Det laag ei tjørn nede millom haugarne vestanfor fjellskarde. Vegen gjekk ikkje langt ifraa upp i bakkarne, og dei tykte daa at dei laut svinta nedum der med det same og sjaa um der var lomereid. Dei hadde set lomen svinga uppyver vatne, og visste at han hadde havt reid der kvart aar. Soli stod enno eit godt stykke uppe fraa fjelli, so det var god tid og.
Stor og breid som ein sjø laag tjørni der, daa dei kom nedaat. Soli skjein paa vatne so det gleim i augo, og alt i kring spegla seg i det. Dei saag som ned i ein endelaus djup himmel med høge berghamrar i kring. Ein og annan augnestikkaren svirra att og fram, og 22langt inn i hin enden paa tjørni somde tvo lomar med høge halsar.
Men saag ein ned i vatne var det anna til liv. Dei lagde seg paa magen fram paa torvorne attmed ei liti vik og saag utyver. Der var so kolende djupt, ende beint ned, og dei kunde sjaa i alnevis nedetter no daa soli skjein. Det yrde og krydde av rumpetroll som maur i tuva, og smaa svarte «havmenner» og makkar med buskutte føter skaut att og fram imillom. Det var som aa sjaa ned i ei verd for seg sjølv.
Dei visste fyrr at rumpetrolli vart til paddor, og her var det lett aa sjaa det. Storparten av dei var enno berre hovud og hale. Men paa sume av dei største var det vakse fram ørende smaae føter, og dei tok til aa faa augo og snut som vaksenmans paddor. Dei fiska upp nokre og furda dei vel ut. Og atti torvorne tett med vatne spratt det eit par ørsmaae paddeungar som hadde mist heile rumpa. Dei kunde ikkje liva berre i vatne daa lenger. Men rumpetrolli vilde kvevast strakst dei kom upp, so dei munde anda paa kvar sin maate. – Og der 23fekk dei auga paa ei stor vaksi padda og; ho sveivlasveivla, gaa skeivt elder i svingar. burt under torvorne og lagde seg burt i sevgrase inn i botnen paa viki.
«Ho er kanskje mor aat alle desse ungarne og er her og gjæter paa dei,» sa han vesle Andres. «Men det maatte kje vera greidt aa ta vare paa so mange.»
«Aa ho hev vel ein paddemann som hjelper til,» meinte han Kolbein.
Dei saag etter, men kunde ikkje uppdaga nokon paddefar. Men langt nede ein stad saag dei eit svart hol inn under torvorne. «Det er kanskje døri til stova deira, og so kan han liggja der og kvila seg etter no’n,» sa han Kolbein. «Men han kjem nok ut og er med og skjussar til hols naar ungarne skal inn og leggja seg i kveld.»
«Men korleis ber dei seg aat naar dei skal seia eitkvart med kvarandre?» undrast han Andres.
Nei det visste ingen av dei. Dei hadde stundom høyrt paddorne kvekkja litt um vaararne, men aldri sidan um 24aare. So det maatte vel helst gaa med minor og snodige teikn daa.
«Dei sit stundom og pumpar ut og inn med underkjeften, kanskje radleradle (ubundi f.: rad’l, s. 29; etter maalføre fraa Ryf.), rál, drøs. gjeng paa det beste daa,» sa han Paal.
«Du, det maatte vera løgje aa kunna drøsa soleis, so ingen høyrde det!» sa han Gunnar, og baade han og Paal ynskte berre dei hadde kunna det. So kunde dei seia kva dei vilde baade i skulen og um sundagarne, naar dei maatte sitja og mur-tia og høyra paa tekster-lesteren. Dei freista sistpaa aa laga seg etter paddorne og vilde sjaa um dei kunde skyna einannan med munsking. Men det var ikkje so greidt. Det skulde nok slik ein svær strutstrut, munn som stend langt fram elder er skoten fram. til. Dei kom ingen veg alt det dei skjekte; dei skyna det ikkje ein gong daa dei til slutt kalla einannan toskar paa paddemaal.
Medan dei for med det hadde han Kolbein trive ein stav og lurt seg burt aat seve og freista og slaa i hel storepadda. Han hadde ikkje enno gløymt den gongen padda var skuld i at han datt ut i vesletjørni heime. Han raama 25ikkje skikkeleg med fyrste slage, og fyrr han fekk slaa ein gong til treiv han Paal staven fraa han og spurde um han vilde ha av paaken sjølv.
«Ho kan hemna seg, so fær du anna aa vita… veit du ikkje det?» spurde han.
Nei det visste ‘kje han Kolbein noko um; han var furten og vond.
«So kan du høyra av henne bestemor korleis det gjekk med han Tøres i Aasen,» sa han Paal. «So fær du vita det.»
«Korleis gjekk det med han?»
Det vilde dei andre og gjerne faa vita. Dei hadde nok høyrt at padda kunde vera speleg; men dei hugsa ikkje nettupp dette med han Tøres. So laut han Paal fortelja det han visste.
«Det var den gongen ho bestemor enno var gjenta, for lenge sidan. Ho tente paa ein gard som heitte Aasen. Der var han Tøres. Han var slik ein utange. Han reiv sund alle dei fuglereid han fann og drap humlor og slikka honningposen or dei; for han var slik ein svær slikk-um-kjeft og. Og sniglarne stakk han kjeppar igjenom og let dei 26liggja. So kunde han ikkje halda fingrarne fraa paddorne helder. Der var tvo store tusse-paddor som heldt til i eit hol under stovemuren. Men i kveldingi kom dei ut og stabbastabba, gaa tungt og med stive bein. kringum i hagen. Mor hans sa’ at han ikkje maatte gjera dei noko. Dei gjekk berre og aat upp makkar og uhæmuhæm (uhema), uty; (elles helst um sjukdom og vantrivnad av uty og aat). som lagde seg paa grase og kaale, og gjorde ingen mann vondt, sa ho; og han fekk vita korleis dei kunde hemna seg og. Var det nokon som slo og elteelta, plaaga. ei padda, so kom ho att um natti og kraup upp i sengi til han. Men drap nokon ei padda berre for moro, so kom ho att i skræmsleham um natti og tok han med aat huse sitt nedunder myrarne.
Han Tøres lo berre aat dette og brydde seg ikkje um det. Han slo og sparka dei tvo paddorne mange gonger, og ein kveld ingen saag det tok han den eine og elte henne radt i hel og slengde henne ned i grase.
Ho kom ikkje att og gjorde han noko um natti, og ikkje sidan um netterne helder. Det var det han visste, tenkte han, og so hugsa han ikkje meir paa 27det. Han hadde havt god hug til aa slaa i hel den andre og; men ho kom braadt burt og var ikkje aa sjaa meir.
So var det ein kveld han lurde seg burt i hagen aat grannen og stal kirseber. Han baade grapsa i seg alt han vann og stappa fulle lummorne. Men daa det leid litt ut paa natti kjende han noko underlegt tungt uppaa seg. Han vilde reisa seg og rista det av, men vann ikkje røyva seg, og daa han skulde sjaa var han komen aat eit framandt hus. Der var halvmyrkt og fælt. Veggjerne var svarte som myrmold, og det sila og rann ned etter dei. Lofte svôgahæken (hækjen). forhuga, græug. ned i blaute pløsor som ei dissemyr, og golve var biksvart dike. Og daa han skulde sjaa betre kva som laag so tungt paa han, var det ei overhendig stor padda som sat midt paa magen hans. Daa skyna han at det var paddehuse han var i, og at hemni var komi, og han kjende att padda; det var den han hadde drepe. Ho hadde berre vorte so mykje større no og stirde paa han med svarte augo. Han vilde skrika um hjelp, men orka ikkje det helder. Han laag berre 28og skolv av rædsl, og padda vart tyngre og tyngre. Og burt i ei kraa sat den andre, maken hennar, og rørde med eine foten i ei gryta som var full av biksvart graut liksom myrmold. So tok ho gryta og kom labbande og vilde slaa grauten i han. Daa fekk han endeleg riva seg laus og slaa fraa seg med armarne. Det gjekk svart for augo hans og kom som eit uvit yver han med det same, og daa han raadde med seg sjølv att var han heime i stova. Han stod naken framfor sengi. Han ropa paa mor si og gret og laut fortelja alt.
Ja der ser du korleis det gjeng, sa ho.
Sidan vaaga han aldri aa gjera paddorne noko, og han var ikkje so hækenhæken] rettet fra hekenhæken (hækjen). forhuga, græug. paa aa ta kirseber meir helder, sa ho bestemor; for det var skilleg som dei hadde visst noko um det med, og kom yver han nettupp den kvelden han hadde stole.
Men endaa maatte han takka til at det ikkje gjekk verre, sa ho; for hadde dei fenge den svarte grauten i han, so 29hadde han fenge paddeham og hadde kanskje aldri kome til folk meir.meir.] rettet fra: meir.»
– Dei var ikkje visse paa um det var truandes att dette, daa soga var ute. «For du veit dei for med so mangslags rad’l óg i gamle dagar,» sa han Paal. Men so mykje skyna dei alle, kor som var, at det var tryggast aa lata paddorne i fred. Og det var nok ikkje so mykje aa traa etter aa kunna paddemaal elder andre dyremaal helder, naar dei tenkte betre paa det. Han Gunnar kom i hug kva ho bestemor – dei kalla henne helst so alle, endaa ho med retten var bestemor berre aat Paal og Kolbein – hadde fortalt um ein annan gut, og so fortalde han det.
Det var ein gut for lenge sidan ein gong, han heitte endaa Ole-mann; han vande seg til aa kvepsa og gjøy som ei bikkja seint og tidlegt. Han ól og gjøyddeól (og gjøydde), gnaala, aula. etter kvar den bedarkall som kom til tunar, og vilde støkkja dei. Men jau menn fekk han like for det, sa ho. For lipporne hans, dei tok til slutt til aa pøsa seg ut skilleg som paa ein kvelp, 30og dei laut faa baade klokkaren og ei klok kona til aa plaassaplaassa, ha møda og stræv med noko. med han og lesa alskyns ord yver han, fyrr det vart skikkelegt skapelun paa munnen hans att. For naar ein hadde fenge ein skikkeleg kjeft, so var det for det at ein skulde bruka han skikkeleg og, og ikkje hyrpa seg tilhyrpa seg til, (elder «hyrpa i-hop munnen»), draga munnen saman; vrengja munnen, skjekkja. alle-leis, sa ho, og det kunde der vera noko i og.
Boken er utgitt av OsloMet
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Det store nashorne ble utgitt i 1900 og inneholder 14 mer eller mindre frittstående fortellinger om fire gutter: Paal og Kolbein «fraa aust i stova» og Gunnar og Andres «fraa vest i stova». De fire vennene er stadig på jakt etter eventyr, gjerne inspirert av historiene og bildene de har sett i bladet Almuevennen, men havner ofte i trøbbel.
Boken er korrekturlest og tilrettelagt av Bachelor-studenter i Bibliotek- og informasjonsvitenskap ved OsloMet høsten 2019.
Rasmus Løland er i dag mest kjent for sine barnefortellinger, som Paa sjølvstyr (1892), Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Han regnes for en av våre beste barnebokforfattere.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.