Dei var komne upp i ein myrkvelve ovanfor slaattorne, heilt upp under Storaasen. Der var moltor kring alle tuvorne, og dei laup um kapp der dei saag dei største. Men der var alltid nok aat dei alle.
Daa dei ikkje fann fleire gjekk dei upp i ein liten haug nedum myri, upp aat ei gamall turrfura som stod der.
«Ho skal heita Mekjedl,» sa han Gunnar. Jau for ho var so lik ein fant som heitte so. Ho var krokutt i ryggen og hadde langt skjegg som han, og uppi toppen hadde ho som ein stor sydvest av turre kvister.
16Dei sette seg attmed roti paa han Mekjedl og saag seg i kring. Der var ein høg svart fjellvegg beint ovanum myri, og laag digre steinar nedunder. Midt i fjelle var det eit trongt djuv som ei rivna, og ned etter det sikla ein liten bekk.
«Kvar kjem han fraa, tru?» undrast han Kolbein. Det visste ingen av dei; men det maatte vera fraa tjørner elder vatn uppaa Storaasen.
«Der hev kanskje aldri vore folk enno og set dei,» sa han Gunnar, og so vart dei samde um at dei laut gjera ei stor ferd dit upp sidan ein gong og uppdaga dette ville lande.
Dei høyrde noko skvatra upp i fjelle og fekk auga paa ein svartgraa fugl som flagsa att og fram. Han var for liten til aa vera kraaka og for stor til trast.
«Aa men kanskje det er gauken?» sa han Paal.
Det maatte det just vera, trudde dei andre og; for han var nettupp soleis den gongen dei saag han nedpaa Pera-træ. Han hadde slutta aa gala heime no, og daa visste dei at han alltid søkte til fjels.
17«Det er minst fyre for han,» sa han Gunnar. «Han kan fara og gjera som han sjølv vil, for han hev ikkje reide og ungarne aa stræva med som andre fuglar. Han berre drunsardrunsa, detta tungt ned; her: lata falla tungt. og verp upp i reidi aat smaafuglarne; so lyt dei slita seg baade kvitte og arme og føda upp ungarne hans. Sjølv gjeng han berre og spikkar storkarspikka stórkar, driva storkar, laast vera storkar. som ein annan lensmann og gjer inkje.» Dette hadde bestemori fortalt, so han visste det var sant.
Dei tykte det var ei stor unaapaunaapa (unopa), ein som tek græugt til seg; «ubeskeden. ublu eller hensynsløs person». (Ross). i grunnen, den gauken, endaa han gol so livande vent um vaararne.
«Men han kjem nok ikkje so snikkalaussnikkalaus (snikkelaus), fri for skade. fraa dette endaa,» sa han Paal. «For naar han kjem upp til fjels kan han ikkje gala lenger. Han grev med det eit bil, men stend snart fast. Det maa vera som ei straff paa han; for naar han ikkje kan gala lenger, so er han ikkje det slag greskaregresk (grusk), gild. framifraa. han hell andre fuglar.»
Kolbein og Andres sette i aa gala og kukla og vilde høyra um han enno hadde maal til aa svara; men dei tvo største hyssa strakst paa dei. Dei hadde 18alltid høyrt, at gauken blødde i nebben naar dei hermde etter han, og det var synd for han naar han alt hadde fenge sitt aa lida.
– Men daa dei saag til andre kanten var det ei heilt onnor utsyn. Det var haug paa haug og myr paa myr langt, langt nedetter, og djupt nedunder laag fjorden paa nordre sida, lang og smal mest som fjorden heime. Paa hi sida ris digre blaafjell att. Gardarne laag som smaa grøne flekkjer i skogarne; der var kvite fossar og blanke vatn uppetter, og svære snøfenner allra øvst. Det var mest som det kjøvde paa anden aa sjaa so mykje. Men kva som var paa hi sida av dei fjelli var verre aa vita. Det bar kanskje burt mot Amerika og andre land.
Men dei maatte sjaa aa koma lenger. Dei aat resten av nista si, og Paal og Gunnar skar tvo krossar inn i furuleggen til eit minne. Daa fekk dei auga paa eit stort hol inn i leggen paa den andre sida. «Det maa vera øyra hans Mekjedl,» meinte han Gunnar, og so fann dei paa at dei skulde kviskra nokre ord kvar 19inn i det til avskil. Det var ikkje nettupp visst um han høyrde det; men det var alltid løgje aa freista, kor som var. Han Gunnar skulde kviskra sist. Men han var ei uvyrda, han sputta beint inn i øyra og ropa «Mekjedl fant». So sette dei paa flôge ned paa myri. Men daa dei saag attende var det skilleg som han Mekjedl stod og grein og var terren.terren, vond. sinna. Det var kje anna aa venta helder.
«Du skulde fenge sovore i øyra sjølv, so tenkjer eg du hadde hengt paa liphengja paa lip, vera surpen og graata; «flæbe». aat det,» sa han Kolbein.
– Dei hadde set nokre store brune gjeitskorblomar trast upp i urdi og vilde svinta upp og ta med seg nokre fyrr dei gjekk lenger; dei var so vene aa ha. – Steinarne var store som hus daa dei kom upp aat dei; der var store glyfseglyfse (glyps, ei glyfsa) ope millomrom, helst noko stort. imillom og svarte hol innunder, so det var mest fælslegt.
«Det maa ha vore eit fint ras daa dei datt ned or fjelle alle desse,» sa han Paal; «for dei hev vel ein gong kome derfraa for mange hundrad aar sidan.»
«Ja men det kan likso godt vera risarne som hev kome med dei og lagt 20dei her,» trudde han Gunnar; for dei hadde vore svære til aa draska paa store steinar i gamle dagar, hadde han høyrt. «Dei kasta dei ofta etter kyrkjetorni, men sette dei stundom berre etter seg kring fjelli, helst uppaa høge nibbor.»
Dei rødde um dette eit bil og kom til aa furdast paafur(d)ast paa, undra seg paa, gruna paa. (furda ut, s. 22: granska ut. endefeta). kven som var sterkast av han Sterke-Samson og risarne. Han Gunnar trudde helst at han Samson var basen. «For det er som inkje for han aa slita upp kjeften paa løva paa budaveggen,» sa han. «Og kven veit, kanskje han hev slege i hel alle trolli og; for me ser dei aldri gaa og stritastrita (streta), slita tungt. med store steinar no lenger.»
«Det var nettupp høvelegt aat dei og, naar dei ikkje kunde lata vera kyrkjetorni,» sa han Kolbein.
«Elder kanskje det ikkje ein gong hev livt sovoren trollskap nokon gong,» slo han Paal frampaa. «Han far hev sagt at det er berre snø og is som hev bore steinarne upp paa topparne,» sa han, og dette vilde dei til slutt helst tru alle fire no, daa dei gjekk her so langt fraa folk uppyver desse svarte holi. 21Dei skunda seg og tok dei største blomarne dei fann, og tok paa sprange ned etter haugarne.
Boken er utgitt av OsloMet
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Det store nashorne ble utgitt i 1900 og inneholder 14 mer eller mindre frittstående fortellinger om fire gutter: Paal og Kolbein «fraa aust i stova» og Gunnar og Andres «fraa vest i stova». De fire vennene er stadig på jakt etter eventyr, gjerne inspirert av historiene og bildene de har sett i bladet Almuevennen, men havner ofte i trøbbel.
Boken er korrekturlest og tilrettelagt av Bachelor-studenter i Bibliotek- og informasjonsvitenskap ved OsloMet høsten 2019.
Rasmus Løland er i dag mest kjent for sine barnefortellinger, som Paa sjølvstyr (1892), Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Han regnes for en av våre beste barnebokforfattere.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.