Njaala (elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans)

[kap. 11–20]


11.

Torvald reid heim fraa gjestebodet, og kona hans med honom, og han Tjostolv. Han fylgde hesten hennar, og dei tala støtt. Usviv veik burtaat sonen sin og 23mælte: «Likar du vel giftet? hell korleis gjekk samrøa med dykk?» – «Vel,» seier han, «ho kunde ikkje blidare vera imot meg. Og det kan du sjaa merke paa; ho lær for kvart ord.» – «Eg tenkjer laatten hennar ikkje er so god som du meiner,» seier Usviv; «men det kjem sidan til aa røynast.» Dei reid til des dei kom heim. Um kvelden sat ho hjaa mannen sin, men gav Tjostolv sæte næst seg innanfor. Det var styrve med Tjostolv og Torvald; det var ikkje vidare dei talast ved, og soleis gjekk vintren framyver. Hallgjerd var fengsamOversetternote: Fengsam er den som er gild til at fanga saman, samla i hop, raa til, ute um seg. og stortøk. Ho fekk i hop fraa nærast ikring, det andre aatte des meir, og glata burt alt. Men daa det vaarast, vart det bu-skort; det vanta baade mjøl og skrei. Hallgjerd tala aat Torvald og sa: «Ikkje treng du sitja fyre no; det vantar baade mjøl og skrei i huset.» Torvald mælte: «Ikkje raadde eg mindre til husan no en me er vane med, og det plar rekka langt framyver sumaren.» Hallgjerd mælte: «Ikkje sæter eg det, um de hev svelt dykk rike, du og far din.» Daa vart Torvald vond og la til henne i andlitet, so ho blødde, gjekk fraa henne og fekk hus-kararne med seg, og dei drog fram ei skuta, som dei gjekk uti aatte mann, og rodde utetter aat Bjarnar-øyom. Der tok han skrei og mjøl.

No er det aa segja um Hallgjerd, at ho sat ute og var uvel. Tjostolv gjekk burtaat henne, og saag at ho var saara i andlitet, og mælte: «Korleis er du vorti so ille avreidd?» – «Torvald, mannen min, valda det,» seier ho. «Du var for langt av, um du bryr deg noko um meg.» – «Eg visste det ikkje,» seier han, «men dette skal eg hemna.» Sidan gjekk han ned i fjøra og skauv ut ein seks-røings baat. I handom hadde han ei 24stor øks med jarnreiva skaft, som han aatte. Han stig uti baaten og ror utigjenom aat Bjarnar-øyom. Og som han kom der, var dei rodde fraa der att, so nær som Torvald og kararne hans. Han heldt paa lesste skuta, og mennerne hans bar utpaa. Tjostolv kom med det sama, og sprang uppi skuta og tok i med honom, og mælte: «Du er laak til dessa; veik og uhendug.» Torvald mælte: «Meiner du aa gjera det betre?» – «Det er ikkje den ting som ikkje eg gjer betre en du,» seier Tjostolv, «og den kvinna er ille gift som du eig, og stutt skal samlivet dykkar vera.» Torvald fata eit handsaks som var der, og legg til Tjostolv. Tjostolv hadde teke øksi si paa oksli, og hogg imot, og raakte handi hans Torvald, so armen brotna, og sakset datt ned. Tjostolv hadde upp att øksi andre gongen og hogg Torvald i hovudet, so han døydde straks.




12.

Daa kom dei ovantil med byrdom, mennerne hans Torvald. Men Tjostolv var snar-raadig. Han hogg tvihendes til aat eit bord i baaten, so det rivna gjenom tvau rom, og flaug so i baaten sin. Men paa skuta stod kolblaae sjøen inn, og ho sokk med heile ladningi. Der sokk det og, liket hans Torvald, og fylgjet hans kunde ikkje sjaa, kva det var gjort ved honom, men det visste dei, at han var daud. Tjostolv rodde inn yver fjorden, men dei ynskte honom alt som illt var. Han svara ikkje, men rodde til des han kom heim – drog inn baaten og gjekk inn paa tunet og heldt upp øksi, og den var overlag blodut. Hallgjerd var ute og mælte: «Blodut er øksi di; kva vinna hev du no vore paa?» – «No hev eg gjort aat,» seier han, «so du skal verta gift ein gong til.» – «Daud seier du meg Torvald daa,» seier 25ho. «So er det,» seier han, «og sjaa no du ut ei raad for meg.» – «Det skal eg gjera,» seier ho; «eg vil senda deg nord i Bjarnarfjorden aat Svanshol, og Svan tek imot deg med baae handom. Og han er so mykje til mann for seg, at der tek ingen deg.» Han sala ein hest han aatte, steig upp og reid nord i Bjarnarfjorden aat Svanshol. Svan tok imot honom med baae handom og spurde tidend. Tjostolv sa honom draapet paa Torvald, og korleis det var til-gjenge. Svan mælte: «Slikt kallar eg menner, som ikkje kvier seg for det som er vaagsamt. Og det skal eg lova deg, at um nokon søkjer deg her, so skal dei faa den største skam av det.»

No er det aa fortelja fraa der Hallgjerd er, at ho byd Ljot hin svarte, frenden sin, sala hestarne og fylgja seg, «eg vil heim aat far min,» seier ho. Han lagar seg til ferdi. Hallgjerd gjekk aat kistorne sine, læste upp, og kalla aat seg alle i huset og gav dei nokre gaavor alle saman. Og dei tykte det var stuslegt etter henne alle. Ho reid til des ho kom aat Hoskuldstad. Far hennar tok vel imot henne; for han hadde ingen tidend spurt. Han sa: «Kofor var ikkje Torvald med deg?» Ho svara: «Han er daud.» Hoskuld mælte: «Tjostolv hev vel valda det?» Ho sa, at so var det. Hoskuld mælte: «Det ber nok til aa ganga som Rut sa, at det dreg store uheppor etter seg, dette kjøpet; men det batar ingen ank for vondt som er vorte.»

No er aa segja um fylgjet hans Torvald, at dei bidde til des det kom eit skip ut paa øyi. Dei fortalde um draapet paa Torvald og bad um baat til lands. Det fekk dei straks, og rodde i land paa Røykjarnes, fann so Usviv, og sa honom um det som hendt var. «Vonde raad dreg vondt etter,» seier han. «Og eg ser, korleis alt er til-gjenge: Hallgjerd hev sendt Tjostolv til Bjarnarfjorden, og sjølv er ho ridi heim til far sin. Me skal 26sanka folk og setja etter honom dit.» Dei so gjorde, sende etter folk – det var godt etter di – og rid so til Steingrimsfjorden og til Ljotaadalen og Selaadalen, derfraa til Bassastad, og so yver halsen til Bjarnarfjorden.

No tok Svan til ords og geispa svært: «No søkjer dei aat, fylgjorne hans Usviv.» Daa spratt Tjostolv upp og greip øksi si. Svan mælte: «Ver med meg ut; det skal ikkje so stort til.» Dei gjekk ut baae. Svan tok eit geiteskinn, sveivde det yver hovudet paa seg og mælte: «Skodd og skræmor og store vidunder aat alle dei som etter deg søkjer!»

No rid dei yver halsen, Usviv og fylgjet hans. Daa kom tjukke skodda paa dei. Usviv mælte: «Dette valdar Svan, og det vøre vel, um det ikkje fylgjer meir illt.» Lite etter vart det kasta slikt eit myrker fyre augo paa dei, at dei saag ikkje. Dei datt av og tapte burt hestarne sine, og fór ned i myrarne, og sume kom burti skogen, so dei heldt paa fanga skade, og vaapni sine tapte dei av seg. Daa mælte Usviv: «Kunde eg finna att hestarne og vaapni mine, so vilde eg venda att.» Og ikkje fyrr var det sagt, so vart det so dei saag noko, og fann att hestarne sine og vaapni. Daa var det mange som eggja til aa freista att, og det vart gjort; men so var det straks det same underet upp att. Og soleis gjekk det tri gonger. Daa mælte Usviv: «Um ferdi ikkje er god, so skal me no venda att. No skal me freista noko anna. Eg hev helst hug paa aa fara til Hoskuld, far hennar Hallgjerd, og beda honom um sonarbot; der sømd er inne, er det sømd aa venta.» Sidan reid dei til Breifjordsdalen, og det er ikkje noko um ferdi deira aa segja, fyrr dei kom til Hoskuldstad. Hoskuld var heime, og Rut, bror hans, var der. Usviv bad dei ut. Dei gjekk ut baae og helsa Usviv, og sidan tala dei saman. Hoskuld spurde Usviv, kvar han kom 27fraa. Han hadde leita etter Tjostolv, seier han, men ikkje funne honom. Hoskuld sa, at han var fulla komen til Svanshol, «og det er ikkje for alle aa søkja honom der.» – «For di er eg her komen,» seier Usviv, «at eg vilde beda deg um sonar-bot.» Hoskuld svara: «Ikkje drap eg son din, og ikkje valda eg honom bane; men eg undrast ikkje paa, at du gjerne vil hava noko.» Rut mælte: «Nær er nosi augo, bror; og det er naudsynlegt aa gjera ende paa eit illt ord og gjeva honom bot for son hans og retta paa saki aat dotter di. Det er det einaste som er aa gjera, so dette snakket kan verta burte att. For det er betre, di mindre det talast um dette.» Hoskuld mælte: «Vil du mekla i maalet?» – «Det vil eg,» seier Rut, «og eg skal ikkje halda deg unda i avgjerdi; for um sant skal segjast, so hev dotter di valda honom bane.» Daa sette Hoskuld seg ned bloande raud og tagde ei rid. Men so reiste han seg og mælte til Usviv: «Vil du handsala meg, at saki fell ned?» Usviv stod upp og mælte: «Ikkje er det jamnt bytt, at bror din meklar. Men du hev synt deg so manndomsam i denne saki, Rut, at eg trur deg til det.» So tok han Hoskuld i handi, og dei vart soleis samde, at Rut skulde gjera det av, og segja fram avgjerdi si, fyrr Usviv fór heim. Rut gjorde det og sa: «For draapet paa Torvald set eg tvo hundrad i sylv;» – det tyktest vera god manne-bot den tidi – «og det skal du gjera ut straks, bror, og greia det vel av handom.» Hoskuld gjorde so. Daa mælte Rut til Usviv: «Eg vil gjeva deg ei god kappa, som eg hadde med hit ut.» Han takka for gaava, og var glad for at det gjekk so, og fór heim. Lite seinare kom dei dit, Hoskuld og Rut, og skifte det godset som der stod saman etter Torvald og Hallgjerd. – Dei og Usviv vart vel sameinte um det – og brørne fór heim med godset. Usviv er no ute or soga. Hallgjerd 28bad Hoskuld, at Tjostolv skulde faa fara heim. Hoskuld gav henne javyrde paa det – og det var lenge det gjekk eit ymist ord um draapet paa Torvald. Godset hennar auka seg og vart mykje.




13.Feilnummerert i 1896-utgaven

Tri brørar er nemnde i soga. Ein heitte Torarin, den andre Rage, og den tridje Glum. Dei var sønerne hans Oleiv Halte. Dei var i stor vyrnad og rike. Torarin hadde kjenningsnamnet Rage-bror. Han hadde lovsegjingi etter Ravn Høingson og var ein overlag veltenkt og vitug mann. Han budde paa Varmaløk, og dei brukte i hop, han og Glum. Glum hadde vore lenge i kjøpmanns-ferder. Han var stor paa vokster, sterk og fridleitt. Rage, bror deira, var ein stor draapsmann. Desse brørne aatte Engøy og Laugarnes sudpaa. Ein gong Glum og Torarin talast ved, spurde Torarin, um han etla seg paa utferd no, som han var van. Han svara: «Eg hev etla meg til aa slutta med kjøpferdom.» «Kva hev du daa i hugen?» seier Torarin; «vil du taka deg ei kona?» – «Det vilde eg,» sa Glum, «um eg fekk det vel laga.» Daa rekna Torarin upp dei ugifte kvinnerne som var i Borgarfjord, og spurde um han vilde hava nokor av dei, «so skal eg vera med deg,» seier han. Han svara: «Det er ingor av desse eg vil hava.» «Seg meg daa, kven det er du vil hava,» seier Torarin. Glum svara: «Um du vil vita det, so heiter ho Hallgjerd og er dotter hans Hoskuld vest i Dalom.» – «Daa er det ikkje no som mælt er,» seier Toranin: Ein vitrast av annan mans skade. Ho vart gift med ein, og honom raadde ho bane.» Glum sa: «Det er ikkje rimelegt, at det gjeng slik uheppa yver henne ein gong til. Og det veit eg visst, at ho raader ikkje meg bane. Og um du 29vil unna meg ei æra, so rid med meg til aa beda um henne. Torarin mælte: «Det er ikkje noko aa gjera ved det; det maa fram ganga som til-etla er.» – Det var ofte at Glum kom inn paa dette ved Torarin. Men han heldt seg lenge unda. Men endeleg vart det so, at dei samla seg menner og reid vest i dalarne og kom aat Hoskuldstad, tjuge i fylgje. Hoskuld tok vel mot dei, og dei vart der um natti. Men tidleg um morgoen sende Hoskuld bod etter Rut, og han kom straks. Hoskuld var ute, daa Rut reid til gards. Hoskuld seier Rut, kva for menner som var komne. «Kva kan dei vilja?» sa Rut. «Dei hev ikkje bore upp noko erend aat meg enno,» so Hoskuld. «Det er likevel deg dei hev erend aat,» seier Rut; «dei vil beda um Hallgjerd. Men kva vil du svara?» – «Kva tykkjer du er raadlegast?» sa Hoskuld. «Vel skal du svara, men segja um baade dygdi og udygdi hennar,» seier Rut. Medan brørne stod og tala, kom gjesterne ut. Hoskuld og Rut gjekk imot dei. Rut fagna vel Torarin og bror hans. Sidan gjekk dei til samtals alle saman. Torarin mælte: «Eg er komen hit med bror min, Hoskuld, i det erend aa beda um Hallgjerd, dotter di, for honom. Og det skal du vita, at han er ein gjæv mann.» – «Eg veit det, at de brørne er gjæve menner og høgt i vyrnad,» seier Hoskuld; «men eg vil segja dykk, at eg stod fyre giftet hennar ein gong fyrr, og daa vart det til stor ugjæva for os.» Torarin svarar: «Ikkje vil me lata det staa i veg for kjøpet; for det gjeng ikkje eitt yver alle. Dette kan verta vel, um det fyrre gjekk ille. Og so var det fulla Tjostolv som var mest valdand i det.» Daa mælte Rut: «Eit raad vil eg gjeva dykk – so framt de ikkje vil lata staa i vegen for giftet det som fyrr hev vore med Hallgjerd – og det er, at Tjostolv ikkje vert med henne sudpaa, um dette vert noko av, og aldri er der 30meir en tri næter, med mindre Glum vil det, og han kan drepa honom ubøtt, um han er lenger. Glum eig rett til aa lova honom aa vera lenger, men ikkje er det mit raad. Og so skal det ikkje farast aat no som sist, at det ikkje vert sagt henne. Ho skal vita alt dette kjøpmaalet, sjaa Glum og raa sjølv, um ho vil hava honom elder ikkje – daa hev ho ikkje andre aa skulda, um det ikkje vert vel. Alt skal sviklaust vera.» Torarin mælte: «Det er no som det jamleg plar vera, dine raad gagnar best.» Det vart sendt bod etter Hallgjerd, og ho kom. Det var og tvo kvinnor med henne. Ho hadde blaa kaapa yver seg og raud skarlats-kjole under og sylvbelte um seg. Haaret laag nedyver paa baae sidor aat bringa, og ho hadde slege det under beltet paa seg. Ho sette seg millom Rut og far sin. Ho helsa alle med gode ord, tala greitt og godt for seg, og spurde um tidend. Sidan var ho tagall. Glum mælte: «Me hev tala ved far din um eit kjøp, eg og Torarin, bror min, at eg kunde faa deg, Hallgjerd, um det er din vilje som deira. Og som ei gjæv og gild kvinna maa du no segja fraa, um det er etter din hug; men hev du ingen hug paa dette kjøpet, so vil me ikkje tala meir paa det.» Hallgjerd mælte: «Eg veit, at de brørar er gjæve menner, og at eg kjem til aa verta mykje betre gift no en fyrr. Men vita vil eg, kva de hev tala av, og kor langt de er komne i maalet. Men eg tykkjest nok sjaa det paa deg, at eg kunde koma til aa halda av deg, um elles huglyndet vaart høver i hop.» Glum sa henne alt som avtala var, og veik ikkje fraa i noko, og spurde so Hoskuld og Rut, um han tok rett uppatt. Hoskuld sa, at so var det. Hallgjerd mælte daa: «So vel hev de stelt det for meg i denne saki, du far og du Rut, at eg vil gjera etter dykkar raad og lata avtala standa, soleis som de hev gjort henne.» Daa mælte 31Rut: «Daa tykkjer eg det er best, at me, Hoskuld, nemner vitne, og at Hallgjerd fester seg sjølv, um lovmannen finn det rett.» – «Rett er det,» seier Torarin. Sidan vart det sett takst paa godset hennar Hallgjerd; Glum skulde setja jamnt imot, og dei skulde eiga helvti kvar. Glum feste seg daa Hallgjerd, og brørne reid sudetter og heim. Men Hoskuld skulde gjera gjestebodet. No er det stilt, til des folk rid til gjestebods.




14.

Brørne fekk seg stort fylgje til veitsla og hadde utvalde folk. Dei reid vest aat dalom og kom til Hoskulstad, og der var det mykje folk kome fyre. Hoskuld og Rut skipa folket til sætes paa eine benken, brudgomen paa den andre. Hallgjerd sat paa pallen og skikka seg vel. Tjostolv gjekk ylmdest og bar øksi høgt, men det var ingen som lest sjaa det. Men daa gjestebodet var slut, fór Hallgjerd med sudetter. Daa dei kom sud til Varmaløk, spurde Torarin, um ho vilde taka ved hushaldet. «Eg vil ikkje det,» sa ho. Hallgjerd agta seg vel den vintren, og dei likte henne ikkje ille. Men um vaaren tala brørne um eigedomarne sine, og daa mælte Torarin: «Eg vil de skal setja bu i Varmaløk; for det ligg laglegast for hand aat dykk. Men eg vil fara sud til Laugarnes og bu der. Engøyi vil me eiga i hop.» Glum tykte det sama. Torarin fór sud i bygderne, og dei var att. Hallgjerd feste seg folk. Ho var storgjæv og fengsam. Um sumaren fekk ho eit gjentebarn. Glum spurde henne, kva gjenta skulde heita. «Ho skal heita Torgjerd etter farmor mi; for ho var ætta fraa Sigurd Favnesbane paa fars-sida.» Gjentebarnet vart aust med vatn og fekk det namnet. Ho voks upp der og vart lik mor si. Dei levde godt i 32hop, Glum og Hallgjerd, og soleis gjekk det frametter ei rid. Den tidendi spurdest nordantil fraa Bjarnarfjorden, at Svan var rodd ut paa fiske um vaaren; men det kom slikt eit austan-ver paa dei, at dei dreiv inn paa Veidelausa og sette til der. Men dei fiskarane som var i Kaldbak, tykte at han gjekk inn i Kaldbaks-horn og vart vel imot-teken der. Men sume sa imot di, og sa det var ikkje so. Men det visste alle, at han fanst ikkje korkje levande elder daud. Daa Hallgjerd spurde det, tykte ho det var stor skade etter morbror sin. Glum bad Torarin skifta gardarne; men Torarin sa han vilde ikkje det; «men seg henne Hallgjerd, at um eg lever lenger en du, so etlar eg meg til aa hava Varmaløk.» Glum sa Hallgjerd det. Ho svara: «Det er ikkje meir en rimelegt av os mot honom.»




15.

Tjostolv hadde slege hus-karen hans Hoskuld, og so jaga Hoskuld honom fraa seg. Han tok hesten sin og vaapni sine og mælte til Hoskuld: «No reiser eg av og kjem aldri att.» – «Det er god logn etter deg,» seier Hoskuld. Tjostolv reid til des han kom aat Varmaløk. Han vart vel imot-teken av Hallgjerd og ikkje ille av Glum. Han sa Hallgjerd, at far hennar hadde jaga honom, og bad henne sjaa til med seg. Ho sa ho kunde ikkje lova honom noko verande der, fyrr ho hadde tala med Glum. «Gjeng det vel med dykk?» sa han. «Me held mykje av einannan,» seier ho. Sidan gjekk ho til tals med Glum, la armen kring halsen hans og mælte: «Vil du gjera etter bøni eg vil beda deg?» – «Eg skal gjeva deg det, er det deg sømd i det,» seier han; «kva er det du vil beda um?» Ho mælte: «Tjostolv er jaga av der vest, og eg skulde 33ynskja, at du vilde lova honom aa vera her; men eg vil ikkje taka det tvert, er du lite um det.» Glum mælte: «Daa du er so snill, so skal eg gjera etter deg i dette. Men seg honom det, at han skal fara sin veg, tek han seg noko illt til.» Ho gjeng aat Tjostolv og seier honom det. Han svarar: «Du er snill, som eg venta meg det.» So vart han der, og han heldt seg i skinnet ei stund. Men som det leid paa, so var det som han skjepla alt. Det var ingen som gjekk fri honom, so nær som Hallgjerd. Men ho tok aldri under med honom, naar han tokst med andre. Torarin tala aat Glum, bror sin, for di at han let Tjostolv vera der, og sa det kom til aa henda gale, som det fyrr hadde gjort, um han vart verande der. Glum svara vel paa det, men gjorde etter sit eige tykkje.




16.

Det var ein haust at det var vondt for folk aa faa att sauerne sine. Glum vanta det mange gjeldverar. Daa mælte Glum til Tjostolv: «Gakk til fjels med huskarom mine og sjaa aat, um de finn nokon av sauom.» «Det høver meg so lite aa gaa paa saue-leiting,» sa Tjostolv. «Det er nok berre det, at eg vil ikkje gaa i faret aat trælom dine. Men gakk med sjølv, so skal eg vera med deg.» Dette kom dei til aa ordrekast hardt um. Hallgjerd sat ute; det var godt ver. Glum gjekk burtaat henne og mælte: «Det hev vore stridt med meg og Tjostolv, og det vert ei stutt stund me tvo vert buande saman;» og han sa henne, korleis ordi hadde falle. Hallgjerd heldt med Tjostolv, og det vart skift mange stride ord med dei. Glum slo til henne og mælte: «Eg vil ikkje tennast med deg lenger,» og gjekk so burt. Ho elska honom mykje, og ho kunde 34ikkje stagga seg, men storgrét. Tjostolv gjekk aat henne og sa: «Saart er du medfari, og slikt skulde ikkje vera oftare.» – «Ikkje skal du hemna dette,» seier ho, «elder leggja deg noko frami, korleis det so gjeng med os.» Han gjekk fraa henne og kald-flein.




17.

Glum sette mennerne sine til aa vera med seg paa ferdi. Tjostolv og gjorde seg ferdug og gav seg med. Dei fór upp søre Røykjardalen, og upp ved Baugagilet og upp aat Tverrfell. Der skilde flokken seg – sume fór i Skorardals-leitet, men sume sende Glum sudetter aat Sulnefjellom, og alle fann dei mykje sau. Det raakte so til, at dei vart tvo-eine, Glum og Tjostolv. Dei gjekk sudetter fraa Tverrfell og fann nokre skjerre sauer der, som dei jaga nordetter mot fjellet. Men sauerne sette upp paa fjellet for dei. Dei skjente kvar paa annan, og Tjostolv sa ved Glum, at det var ikkje anna han dugde til en aa liggja og velta seg med henne Hallgjerd. Glum mælte: «Vondt fylgje er ein kvitt, hev ein det ikkje heimantil. Skal eg taka skarv-ord av deg, rekande træl som du er!» Tjostolv mælte: «Det skal du verta var, at eg er ingen træl; eg vik ikkje for deg i noko.» Daa vart Glum sint og hogg til Tjostolv med saks-sverdet, men han kasta øksi imot, so hogget kom i fetenOversetternote: Fete: øksablad. og beit inni tvo finger langt. Tjostolv hogg imot med øksi, og ho kom i oksli og kløyvde sund aksle-beinet og krage-beinet, so han blødde inn. Glum greip Tjostolv med andre handi so hardt, at han reis overende. Men Glum kunde ikkje halda taket, for dauden sette paa honom. Tjostolv 35gøymde liket med stein, og tok av honom ein gullring. Han gjekk til des han kom aat Varmaløk. Hallgjerd var ute, og saag at øksi hans var blodut. Han kasta burtaat henne gullringen. Ho mælte: «Kva tidend ber du? Hell kofor er øksi di blodut?» Han svara: «Ikkje veit eg, kva du no tykkjer; eg ber deg daudar-ordet hans Glum.» – «Du valda fulla det?» seier ho. «So er det,» seier han. «Ikkje er du burte i leiken,» sa ho med ein laatt. Han mælte: «Kva raad ser du for meg no?» – «Far aat Rut farbror,» seier ho, «so finn han ut eitkort aat deg.» – «Ikkje veit eg,» seier Tjostolv, «um det er gagnraad, men eg skal fara etter dine ord i dette med.» Tok han so hesten sin og reid, og stadna ikkje fyrr han kom aat Rutstad um natti. Han bind hesten sin bak husi – gjeng so framaat døri, slær eit tungt slag paa den, og gjeng so nord-um husi. Rut hadde vore vaken; han kipte paa føterne eit par høge sko, hadde paa seg trøya og tok eit sverd i handi. Han reiva ei kappa kring vinstre handi og uppyver armen paa seg. Mennerne vakna ved det at han gjekk ut. Han gjekk nordum veggen og saag ein stor mann stod der, og kjende honom, at det var Tjostolv. Rut spurde, kva som var paa ferde. «Eg seier deg draapet paa Glum,» seier Tjostolv. «Kven valda det?» – «Eg drap honom,» seier Tjostolv. «Kofor reid du hit?» seier Rut. «Hallgjerd sende meg aat deg,» seier Tjostolv. «Ikkje er det ho som valda dette daa,» seier Rut, og drog sverdet. Detta saag Tjostolv og vilde ikkje vera seinast, men hogg til Rut straks. Rut kasta seg unda hogget og slo til flatsida paa øksi med vinstre handi, so tverrbraatt, at øksi dreiv ut or handom paa Tjostolv. Rut hogg med høgre handi til foten paa Tjostolv ovan kneet, og flaug til og støytte honom overende med det sama. Tjostolv fall att aa bak; foten hekk berre so 36vidt i hop. Daa hogg Rut honom i hovudet, og det vart bane-hogg. Daa kom dei ut, kararne hans Rut, og saag kor det var gjenge. Rut let dei føra Tjostolv burt og gøyma liket hans. Sidan fór Rut aat Hoskuld og sa honom draapet paa Glum og paa Tjostolv. Han tykte det var stor skade etter Glum, men han takka Rut for draapet paa Tjostolv. – No er det aa fortelja, at Torarin Rage-bror spør enden aat Glum, bror sin. Rid han so sjølv tolvte vester aat Dalom og kom aat Hoskuldstad. Hoskuld tok imot honom med baae handom, og han vart der um natti. Hoskuld sende bod etter Rut med sama, at han skulde koma dit, og han kom straks. Dagen etter tala dei mangt um draapet paa Glum. Torarin mælte: «Vil du bøta meg noko for bror min; for eg hev mist mykje.» Hoskuld svara: «Ikkje drap eg bror din, og ikkje raadde dotter mi honom bane; og straks Rut fekk det aa vita, so drap han Tjostolv.» Daa tagna Torarin, og tykte maalemnet vart vandslegt. Rut mælte: «Lat os gjera ferdi hans god – han hev visselegvisseleg] rettet fra: vissseleg (trykkfeil) mykje mist – so vil folk segja det var vel gjort. Me gjev honom gaavor, og han er vaar ven alle dagar.» Og so vart gjort; dei gav honom gaavor. Og han reid sudetter att. Han og Hallgjerd skifte bustad um vaaren – ho fór sud til Laugarnes, men han fór aat Varmaløk. Og Torarin er ute or soga.




18.

No er det um det aa fortelja, at Môrd Gigja vart sjuk og døydde, og det tyktest vera stor skade. Unn, dotter hans, tok all arven etter honon. Ho var daa ugift att andre gongen. Ho var svært romhendt og lite umsynleg med buet sit. Lausøyra hennar vart ende, so ho aatte kje att anna en jord og kretur.




19.

37Det var ein mann heitte Gunnar. Han var frenden hennar Unn. Rannveig heitte mor hans. Ho var dotter aat Sigfus, son hans Sighvat hin raude, som vart drepen ved Sandhólferja. Far hans Gunnar heitte Haamund, og han var son hans Gunnar Baugsson. Gunnarsholt er uppkalla etter honom. Mor hans Haamund heitte Ravnhild; ho var dotter hans Storolv Høingson. Storolv var bror hans Ravn lovsogumann. Son hans Storolv var Orm hin sterke. Gunnar budde paa Lidarende i Fljotslid. Han var stor paa vokster og sterk og vaapnfør framfor nokon mann. Han hogg og skaut med ymse hender, um han vilde; han svinga sverdet so kvasst, at det var som tri i lufti aa sjaa. Han skaut best av alle med bogen og høvde alt han skaut etter. Han kunde springa høgre en si eigi høgd i full herbunad, og likso langt attetter som frametter. Han var symd som ein sel. Og ikkje var det den leiken der det var bjoande til aa kappast med honom. So hev vore sagt, at ingen hev vore jamningen hans. Han var fager aa sjaa til og ljosleitt – rak nasa og framkeik, blaa-øygd og snar-øygd og raud i kinnom. Haaret var stort og gult og fall vent. Han var framifraa velseda og manntyd, uvægjen i alt, raadholl og godbeinken, mild og stillfærleg, ven-fast og ven-vand. Han var rik paa gods. Bror hans heitte Kolskjegg. Han var stor og sterk, manndomsam og sætande i alt. Den andre broren hans heitte Hjort. Han var i barnealderen endaa. Orm Skogarnev var ein løyndgjeten bror til Gunnar; han kjem ikkje denne soga ved. Arngunn heitte syster hans Gunnar. Henne hadde Roar Tungegode, son hans Une hin uborne, son hans Gardar, som fann Island. Son hennar Arngunn var Haamund Halte, som budde paa Haamundstad.




20.

38Det var ein mann heitte Njaal. Han var son hans Torgeir Gollner Ufeigson. Mor hans Njaal heitte Aasgjerd; ho var dotter hans Aaskjell Herse hin faamælte. Ho hadde kome aat Island og hadde teke land austanfor Markarfljot, millom Oldustein og Seljalandsmulen. Halte- Tore og var son hennar; han var far hans Torleiv Kraak, som Skogværingarne er ætta fraa, og hans Torgrim hin mikleOversetternote: av mikill: stor. og hans Torgeir Skorargeir. Njaal budde paa Bergstors-kvaal i Landøyom. Ein annan gard aatte han i Torolvsfell. Njaal var rik paa gods og ein venvaksen mann; men han hadde det ved seg, at det voks ikkje skjegg paa honom. Lovmann var han so stor, at ingen var jamningen hans. Han var vis og framsynt, godraadug og godgjegna – alt slo inn etter dei raad han hadde gjeve folk; – fredsæl og rettvis var han, langsynt og langminnug. Han løyste vandskarne for alle som aat honom kom. Kona hans heitte Bergtora; ho var dotter hans Skarphedin. Det var ei framifraa dugande og manndomsam kona, godærug, men noko hardlynd. Njaal og ho hadde seks born; tri søner og tri døtrar. Alle dei fær med denne soga aa gjera.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Njaala (elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans)

Njaala/Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans/Njåls saga er den største av islendingesagaene. Den ble skrevet ned på slutten av 1200-tallet, trolig basert på historiske hendelser iblandet diktning og vandrehistorier. Teksten er bevart i en rekke manuskripter, for eksempel i håndskriftet Möðruvallabók, som også inneholder teksten til ti andre islendingesagaer.

Handlingen foregår for det meste på Island i tiden rundt år 1000, og skildrer livene til Gunnar Hammundarsson fra Lidarende og Njål Torgeirsson. De to mennene er svært forskjellige, men har et sterkt vennskap. Vennskapet settes dog stadig på prøve når slektningene deres ofte egger til strid og uvennskap. Sagaen handler også om overgangen fra hedenskap til kristendom.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.