Det store nashorne

av Rasmus Løland

5. Lomereide

Men det var lomereide dei skulde sjaa etter. Lomarne heldt paa og siglde att og fram paa same flekken langt inne, so dei munde ha det der ein stad.

Dei sette moltekopparne fraa seg og fór innetter langs vatsmaale. Daa fauk lomarne upp og skreik og kakla og fór i lange ringar tett yver vatne og haugarne og hovudi deira; dei kunde kje hevja seg annleis. Dei var store og lange, mest som underlege fiskar som 31hadde fenge vengjer, og føterne stod ende beint attetter.

Jau, innmed botnen paa tjørni fann dei strakst reide. Det var berre som ei liti dokk i myri tett med vatne, so lomarne kunde skuva seg ut i tjørni naar dei vilde; for dei kunde nok aldri gaa paa landjordi med dei underlege føterne sine. Det laag tvo digre graasvarte egg i reide, og dei høyrde i det same ei underleg piping og laating. Nei men du under! – daa dei skulde høyra, so var det inni det eine egge det lét. Ungen i det hadde fenge liv og laag og stræva og vilde ut. Skurniskurn, skál. hadde fenge ein klove, og han heldt no paa aa pikka eit hol paa eine sida. Dei vilde gjerne hjelpa han, men vaaga ikkje; dei kunde snart gjera vondt. Dei vaaga snaudt aa anda paa han.

Med stort stræv fekk han endeleg ut hovude, og so gjekk det lettare aa faa av seg heile skurni. So laag han der, nyfødd og naken, og sparka og saag seg i kring med store augo. Han peip og klaga seg enno, og naar dei stakk ein fing ned mot han, gapte han vidt 32upp liksom han alt vilde ha mat. Men dei visste ikkje noko aa gjeva han. Dei fekk gaa, so foreldri hans fekk koma att og hjelpa.

«Men kanskje det kan gjera godt aa lata han faa litt vatn fyrst,» sa han Gunnar. Han tok og heldt han varlegt ned mot vatslôkevatslôke, valsflata. og stakk nebben nedi; men ungen berre riste paa seg, og i det same slepte Gunnar han or handi, so han gleid i vatne og sokk beint ned. Dei ropa til kvarandre og trudde det var ute med han. Men best som det var stakk han hovude upp atter og baska og somde. Det var gut som ikkje var lenge um aa læra, det! Dei lyfte han upp i reide og lagde mjuk mose kring han. So gjekk dei ut med strenderne paa andre sida av tjørni.

Lomarne fauk no langt utyver aasarne. Den eine vende strakst attende daa han saag dei gjekk; men den andre for ned yver fjelli langt ute. Han skulde vel ned aat fjorden etter fisk, han. Dei hadde ofta set den eine og stundom baae fara nedyver um dagarne og sidan upp atter 33i milelange sving, og ein dag hadde dei endaa funne ein fisk i grase som ein av dei maatte ha slept ned.

Boken er utgitt av OsloMet

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Det store nashorne

Det store nashorne ble utgitt i 1900 og inneholder 14 mer eller mindre frittstående fortellinger om fire gutter: Paal og Kolbein «fraa aust i stova» og Gunnar og Andres «fraa vest i stova». De fire vennene er stadig på jakt etter eventyr, gjerne inspirert av historiene og bildene de har sett i bladet Almuevennen, men havner ofte i trøbbel.

Boken er korrekturlest og tilrettelagt av Bachelor-studenter i Bibliotek- og informasjonsvitenskap ved OsloMet høsten 2019.

Les mer..

Om Rasmus Løland

Rasmus Løland er i dag mest kjent for sine barnefortellinger, som Paa sjølvstyr (1892), Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Han regnes for en av våre beste barnebokforfattere.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.