Njaala (elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans)

[kap. 131–140]


131.

No er det aa segja fraa Kaare, at han fór fraa den grovi der han hadde kvilt seg, til des han møtte Baard. Ordi millom dei fall som Geirmund hadde sagt. Kaare reid fraa der til Môrd Valgardson og fortalde honom um tilburden. Môrd bar seg svært ille for det. Kaare meinte det no var anna for ein kar aa gjera en aa graata paa dei daude, og bad honom helder samla folk og møta fram med dei ved Holtsvadet. Sidan reid Kaare til Tjorsaadal aat Hjalte Skjeggjeson. Som han kjem uppmed Tjorsaai, ser han ein mann kjem ridande kvasst etter seg. Kaare bidde paa mannen, og ser at det er Ingjald fraa Kjelda. Han ser at han er blodut yver heile laaret. Kaare spurde kven som hadde saara honom. Ingjald fortalde det. «Kvar raaktest de?» seier 246Kaare. «Ved Rangaai,» seier Ingjald; «han skaut paa meg yver aai.» – «Gjorde du noko att?» seier Kaare. «Eg skaut spjotet attende,» seier Ingjald, «og dei sa ein mann vart fyre, og at han var daud med same.» – «Fekk du ikkje vita,» seier Kaare, «kven som vart fyre?» – «Eg totte det var likt til aa vera Torstein, brorson hans Flose,» seier Ingjald. «Heil vere deg for det verket!» seier Kaare. Sidan reid dei baae saman til Hjalte Skjeggjeson og sa honom tidendi. Han brukte harde ord um det verk som var gjort, og sa det var paa tidi aa rida etter dei og drepa alle saman. Sidan samla han folk og baud ut allmenning. Med dette lidet reid Kaare og dei andre til møtes med Môrd Valgardson, og dei møttest ved Holtsvadet. Môrd var komen der fyrr med stor mannamagt. Dei skipa seg i flokkar til aa leita. Sume reid nedrefram aust til Seljalandsmulen, sume upp i Fljotslidi, og sume fór øvrefram um Trihyrningshalsen og ned til Godaland, derifraa nordetter alt til Sand, og sume til Fiskevatni, og vende att der. Sume reid nedrefram aust til Holt og sa Torgeir tidendi, og spurde um ikkje Flose hadde ride framum der. Torgeir mælte: «Um ikkje eg er nokon stor hovding, so vilde vel Flose helder taka eit anna raad en aa rida midt for augo mine, naar han hev drepe Njaal, farbror min, og sønerne hans, frendarne mine. For dykk er det ikkje anna fyre en aa venda att; for de hev nok leita ute etter det som var inne. Men seg til Kaare og bed honom rida hit og vera her hjaa meg, um han vil. Men vil han ikkje aust her, daa skal eg sjaa til med garden hans i Dyrholmarne, um han so vil. Seg honom og det, at eg skal gjeva honom den tilstudnad eg kan, og rida til Alltings med honom. Han veit vel og det, at me brørne er dei næraste ettermaalsmennerne, og me etlar aa driva det dit med ettermaalet, at det kjem 247til utlægd, um me maa raada, og sidan til mannhemn. Men for di fer eg ikkje nokon-stad med dykk no, at eg veit det ikkje nyttar; for no er dei som varast um seg.» Dei reid daa attende og møttest paa Hov alle, og dei tala der um seg imillom, at dei hadde skam av ferdi si, daa dei ikkje hadde funne dei. Men Môrd meinte, at dei skulde ikkje segja det. Daa var det mange som eggja til at dei skulde fara til Fljotslidi og øyda gardarne for dei som hadde vore med i dette verket; men med dette vart det so, dei skulde lata Môrd gjera det av. Han sa at dette var reint eit uraad. Dei spurde kvi han meinte det. «For di,» seier han, «at naar gardarne deira fær staa, so kjem dei og ser til dei og kvendi sine, og daa kan ein naa dei der, naar det lid frametter. Og de skal ikkje tvila um, at eg er Kaare tru i alle raad; for her hev eg for meg sjølv og aa svara.». Hjalte bad honom gjera som han lova. Hjalte bad Kaare til seg. Kaare sa han vilde rida dit fyrst. Dei fortalde honom og, kva Torgeir hadde bode honom. Han sa han skulde nøyta det tilbodet seinare, og la til, at han tykte det lova godt, um det var mange slike. Etter dette let dei hopen dreivast og ganga kvar til sit.

Flose og dei kararne saag alt som hende, fraa fjellet der dei var. Flose mælte: «No skal me taka hestarne vaare og rida burt; for no er det raad til det.» Sigfussønerne spurde, um det var raadelegt for dei aa fara heimum og segja til um gardsstellet. «Môrd meiner nok som so, at de vil sjaa heim aat konorne dykkar,» seier Flose, «og eg gjet meg til, det er hans raad, at gardarne dykkar skulde staa urænte. Og daa er det mit raad, at ingen av os skil seg fraa den andre, og at de alle rid med meg der aust.» Dei reid daa burt, og tok vegen nordanum jøkulen, til dei kom til Svinafell. Flose sende menner i vegen straks, til aa 248draga til huset, so ingen ting skulde skorta. Flose gjorde seg aldri til av dette verket, men helder ingen kunde merka han var rædd. Og han var heime all den vinteren fram um jol.




132.

Kaare bad Hjalte vera med og leita fram beini etter Njaal; «for alle trur det som du seier um kva du tykkjer.» Hjalte sa, at han gjerne vilde flytja beini hans Njaal til kyrkja. Etter det reid dei heimanfraa der femtan mann. Dei reid aust yver Tjorsaai, og fekk med seg folk, til dei hadde hundrad mann med grannom hans Njaal. Dei kom til Bergtorskvaal ved høgstdagsleite. Hjalte spurde Kaare, kvar Njaal skulde liggja under. Kaare synte dei det, og der var det mykje oska aa moka av. Der under fann dei hudi, og ho var vorti som ei skorpa berre av elden. Dei tok upp hudi, og der laag dei under ubrende baae. Alle lova Gud for dette, og totte det var ei stor jarteign i det. Sidan vart sveinen teken upp, som hadde lege imillom dei, og av honom var avbrend eine fingren, som han hadde rett fram unda hudi. Njaal og Bergtora vart utborne, og so gjekk alle burtaat for aa sjaa paa liki deira. Hjalte mælte: «Kva synest de um desse liki?» Dei svara: «Me vil høyra di meining fyrst.» Hjalte mælte: «Den skal eg segja beint ut: Bergtora tykkjer eg ser ut som det kunde vera likjende til, og helder betre. Men likamen hans Njaal og aasyni synest meg so bjart, so eg hev ikkje set nokon daud mans likam so bjart som hans.» Alle sa, at so var det. Dei leita daa etter Skarphedin. Heimemennerne synte dei, kvar det var Flose og fylgjet hans høyrde visa var kvedi. Der var taket falle innaat gavlen. Og der sa Hjalte at dei skulde grava. Dei gjorde det, og fann 249likamen hans Skarphedin. Han hadde stade uppmed gavlveggen. Føterne var brende av honom nedantil mest til knes. Men alt anna var ubrent paa honom. Han hadde bite seg i lippeskjegget. Augo hans stod opne, men dei var ikkje trutne. Han hadde drive øksi inn i gavlveggen so hardt, at ho hadde gjenge inni til midt upp paa bladet, og difor hadde ho ikkje deigna. Han og øksi vart borne ut. Hjalte tok upp øksi og mælte: «Dette er eit sjeldfengt vaapn, og faa er dei som magtar aa bera det.» Kaare mælte: «Eg veit ein mann til aa bera øksi.» – «Kven er det?» seier Hjalte. «Torgeir Skorargeir,» seier Kaare, «han etlar eg er den fremste mannen i den ætti no.» Daa vart klædi havde av Skarphedin; for dei var ikkje brende. Han hadde lagt henderne sine i kross, og den høgre ovanpaa. Dei fann eit merke paa honom millom herdom, og eit anna paa bringa, og baae var brende i kross. Folk meinte at han hadde brent seg sjølv. Alle so mælte dei, at det fylgde betre med Skarphedin daud, totte dei, en dei hadde tenkt seg; for det var ingen som rygdest ved honom. Dei leita etter Grim, og beini hans fann dei midt i skaalen. Gjegnt imot der, under langveggen, fann dei Tord Løysinge, og i vevarstova fann dei kjeringi Sæunn og tri andre. I alt fann dei beini av elleve menneskje. Dei flutte no liki til kyrkja. Hjalte reid daa heim, og Kaare med honom. Det kom trote i foten hans Ingjald. Han fór daa til Hjalte, og han grødde foten; men Ingjald var halt støtt sidan.

Kaare reid til Tunga aat Aasgrim Ellidagrimsson. Ho Torhalla var heimkomi fyrr, og hadde daa sagt tidendi der. Aasgrim tok imot Kaare med baae hendom og bad honom vera der heile det aaret. Kaare sa, at det vilde han. Aasgrim baud seg til aa taka til seg alle som hadde vore paa Bergtorskvaal. Kaare seier, at det 250var godt tilbode, «og eg skal taka imot det paa deira vegne.» Og so flutte dei dit alle. – Torhall Aasgrimson vart so ille ved, daa det vart fortalt honom, at Njaal, fosterfar hans, var daud og hadde vorte innebrend, at all kroppen hans trutna, og blodbogen stod utor baae øyro paa honom, og det vilde ikkje stødva; men so fall han i uvit, og daa stødva det. Etter det stod han upp, og sa at han hadde bore seg som eit smaamenne. «Men eg skulde ynskja, at eg fekk hemnt dette som hende meg paa nokon av dei som var med daa han brann inne.» Men andre sa, at dette var noko som han ikkje hadde skam av. Men han sa, at han kunde ikkje taka att noko, kva det so vart sagt. Aasgrim spurde Kaare, kva studnad han gjorde seg von um av dei austanfor aai. Kaare seier, at Môrd Valgardson og Hjalte Skjeggjeson vilde veita honom all den styrk dei kunde, og like eins Torgeir Skorargeir og alle brørne hans. Aasgrim sa, at det var avl som det var mun i. «Kva styrk skal me hava av deg daa?» seier Kaare. «All den eg orkar,» seier Aasgrim, «og eg skal setja livet mit inn paa det.» «Gjer det, du,» seier Kaare. Aasgrim mælte: «Eg hev og fenge Gissur Kvite med i saki – og eg spurde honom til raads, korleis me skulde fara aat.» – «Det er vel,» seier Kaare, «og kva raadde han til?» Aasgrim svara: «Det raadde han til, at me skulde halda stilt med alt til vaars; men daa skulde me rida austyver og bu til søksmaal imot Flose for draapet paa Helge og stemna nærbuar heimantil, lysa brandsaki paa tinget, og der hava dei same buarne til aa vitna. Eg spurde og Gissur, kven som skulde søkja draapsmaalet. Men han sa, at det skulde Môrd gjera, anten han let vel elder ille um det; «han skal taka tyngste taket; for han er den som hev gjort verst i dette maalet til dessar. Kaare skal vera kvass, kvar gong han er saman med Môrd. Dette dreg 251paa honom fraa ei lei, og mine raad fraa den andre, sa Gissur.» Kaare mælte: «Dine raader vil me fylgja, so lenge det er gjerande og du vil standa fyre med os.»

So er aa segja um Kaare, at han fekk ikkje sova um næterne. Aasgrim vakna ei natt og høyrde at Kaare laag vaken. Aasgrim mælte: «Korleis – er det ikkje svevnsamt um næterne?» Kaare kvad daa ei visa.

Jamnan i øyro imar
ankande vivs bøner,
valdar at svevn paa augo
seint mune bu festa.
Alt sidan bause brandmenn
brende Njaal inne,
meinslegt i mødde hugen
minnesam haustnatt svier.

Ingen var det Kaare so ofte gat som Njaal og Skarphedin. Aldri aamælte han uvenerne sine, og aldri lova han dei vondt.Oversetternote: «Dertil var hans beslutning for dyb og inderlig», seier P. A. Munch.




133.

Ei natt bar det so til paa Svinafell, at Flose lét ille i svevnen. Glum Hildeson vekte honom; men det var lenge, fyrr han fekk honom vaken. Flose mælte daa: «Kalla hit Kjetil fraa Mork!» Kjetil kom. Flose mælte: «Eg vil segja deg draumen min.» – «Gjer det,» seier Kjetil. «Eg drøymde det,» seier Flose, «at eg tykte eg var paa garden Lomagnup og gjekk ut og saag upp til gnupen. Den opna seg, og daa gjekk det ein mann ut or gnupen i geiteskins-trøya, og hadde ein jarnstav i handi. Han fór ropande og kalla paa mennerne mine, sume fyrr og sume seinare, og nemnde dei ved namn. 252Han ropte fyrst paa Grim hin raude, frenden min, og Arne Kolsson. Eg totte det vart meg so undarlegt ved det. Daa tyktest meg han ropte paa Øyolv Bolverkson, og Ljot, son hans Hall fraa Sida, og seks andre menner. Daa tagde han nokor stundi. Sidan ropte han paa fem menner av flokken vaar, og med der var Sigfussønerne, brørne dine. So ropte han paa fem andre menner, og med der var Lambe og Modolv og Glum. Daa ropte han paa tri menner. Sist ropte han paa Gunnar Lambeson og Kol Torsteinson. Etter det kom han burtaat meg. Eg spurde honom etter tidender, og han let som han hadde tidender aa segja. So spurde eg etter namnet, og han nemnde seg Jarngrim. Eg spurde kvar han skulde av. Han sa han skulde fara til Alltings. «Kva skal du der gjera?» sa eg. Han svara: «Fyrst skal eg rydja nemnder, so retten, og so vigvoll aat stridsmennom.» Og so kvad han dette:

Hogg-ormar mun seg hevja
hoggfuse ovan marki;
sjaa mune menn paa moldi
mange heilne-borger.Oversetternote: Heilne-borger (borger aat heilen): skoltar, hovudskallar.
No veks blaae broddars
bøyste-sollOversetternote: Dei blaae broddars bøyste-soll (elder rettare: dei blaae bøystebroddars soll): sollen (ljomen) av dei blaae slagbroddar (sverd, vaapn). i fjellom;
kjemer det sume seggjerOversetternote: Segg: kar.
sveite-doggOversetternote: Blod, etter det er ut or kroppen kome, er kalla sveite mange stader i landet, like eins som i gamalnorsk. paa leggjer.

Han kasta ned staven, og det vart eit forfælande brak. Gjekk han so inn i fjellet. Men eg vart teken av otte. Og no vil eg at du seier, kva du meiner 253draumen min varslar.» – «Det er hugbodet mit,» seier Kjetil, «at dei alle er feige som vart ropte paa namn. Eg tykkjer det er best, at me ikkje seier denne draumen til nokon, som det no stend.» Flose sa, at so skulde det vera.

No lid vintren til yver jol. Daa sa Flose til mennerne sine: «No hev eg tenkt me skulde fara heimanfraa; for eg tykkjest vita, at me ikkje kan venta nokon setu-fred. Me skal fara ut og lya etter hjelp. No kjem det til aa sannast som eg sa dykk, at det vert aa ganga for mange mens kne, fyrr dette maalet tek ende.»




134.

Sidan laga dei seg til aa fara heiman alle saman. Flose hadde leista-brok;Oversetternote: Leistabrok: brok og sokkar i eitt. for han etla seg til aa ganga. Han visste, at daa tykte dei andre mindre aat aa ganga dei og. Fraa heime fór dei aat Knappavoll, men andre eftan til Breiaa, men fraa Breiaa til Kalvafell, fraa der til Bjarnarnes i Hornafjorden; derfraa til Stavafell i Lon, og so til Tvaattaa aat Sidu-Hall. Flose hadde Steinvor, dotter hans. Hall tok vel imot dei. Flose mælte til Hall: «Eg vil beda deg, maag, um aa rida til tings med meg med alle tingmennom dine.» Hall svara: «No er det vorte som sagt er, at stutt stund fegnast hand av hogg. Og dei i flokken din som eggja til det verste verk, ber ikkje hovudet so høgt no, daa det er gjort. Men lidveitsla mi er eg skuldug aa leggja til, all den eg kan.» Flose mælte: «Kva raader du meg til, soleis som det no stend?» Han svarar: «Du skal fara heilt nord til Vaapnafjorden og beda alle 254hovdingarne um studnad, og det kjem du nok til aa trenga av dei alle, fyrr tinget er slut.»

Flose vart verande der tri næter og kvilde seg, og fór derfraa aust til Geitahellor, og so til Berufjord. Der var dei um natti. Fraa der fór dei aust til Breidal i Høydalen. Der budde Hallbjørn hin sterke. Han hadde Oddny, syster hans Sorle Broddhelgeson, og der vart Flose vel fagna. Hallbjørn spurde um mangt fraa branden, og Flose gav god greia um alt. Hallbjørn spurde, kor langt Flose etla seg nord i fjordarne. Han sa han etla seg nord til Vaapnafjorden. Flose tok daa ein pengepung fraa beltet sit, og sa han vilde gjeva Hallbjørn den. Han tok imot gullet, men sa at han hadde ingor gaava tent av Flose; «men det vilde eg daa vita, korleis du vil eg skal løna deg.» – «Eg treng ikkje gods,» seier Flose; «men det ynskjer eg, at du vil rida til tings med meg og hjelpa med i maalet mit, endaa eg hev korkje skyldskap elder venskap aa rekna med deg.» Hallbjørn mælte: «Det skal eg lova aa rida til tings med deg og vera deg til hjelp i maalet, som um du var bror min.» Flose takka honom.

Fraa der fór dei Breidalsheii, og so til Ravnkjellsstad. Der budde Ravnkjell, son aat Tore og sonarson hans Ravnkjell Ravnsson. Flose vart der vel fagna og høyrde etter med Ravnkjell um tingreid og lidveitsla. Ravnkjell drog seg unda lenge. Men det vart til di, at han lova, at Tore, son hans, skulde rida til tings med alle tingmennom deira og hjelpa med paa same sida som samtings-godarne hans. Flose takka honom og fêr burt og til Bersestad. Der budde Holmstein Spakberseson, og han tok overlag vel imot Flose. Flose bad honom um lidveitsla. Holmstein sa, at den hadde Flose longe sidan gjort rett for. Fraa der fór dei til Valtjovsstad. Der budde Sorle Broddhelgeson, bror hans 255Bjarne Broddhelgeson. Han hadde Tordis, dotter hans Gudmund hin rike paa Modruvollom. Der fekk dei god fagnad. Men um morgoen kom Flose fram med at han vilde faa Sorle til aa rida til Alltings med seg, og baud honom gods for det. «Eg veit ikkje det,» seier Sorle, «so lenge eg ikkje veit, kvar Gudmund hin rike, maagen min, stend; for eg etlar meg til aa vera der som han er med.» Flose mælte: «Eg skynar paa svaret dit, at du hev kvendemagti yver deg.» Flose stod upp og bad dei taka klædi og vaapni sine. Dei gjekk att, og fekk ingor hjelp der.

Dei fór so nedanum Lagarfljot og yver heii og til Njardvik. Der budde det tvo brørar, Torkjell Fullspak og Torvald. Dei var sønerne aat Kjetil Trym, son hans Tidrande hin spake. Mor deira heitte Yngvild, og hennar far med heitte Torkjell Fullspak. Flose vart vel fagna der. Han fartalde brørne erendi si og bad um lidveitsla deira. Dei slo seg unda, til des han gav dei tri merker sylv kvar for lidveitsla. Daa lova dei honom det. Yngvild, mor deira, var til stadar, daa dei lova aa rida til Alltings, og ho gret. Torkjell mælte: «Kva græt du for, mor?» Ho svara: «Eg drøymde at Torvald, bror din, var i raud kjortel, og eg tykte den var so trong som han skulde vore sauma paa honom. Eg tykte og at han hadde raude hosor, som var reiva med grove snøre. Eg tykte det var illt aa sjaa; for eg visste det var uhøgt for honom. Men det var ikkje raad for meg aa gjera noko ved det.» Dei log aat henne, og sa det var tull, og meinte at vaset hennar skulde ikkje standa i veg for ting-ferdi deira. Flose takka dei vel og fór fraa der til Vaapnafjorden, og dei kom til Hov. Der budde Bjarne Broddhelgeson. Broddhelge, far hans, var son aat Torgils, son hans Torstein hin kvite, son hans Ølve, son hans Øyvald Øksnatoreson. 256Mor hans Bjarne var Halla Lytingsdotter. Mor hans Broddhelge var Aasvor, dotter aat Tore, son hans Graut-Atle, son hans Tore Tidrande. Bjarne var gift med Rannveig, sonardotter aat Eirik fraa Goddalarne. Bjarne tok imot Flose med baae hendom. Flose baud honom gods for at han skulde vera med. Bjarne mælte: «Aldri hev eg selt manndomen min elder lidveitsla mi for gull. Men no, daa du treng hjelp, so skal eg gjera det for venskaps skuld, og rida til tings med deg og hjelpa deg som du var bror min.» – «Daa legg du all skyldnaden paa mi sida,» seier Flose; «men eg venta meg slikt av deg.»

Fraa der fór Flose og fylgjesmennerne hans til Krossavik. Der budde Torkjell Geiteson. Flose og han var svært gode vener fraa fyrr. Flose sa honom erindi si. Torkjell sa det var hans skyldnad aa veita honom den hjelp han var før til, og ikkje skiljast ved maalemnet hans. Torkjell gav Flose gode gaavor ved skilnaden. Daa fór Flose nedantil fraa Vaapnafjorden og upp i Fljotsdalsheradet og gjesta Holmstein Spakberseson. Flose sa honom, at alle hadde teke vel uppunder vandemaalet og erendi hans, so nær som Sorle Broddhelgeson. Holmstein sa det hadde seg so, at Sorle var ingen vaaverksmann. Holmstein gav Flose gode gaavor. Flose fór upp Fljotsdalen, og fraa der sud yver fjellet um Øksarraun og ned Svidinhornadal og utmed vestanfor Aalptafjorden, og slutta ikkje ferdi si fyrr han kom til Tvaattaa aat Hall, maagen sin. Der var Flose og dei med honom ein halv maanads tid og kvilde seg. Flose spurde Hall, kva han vilde raada honom, korleis han no skulde taka det elder stella seg. Hall mælte: «Det raader eg deg til, at du og Sigfussønerne er heime paa garden din, men at dei sender folk til aa sjaa til paa gardom sine, medan de sjølve fer beint heim denne 257gongen. Men naar de rid til tings, maa de fara alle i fylgje og ikkje dreiva flokken dykkar.» Paa den ferdi kan daa Sigfussønerne sjaa innum aat konorne sine. Eg og Ljot, son min, skal og rida til tings med alle tingmennom vaare og gjeva deg den lidveitsla eg kan koma til med.» Flose takka honom. Hall gav Flose gode gaavor i skilnaden. Flose fór daa fraa Tvaattaa, og det er ikkje noko um ferdi hans aa segja, til han kjem heim til Svinafell. Han er daa heime det som att er av vintren, og sumaren frametter til tings.




135.

No er det um det aa fortelja, at Kaare Solmundson og Torhall Aasgrimson ein dag reid til Mosfell for aa finna Gissur Kvite. Han tok imot dei med baae hendom. Dei vart verande der ei lang rid. Det var ein gong, daa dei og Gissur tala um Njaals-brenna, at Gissur sa det var ei framifraa stor lukka, at Kaare hadde kome unda. Daa kom det Kaare ei visa i munnen, um kor tungt det var for honom aa ganga ut av Njaals hus, fraa dei som skulde brenna inne der. Gissur mælte: «Det er ikkje aa undrast paa, at dette er minnesamt for deg, og me skal ikkje tala meir um det denne gongen.» Kaare sa, at han etla seg til aa rida heim. Gissur mælte: «Eg skal no i all dælskap gjeva deg mit raad. Du skal ikkje rida heim, men likevel rida fraa her og aust under Øyjafjell og finna Torgeir Skorargeir og Torleiv Kraak. Dei skal rida austanfraa med deg, daa dei er næraste ettermaalsmennerne. Torgrim hin mikle, bror deira, skal og vera med. De skal rida til Môrd Valgardson og segja honom det med mine ord, at han skal taka paa seg vigsmaalet mot Flose etter Helge Njaalsson. Men um han seier noko ord imot dette, daa skal du gjera 258deg som vreidast og laata som du vil setja øksi i hovudet paa honom. Du skal og attaat lova honom min vreide, um han læst vera ille aatkomen. Desutan skal du segja, at eg vil koma etter Torkatla, dotter mi, og taka henne med meg heim att. Det toler han ikkje; for han elskar henne som augo i hovudet sit.» Kaare takka honom for raadgjerdi hans, men han tala ikkje med honom um lidveitsla; for han tenkte at Gissur vilde syna seg som ven i dette som i alt anna.

Kaare og Torhall reid fraa der aust yver aaerne, og so til Fljotslid og aust yver Markarfljot og til Seljalandsmulen. Dei rid aust til Holt, og Torgeir tok imot dei med stor blidskap. Han fortalde dei um ferdi hans Flose, og kor mykje lid han hadde fenge seg i austfjordom. Kaare sa, det var ikkje aa undrast paa, at han bad seg hjelp, so mykje som han hadde aa svara for. Torgeir mælte: «Di verre det fer dei alle, di betre.» Kaare fortel Torgeir raadi hans Gissur. Sidan reid dei austanfraa aat Rangaavollom til Môrd Valgardson. Han tok vel imot dei. Kaare sa honom ordsendingi fraa Gissur, maagen hans. Han var sein paa det, og sa det var verre aa søkja Flose aaleine en tie andre. Kaare mælte: «Du ber deg nett som Gissur tenkte seg, ille emna som du er i alle luter – du er baade rædd og huglaus. Men so skal og det fylgja paa, som er maata aat deg, at ho Torkatla skal fara heim att til far sin.» Ho laga seg straks til aa fara, og sa at ho longe sidan hadde vore bui til aa skiljast fraa Môrd. Daa skifte Môrd baade sinn og ord straks, bad av seg vreiden deira og tok ved maalemnet straks. Kaare mælte daa: «No hev du teke ved maalemnet – søk det no som ein urædd mann; for livet dit ligg ved.» Môrd sa han skulde leggja all sin hug i det og søkja vel og manneleg.

259Etter det stemnde Môrd til seg nie mann, som alle var vigvangsbuar. Môrd tok daa Torgeir i hand og nemnde seg tvo vitne – «i det vitnemaalet, at Torgeir Toreson gjev meg i hender vigsak mot Flose Tordsson for draapet paa Helge Njaalsson, til aa søkja med alle dei søknargagni som saki eig. Du gjev meg denne saki baade til aa søkja og til aa semja, og til aa njota og nytta alle sakgagni, som um eg var den rette ettermaalsmannen. Du gjev meg det etter loven – eg tek det etter loven.» Paa nytt lag nemnde Môrd seg vitne – «i det vitnemaalet,» seier han, «at eg lyser søksmaal imot Flose Tordsson for di han fór med lovmælt yverfall mot Helge Njaalsson og gav honom heilne-saar elder hôl-saar elder merg-saar, som til ulivssaar vart og som Helge fekk bane av. Eg lyser for fem vitnemenner» – han nemnde alle ved namn – «eg lyser lovleg lysing. Eg lyser i saki hans Torgeir Toreson gjevi meg i hand.» Andre gongen nemnde han seg vitne – «i det vitnemaalet, at eg lyser heilne-saar elder hôl-saar elder merg-saar til aa koma paa Flose Tordsson, det saaret som til ulivssaar vart og som Helge fekk bane av paa den vigvangen der Flose Tordsson fór mot Helge Njaalsson med lovmælt yverfall. Lyser eg dette for fem vitnemenner» – han nemnde dei alle – «eg lyser lovleg lysing. Eg lyser i saki hans Torgeir Toreson gjevi meg i hand.» So nemnde Môrd seg vitne tridje gongen – «i det vitnemaalet,» seier han, «at eg stemner vigvangsbuarne alle nie» – han nemnde dei alle ved namn – «til Alltings-reid og til aa bera fram vitneburd, um Flose Tordsson fór imot Helge Njaalsson med lovmælt yverfall paa den vigvangen der Flose Tordsson gav Helge Njaalsson heilne-saar elder hôl-saar elder merg-saar, det som til ulivssaar vart og som Helge Njaalsson fekk bane av. Stemner eg dykk alle til aa orda alt 260de skylder etter loven, det eg krev av dykk for retten, og som kjem dette maalemnet ved. Eg stemner dykk med lovleg stemning, so de sjølve høyrer paa. Eg stemner dykk i den handgjevne saki hans Torgeir Toreson.» Enn nemnde Môrd seg vitne – «i det vitnemaalet,» seier han, «at eg stemner desse nie vigvangsbuar til Alltings-reid og til aa bera fram vitneburd, um Flose Tordsson særde Helge Njaalsson med heilne-saar elder hôl-saar elder merg-saar, det saaret som til ulivssaar vart og som Helge fekk bane av paa den vigvangen der Flose Tordsson fór mot Helge Njaalsson med lovmælt yverfall. Stemner eg dykk til aa orda alt de skylder etter loven, det eg krev av dykk for retten, og som kjem dette maalemnet ved. Stemner eg dykk med lovleg stemning. Eg stemner so de sjølve høyrer paa. Eg stemner dykk i den handgjevne saki hans Torgeir Toreson.» Etter det mælte Môrd: «No er saki budd soleis som de bad meg. Og no vil eg beda deg, Torgeir Skorargeir, at du kjem aat meg, naar du rid til tings, so rid me saman baae, kvar med sin flokk, og held os som best saman; for flokken min skal vera buen til straks tinget tek til. Eg skal i alle luter vera deg tru.» Det lét alle vel for. Og det vart bunde med eid, at ingen skulde skilja seg or, fyrr Kaare vilde, og kvar skulde leggja sit liv ved, der den andre la sit. Dei skildest med venskap og tala av møte med einannan paa tinget. Torgeir reid austetter att; men Kaare reid vest yver aaerne, til han kom til Aasgrim i Tunga. Aasgrim tok imot honom overlag vel. Kaare fortalde Aasgrim um raadgjerderne hans Gissur Kvite og heile maaltilbunaden. «Slikt var meg ventande av honom,» seier Aasgrim, «at han vilde stella seg vel, og det hev han no og synt.» Aasgrim mælte: «Kva hev du spurt austanifraa um Flose?» Kaare svarar: «Han fór alt aust i Vaapnafjorden, 261og mest alle hovdingarne hev lova honom lidveitsla og Alltings-ferd. Dei ventar seg og lid fraa Røykdølom og Ljosvetningom og Øksfjordingom.» Dei tala mangt um dette. So lid det fram til Alltings.

Torhall Aasgrimson fekk verk i foten, og so hard, at ovan okla var foten so truten og diger som eit kvendelaar, og han kunde ikkje ganga utan stav. Han var stor paa vokster og evlug, myrk i haar og ham-let; han styrde godt ordi sine, endaa han var hugbraa. Han var ein av dei tri lovkunnigaste menner paa Island.

No lid det so folk rid heimanfraa aat tinget. – Aasgrim mælte til Kaare: «Du skal rida so du kjem fram til tings og tjeldar buderne vaare; Torhall, sonen min, skal fylgja deg; for du er falligast til aa fylgja honom, no han er ufør i foten. Me kjem nok hardt til aa trenga honom paa dette tinget. Det skal rida tjuge andre menner i fylgje med dykk.» Etter det laga dei seg til ferdi, og sidan reid dei til tings, tjelda buderne og gjorde alt i stand paa det beste.




136.

Flose reid austantil, og alle dei fem tjuge menner som hadde vore med honom til brensla. Dei reid til des dei kom til Fljotslidi. Sigfussønerne var daa heime og skipa med gardarne sine, og vart verande der um dagen. Men um kvelden reid dei vest yver Tjorsaai og sov der um natti. Men tidleg um morgoen tok dei hestarne sine og reid lenger. Flose mælte til mennerne sine: «No skal me rida aat Tunga aat Aasgrim Ellidagrimsson til dugurds og øvast med honom.» Dei sa det var godt paafunne, og dei reid til des det ikkje var langt att til Tunga. Aasgrim stod ute, og nokre menner med honom. Dei vart vare denne flokken, straks dei kom 262so nær. Mennerne hans Aasgrim mælte: «Det er nok Torgeir Skorargeir.» Aasgrim mælte: «Langt ifraa; for desse fer med laatt og skraal, men frendarne hans Njaal, slike som Torgeir, lær ikkje fyrr det er teke noko hemn for branden. Men eg skal gjeta paa noko anna, men som det kan vera de tykkjer er utrulegt. Eg tenkjer det er Flose og brennemennerne, som etlar seg til aa egla os. No skal me ganga inn alle saman.» Dei gjerer so. Aasgrim let dei sopa huset og tjelda, setja bord fram og bera innpaa mat. Han let dei setja forsæte og benkjer endelangs yver heile stova.

Flose reid inn paa tunet, og bad mennerne stiga av hestom og ganga inn. Dei so gjorde. Flose og fylgjet hans kom inn i stova. Aasgrim sat paa pallen. Flose saag burtyver benkjerne, og saag det stod til reids alt som trongdest. Aasgrim helsa ikkje, men mælte til Flose: «Bordi er sette; maten er for alle som til treng.» Flose sette seg til bords, og alle mennerne hans. Vaapni sine sette dei fraa seg attaat bordveggen. Dei som det ikkje var rom aat paa benkjerne sat paa forsæti. Men det stod fire væpna menner framanfor Flose, alt med dei aat. Aasgrim tagde, medan dei fekk seg mat, men han var raud som blod aa sjaa. Daa dei var mette, bar kvinnorne av bordet att, og sume kom inn med handlaug. Flose gav seg dag, som han skulde vera heime. Det laag ei bôl-øks, burtpaa pall-snyten. Aasgrim fata den tvihendes, flaug upp paa pall-stokken og hogg etter hovudet paa Flose. Glum Hildeson fekk sjaa aagrepet, flaug upp og fekk teke øksi framanfor henderne hans Aasgrim og snudde eggi imot Aasgrim; for Glum var handfast. Daa flaug det upp mange fleire og vilde raada paa Aasgrim. Men Flose sa, at ingen skulde gjera Aasgrim mein; «for me hev røynt honom for hardt. Han gjorde berre det som rett var, og han 263hev synt han er uforfærd.» Flose mælte til Aasgrim: «Her skilst me heile og haldne, men so møtest me att paa tinget, og tek so til att med saki paa nytt lag.» – «Det skal verta,» seier Aasgrim, «og eg skulde ynskja de slakna noko, fyrr tinget er slutt.» Flose svara ikkje. Dei gjekk ut, steig paa hestarne sine og reid burt.

Dei reid til des dei kom til Laugarvatnet, og var der um natti. Men um morgoen reid dei fram paa Beitevollarne og hamna hestarne sine der. Der kom det ridande mange flokkar. Hall fraa Sida kom der og alle Austfjordingarne. Flose fagna dei vel, og fortalde um ferdi si og um vedskiftet med Aasgrim. Det var mange som roste det og sa det var mannlegt gjort. Daa mælte Hall: «Detta synest meg annarleis en dykk. Slikt tykkjest meg vera uvitug bragd. Dei hugsar nok tregemaalet sit, um ikkje dei vert minte um det paa nyo. Og det kan verta stridt nok for dei som freistar andre so hardt.» Det var aa merka paa Hall, at han tykte detta var avveges gjort. Dei reid daa fraa der alle saman, til dei kom til den øvre vollen; der fylkte dei lidet sit og reid sidan ned aat tinget. Austfjordingarne reid aat buderne sine.




137.

No er det fraa det aa segja, at Torgeir Skorargeir kom ridande austantil med stort lid. Brørne hans, Torleiv Kraak og Torgrim hin mikle, var med honom. Dei reid til des dei kom til Hov aat Mord Valgardson, og bidde der til han var buen. Mord hadde samla kvar ein mann som vaapenfør var. Og det kunde ingen anna skyna, en at han var aa lita paa i alle maatar. Dei reid til des dei kom so langt vest som yver aaerne. Der bidde dei paa Hjalte Skjeggjeson, og dei hadde 264ikkje lenge venta, fyrr han kom. Dei fagna honom vel, og reid daa saman alle, til des dei kom til Røykje paa Biskopstunga, og bidde der paa Aasgrim Ellidagrimsson, og der kom han til mots med dei. Dei reid daa vest yver Bruaraai. Aasgrim seier dei alt som det var tilgjenge med honom og Flose. Torgeir mælte: «Eg skulde ynskja me fekk freista kva karar dei er, fyrr tinget er slutt.» So reid dei til des dei kom heilt aat Beitevollarne. Der kom Gissur Kvite imot dei med stor mannfjølde. Dei talast daa lenge ved. Sidan reid dei fram paa øvre-vollen og fylkte alt lidet sit, og reid so ned aat tinget. Flose og mennerne hans ljop til vaapn alle. Og det var daa nære ved det skulde bore i hop aa slaast med dei. Men Aasgrim og dei paa den sida baud seg ikkje til med det, men reid aat buderne sine. Det vart stilt den dagen, so det ikkje bar i hop med dei. Det var kome hovdingar der fraa alle fjorungarne i landet. Og aldri hadde det vore so folksamt paa tinget fyrr, det nokon kunde minnast.




138.

Ein mann heitte Øyolv. Han var son aat Bolverk, son hans Øyolv hin graa fraa Otradal, son hans Tord Gjelle, son hans Olav Feilan. Mor hans Øyolv hin graa var Rodny, dotter hans Midfjordar-Skjeggje. Øyolv Bolverkson var ein høgvyrd mann, og so lovkunnig, at han var den tridje største lovmannen paa Island. Han var ein ovfager mann aa sjaa til, stor og sterk, og det beste hovding-emne. Han var kjær etter pengar, som dei andre av frendarne hans.

Flose gjekk ein dag til budi hans Bjarne Broddhelgeson. Bjarne tok imot honom med baae hendom, og Flose sette seg frammed honom. Dei talast ved ura 265mangt. Flose mælte til Bjarne: «Kva raad skal me no taka?» Bjarne svara: «Eg tenkjer det vert vandt um raad som duger. Men det tykkjest meg vera raadlegast aa bidja seg lidveitsla; for dei dreg i hop magt imot dykk. Det vil eg og spyrja deg um, Flose, um det er nokon stor lovmann med i sveiti dykkar, for her vert det tvo koster til. Ein er det aa søkja sætt, og den vegen er god. Den andre er aa verja maalet med lov, um det er vern aa finna, endaa det kan sjaa vaagsamt ut. Den vegen tykkjer eg likevel de fær velja; med di at etter de hev slege so stort paa fyrr, so høver det ikkje aa smaaminka seg no.» Flose mælte: «Naar du spør etter lovmann, daa er det snøgt aa svara paa det; det finst ingen i vaar flokk, og ingen veit eg von um, andre en Torkjell Geiteson, frenden din.» Bjarne mælte: «Ikkje fær me rekna med honom; um han er lovsterk, so er han svært forsjaaleg. Det tarv ingen tenkja paa aa faa honom til skotskiva for seg. Men han fylgjer deg som kven som best fylgjer; for han er framdjerv til det. Men det skal eg segja deg, at det vert kostande den mannen livet som ber fram vern i brandsaki. Og eg unner ikkje det Torkjell, frenden min. Me fær nok leita einkvar annan staden.» Flose sa han hadde ikkje greia paa, kven som var største lovmennerne. Bjarne mælte: «Det er ein mann heiter Øyolv Bolverkson. Han er største lovmannen i Vestfirdingafjorungen. Det vil mykje gods til, um me skal faa honom med i maalet; men det fær me ikkje sjaa paa. Me skal ganga væpna aat alle retsmøti, og vera som varast um os, men ikkje taka paa dei, minder me vert nøydde til aa verja os sjølve. No skal eg vera med deg og fara i lidbeidsla; for no tykkjer eg det er ikkje gjerande aa leggja seg fyre.»

266Sidan gjekk dei ut or budi og aat Øksfirdingarne. Bjarne tala med Lyting og Blæing og Roe Arnsteinson, og av dei fekk han straks det han bad um. So fór dei og fann Kol, son hans Viga-Skuta, og Øyvind Torkjellson, sonarson hans Aaskjell Gode, og bad dei um lidveitsla. Dei drog seg lenge unda. Men det kom til di, at dei tok imot tri merker sylv og gjekk med i maalet med dei. Fraa der gjekk dei aat Ljosvetningabudi og dvaldest der nokor ridi. Flose bad Ljosvetningarne um lidveitsla. Men dei var tverre og traabedne. Flose vart daa harm og mælte: «Med dykk stend det laakt til. De er nærsøkne og ranglaatne heime i heradet, men paa tinget vil de ikkje vera nokon til hjelp, um folk krev det av dykk. Og de fær mykje aamæle for det, og det vert aat-tykt paa tinget, um de ikkje minnest den svivyringi Skarphedin gjorde paa dykk Ljosvetningar.» Men sidan tala han i løynd med dei og lokkast ved dei med gods og gode ord. Og det vart til di, at dei lova honom lidveitsla si. Og daa gjorde dei seg so beitte, at dei sa dei vilde slaast for Flose, um det trongdest. Bjarne mælte daa til Flose: «Du hev godt for det. Ein stor hovding er du, og ein ram kar og traust, som ikkje er rædd for aa gaa beint paa.»

Sidan gjekk dei fraa der og vest yver Øksaraai aat Ladbudi. Dei saag mykje folk utanfor budi. Det var ein mann der som hadde skarlaks-kaapa yver herdarne, gullband paa hovudet og ei sylvlagd øks i handom. Bjarne mælte: «Det ber vel til; her er no Øyolv Bolverkson, um du vil finna honom, Flose.» Sidan gjekk dei framaat Øyolv og helsa paa honom. Bjarne tok Øyolv i handi og leidde honom med seg upp i Allmannagjaa. Mennerne hans Bjarne og hans Flose gjekk etter. Mennerne hans Øyolv gjekk og med honom. Dei bad dei vera uppi gjaabakken og sjaa etter. Sjølve gjekk 267dei til dit der gata gjeng ned fraa den øvre gjaai. Flose sa, at der var det godt aa sitja, og at der saag ein vidt. Dei sette seg daa ned der. Dei var fire mann der, og ikkje fleire. Bjarne mælte daa til Øyolv: «Det er deg me er komne for aa finna, ven; for me treng hardt di hjelp i alle maatar.» Øyolv mælte: «Her er godt mannval paa tinget, og det er ikkje vondt for menner som er meir til styrk for dykk en eg kan vera.» Bjarne mælte: «Det er ikkje so. Du hev mange muner, der ingen er din yvermann her paa tinget. Det fyrst, at du er vel ætta, som alle dei som er komne fraa Ragnar Lodbrok. Forfederene dine hev og jamnan vore med i stortøki baade paa tinget og heime i heradet, og jamnan havt yvertaket. Av di tykkjest det os liklegt, at du maa vera sigersæl i maalemni.» Øyolv mælte: «Vel mæler du, Bjarne; men eg meiner eg eig lite her aa gjera.» Flose mælte daa: «Ikkje trengst det aa meita lenge med det som me hev i hugen. Me vil beda deg um lidveitsla di, Øyolv, i dette maalet vaart, at du gjeng med os i retten, tek dei vernemaali det kan verta, og fører dei fram paa vaar hand og hjelper os paa dette tinget i alt som til kan falla.» Øyolv spratt upp vreid, og sa at ingen mann turvte etla seg til aa hava honom til flugugap og fyreskinn for seg, naar han ikkje hadde noko med di. «Og no ser eg,» sa han, «kva det laag under alt det fagermæle de kom med aat meg.» Hallbjørn hin sterke treiv honom og sette honom ned millom seg og Bjarne og mælte: «Ikkje fell treet for fyrste hogget, ven; sit her fyrst hjaa os.» Flose drog daa ein gullring av handi si og mælte: «Denna ringen vil eg gjeva deg, Øyolv, for venskap og hjelp, og soleis syna deg at eg ikkje vil narra deg. Du kan og gjerne taka ringen; for det er ingen her paa tinget som eg hev gjeve ei slik gaava.» Ringen var so stor og god 268og velgjord, at han gjekk jamnt med 12 hundrad alner morentOversetternote: Mórend: brunrandut. vadmaal. Hallbjørn drog ringen inn paa handi hans Øyolv. Øyolv mælte: «Det vert fulla best eg tek ringen, naar du er so raust. Og det kan du lita paa, at eg skal taka paa meg vernemaalet og gjera det som til trengst.» Bjarne mælte: «Detta var som det skulde av dykk baae, og no høver det godt, at eg og Hallbjørn kan vera vitne paa at du tek ved maalemnet.» Øyolv stod daa upp, og Flose, og dei handtokst. Øyolv tok imot alle vernegagni av Flose, og like eins um det skulde reisa seg noko søksmaal av verni – for det hender ofte, at det som er vern i ei sak kan verta søksmaal i ei onnor – so tok han alle dei søknargagni som høyrde denne saki til, anten ho so var aa søkja i fjorungsretten elder femteretten. Flose gav etter loven; Øyolv tok etter loven. Han mælte daa til Flose og Bjarne: «No hev eg her teke ved maalet, som de bad meg um. Likevel vil eg no at de held dette dult i fyrstningi. Men um saki kjem for femteretten, maa de vara dykk aller mest for aa gjeta um at de hev gjeve gods til aa faa retshjelp.»

Flose stod daa upp, og like eins Bjarne og dei andre. Flose og Bjarne gjekk kvar til si bud; men Øyolv gjekk aat budi hans Snorre Gode og sette seg der hjaa honom. Dei talast ved um mangt. Snorre tok kring handi hans Øyolv og strauk upp ermi, og ser at han hev ein svær gullring paa armen. Snorre Gode mælte: «Korleis – er denna ringen kjøpt elder gjeven?» Øyolv vart tagall og fekk ikkje ord for seg. Snorre mælte: «Eg skynar vel, at det er til gaava du hev fenge honom. Berre han ikkje maatte koma til aa kosta deg hovudet.» Øyolv spratt upp og gjekk, og vilde ikkje tala noko um det. 269Snorre mælte, daa han saag Øyolv stod so kvast upp: «Du fær visst vita, fyrr tinget er slutt, kva for ei gaava du hev teke imot.» Øyolv gjekk aat budi si.




139.

No er det aa segja fraa der Aasgrim Ellidagrimsson og Kaare Solmundson er, at dei kom saman med Gissur Kvite og Hjalte Skjeggjeson og Torgeir Skorargeir og Môrd Valgardson. Aasgrim tok daa til ords: «Her trengst det ikkje aa tala laagmælt; for her er ikkje andre en dei som liter paa einannan. No vil eg spyrja dykk, um de veit noko um raadgjerderne aat Flose og dei kararne. Eg tykkjer me og fær gjera noko paa vaar lei. Gissur Kvite svarar: «Snorre Gode sende ein mann aat meg og let segja meg, at Flose hadde tinga seg mykje lid av nordlendingom; men Øyolv Bolverkson, frenden hans, hadde fenge ein gullring av einkvarn, og heldt det i løynd. Og Snorre sa han heldt fyre, at Øyolv Bolverkson var etla til aa føra fram lov-vern i saki, og at det var for det han hadde fenge ringen.» Alle var samde um, at so maatte det vera. Gissur mælte daa: «No hev Môrd Valgardson, maagen min, teke paa seg den av sakerne som alle maa tykkja er den vandaste, det aa søkja Flose. No vil eg at de skifter dei andre sakerne millom dykk; for no er det straks fyrr dei skal lysast paa Logberget. Me treng og aa bidja os lid.» Aasgrim svarar: «Det skal me og gjera, men me vil beda deg aa vera med i lidbeidsla med os.» Gissur sa at han skulde gjera sit. Sidan valde han med seg dei vitsamaste menner av sveiti deira. Der var Hjalte Skjeggjeson og Aasgrim, Kaare og Torgeir Skorargeir.

Daa mælte Gissur: «No skal me fyrst ganga aat budi hans Skafte Toroddson.» Og dei gjekk daa aat 270Ølvusingabudi. Gissur Kvite gjekk fyrst, so Hjalte, so Kaare, so Aasgrim, so Torgeir Skorargeir, og so brørne hans. Dei gjekk inn i budi. Skafte sat paa pallen, og daa han saag Gissur Kvite, stod han upp imot honom og fagna vel honom og alle dei andre, og bad Gissur sitja jamsides seg, og det gjorde Gissur. Gissur mælte daa til Aasgrim: «No skal du bera erendi upp ved Skafte, so skal eg leggja til slikt som det tykkjest meg trengst.» Aasgrim mælte: «Me er komne hit, Skafte, til aa søkja traustnad og hjelp hjaa deg.» Skafte mælte: «De totte eg var tverr fyrre gongen, daa eg ikkje vilde stydja under vandemaalet dykkar.» Gissur mælte: «No er det annarleis vore. No er det aa reisa ettermaal etter Njaal bonde og husfrøya Bergtora, som baae tvo vart saklaust innebrende, og etter tri av Njaalssønom og mange andre gode menner. Og du kan daa vel ikkje anna vilja en stydja og hjelpa frendarne og maagarne dine.» Skafte svarar: «Det sette eg meg fyre, daa Skarphedin sa ved meg, at eg hadde havt tjøra upp i hovudet paa meg og smoge under jordtorva, og han sa eg var so rædd, at Torolv Loftsson fraa Øyrom bar meg ut paa skipet i mjølsekkjom sine og fragta meg soleis yver til Island, at aldri skulde eg vera med til ettermaal etter honom.» Gissur mælte: «Slikt er ikkje noko aa minnast no, daa han er daud som sa det. Og du vil daa hjelpa meg, um du ikkje vil gjera det for andre si skuld.» Skafte mælte: «Detta maalet kjem ikkje deg ved, naar du ikkje hadde vasa deg inni med dei.» Gissur vart daa harm og mælte: «Ulik er du far din. For endaa um han og tyktest vera noko ustø, so hjelpte han daa gjerne folk, naar dei var som nøyddast um det.» Skafte mælte: «Me er ikkje av same huglaget. De tykkjest hava vore med i storraadom: du Gissur Kvite daa du søkte Gunnar paa Lidarende, og Aasgrim daa 271han drap Gauk, fostbror sin.» Aasgrim svarar: «Faae sneier folk for det som betre er, naar dei veit det som verre er. Men det vil mange mæla, at ikkje drap eg Gauk fyrr det var naudhøve til det. Det kan endaa so vera, at du ikkje vil hjelpa os; men det er utidigt, at du neiser os med illord. Og eg vil ynskja du maatte faa den verste vanvyrnad av dette maalemnet, fyrr tinget er slutt, og daa ikkje faa skammi di bøtt.»

Gissur og dei andre stod upp og gjekk ut, og til budi hans Snorre Gode, og gjekk inn i budi. Snorre Gode sat paa pallen i budi. Han kjende dei straks, gjekk imot dei og bad dei velkomne alle saman, og gav dei rom til aa sitja. Sidan spurde dei kvarandre etter dagsnytt. Aasgrim mælte til Snorre: «Det er for di eg og Gissur, frenden min, er komne hit, at me vil beda deg um lidveitsla.» Snorre Gode svarar: «Det du der talar paa, er noko som ikkje er til aa undrast paa, at du vil reisa sak etter maagom dine, slike som du aatte. Mang ei raad som takande var tok me av Njaal, um det no er faae som minnest det. Men eg veit ikkje kva lidveitsla de tykkjest mest aa turva.» Aasgrim svarar: «Me treng mest av di som vil til, um det kjem til slagsmaal her paa tinget.» Snorre mælte: «Det er og so, at daa ligg det mykje ved for dykk. Det er ventelegt, at de vert hardsette til aa søkja; men dei vil og verja seg paa sama vis, og ingen vil unna den andre rett. Detta toler ikkje de av dei, men gjeng paa, og de hev helder ikkje anna aa gjera; for dei vil løna dykk med skam for mannskade og svivyring for frendetap.» Det var aa skyna paa alt, at han vilde eggja dei fram. Gissur Kvite mælte daa: «Vel mæler du, Snorre. Og du er beste mannen og mætaste hovdingen aa finna, naar mest ligg ved.» Aasgrim mælte; «Eg vilde gjerne vita, kva du vil hjelpa os med, um det ber so til som du seier.» Snorre mælte: 272«Daa skal eg gjera deg det veneverk som all dykkar sømd skal fylgja med. Men eg gjeng ikkje med i retten. Men gjeld det aa slaast paa tinget, so tak ikkje paa dei, utan so de veit alle er heilt aa lita paa; for det er drjuge karar imot. Vert de for lette, so drag dykk hitetter aat os; for daa skal eg hava mine folk standande fylkte her og vera buen til aa hjelpa dykk. Men um det ber den andre vegen, at dei vægjer unda, daa tenkjer eg dei etlar aa finna seg vigstad i Allmannagjaa. Og slepp dei dit, so fær de aldri søkt dei. Eg skal daa sjaa til og fylkja lidet mit der fyreaat og bægja dei fraa der. Men me vil ikkje setja etter dei, er det so dei tek anten nord elder sud med aai. Og naar de hev drepe av flokken deira noko nær so mange som eg tykkjer de kan orka aa bøta og faa njota godordi dykkar og heradsvist,Oversetternote: Heradsvist: det aa faa vera, bu i heradet (som heimvist o. fl.). daa skal eg koma farande med alle mennerne mine og skilja dykk. Daa skal de og paa mit ord halda upp med bardagen, naar eg gjer som eg no hev lova.» Gissur takka honom vel for det, og sa at detta var mælt til bate for dei alle. Dei gjekk daa ut alle saman. Gissur mælte: «Kvart skal me no ganga?» – «Aat Modruvellinga-budi,» sa Aasgrim. Dit fór dei daa.




140.

Og som dei kom inn i budi, saag dei at Gudmund hin rike sat og tala med Einar Konalson, fosterson sin. Det var ein klok mann. Dei gjekk daa fram for Gudmund. Han tok vel imot dei og let rydja upp i budi, so dei kunde faa sitja alle. Dei spurde einannan um tidender. Aasgrim mælte: «Det trengst ikkje tala inni seg med erendi vaar. Til det er me komne hit, at me 273vil beda deg um traust lidveitsla.» Gudmund mælte; «Hev de daa vore hjaa nokon hovding fyrr?» Dei svara at dei hadde vore hjaa Skafte Toroddson og Snorre, og sa honom i still korleis det gjekk hjaa baae. Daa mælte Gudmund: «Fyrre gongen de var her, bar eg meg smaamanslegt aat, med di eg var so traa; men no skal eg gjeva etter so mykje lettare som eg daa var tung. Eg skal ganga i retten med dykk med alle mine tingmenner og stydja dykk i alt paa dette tinget, og vera med dykk til strid, um det trengst, og leggja mit liv ved dykkar liv. Eg skal og løna Skafte med det, at Torstein Holmunn, son hans, skal vera med os i striden; for han trøyster seg ikkje til aa gjera anna en som eg vil, av di han hev Jodis, dotter mi, til kona. Skafte vil daa koma og skilja os aat.» Dei sa honom stor takk, og vart sitjande og tala lenge ved honom, so ingen annan høyrde paa. Gudmund bad dei ikkje aa kneganga fleire hovdingar. Det var smaamanslegt, sa han. «Me skal vaaga paa med det lid me no hev. De skal ganga væpna aat alle retsmøti, men ikkje taka til vaapni for det fyrste.» Dei gjekk daa ut alle og heim aat buderne sine. I fyrstningi var det berre faae som visste um dette. Soleis leid det ut i tinget.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Njaala (elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans)

Njaala/Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans/Njåls saga er den største av islendingesagaene. Den ble skrevet ned på slutten av 1200-tallet, trolig basert på historiske hendelser iblandet diktning og vandrehistorier. Teksten er bevart i en rekke manuskripter, for eksempel i håndskriftet Möðruvallabók, som også inneholder teksten til ti andre islendingesagaer.

Handlingen foregår for det meste på Island i tiden rundt år 1000, og skildrer livene til Gunnar Hammundarsson fra Lidarende og Njål Torgeirsson. De to mennene er svært forskjellige, men har et sterkt vennskap. Vennskapet settes dog stadig på prøve når slektningene deres ofte egger til strid og uvennskap. Sagaen handler også om overgangen fra hedenskap til kristendom.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.