Njaala (elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans)

[kap. 121–130]


121.

Dagen etter var dei saman, Aasgrim og Gissur Kvite, Hjalte Skjeggjeson og Einar Tverr-æing. Der var daa og Môrd Valgardson. Han hadde daa fenge saki fraa seg og i henderne paa Sigfussønerne. Daa mælte Aasgrim: «Dykk fortel eg det aat fyrst, Gissur Kvite, Hjalte og Einar, korleis saki stend. De kjenner daa til, at Môrd hev vore med ved draapet paa Hoskuld og gjeve honom det saaret som ingen vart nemnd aat. Det synest meg daa, som det maalemnet maa vera spilt etter loven.» – «Daa vil me bera det fram straks,» seier Hjalte. Torhall Aasgrimson mælte: «Det vilde vera uraadande anna en aa halda dette løynt, til des retten er sett.» – «Kva skil det?» seier Hjalte. Torhall svarar: «Fær dei vita det no, at maalemnet er rangt til-butt, so kan dei berga saki med di, at dei sender ein mann heim fraa tinget no straks og læt honom stemna paa nytt lag og nemna vitne til aa møta paa tinget, og daa er søksmaalet rett.» – «Ein vitsam mann er du, Torhall,» seier dei, «og etter dit raad skal det gjerast.» Etter dessa gjekk kvar til si bud. Sigfussønerne lyste saki paa Logberget og spurde etter tingfeste og heimstad. Men fredagskvelden skulde fjorungsretten setjast og søksmaalet taka til, og det er stilt tinget til daa. Det var mange menner som talde til aa gjera semja; men Flose var tverr, og dei andre tala endaa meir imot, so det tyktest vera litor von. So kjem tidi daa domsnemnderne skulde fara ut til Logberget 222fredagskvelden. Heile tinglyden gjekk framaat. Flose og fylgjet hans stod sunnanfor Rangæinga-retten. Saman med honom var Hall fraa Sida og Runolv fraa Dal, son hans Ulv Ørgode, og dei andre som hadde lova Flose lidveitsla. Men nordantil Rangæinga-retten stod dei Aasgrim Ellidagrimsson og Gissur Kvite og Hjalte Skjeggjeson og Einar Tverr-æing. Men Njaalssønerne var heime ved budi, og Kaare og Torleiv Kraak og Torgrim hin mikle. Dei sat med vaapnom alle, og det var ein flokk som ikkje var paalaupande. Njaal hadde bede domarane ganga i retten. Sigfussønerne søkjer no maalet. Dei nemnde seg vitne og baud Njaalssønerne aa lya paa eiden. So gjorde dei eid. So sa dei fram saki. So let dei bera lysingsvitne. So baud dei nemndsmennerne til sætes. So baud dei til rudning i nemndi. Daa stod han upp, Torhall Aasgrimson, nemnde seg vitne og forbaud nemndsmennerne aa bera fram vitnemaali, for di at den hadde lyst saki som sjølv var saka og utlæg etter loven. «Kven meiner du med dette?» spør Flose. Torhall svarar: «Mord Valgardson var med Njaalssønerne, daa Hoskuld vart drepen, og gav honom det saaret som ingen vart nemnd aat den gongen det vart teke vitne paa saari. De kan ikkje mæla imot, at søksmaalet er spilt.»




122.

Njaal stod daa upp og mælte: «Det bed eg dykk um, Hall fraa Sida og Flose og alle Sigfussønerne, og alle vaare menner, at de ikkje gjeng burt, men høyrer paa ordi mine.» Dei gjorde so. Han mælte daa: «So synest det meg, at dette søksmaalet no er uført; – og det var aa venta; for av laak rot er det runne. Det vil eg de skal vita, at eg elska Hoskuld meir en mine eigne søner. Og daa eg spurde han var drepen, daa tyktest 223meg sløkt søtaste ljoset for augo mine, og helder hadde eg vilja mist alle sønerne mine, og han hadde levt. Og no bed eg deg Hall fraa Sida og Runolv or Dal, Gissur Kvite og Einar Tverr-æing og Havr hin spake, at eg fær gjort semja aat sønerne mine for dette draapet. Og eg vil at dei skal døma imillom som er falligast til det.» Baade Gissur og Einar og Havr tala lenge kvar seg og bad Flose semja seg, og baud honom venskapen sin imot. Flose svara vel til alt, men han lova ikkje noko. Hall fraa Sida mælte daa til Flose: «Vil du gjera etter ordom dine og høyra ei bøn eg bed deg? – den du lova meg den gongen eg hjelpte ut or landet Torgrim, son hans Diger-Kjetil, frenden din, daa han hadde drepe Halle hin raude.» Flose mælte: «Eg vil lyda deg, maag, for eg veit du bed meg ikkje um anna en som kan gjera sømdi mi større enfyrr.» Hall mælte: «Daa vil eg det, at du gjer semja straks og læt gode menner døma imillom; daa vinn du deg venskap med dei beste menner.» Flose mælte: «Det vil eg kunngjera dykk, at eg vil lyda ordom hans Hall, maagen min, og andre gode menner, og lata seks menner fraa kvar sida – lovleg nemnde – skilja i saki. Eg tykkjer det er ikkje meir en rett aa unna Njaal detta.» Njaal takka Flose og dei alle; det gjorde og dei andre som var der, og sa at Flose gjorde som ein fagnamann. Flose mælte: «No vil eg nemna mine skilsmenner. Fyrst nemner eg Hall fraa Sida, maagen min, so Øssur fraa Breiaa, Surt Aasbjørnson fraa Kyrkjebø, Modolv Kjetilson» – han budde paa Aasom – «Havr hin spake og Runolv or Dal. Og det vil vera einmælt, at desse er dei falligaste til det av alle mennom mine.» Han bad no Njaal aa nemna sine skilsmenner. Njaal stod daa upp og mælte: «Til det nemner eg fyrst Aasgrim Ellidagrimsson, so Hjalte Skjeggjeson, Gissur Kvite og Einar Tverr-æing, Snorre Gode og Gudmund hin 224rike. Sidan tok dei kvarandre i hand, Njaal og Flose og Sigfussønerne, og Njaal handfeste for alle sønerne sine og Kaare, at tolv menner skulde døma. Og det er aa segja, at heile tinglyden gjordest fegen ved dette. Det vart sendt menner etter Snorre og Gudmund; for dei var i budom sine. So vart det sagt fraa, at domsmennerne skulde sitja i logretten, men alle dei andre ganga burt.




123.

Snorre Gode mælte daa: «No er me her tolv domsmenner som desse maalemni er lagde i henderne aat. Og no vil eg beda dykk som her er, at ingen legg vandskar i vegen, so det ikkje kjem til semja millom dei.» Gudmund mælte: «Vil de lysa nokon or heradet elder or landet?» – «Ikkje noko av det,» seier Snorre, «for di at det hev ofte ikkje vorte halde, og hev drege draap og usemja etter seg. Men eg vil det skal setjast so store bøter, at ingen mann hev dyrare vore her i landet en Hoskuld.» Ordi hans vart vel fagna. Sidan samraadde dei um det; men dei vart ikkje samde um, kven som fyrst skulde setja fram, kor stor boti skulde vera. Det vart til det, at dei skulde draga luter um det, og det fall paa Snorre aa segja fraa fyrst. Snorre mælte: «Ikkje skal eg eva meg lenge um med det. Eg skal segja dykk mi meining: Eg vil at Hoskuld bøtest med tri mannabøter; det er seks hundrad i sylv. No fær de gjera ved, um det er for mykje elder for litei.» Dei svara, at dei hadde ikkje noko aa gjera ved det. «Det skal og fylgja med,» sa han, «at alt godset skal leggjast ut her paa tinget.» Daa mælte Gissur Kvite: «Dette tykkjest meg snautt nok læt seg gjera; for dei hev daa for lite med seg her til aa kunna 225greia for seg.» Gudmund hin rike mælte; «Eg veit kva Snorre vil. Det vil han, at alle skilsmennerne legg attaat, etter som kvar er raust til, so kjem mange etter og gjer det sama.» Hall fraa Sida takka honom, og sa at han gjerne vilde leggja so mykje som den som gav mest. Og dette gjekk alle skilsmennerne med paa. Etter det gjekk dei ut or logretten, og gjorde av seg imillom, at Hall skulde maalbera avgjerdi paa Logberget.

So vart det saman ringt, og alt folket gjekk aat Logberget. Hall fraa Sida stod upp og mælte: «I dette maalemnet, som me hev gjort av, hev me vorte vel samde, og me hev sett boti til seks hundrad i sylv. Me skilsmennerne vil leggja til det halve, og alt skal greiast ut her paa tinget. Men det er mi bøn aat alle som her er, at de legg ein lut kvar, for Guds skuld.» Det svara alle vel paa. Hall lyste daa vitne paa semja, so ingen skulde brjota den. Njaal takka dei for avgjerdi. Skarphedin stod der; han tagde og kaldflein. Folk gjekk fraa Logberget aat buderne sine. Men domsmennerne bar saman paa kyrkjegarden der alt det godset dei hadde lova aa leggja til. Njaalssønerne og Kaare la fram alt det godset dei hadde, og det var eit hundrad i sylv. Njaal tok det godset han hadde, og det var det andre hundrad. So vart alt det godset bore fram i logretten. Og folket skaut til so mykje, at ikkje ein pening vanta. Njaal tok daa ei silkjekaapa og eit par styvlar og la ovanpaa haugen. Sidan sa Hall til Njaal, at han skulde ganga etter sønerne sine – «men eg skal ganga etter Flose, og gjeve so einannan fred og trygd.»

Njaal gjekk daa heim aat budi si og sa til sønerne sine: «No er maalemnet vaart kome i godt gjenge. Me er samde, og alt godset er til veges havt. No skal me fraa baae leier ganga saman og gjeva einannan fred og trygd. Og no vil eg beda dykk, sønerne mine, at de 226ikkje gjer noko som skjeplar. Skarphedin strauk seg yver panna og kaldflein. Dei gjekk so alle til logretten. Hall gjekk til møtes med Flose og mælte: «Gakk no i logretten; for no er alt godset utgreitt og lagt saman paa eitt stelle.» Flose bad Sigfussønerne ganga med seg. Dei gjekk daa ut alle. Dei kom austanfraa til logretten; Njaal og sønerne hans kom vestanfraa. Skarphedin steig upp paa midpallen og stod der. Flose gjekk inn i logretten, for aa sjaa paa godset, og mælte: «Detta godset er baade mykje og godt og vel fraa handom greitt, som von var.» So tok han upp kaapa, og spurde kven som hadde gjeve den. Men det var ingen som svara honom. Endaa ein gong sveivde han kaapa i lufti, og spurde kven som hadde gjeve henne, og log aat. Ingen svara honom. Flose mælte daa: «Korleis er det? Veit ingen av dykk, kven som hev aatt denne bunaden, elder torer de ikkje segja meg det?» Skarphedin mælte: «Kven meiner du hev gjeve henne?» Flose mælte: «Um du vil vita det, so skal eg segja deg kva eg meiner; eg tenkjer det er far din, den skjegglause kallen, som hev gjeve henne. Naar folk ser honom, so er det mange som ikkje veit, anten han er kvinnfolk elder karmann.» Skarphedin mælte: «Slikt er ille mælt, aa neisa ein so gamal mann; det hev enno ingen dugande mann gjort. Det kan og alle vita, at han er karmann; for han hev havt søner med kona si. Det hev faae av vaare frender vorte liggjande ubøtte ved garden vaar, som me ikkje hev hemnt.» Skarphedin nykte no kaapa aat seg og kasta burt aat Flose ei blaa brok, og sa at den kunde han helder trenga. Flose mælte: «Kvi skulde eg helder trenga den?» Skarphedin svara: «Jau for di – um du er brur aat Svinafell-guden, som dei seier, og han gjer deg til kona niande kvar natt.» Flose spente til sylvhaugen, og sa at ikkje ein pening vilde 227han hava av det, og det skulde verta eitt av tvo: anten skulde Hoskuld vera ubøtt, eldaug skulde dei hemna honom. Flose vilde ingi grid gjeva og ingi taka, og sa til Sigfussønerne: «No gjeng me heim; eitt skal ganga yver os alle.» Dei gjekk heim aat budi. Hall mælte: Det maa vera altfor usælslege folk som eig lut i dette.»

Njaal og sønerne hans gjekk heim aat budi. Njaal mælte: «No kjem det fram, som hugen min lenge hev sagt meg, at tungt mune det falla os, dette maalet.» «Det er ikkje so visst,» seier Skarphedin; «for dei kan ikkje søkja os etter lands lov.» – «Daa kjem det,» seier Njaal, «som gagnar alle verst.» – Dei menner som hadde gjeve gods, tala um at dei fekk taka att det. Gudmund hin rike mælte: «Den skammi vil ikkje eg velja – taka att det eg gjev – korkje her elder annan stad.» – «Vel er detta mælt,» sa dei. Og daa var det ingen som vilde taka sit att. Snorre Gode mælte: «Det er mit raad, at Gissur Kvite og Hjalte Skjeggjeson tek vare paa dette godset til eit anna Allting; det berst meg fyre, at det gjeng ikkje lenge, fyrr det vert bruk for det.» Hjalte tok eine helmingen i varveitsla, Gissur den andre. Folk gjekk daa heim aat buderne sine.




124.

Flose stemnde alle mennerne sine upp i Allmannagjaa og gjekk dit sjølv. Dei kom alle, og det var nitti mann. Flose mælte til Sigfussønerne: «Korleis skal eg taka det med dette maalemnet, so det er mest etter dykkar tykkje?» Gunnar Lambeson mælte: «Me er ikkje fullnøgde, fyrr dei er drepne alle Njaalssønerne.» Flose mælte: «Det vil eg lova Sigfussønerne, ikkje aa skiljast ved dette maalemnet, fyrr dei elder me nigjer for den andre. Det vil eg og vita, um det er nokon her 228som ikkje vil ganga med.» Men alle sa at dei vilde vera med. Flose mælte: «Gange daa hitaat meg alle og sver eid, at ingen vil draga seg unda.» Alle gjekk framaat Flose og svor honom eid. Flose mælte: «Det skal me og alle hava handtak paa, at kvar den skal lata liv og gods, som gjeng ut or dette maalet fyrr det er slut.» Desse hovdingarne var med Flose: Kol, son hans Torstein Breimage, brorson hans Hall fraa Sida, Roald Ossurson fraa Breiaa, Øssur, son hans Aanund Taskabak, Torstein hin fagre Geirleivson, Glum, son hans Hilde hin gamle, Modolv Kjetilson, Tore, son hans Tord Illuge fraa Mørtunga, frenderne hans Flose, Kolbein og Egil, Kjetil Sigfusson og brørne hans, Mord, Torkjell og Lambe, Grane Gunnarson, Gunnar Lambeson og Sigurd, bror hans, Ingjald fraa Kjelda, og Roar Haamundson.

Flose mælte til Sigfussønerne: «Tak no den til hovding som de tykkjer er best fallen til det; for det vil til, at ein stend for styret.» Kjetil fraa Mork svara: «Um valet skal koma under os brørar, so er det snøgt gjort. Daa vêl me deg. Det er og mangt som peikar i den lei. Du er ein ættstor mann og ein megtug hovding, harddrøg og klok. Og det vilde me daa taka upp soleis, at det er for vaar skuld du tek paa deg saki.» Flose mælte: «Det er vel likast, at eg gjeng med paa det som de bed meg um. Og daa vil eg og segja fraa, korleis me skal gjera. Det er daa mit raad, at de rid heim att fraa tinget og steller kvar med sit i sumar, so lenge heime-onni stend paa. Eg vil og rida heim og vera heime i sumar. Men sundagen, aatte vikor fyre vinternæterne, vil eg lata syngja messa for meg heime og rida vest yver Lomagnupsand. Kvar av os skal hava tvo hestar. Eg vil ikkje auka lidet med fleire en dei som no hev gjenge i eid; for me er so 229visst mange nok, berre me fær rette gagnet av alle. Eg vil rida sundagen, og natti med. Men andre dagen i vika er eg komen paa Trihyrningshalsen fyre midaftan. Daa skal de vera komne der alle som eidsvorne er i dette maalemnet. Men er det daa nokon som ikkje er komen, av dei som hev gjenge med i dette, daa gjeld det ikkje mindre en liv, um me maa raada.» Kjetil mælte: «Korleis kan det svara saman, at du rid heimantil sundagen og kjem paa Trihyrningshalsen andre dagen i vika?» Flose mælte: «Eg rid upp fraa Skaftaatunga og nordanfor Øyafjelljøkulen og ned til Godaland; daa vinst eg det nok, naar eg rid radt. No vil eg og segja dykk alt, som eg hev tenkt meg det. Naar me er komne saman der, skal me rida til Bergtorskvaal med heile styrkjen og søkja Njaalssønerne med eld og jarn, og ikkje ganga fraa der, fyrr dei er drepne alle saman. Denne raad-gjerdi maa de halda løynd; for livet aat os alle ligg ved. Og no tek me hestarne vaare og rid heim.» Alle gjekk daa aat buderne sine. Sidan let Flose sala hesten sin, og bidde ikkje paa fylgje med nokon, men reid heim. Han vilde ikkje raaka Hall, maagen sin; for han tyktest vita, at han vilde telja fraa alt valds-verk.

Njaal og sønerne hans reid heim fraa tinget, og var heime um sumaren. Njaal spurde Kaare, maagen sin, um han kanskje vilde rida aust til Dyrholmarne, til garden sin. Kaare svara: «Eg vil ikkje det; det skal ganga eitt yver meg og sønerne dine.» Njaal takka honom, og sa det var von slikt av honom. Det var jamnan framaat tretti stridsføre karar der med huskarom.

Det var ein gong at Rodny Hoskuldsdotter, mor hans Hoskuld Njaalsson, kom til Kjelda. Ingjald, bror hennar, fagna henne vel. Ho svara ikkje paa helsingi 230hans, men bad honom ganga med seg ut, og han so gjorde. Dei gjekk or garden baae saman. Ho treiv honom i handi, og dei sette seg baae. Rodny mælte: «Er det sant, at du hev svore eid, at du vil vera med imot Njaal og drepa honom og sønerne hans?» Han svara: «Sant er det.» – «Ovmykje til nidding er du,» seier ho, «der Njaal tri gonger hev løyst deg fraa skoggang.» – «Det er likevel dit kome no,» seier han, «at livet mit ligg ved, um eg ikkje gjer dette.» – «Det er ikkje sagt,» seier ho; «du kan leva alt med di, og heita ein god mann, um du ikkje svik den du hev mest aa takka.» Daa tok ho fram or pungen sin ei linhuva, som var flengjut og blodut all igjenom, og mælte: «Denne huva hadde Hoskuld Njaalsson, systerson din, paa hovudet, daa dei drap honom. Eg tykkjer det vilde vera ille gjort av deg aa hjelpa dei som stend paa den sida.» Ingjald svara: «Det fær verta so, at eg ikkje er med imot Njaal, kva det so etter kjem; endaa eg veit, at dei kjem til aa venda seg mot meg.» Rodny mælte: «No kunde du gjera Njaal og sønerne hans ei stor hjelp, um du seier honom all denne raadgjerdi» – «Det vil eg ikkje gjera,» seier Ingjald; «for daa er eg kvar mans nidding, um eg seier um det som dei hev trutt aat meg. Men det er mannleg bragd aa skilja seg ved dette maalet, der eg veit hemnen viss aa venta. Men seg Njaal og sønerne hans, at dei er vare um seg heile denne sumaren – for det er gagnraad for dei – og at dei maa vera godt manna.» Sidan fór ho aat Bergtorskvaal og sa Njaal all denne samrøa. Njaal takka henne og sa ho hadde gjort vel; «for det hadde vore meir misgjort av honom en av nokon annan, um han hadde vore med imot meg.» Ho fór daa heim. Men Njaal sa detta aat sønerne sine.

231Det var ei kjering paa Bergtorskvaal som heitte Sæunn. Ho var klok paa mangt og framsynt. Men no var ho svært gomol, og Njaalssønerne kalla henne gamal-øra, av di ho mælte mangt og mykje. Men likevel vart det gjerne so, at det horvde etter. Det var ein dag ho tok seg ein lurk i handi og gjekk uppum husi aat ei arvegras-saata som der stod. Ho dengde og slo saata og ynskte illt yver henne – slikt ulukke-ting ho var. Skarphedin log, og spurde kva ho skapte seg paa saata etter. Kjeringi mælte: «Denne saata vert teki og kveikt eld med, naar Njaal bonde og Bergtora, fosterdotter mi, vert innebrende – ber henne paa vatnet elder brenn henne upp, snøggast de kan.» – «Det vil me ikkje gjera,» seier Skarphedin; «for er det so laga, so vert det alltid eitt til eldkveikje, um ho ikkje er.» Kjeringi masa med det heile sumaren, at dei skulde bera inn arvegras-saata; men alltid vart det avdrygt.




125.

Paa Røykje i Skeide budde Runolv Torsteinson. Hildeglum heitte son hans. Han gjekk ut sundagsnatti tolv vikor fyre vinternæterne. Han høyrde eit stort brak, so han totte det skolv baade jordi og himmelen. Han saag vest i, og daa tyktest han sjaa ein logande ring, og inni ringen ein mann paa ein graa hest. Han fór fort framyver, og fór hardt. Han hadde ein logande eldbrand i handi, og reid so nær honom, at han kunde sjaa honom vel. Mannen var svart som bek. Han song denne visa med sterkt maal:

232Eg rid hesten
helu-maana,Oversetternote: Helu-maana: med hela (rim – skum) i maani.
vaatrogg-toppa,
illt valdande.
Eld er i endom
eitr er i midja.
So er med Floses raad
som fljugand kjevle;Oversetternote: Med kjevle er vel meint det same som brand.
so er med Floses raad
som fljugand kjevle.

Daa tyktest det honom, at han skaut branden austetter mot fjelli framanfor seg, og han totte det flaug upp ein varme til motes, so stor at han ikkje kunde sjaa fjelli for det. Det synte seg for honom, som mannen reid aust under elden og kom burt der. Han gjekk inn att og la seg, og vart liggjande lenge i uvit, men raknast daa or att. Han mintest alt som fyre honom hadde borest, og fortalde far sin det. Men han bad honom segja det til Hjalte Skjeggjeson. Han fór til Hjalte og sa honom det. «Du hev sett gand-reid,» seier Hjalte, «og det er jamnan fyre storhendingar.»




126.

Flose laga seg til aa fara austan, daa det var att tvo maanader til vinters, og stemnde aat seg alle dei som hadde lova ut aa vera i ferdi. Kvar av dei hadde tvo hestar og gode vaapn. Dei kom til Svinafell alle saman og var der um natti. Flose let messa for seg tidleg um sundagsmorgon, og gjekk daa til bords. Han sa alle heimekararne sine fyre, kva kvar skulde gjera, med han var burte. So gjekk han aat hestom sine. 233Flose og fylgjet hans reid vestetter til Sand. Flose bad dei ikkje rida hardt i fyrstningi; dei vanst nok endaa fram, sa han. Han bad alle bia, um nokon trong aa heftast. Dei reid vest til Skogakverve, og kom til Kyrkjebø. Flose bad dei alle ganga med til kyrkja til bøn. Mennerne gjorde so. Sidan steig dei paa hestarne sine og reid upp paa fjellet, og so til Fiskevatni og eit stykke vestanum dei, og stemnde daa vestetter yver Sanden, so dei hadde Øyafjelljøkulen paa vinstre handi; fór so nedetter til Godaland, og so til Markarfljot, og kom til Trihyrningshalsen ved nonsleite andre dagen i vika og bidde der til midaftans. Alle kom, so nær som Ingjald fraa Kjelda. Sigfussønerne lasta honom sterkt for det. Men Flose bad dei ikkje aamæla Ingjald, den tid han ikkje sjølv var der; «men me skal nok løna honom for det seinare.»




127.

No er aa segja um paa Bergtorskvaal, at Grim og Helge fór aat Hole – dei hadde born til fostrings der – og sa daa til far sin, at dei kom ikkje heim att um kvelden. Dei var i Hole heile dagen. Det kom nokre fatigkonor der, som sa at dei kom langveges fraa. Brørne spurde dei etter tidend. Dei sa dei hadde ikkje nokor tidend aa segja, «men lite nytt kan me nok fortelja.» Dei spurde, kva for noko nytt det var, og bad dei ikkje løyna det. Nei det skulde dei ikkje, svara dei. «Me kom ned Fljotslidi, og der saag me alle Sigfussønerne kom ridande fullt væpna; dei stemnde upp paa Trihyrningshalsen og var femtan i flokken. Me saag og Grane Gunnarson og Gunnar Lambeson; dei var fem i fylgje og stemnde sama leii. Og det er aa kalla for, at alt er paa fôr og flôg ikring heradet.» 234Helge Njaalsson mælte: «Daa er visst Flose komen austantil, med alle dei andre komne til mots med honom. Og daa skal eg og du vera med der som Skarphedin er.» Grim sa, at so skulde det vera, og dei fór heim.

Denne sama eftan sa Bergtora til husfolket sit: «No skal de velja dykk mat i kveld, so kvar fær det han best likar; for di at i kveld er det siste gongen eg ber fram mat aat folket mit.» – «So gale maa daa ikkje henda,» sa dei som inne var. «So vert det no, kor som er,» seier ho. «Eg kunde segja mykje meir, um eg vilde. Og det kan vera til merke, at Helge og Grim kjem heim att i kveld, fyrr folk er fraa bordet gjengne. Og gjeng det etter det, daa gjeng det etter med meir, so som eg seier.» Sidan bar ho mat paa bordet. Njaal mælte: «Undarlegt synest det meg no; eg tykkjest sjaa ikring heile stova, og at baae gavlveggjerne er unda, og bordet og maten i blod alt saman.» Alle gav mykje um detta, so nær som Skarphedin. Han bad dei ikkje ihugast elder fara med andre avlætor, so folk fekk den skammi aa gjera ord um. «Det krevst meir av os en av andre, at me ber os vel, som det og er aa venta.» Grim og Helge kom heim, fyrr bordi var unda-sette, og folk rygdest sterkt ved det. Njaal spurde, kvi dei kom att so braatt. Men dei fortalde kva dei hadde frett. Njaal bad kvar og ein halda seg vaken og vera var um seg.




128.

No er det aa taka aat att der Flose er. Han mælte: «No skal me rida til Bergtorskvaal, so me kjem der fyre natt-maal.» Dei gjerer so. Det var ein dal i kvaalen, og dei reid dit og batt hestarne sine, 235og drygde der til det leid langt paa kvelden. Flose mælte: «No skal me ganga framaat garden; me skal ganga tett saman og fara seint, og sjaa kva dei tek til raads.» Njaal stod ute, og sønerne hans og Kaare og alle heimemennerne, og heldt paa stella seg upp utpaa helleladet, og var nær tretti mann. Flose stadna og mælte: «No skal me sjaa, kva dei tek seg til; for so synest det meg, at vert dei standande ute, so raar me aldri med dei.» – «Daa vart det ei vesall ferd,» seier Grane Gunnarson, «skal me ikkje vaaga aa taka paa dei.» – «Det er ikkje meiningi anna,» seier Flose; «me skal nok ganga paa dei, endaa um dei stend ute; men det avnotet fær me bøta med, at det vert mang ein som ikkje kjem til aa bera bod um kven som vann.»

Njaal mælte til mennerne sine: «Ser de noko til kor mannsterke dei er?» – «Dei hev baade mykje folk og harddrøgt,» seier Skarphedin; «men no stadnar dei, av di dei etlar det kan verta hardt nok aa vinna med os.» «Det er det nok ikkje,» seier Njaal; «eg vil at me skal ganga inn. Dei var ille ute, dei som søkte aat Gunnar paa Lidarende, og han var aaleine mot. Husi her er sterke, som dei der var, og dei kan ikkje faa noko gjort.» – «Det er ikkje liknande i hop det og dette,» seier Skarphedin. «Dei som tok paa Gunnar i hans hus var so gjæve hovdingar, at helder vilde dei venda att en brenna honom inne. Men desse sparer ikkje aa søkja os med eld, straks dei ikkje kjem nokon veg paa annan maate; av di dei vil gjera alt dei kan til aa faa bugt med os. Dei meiner vel – som ikkje er uliklegt helder – at det vert deira bane, um me kjem unda. Helder ikkje er eg huga paa aa lata meg røykja inne som ein melrakke i hiet.» Njaal mælte: «No er det att som so ofte, at de vil læra meg raad, sønerne mine, og ikkje vyrer meg. De gjorde ikkje so, den tid de var yngre, 236og daa gjekk alt betre for dykk.» Helge mælte: «Lat os gjera som far vaar vil; det batar os best.» – «Ikkje veit eg det visst,» seier Skarphedin, «di at no er han feig. Men det kan eg alltid gjera far min til viljes, aa brenna inne med honom; for eg ræddest ikkje dauden min.» Han mælte daa til Kaare: «Lat os fylgjast vel, maag, so ikkje den eine skilst ved den andre.» – «Det hev eg etla meg til,» seier Kaare; «men um anna er tillagt, fær det hava sin gang; det er ikkje noko med det aa gjera.» – «Hemn os, du!» seier Skarphedin; «men me skal hemna deg, um me vert levande etter.» Kaare sa at so skulde det vera. So gjekk dei inn alle og stelte seg i døri. Flose mælte: «No er dei feige, med di dei gjekk inn. No skal me skunda os heim aat huset og skipa os som tjukkast framanfor døri, og gjæta vel etter at ingen kjem unda, korkje Njaalssønerne elder Kaare; for det er vaar bane.»

Dei kom daa framaat garden og skipa seg umkverves husi, um det skulde vera nokor løyndør der. Flose med sine menner gjekk aat framsida av huset. Roald Ossurson ljop aat der Skarphedin stod og stakk til honom. Skarphedin hogg spjotet av skaftet for honom, flaug innpaa og hogg til honom. Øksi tok ned i skjoldet og klemde det inn paa Roald; men framhyrna tok i andlitet paa honom, og han fell att aa bak og var daud straks. «Det glatt ikkje mykje den gongen helder for deg,» sa Kaare; «du er den frægaste av os.» – «Ikkje veit eg det visst,» seier Skarphedin, og drog paa lippa under skjegget og kaldflein. Kaare, Grim og Helge sette i vegen mange spjot og saara mange. Men Flose og dei andre fekk ingenting gjort. Flose mælte: «Me hev fenge stor skade paa folket vaart. Mange er saara, og den er drepen som me sist vilde valt til det. No hev me set, at me ikkje naar dei med vaapn. Mange er no ikkje so 237stride til aa gaa paa som dei lét, av dei som eggja mest.. Detta mæler eg mest aat Grane Gunnarson og Gunnar Lambeson, som lest vera mest braafuse. Me fær no taka ei onnor raad. Det er no tvo koster aa velja imillom, og ikkje kvaargjen god. Den eine er aa ganga fraa att, og det er vaar bane. Den andre er aa setja eld paa og brenna dei inne, og det er aa taka paa seg eit stort andsvar for Gud, daa me er kristne menner sjølve. Men den utvegen fær me likevel taka til.




129.

Dei tok no eld og gjorde upp eit stort baal framanfor døri. Daa mælte Skarphedin: «De kveikjer eld no, sveinar; – skal de kanskje til aa koka?» Grane Gunnarson mælte: «Det skal me, ja, og du skal ikkje trenga det heitare til aa baka deg med.» Skarphedin mælte: «Du løner meg som du er mannen til, at eg hemnde far din, og gjer mest for det som du hev minst med aa gjera.» Daa bar kvinnorne mysa paa varmen og sløkte for dei; sume slo paa vatn elder skval. Kol Torsteinson sa til Flose: «Det kjem meg i hug ei raad. Eg hev set det er eit loft i skaalen uppaa tverrbjelkom. Der skal me bera inn elden og kveikja med arvegrassaata som stend ovanfor husi.» Etter det tok dei saata og sette eld paa. Dei som inne var, visste inngen ting av, fyrr heile skaalen loga ovantil. Dei gjorde og upp store baal framanfor alle dører. Kvinnfolki tok daa til aa bera seg ille, dei som inne var. Daa sa Njaal til dei: «Skikka dykk vel, og gjer ikkje noko ræddelæte; det er eit el, som gjeng snart yver, og daa vert det langt til eit anna slikt. Tru og det, at Gud er miskunsam, og han vil ikkje lata os brenna baade i denne heimen og den andre.» Med slike fyretolor og andre raustlegare 238talde han fyre dei. No tok heile huset til aa loga. Daa gjekk Njaal burt aat døri og mælte: «Er Flose so nær ved, at han kan høyra det eg seier?» Flose sa han kunde høyra det. Njaal mælte: «Vil du taka nokor semja av sønerne mine, elder gjeva nokon av mennerne løyve til utgonga?» Flose svarar: «Ikkje vil eg taka nokor semja ved sønerne dine; no skal det verta ein ende paa det millom os, og ikkje herfraa gjenge, fyrr dei alle er daude. Men kvende og born og huskarar gjev eg løyve til utgonga.» Njaal gjekk daa inn og sa til folket: «No fær de ganga ut alle som lov hev, og gakk no ut du Torhalla Aasgrimsdotter, og med deg alle som hev løyve til det.» Torhalla mælte: «Annan vert skilnaden med meg og Helge en eg tenkte ei rid. Men eg skal daa eggja far min eg brørne mine til aa hemna den mannskaden som her vert gjord.» Njaal mælte: «Du fær nok gjort likso vel som du hev lova, slik god kvinna som du er.» Sidan gjekk ho ut, og mange med henne. Astrid fraa Djupaabakke mælte til Helge Njaalsson: «Gakk med meg ut; eg skal kasta yver deg ei kvinnekaapa og setja paa deg hovudduk.» Han drog seg unda fyrst. Men so gjorde han det for bøni deira. Astrid veivde paa honom hovudduken, og Torhild, kona hans Skarphedin, la yver honom ei kaapa, og so gjekk han ut imillom dei. Daa gjekk dei og ut Torgjerd Njaalsdotter og Helga, syster hennar, og mange andre. Men daa Helge kom ut, sa Flose: «Det var ei høg kvinna og brei yver herdarne, denna som gjeng der; tak og haldt henne.» Men daa Helge høyrde det, kasta han kaapa. Han hadde eit drege sverd under handi paa seg, og hogg til ein mann; det raakte i skjoldet og tok sporden av det og foten av mannen. Daa kom Flose og hogg til Helge yver halsen, so hovudet gjekk av.

Flose gjekk burtaat døri og sa, at Njaal og Bergtora 239skulde koma og tala ved honom. Dei gjorde so. Flose mælte: «Eg vil bjoda deg utgonga, Njaal bonde; for du brenn skuldlaust inne.» Njaal mælte: «Eg vil ikkje ganga ut; for eg er ein gamal mann og lite før til aa hemna sønerne mine – men eg vil ikkje leva med skam.» Flose mælte daa til Bergtora: «Gakk du ut, husfrøya; for deg vil eg for ingen mun inne brenna.» Bergtora mælte: «Eg var ung gjevi Njaal; og det hev eg lova honom, at eitt skulde ganga yver os baae.» Sidan gjekk dei inn baae tvo. Bergtora mælte: «Kva skal me no til raads taka?» – «Me skal ganga til sengs,» seier Njaal, «og leggja os i ro – eg hev lenge vore kvilekjær.» Bergtora sa daa til smaasveinen Tord Kaareson: «Deg skal dei bera ut; du skal ikkje brenna inne.» – «Det hev du lova meg, mormor,» seier sveinen, «at me aldri skulde skiljast, med eg vilde vera hjaa deg. Men eg tykkjer det er mykje betre aa døy med deg og Njaal en aa leva etter.» So bar ho guten aat sengi. Njaal sa til husbondskaren sin: «No skal du sjaa etter, kvar me legg os, og korleis eg steller um os; for eg etlar meg til ikkje aa røra paa meg korkje for røyk elder brune. Daa kan du nære gjeta paa, kvar dei kan finna beini vaare.» Det hadde vore slagta ein ukse der um dagen, og hudi laag der. Njaal sa til husbondskaren, at han skulde breia yver dei hudi. Og han lova det. Dei signa seg og guten, og gav anden sin i Guds hand, og det var det siste som folk høyrde av dei. Husbondskaren tok hudi og breidde yver dei og gjekk ut sidan. Kjetil fraa Mork tok imot honom og kipte honom ut. Han spurde vel etter korleis det var med Njaal, værfar sin, og mannen sa alt som det var. Kjetil mælte: «Stor harm er os fyrelaga, at me skulde hava so stor ugjæva saman.»

Skarphedin hadde set, at far hans la seg, og korleis han hadde stelt um seg. Han mælte daa: «Far 240vaar gjeng tidleg til sengs no, og det er som von kan vera – han er ein gamal mann.» Skarphedin, Grim og Kaare tok brandarne, jamnskjott som dei datt ned, og skaut dei ut paa dei som der var, og soleis gjekk det ei rid. Dei ute skaut spjot inn aat dei, men dei tok dei i veret og sende dei ut att. Flose bad mennerne sine aa slutta skjota; «for alt vaapnskifte med dei mun falla os tungt, og no kan me bia til des at elden vinn med dei.» Dei gjer no so. Daa ruste storstokkarne ned or taket. Skarphedin mælte daa: «No maa visst han far min vera daud; men eg hev ikkje høyrt til honom, korkje styn elder hoste.» Dei gjekk daa burti enden paa skaalen. Der var tverr-aasen fallen ned og sterkt brend paa midten. Kaare mælte til Skarphedin: «Laup du ut her; eg skal beina til med deg og koma etter straks. Daa kan me koma unda baae tvo, naar me steller det so; for hit legg all røyken seg.» Skarphedin mælte: «Du skal laupa fyre, og eg tett etter i hælarne paa deg.» – «Ikkje er det raad,» seier Kaare; «for eg kan vel koma ut eit anna stelle, gjeng det ikkje her.» – «Eg vil ikkje det,» seier Skarphedin. «Laup du ut fyre; eg skal straks koma etter.» Kaare mælte: «Det er kvar mans skyldnad aa berga livet, med raad er; og skal eg og so gjera. Men no skilst me soleis, at me aldri fær sjaa einannan sidan; for løyp eg ut or elden, daa skal eg ikkje hava hug til aa laupa inn i elden att aat deg, og daa kjem me til aa fara kvar si lei.» – «Det trøyer meg,» seier Skarphedin, «at um du kjem unda, maag, so hemner du os.» Kaare tok ein logande setustokk i handi og sprang utetter tverr-aasen. Den slengjer han ut fraa taket og ned paa dei som stod utanfyre. Dei ljop daa unda. Daa stod det i ein loge baade haaret og klædi paa Kaare. Han støyper seg ut fraa taket og spring med røyken. Daa sa ein av dei som 241stod nærast ved: «Kva – ljop det ikkje ein mann ut fraa taket?» – «Langt ifraa,» var det ein annan som sa; «det var Skarphedin som kasta ein stokkbrand paa os.» Og so gruna dei ikkje ved det. Kaare ljop, til han kom aat ein løk, og der kasta han seg nedi og sløkte elden. Fraa der flaug han etter røyken, til des han kom til eit grovafar; der kvilde han. Og det er sidan kalla Kaare-grovi.




130.

No er det aa fortelja um Skarphedin, at han sprang utetter tverrbjelken straks etter Kaare. Men daa han kom dit som den var mest brunnen, brast stokken under honom. Skarphedin kom ned att paa føterne, og sprang til att andre gongen og rende uppetter veggen. Men daa valt brunaasen yver honom, og han rapa innatt. Skarphedin mælte daa: «Set hev eg no, korleis det vera vil,» og gjekk frammed sideveggen. Gunnar Lambeson sprang uppaa veggen og ser Skarphedin. Han sa: «Græt du no, Skarphedin?» – «Ikkje det helder,» seier Skarphedin, «men det er sant, at det surnar i augo. Men kva – er det som meg synest – lær du?» – «Det er visst,» seier Gunnar, «og det hev eg ikkje gjort att fyrr no, etter daa du drap Traain paa Markarfljot.» Skarphedin mælte: «Her skal du daa faa ei minnegaava um det.» Tok han so ein jaksl or lumma si, som han hadde hogge av Traain, og kasta til Gunnar og raakte i auga, so det laag utpaa kjaken. Gunnar stupte daa ned av taket. Skarphedin gjekk aat Grim bror sin. Dei heldt einannan i henderne og trødde elden. Men daa dei kom midt fram i skaalen, seig Grim daud ned. Skarphedin gjekk aat enden paa huset. Daa vart det stor brest og brak. Heile taket 242rausa ned, og Skarphedin vart klemd fast millom det og gavlveggen, so han kunde ikkje røyva seg aat nokor lei.

Flose og dei var ved elden der til etter det var ljost. Daa kom det ein mann ridande aat dei. Flose spurde kva han heitte. Han nemnde seg Geirmund, og sa han var frende aat Sigfussønerne. «De hev gjort eit stort aaverk her,» seier han. Flose svara: «Folk vil nok kalla dette baade aaverk og illverk. Men no er det ikkje noko ved det aa gjera.» – «Kor mange mann hev vorte fyre her?» seier Geirmund. Flose svarar: «Her hev kome av dage Njaal og Bergtora og alle sønerne deira, Tord Kaareson, Kaare Solmundson og Tord Løysinge.Oversetternote: Ikkje nemnd fyrr i soga. Derimot Tord Lausingeson, fosterfar aat Njaalssønerne, som vart drepen av Sigmund Lambeson og svensken Skjold (kap. 39–42). Løysinge elder lausinge vil segja: frigjeven træl. Men me veit ikkje so vel, um det kan vera fleire, som me ikkje hev so god greia paa.» Geirmund mælte: «Der sa du daud ein som me hev tala med denne morgoen.» – «Kven er det?» seier Flose. «Me raakte Kaare Solmundson, eg og Baard, grannen min,» seier Geirmund, «og Baard gav honom hesten sin; det var brunne av honom baade haaret og klædi.» – «Hadde han noko vaapn?» seier Flose. «Han hadde sverdet Fjørsvavne,» seier Geirmund. «Eggi var blaana i den eine kanten, og eg og Baard sa, at det hadde nok deigna. Men han svara det, at han skulde herda det i blodet aat Sigfussønerne elder dei andre brennemenner.» Flose sa: «Kva fortalde han um Skarphedin?» Geirmund svara: «Dei var i live baade han og Grim, daa Kaare skildest ved dei; men han sa han meinte dei var daude no.» Flose mælte: «Du hev der sagt os ei soga som ikkje byd os setu-grid;Oversetternote: Setu-grid: fred til seta (til aa sitja), rolege dagar. for di at no er den mannen unda komen, som gjeng 243næst Gunnar paa Lidarende i alle luter. Og det skal de og no hugsa paa, Sigfussøner og alle de andre, at her vert reist eit ettermaal so stort etter denne brensla, at det kjem til aa kosta sume hovudet, og sume gard og grunn. Det grunar meg no og, at ingen av dykk Sigfussønom torer sitja heime paa gardom dykkar; og ikkje er det til aa undrast paa. No vil eg beda dykk aust med meg alle saman og lata eitt ganga yver os alle.» Dei takka honom for tilbodet, og sa dei vilde taka imot det. Daa kvad Modolv Kjetilson ei visa, um at Hoskuld var hemnd, og at det levde att berre ein av Njaals hus etter branden. «Me skulde havt noko anna aa kyta av,» seier Flose, «en det at Njaal er inne brunnen; for det er ingor fremd.» Flose og Glum Hildeson og nokre andre gjekk upp paa gavlveggen. Daa mælte Glum: «Maa tru Skarphedin er daud no?» Men andre sa han maatte vera daud longe sidan. Stundom gaus logen upp, stundom slokna han ned att. Daa høyrde dei nedunder seg i elden at det vart sunge ei visa.

Grane Gunnarson mælte: «Maa tru Skarphedin kvad denna visa levande elder daud?» – «Det vil eg ikkje gjera noko gissingar um,» seier Flose. «Leita vil me no,» seier Grane, «etter Skarphedin og dei andre som hev brunne inne.» – «Det vil me ikkje,» seier Flose; «faavitug som du laut ein daa vera, no daa dei samlar mannskap yver heile heradet. Og den same som no hev gode stunder, skulde daa verta so rædd, at han ikkje veit kvar han skal laupa av. Mit raad er det, at me rid burt alle, svintast me kan.» Flose gjekk daa snyggeleg til hesten sin, og alle hans menner. Flose mælte til Geirmund: «Tru Ingjald fraa Kjelda er heime?» Geirmund sa, han trudde han var det. «Den mannen,» seier Flose, «hev brote eid ved os og all trunad.» Han spurde Sigfussønerne: «Kva vil de no velja aat Ingjald? 244vil de gjeva honom etter, elder skal me no fara aat honom og drepa honom?» Dei svara alle, at dei no vilde fara og drepa honom. Daa steig Flose paa hesten sin, og alle dei andre, og reid burt. Flose reid fyre og stemnde uppaat Rangaai og uppmed den. Daa saag han ein mann kom ridande nedetter paa andre sida aat aai. Han kjende honom; det var Ingjald fraa Kjelda. Flose ropar aat honom. Ingjald stogga paa og snudde innaat aai. Flose mælte til honom: «Du hev brote eiden ved os, og hev forbrote liv og gods. Og no er Sigfussønerne her og vil gjerne drepa deg. Men eg tykkjer du er ille stadd, og eg vil gjeva deg livet, um du vil lata meg faa sjølvdom.» Ingjald svarar: «Fyrr skal eg no rida til mots med Kaare en aa gjeva deg sjølvdom. Men Sigfussønerne vil eg segja det, at eg er ikkje ræddare dei en dei meg.» – «Bi daa,» seier Flose, «naar du ikkje er rædd; for eg vil senda deg ei sending.» – «Visst skal eg bia,» seier Ingjald. Torstein Kolbeinson, brorson hans Flose, reid frammed honom og hadde eit spjot i handi. Det var den raskaste karen og mest ved av alle som var med Flose. Flose treiv spjotet fraa honom og skaut det til Ingjald. Det kom paa vinstre sida av honom og gjekk igjenom skjoldet nedanfor handtaket, so skjoldet klovna, men spjotet flaug inni foten ovanfor kne-skjeli og alt ned i salfjøli, og vart standande der. Flose mælte til Ingjald: «Vart det so eg raakte deg?», – «Det raakte nok,» sa Ingjald, «men detta kallar eg skeina, og ikkje saar.» Ingjald kipte spjotet or saaret og sa til Flose: «Bi no du, um du ikkje er blaud.» Han skaut daa spjotet attende yver aai. Flose ser at spjotet stemner beint paa honom, og hopar attende med hesten. Spjotet flaug framanfor bringa paa Flose og gjekk i miss av honom, men raakte Torstein midt paa, so han stupte daud av hesten. Ingjald 245jagar no paa hesten og rid inn i skogen, og dei naadde honom ikkje. Flose mælte til mennerne sine: «No hev me fenge stor mann-skade. Me kan og no vita, soleis som detta hev borest til, kva for ei uhæma me hev. Og no er det mit raad, at me rid innpaa Trihyrningshalsen. Fraa der kan me sjaa manna-reierne yver heile heradet; for no kjem dei til aa stemna saman som mest. Daa tek dei den tanken, at me hev ride aust til Fljotslidi fraa Trihyrningshalsen, og at me so tek til fjells yver til austheradi, og so rid største flokken den vegen; men sume fer nedrefram til Seljalandsmulen, endaa dei meiner det er mindre von der. Men no skal eg maka raad for os. Det er mit raad, at me rid upp i Trihyrningsfjellet og bier der, til des tri soler er lidne av himmelen.» Dei gjer daa so, at dei rid upp i fjellet og inn i ein dal, som sidan er kalla Flosedalen. Fraa der ser dei no alle ferder av folk ikring i heradet.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Njaala (elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans)

Njaala/Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans/Njåls saga er den største av islendingesagaene. Den ble skrevet ned på slutten av 1200-tallet, trolig basert på historiske hendelser iblandet diktning og vandrehistorier. Teksten er bevart i en rekke manuskripter, for eksempel i håndskriftet Möðruvallabók, som også inneholder teksten til ti andre islendingesagaer.

Handlingen foregår for det meste på Island i tiden rundt år 1000, og skildrer livene til Gunnar Hammundarsson fra Lidarende og Njål Torgeirsson. De to mennene er svært forskjellige, men har et sterkt vennskap. Vennskapet settes dog stadig på prøve når slektningene deres ofte egger til strid og uvennskap. Sagaen handler også om overgangen fra hedenskap til kristendom.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.