Det store nashorne

av Rasmus Løland

7. Det store nashorne

38Soli var nede daa dei kom attende til det djupe skarde og saag nedyver. Ho var stor og bleik mest som ein maane daa ho seig ned for blaafjelli. Det var alltid dag heime enno eit bil, um soli var nede; men her var det som kvelden kom dettande med ein gong daa. Dei laut skunda seg alt dei vann. Dei tok paa sprange nedetter.

Men so stansa han Gunnar med eit og stod og einstirde nedyver.

Kva var det?

Han peika med handi. «Kva er det der?» kviskra han.

No saag dei det alle: burt i furuhaugen nedanfor den vesle løda stod det eit underlegt svart ryteryte, stor og formlaus ting. inne millom trei. Dei hadde kje set lenge paa det fyrr det laga seg til eit svært dyr baade med hovud og føter, og paa nasa hadde det eit tryne elder horn som gjekk langt som ein staur burt millom furorne. Dei stokk so det gjekk kaldt gjenom dei; 39so sprang dei bakum ein stein og vaaga berre so vidt aa glytta fram.

Men kva slags dyr kunde det vera? Skrubben kunde det ikkje vera som var so stor, og ikkje for vel bjørnen helder. Han var ikkje soleis i bøkerne nokon stad. Nei, dei saag snart altfor godt at det var berre eitt slags dyr dette liktest paa: det var nashorne sjølv. Ikkje noko anna dyr dei visste hadde eit slikt horn paa nasa. Han Gunnar kviskra det til dei andre, og dei tenkte altfor mykje paa det same. Dei hadde nok aldri høyrt at nashorne fanst nettupp her paa desse leider; men ingen kunde vita um det ikkje heldt seg langt aust i dei store heidarne, og daa var det ikkje uraad at det kunde koma hit og. Elder korleis det hekk i hop, so stod det fæle dyre der no.

Dei minste tok snart til aa graata av otte; men Gunnar og Paal truga dei svint til aa tia. Dyre kunde snart høyra dei og koma. Men enno var det von at det ikkje hadde set dei. Det stod stilt nede millom furorne og leda ikkje ein fot ein gong.

40Men kvar skulde dei so gjera av seg? Dei visste ingen annan veg heim naar denne var stengd. Baade austanfor og vestanfor var det stupbratte fjell og myrke skoglider som dei aldri fann fram i. Dei visste sistpaa ikkje annan utveg en aa kliva beint upp i fjelle ovanfor og sjaa aa berga seg der so lenge. Dei grov seg upp etter nokre smaaskorer og heldt seg i grastottar og rivnor; so fekk dei auga paa ei noko større skor midt burt i fjelle ein stad, og freista aa naa upp i den. Men det var ikkje so greidt. Dei minste stod snart fast, so Paal og Gunnar laut lyfta dei stig for stig; og daa dei kom burt mot skori var der eit stygt skraaberg og ei djup rivna aa koma yver og horgehorge fjelle, stupbratte fj. fjelle nedunder.

Men dei laut vaaga alt i ei knipa som denne. Dei blaaheldtblaahalda, halda av all magt. seg med baae hender og steig fram tume for tume, og so hjelpte det godt at dei var berrføtte; dei nakne labbarne gleid ikkje so lett paa berge. Dei kom heppeleg yver her med og kjende seg daa heilt lettna. Skraaberge var som ei vern for dei no, og 41paa alle andre kantar var det berre bratte fjelle.

I skori sjølv var der einer og lyng og godt aa sitja. Gunnar og Paal sette dei tvo minste innmed berge so dei ikkje saag udyre, og so skar dei seg dugelege stavar i ei bjørk burt i skori og gav seg til aa staa paa vagt attmed skraaberge. Den eine skulde stikka og den andre hamra og slaa med tjukkenden av staven, var so til udyre freista aa koma yver.

«Det var løgje skulde det daa ikkje faa sopass paa tranten at det agta seg litegrand,» sa han Gunnar. Men det var ikkje sagt at det vann so langt som burt aat berge helder. Dei visste at olme stutar og vonde hestar ikkje kunde gaa i fjelle, og nashorne var ikkje nettupp likt til aa vera so mykje betre til fots. – So fekk dei staa soleis til det kom folk og hjelpte dei og jaga udyre burt, um det so var til morgons.

Dei hadde vore stygt rædde at det skulde sjaa dei og koma, daa dei rømde upp aat fjelle; men det stod paa same staden enno og hadde kje so mykje som snutt seg. – Det hadde alt teke til aa 42skyma av kveld no, so dei saag det ikkje so godt som fyrr; men trynehorne saag dei skilleg enno og føterne. Og daa dei saag vel etter var det som det røyvde paa seg óg no. Det veigaveiga (upp og ned), sveiga, svinga med kroppen elder limerne. upp og ned med hovude liksom det lydde etter eitkvart.

«Det er kanskje oss det hev fenge teften av,» kviskra han Paal.

«Elder kanskje det berre kimsarkimsa, gjera sleng elder kast med hovude. etter kleggjer og augnestikkarar som bit det,» sa han Gunnar, og han ynskte berre at dei vilde bita det nyttugt alle dei kleggjer som fanst, og alle myrhankar og hestemaurar med. «Det skulde berre ha vore bite paa ein annan maate og, av eit korps-gevær,» sa han. Han tok méd med staven og ynskte seg kula og krut, so sku’ det ha fenge sin mette.

Kolbein og Andres burt i skori tok um eit bil til aa sutra og frjosa og kom paa graaten atter. Paal og Gunnar laut burt og leggja lyng og greiner rundt dei til livd, og trøysta dei best dei kunde. Daa slo dei seg til ro att, og eit bil etter hadde dei sovna i lyngen, trøytte og forkomne som dei var. Men dei tvo 43hovdingarne stod like trutt paa vagt og heldt stavarne i vere.

– Det vart meir og meir skymt av kveld yver fjell og dalar. Det fanst snaudt ljosrond lenger der som soli hadde gjenge ned. Men austyver tok det til aa raudna i skyerne. Det var nok maanen. Og litt etter kom han upp, han var stor og raud som ei kula av eld. Han skjein bleikt burtetter haugar og kollar; det glima dimt i steinar og bergveggjer. Alle dei gamle furorne burtetter haugarne vart som ein stor her av digre svarte karar med bleikraude hettor. Sume hadde lange sprikjande nevar, og andre hadde nasor baade framme og bak. Haugarne vart til store klumputte hovud, og heilt ned i berge beint uppyver dei var det som andlit. Aldri hadde dei set elder vore uppi noko so underlegt. Og stillt var det so dei høyrde sin eigen ande. Men rett som det var kom det eit langt klagande skrik vestantil fjelli; det var som einkvan skreik for live; so vart det stilt atter. Dei stokk upp dei fyrste gongerne, men tok det sidan rolegare. Det maatte berre vera lomen 44som skreik uti fjørni. Han hadde so mangeslags læte. Og alle dei fæle skapi burtetter haugarne skræmde dei ikkje stort meir. Det var som ingen ting alt dette no, daa det som verre var stod nedpaa haugen. Men korleis det var, so kjende dei mindre otte for det med, di lenger det leid. Det var so trygt i denne gode skori, og so stod det stødt so velsigna stillt, nashorne. Dei saag det betre no att i maaneljose, og det leda ikkje ein gong paa hovude lenger.

«Det hev kanskje sovna?» kviskra han Gunnar. Dei hadde set hestarne staa soleis og halvsova i myrkre, og so kunde andre dyr og gjera det.

Dei vart so moduge at dei sette seg ned med stavarne sine, og tok til aa drøsa halvhøgt. Det var i røyndi mest moro dette, attaat at det var so fælslegt og faarlegt; det var som dei for aalvora var komne aat dei ville landi. – Og so upp i under som dei skulde verta heime, naar dei ein gong kom og fekk sjaa korleis dei hadde berga seg! Dei kom i hug han Jens ned i garden, han 45laup lukt heim or skogen berre for han saag ein rev ein gong. Men no skulde dei faa anna aa høyra.

Daa høyrde dei noko huja att, men ikkje uti tjørni som fyrr; det kom nedantil og let som folkemaal. Dei sprang upp og lydde, men vaaga ikkje aa ropa nedyver att enno. Daa huja det ein gong til, beint ned i haugen der dyre stod. Dei kjende jamvel maale, det var han Ola. Og der saag dei han og, han stod i maaneskine tett attmed dyre. Men du store, at det ikkje rauk paa han elder rømde sin veg! Dei stod og einstirde, men det vart standande som inkje var med trynehorne sitt. No saag dei ein mann til der nede, dei gjekk rundt nashorne, og so sprang han Ola – beint upp paa ryggen paa det og sette i aa gaula og ropa so det svara i berg og hamrar. Men enno stod det.

Paal og Gunnar laut ropa og svara… dei skyna kje noko lenger. Elder det skulde vel ikkje vera ein stor graa stein, dette dyre?

Dei tvo smaa burt i skori hadde vakna av ropingi og grov seg upp or 46lyngen. Dei visste ikkje lenger kvar dei var; dei sette i aa graata og tuta, og Paal og Gunnar vaaga seg ikkje attende yver skraaberge med dei no. Dei laut staa der til dei tvo vaksne kom upp.

«Hev de gjenge dykk i skorfeste, elder kva stend de der og gaular for?» spurde han Ola, og han lova dei baade ris og deng daa han saag at dei ikkje hadde gjort seg noko ilt; for heime hadde dei vore baade rædde og illhuga daa dei vart so lenge.

Dei minste gret enno og sagde som sant var, at dei hadde set likt til nashorne. Men Paal og Gunnar vilde helst ikkje ha noko drøs um det. No saag dei altfor vel, at det var berre ein stein, og so var vel det lange horne berre ei turrfura som laag attmed. Og daa var det ikkje visst um dei hadde vore so mykje meir til karar dei hell han Jens som rømde heim or skogen for ein rev.

Dei laut slaa det av med at udyre munde ha gjenge sin veg no, og dei minste var so forvildra at dei ikkje lenger hugsa kvar dei hadde set det. Dei tvo 47vaksne fekk soleis ikkje læ altfor mykje aat dei. Dei hjelpte dei ned og leidde dei heim, og der slapp dei ogso for meir ilt sidan dei hadde vore so skræmde. Dei maatte berre lova at dei ikkje skulde tutla seg burt soleis fleire gonger, so sant dei vilde sleppa rise, og det kunde dei godt lova; – dei var ikkje so hekne paa fleire nashorn.

Det var mest som dei ikkje hadde fullt so god tru paa bladboki helder etter den dagen. Dei hadde nok ikkje set det store dyre i fjelle so snart, hadde dei ikkje set det i boki fyrst, skyna dei, og kunde ho faa dei til aa ta so i mist med ein stein og ei turrfura, so var det ikkje visst kor sætandes ho var i alt det andre helder, baade det med indianarane og med Jaabæk.

Boken er utgitt av OsloMet

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Det store nashorne

Det store nashorne ble utgitt i 1900 og inneholder 14 mer eller mindre frittstående fortellinger om fire gutter: Paal og Kolbein «fraa aust i stova» og Gunnar og Andres «fraa vest i stova». De fire vennene er stadig på jakt etter eventyr, gjerne inspirert av historiene og bildene de har sett i bladet Almuevennen, men havner ofte i trøbbel.

Boken er korrekturlest og tilrettelagt av Bachelor-studenter i Bibliotek- og informasjonsvitenskap ved OsloMet høsten 2019.

Les mer..

Om Rasmus Løland

Rasmus Løland er i dag mest kjent for sine barnefortellinger, som Paa sjølvstyr (1892), Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Han regnes for en av våre beste barnebokforfattere.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.