men det var ikkje heilt so greidt aa vera hjartug no som daa det stod um krokodillarne nedi urderne. Dei stod paa tærne uppaa ein liten stein og vaaga berre so vidt aa stikka burt mot busken. Daa kom ormen ut atter paa den andre sida og kveisa og bles so det var fælt aa høyra, og han var so fælsleg stor. So bugta han seg burt etter lyngen og inn under ein stein. Gunnar og Paal spratt upp paa den store steinen dei med, og der vart dei standande og var bleike av rædsl alle fire.

Men dei kunde ikkje gjeva seg til der. Dei laut sistpaa vaaga voni og hoppa fraa stein til stein uppetter, og der som ikkje var steinar stod dei og hamra og slo ned i lyngen eit langt bil fyrr dei vaaga aa tæpatæpa. trø várt og lett, trø nedpaa med tærne. nedpaa. For det kunde vera ormebøle i kvar den busken her. Gjev dei aldri hadde kome paa dette fæle fjelle! «Ormefjelle og 14slevefjelle og sniglefjelle skal det heita og ikkje noko betre!» sa han Gunnar, og det tykte dei det var væl verdt alle saman. Dei tvia aat det og lova at dei aldri skulde trø sin fot der meir i si livetid. Og dei var ‘kje mykje huga paa aa velta stein meir helder i si tid; for attaat alt det andre saag dei no at klædi deira óg hadde bata laakt av dette steinarbeide. Han Paal var berr paa eine knée, og han Gunnar hadde fenge ei flerra bak ein stad so det var reint leidt. Dei laut sjaa aa hyrpa att med tæger og hampetraad, so kvinnfolki ikkje fekk for mykje paa kverni i kveld.

– Endeleg var dei komne upp aat vegen att uppmed den litle løda, og glade var dei dess. No maatte dei skunda seg etter moltor. Vegen gjekk mot nordvest upp under fjelldrage og upp gjenom eit djupt skard som dei saag upp mot himleleite. Dei tvo minste var kje fri dei var fortenkte, og spurde um det ikkje bar paa vegen radt til Amerika og utlandi paa hi sida av dette skarde. Men Gunnar og Paal lo berre. Dei 15hadde vore der fyrr og var kjende. Det bar berre upp aat dei øvste fjellslaattorne der moltegrødimoltegrø(d), ein stad det veks moltor. (Sameleis: bergrø (elder grøa), grasgrø). var.

Dei steig paa alt dei vann og stod snart uppi skarde og song so det svara i fjelli.

Boken er utgitt av OsloMet

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Det store nashorne

Det store nashorne ble utgitt i 1900 og inneholder 14 mer eller mindre frittstående fortellinger om fire gutter: Paal og Kolbein «fraa aust i stova» og Gunnar og Andres «fraa vest i stova». De fire vennene er stadig på jakt etter eventyr, gjerne inspirert av historiene og bildene de har sett i bladet Almuevennen, men havner ofte i trøbbel.

Boken er korrekturlest og tilrettelagt av Bachelor-studenter i Bibliotek- og informasjonsvitenskap ved OsloMet høsten 2019.

Les mer..

Om Rasmus Løland

Rasmus Løland er i dag mest kjent for sine barnefortellinger, som Paa sjølvstyr (1892), Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Han regnes for en av våre beste barnebokforfattere.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.