Det store nashorne

av Rasmus Løland

8. Ei fiskeferd

48Det var ein dag fram paa hausten. Dei hadde rømt innfor ein haug aust paa bøarne, dei fire gutarne, og dei var ikkje blide der dei stod. Det var dei vaksne dei var vonde paa; for so urimelege og vrange folk som dei vaksne fanst ikkje. Fyrr hadde dei berre vore rame til aa leggja allslags arbeid paa dei; dei skulde baade bera ved og raka høy og henta upp aks millom stauren utpaa aakrarne. Men no paa det seinste hadde dei fenge det med aa gryla og skjella for allslag og. Var ein øykskosaum elder ein tolekniv burtkomen, so var det stødt «ungarne» som hadde gjort det, um dei aldri hadde peika paa tolekniv ein gong, og var ei øks skarutt i eggi, so hadde ungarne havt neveklaa der med og tjaksatjaksa (kjaksa, kjakka), hogga ustødt; hakka. i stein. Og skulde dei ta seg eitkvart gagnsverke fyre paa eigi hand, so var det endaa verre. Ein dag dei hadde funne seg orv og ljaa og vilde hausta inn det fine grase burtpaa 49ei staburstaaka kom far aat Gunnar og Andres yver dei som eit uver og lova dei høy baade her og der, var so dei ikkje krak seg ned att strakst. Han hadde hære-saaldhære-saald] rettet fra: here-soldhere-sold, (hæresaald), grovt saald til aa reinska korn i. fyrr han, um dei ikkje trødde taakorne hans og til hære-saald,hære-saald] rettet fra: here-sold sa han, tosken. Sidan vilde dei vøla kjøyrevegen utyver paa bøarne ein dag. Der laag ein stygg stein midt i vegen ein stad som sledarne alltid laut skrangla yver; men dei vaksne hadde ikkje sopass tiltak, at dei kunde faa han burt. So tok Gunnar og Paal seg fyre og fann minebor og krut og vilde sprengja han sund. Og so hadde dei so nære som eit haar fenge deng, daa dei vaksne saag at det tok til aa puffa og røykja av krute. Det var takki dei fekk for dei vølte vegen.

Men endaa verre var det gjenge i dag. Han Paal hadde laga ein liten sled og sele aat trehesten sin, og so tok dei den store katten hennar bestemor og spente fyre og vilde ha han til hest litegrand. Dei gjekk upp paa Storaakeren og tok smaastein og kjøyrde ned aat bekken. Der laag so mykje smaastein 50og rak at det kunde turvast at ein reinska litt upp. Og dei kjøyrde slett ikkje uvislegt. Dei hadde berre smaae lass og var sjølve med og drog mest likso mykje som hesten, og dei bruka ikkje svipa anna en litegrand naar han kvæsa og vilde leggja seg ned for lasse. Han hadde lege so lenge og retta seg under omnen no, at det aldri kunde skakka at han fekk ama segama seg, umaka seg, bruka krefterne. sopass. Men jau menn lyddest det so at det skakka han baade her og der, daa bestemori og dei andre kvinnfolki fekk sjaa det. Dei kunde kje ha skrike verre um ein hadde kjøyrt stein med dei sjølve. Dei reiv kjøyregreidorne i fillor og hivde dei paa bekken og lova tri slags ris med ein gong naar mannfolki kom heim. – Dei hadde kje visst betre raad gutarne, dei tok rømingta røming, røma sin veg. fraa heile staake og stod no her innanfor haugen. Det var best aa halda seg or vegen eit bil til det kunde gaa i gløyme.

Dei tenkte fyrst aa gaa upp aat urderne og sjaa etter bringeber; men so kom han Gunnar paa noko betre. Dei skulde ned paa fjorden og fiska. Dei 51hadde lenge tenkt paa det og nokre gonger bede foreldri um lov; men det hadde vore rake neirake nei, beint nei. kvar gong. Det var so spelegt aa ro aaleine utpaa fjorden for dei som var so smaa, det var so langt til sjøs, og allslags i vegen. Det hadde soleis aldri vorte noko av. Men no var dei so arge paa all denne griningi av dei vaksne at dei brydde seg ikkje um kva dei sa’. Det var snart ikkje raad aa snu seg skulde ein fara etter dei og tru paa dei. Og fisk var der nok av i sjøen; han Ola hadde kome att med ei heil honk ein dag han hadde vore nedpaa fjorden eit bil.

Han Gunnar lurde seg heim etter eit par fiskekrokar og snøre som dei aatte, og so bar det i veg nedetter. Det leid noko paa dagen, men var enno god tid. Baat fekk dei høyra aa faa laana nedi Viki einkvan staden.

Men dei vaaga ikkje aa gaa kjøyrevegen nedetter; dei kunde raaka einkvan. Dei fór ned skogen lenger ute og fylgde ein bekk ned eit trongt djuv. Dei hadde aldri vaaga aa gaa der fyrr; dei hadde høyrt at der skulde vera skræmsle, og 52at havmennerne reid der um haustnetterne. Men i dag var der ikkje det slag fælslegt. Det stod smaabjørk og osp med fint gult lauv uppetter bergi paa kor sida, og hatlebuskar med neter i. Dei laut stansa og plukka. Og attunder berge stod bjørneberris som svartna av ber, meir en dei vann eta.

Lenger nede var det tett oreskog, so dei laut mest smjuga seg fram. Det anga haustlegt av lauve som alt hadde dotte ned, og her og der stakk det upp gule smørblomar. Men dei var helder smaae og bleike no. Det var leidt at det longo skulde vera haust og alt visna burt. Men so var det so gildt med allslags etandes um hausten; so dei vilde kje byta han burt med nokor onnor tid, kor som var. – Dei skar seg lange fiskestenger her, og tok alt til aa samla makk til agn.

Det laga seg strakst med baat og, daa dei kom ned aat Viki. Dei fann jegtejollen hans Velom nedmed strandi og tok han uløyves; det tok slik tid aa gaa og be um aa faa laana han. So fekk dei auga paa nokre rare fiskegreidor som hekk og turka burt i ein naustvegg 53tett med. Det var pilk og grind og langt snøre, heilt anna til greidor en deira eigne.

«Skal me ta dei óg til laans?» kviskra han Gunnar. Dei visste det var vaagalt og fantelegt, men gjorde det til slutt, kor som var; dei vart meir og meir moduge og morske, sidan dei ein gong hadde teke til aa fara uløyves. – Dei maatte kunna ta mest all den fisk dei vilde no, tykte dei, og var kje fri dei drøste um kva dei skulde bera fisken etter paa heimvegen.

Det var underlegt aa glida utyver vatne; det var so det kipte i dei.det kipte i dei, kjennarykk (kipp), elder kitling i kroppen av otte elder venting Men det var blikende stillt og baaten god, so det aldri kunde vera spelegt. Fjorden vart so blaanande breid, naar dei laag her og saag utyver, og det var so blaanande djupt og klaart i vatne langs strenderne. Det voks som ein svær skog av tare og kraakeskjeljar nedetter bergi; der laag krosstroll med fine liter, og maneter siglde att og fram, og fiskar smatt ut og inn i taren.

Dei fekk ut fiskegreidorne, og tok til aa meita best dei kunde. Fiskarne 54fekk strakst auga paa pilken og agni og tok til aa nasa burt mot dei; men so fekk dei med eit ei fime-ridfime-rid (elder fima, fema) skunding, uro; hastverk som kjem paa med ein gong. paa seg og svigasviga (svega), fara skjot og svingande av stad. inn under taren som dei skulde vera brende. Soleis heldt dei paa dei tjuge gongerne og kom aldri nærare; dei berre dirra og jorta med kjeften. So toskne fiskar hadde dei aldri set fyrr. Og rett store fiskehenkerne vilde det ikkje verta helder, um dei fekk nokre av desse. Dei var ikkje mykje tjukkare hell ein sleikefing nokon av dei. Paal og Gunnar sputta sistpaa etter dei og kalla dei kjering-iglar alle i hop. So rodde dei lenger utpaa og vilde freista etter den skikkelege storfisken.

Midt utpaa breidaste viki lagde dei seg att og tok til aa meita med ny von. Dei kunde ikkje sjaa botn nokon stad no, so det maatte vera meir en djupn nok aat storfisken. Men det var myrkare i vatne her, so dei kunde ikkje so godt sjaa han.

Dei tykte snart dei kjende napp og; men kvar gong dei drog inn var det inkjevetta elder i høgdi ein taredott. Storfisken var nok altfor mykje av same 55arti som smaafisken: han lika betra aa nasa en aa bita.

Dei skifte stad gong paa gong, og han Gunnar freista jamvel aa lokka han med litt trollkunst; han las eit par løyndarord og sa «derbe sulemimut» og plystra attaat, liksom han Tormod den gongen han fanga ormen i Martaskjellaren. Men korkje det eine elder det andre hjelpte. – Ingen av dei nemde fiskehenker lenger; berre ein skikkeleg fisk paa kvar vilde ha vore noko. Ja um det so hadde vore berre nokre av iglarne … Dei kasta sistpaa ut agn paa maafaa og sat daudstillt og venta; men fiskarne skyna ingen versens ting enno.

Der var slutteleg ikkje anna fyre, dei fekk ro i land att med inkje, elder so ro radt utpaa opne fjorden og freista der. Dei tvo minste vilde helst i land no. Men Gunnar og Paal lova for det at fisken skulde upp til slutt um han so taut og bles og var verre hell hund og bikkja. Dei stemnde utyver att og tok alt til aa kjenna seg heilt sjøvande.

Det stod eit iskaldt vindgust beint 56mot dei, og tok til aa skvapla og sjøa litt, daa dei kom ut for nesodden paa vestsida av viki og hadde opne fjorden fyre seg. Soli stod laagt i vest. Det drog upp graae skybankar kring henne, og heldt paa aa leggja seg ei graa dimma yver heile himlen. Dei lika ikkje dette nokon av dei; men ingen vilde vera ved at han var rædd, naar dei hadde vaaga seg so langt, og desse sjøarne var berre godverssjøar, let han Gunnar. So dreiv dei paa, utyver fraa alle nes.

– Dei var komne eit heilt stykke utpaa og hadde ut fiskegreidorne att. Daa høyrde dei med eit ei underleg fossing burtpaa sjøen millom baaten og land. Dei saag ein kvit skavl og noko fælt svart, liksom helvti av eit hjul, som skaut upp or vatne. Det rulla rundt nokre gonger og sokk so ned atter.

«Kva er det, kva er det?» ropa vesle Andres og Kolbein. Ingen kunde svara paa det. Dei hadde høyrt gjete kval og størja og andre store fiskar, men aldri at dei rulla soleis. Det var likast til aa vera eit langt troll som laag i bugter … Dei var bleike av rædsl alle fire, hivde 57fiskegreidorne og tok til aa ro og røma paa berre live utyver fjorden.

Dei var komne mest midtfjøres, fyrr dei vaaga aa stansa att. Dei saag ikkje meir til trolle daa; men trygg var det uraad aa vera fyrr dei var komne i land. Men kvar skulde dei koma i land? Attende aat Viki kunde dei ikkje fara, og aa koma i land paa hi sida av fjorden var det liti hjelp i. Der var berre bratte liderne og urderne, so dei aldri kunde vita um dei kom fram til mannar. Dei visste sistpaa ikkje onnor raad, dei fekk ro eit langt stykke utetter fjorden og so styra inn mot eit nes som dei saag langt utanfor der dei hadde set trolle.

Vinden heldt paa og auka so det var tungt aa ro, og dei var ikkje mykje hæve til aa ro helder. Det gleid endaa paa ein maate so lenge dei hadde vinden beint imot. Verre vart det daa dei skulde krøkja inn mot land og fekk han paa sida. Den vesle jollen vogga som dei skulde sitja i eit trog. Dei tvo minste skreik og trudde dei kvelvde med 58ein gong. Dei laut snu baaten mot vinden att snøggast dei vann.

Soli var nede no elder kvorvi burt for skyerne vestyver, og det hadde vorte so uhugleg graatt i graatt paa sjø og land. Det var ikkje baatar elder folk aa sjaa nokon stad. Dei kunde ikkje ein gong sjaa inn til gardarne; det store nese innmed Viki laag attfyre, og utanfor var det berre skog og utmark. Og sjøarne auka og auka; dei hadde snart nok med aa halda baaten rett mot vinden, og vaaga seg ikkje av flekken til nokon kant.

Dei hadde vore rædde fyrr, men ingen ting mot no. Dei kjende seg som tusund mil fraa folk ute paa ville have. Det var som svarte djupni vilde suga dei til seg. Dei tvo minste blaaheldt i keiparne og skreik og ropa i villa paa folk, og Paal og Gunnar hadde ingen ting aa trøysta korkje dei elder seg sjølve med. Det var ikkje lenge fyrr dei ropa og gret alle, og dei kom i hug kor godt dei no kunde havt det hadde dei lydt dei vaksne og ikkje vaaga seg paa fjorden aaleine. Men no var det for seint.

59Daa høyrde dei det fossa, og saag det svarte hjule att … det var kome heilt paa den andre sida av baaten no og var mykje nærare hell fyrste gongen.

«Det er sjøormen!» skreik han Kolbein yver seg, og ingen kunde seia at det ikkje var. Dei hadde etter kvart fenge sine eigne tankar um trolle alle fire, men ikkje vaaga aa seia noko fyrr. Dei visste nok at dei hadde ottast i utide den gongen heime i tjørni, men denne gongen, denne gongen! Dei treiv til aararne og tok til aa ro undan inn mot land; – denne nye faaren jaga burt otten for tversjøarne og alt anna. Dei hadde for lenge sidan mist fiskestengerne paa sjøen, og no fór pilken og. Ingen hadde hugsa paa aa dra’ han inn, og so drog han ut yver æsingi med grind og snøre og heile greida, so ingen ansa paa det. Det vogga fælt, men ikkje meir en at dei klara seg no daa dei var nøydde til, og fyrr dei rett visste av det var dei komne so nære land at dei fekk von.

Daa fekk dei auga paa noko svart som gleid fram innmed bergi; det var 60ein baat med ein mann i. Dei sette i aa ropa. Han svara og kom burt til dei, og so var det han Velom.

«Er det de, fantetravar?» spurde han; han var vond for dei hadde teke jollen, og lova dei varme ryggjer alle i hop. «Eg saag dykk fara ut um nese og hev no lote laana baat og leita etter dykk. De kunde snart ha kome ut i natti og kvittakvitta seg, gjera ende paa seg. dykk som blinde kvelpar alle saman, og so hadde eg fenge skuldi og skittordi som slepte dykk av,» sa han. – Men daa han fekk vita kor ille dei hadde vore uti det, blidka han seg trast, og daa dei fortalde um det store sjøtrolle lo han.

«Det er berre nisa som velter seg i sjøen soleis,» sa han. So grov dei seg som vaate høns yver i baaten hans; han tok jollen paa slæp og rodde innyver aat Viki med dei.

Det var alt halvmyrkt daa dei kom der. Han Velom lyfte dei i land og baud seg endaa til aa fylgja dei heim, var so til dei fælte. Nei, dei skulde klara seg sjølv no. Dei takka for seg og gjekk.

61Slik mann som han Velom fanst ikkje, so mykje skyna dei no. Dei lova at dei aldri meir skulde læ aat han elder herma etter han, og endaa mindre ta jollen. Og det var ikkje sant at jegti hans var so fælt ring helder, let han Gunnar. Det var helder ei fin jegt. «Ho hev alltid nokre bøter i fokka og storsegl og krampar i sidorne, men det er daa ikkje verre hell at ein mann gjeng med bøtt brok, han kan vera like god for det,» sa han, og det tykte dei alle.

– Det var kolmyrke kvelden daa dei kom upp skogen nedum garden. Dei høyrde steinulven guffa,guffa, hua (um steinulven). og det tisla so underlegt i lauve. Men det var som inkje mot det dei hadde vore uti; og ikkje meir brydde dei seg um at dei kom utan fisk. Dei var berre so sjæleglade at dei kom heim sjølve.

Det stod no berre att aa koma vel fraa det heime, so dei vaksne ikkje fekk noko aa seia. Dei var samde um aa tia um alt so godt dei kunde, og smaug stillt inn bakdørerne. Daa høvde det seg so heppe at der var kome 62framandfolk til gards, tvo hestehandlarar. Der var ein av dei i kor stova; alle drøste med dei og hadde ikkje ansa paa at gutarne var ute so lenge. Dei slapp soleis for all spyrjing og fretting og kraup berre i seng. Men enno lenge etter dei hadde lagt seg, var det som dei laag og vogga upp og ned langt utpaa sjøen og saag store svarte hjul dansa for augo.

Boken er utgitt av OsloMet

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Det store nashorne

Det store nashorne ble utgitt i 1900 og inneholder 14 mer eller mindre frittstående fortellinger om fire gutter: Paal og Kolbein «fraa aust i stova» og Gunnar og Andres «fraa vest i stova». De fire vennene er stadig på jakt etter eventyr, gjerne inspirert av historiene og bildene de har sett i bladet Almuevennen, men havner ofte i trøbbel.

Boken er korrekturlest og tilrettelagt av Bachelor-studenter i Bibliotek- og informasjonsvitenskap ved OsloMet høsten 2019.

Les mer..

Om Rasmus Løland

Rasmus Løland er i dag mest kjent for sine barnefortellinger, som Paa sjølvstyr (1892), Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Han regnes for en av våre beste barnebokforfattere.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.