Naturmytiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB A 39 Beiarblakken


Innleiing

Tre trollkjerringar sit under ein stein, og med trolldom skaper dei ein fole av menneskebein og menneskeblod. Deretter gjev dei folen namn og kallar han Beiarblakken. Så sender dei hesten til kongsgarden. Kongen spør om det finst nokon som kan ri Beiarblakken, men det viser seg at det berre er kongssonen som greier det. Beiarblakken har kjempekrefter, forstår menneskespråk og kan tale sjølv. Han ber kongssonen på ryggen til verdas ende, til Himmerikes og Helvetes dør, og så attende til kongsgarden. Kort tid etter skal kongen ut i krig, og kongssonen og Beiarblakken skal vere heime. Men Beiarblakken bryt lås og dører og følgjer etter kongen. I krigen gjer han meir nytte for seg enn kongen sjølv og alle hans menn. Til slutt blir Beiarblakken likevel skoten av fienden, når han blir nemnd ved namn. Kongen sørgjer og seier at han helst ville ha gravlagt Beiarblakken i vigd jord, om det ikkje hadde vore for folkesnakket.

Det finst bortimot femti tekstoppskrifter av denne balladen, som berre er funnen i Noreg. Dei aller fleste er frå Telemark, men nokre få er skrivne opp i Agder-fylka. Vidare har vi fleire melodioppskrifter, den eldste frå 1840-åra (Ressem [utg.] 2011: 75–78).

Då Jørgen Moe var på innsamlingsreise i Telemark i 1847, skreiv han opp «Beiarblakken» etter Bendik Ånundsson Sveigdalen (1780–1865) frå Skafså. Teksten etter Bendik Ånundsson er hovudkjelda for den samanarbeidde versjonen Moe trykte i rapporten frå reisa (Moe 1964: 67–72). Landstad trykte to former av balladen i Norske Folkeviser. A-forma er ein samanarbeidd tekst, der oppskrifta etter Ingeleiv Ramberg utgjer kjernen. Ingeleiv Knutsdotter Ramberg (1785–1863) var opphavleg frå Lårdal, men budde i Seljord då Landstad var prest i bygda. Ho var ein framståande songar, «kanske den främsta individuella bidragsgivaren til M.B. Landstads visedition» (Jonsson & Solberg 2011: 414–417). Forutan A-forma trykte Landstad som B-form ein sjølvstendig variant, utan å nemne songaren (Landstad [1853] 1968: 51–61).

«Beiarblakken» er ein underleg og særmerkt ballade, som likevel er i slekt med andre balladar med liknande motiv, som «Rosensfolen» (A 25) og «Ramnen ber bod» (A 26). Dei tre trollkjerringane som skaper ein fole av menneskebein og menneskeblod vekkjer eigentleg til live ein dauing som går igjen i hesteskapnaden. Bein og blod vart tillagt magisk kraft, både i gamal folketru og religion, jf. også den katolske trua på relikviar. Når dei tre trollkjerringane sender «Beiarblakken» til kongsgarden, må det truleg vere for å skade kongen og for å «spreia daude og øydelegging» (Grambo 1952: 97). Men i realiteten blir hesten til hjelp og velsigning for kongen, når berre den rette kan ri han. Beiarblakken strir altså den gode strid, jf. at det i fleire variantar blir poengtert at hesten kjenner seg att i Himmelen, men ikkje i Helvete:

Kom han seg at Himmeriks Dør;
Aa dær ha’ Blakkjen vore før.

[…]

Saa kom han seg te Helvitis Dør;
Men dær ha’ ‘kje Blakkjen vore før
(Moe 1964: 69).

I same lei peikar det at kongen helst vil gravleggje Beiarblakken i vigd jord, og vi kan også merke oss nemninga Beiarblakken. Her er førsteleddet Beiar genitiv av = en bebygget Egn (Aasen). Beiarblakken høyrer såleis heime i Beiarlandet, blant menneske og ikkje blant vonde makter.

Utsyn 39




Oppskrift A

TSB A 39: Beiarblakken

Oppskrift: 1840-åra av Olea Crøger etter Leiulv Halvorsson Gotenborg, Seljord, Telemark.

Orig. ms.: NFS M.B. Landstad 4, 4–6

Oppgjeven tittel: Beiarblakkjen

*

1. Der sit tvo Kjærinar onder ein Stein
– De traader Guldskoe –
De skafte den Følen af Mannebein
– I Lofte søve min Jomfru. –

2. De skapte den Folen aa gav en Navn
Aa Beiarblakkjen saa kallar de han

3. De skapte den Folen aaf Mannebein
Aa da førde dei honom te kongjen heim.

4. Aa Blakkjen han vi kje paa Stalden staae
Gejnne der kje Møiar te aa fraa.

5. Aa Blakkjen han drek kje af Brøn
Dersom der kje liggi Guld paa Bon.

6. Kongjen han ropaa ivi alt sit Heim:
men haakken tor rie min Blak et Skjei

7. Til svara Droning Frigge
Krestoffer, han tor Blakkjen rie.

8. Ja kjære min Blak Du gjære Dæg krom
Aat mæ æg læggje Guldbexet i Mond

9. Dei fyste Steg som Blakkjen sprang
Svarte Mølli ette en rand

10. De andre steg som Bakken spran
Aa da kaam han te Helvete fram

11. Men de trea Stig som Bakken spran
Aa da kaam han te Himmels fram.

12. Aa der han kaam for Himriges Dør
Der tottes han han hæv ore før.

13. Krstoffer la sæg i Salen sjuk
Aa Beiarblakken jore sæg miuk.

14. Velkommen Krestoffer heim te mæg
No tænk æg kje æg hæv set Dæg meir.

15. Aa Blakken han skulle paa Stalden staa
Aa Krestoffer drikke mæ Frugur aa Møiar

16. Aa Kongien han ville te Ledings fara
Aa Krestoffer aa Blakkjen skil heime være.

17. Aa Kongjen han styrde sin Snekke fraa Land
Aa Bakken sleit de røde Guldband.

18. Aa Blakken slo meir mæ Hov aa Taand
Eend Kongjen gjore mæ alt sit Land.

19. Fram kaam der ein gamale Mand
Aa æ her ingjen saam sjote kan.

20. Ei røde Guldpiil blei der udsend
i Beiarbakkens Brøst blev s kjendt

21. Aa Kongjen bleiv saa ille te Mot
han blekna saam Bast han svartna saam Jor.

22. Ha dæ kje vore for Manneor
Æg ha sku la Baakkjen i vigde Jor.

23. Ha dæ kje vøre fæ Mannetal
Æg ha sku la Blakkjen i vigde Mul

*

Strofene er ikkje nummererte av samlaren.

Trykt i Landstad 1853, s. 58 ff. som tekst VI B, og i Crøger 1, 2004 s. 40f.




Oppskrift B

TSB A 39: Beiarblakken

Oppskrift: 1847 av Jørgen Moe etter Bendik Ånundsson Sveigdalen/Felland, Skafså, Telemark.

Orig. ms.: NFS J. Moe 10, 25–27 b

Oppgjeven tittel: Bejar-Blak-Visa

*

1. Der sat tvaa Traalkjæringar ond’ en Stein
– Dei trøa Gulskor –
Dei skapar ein Føle af Manne bein
– i Høvane æ’ en tamde vel –
– (I Lofte søve mi Jomfru) –

2. Der sitte tvaa Trolkjæringar onde Jor
Dei skapar ein Føle a Manneblo

3. Dei skapar ein Føle dei gjev han Namn
Beijar-Blakjen kaddar dei han

4. Daa dei har den Folen gjort
Sende dei han te Kongjens Port

5. Kongjen ropa ivi alt sit Land
Er nokon Bejar-Blakjen rie kan?

6. Te svara Sjukmor strie
«Christoffer ska Blakjen rie»

7. Christoffer stryke sin Blak paa Bak
«Snille min Blak du stat meg spak

8. Snille min Blak du stat meg tro
Me eg legge Beisle i din Mond.

9. Snille min Blak du stænde meg tryg
Me eg sæte meg paa din Ryg»

10. De fyste stige Blakjen steig
Femten Alne va de breitAlternativ lesemåte: daa traadde han i hel saa liten en Svein

11. De fyste Sprangje Blakjen sprang
Femten FamnarUsikker transkripsjon va de langtAlternativ lesemåte: de Femten ‹…› saa Jori langt (usikker transkripsjon)

12. Fjoren den va allri saa brei
At Beiarblakjen ei ivi ‘an steig

13. Fjoren den va alli saa lang
At Beiarblakjen kji ivi ‘an sprang

14. Han rei saa længje at han blei mo
Stevlan has blei fulle af Blo

15. Blakjen ivi Helvite steig
«Hau! sae Blakjen her va heit»

16. Kom han seg at Himeriks Dør
Men der ha Blakjen vøre for

17. Saa kom han seg at Helvites dør
Men der ha ‘kje Blakjen vore for

18. «Aa snille mi Blak du vende heim
Naa B brænder eg Stevlan a mit Bein

19. Dei kom seg te Himmeriks Dyrr
Der hae Blakjen vøri førr

20. «Naa æ me komne saa langt a Lei
Snille mi Blak du vend naa heim»

21. «Naa Nei, vi me inkje vende
Før me kjæm te Verdens Ende»

22. Christoffer gjores i Haando sjuk
Blakjen gjores hana meire mjuk

23. Christoffer gjore seg sjuk a mein
Men daa ville Blakjen vende heim

Strofa står som strofe 19 i oppskrifta, men med teikn som viser kor den skal inn.

24. Ind kjæm Smaadrengjen sei Tiend ifraa
Heime‘te kjæm Blakjen, Christoffer paa

25. «De sætte in Blakjen, gi ‘en Kaan aa Høi
Christoffer ska æta me Fruar aa Møi»

26. Han vil ikje drikke a Bronni
Utas Guldrinjen laa paa Bonni

27. Han ville inkje æta godt Høi
Utas der sto kringom baate Fruer aa Møi

28. Der kom Fiende paa de Land
Kongjen måt’ ut me adde sine Mand

29. Blakjen gjore mei me Hov aa Tand
Hel Kongen han gjore me adde sin’ Mand

30. Om saa tala en gamal Mand
«Er Ingjen Bejarblakjen skjote kan.»

31. Den fyste Pile, der blei utsent
I Bejarblaks-Brjosti der blei o kjendt

32. Den fyste Pile, der blei utskøti
i Bejarblaks-Brjoste der blei ho brøti

33. «Ha de ‘kje vore for Mannemein
Saa sil eg grava Blakjen inonde ein Stein»

34. «Va de kje for de Manne-ord
Saa sil eg grave Blakjen ni onde Jord.

35. Va de kje for den Manne-Gnyr
saa sil eg hente Presten fraa Skiens By.»

*

Strofene er ikkje nummererte av samlaren.

Trykt i Norske balladar 1973 s. 24–26.




Oppskrift C

TSB A 39: Beiarblakken

Oppskrift: 1850-åra av Sophus Bugge etter Hæge Hansdotter Kastedalen, Brunkeberg, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge III, 78–79 (reinskrift).

Oppgjeven tittel: Beiarblakkjen. VI.

*

1. Her búr tvo JomfruerAlternativ lesemåte: Jomfrugur uppå Hei,
– Dei tror enAlternativ lesemåte: trøder over noko uleseleg i blyant Gullskó –
dei skapte dæn Foli av Mannebein.
– Så vie faraAlternativ lesemåte: så gangas dei Løyndarór. –

2. [Dei skapað blakkin og gav en navn,]
[og Beiarblakkin sá kallað dei han.]

3. Blakkjen han ville ‘kje stande paa Stall,
utass han va’ bunden mæ røde Gullband.

Denne strofa er skrive inn i margen mellom str. 3 og 4.[Blakkjen han ville ‘kje] eta grønt høy
uttas dæ bar fyr en bå frúgur å møy

4. Blakkjen han ville ‘kje drikke av Brynn,
utass dæ låg røde Gull på Bunn.

5. Um tala denne kungeleg Mann:
«Hokke tore ríe Blakkjen eitt Sprang?»

6. Te svara Sjúkmór fríe:
«Lat vesle Kristoffer ríe.»Samlarkommentar: Sjúksonen hennars

7. Vesle Kristoffer tók Salen, på Veggjen hekk,
Vesle Kristoffer te Stallen gjekk.

8. «Kjære min Blakk, du æ’ meg ‘kje vónd!
må eg sleppe legge Begsle í din Munn?

9. Kjære min Blakk, du felle på Kne,
maa eg sleppe uppí Salen på deg?»

10. fyste Sprangje Blakkjen sprang,
femten Míl å dæ í eitt Sprang.

11. Dæ andre Sprangje Blakkjen sprang,
så sprang han seg te Helvites fram.

12. Kristoffer han skódde sin Hesten mæ Spore,
så rei han ígjenom dæn Helvedes Logje.

13. [Dæ] tree [Sprangje Blakkjen sprang,]
[å sprang han seg te] Himmerik [fram.]

14. Dær hanAlternativ lesemåte: Blakkjen kom seg te Himmerigs Dør,Alternativ lesemåte: Himmeriks Dyr
dær kjende han seg, dær han ha’ vori fyrr.Samlarkommentar: som skabt af Mandeben.

[Dær han kom seg te Himmerigs Dør],
der ville no Blakkjen bíe eitt bil.

15. Kristoffer han la’ seg í Salen sjúk,
så blei no Blakkjen bå tam å mjúk.

16. «Vælkomen, Kristoffer, kjeme du heim?
no ha’ eg ‘kje tenkt på sétt deg mei.»Samlarkommentar: Faderens Ord.

17. Kungjen han sille te Ledning fara,
Blakkjen å Kristoffer sill’ heime vera.

18. Kungjen han kom seg ‘kje ne mæ Strand,
fyrr Blakkjen ha’ sliti dæ røde Gullband.

19. Dæ falt ikkje mei fyr Kungjens Hånd,
hell Blakkjen beit dí mæ sí Tonn.

20. [Dæ falt ikkje mei fyr Kungjens] Fót
[hell Blakkjen] sló dí mæ sin Hóv.

21. Trakst blei dær ei Píl útsendt,
[n] blei í Blakkjens Bryst bekjent.

22. «Ha’ dæ ‘kje vori fy eitt Ór,
så ha’ eg silt lagt Blakkjen í vigde Jór»

*

Strofene er nummererte av samlaren.

Det finst ingen kladd til denne oppskrifta.




Oppskrift D

TSB A 39: Beiarblakken

Oppskrift: 1913 av Hallvard Kaldbast etter ukjend songar, Mo, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCXLIV, 132–139

Oppgjeven tittel: Beiarblakkjen

*

1. Der sat tri kjeringar under ein stein,
– dei trædaAlternativ lesemåte i andre strofer: treda gullsko, –
dei skapa blakkjen av mannebein.
– Saa vide fara dei løindarord.

2. Der sat tri kjeringar under jord, (bru)
dei skapa blakkjen av manneblo.

3. Dei skapa blakkjen og gav en navn,
og Beiarblakkjen so kalla dei han.

4. Og daa dei hadde den blakkjen gjordt,
so sender dei han ti kongjens port.

5. Aa tru eg ha’e meg ein fuldtru svein,
som kunna ride blakkjen eit skreid

6. Ti svara skjukmori stride,
Nikuls skal blakkjen utride.

7. Kongjen slog dronningje under kjinn,
«eg helle min sone so goe som din»

8. Nikuls gjenge at stalle,
med begsli i haando og sadle.

9. Nikuls stryke blakkjen paa lend,
blakkjen gjere baad’e bit og spenne.

10. «Snille min blakk, du stat no kur,
með eg legge deg beigsli i munn.

11. Snille min blakk, du stat no spak,
með eg legge gullsalen paa bak.

12. Snille min blakk, du fell paa kne,
með eg springe at salen ti.»

13. Før Nikuls ha’e spendt den sadeljord,
ha’e blakkjen gravi sjau alnir i jord.

14. «Høyrer du blakk, hot eg bee deg,
hosi langt vi du no bera meg?»

15. «Eg skal bera deg paa grønnan havn,
vill du ‘ki nevne mit rette navn.»

16. Det fyrste sprang, som blakkjen sprang,
femten tusen alen fraa jordi nam.

17. Det andre sprang, som blakkjen sprang,
femten tusen alen etter vegjen fram.

18. Han sprang yvir dy og dikji,
han sprang yvir sjau kongerikji.

19. Fjorden var aldrig saa breid,
at blakkjen yvir ‘n steig.

20. Fjorden var aldrig so lang,
at blakkjen yvir ‘n sprang.

21. «Snillan min blakk, du vend no heim,
no hev’ du borid meg só lang ei leid.»

22. «Me vi ‘ki atter vende,
før me kjem ti verdens ende.»

23. Aa blakkjen, han sprang baade kaat og kjeik,
uppaa sat vesle Nikuls bleik.

24. Nikuls, han vart baadi saar og sjuk,
blakkjen, gjordes daa meiri mjuk.

25. Der rann sveidti og der rann blod,
daa vart Nikuls baad’ trøidt og mod.

26. Inn kjem smaadrengjin, seie dei ifraa,
«heimatt kjem blakkjen og Nikuls paa.»

27. «Sit blakkjen paa stallen, gjev’n konn og høy,
men Nikuls skal drikke med frugur og møyar.»

28. Blakkjen ville ‘ki eta grønnan høy,
utast der stod ikringum frugur og møy.

29. Han ville ‘ki drikke av brunni,
utast gullringjen laag paa bunni.

30. Aa kongjen, han sille i ledingji fara,
og blakkjen sille heime vera.

31. Dei sette for stallen dei laasane ni,
blakkjen han spendte upp alle di.

32. Kongjen, han styrde si snedkje for land,
blakkjen, han spela paa kvitan sand.

33. Blakkjen gjorde meiri med hov og taan,
hell’ kongjen gjorde med alle sine menn.

34. Um so tala ein gamal mann
«er det engjen Beiarblakkjen skjote kan?»

35. Ti so svara han Sigurd Svein,
«skjaa um de kan gjera Beiarblakkjen mein?»

36. Den fyrste pil, som daa vart skoten,
hon bleiv i Beiarblakkjens brost broten.

37. Blakkjen, han gjorde baade beidt og slog,
ti han laag daud for kongjens fot.

38. «No ha’ eg hell’ mist tolv tusen mann,
hell’ blakkjen atter paa anna land.

39. Ha de ‘ki vori for manneord,
eg sill’ lagt blakkjen i vigde jord.

40. Ha de ‘ki vori for mannegnyr,
eg ha’ silt hendta presten fraa Skjiens by.

41. Ha de ‘ki vori for mannetunge,
so sille presten yvir ‘n sungji.

42. Men sidan det er no i manneheim,
so fær eg grava blakkjen innunder ein stein.»

43. So grov dei blakkjen innunder ein stein,
at ravnar aa kraakur sill’ki hakke hans bein.

*

Strofene er nummererte av samlaren.

Etter visa står det: «Slut. 8/3-1913» og «denne blakkjen sille onde den turen som Nikuls gjore vera like innat Himelens portar aa at dynnenne ti Helvitte sille’n au vera. Der ska vera vers om detti (ups:)»

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Naturmytiske balladar

Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.

I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.

Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.