Njaala (elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans)

[kap. 111–120]


111.

Ved dette leite vakna Hoskuld Kvitanes-gode. Han klædde seg og tok yver seg kappa Flose-naut.Oversetternote: Flose-gaava. Han tok ei korg med konn i eine handi og eit sverd i hi; gjekk so burtaat gjerdet og tok til aa saa. Skarphedin og dei hadde tala av, at dei skulde bera vaapn paa honom alle. Skarphedin spratt upp attanfor gjerdet. Men daa Hoskuld saag honom, vilde han hava seg unda. Daa flaug Skarphedin paa honom og mælte: «Bry deg ikkje med aa hopa aa hæl, Kvitanes-gode!» og høgg til honom i hovudet, so han seig paa knéi. Han sa, med det same han fall: «Gud hjelpe meg, men tilgjeve dykk.» Dei ljop paa honom alle og saara honom. Daa sa Môrd: «Det kjem fyre meg ei god raad.» – «Kva er det?» seier Skarphedin. «Fyrst fer eg heimum, og sidan fer eg upp til Grjotaa og fortel det der og læt ille yver verket. Og daa veit eg visst at Torgjerd bed meg lysa draapet. Og det vil eg gjera; for det er ikkje noko som skjeplar so maalemnet for dei. Eg vil og senda ein mann til Vorsabø, so eg kjem under med kor snart dei tenkjer seg til aa gjera noko ved det. So fær han spyrja tidendi der, og eg skal laatast som eg fær vita det fraa dei.» – «Gjer so, du,» seier Skarphedin. Brørne og Kaare fór heim. Og daa dei kom heim, sa dei Njaal tidendi. 202«Ei syrgjeleg tidend er dette,» seier Njaal, «og ill aa fretta; for naar eg skal segja som det er til, so gjeng det meg so nær, at helder hadde eg vilja mist tvo av sønom mine, hadde Hoskuld vore i live.» – «Det er ikkje so undarlegt,» seier Skarphedin; «du er ein gamal mann – og ein kunde venta det gjeng deg nær.» – «Det er ikkje so mykje alderdomen,» seier Njaal, «som det at eg veit betre en de, kva som etter kjem.» – «Kva vil koma etter?» seier Skarphedin. «At eg fær min daude av det,» seier Njaal, «og kona mi og alle sønerne mine.» «Kva spaar du for meg?» seier Kaare. «Det vil verta stridt for dei aa ganga imot di gjæva,» seier Njaal, «for du vert for drjug aat dei alle.» Dette gjekk Njaal so nær som ingen annan ting, so han kunde aldri tala um det utan aa myklast.




112.

Hildegunn vakna og vart var med at Hoskuld var utor stova gjengen. Ho mælte: «Harde hev draumarne mine vore og ikkje gode; leit etter Hoskuld!» Dei leita etter kring garden, men fann honom ikkje. Daa hadde Hildegunn klædt seg. Ho og tvo menner gjeng burtaat gjerdet, og der finn dei Hoskuld drepen. Sauemannen hans Môrd Valgardson kom med det sama, og seier henne at Njaalssønerne hadde kome nedantil fraa der: «Skarphedin ropte paa meg og lyste draapet paa seg.» – «Karsverk hadde detta vore,» seier Hildegunn, «hadde det vore berre ein um det.» Ho tok kappa og turka upp alt blodet, og balla henne i hop, med blodlivrarne i, og la henne ned i kista si. So sende ho ein upp til Grjotaa til aa fortelja det der. Môrd var der fyrr og hadde fortalt det. Kjetil fraa Mork var og komen. 203Torgjerd mælte: «No er Hoskuld daud, som me veit, og no fær du minnast det du lova, daa du tok honom til fostrings.» – «Det kan vera,» seier Kjetil, «at eg lova vel mykje; for daa tenkte eg ikkje at desse dagarne skulde koma som no er vortne. Men eg er ille komen; for nosi er nær augo – eg er gift med dotter hans Njaal.» – «Vil du at Môrd lyser draapet,» seier Torgjerd. «Eg veit ikkje det,» seier Kjetil; «for eg tykkjer fleire fær illt av honom en godt.» Men straks Môrd kom til aa tala med honom, so gjekk det Kjetil som andre, han let seg inntelja, at Môrd vilde vera honom tru. Og den raadi vart teki, at Môrd skulde lysa draapet og bu maalemnet til aa koma fyre paa tinget. Môrd fór daa ned til Vorsabø, og dit kom nie av dei bønderne som budde nærast vigvangen. Môrd hadde tie menner med seg. Han syner bønderne saari hans Hoskuld og nemner vitne aat dei – ein mann aat kvart – so nær som eitt; det lest han som han ikkje visste kven som hadde gjort. Men det hadde han sjølv gjort. Han lyste draapet til aa koma paa Skarphedin, men saari paa brørne hans og Kaare. Sidan stemnde han dei nie vigvangsvitni til aa møta paa Alltinget. Daa det var gjort, reid han heim. Han var so godt som aldri saman med Njaalssønerne. Og naar dei raaktest, lest dei vera uvener; det var dei samraadde um.

Draapet paa Hoskuld spurdest yver alle bygder og vart ille umtala. Njaalssønerne fór aat Aasgrim Ellidagrimsson og bad honom um mannahjelp. «Det kan de vita von til,» seier han, «at eg vil hjelpa dykk i alle stor-tak. Men det kjem meg fyre, at det vert eit tungt maalemne; for det er mange til ettermaals, og dette draapet er ille umtala i alle bygder.» Njaalssønerne fór daa heim.




113.

204Ein mann er nemnd Gudmund hin rike; han budde paa Modruvollum i Øyafjorden. Far hans heitte Øyolv, son aat Einar, son hans Audun Rotin, son hans Torolv Smør, son hans Torstein Skrove, son hans Grim Kamban. Mor hans Gudmund heitte Hallbera, dotter av Torodd Hjelm. Men mor aat Hallbera heitte Reginleiv, dotter hans Sæmund den sudrøyske. Etter honom hev Sæmundarlid i Skogafjorden sit namn. Mor til Øyolv, far hans Gudmund, var Valgjerd Runolvsdotter. Mor aat Valgjerd att heitte Vilborg, og hennar mor var Jorunn den uborne, dotter av kong Osvald den heilage. Mor hennar Jorunn var Bera, dotter aat kong JetmundOversetternote: Jetmund elder Jaatmund er det same som Edmund, angelsaksisk Eádmund. – Dei lange ætt-tavlorne i Njaala, som i dei andre islendar-sogorne, er her jamnast noko avkorta. Men denne ætt-tavla hans Gudmund hin rike og ætt-tavla hans Snorre Gode i kapitlet etteraat er tekne med heilt ut, til prøvor, til aa syna kor utgreinte dei kunde vera. den heilage. Mor til Einar, far hans Øyolv, var Helga, dotter aat Helge den magre, som tok land i Øyafjorden. Far hans Helge var Øyvind Austmann, og mor hans var Ravarta, dotter av Kjarval irekonge. Mor til Helga Helgedotter var Torunn Hyrna, dotter aat Kjetil Flatnev, son hans Bjørn Buna, son hans Grim Herse fraa Sogn. Mor hans Grim var Hervor, og hennar mor var Torgjerd, dotter av kong Haaløyg paa Haalogaland. – Gudmund hin rike var gift med Torlaug, dotter aat Ale hin ramme, son hans Eiliv Ørn, son hans Baard i Aal, son hans Kjetil Rev, son hans Skid hin gamle. Mor aat Torlaug heitte Herdis, dotter aat Tord paa Hovde, son hans Bjørn Byrdusmør, son hans Roald, son hans Rodlaug Rygg, son hans Bjørn Jarnsida, son hans Ragnar Lodbrok, son hans Sigurd Ring, son hans Randve Raadbardson. 205Mor til Herdis Tordsdotter var Torgjerd Skidesdotter, og hennar mor var Fridgjerd, dotter av Kjarval irekonge.

Gudmund var ein stor hovding og overlag rik paa gods. Han hadde hundrad tenestfolk. Og so stort eit velde aatte han yver dei andre hovdingarne nordanfor Øksnadalshei, at sume miste gardarne sine, sume livet, og sume god-ordet sit for honom. Fraa honom er dei mest utvalde menner komne: Oddaverjar og Sturlungar, Kvamverjar og Fljotemenner, og Kjetil bisp og mange av dei beste menner. Gudmund var venen hans Aasgrim Ellidagrimsson, og Aasgrim etla seg til aa faa mannahjelp der.




114.

Snorre heitte ein mann; han hadde tilnamnet Gode. Han budde paa Helgefell fyre den tid Gudrun Osvivsdotter kjøpte av honom garden. Ho budde der til sin alderdom, men Snorre fór til Kvamsfjorden og budde paa Sælingsdalstunga. Far hans Snorre heitte Torgrim, som var son aat Torstein Torskebit, son hans Torolv Mostrarskjegg, son hans Ørnolv Fiskreke. Men Are Frode seier at Torolv var son hans Torgils Røydarsida. Denne Torolv Mostrarskjegg var gift med Oska,Oversetternote: Forfatternote: o‘en lang (ó). dotter aat Torstein hin raude. Mor hans Torgrim heitte Tora, dotter aat Oleiv Feilan, son hans Torstein hin raude, son hans Oleiv hin kvite, son hans Ingjald Helgeson. Mor hans Ingjald og heitte Tora, dotter aat Sigurd orm i auga, son hans Ragnar Lodbrok. Men mor hans Snorre var Tordis, syster aat Gisle Sursson. Snorre var godven aat Aasgrim Ellidagrimsson, og hjaa honom med tenkte Aasgrim aa faa hjelp. Snorre var den visaste av alle menner paa Island, av dei som ikkje var framsynte. Han var 206god mot sine vener, men hard mot sine uvener. I denne tidi var det stor tilstrøyming til tinget fraa alle landsfjorungarne, og folk hadde mange maalemne i gjerdom.




115.

Flose spør draapet paa Hoskuld, og han vart baade hugsottfull og vreid, men han bar det stilt. Det vart sagt honom maal-tilbunaden som var gjort etter draapet paa Hoskuld, men han sa ikkje vidare um det. Han sende bod til Hall paa Sida, maagen sin, og Ljot, son hans, at dei skulde gjera seg mannsterke til tings. Ljot var halden for aa vera beste hovding-emnet der aust. Det var spaatt honom, at reid han til tings tri gonger og kom heil heim, so skulde han verta største hovdingen i ætti si, og eldst. Han hadde daa ride ein sumar til tings, og no etla han seg til den andre. Flose sende bod aat Kol Torsteinson, aat Glum, son hans Hilde hin gamle, Geirleiv, son hans Anund Taskabak, og Modolv Kjetilson. Alle dessa reid til møtes med Flose. Hall lova og aa koma mannsterk.

Flose reid til han kom til Kyrkjebø til Surt Aasbjørnson. Daa sende han bod etter Kolbein Egilson, brorson sin, og han kom der. Fraa der reid han til Hovdebrekka; der budde Torgrim Skraute, son hans Torkjell hin fagre. Flose bad honom rida til Alltings med seg. Han lova det, og mælte til Flose: «Du hev ofte vore gladare en no, bonde, og det er ikkje aa undrast paa, um so er.» Flose mælte: «Det er visst, at no er det hendt som eg vilde gjeva all mi eiga til skulde vore ukome. Med laakt konn var det saatt, og laakt maa det verta som gror av det.» Fraa der reid han yver Arnarstakshei og kom aat Solheim til kvelds. Der budde Lodmund Ulvsson. Han var godven til Flose, 207og Flose vart der um natti. Um morgoen reid Lodmund med honom til Dal, og der vart dei den natti. Der budde Runolv, son hans Ulv Ørgode. Flose mælte til Runolv: «Her kan me sannspurt faa vita um draapet paa Hoskuld Kvitanes-gode; for du er ein sann-ordig mann, og hev det nære spurt, og eg trur deg i alt du hev aa fortelja um kva det var som kom imillom.» Runolv mælte: «Det er ikkje betre segjande en det er, at Hoskuld er meir en saklaus drepen. Tungt var det for alle, at han skulde døy soleis, og for ingen so tungt som for Njaal, fosterfar hans.» – «Daa vert det vondt um mannahjelp for dei,» seier Flose. «Det vert so,» seier Runolv, «um ikkje noko elles kjem til hjelp.» – «Kva er no vedgjort?» seier Flose. «Det er stemnt vitne,» seier Runolv, «og lyst draapet.» – «Kven gjorde det?» seier Flose. «Mord Valgardson,» seier Runolv. «Kor mykje er det aa lita paa?» spør Flose. «Han er skyld meg,» seier Runolv, «men likevel vil eg segja som sant er, at av honom nyt fleire illt en godt. Det vil no eg beda deg um, Flose, at du roar vreiden og tek det valet som det kan koma minst vanraad av; for Njaal vil bjoda god bot, og med honom mange av dei beste menner.» Flose mælte: «Rid med til tings, Runolv; ordi dine skal vega mykje hjaa meg, um ikkje noko verre kjem paa, en som vera skulde.» Dei tala ikkje meir, men Runolv lova aa fylgja. Han sende ord aat Havr hin spake, frenden sin, og han reid dit straks. Flose reid fraa der og til Vorsabø.




116.

Hildegunn var ute, og ho sa: «No skal alle heimemennerne vera ute, naar Flose rid inn paa garden. Men kvinnorne skal rydja i huset og tjelda og bu til høgsætet aat Flose.» So kom Flose ridande inn paa 208tunet. Hildegunn gjekk til møtes med honom og mælte: «Kom heil og sæl, frende; di koma hev gjort meg glad i hjarta.» – «Her skal me,» seier Flose, «eta dugurd, og sidan rida lenger.» Daa vart hestarne deira bundne. Flose gjekk inn i stova og sette seg, men kasta høgsætet unda seg nedi benken og mælte: «Korkje er eg konge elder jarl, og vil ikkje lata gjera høgsæte under meg, og det trengst ikkje aa spotta meg.» Hildegunn var nære stadd, og ho sa: «Det er ille, um du mislikar det; for detta gjorde me av heilan hug.» Flose mælte: «Um du hev heilan hug ved meg, skal det rosa seg sjølv, – og lasta seg sjølv, um illt er.» Hildegunn log ein kaldlaatt og sa: «Ikkje er det sætande enno, – me fær talast betre ved, fyrr me skilst.» Ho sette seg frammed Flose og dei tala laagt lenge.

Sidan vart bordi fram-sette, og Flose og mennerne hans tok handlaug. Flose saag paa handklædet, og daa var det hol i hol og sundt-rive i eine enden. Han kasta det i benken og vilde ikkje turka seg paa det, men rispa av bord-duken eit stykke og turka seg paa, og kasta det aat mennerne sine. Sidan sette Flose seg innaat bordet og bad mennerne sine eta. Daa kom Hildegunn inn i stova og gjekk burtaat Flose, greidde haaret fraa augo paa seg og gret. Flose mælte: «Det er deg hugtungt no, frendkona, med di du græt so; men det er daa vel, at du græt for ein god mann.» Ho tok daa til ords: «Kva vil no du gjera i ettermaalet, og kva hjelp skal eg faa av deg?» Flose mælte: «Eg skal søkja maalet dit fram til full rett, elder og faa gjort slik semja som gode menner held for sømeleg i alle maatar.» Ho mælte: «Hemnt deg hadde Hoskuld vilja gjort, um han hadde havt aa taka ettermaal etter deg.» Flose svara: «Det vantar ikkje deg hardlynde, og det er lett aa sjaa, kva du vil.» Hildegunn mælte: «Det var mindre han 209hadde til gjort, Arnor Ørnolvson fraa Fossaaskogen, mot Tord Frøysgode, far din, daa brørne dine Kolbein og Egil drap honom paa Skaftafells-tinget.» Hildegunn gjekk daa fram i skaalen og let upp kista si. Ho tok upp kappa som Flose hadde gjeve Hoskuld. I den kappa var det Hoskuld var drepen, og i den hadde ho gøymt alt blodet. Ho gjekk daa innar i stova med kappa, og burtaat Flose, og sa ikkje eit ord. Daa var Flose mett, og det var bore av bordet. Hildegunn tok og la kappa yver Flose, so blodet raus utyver honom alle stader. Ho mælte daa: «Denne kappa fekk Hoskuld av deg, Flose, og no vil eg gjeva deg henne att. I den vart han drepen. Og eg tek Gud og alle gode menner til vitne, at eg gjer deg eidbunden ved din Krist og all hans kraft, og ved din manndom og mannskap, til aa hemna alle dei saar som Hoskuld hadde paa seg, daa eg fann honom daud, – elder og so heit kvar mans nidding!» Flose kasta kappa av seg og heiv henne burti fanget hennar og mælte: «Du er eit vaaemenne av verste slag, og vil at me skal velja det som gagnar os alle verst; – kalde er kvende-raad.» Flose vart so skjepla, at stundom var han raud i andlitet som blod, stundom bleik som oska, stundom blaa som Hel. Flose og mennerne hans gjekk aat hestom sine og reid burt. Han reid aat Holtsvad og bier der paa Sigfussønerne og dei andre venerne sine.

Ingjald, bror til Rodny, mor hans Hoskuld Njaalsson, budde paa Kjelda. Far deira heitte Hoskuld hin kvite. Ingjald var gift med Traslaug, dotter aat Egil, son hans Tord Frøysgode. Flose sende Ingjald bod, at han skulde koma til honom. Ingjald fór straks med fjortan mann. Dei var heimemennerne hans alle saman. Ingjald var ein stor og sterk mann. Heime var han jamnan stillferdleg av seg, men han var ein mansleg 210kar og raust med venerne sine. Flose fagna Ingjald vel og mælte til honom: «Ein stor vande er komen os paa hender, som det vert vondt aa greia seg utor. No vil eg beda deg um det, maag, et du ikkje skil deg ved dette maalemnet mit, fyrr me er komne yver denne vandsken. Ingjald mælte: «Eg er ille stadd, baade for skyldskapen med Njaal og sønerne hans, og andre vigtuge ting som her kjem imillom.» Flose mælte: «Det meinte eg, daa eg gifte deg brordotter mi, at du lova aa hjelpa meg i alle maalemne.» – «Det er vel og likast eg gjer so,» seier Ingjald. Men likevel vil eg no rida heimum fyrst, og derfraa til tings.




117.

Sigfussønerne spurde at Flose var ved Holtsvad, og dei reid dit for aa raaka honom. Det var Kjetil fraa Mork og Lambe, Torkjell, Môrd og Sigmund Sigfussøner. Der var og Lambe Sigurdson, Gunnar Lambeson, Grane Gunnarson og Vebrand Haamundson. Flose gjekk til mots med dei og fagna dei alle med blidskap. Dei gjekk framaat aai. Flose fekk høyra av dei det som sant var, og det samsvara i eit og alt med det han hadde høyrt av Runolv i Dal. Flose mælte til Kjetil fraa Mork: «Deg spør eg um dette: Kor hardsøkne er de meint aa vera i dette maalemnet, du og dei andre Sigfussønerne?» Kjetil mælte: «Eg saag helst at det vart semja med os; men eg hev lova med min eid, ikkje aa skiljast ved denne saki, fyrr ho fær ein endskap paa ein elder annan maate, og vaaga livet paa det.» Flose mælte: «Ein manndomsam mann er du, og slike er det mun i.» Dei tok til orde baae i senn, Grane Gunnarson og Lambe Sigurdson: «Fredløysa vil me faa det til, og mannhemn.» Flose mælte: «Det 211er ikkje sagt, at me fær baade skifta og velja.» Grane mælte: «Det var eg tenkt paa, daa dei drap Traain paa Markarfljot, og sidan Hoskuld, son hans, at aldri vilde eg gjera heil semja med dei; for eg vilde gjerne vera med, naar dei vart drepne alle saman.» Flose mælte: «Du hev sete so nære ved, at du kunde hava hemnt dette, hadde det vore evle og manndom i deg til det. Eg tykkjer baade du og mange andre no bed um det som de vilde gjeva mykje til, naar lenger lid, at de ikkje hadde kome frami. Det ser eg vel, at um det skulde ganga os etter vilje, at me fær drepa Njaal elder sønerne hans, so er det so gjæve og storætta menner, at det vert eit ettermaal so drjugt, at me lyt ganga for mang ein mans kne og beda um studnad, fyrr me fær semja og kjem ut or denne vanden. Det kan de og lita paa, at mange vert ut-arma, som fyrr var ved magt, men sume fær lata baade godset og livet.»

Môrd Valgardson reid til møtes med Flose og sa han vilde fylgja honom til tings med alle mennerne sine. Flose tok vel imot det, og tala paa at han skulde gifta Rannveig, dotter si, med Starkad paa Stavafell, brorson hans Flose. Flose gjorde detta for di han meinte, at han daa betre kunde halda Môrd og folkemagti hans i truskap med seg. Môrd gav gode voner, men skaut det under Gissur Kvite, og sa at dei kunde talast ved um det paa tinget. Môrd var gift med Torkatla, dotter hans Gissur Kvite. Môrd og Flose reid saman til tings og talast ved kvar dag.




118.

Njaal mælte til Skarphedin: «Kva hev de tenkt dykk til no, de brørne og Kaare?» Skarphedin mælte:. 212«Me er ikkje av dei som brukar aa sova paa det, naar me skal gjera noko. Men for aa segja deg det, so etlar me aa rida aat Tunga fyrst og finna Aasgrim Ellidagrimsson, og fraa der til tings. Men korleis hev no du far tenkt det med di ferd?» Njaal svarar: «Eg vil rida til tings; for det sømer meg best aa ikkje skiljast ved dykkar maal, so lenge eg er i live. Eg ventar meg, at mange der legg inn eit godt ord for meg, so de kan hava gagn av meg, og ikkje skade.» Torhall Aasgrimson, systerson hans Njaal, var der. Njaalssønerne log aat honom for ei brunrenda kufta han gjekk med, og spurde kor lenge han etla seg til aa hava den. Torhall svara: «Den skal eg hava kasta, naar eg reiser ettermaal etter fosterfar min.» Njaal mælte: «Du kjem til aa gjera det best, naar det gjeld mest um.»

Dei bur seg no alle heimanfraa, og var innpaa tretti mann, daa dei reid til Tjorsaa. Der kom dei etter, frenderne hans Njaal, Torleiv Kraak og Torgrim hin mikle; dei var sønerne hans Holta-Tore, og baud seg til aa fylgja Njaalssønerne med lidet sit. Og det tok dei imot. Dei reid so alle saman yver Tjorsaai, og til dei kom paa Laksaabakken, og hamnar hestarne der. Der kom Hjalte Skjeggjeson attaat. Han og Njaal talast lenge ved i still. Hjalte mælte til dei: «Det vil eg støtt syna, at eg ikkje gøymer noko unda; Njaal hev bede meg um lidveitsla; eg hev gjenge inn paa det og lova honom lidsinne. Han hev longe lønt meg det, og mange andre, med dei gode raaderne sine.» Hjalte fortêl Njaal alt um ferdi hans Flose. Dei sende Torhall med fyrebod til Tunga, til aa segja Aasgrim at dei etla seg dit til kvelds. Aasgrim fekk gjort alt ferdugt, og stod ute, daa Njaal reid inn paa tunet. Njaal var i blaa kappa, tov-hattOversetternote: Tóvhat: tøvd hatt, filthatt. paa hovudet og brei-øks i haudi. 213Aasgrim tok Njaal av hesten og bar honom inn og sette honom i høgsætet. Sidan gjekk dei inn alle Njaalssønerne og Kaare. Aasgrim gjekk ut att. Hjalte vilde rida lenger – han totte det vart for mange der – men Aasgrim tok i taumarne og sa at han fekk ikkje rida derifraa att, og let taka av hestom deira og fylgde Hjalte inn og sette honom ved sida hans Njaal. Men Torleiv og Torgrim og mennerne deira sat paa den andre benken. Aasgrim sette seg paa ein stol framfor Njaal og spurde: «Korleis ber det deg i hug um maalemnet vaart?» Njaal svarar: «Helder tungt; for eg tenkjer det er ikkje gjæve-menn som eig lut i dette. Men eg vil beda deg, ven, at du sender bod etter alle tingmennerne dine og rid til tings med meg.» – «Det hev eg alt etla meg til,» seier Aasgrim, «og det skal eg attaat lova deg, at eg skal ikkje skilja lag med dykk, so lenge eg fær nokon mann med meg.» Men alle som inne var, takka honom og sa at slikt var manneleg mælt. Der vart dei daa um natti. Men dagen etter kom det der heile styrkjen hans Aasgrim. Sidan reid dei alle i fylgje, til dei kom upp paa tinget. Buderne deira var tjelda fyrr.




119.

Flose og var komen paa tinget og hadde heile budi si fullskipa med folk. Runolv tok inn i Dalverja-budi, og Môrd i Rangæinga-budi. Lengst austanfraa var Hall fraa Sida komen, men so godt som ingen fleire fraa den kanten. Han hadde likevel stort fylgje fraa si bygd, og gav seg straks med Flose. Han bad honom gjera fred og semja; for Hall var ein klok mann og godvis. Flose tok alt vel, men svara daa ikkje vidare paa det. Hall spurde, kven som hadde lova honom lidsinne. Flose 214nemnde Môrd Valgardson, og sa han hadde bede um dotter hans for Starkad frenden sin. Hall sa, at ho var nok eit godt gifte, men at det stod berre illt av aa hava med Môrd aa eigast, «og det fær du nok røyna, fyrr dette tinget er slut.» Etter det vart det ikkje meir med samrøa deira.

Det var ein dag at Njaal og Aasgrim talast ved lenge i still. Daa stod Aasgrim upp og tala aat Njaalssønerne: «Me fær gaa og leita os vener, so ikkje me skal verta nedaat-lagde med ovrevle; for i dette maalemnet kjem det til aa verta hard paagang.» Aasgrim gjekk ut, og næst honom Helge Njaalsson, so Kaare Solmundson, so Grim Njaalsson, so Skarphedin, so Torgrim hin mikle, so Torleiv Kraak. Dei gjekk til budi hans Gissur Kvite, og gjekk inn i budi. Gissur stod upp i mote dei og bad dei sitja ned og drikka. Aasgrim svara: «Me hev anna erend, og det skal me ikkje fara løynt med. – Kva lidveitsla kan eg venta meg av deg, frende?» Gissur svarar: «Det ventar visst ho Jorunn, syster mi, at eg ikkje dreg meg unda aa hjelpa deg. So skal det og vera, no og oftare, at eitt skal ganga yver os baae.» Aasgrim takka honom, og gjekk so ut att. Daa spurde Skarphedin: «Kvart skal me no ganga?» Aasgrim svarar: «Til Ølvusinga-budi.» Sidan gjekk dei dit. Aasgrim spurde, um Skafte Toroddson var i budi. Det vart sagt honom, at han var der. Dei gjekk daa inn i budi. Skafte sat paa pallen og fagna Aasgrim. Aasgrim takka. Skafte bad honom sitja nedpaa; men Aasgrim sa han hadde stutte stunder aa dveljast, «men det er deg eg hadde erend aat.» – «Lat høyra det,» seier Skafte. «Eg vil beda deg um hjelp aat meg og maagom mine,» seier Aasgrim. «Det hev eg tenkt,» seier Skafte, «at ho skulde ikkje koma innan-stokks hjaa meg, denne ugreia dykkar. 215Aasgrim svarar: «Ille er slikt mælt, aa vera folk sist til hjelp, naar det røyner mest.» – «Kven er han, denna mannen,» seier Skafte, «som det gjeng fire mann fyre; storvaksen, bleikdæmd, usælsleg, hardskjøven og trolsleg?» Han svarar: «Skarphedin heiter eg, og du hev jamnan set meg paa tinget. Men eg er visare en du, med di at eg treng ikkje aa spyrja deg, kva du heiter; du heiter Skafte Toroddson. Men det var ei tid du kalla deg Busta-Koll. Det var daa du hadde drepe Kjetil fraa Elda. Daa gjorde du deg snau i kollen og smurde deg i hovudet med tjøra. So leigde du trælar til aa rispa upp ei torv-remsa, som du kraup under um natti. Sidan fór du aat Torolv Loftsson paa Øyrom, og han tok imot deg og bar deg um bord i mjølsekkjerne sine.» Aasgrim og dei gjekk att. Skarphedin sa: «Kvart skal me no ganga?»Oversetternote: Ganga under jardarmên (ei fraaskori og undagravi torvremsa, soleis at ho hekk fast med baae endom) kunde millom anna tyda at ein audmykte seg for sin motstandar. Var ogso brukt som ei slags skirsl. – «Aat budi hans Snorre Gode,» seier Aasgrim. Og so gjekk dei dit. Det var ein mann utanfor budi, og dei spurde honom, um Snorre var inne. Mannen sa at han var der. Aasgrim og dei andre gjekk inn i budi. Snorre sat paa pallen. Aasgrim gjekk fram for honom og helsa honom sømleg. Snorre tok mot helsingi blidslegt og bad honom sitja. Aasgrim sa seg eiga stutt stund til aa dveljast; «men det er deg eg hev erend aat.» Snorre bad honom segja det. Aasgrim mælte: «Eg hadde vilja at du gjekk med meg i retten og veitte meg lidsinne; for du er klok og ein stor framkvæmdarmann.» – «Tungt gjeng det os med vaare søksmaal no,» seier Snorre; «det er mange som legg seg sterkt fram imot os, og difor er me traude til aa faast med folks vandemaal i andre fjorungar.» – «Det 216er ikkje aa undrast paa det,» seier Aasgrim; «du er os helder ikkje noko skuldig.» – «Eg veit at du er ein manndoms-mann,» seier Snorre, «og difor vil eg lova deg, korkje aa vera imot deg elder hjelpa dine uvener.» Aasgrim takka honom. Snorre mælte: «Kven er denna som det gjeng fire fyre? denna bleike skarpleitte mannen, som kald-flin og ber øksi so høgt paa oksli?» – «Hedin heiter eg,» seier han, «men sume kallar meg Skarphedin med fullt namn; – hell var det meire du vilde tala med meg um?» Snorre mælte: «Berre det, at du ser meg ut til aa vera ein hardstælt og stortøk mann, men eg gjet paa, at ho no er troti, di meste gjæva, og at du ikkje hev lenge ulevt.» – «Vel er det,» seier Skarphedin, «med di at den skuldi hev me alle aa svara. Men med alt det er det større naudsyn for deg aa hemna far din en aa spaa meg slike spaadomar.» – «Mange hev sagt det same fyrr,» seier Snorre, «og ikkje skal eg vreidast for slikt.» Sidan gjekk dei ut, og fekk ingi lidveitsla der.

Fraa der fór dei aat Skagfirdinga-budi. Den budi aatte Havr hin rike. Aasgrim og fylgjet hans gjekk inn i budi. Havr sat midt inne i budi og tala med ein mann. Aasgrim gjekk burtaat og helsa paa honom. Havr tok vel imot honom og bad honom sitja. Aasgrim mælte: «Eg vil beda deg hjelpa meg og maagarne mine.» Havr svara stutt, at han ikkje vilde taka uppunder med vandemaali deira; «men eg vil likevel spyrja, kven det er, denna bleike, med fire mann fyre seg, og so illtokkjeleg som han var komen gangande utor sjøhamrom.» Skarphedin mælte: «Kjær deg aldri um det, du mjolken, kven eg er – for eg torer nok ganga fram der du sit fyre, og maateleg rædd skulde eg vera, der eg hadde slike sveinar i vegen for meg. Du skulde helder leita upp att Svanlaug, syster di, som Øydis 217Jarnsakse og Stedja-Koll drog av med fraa garden din, med du sat og ikkje torde røyva deg.» Aasgrim mælte: «Lat os ganga ut att; her er det ikkje von um nokor lidveitsla.»

Sidan gjekk dei aat Modruvellinga-budi, og spurde um Gudmund hin rike var der i budi. Det vart sagt dei, at han var der. Dei gjekk daa inn i budi. Det var høgsæte midt i budi, og der sat Gudmund hin rike. Aasgrim gjekk framaat honom og helsa honom. Gudmund tok vel imot honom og bad honom sitja. Aasgrim mælte: «Eg vil ikkje sitja. Men eg vil beda deg um lidsinne; for du er hardsøkjen og ein stor hovding.» Gudmund mælte: «Ikkje skal eg vera imot deg; men um eg vert huga til aa gjeva deg hjelp, so kan me talast ved um det sidan.» – Han svara vel paa alt, og Aasgrim takka honom for ordi hans. Gudmund mælte: «Det er ein mann i fylgjet dit, som eg hev havt augo paa eit bil, og som synest meg ulik flestalle dei menner eg hev set.» – «Kven er det?» seier Aasgrim. «Fire mann gjeng fyre honom,» seier Gudmund, «han er brun i haaret, bleikleitt, stor paa vokster, og so ferm og ram til mansverk, synest meg, at helder vilde eg hans fylgje hava en tie andre. Men han ser ikkje ut til aa hava lukka med seg.» Skarphedin mælte: «Eg skynar at det er meg du meiner paa. Ho er ikkje sama vegen fari, uheppa vaar. Eg fær aamæle for draapet paa Hoskuld Kvitanes-gode – som ventande kan vera. Men um deg gjorde dei illmæle Torkjell Haak og Tore Helgeson, og av det hev du havt stort hug-græe.» Dei gjekk ut. Skarphedin mælte daa: «Kvart skal me no ganga?» – «Aat Ljosvetninga-budi,» seier Aasgrim. Den budi hadde Torkjell Haak tjelda. Han var son hans Torgeir Gode. Mor hans var ætta fraa Kjetil Høing, son hans Hallbjørn Halvtroll. Torkjell Haak hadde vore 218ute og kome seg upp i andre land. Han hadde drepe ein illgjerdsmann aust paa Jamtelandsskogen. Sidan fór han aust til Svitjod og gav seg i lag med Sorkve Karl, og dei herja i austerveg. So var det austanfor Balagardssida,Oversetternote: Balagardssida: sudstrandi av Finnland. at Torkjell skulde finna vatn aat dei ein kveld. Daa møtte han eit finngalknOversetternote: Finngalknet skulde vera eit fælt ubeist, framantil som folk, bakantil som dyr. og slost ved det vel og lenge. Men enden vart den, at han drap finngalknet. Fraa der fór han aust i Adalsysla.Oversetternote: Adalsysla er veststrandi av Estland og Lifland. Der var han i kast med ein flogdrake. Sidan fór han attende til Svitjod, fraa der til Norig, og sidan ut til Island, og han fekk utskore dessa storverki yver loksengi si og paa ein stol framanfor høgsætet sit. Han og brørne hans tokst ved Gudmund hin rike paa Ljosvetninga-tinget, og Ljosvetningarne vann. Sidan gjorde Torkjell HaakOversetternote: Haak: uvyren. og Tore Helgeson slengjeord um Gudmund. Torkjell sa so, at det fanst ikkje den mann paa Island som han kviddest for aa ganga til einvig med elder veik for. Av di vart han kalla Torkjell Haak, at han vyrde aldri, korkje med ord elder verk, kven han so hadde med aa gjera.




120.

Aasgrim og fylgjet hans gjekk til budi hans Torkjell Haak. Aasgrim mælte daa til felagarne sine: «Denne budi eig Torkjell Haak, ei stor kjempa, og det vøre mykje um aa gjera, um me fekk honom med os. Her fær me agta os vel i alt me seier og gjer, for han er einlynd og illtolug. Eg vil no beda deg, Skarphedin, at du ikkje gjev deg um samrøa vaar.» Skarphedin kaldflein. Han var soleis klædd, at han var i blaa kjole og 219blaa-renda brok og høge svarte sko paa føterne. Han hadde sylvbelte um seg, og i handi den øksi som han hadde drepe Traain Sigfusson med, og som han kalla Rimmugygi, eit kort skjold, og eit silkeband um hovudet og haaret greitt attum øyra. Han var hermanlegast av alle menner, so dei kjende honom av di alle, um dei aldri hadde set honom fyrr. Han gjekk der han fyrr hadde gjenge; korkje lenger fram elder lenger att. Dei gjekk heilt inn i budi. Torkjell sat midt paa pallen, og raennerne hans paa baae leier aat honom. Aasgrim helsa, og Torkjell tok det vel. Aasgrim mælte til honom: «Til det er me hit-komne aa beda deg um lidveitsla, til me skal ganga i retten.» Torkjell mælte: «Korleis kan de trenga mi lidveitsla, naar de gjekk til Gudmund fyrst? Han hev vel lova dykk hjelpi si?» – «Me fekk ikkje hans lidsinne,» seier Aasgrim. Torkjell mælte: «Daa tykte nok Gudmund at maalemnet er uvensælt. Og so er det; for det er det verste verk som hev vore øvt. Og eg veit kva som hev drive deg til aa koma hit. Du meiner, at eg skulde vera uvandare av meg en Gudmund til aa faa med paa ei rang sak.» Aasgrim tagde daa, og totte det saag tungsamt ut. Torkjell mælte: «Kven er han, denna store fælslege mannen, som det gjeng fire fyre, naableik og skarpleitt, usælsleg og illmansleg?» Skarphedin mælte: «Eg heiter Skarphedin, og du hev ikkje noko velja ut hædingsord aat meg for, saklaus mann. Det hev aldri hendt meg, at eg hev kuva far min og slegjest med honom, soleis som du hev gjort med din far. Det er og lite du hev ride til tings og starva med deildemaal. Du er betre hendt til aa stella paa sætri di uppmed Øksaraai, der det ikkje er so mange som ser deg. Og so skulde du stanga ut or tonnom dine rass-tarmen av merri du aat, fyrr du reid til tings; – saugjætaren din 220saag det, og han undra seg paa at du kunde gjera slik ufysa.» Daa spratt Torkjell upp i fullt sinne og treiv stutt-sverdet sit og mælte: «Dette sakset tok eg i Svitjod av ei stor kjempa eg drap der, og sidan hev eg og fellt mange menner med det. Kjem eg berre nær deg, skal eg renna det igjenom deg; det skal du faa for fulordi dine.» Skarphedin stod med reidd øks, kaldflein og mælte: «Denne øksi hadde eg i handom, daa eg sprang tolv alner yver Markarfljot og fellde Traain Sigfusson. Dei stod aatte saman der, men ingen fekk tak paa meg. Aldri enno hev eg lyft vaapn mot mann, so at ikkje det aat hev kome.» Dermed skauv han or vegen brørne sine og Kaare maagen sin, og steig framaat Torkjell. Skarphedin mælte daa: «Gjer no eitt av tvo, Torkjell Haak: anten slirar du sakset og set deg ned, eldaug so køyrer eg øksi i hovudet paa deg og kløyver deg ned i herdarne.» Torkjell slira sakset og sette seg straks. Men slikt hende honom korkje fyrr elder sidan.

Aasgrim og dei gjekk daa ut. Skarphedin mælte: «Kvart skal me no ganga?» Aasgrim svara: «Heim aat budi vaar.» – «Me fær bidjarleii attende daa,» seier Skarphedin. Aasgrim snudde seg aat honom og sa: «Du hev mange stader vore helder ordkvass; men det du gav Torkjell, tykte eg fór vel.» Dei gjekk daa heim aat budi og fortalde Njaal alt, soleis som det var gjenge. Njaal mælte: «Det fær no gaa den veg som lagnaden vil.»

Gudmund hin rike fekk spurt, korleis det var gjenge med Skarphedin og Torkjell, og han sa daa: «De kjenner alle til, korleis det hev gjenge med meg og Ljosvetningarne; men aldri hev eg fenge slik skam og svivyrding av dei som no Torkjell av Skarphedin, og er detta overlag vel vorte.» So mælte Gudmund til Einar Tverr-æing, bror sin: «Du skal fara med alt lidet mit og ganga med Njaalssønerne, naar fjorungsretten vert sett. Men treng 221dei hjelp ein annan sumar, so skal eg sjølv vera med og gjeva dei lidveitsla.» Einar sa ja til dette, og sende ord aat Aasgrim um det. Aasgrim mælte: «Ulik er Gudmund flestalle menner i hovdingskap.» Aasgrim fortalde Njaal det sidan.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Njaala (elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans)

Njaala/Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans/Njåls saga er den største av islendingesagaene. Den ble skrevet ned på slutten av 1200-tallet, trolig basert på historiske hendelser iblandet diktning og vandrehistorier. Teksten er bevart i en rekke manuskripter, for eksempel i håndskriftet Möðruvallabók, som også inneholder teksten til ti andre islendingesagaer.

Handlingen foregår for det meste på Island i tiden rundt år 1000, og skildrer livene til Gunnar Hammundarsson fra Lidarende og Njål Torgeirsson. De to mennene er svært forskjellige, men har et sterkt vennskap. Vennskapet settes dog stadig på prøve når slektningene deres ofte egger til strid og uvennskap. Sagaen handler også om overgangen fra hedenskap til kristendom.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.