Naturmytiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB A 24 Liten Lavrans


Innleiing

Kongen har vore gift, men dronninga har døydd frå han. Han gifter seg opp att med ei vakker kvinne, utan å vere klar over at ho eigentleg er ei trollheks. Dette går ut over sonen, liten Lavrans, som kongen har med den første dronninga si. Mens kongen er ute og reiser, kastar trollheksa foleham på stesonen sin og tek samtidig livet av småsveinen hans. Til kongen fortel ho at den døde småsveinen er liten Lavrans, og kongen let seg narre fordi han ikkje orkar å sjå augo på den døde guten, berre den nedste delen av kroppen: fóteluten (Bugge [1858] 1971: 38).

Noko seinare legg kongen merke til ein vill og vakker fole som kan tale som eit menneske, og kjenner att sonen sin i han. Kongen forstår at det er hans eiga dronning som har forskapt sonen og spør henne kvifor ho gjorde det. Ho svarar tilsynelatande angerfull at ho skal ta folehamen av sonen og ho sjølv forlate kongsgarden for alltid. Men i det same slår ho til kongen med tusse-greipen (Landstad [1853] 1968: 334) og skaper både kongen og sonen hans om til bjørnar. Menneske kan dei ikkje bli før dei har teke eit barn ut av mors liv og fødd det opp til eit vakse menneske.

Det finst kring tjue variantar av denne balladen, som berre er funnen her i landet, og så å seie berre i Telemark. Landstad og Bugge skreiv opp «Liten Lavrans» etter nokre av av dei beste Telemarks-songarane, og begge hadde det klart for seg at dei her stod overfor ein gamal ballade, djupt forankra i tradisjonell folketru. Landstad trykte to variantar i Norske Folkeviser. Variant A etter Ingeleiv Knutsdotter Ramberg (1785–1863) er kanskje den beste viseforma av alle vi kjenner, også fordi omkvedet synest å vere det opphavlege, med si oppsummering av tematikken i visa:

Kongin fester Sigarós
og flyt hennar heim under borgi,
deð aukað líten Lavrands unge
báðe sút og sorgir.
      Kongin tregað sit giftarmál,
      reið seg angersfull útaf flotto
(Landstad [1853] 1968: 330).

Landstad kjente Ingeleiv Knutsdotter Ramberg frå Seljord, men ho var fødd og oppvaksen i Lårdal og gift i Kviteseid. Først då ho var kring førti år, flytte ho til Seljord. Det er såleis Lårdals- og Kviteseids-tradisjon Ingeleiv Knutsdotter førte vidare. Det er skrive opp tjue balladar etter henne, så ho var ein framståande songar, men levde i tronge kår som husmannskone. Ein son miste livet i ei skyteulukke, og ein annan vart funnen død på isen på Seljordsvatnet (Jonsson & Solberg 2011: 414–417).

Sophus Bugge skreiv opp «Liten Lavrans» etter dei same songarane som Landstad, men også etter fleire andre. Han trykte fire variantar i Gamle norske Folkeviser, og peikar sjølv på A-forma etter Hæge Olsdotter Årmote (1787–1860) frå Mo som den rettaste og mest fullstendige. Bugge spurde songarane kva dei meinte om slutten på denne tragiske visa og fekk klart svar, «disse forskabte Mennesker, sagde de, gaa den Dag i Dag om som Mandbjörne og söge at tage Barnet af Modersliv for at forlöses» (Bugge [1858] 1971: 37). I 1861 gjorde Lindeman tre melodioppteikningar etter songarar frå Mo i Telemark (Ressem [utg.] 2011: 31–33).

I det trollheksa forskaper kongen, slår ho – som vi har sett – til han med tusse-greipen. Ordet kjem av norrønt ulfsgreip eller ulfshanzki = hanske av ulveskinn. Hansken er eit konkret uttrykk for at dronninga er ei trollheks, for i eldre folketru er ulven alltid eit farleg dyr med tilknyting til vonde makter. Motivet er kjent frå fornaldersogene og i balladar som byggjer på same type stoff, såkalla trollviser (Liestøl 1915: 189–206).

Utsyn 33




Oppskrift A

TSB A 24: Liten Lavrans

Oppskrift: 1856 av Sophus Bugge etter Hæge Olsdotter Årmote, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge I, 83–86 (reinskrift)

Oppgjeven tittel: Lavrans unge. I.

*

1. [Kongin fester Sigarós]
[og flyt hennar heim under] borg,
han [aukað líten Lavrands unge]
både angest å sorg.
– Lette tungunne dei bera mannen vie. –

2. [Kongin fester Sigarós]
[og flyt hennar heim under liðe,]
han [aukað líten Lavrands unge]
[báðe sút og kvíðe.]

3. Inn kom ríke Sigarós
å gulli av hænar glór,
vént så va’ de sjúkmórsevne,
va’ de ‘kji svikabló.

4. [Inn kom ríke Sigarós]
glima ho som gull;
[vént så va’ de sjúkmórsevne,]
[va’ de ‘kji] svikefullt.

5. «No sku’ me taka smådrengjenSamlarkommentar: Ikke Lavrans, men en anden Smådreng (Hæge). svanadón forklarte hun ligefrem.
å kjøve’n í svanadóni,
forskapa så líten Lavrans unge
uto sin fais tóni.»

Så fortæller Dronningen Kongen, at Lavrans er død. Han siger da

6. «De taka líten Lavrans unge
å høgge’n i lyter tvo,
så syner de meg fóteluten,
men augo vi’ eg ‘kji sjå.»

7. Så sló ho ti’ mæ ufsegreipenSamlarkommentar: Hæge kunde ikke forklare dette Ord nærmere.
i dæn sama stund:
du ska’ blive en vidd’e foli
å springe i grøne lund.

Kungen sille te Kyrkje ríe
einom Morgostund
då såg ‘en vidde fljóte Folen,
han sprang í grøne Lund.Denne strofa står i margen med hake inn i teksten.

8. [Og deð var danske] konungjen,
[han talað til] sveinanne små:
[de] taka [meg vilde fljóte folen]
[og leggi meg] beisli [på!]

9. «Nei de gjer inkji av dine sveinarAlternativ lesemåte: sveino
anten storeAlternativ lesemåte: ein hell små,Alternativ lesemåte: två
(å) taka vidde fljóte folen
å legge beisli på.»Samlarkommentar: Hæge formodede, at dette er Stifmoderens Ord.

10. Å burt gjekk danske konungjen
(å) klappa han folen på bak,
de va’ vidde fljóte folen,
då stó en honom spak.

11. «No sku’ de setje folen på stadden
å gjeva (‘n) høy å konn,
eg vi’ meg i stoga min,Alternativ lesemåte: steinstoga
drikke mjø av sylvehonn.»

12. [«No sku’ de setje folen på stadden]
[å gjeva (‘n) høy å] håm
[eg vi’ meg i stoga min,]
[drikke mjø av] sylvarskål.Alternativ lesemåte: sylveskål

13. «(Nei) eg trifst inkji på staddenAlternativ lesemåte: staddi stande
å eta høy å konn;
de va’ sømri i faisgaren‘a’ i «faisgaren» retta frå ‘å’. Alternativ lesemåte: faisgari
drikke mjø av sylvarhonn.»Alternativ lesemåte: sylvehonn

14. [(Nei) eg trifst inkji på stadden stande]
[eta høy å] håm,
[de va’ sømri i faisgaren]
[drikke mjø av sylvar]skål.

15. Å høyr du líten smådrengjen,
du æ’ min næste kunniSamlarkommentar: Hæge forklarte det: Kjending.
må eg drikke av evre brunnen,Alternativ lesemåte: brunni
der ligge gull på grunni?

16. Å høyr du líten smådrengjen,
du æ’ min nærskylde frænder,
må eg drikke av evri brunnen,Alternativ lesemåte: brunni
som renne vatni de reine?»

17. «Ja høyr du vidde fljóte folen,
du må de gjønni fyr meg,
men spyr ho de frúgva Sigarós,
så forskapar ho meg.»

18. [In sá] kjem [den líten smádreng]
seje han derifrå
[fljóte folen pá] stadde stende,
no talar ‘en [mannemál!]

19. Fljóte folen på staddenAlternativ lesemåte: stadde stende,
han talar bå’ reint å skjært,
så læte de i tungaunne hass,
som de unge Lavrans æ.»

20. Ti’ svara ríke Sigarós,
de mone slett inkji vera,
sjav’e lét ho Lavrans unge
molleklæi skjera.

21. «Ja sjav’e lét eg en Lavrans unge
molleklæi få,
men de blive så mangein i svevnen svikjen,
så kalde æ kvenderå.»Samlarkommentar: (Kongens Ord).

22. Å burt gjekk danske konungjen
å ville høyreAlternativ lesemåte: lýe (der)på,
(men han fekk inkji høyre de,)Etter lina står det: dæ va’kje anten Ev. hell Ævití
at folen villeAlternativ lesemåte: han tala då.

23. Eg sku’ lata [skruv og skarlaki]
[under din søjlen skera,]
så sku’ du [fruga Sigarós]
[i morgo til kyrkja bera.]

24. Eg sku’ late [skruv og skarlaki]
[upá din søjlen]sníe
imorgo sku’ [fruga Sigarós]
[pá deg] te kyrkje [riðe.]

25. «Du tar inkji skrúv hell skarlakji
unde min søjlen skjera sníe:
ho æ inkji vær’e Frúva Sigarós
på meg ti kyrkje ríe.

26. [Vil du skruv og skarlaki]
under min søjlen skera
[sá ber eg dá] helle [min sæle faðir]
sko’ de då noko [vera.]

27. Inn kom vidde fljóte folen
å falt han på sine kné:
«tregar du inkji Sigarós,
at du forskapte meg?»

28. «Jau, sårt hev eg de trega,
å sårt hev eg de angra;
eg sku’ takastruke av deg folahamen
å sjóv ikring lånde ganga.

29. Å høyr du danske konungjen,
hot eg bee deg:
må ‘kji den yngste dotte díOver ordet står: (e)
íkring låndi fygje mæ meg?»

30. Å dæ va’ danske konungjen,
då monne han åt henaAlternativ lesemåte: ‘æ frøyneSamlarkommentar: Hæge forklarte det: gjøre sure Miner.
«du va’ fulla hoste stygg’e
ti gange kring låndi eine.»

31. Så sló ho ti’ mæ ufsegreipenAlternativ lesemåte: ufsegreipe
i dæn sama stund.
«de sku blive tvo vidde bjønnir
å gange í grøne lund.

31 b. [Så sló ho ti’ mæ ufsegreipen]
í dei same Bragdi
[de sku blive tvo vidde bjønnir]
å skríe framte mæ Haddir.

32. [Sá lengi skal de bjønnir vera]
[og heran] på vidde skógjenAlternativ lesemåte: skógje
[til de] taka [bánið or] MoismagjenAlternativ lesemåte: Moismagje
[og føðer deð up til manne.]

*

Reinskrifta er nytta, for kladden finst ikkje i arkivet. Strofene er nummererte av samlaren. Fleire stader står «Som Landst», dette viser til M.B. Landstads Norske Folkeviser, A- og B-oppskriftene (nr XXXVI, s. 330–337). Vi har sett inn teksten frå Landstad i klammer.




Oppskrift B

TSB A 24: Liten Lavrans

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge o, 6a–8a (kladd)

Utan oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Sigaros aa Lavrans unge

*

1. Kungen ríe bå aoust å vest
han rír mæ raue bermarOver ordet står: (Trøie)
fester ‘æ frúva Sigarós,
åAlternativ lesemåte: han flyt ‘æAlternativ lesemåte: hæna heim unde borgjir
upp vekteUsikker transkripsjon unge Lavrans líten
mæ angest å stóre sorgjirDei to ekstra verslinene er ikkje med i reinskrifta.
– LétteOver ordet står: (sic) tungunne dei bera mannen víe.

2. Inn kom fr[úva] S[igarós]
hó gulli ette seg dróg
de vøre so vént eit sjúkmoirsevni,
va de ‘kje svikabló.

3. Inn [kom frúva Sigarós]
hó glimar de gulli å
de vøre [so vént eit sjúkmoirsevni,]
[va de ‘kje] svikarå.

4. De va fr[úva] S[igarós]
hó la’ mæ tærna í rå
hossi me sko få skyljaAlternativ lesemåte: skylje at
dessi fríe feggane två (sic).

5. Gud forlåte deg S[igarós]
kví heve dú slíkt på råji
de æ kungen ti sút å sorg
å deg ti ævurstregji.

6. Hó la tí hæna mæ tussegreip
hó måtte unde hoggje lúte
gjer ‘kje dú som eg deg seie
di arge leie púte.

7. Dei toke ‘n unge L[avrans] líten
la han í svanakiste
so skapte dei på en folahamen
å ingjen derútav visste.

8. Dei [toke ‘n unge Lavrans] líten
[la han] úti svanadón,
so [skapte dei på en fola] hamen
úti sitt faersAlternativ lesemåte: fairs tón.

9. Kungen han gjenge í grøne lund
åAlternativ lesemåte: han ville dei dýri veie,
so fann en den’ fríe fljótan fólen
som løype laus í heió.

10. Kungen leteOver ordet står: lete (aab. e) manngaren gjera
å ville den folen fange
kungen gjóre spak’e folen på lislom bili
ette kungen so ville’n gange.

11. De va Danerkonungjen
han strauk ette folabak,
kví trú denneAlternativ lesemåte: denni fríe fljótan folen
han gjerest no mé so spak.

12. Høyrer dú de dú líten smådreng
de gjere dú mé ti ære
dú teke de vatni ótó evri brunnen
der renne de vatni skjære.

13. Gjenni so eg de ville
gjenniAlternativ lesemåte: å helli s[o] e[g] d[e] gjóre
men ette kjeme frúva Sigarós
hó gjeve meg slogje såre.

14. De æ so vóndt på stallen stande
eta høy å konn
bete æ de í min faers går
drikke av sylvehonn.

15. De æ [so vóndt på stallen stande]
[eta høy å] håm,
bete [æ de í min faers går]
[drikke av sylve] skål.

16. Inn so kom den líten smådreng
å seie han tídend ífrå:
folen uppå stallhúsi
han talar mannemål.

17. Folen [uppå stall]húsi
han talar bå klart å skjært
de æ’ so líkt dí; på tungunne hass
som unge L[avrans] de æ’.

18. Høyrer dé de mine gode hovmenn
dé drikke mjø av skål
mæ eg gjenge meg atAlternativ lesemåte i reinskrifta: í stallhúsi
eg lýer på folamål.

19. De va Danerkonungjen
han seg inn í stallen såg
de va kji anten ev ell stev
at folen han tala då.

20. Eg sko lat’ skrúv å skarlakAlternativ lesemåte: skarlakje
unde din søylen skjera
vi du æ fr[úva] S[igarós]
í morgó ti kyrkje bera.Over ordet står: (béra)

21. Eg [sko lat skruv å skar]lakji
[unde din søylen] sníe,
må no f[rúva] S[igarós]
ti kyrkje på deg ríe.

22. Vi du lat’ [skruv å skar]lak
[unde min søylen] sníe,
hó æ kje vær’e fr[úva] S[igarós]
ti kyrkje uppå meg ríe.Denne strofa er ikkje med i reinskrifta.

23. Vi’ dú [skruv å skarlakji]
[unde min søylen]skjera,
so ber eg då helle min sæle faeren,
sko de noko vera.

24. De va DanerkonungjenAlternativ skrivemåte: Danerkånungjen
renner han tårir på kinn
Gud f[or]låte deg S[igarós]
somAlternativ lesemåte: du forskapte sønen min

25. Sårt so eg de tregar
å sårare eg de angrar
eg sko’ strjúke av en folahamen
å sjóv att í en gange

26. D Hó sló ti han mæ tussegreip
útí den sama stund
de sko vera tvo skógebjønnir
å gange í grøne lund

27. De ska so lengji bjønnir vera
í bjønnehamen gange
ti de taka båni ó moírsmaga
å før de upp ti manne.

(Dí hava bjønnine vori so vónde fyrri ti taka breie kjeringar.)

*

Strofene er ikkje nummererte av samlaren.

Reinskrift: NFS, S. Bugge VI, 65–69.




Oppskrift C

TSB A 24: Liten Lavrans

Oppskrift: 1907 av Torleiv Hannaas etter Svein Tveiten, Bykle, Setesdal, Aust-Agder.

Orig. ms.: EFA T. Hannaas 407, 48–51

Oppgjeven tittel: Den falske Sigri-rósa

*

Ho var dronning og skapte um ein Kongsson, sjukson sin, til hest. Daa hestarne kom heim kom stalldrengen inn og sáeOrdet er skrive over noko uleseleg at der var ein fole som kunde tala.

1. Sittje no her smådrengjinne mine
og drikkje av sylvarskålir
sjáve so jeng eg i stallhusi
å høyrer på fólamåli.I margen står: Fekk inkje hesten til tala

2. Eg sko silkje å skárlakjen
unde din søyle sjéra
vi du i morgo a fagre Sigri-rósa
i morgo ti kyrkje béra

3. Nei du tár kje [silkje å skarlakjen]
unde min [søyle sjéra]
då bér eg helle min fa kjære fár
um de sille nokon vera

4. Konjen jekk inn vá vrei i húg
å strie rann tårir på kjinn
å skamm forlåte deg Sigri-rósa
Kvi umskapte du sonen min?

5. So slo (h)o ti’n mæ tussegreipen
handei datt unde hogg å sviMellom første og andre line står: han måtte unde hoggji lute
so skapt o dei inn i tvo skógebjønnar
derAlternativ lesemåte: (som) jeng unde fagre li.

6. Men eg ska jéve deg den sæle-bót
at konji du blive kann
um du téke banbåni (sonen) o móyris maje
å føer de upp té mann

Sjuksonen sagde til mor si:
7. Du ha vore so vent eit sjukmorsemne
hadde de inkjé vóre svika bloEtter lina står: (at ho var trollheks)
Daa slo ho til ‘n med tussegreipen
og gjorde n til ein fole.

*

Strofene er ikkje nummererte av samlaren. Etter oppskrifta står det: [So langt etter Svein Tveiten. So nær som s. 45]. Hannaas har òg ei anna oppskrift etter Svein Tveiten frå 1913 (EFA T. Hannaas 425, 67 (Kopi i NFS, Hanaas 3, 30–31). Denne oppskrifta er trykt i Norsk Aarbok 1921, s. 154–155.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Naturmytiske balladar

Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.

I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.

Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.