Naturmytiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB A 19 Møya i ulveham


Innleiing

Ei ung jomfru blir omskapt av den vonde stemor si til ei nål, ein kniv og til eit sverd. Det gode sinnelaget til jomfrua gjer seg gjeldande, jamvel om ho er eit omskapt vesen, og alle dei gildaste menneska set pris på nåla, kniven og sverdet. For å straffe jomfrua endå hardare, skaper så stemora henne om til ein ulv og legg den forbanninga på henne at ho skal gå i skogen, heilt til ho har drukke blodet til bror sin. Etter ei tid blir stemora med barn, sjølv om ho er ei gamal kvinne. På veg til kyrkja kastar den omskapte ulven seg over henne og drikk hjarteblodet hennar. Dermed blir forbanninga gjort til inkjes, og jomfrua står fram og er like god.

Det finst eit titals variantar av denne balladen, alle frå Telemark. Nokre av dei har teke opp i seg ein handlingssekvens frå TSB A 30, «Møya i linda», der ei vond stemor skaper stedotter si om til ei lind. Omskapingsmotivet og stemorsfiguren i begge viser har gjort at ei samanblanding lett kunne skje. Det er elles verdt å merke seg at visa er halden i eg-form, noko som er nokså uvanleg i den nordiske balladen. Den omskapte jomfrua fortel kva som har skjedd med henne:

Eg va’ meg so líti ei möy,
mi moder hó mónne på bar[n]seng döy.

Eg va’ ikkje hot åtte år,
då eg fekk meg en skjúkmoder í går
(DgF III: 829).

«Møya i ulveham» er oppskriven av Sophus Bugge og Rikard Berge. Visa illustrerer kor mykje familietradisjonen hadde å seie for balladediktinga i Telemark. Bugge skreiv såleis opp «Møya i ulveham» etter Elen Jensdotter Rolleivstad (1793–1876) og Gunhild Kjetilsdotter Sundsli (1781–1869) frå Fyresdal. Dette var i 1850- og 1860-åra, og dei to kvinnene var svigerinner. I 1913 kunne så Rikard Berge skrive opp same vise etter Jorunn Bendiksdotter Storelid (f. 1833), dotter til Elen Rolleivstad (Jonsson & Solberg 2011: 544–547, 569–573).

Bugge sende fire av variantane han skreiv opp til Svend Grundtvig, og dei er trykte i Danmarks gamle Folkeviser (DgF III: 828–831).

«Møya i Ulveham» er skriven opp i eldre tradisjon på dansk og svensk. I dei svenske variantane er det ein ung mann som blir omskapt, og visa blir derfor kalla «Den förtrollade riddaren». Den eldste svenske teksten vart oppskriven etter bondekona Ingierd Gunnarsdotter frå Västergötland (1601/1602–1686). Det er ein variant på 12 strofer som sluttar med at den omskapte riddaren blir forløyst:

När Jagh hade druckit min Broders blod
– Mine stiger dhe liggia så wijda –
Wardt jagh en Riddarre bold och godh
– Sielf måste hoon sorgen förbijda –
(SMB 1: 37).

Utsyn 31
DgF 55
SMB 5




Oppskrift A

TSB A 19: Møya i ulveham

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Dagne Ånundsdotter Lid, Vrådal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge IV, 195–196 (reinskrift)

Oppgjeven tittel: Jomfruen i Ulveham

*

1. Då eg va’ meg í dæ åttende år,
då fekk eg ei stimoder í går.
– Imót den blide somår.Samlarkommentar: [saa udtalt tydelig.]

2. Mæ eg va’ í ei jomfrú så skjønn,
hó skapte meg í ei lind så grøn.

3. «Når andre site [inne]Samlarens klamme klær sin kropp,
då må dú stande úte mæ frosen topp.

4. Når andre site [inne]Samlarens klamme klær sin fót,
då må dú stande úte mæ frosi rót.

5. Når andre linder feller løv,
allstøtt skó’ du stande líke grøn.Samlarkommentar: v. 5 maaske foran v. 3. 4.

6. Dei høgge av deg den kyrkjekamm,
du skjúler så mangen synduge mann.

7. Dei høgge av deg dæ kyrkjeskrúr,
dú sér så mang ei sorgefull brúr.

8. Dei høgge av deg dei kyrkjesvalir,
dú høyrer så mange dei løyndetalir.

9. Dei høgge av deg dæ altartré,
der bøyger så mangen syndar sitt kné.»

10. Mæ eg va’ í ei lind som best,
alle dei gillaste brúka meg mest.

11. Dæ tikjes mí stímór å vera vest,
at alle dei gillaste brúka meg mest.

12. Så skapte hó meg í eitt líti svær,
hó bau meg fara í mannefær.

13. [Mæ eg va’ i eitt svær][som best]
[alle dei gillaste] bar på meg [mest.]

14. [Dæ tikjes mí stímór å vera vest,]
[at alle dei gillaste] bar på meg [mest.]

15. Så skapte hó meg í ei líti nål,
hó sa’, eg sille te skræddaren går.

16. [Mæ eg va’ i ei] nål [som best]
[alle dei gillaste brúka meg mest.]

17. [Dæ tikjes mí stímór å vera vest,]
[at alle dei gillaste brúka meg mest.]

18. Så skapte hó meg í ein líten knív,
hó sa’, eg sille fara í mannelív.

19. [Mæ eg va’ i] ein knív [som best,]
[alle dei gillaste brúka meg mest.]

20. [Dæ tikjes mí stímór å vera vest,]
[at alle dei gillaste brúka meg mest.]

21. Så skapte hó meg í ein ulv så grå,
hó sa’, eg sille på skógjen gå.

22. Hó sa’, eg inkje sille få bót,
før eg ha’ drukkji hennars hjartebló.

23. Mí stimór va’ heime í åtte år,
hó tóre ‘kje te kyrkja for ulven den grå.

24. Som dæ lei í de níende år,
då lyster mí stimór í kyrkja gå.

25. Som hó kom seg på vegjen fram,
då møter hó ulven bå vrei å gram.

26. Han tók hennar í kåpa blå,
så rykte han hennar av gangaren grå.

27. Han tók hennar í silkjeskaut,
så rykte han hennar av vegabraut.

28. Så reiv han út hennars hjarterót,
så fekk han drukkji hennars hjartebló.

29. Då hó blei te ei jomfrú så fín,
då reiser hó heimatt te faeren sin.

*

Kladd: NFS S. Bugge g, 231–235. Kladden startar med det som er 12. strofe i reinskrifta. For å få samanheng i forteljinga har vi brukt reinskrifta som originalmanus her. Ei anna reinskrift ligg i DFS XII, 15, 171. Trykt i DgF, bd. III, 839–840.

Under overskrifta står: (Dagne Aanundsdatter Bergje. Vraadal.)




Oppskrift B

TSB A 19: Møya i ulveham

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Margrete Gunnarsdotter Brauti, Skafså, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge a, 19–21 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Jomfruen i Ulveham.

*

1. Eg va’ meg så líti ei møy
– Under líe –
mi móer mónne på barsølSamlarkommentar i reinskrifta: [så har jeg skrevet] døy.
– Mæ sóli skín hó så víe –

2. Då jeg va’ mig i åtte år,
då fik jeg mig en stivmoder i går.Samlarkommentar i reinskrifta: går(d).

3. Hun sagde jeg skulde aldrig få bod,
før jeg havde drukket min stivmoders blod

4. Så skabte hun mig i en ulv så grå,
og sagde jeg skulde på skoven gå.

5. Mí skjúkmór sat heime i 8 år,
hó tore ‘kje te kyrkje for ulven den grå.

6. De níende ville hó te kyrkja gå,
níe jomfrúvur som følgde hennar då.

7. Då ho kom seg på vegjen fram,
då møtte hó den ulven bå’ vrei å gram.

8. Så reiv ‘en út hennars hjarterot,
så fik hun drukke sin stivmoders blod.

9. Då hanAlternativ lesemåte i reinskrifta: hun fik drukkje stivmoders blod
så blev hun igjen til en jomfru så god.

10. Så gik hun hjem til sin faders bo.

*

Strofene er ikkje nummererte av samlaren.

Reinskrift: NFS S. Bugge IV, 227.




Oppskrift C

TSB A 19: Møya i ulveham

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Signe Gjermundsdotter Napper, Skafså, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge a, 59–60 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Møyi i ulvehamm.

*

1. Eg va’ meg så líti ei møy,
mi móer móne på barseng døy.
– Imót så bli en somår –

2. Ho skapte meg i ein líten knív,
hó sa’ eg sill fara i mannelív.

3. Då e va [i ein kniv] så best
[alle dei gillaste bar på meg] mest.

4. Dæ va de mi stivmoder totte vest
[alle dei gillaste bar på meg] mest.

5. [Ho skapte meg i] ei liti nål –
[ho sa eg sille te] skraddaren gå.

6. [Ho skapte meg i] en ulv så grå
[ho sa eg sille på skogjen] gå.

7. H[o sa eg inkje sille få] bót,
før eg fekk drikke min broders blód.

8. Min stivmoder var så gamel en kvinde,
men herre Krist give hun med barn måtte bindes.

9. Min stivm[oder] sat heme í åtte år
[ho tore kje te] kirken [for ulven den] grå.

10. Då [dæ lei i de niende] år
da vil min st[ivmoder] til kirken gå

11. Då [vil min stivmoder til] kyrkja gå,
níe møyar så hadde hó då.

12. Då dei kom på vegen fram,
då møter den ulv både vrei å gram.

13. Så tók han hæna i kåpa blå
å rykte hæna ó gangaren grå.

14. Så tók h[an hæna] i silkjeskaut
å rykte [hæna] av vegabraut.

15. Så reiv en ut hendes hjerterod,
så fik han ‘en drikke sin broders blod.

16. Då eg va’ i ei jomfrú så gó,
då gjekk eg for min fader og stód.

*

Strofene er ikkje nummererte av samlaren. Dei fleste forkortingane er fylde ut etter oppskrift A; korkje kladden eller reinskrifta i denne oppskrifta gjev tilvisningar til utfylling.

Reinskrift i anna hand: NFS S. Bugge VIIIa, 47 f.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Naturmytiske balladar

Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.

I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.

Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.