Det store nashorne

av Rasmus Løland

6. Ei ferd til framande land

Soli hadde laagna ikkje so lite vest yver fjelli no, og dei maatte tenkja paa heimvegen. Men daa dei kom ut aat ei vik fekk dei auga paa noko, so dei laut stansa enno ein gong. Der laag ein liten torvholme som flaut laus paa berre vatne, var det likt til. Dei sprang nedaat og sette føterne mot han og fekk han til aa glida ut or viki. So sprang han Gunnar utpaa, og holmen flaut mest like lett. Daa vaaga dei seg utpaa alle fire, og han bar enno godt uppe, naar dei berre stod paa kor si sida. So fann dei seg lange paakar og tok til aa staka seg fram langs torvorne. Holmen skulde vera eimbaaten deira og heita Dyrendal, liksom den som gjekk til byen; tjørni 34var have, og no vilde dei av paa langferd til andre land.

«Eg vil vera styrmann som kom utpaa fyrst,» sa han Gunnar, og so kalla dei andre honom Jakk for det same; for so heitte han som var øvste styrmann paa den store Dyrendal. Han hadde ein gyllande blank knapp i huva si, han Jakk paa store-Dyrendal, og det hadde han Jakk her og; det var eit rundt hol i toppluva hans som var blank knapp.

Men so kom han Paal til aa tenkja paa at det kunde vera spelegt óg dette – aa fara med eimbaat. «Me kan snart springa i lufti,» sa han. For dei var so sliesli (slid) til, leid («tilbøielig») til; sli paa (etter), forhuga paa. til aa gaa den vegen, eimbaatarne. Det fanst mest ikkje ein av dei i boki utan han enda i ein fæl røykpuff, og folke for som kraakor ut yver vatne.

Dei vart samde um at det laut vera seglskip daa, so dei kunde vera trygge paa live. «Men ikkje eit slikt skrap som jegti hans Velom nedmed sjøen,» sa han Gunnar. «Det hev tri mastrer og langt bougsprøyt, og Ebeneser skal det heita.»

Det gjekk ikkje so skjott nettupp, 35Ebeneser; men naar dei tok godt tak burt i torvorne og skuva alt dei vann paa ein gong, muna det alltid noko, og so ropa dei «hiven hal» attaat liksom han Velom naar han bugserte og sleit paa det meste. Dei kom burt under eit lite bratt berg, og so vaaga dei seg ut paa sjølve blaahave, tvers yver ei liti vik. Men fælt var dette; dei augna kje botn under seg lenger, og det var ikkje meir en so dei tæpa itæpa i, so vidt naa burt i land med stavarne, daa dei var midt utpaa. Dei minste skreik av otte, men vilde ikkje i land, kor som var.

«Det maa vera Australia sjølv me er komne til no,» meinte han Gunnar, og det tykte dei alle det var likast til. Viki var ein fæl svart fjord inn i lande; berghamaren attmed var eit høgt fjell, og steinarne uppetter bakken var hovud av ville dyr og ville folk som laag paa lur etter dei. Dei saag kor folki var svarte i andliti. Og nedi vatne yrde det av krokodillar og andre stygge dyr.

«Dei jeivlarjeivla (geivla), tyggja dauvlegt; jeivla og bita; bita slakt og med sleipa i munnen. og bit etter treskohælarne og bukseleggjerne paa dei svarte, so fæle er dei, og du maa tru dei hækjerhækjer] rettet fra hekjerhækja, vera græug etter elder forhuga paa (sjaa hæken) etter 36kvite folk og,» sa han Gunnar, han visste alltid mest um sovore. So det var nok best aa sjaa seg fyre i desse landi og vera vel væpna.

Dei kom heppeleg yver viki, og so skulde dei paa vegen til Amerika. Det var heilt burt paa andre sida av tjørni, Amerika. Dei høge haugarne som soli skjein raudt paa, var eldsprutande fjell, og krunglefurorne nedunder var sukkertre, og nokre store steinar atti ein bakke var husi aat Bjedne og Hansela og Ola-Ola som var farne til Amerika. Dei fekk sjaa innum til dei daa dei kom fram, og spyrja koss dei stod seg med helsa.

Men det var langt fram, og rett som det gjekk paa det beste stansa Ebeneser upp og stod steins fast. Det var uraad aa rikka det til nokon kant. Holmen stakk djupt i vatne og maatte ha haka seg fast i ein stein elder ein rotstubb. Dei laut sjaa aa koma seg i land atter. Men daa var det ikkje so greidt det helder. Det var hosta breidt aa hoppa yver paa torvorne og for djupt til aa vada. Og symja kunde dei ikkje. Dei 37bleikna, dei byrge sjømennerne, og alle faarar i framande land var braadt til inkje mot denne eine knipa. Men so fekk dei til slutt auga paa ein stein som stakk eit stykke upp i vatne millom holmen og strandi. Paal og Gunnar hadde av seg klædi og hivde dei i land, og vaaga so aa skreva yver paa steinen. Derfraa kom dei heppeleg i land og hjelpte sidan dei minste etter.

«So kan han liggja der den svarte holmen og vera Veloms-jegti,» sa han Gunnar; han var arg paa han for dette. «Ho hev forlist paa Kjetteholmarne og stanga av seg baade bougsprøyt og ror og rorapinne og ligg der som eit anna trog.» Og ein stav som laag etter utpaa holmen kunde vera han Velom sjølv, sa han; «han ligg der og veimarveima. vimsa att og fram; vera i villro. og klær seg i hovude og veit seg ingjo furda.»

Dei sputta etter heile holmen. So sprang dei rundt paa andre sida av tjørni og fann moltekopparne sine og tok i veg heimyver.

Boken er utgitt av OsloMet

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Det store nashorne

Det store nashorne ble utgitt i 1900 og inneholder 14 mer eller mindre frittstående fortellinger om fire gutter: Paal og Kolbein «fraa aust i stova» og Gunnar og Andres «fraa vest i stova». De fire vennene er stadig på jakt etter eventyr, gjerne inspirert av historiene og bildene de har sett i bladet Almuevennen, men havner ofte i trøbbel.

Boken er korrekturlest og tilrettelagt av Bachelor-studenter i Bibliotek- og informasjonsvitenskap ved OsloMet høsten 2019.

Les mer..

Om Rasmus Løland

Rasmus Løland er i dag mest kjent for sine barnefortellinger, som Paa sjølvstyr (1892), Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Han regnes for en av våre beste barnebokforfattere.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.