Njaala (elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans)

[kap. 101–110]


101.

Um vaaren etter fór Tangbrand og vilde forkynna kristendomen, og Hall med honom. Dei kom vest um 188Lonshei til Stavafell, og der budde Torkjell. Han tala mest imot trui, og baud Tangbrand paa holm. Daa bar Tangbrand rodekrossOversetternote: Ródekross: krusifix. framanfor skjoldet, og det enda so med dei, at Tangbrand vann og drap Torkjell. Fraa der fór dei til Hornafjord og tok inn i Borgarhamn vestanfor Heinabergsand. Der budde Hilde hin gamle. Son hans var Glum, som var med Flose til brensla. Hilde og alle hans tok ved trui. Fraa der fór dei til Fellskverve og var framum paa Kalvafell. Der budde Kol Torsteinson, frenden hans Hall, og han tok ved trui, og alt hans folk. Fraa der fór dei til Breiaa. Der budde Ossur Roaldson; han var og frenden hans Hall; han let seg primsigna. Fraa der fór dei til Svinafell. Flose tok primsigning og lova aa fylgja dei paa tinget. Fraa der fór dei vest til Skogakverve og tok inn paa Kyrkjebø. Der budde Surt Aasbjørnson. Der hadde dei vore kristne alt ifraa hans langgodfar Kjetil hin fjaamne. Sidan fór dei fraa Skogakverve og til Hovdabrekka. Daa spurdest ferdi deira alle stader. Det var ein mann som heitte Galdra-Hedin, som budde i Kerlingardal. Der kjøpte dei heidne mennerne honom til aa drepa Tangbrand og fylgjet hans. Han fór upp i Arnarstaksheii og laga til eit stort blót der. Daa Tangbrand kom austantil ridande, brast jordi sund under hesten hans, men han sprang av hesten og kom seg upp paa bakken. Men jordi svelgde hesten og heile reidingi, og dei saag honom aldri sidan. Daa lova Tangbrand Gud.




102.

Gudleiv leiter no upp Galdra-Hedin og finn honom uppaa heii. Han driv honom ned til Kerlingardals-aai 189og kom i skotføre med honom, og skaut igjenom honom eit spjot. Fraa der fór dei til Dyrholm og heldt møte; Tangbrand baud dei trui og kristna Ingjald, son hans Haaøyra-Tyrdil. Fraa der fór dei til Fljotslid og baud fram trui. Der var det Vetrlide skald og Are, son hans, som mælte mest imot, og difor so drap dei Vetrlide. Fraa der fór Tangbrand til Bergtorskvaal, og Njaal og alle i hans hus tok imot trui. Men Môrd Valgardson gjorde mest motstand. Fraa der tok dei vegen ut yver aaerne. Dei fór til Haukadal, og der døypte dei Hall; han var tri aar den gongen. Fraa der fór dei til Grimsnes. Der fekk han upp ein flokk imot dei, Torvald Veile, og sende bod til Ulv Uggeson, at han skulde fara imot Tangbrand og drepa honom, og gjorde ei visa um det. Men Ulv Uggeson gjorde ei visa att og sa: «Eg agtar meg ikkje til aa vera flugugapen hans. Han fær agta seg, so ikkje tunga hans veiver seg um hovudet paa honom.» Og etter det fór sendemannen heim og sa Torvald Veile ordi hans Ulv. Torvald hadde mykje folk um seg, og hadde set ut at han vilde leggja seg i veg for dei paa Blaaskogsheii. Tangbrand og Gudleiv rid fraa Haukadal. Dei møter ein mann som kom ridande imot dei. Han spurde etter Gudleiv, og daa han fekk sjaa honom, mælte han: «Det skal koma deg til gode, at du er bror hans Torgils fraa Røykjarhole; eg skal gjeva deg njosn, at dei hev mange fyresetor – Torvald Veile ligg med ein flokk ved Hestaløk paa Grimsnes.» – «Ikkje skal me drygja for di,» seier Gudleiv, «med aa rida til mots med honom.» Og so reid dei nedetter til Hestaløk. Torvald var daa komen yver løken. Gudleiv mælte til Tangbrand: «Her er Torvald; lat os no ganga paa honom. Tangbrand skaut eit spjot igjenom honom, og Gudleiv hogg honom yver oksli og av handi, og det vart hans bane. Sidan reid 190dei upp paa tinget – og det var nære gjort, at frendarne hans Torvald hadde gjenge paa dei. Njaal og austfjordingarne hjelpte Tangbrand. Hjalte Skjeggjeson kvad dette visestev:

Fritt eg aat gudarne fryner –
ei flog-tik tykkjest meg Frøya.

Hjalte og Gissur Kvite fór vestanfraa den sumaren. Men skipet hans Tangbrand vart sundslege aust ved Bulandsnes; skipet heitte Visund. Tangbrand fór vest gjenom alle bygder. Steinunn, mor hans Skaldrev, kom imot honom. Ho baud Tangbrand den heidne trui og talde for honom lenge. Tangbrand tagde, med ho tala, men etterpaa tala han lenge, og dreiv attende inn i villa alt det som ho hadde sagt. «Hev du høyrt det,» sa ho, «at Tor baud Krist paa holm, men Krist torde ikkje slaast med Tor?» – «Det hev eg høyrt,» seier Tangbrand, «at Tor var ikkje anna en mold og oske, um Gud ikkje vilde lata honom leva.» – «Veit du,» seier ho, «kven som hev brote sund skipet dit?» – «Kva seier du um det?» seier han. «Det skal eg segja deg,» svarar ho. Og so kvad ho tvo vers, som gjeng um det, at det var Tor som hadde banka sund bordi i Visunden og slengt skipet imot bergi, so det gjekk i flisor og fillor. Etter det skildest Tangbrand og Steinunn, og Tangbrand og fylgjet hans fór vest til Bardastrand.




103.

Gjest Oddleivson budde i Haga paa Bardastrand. Han var den visaste av menner, so han saag lagnaden aat folk fyreaat. Han gjorde veitsla for Tangbrand og fylgjet hans. Dei fór til Haga, seksti mann sterke paa lag. Daa vart det sagt dei, at det var tvo hundrad heidne menner der, og det var von til det kom dit ein 191berserk som heitte Utrygg, og som alle var rædde. Um honom var det sagt so stort eit ord, at han ræddest korkje eld elder egg, og dei heidne menner var fælt rædde honom. Tangbrand spurde, um dei vilde taka ved trui. Men alle dei heidne mennerne mælte imot. «Eg skal bjoda til noko,» sa Tangbrand, «so me kan røyna kva som er den rette trui. Me skal gjera upp tri eldar. De heidningarne skal vigja ein, og eg ein, men den tridje skal vera uvigd. Men um berserken ræddest berre den eine av eldarne – den eg vigjer – men vêd baae dei hine, daa skal de taka ved trui.» «Detta er vel mælt,» sa Gjest, «og eg samtykkjer i det for meg og heimemennom mine.» Og daa Gjest hadde detta mælt, daa samtykte mange fleire. Daa vart det sagt, at berserken kom farande til gards. Eldarne var uppgjorde og brann. Mennerne tok vaapni sine og ljop upp i benkjerne og bidde so paa honom. Berserken kjem laupand med vaapnom sine inn igjenom døri. Han kjem inn i stova, og straks vod han den elden som var vigd av heidningom, og so den uvigde. Han kjem aat den elden som Tangbrand hadde vigt; den torde han ikkje vada, men sa han brende upp seg. Han høgg med sverdet innpaa benken, men det beit upp i tverrtreet; for han svinga det høgt. Tangbrand slo honom yver handi med ein rodekross, og daa hende so stort eit under, at sverdet datt ut or handi paa berserken. Daa sette Tangbrand sverdet i brjostet paa honom, men Gudleiv hogg honom yver handi, so den gjekk av. Daa var det mange som kom burtaat, og dei drap berserken. Etter dette spurde Tangbrand, um dei vilde taka ved trui. Gjest sa, at han hadde ikkje mælt meire en han etla aa halda. Tangbrand døypte daa Gjest og hans folk og mange andre.

192Tangbrand raadførde seg med Gjest, um han skulde fara noko umkring der vest i fjordom; men Gjest raadde honom til aa lata det vera, og sa at folket der var harde og vonde aa eigast med – «men er det so etla fyre, at denne trui skal hava gjenge, so gjeng det fram paa Alltinget, og der kjem det hovdingar fraa alle heradi.» – «Eg bar det fram paa tinget,» seier Tangbrand, «men der gjekk det mest traatt.» – «Du hev no teke tyngste taket,» seier Gjest, «um det vert andre aude aa faa trui lovteki. Men det er som mælt er, at ikkje fell treet for fyrste hogget.» Gjest gav Tangbrand gode gaavor, og Tangbrand og fylgjet hans fór so sudetter att. Tangbrand fór igjenom Sørlendingafjorungen, og so til Austfjordarne. Han var framum paa Bergtorskvaal, og Njaal gav honom gode gaavor. So reid han aust til Aalptafjorden og til Sidu-Hall. Han let bøta skipet sit; heidningarne kalla det Jarnmeisen. Paa dette skipet fór Tangbrand utantil, og Gudleiv med honom.




104.

Denne sama sumaren vart Hjalte Skjeggjeson dømd paa tinget for gudespott.

Tangbrand fortalde Olav konge um alle dei meingjerderne islendingarne hadde gjort honom, og sa, at dei var so mangkunnuge, at jordi sprakk sund under hesten hans og tok den. Daa vart Olav konge so vreid, at han tok fanga alle islendske menner som der var, og sette dei i myrkestova og etla seg til aa drepa dei. Daa gjekk Gissur Kvite og Hjalte fram og baud seg til aa ganga god for desse mennerne og fara til Island og bjoda trui. Kongen tok det vel, og dei slapp att alle. Gissur og Hjalte tok til aa bu skipet sit til Islandsferd, og dei var snøgt ferduge. Dei kom i land paa 193Øyrom, tie vikor paa sumaren. Dei fekk seg hestar straks og folk til aa rydja av skipet. Dei reid til tings tredive i fylgje, og sende bod til alle kristne menner, at dei skulde halda seg paa-stelte. Hjalte var att i Røydarmulen; for dei hadde spurt, at han hadde vorte dømd utlæg for gudespott. Men daa dei var komne til Vellandkatla nedanfor Gjaabakken, kom Hjalte etter dei, og sa han vilde ikkje syna heiingarne at han var rædd dei. Mange kristne menner reid til mots med dei, og dei rid med fylkt lid paa tinget. Heiingarne og hadde fylkt. Og det var nære paa, at heile tingheimen hadde kome til aa slaast. Men det vart ikkje til det.




105.

Ein mann heitte Torgeir Tjørveson, sonarson av Torkjell Lang. Kona hans heitte Gudrid og var av Ravnistafolket. Han budde paa ein gard heitte Ljosavatn, og var ein stor hovding og ein framifraa klok mann.

Dei kristne tjelda buderne sine. Gissur og Hjalte var i Mosfellingabudi. Dagen etter gjekk baae flokkarne paa Logberget, og baade kristne og heiingar nemnde seg vitne og sa seg utor lov med einannan, og daa vart det so stort eit uljod paa Logberget, at ein kunde ikkje høyra manna maal. Sidan gjekk dei fraa einannan, og det tyktest alle, at det horva til den verste vanskipnad. Dei kristne tok seg Hall fraa Sida til lovsegjemann. Men Hall fór stad og fann Torgeir fra Ljosavatn, lovsegjemannen, og gav honom tri merker sylv, for at han skulde segja fram loven. Men det var daa ei vaagsam raad; for Torgeir var heiing. Torgeir laag heile dagen, og breidde ein feld yver hovudet, so ingen fekk tala ved honom. Men dagen etter gjekk folk til Logberget. Daa bad Torgeir um ljod og mælte: «So tykkjest det meg, 194at maalemni vaare er komne vandveges, um me ikkje skal hava ein lov alle. Vert loven sundbytt, so vert og freden sprengd, og daa vert det ikkje her buande. No vil eg spyrja baade heidne menner og kristne, um de vil hava den loven som eg seier fram.» Det samtykte alle. Han vilde at dei skulde festa det med eid. Det sa alle ja til, og han tok eid av dei. «Det skal vera loven vaar,» seier han, «at alle skal vera kristne her i landet og tru paa ein gud – Far og Son og Heilaganden – og lata av fraa all tregud-villa; ikkje bera ut born og ikkje eta hestekjøt. Det skal vera skoggangssak, kjem det upp, men er det gjort løynlega, so skal det vera strafflaust.» – Men all den heidendomen kom burt, daa faae aar var lidne, so det vart avteke likso vel aa gjera det løynlega som openljost. – Og so sa han fraa um aa halda sundagen, fastedagar, jol, paaske og dei andre største høgtiderne. Heiingarne tykte at dei var stort svikne. Men likevel vart trui i lov leidd, og alle vart gjorde til kristne her i landet. Etter dette fór folk heim fraa tinget.




106.

Denne tilburden hende tri aar etter paa Tingskaaleting. Aamund hin blinde, son hans Hoskuld Njaalsson, var der. Dei leidde honom buda-millom. Han kom aat budi der Lyting fraa Saamstad var. Han let seg leia inn i budi og framaat der som Lyting sat. Han mælte: «Er han her, Lyting fraa Saamstad?» – «Ja,» seier Lyting, «kva er det du vil meg?» – «Eg vil vita,» seier Aamund, «um du vil bøta meg far min; eg er løyndgjeten, og eg hev ikkje teke imot nokor bot.» – «Eg hev bøtt far din med fulle bøter,» seier Lyting;» farfar din og farbrørne dine tok imot det, men brørne mine 195vart ubøtte. Var det ille gjort, so vart eg og nedaatbøygd for det.» – «Eg spør ikkje etter det,» seier Aamund, «um du hev bøtt aat dei; eg veit de er sætte. Men eg spør um du vil bøta aat meg.» – «Nei,» seier Lyting. «Ikkje skynar eg,» seier Aamund, «at dette kan vera rett for Gud, so nære hjarta som du hev hogge meg. Og det kan eg segja deg, at var eg heil-øygd, so skulde eg hava eitt for far min, anten bøter elder hemn. Men lat no Gud skifta os imillom.» Og so gjekk han ut. Men som han kjem burti bud-døri, snur han inn i budi att. Daa let dei seg upp augo hans. Daa mælte han: «Lova vera du, Gud kongen min, no ser eg kva du vil!» og løyp so inn i budi og framaat Lyting og høgg ei øks i hovudet hans, kav uppunder hamaren, og nykte øksi aat seg. Lyting stupte fram og var daud straks. Aamund gjekk ut i bud-døri, og daa han kom i same feti, der augo opnast, let dei seg att, og han var blind all si tid sidan. Etter det let han fylgja seg til Njaal og sønerne hans. Han seier dei draapet paa Lyting. «Ingen skal lasta deg for detta,» seier Njaal, «for slikt er ofte fyrelaga, og naar det hender, so minner det um, at ingen skal skjota unda dei som stend nær til aa krevja.» Sidan baud Njaal frendarne hans Lyting semja, og Hoskuld Kvitanes-gode var med og talde til, at dei skulde taka imot. Det vart gjort so, at det halve av bøterne fall burt for det kravet som Aamund tyktest eiga. Sidan gjekk dei saman til trygd, og frendarne hans Lyting lova Aamund den. Folk fór heim fraa tinget, og no er det stilt lenge.




107.

Denne sumaren kom Valgard hin graa ut att; han var heiing endaa. Han fór til Hov aat Môrd, son sin, 196og var der um vintren. Han sa til Môrd: «Eg hev ride vidt ikring i bygdi her, men det tykkjest meg, at ho er ikkje att-kjennande. Eg kom til Kvitanes, og der saag eg mange budtufter og store umbrøyte. Eg kom til Tingskaaleting, og der saag eg budi vaar var sigi ned all saman. Elder kva skal dei sæta, slike avbrigder?» Môrd svarar: «Det er uppteke nye god-ord no og femterets-lov, og folk hev sagt seg or ting med meg og i ting med Hoskuld.» Valgard mælte: «Ille hev du lønt meg for god-ordet eg gav deg i hand, naar du hev fare so umanslegt fram med det. Men no vil eg du skal løna dei soleis, at det dreg til bane aat dei alle. Og det gjer du paa den maaten, at du set vondt millom dei og eggjar dei saman, til des Njaalssønerne drep Hoskuld. Men det er mange til ettermaal etter honom, og dette vert daa upphav til at Njaalssønerne vert drepne.» – «Detta gjeng yver mi magt aa faa gjort,» seier Môrd. «Eg skal leggja raaderne til,» seier Valgard. «Du skal beda Njaalssønerne til deg og leia dei ut med gaavor; men fyrst daa skal du taka til aa leggja vondt i dei, naar det er vorte so hævt med venskapen millom deg og dei, at dei trur deg likso godt som seg sjølve. Daa kan du faa hemn for pengarne som Skarphedin tok av deg, daa Gunnar var daud, og daa kan du naa fram til aa verta hovding, naar alle desse er drepne.» Dei slo det fast seg imillom, at etter denne raadgjerdi skulde det ganga. Môrd mælte: «Det vilde eg, far, at du skulde taka ved trui – du er ein gamal mann.» – «Ikkje vil eg det,» seier Valgard, «helder vilde eg at du skulde kasta trui, og sjaa korleis det daa gjeng.» Môrd sa han vilde ikkje det. Valgard braut sund for Môrd alle krossar og heilagluter. Lite etter fekk Valgard sott, og døydde og vart hauglagd.




108.

197Noko seinare reid Môrd til Bergtorskvaal og kom saman med Skarphedin og brørom hans. Han var svært fagermælt, og rødde heile dagen um kor gjerne han vilde hava samlag med dei. Skarphedin tok det alt vel upp, og sa berre at han hadde ikkje set slikt av honom fyrr. Men det vart til det, at han kom seg i slik venskap med dei, at ingen, korkje han elder dei, tykte eit raad var full-godt, utan so dei var saman um det. Njaal likte alltid ille paa at Môrd kom der, og synte daa ogso titt og ofte uviljen sin. So var det ein gong Môrd var paa Bergtorskvaal, at han sa det til Njaalssønerne: «Eg hev laga til veitsla og etlar aa drikka arvøl etter far min. Til det laget vil eg beda dykk Njaalssøner og deg Kaare, og eg lovar at de skal ikkje ganga gaave-lause derifraa. Dei lova aa koma. Môrd fer heim og gjer alt ferdugt til veitsla. Han bad dit mange bønder, og det vart folksamt i det gjestebodet. Njaalssønerne og Kaare kom dit. Môrd gav Skarphedin ei stor gullsylgja og Kaare eit sylvbelte; Helge og Grim fekk og gode gaavor. Dei kom heim, roste gaavorne og synte Njaal dei. Han seier, at dei var vissa dyrt nok kjøpte; – «berre hav augo opne, at de ikkje løner honom med det som han mune vilja.»




109.

Lite seinare hadde dei lag for einannan, Hoskuld og Njaalssønerne. Njaalssønerne bad fyrst Hoskuld til seg. Skarphedin hadde ein brun hingst, fire aar gamal og baade stor og sjaaleg, men han hadde ikkje endaa vore framleidd til heste-ota. Skarphedin gav Hoskuld denne hesten og tvo marar. Alle gav dei honom gaavor 198og mælte til vens med honom. Sidan bad Hoskuld dei heim aat Vorsabø. Han hadde bede mange, so det var mykje folk der. Han hadde havt nede skaalen, men det var tri bur der, og i dei var det tilstelt sengjer aat gjesterne. Dei kom alle som var bedde, og veitsla gjekk overlag vel. Daa folket skulde fara heim att, gav Hoskuld mennerne velvalde gaavor, og han fylgde Njaalssønerne langt paa vegen. Sigfussønerne fylgde med, og heile gjesteflokken. Kvar sa til annan, at det skulde ikkje koma dei noko imillom.

Noko seinare kom Môrd til Vorsabø og vilde faa tala med Hoskuld. Dei gjekk til samtals. Môrd mælte: «Det er stor skilnad paa deg og Njaalssønerne. Du gav dei gode gaavor, men dei gav deg gaavor til stor spott og spe.» – «Kva hev du til aa sannføra det med?» seier Hoskuld. «Dei gav deg ein hest som dei kalla Vonfolen, og det var for aa spotta deg; for dei tykte at du og er urøynd. Og det kan eg og segja deg, at dei ovundar deg god-ordet. Skarphedin tok god-ordet dit paa tinget, daa du ikkje kom til femterets-stemma, og han etlar seg ikkje til aa sleppa det att.» – «Det er ikkje sant,» seier Hoskuld; «eg tok imot det att no paa haust-tinget.» – «Det er Njaal aa takka det daa,» seier Môrd. «Dei braut semja med Lyting og,» seier Môrd. «Ikkje tenkjer eg aa lasta dei for det,» seier Hoskuld. «Det kan du ikkje mæla imot,» seier Môrd, «at daa du og Skarphedin gjekk aust til Markarfljot, so datt det ei øks unda beltet hans, og han hadde etla seg til aa drepa deg.» – «Det var vedarøksi hans,» seier Hoskuld, «og eg saag han stakk henne under beltet sit. Og um meg er her stutt aa segja,» seier Hoskuld, «at du seier aldri so illt um Njaalssønerne, at du fær meg til aa tru det. Men um det vert aa velja millom, og du hev rett i det, at eit av tvo maa henda, 199anten at eg drep dei, elder dei meg – daa vil eg mykje helder tola daude av dei en aa gjera dei mein. Men du er berre so mykje verre mann, etter du hev sagt dette.» Etter det fór Môrd heim.

Noko seinare fer Môrd aat Njaalssønerne. Han tala mangt med dei og Kaare. «Det er sagt meg,» seier Môrd, «at Hoskuld Kvitanes-gode skal hava mælt, at du Skarphedin hev brote sætten med Lyting. Men det hev eg fenge visend um, at han trur du stod honom etter livet, daa de tvo fór aust til Markarfljot. Men eg tykkjer no han gjorde meir i den lei, daa han baud deg til veitsla og viste deg til det utburet som laag lengst fraa dei andre husi; der vart og bore ved til heile natti, so han hadde nok etla seg til aa brenna dykk inne. Men det kom i vegen, at Hogne Gunnarson kom der um natti, og daa vart det ikkje noko av; for dei var rædde honom. Sidan fylgde han deg langt paa vegen med ein stor flokk menner. Det var andre gongen han etla seg til aa taka paa deg, og det var Grane Gunnarson og Gunnar Lambeson han hadde sett til aa drepa deg; men dei vart modfallne og vaaga seg ikkje til aa raada paa deg.» Men daa han hadde sagt dette, so mælte dei fyrst imot; men sistpaa vart det til det at dei trudde. Dei vart styrvne mot Hoskuld og tala mest inkje til honom, naar dei raaktest. Hoskuld var ikkje den som synte seg etterlaaten, han helder. Og soleis gjekk det ei rid frametter.

Um hausten fór Hoskuld austetter til eit lag paa Svinafell, og Flose tok vel imot honom. Hildegunn var der og. Flose seier til Hoskuld: «Hildegunn fortel meg, at det er vorte so graatt med deg og Njaalssønerne, og det tykkjer eg er ille. Eg vil bjoda deg, at du ikkje rid vestetter att; for eg skal faa deg bustad paa Skaftafell, og senda Torgeir, bror min, til aa bu paa Vorsabø.» – 200«Det kjem daa sume til aa mæla,» seier Hoskuld, «at eg flydde derifraa av ræddhug, og det vil eg ikkje.» «Daa er det aa ottast,» seier Flose, «at det ber burt i eit stort meinføre.» – «Ille er det,» seier Hoskuld; «for helder vilde eg liggja ubøtt, en at mange skulde koma illt inni for mi skuld.» Hoskuld gjorde seg buen til aa fara heim att nokre faae næter etter. Flose gav honom ei skarlakskaapa, som var tilbudd med pynteband fraa øvst til nedst. Hoskuld reid heim til Vorsabø. No er det stilt ei stund. Hoskuld var ein mann so vensæl, at faae var hans uvener. Men same utokka var det med honom og Njaalssønom all den vintren. – Njaal hadde teke til uppfostrings ein son hans Kaare, som heitte Tord. Han hadde og fostra Torhall, son hans Aasgrim Ellidagrimsson. Torhall var ein spræk og traust kar. Han hadde lært loven so til gagns av Njaal, at han var den tridje store lovmannen paa Island. Det vaarast tidleg det aaret, og folk tok tidleg aat aa saa konnet sit.




110.

Det var ein dag at Môrd kom til Bergtorskvaal. Dei gjekk til samtals straks, han og Njaalssønerne. Môrd baktalar Hoskuld, som han var van, og hev endaa fleire nye sogor aa fortelja, og eggjar Skarphedin paa det hardaste til aa drepa Hoskuld, og sa, at han vart nok fortare ferdug, gjorde dei det ikkje straks. «Eg skal gjera deg til viljes i dette,» seier Skarphedin, «um du vil vera med aa gjera noko ved det.» – «Det skal eg lova,» seier Môrd. Og dette batt dei med fastmæle, og Môrd skulde koma att um kvelden. Bergtora spurde Njaal: «Kva talar dei um ute?» – «Ikkje er eg med i raadgjerdom deira,» seier Njaal; «men eg hev sjeldan vore 201halden utan-med, naar raaderne var gode.» Skarphedin la seg ikkje den kvelden, og ikkje brørne hans elder Kaare. Denne same natti, daa det leid paa, kom Môrd attende. Tok dei so vaapni sine, Njaalssønerne og Kaare, og reid burt. Dei fór til dei kom til Vorsabø, og bidde ved eit gjerde der. Veret var godt og soli komi upp.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Njaala (elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans)

Njaala/Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans/Njåls saga er den største av islendingesagaene. Den ble skrevet ned på slutten av 1200-tallet, trolig basert på historiske hendelser iblandet diktning og vandrehistorier. Teksten er bevart i en rekke manuskripter, for eksempel i håndskriftet Möðruvallabók, som også inneholder teksten til ti andre islendingesagaer.

Handlingen foregår for det meste på Island i tiden rundt år 1000, og skildrer livene til Gunnar Hammundarsson fra Lidarende og Njål Torgeirsson. De to mennene er svært forskjellige, men har et sterkt vennskap. Vennskapet settes dog stadig på prøve når slektningene deres ofte egger til strid og uvennskap. Sagaen handler også om overgangen fra hedenskap til kristendom.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.