Det var ein vond dag. Kven skulde ha drøymt um anna en at dei var komne vel fraa heile den usæle fiskeferdi i gaarkveld daa dei lagde seg? Men dei hadde fenge anna aa vita i dag. Han Tormod hadde vore nedmed sjøen eit ærend, og daa han kom att hadde han stygt nytt aa fortelja. Han hadde tala med han Aslak nedi Viki, og han var so vond at han gjekk berre og banna, sa han. 63Han hadde mist nokre nye fiskegreidor som han hadde havt hangande i naustveggen. Og det kunde ikkje vera nokon annan en dei fire gutarne herfraa som hadde stole dei, hadde han sagt. Folk hadde set dei fara der nasa i gaarkveld og ro utpaa fjorden. «Men kjem dei ikkje att med dei strakst, so skal eg senda lensmannen paa dei og stemna dei med ein gong. Du kan helsa dei paa det, fantetravarne,» hadde han sagt.
Koma att med fiskegreidorne no, daa dei laag paa botnen av fjorden! Det vart nok ikkje i dag det. Dei hadde set at dei var burte daa dei raaka han Velom i gaarkveld, men ikkje tenkt meir paa det elder brytt seg um det naar dei berre vart berga sjølve. Men no kunde dei sitja fint i det for dette med; for det var ikkje tanke um aa koma fraa det naar baade Velom og fleire hadde set dei.
Kva det var aa verta stemd visste dei ikkje rett. Men so mykje skyna dei at det var noko vondt, og dei vart med ein gong so rædde at dei vaaga ikkje aa spyrja han Tormod meir. Dei smaug 64burt til henne bestemor og spurde kva det var. Men ho svara berre at det var noko som dei ikkje turvte vita. «D’er dei som fer med fant og fals som vert stemde, og det vasar ikkje de dykk burt i, spaar eg,» sa ho. So laut dei attende og spyrja han Tormod, kor som var – dei vaaga endaa minder aa spyrja nokon annan – og so fekk dei vita det.
«Naar lensmannen stemner,» sa han, «so gjeng han kringum med tvo store jarntenger. Er det vaksne folk som hev gjort vondt, so riv han neglerne av dei med tengerne. Men er det smaaungar so klemmer han fast henderne og føterne deira og tek tri store tordivlar og slepper ned med ryggen paa dei. Han gjeng jamt og ber paa slike tordivlar i skreppa si,» sa han. Og det var fulla ikkje mange som slapp stemning naar dei hadde naska fiskegreidor, det stod harde ord um sovore i lovi. «Hvo som haver krog stjaalet, ham skal trast lensmand stevnes» stod der og det klaart og, sa han og flirde og lo, nettupp som han tykte det fór vel aat dei.
Dei gjekk med ein løynleg skjelte i 65knei frametter heile dagen etterpaa og vaaga snaudt aa sjaa paa folk. Dei visste nok ikkje um dei kunde tru so heilt paa dette um tordivlarne, men det var fælt nok, kor som var, og mest endaa verre vilde det vera med den fælslege skammi, naar alt kom for dagen og heile bygdi fekk vita at dei var stemde. Dei gjekk berre og glytte nedetter vegen etter lensmannen, og stokk so dei heitna for kvar gong dei tykte dei saag nokon. Dei gav seg sistpaa til aa plukka upp aks utpaa aakrarne, endaa ingen hadde styrt dei til det i dag, og var trugnare en nokon gong fyrr; det var mest som dei kjende seg litegrand tryggare daa.
Men dagen gjekk, og det kom ingen lensmann, og dei anda lettare um kvelden. Men dagen etter skyna dei altfor vel at det var for tidlegt aa vera trygg enno, og han Tormod slo og burtpaa um det. Det var ikkje sagt at lensmannen hadde fenge vita det so svint i gaar at han kunde koma daa. So kunde han koma i dag. Dei tok paa nytt lag til aa sjaa etter han, og visste ikkje anna aa finna paa en aa plukka upp 66aks som i gaar. Men dei heldt seg so nære kvarandre paa kvar sine aakrar at dei lett kunde finnast um eitkvart skulde koma paa.
Det var slik ein ven dag. Det var solskin og siglde kvite skyer uppyver fjelli. Kornstaurarne stod i lange rader og turka, og det var ljost av gult lauv uppi alle bakkarne. Det kunde vore slik ein gild dag aa ha vore der og henta neter. Elder uti skogen og henta tyteber. Ja um det so var aa gaa her og grava etter aks elder bera ved, so kunde det ha vore berre moro, hadde ikkje dette fæle med lensmannen vore. Men no var det berre vondt alt i hop og uvisst kva det kunde verta nokon gong meir.
Det leid langt um lenge fram mot duguren, men ingen lensmann var aa sjaa enno. Daa var det ikkje fritt dei fekk betre von atter, og Kolbein og Andres gjekk heimyver og vilde sjaa korleis det var med dugursmaten. Men det var ikkje lenge fyrr dei kom sendandes att. Dei hadde fenge auga paa ein framandmann nedi vegen. No saag dei han alle, han kom stigande stor og breid og saag seg 67i kring paa ein so underleg maate … det var altfor lite aa tvila paa kven det var.
Dei tenkte fyrst aa røma upp aat urderne og gjøyma seg av inni holorne der. Men dei vaksne stod og skar utpaa nokre andre aakrar og kunde sjaa dei. Dei visste daa ikkje onnor raad, dei smaug heim aat tune og kleiv upp paa ein smalhuslem og gjøymde seg i ei hola attum eit lad av lauvtjerv. Dei tetta godt att for inngongen og glytte ut gjenom nokre rivnor i bordklædingi; der kunde dei sjaa beint ut i tune der lensmannen skulde koma.
Det var eit heilt bil fyrr dei saag meir til han. Men endeleg kom han stigande … dei vaaga snaudt aa anda lenger. Han gjekk med ei underleg rund huva og hadde skreppa paa ryggen; det var vel der han hadde tengerne og det andre. Han hadde stor nasa og store styvlar og trødde hardt liksom han var sinna og fus paafus paa, huga paa, galen etter. aa stemna.
Burtmed stova hjaa foreldri aat Paal og Kolbein stansa han og harka og kremta; det lyddest ikkje blidt det helder. So banka han paa døri. Faren kom ut 68og tok mot han, og so gjekk dei inn baae tvo.
Gutarne laag berre og venta paa at dei snart skulde koma ut atter og skraala og ropa og leita etter dei daa dei skulde fram til stemnings. Men det varde og rokk, og det kom ingen. Dei sveitta der dei laag og talmast i otte og uvissa.
Lensmannen hadde lagt skreppa etter seg burtmed dørhella. «Skal me lura oss ned og sjaa um der er tordivlar og sleppa dei ut?» kviskra han Gunnar, daa det ingen ende vilde ta. Men dei andre tykte det var vel vaagalt, og so vart det ikkje.
«Men at dei vil ha eit slikt skræmsle i bygdi som lensmannen, det skynar ikkje eg,» kviskra han Paal.
«Dei skulde ta og jaga av alle lensmenner med paaken,» sa han Gunnar, «elder faa kongen til aa setja dei paa svarte raadstova. So kunde dei liggja der og grina med tengerne sine og stemna seg sjølve.»
Endeleg gjekk døri upp der burte, og den framande og far aat Paal og Kolbein kom ut. Dei var tyde og blidetyd, blid, fjaag. 69baae tvo, lyddest det, og so baud den framande farvel og trampa og gjekk ned vegen att med skreppa si.
Dei skyna ikkje dette, gutarne – anten dei skulde vera glade elder rædde enno lenger.
«Han far hev kanskje gjeve han ein dram og fenge drøsa han blid, so han ikkje gjer meir,» sa han Kolbein.
«Ja men han kan likso vel ha gjenge der og berre nasa og spurt og ikkje sagt noko enno,» ottast han Gunnar. «Ingen kan tru slik ein mann. So kan han no berre vilja gaa ned til han Aslak og drøsa og fisla meir med han og sidan koma att.»
Dei vart liggjande enno eit heilt bil. Men so heldt dei ikkje ut denne uvissa lenger. Dei grov seg ut og burt til henne bestemor og vaaga seg til aa spyrja um ho hadde set noko til lensmannen.
«Lensmannen? Det var skile paadet er skile-paa (skil paa), her: svært, merkelegt. til spurlag de hev etter øverheit og stemning no um dagarne. Hev de gjort noko vondt?» spurde ho og saag so underlegt paa dei.
70Nei daa, dei hadde berre set ein mann med ei skreppa burtmed hi døri.
«Det var ein gamall jegtemann som vilde kjøpa ved,» sa ho.
Det datt som ein stein av dei, og det var som soli skjein ljosare daa dei kom ut atter.
Men heilt trygge kunde dei ikkje godt vera; for det var slett ikkje sagt enno, at han Aslak hadde gløymt burt alt dette med fiskegreidorne sine. Det var sundag i morgon, og det vilde vera so fælande leidt aa ha dette paa seg daa og. Daa kom han Gunnar paa noko: um dei gjekk ned til han Aslak og freista aa blidka han med det gode? Dei kunde høyra aa faa laana eit par fiskekrokar av han Ola til aa bjoda i skadebot, og so attaat ta med seg alle dei koparskillingar dei aatte.
Denne raadi lika dei godt alle. Dei var so hepne at dei fekk eit par fiskekrokar, og so lurde Gunnar og Paal seg nedyver fram paa etternon og stod snart utfor døri hjaa han Aslak. Han var kiprar, og dei høyrde han banka inni kjellaren.
Det var hardla haalegthaalegt (haadlegt), leidt. aa ljota gaa 71inn; men dei laut herda seg til slutt og vaaga det.
Han var kalleg terren han Aslak, og spurde strakst etter fiskegreidorne; og verre vart han daa dei laut gaa ved at dei so uheppeleg hadde slept dei paa sjøen. Han slo i hevlebenken og kalla dei baade pargas og tyras og draskerevar. «D’er lensmannen de klæjar etter, skynar eg, og han vantar ikkje husvist og laaskyngjarkyng (laaskyng), kjeng, king) krampe til laase i kinnungen (dørstolpen). aat dykker, den kad’l,» sa han. Og daa han Gunnar kom fram med dei tvo fiskekrokarne og baud han, so berre bles han. Sovore rote-muskrote-musk, skrap. kunde dei ha sjølve, sa han. Dei stod berre og stirde i golve og vaaga aldri aa syna han koparskillingarne sine ein gong.
Men daa han hadde murtmurt (fyrrt. part. av myrja, arbeida hardt o. s. b.; myrja or seg, skjella og smella. or seg det han vilde og saag kor skræmde dei var, lova han endeleg aa lata dei sleppa for denne gongen – berre dei lova at dei aldri skulde gjera slike fantestykke fleire gonger.
Dei lova baade høgt og vel og var glade dei slapp ut atter.
Daa dei kom heim fekk dei han 72Tormod og til aa lova at han skulde tia um dette, sidan han Aslak hadde blidka seg. So kunde dei endeleg ha skikkeleg fred paa seg. Og hadde dei ikkje vore meir huga paa aa gjera dei vaksne imot fyrr en dei var no, so hadde det nok vorte eit heilt bil fyrr dei var komne ut for sjøormen og lensmannen.
Boken er utgitt av OsloMet
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Det store nashorne ble utgitt i 1900 og inneholder 14 mer eller mindre frittstående fortellinger om fire gutter: Paal og Kolbein «fraa aust i stova» og Gunnar og Andres «fraa vest i stova». De fire vennene er stadig på jakt etter eventyr, gjerne inspirert av historiene og bildene de har sett i bladet Almuevennen, men havner ofte i trøbbel.
Boken er korrekturlest og tilrettelagt av Bachelor-studenter i Bibliotek- og informasjonsvitenskap ved OsloMet høsten 2019.
Rasmus Løland er i dag mest kjent for sine barnefortellinger, som Paa sjølvstyr (1892), Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Han regnes for en av våre beste barnebokforfattere.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.