Njaala (elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans)

[kap. 141–150]


141.

Det var ein dag at folket gjekk til Logberget. Hovdingarne var soleis skipa, at Aasgrim Ellidagrimsson og Gissur Kvite, Gudmund hin rike og Snorre Gode stod uppmed Logberget, men Austfirdingarne nedantil. Môrd Valgardson stod frammed Gissur Kvite, maagen sin. Mord var ordfør framum alle andre menner. Gissur mælte daa, at han skulde lysa draapssaki, og bad honom mæla so høgt, at det kunde høyrast vel. Môrd 274nemnde seg vitne. «Eg nemner vitne paa det,» seier han, «at eg lyser lovmælt yverfalssak paa Flose Tordsson, for di han ljop mot Helge Njaalsson paa den vigvangen der Flose Tordsson gjorde yverfall paa Helge Njaalsson og gav honom hôl-saar elder heilne-saar elder merg-saar, som til ulivssaar vart, og som Helge fekk bane av. Nemner eg honom for den saki til aa verta dømd utlæg mann, skogarmann, ualande, uferjande, uraadande med noko bergingsraad. Nemner eg alt hans gods forbrote, helvti aat meg, helvti aat fjorungsmennom, dei som eig aa taka forbrote gods etter honom etter loven. Eg lyser denne draapssaki til den fjorungsrett som saki høyrer inn under etter loven. Eg lyser lovleg lysing. Lyser eg i høyrande logn paa Logberget. Eg lyser til søksmaal i sumar og til full fredløysa yver Flose Tordsson. Lyser eg i saki hans Torgeir Toreson gjevi meg i hand.» Paa Logberget vart det stort staak og rop, at han hadde maalborest vel og manneleg. Môrd tok til ords andre gongen: «Nemner eg dykk til vitne paa det,» seier han, «at eg lyser sak paa Flose Tordsson for di han særde Helge Njaalsson hôl-saar elder heilne-saar elder merg-saar, det saaret som til ulivssaar vart og som Helge fekk bane av paa den vigvangen der Flose Tordsson ljop mot Helge Njaalsson med lovmælt yverfall. Seier eg deg Flose for denne saki utlæg mann, skogarmann, ualande, uferjande, uraadande med noko bergingsraad. Nemner eg alt dit gods forbrote, helvti aat meg, helvti aat fjorungsmennom, dei som eig aa taka forbrote gods etter deg etter loven. Eg lyser denne saki til den fjorungsrett som ho høyrer inn under etter loven. Eg lyser lovleg lysing. Lyser eg i høyrande logn paa Logberget. Eg lyser til søksmaal i sumar og til full fredløysa yver Flose Tordsson. Lyser eg i saki hans Torgeir Toreson gjevi meg i hand.» 275So sette Môrd seg ned. Flose høyrde vel etter og sa ikkje eit ord medan.

Torgeir Skorargeir stod daa upp og nemnde seg vitne. «Eg nemner vitne paa det,» seier han, «at eg lyser sak paa Glum Hildeson, for di han tok eld og kveikte og bar inn i huset paa Bergtorskvaal, daa dei brann inne Njaal Torgeirson og Bergtora Skarphedinsdotter og alle dei folk som der vart innebrende. Nemner eg honom for den saki utlæg mann, skogarmann, ualande, uferjande, uraadande med noko bergingsraad. Nemner eg alt hans gods forbrote, helvti aat meg, helvti aat fjorungsmennom, dei som eig aa taka forbrote gods etter honom etter loven. Lyser eg denne saki til den fjorungsrett som ho høyrer inn under etter loven. Eg lyser lovleg lysing. Lyser eg i høyrande logn paa Logberget. Eg lyser til søksmaal no i sumar og til full fredløysa yver Glum Hildeson.» Kaare Solmundson søkte Kol Torsteinson og Gunnar Lambeson og Grane Gunnarson. Og det ordet gjekk mannamillom, at han maalbar seg furdulega vel. Torleiv Kraak søkte alle Sigfussønerne. Men Torgrim hin mikle, bror hans, søkte Modolv Kjetilson og Lambe Sigurdson og Roar Haamundson, bror hans Leidolv hin sterke. Aasgrim Ellidagrimsson søkte Leidolv og Torstein Geirleivson, Arne Kolsson og Grim hin raude. Alle maalbar dei seg vel. Sidan lyste andre menner sakerne sine. Og det gjekk med mykje av dagen med det. Folk gjekk daa heim aat buderne sine.

Øyolv Bolverkson gjekk aat budi med Flose. Dei gjekk aust um budi. Flose mælte til Øyolv: «Kor er det – ser du nokor vern i dette maalemnet?» – «Ingi,» seier Øyolv. «Kva raad skal me daa taka?» seier Flose. «No er det aa finna raad for uraad,» seier Øyolv; «men eg skal likevel finna paa ei raad til dykk. No skal du 276avhenda godordet dit aat Torgeir bror din, og segja deg i ting med Aaskjell Gode Torkjetilson nordanfraa Røykjardal. Og naar dei ikkje veit um detta, kan det henda at det vert dei til mein; for dei vil søkja det i Austfirdinga-retten, men dei hadde aa søkja det i Nordlendinga-retten. Dette kjem dei til aa forsjaa seg i. Daa hev dei femteretssak paa seg, um dei søkjer i ein annan rett en til høyrer. Det maalemnet fær me daa taka upp; men det fær vera siste utvegen.» Flose mælte: «Kan vera me no fær løn for ringen.» – «Ikkje veit eg det,» seier Øyolv; «men eg skal gjeva dykk den rettarbeining, at folk skal segja det var ikkje von til likare. No skal du senda bod etter Aaskjell, og Torgeir skal koma aat deg no straks, og ein mann med honom.» Lite etter kom Torgeir og tok ved godordet. Aaskjell og kom der. Flose sa seg daa i ting med honom. Det var ikkje fleire en dei som visste um dette.




142.

No lid det til det at retten skal setjast. Dei budde seg paa baae leier; væpna seg og sette hermerke paa hjelmarne sine. Torhall Aasgrimson mælte: «Far de no ikkje fram, far min, med noko slags gir, men gjer alt som rettast. Og um noko flokar seg for dykk, so lat meg faa vita det som skjotast. Og daa skal eg leggja til raad med dykk.» Aasgrim og dei andre vart sjaa-ande burtpaa honom, og daa var andlitet hans som blod aa sjaa, og det braut fram som store haglkonn fraa augo paa honom. Han bad dei fli seg spjotet sit. Det hadde Skarphedin gjeve honom, og det var det største eignating. Aasgrim sa, daa dei gjekk burt: «Ikkje var det godt i hugen hans Torhall frende aa vera att i budi 277no; og ikkje veit eg kva han tek seg til. No skal me taka i vegen med Môrd Valgardson,» sa Aasgrim, «og laata fyrst som det ikkje anna var; for det er meire mun i aa faa tak i Flose aaleine en i mange andre.» Aasgrim sende daa ein mann til Gissur Kvite og Hjalte Skjeggjeson og Gudmund hin rike. Dei kom alle saman og gjekk straks til Austfirdingaretten. Dei gjekk aat retten sunnantil-fraa. Flose med sine og alle Austfirdingarne med honom gjekk i retten nordantil-fraa. Der var og Røykdøler og Øksfirdingar og Ljosvetningar med Flose. Der var og Øyolv Bolverkson. Flose saag burtpaa Øyolv og mælte: «Det ber godt i vegen; – kan vera det ikkje fer fjerre fraa di du gat um.» – «Far stilt med det,» seier Øyolv; «det kan nok koma dit, at me fær bruk for det.»

Môrd Valgardson nemnde seg vitne, baud til lutfelling alle dei mennerne som hadde skoggangssaker aa søkja i retten, kven som fyrst skulde segja saki si fram, kven di næst, og kven sist. Han baud det fremja etter loven, so dei dømande høyrde paa. Det vart luta um sakerne, og det vart Môrd som fekk aa segja fram si sak fyrst. Han nemnde seg vitne andre gongen: «Eg nemner vitne paa det,» seier han, «at eg tek unda alt eg kan mistala meg i saki mi, anten eg seier for mykje elder eg seier det gale. Eg vil faa retta ordi mine, til des eg fær fram saki mi paa rett og lovleg vis. Til det nemner eg desse menner til vitne, for meg elder dei andre som kan turva nøyta elder njota dette vitnemaalet.» Mord Valgardson nemnde seg vitne paa nytt lag. «Nemner eg vitne paa det,» sa han, «at eg byd Flose Tordsson, elder kven annan det er handgjeve aa føra lov-vern for honom, aa lya paa eiden min og paa framsoga av saki mi, og paa alle dei søknargagni som eg tenkjer aa føra fram imot honom. Eg byd 278rettarbodOversetternote: Rettarbôd: bod um aa fremja saki. etter loven, so domararne høyrer det tvert yver retten.» Môrd Valgardson mælte: «Eg nemner vitne paa det, at eg gjer eid paa boki, lovleg eid, og seier eg innfor Gud, at eg skal soleis denne saki søkja som eg veit sannast og rettast og mest etter loven, og fremja alle dei skil som loven gjev – so lenge eg hev med dette maalemnet aa gjera.» Sidan tok han so til ords: «Torodd nemnde eg til vitne, like eins Torbjørn, i det vitnemaalet, at eg lyste Flose Tordsson saka i lovmælt yverfall paa den vigvangen der Flose Tordsson ljop mot Helge Njaalsson med lovmælt yverfall, den gongen Flose Tordsson særde Helge Njaalsson hôl-saar elder merg-saar, som til ulivssaar vart, og som Helge Njaalsson fekk bane av. Nemnde eg honom for den saki til aa verta dømd utlæg mann, skogarmann, ualande, uferjande, uraadande med noko bergingsraad. Nemnde eg alt hans gods forbrote, helvti aat meg, helvti aat fjorungsmennom, dei som eig aa taka forbrote gods etter honom etter loven. Eg lyste til den fjorungsrett som saki høyrer inn under etter loven. Eg lyste lovleg lysing. Lyste eg i høyrande logn paa Logberget. Eg lyste til søksmaal no i sumar og til full fredløysa yver Flose Tordsson. Lyste eg saki hans Torgeir Toreson gjevi mig i hand. Alle dei ordi hadde eg i lysingi mi som eg no hadde i framsoga av saki. Seier eg denne skoggangssaki soleis laga fram i Austfirdingaretten yver hans hovud som skal reiva maalet,Oversetternote: Reiva maalet: taka uppatt saki elder gjeva eit utsyn yver henne. Det var ein av domararne som hadde det aa gjera. I staden for namnet hans, som sogeskrivaren skulde havt, brukar han namnet Jon («herr N. N.») som i lovteksti. soleis som eg sa det fram daa eg lyste.» Môrd mælte: «Torodd nemnde eg til vitne, like eins Torbjørn, i det vitnemaalet, at eg lyste saar-sak paa Flose Tordsson for det at han særde 279Helge Njaalsson hôl-saar elder merg-saar, det saaret som til ulivssaar vart og som Helge Njaalsson fekk bane av paa den vigvangen der Flose Tordsson ljop mot Helge Njaalsson med lovmælt yverfall. Nemnde eg honom for den saki til aa verta dømd utlæg mann, skogarmann, ualande, uferjande, uraadande med noko bergingsraad. Nemnde eg alt hans gods forbrote, helvti aat meg, helvti aat fjorungsmennom, dei som eig aa taka forbrote gods etter honom etter loven. Eg lyste til den fjorungsrett som denne saki høyrer inn under etter loven. Eg lyste lovleg lysing. Lyste eg i høyrande logn paa Logberget. Eg lyste til søksmaal no i sumar og til full fredløysa yver Flose Tordsson. Lyste eg handgjevne saki hans Torgeir Toreson. Alle dei ordi hadde eg i lysingi som eg no hadde i framsoga av saki mi. Seier eg denne skoggangssaki soleis laga fram i Austfirdingaretten yver hans hovud som skal reiva maalet, soleis som eg sa det fram daa eg lyste.» Lysingsvitni hans Môrd gjekk daa fram i retten og bar vitne, soleis at den eine bar vitnemaalet fram og baae sanna det, at «Môrd nemnde seg Torodd til vitne, og meg den andre, men eg heiter Torbjørn.» Sidan nemnde han far sin. «Môrd nemnde os til vitne, at han lyste Flose Tordsson saka i lovmælt yverfall daa han ljop mot Helge Njaalsson paa den vigvangen der Flose Tordsson gav Helge Njaalsson hôl-saar elder merg-saar, det som til ulivssaar vart og som Helge fekk bane av. Nemnde han Flose for den saki til aa verta dømd utlæg mann, skogarmann, ualande, uferjande, uraadande med noko bergingsraad. Nemnde han alt hans gods forbrote, helvti aat seg, helvti aat fjorungsmennom, dei som eig aa taka forbrote gods etter honom etter loven. Han lyste til den fjorungsretten som denne saki høyrer inn under etter loven. Han lyste lovleg lysing. Lyste han i høyrande logn paa Logberget. 280Han lyste til søksmaal no i sumar og til full fredløysa yver Flose Tordsson. Lyste han handgjevne saki hans Torgeir Toreson. Og han hadde alle dei ordi i lysingi si som han hadde i framsoga av saki, og som me hev dei i vitneburden vaar. Rett hev me no bore fram vitnet vaart, baae samde i eitt. Ber me dette lysingsvitnemaalet soleis laga fram i Austfirdingaretten yver hans hovud som skal reiva maalet, soleis som Môrd sa fram daa han lyste.» Andre gongen sa dei fram lysingsvitnemaalet i retten, men nemnde daa saar fyre og yverfall etter, og hadde alle dei same ordi som fyrr, og bar lysingsvitnemaalet soleis laga fram i Austfirdingaretten, soleis som Môrd sa fram daa han lyste. Saktakar-vitni hans Môrd gjekk daa i retten; den eine bar vitnemaalet fram, men baae sanna det, og tok soleis til ords, at Môrd Valgardson og Torgeir Toreson hadde nemnt dei til vitne paa at Torgeir Toreson gav Môrd Valgardson i hende vigsak mot Flose Tordson for draapet paa Helge Njaalsson. «Han gav honom den saki i henderne med alle dei søknargagni som til saki høyrde. Han gav honom aa søkja og aa sættast og alle gagni aa nytta og njota, som han vøre den rette ettermaalsmannen. Torgeir gav etter loven, Môrd tok etter loven.» Dette saktakar-vitnemaalet soleis laga bar dei fram i Austfirdingaretten yver hans hovud som skulde reiva maalet, slikt som det Torgeir og Mord nemnde dei til vitne paa. Alle vitni let dei sverja eid, fyrr dei bar vitnemaal, og like eins domararne.

Mord Valgardson nemnde seg no vitne att. «I det vitnemaalet nemner eg dykk,» seier han, «at eg byd dei nie vigvangsbuar som eg stemnde i denne saki, som eg reiste mot Flose Tordsson, til sætes paa vestre aabakken, til aa faa gjort rettingar med denne nemndi. Eg byd rettarbod etter loven, so domararne høyrer det.» Mord 281Valgardson nemnde seg vitne andre gongen: «Nemner eg dykk til vitne paa det,» sa han, «at eg byd Flose Tordsson, elder den mannen som hans handgjevne fullmagt hev til aa føra vern for honom, til rudning i den nemndi som eg hev sett saman vest paa aabakken. Eg byd rettarbod etter loven, so at domararne høyrer det tvert yver retten.» Enn nemnde Mord seg vitne, «i det vitnemaalet,» sa han, «at no er frumgagni framkomne, alle dei som til saki høyrer: bode til eidfesting, eiden gjord, sagd fram sak, bore lysingsvitne, bore saktakar-vitne, bode vigvangsbuar til sætes, bode til rudning i nemndi. Eg nemner meg desse menner til vitne aat alle dei gagni som no er framkomne, og paa det med, at eg vil ikkje vera gjengen utor saki for det um eg gjeng fraa retten, anten til aa leita fleire gagn elder i andre erender.»

Flose og dei gjekk no dit som nemndmennerne sat. Flose sa til dei: «Det maa Sigfussønerne vita, kor rette vigvangsbuar desse er som her er stemnde.» Kjetil fraa Mork svarar: «Her er ein nemndmann som heldt Mord Valgardson under skirsl, men ein annan er trimenningen hans. Dei greidde daa fram skyldskapen, og sanna det med eid. Øyolv nemner seg vitne, at nemndi skulde standa so lenge til ho var rudd. Andre gongen nemnde Øyolv seg vitne, «i det vitnemaalet,» sa han, «at eg rydjer baae desse menner or nemndi» – han nemnde namni paa dei og farsnamni – «for den skuld, at den eine av dei er trimenningen hans Mord etter ætti og den andre etter gudsivjungskap, slik som gjev rudningsrett etter loven. Etter loven er de ubrukande i nemndi, di at no er det kome lovleg rudning aat dykk. Rydjer eg dykk ut etter Alltings rett og aalmenn lov. Rydjer eg i saki hans Flose Tordsson gjevi meg i hand.» No 282mælte all aalmugen og sa at maalet var tynt for Mord. Alle var samde um at no stod verni betre en søksmaalet.

Aasgrim mælte daa til Mord: «Enno er ikkje alt deira, um dei tykkjest hava gjort eit godt tak. Me skal ganga og finna Torhall, sonen min, og faa vita kva han raar os til.» Det vart daa send ein grei mann til Torhall, og han sa honom greinleg korleis saki stod, og at Flose og dei tykte dei hadde gjort nemndi ufør. Torhall mælte: «Eg skal gjera so dette ikkje vert noko sakspille, og seg dei det, at dei fær ikkje tru paa dei lov-villor som vert lagde i vegen for dei; for klokskapen hans Øyolv hev glotte no. Gakk du aat dei, det kvataste du kan, og seg at Mord Valgardson skal ganga i retten og nemna seg vitne, at rudningi deira er spilt» – og han sa honom vel fyre med alt, korleis dei skulde gjera det. Sendemannen fór og sa dei raadi hans Torhall. Mord Valgardson gjekk daa i retten og nemnde seg vitne, «i det vitnemaalet,» sa han, «at eg gjer um inkje rudningi hans Øyolv Bolverkson. Og finn eg det til grunn, at han rudde ikkje etter skyldskap med rette saksøkjaren, men med sakføraren. Nemner eg desse menner til vitne for meg, elder for dei som turva njota dette vitnemaalet.» Sidan førde han vitne i retten. So gjekk han dit som nemndmennerne sat, og bad dei setja seg som hadde reist seg, og sa dei var i nemndi med retto. Daa mælte alle, at det var mykje som Torhall hadde gjort. Og alle tyktest daa søksmaalet standa betre en verni. Flose mælte daa til Øyolv: «Meiner du detta er lov?» – «Det tenkjer eg visst,» seier Øyolv; «det er greitt at me hev misteke os. Men likevel skal me no takast um meir slikt med dei.» Øyolv nemnde seg daa vitne, «i det vitnemaalet,» sa han, «at eg rydjer desse tvo menner 283or nemndi» – han nemnde baae ved namn – «for den skuld, at de tvo er husmenner og ikkje bønder. Eg forbyd dykk aa sitja i nemndi; for no er det kome rett og lovleg rudning aat dykk. Rydjer eg dykk ut or nemndi etter Alltings rett og aalmenn lov.» Øyolv sa det skulde koma hardla uventa paa honom, um dette kunde rengjast. Daa mælte alle, at no stod verni betre en søksmaalet. Alle roste Øyolv sterkt, og sa at det turvte ingen røyna seg i lovkunna med honom.

Mord Valgardson og Aasgrim Ellidagrimsson sende no ein mann til Torhall, til aa segja honom korleis det no stod. Men daa Torhall høyrde detta, spurde han kva dei aatte til gods. Sendemannen sa, at den eine av dei levde av mjølke-fe, «og han hev baade kyr og sauer. Men den andre eig til tridjungs i det jordstykket dei bur paa, og før seg sjølv. Og dei hev eld-sto saman og sauegjætar, dei og han som dei leiger landet av.» Torhall mælte: «Det er det sama att no som fyrr, at dei hev misgaatt seg. Og det skal vera svint gjort aa rengja detta for dei, um so Øyolv hev brukt aldri so store ord um at detta er rett.» Torhall sa no sendemannen greinleg fyre um alt, korleis dei skulde bera seg aat. Sendemannen kom attende og sa Mord og Aasgrim dei raad som Torhall hadde gjeve. Mord gjekk daa i retten og nemnde seg vitne, «i det vitnemaalet,» sa han, «at eg gjer um inkje rudningi hans Øyolv Bolverkson, for di han rudde dei menner or nemndi som hev rett til aa sitja der. Kvar den hev rett til aa sitja i rettarnemnd, som eig tri hundrad i jord elder meir, um han ikkje eig mjølke-fe. Den andre eig og rett til aa sitja i nemndi, han som lever av mjølke-fe, um han ingi jord hev i leige.» Han førde daa vitne i retten. So gjekk han dit nemndmennerne var, og bad dei setja seg att, og sa dei var lovlege nemndmenner. Daa vart 284det svært til rop og høgmæle. Og det sa alle daa, at no var ho nedaat-gjord til gagns saki for Flose og Øyolv, og det var berre ei meining um det, at no stod søksmaalet betre en verni. Flose mælte til Øyolv: «Skulde dette vera rett?» Øyolv lest ikkje hava vitsmun til aa vita det visst. Dei sende daa ein mann til Skafte lovsogumann, til aa spyrja honom, um det var rett. Han sende dei dei ordi attende, at visst var det lov, endaa det var faa som visste det. Detta vart sagt Flose og Øyolv.

Øyolv Bolverkson spurde no Sigfussønerne ut um dei andre vigvangsbuarne som var tilstemnde. Dei sa at fire av dei var ulovleg stemnde, «for di at det sit dei heime som nærare var.» Øyolv nemnde seg daa vitne, at han rudde alle desse fire ut or nemndi, og brukte dei rette rudnings-ordlagi. Sidan mælte han til dei andre i nemndi: «De er skyldige aa gjera rett til baae sidor. No skal de ganga til retten, naar de vert tilsagde, nemna dykk vitne, at de hev det aa segja mot aa gjera ved her, at de er fem nemndmenner tilsagde, men de skulde vera nie. Kan Torhall berga dette, so fær han fram kva sak det er.» Det var lett aa skyna paa alt, at Flose og Øyolv gilda seg. Det gjordest no stort søg um at no var vigsmaalet tynt, og at no stod verni betre en søksmaalet.

Aasgrim mælte til Mord: «Dei veit ikkje kva dei hev aa skreppa av enno, fyrr Torhall, son min, er spurd. Njaal sa ved meg, at han hadde lært Torhall loven so godt, at han skulde vera største lovmannen paa Island, um det kom til eit spenntak.» Det vart ein mann send til Torhall, til aa segja korleis det stod til, um kva Flose og dei kararne kytte med, og um det vedmælet det gjekk millom tinglyden, at no var søksmaalet spilt for Mord. «Det er godt for dei, fær dei 285ikkje skam av det,» seier Torhall. «No skal du gaa og segja Mord, at han skal nemna seg vitne og gjera eid, at største luten av nemndi er rett stemnde. Det vitnemaalet skal han daa bera fram i retten, og daa bergar han frumsaki;Oversetternote: Frumsaki: den fyrste, upphavlege saki, til skilnad fraa dei som kan reisa seg av henne att. men han er saka til aa bøta tri merker for kvar av dei han hev stemnt rangt. Men for det kan han ikkje søkjast paa dette tinget. Sendemannen fór no attende og gav Mord full greia um ordi hans Torhall. Mord gjekk i retten, nemnde seg vitne og gjorde eid, at den største luten av nemndi var rett stemnde. Og han sa, at med det hadde han berga frumsaki. «Det lyt verta anna uvenerne vaare fær mætnad av, en det store mistaket det skal vera gjort her.» Daa vart det stor yverlæta um at Mord gjekk vel fram i saki; men Flose og hans menner, sa dei, fór med berre lov-villor og krokar. Flose spurde Øyolv, um detta kunde vera rett. Men han lest ikkje vita det visst, og sa at lovsogumannen fekk løysa det. Torkjell Geiteson gjekk daa paa deira vegne til lovsogumannen, og sa honom korleis det stod, og spurde um det var rett, det som Mord hadde sagt. Skafte svarar: «Fleire store lovmenner er det no en eg hadde tenkt. Men naar eg skal segja deg det, so er dette so rett i alle stader, at her bid det ikkje aa mæla imot. Men eg meinte eg var aaleine um aa vita dette no, daa Njaal er daud; for han veit eg kjende til det.» Torkjell gjekk daa attende aat Flose og Øyolv, og sa dei at dette var lov.

Mord Valgardson gjekk daa aat retten og nemnde seg vitne, «i det vitnemaalet,» sa han, «at eg bed dei nærbuarne som eg stemnde i denne saki eg reiste imot Flose Tordsson, aa bera fram skilmæle, anten med elder 286imot. Eg krev med lovlegt krav i retten, so domararne høyrer det tvert yver retten.» Nemndmennerne hans Mord gjekk daa fram i retten. Ein sa fram skilmælet – dei andre gav samkvæde – og han tok soleis til ords: «Mord Valgardson tok ut os nie friborne menner til vitnenemnd; men me stend her berre fem; for fire er rudde utor. Men i staden for dei fire som skulde vitna med os, er det sett fram vitneord. Etter loven skal det daa no berast fram skilmæle. Me var tilsagde til aa skila um det, um Flose Tordsson ljop imot Helge Njaalsson med lovmælt yverfall paa den vigvangen der Flose Tordsson særde Helge Njaalsson hôl-saarhôl-saar] rettet fra: hol-saar (trykkfeil) elder merg-saar, det som til ulivssaar vart, og som Helge Njaalsson fekk bane av. Han sa os til aa bruka alle dei ord som me var skyldige til etter loven, som han vilde krevja av os ved retten til prov i dette maalemnet. Han stemnde os med lovleg stemning, so at me høyrde paa. Han stemnde i den handgjevne saki hans Torgeir Toreson. Alle hev me no gjort eid og fenge skilmælet vaart rett, so at me er samde um eitt. Me ber det mot Flose Tordsson og seier honom saka aa vera i saki. Dette nie mans skilmælet soleis laga ber me fram i Austfirdingaretten yver hans hovud som skal reiva maalet, soleis som Mord stemnde os til. Og dette vitnemaalet er me alle um,» sa dei. Andre gongen bar dei skilmælet fram, men nemnde daa saar fyre og yverfall etter, men alle dei andre ordi bar dei fram like eins som fyrr. Dei bar skilmælet imot Flose og sa honom saka aa vera.

Mord Valgardson gjekk i retten og nemnde seg vitne, at dei buarne han hadde stemnt i saki som han hadde reist mot Flose Tordsson, dei hadde bore vitnemaal imot honom og sagt honom saka aa vera. Desse vitnemenner nemnde han for seg elder for dei som turvte 287njota dette vitnemaalet. Andre gongen nemnde Mord seg vitne, «i det vitnemaalet,» sa han, «at eg byd Flose Tordsson, elder den mannen som handgjevi lov-vern hev i hans stad, aa koma med vern i den saki som eg reiste imot honom; for no er alle søknargagni framkomme som høyrer saki til – framborne alle vitnemaali og skilmælet, og vitne nemnde paa skilmælet og paa alle dei gagni som fram er komne. Men um det kjem fram noko i verni som eg maa hava i søksmaalet, so tek eg unda rett for meg til aa bruka det. Eg byd rettarbod etter loven, so domararne høyrer paa.» – «Det trøyer meg no, Øyolv,» sa Flose, «aa tenkja paa kor dei skal bregda bruni og klaa seg i hotten, naar du ber fram verni.»




143.

Øyolv Bolverkson gjekk daa fram i retten og nemnde seg vitne, «i det vitnemaalet,» sa han, «at dette er vern i dette maalet, at de hev søkt den saki i Austlendingaretten som skulde vera søkt i Nordlendingaretten, av di at Flose hev sagt seg i ting med Aaskjell Gode. Her er no baae dei vitni som var med i det, og som kan vitna, at fyrst gav Flose godordet sit i henderne paa Torgeir, bror sin; sidan sa han seg i ting med Aaskjell Gode. Nemner eg desse menner til vitne for meg elder for andre som kan turva nøyta elder njota dette vitnemaalet.» Andre gongen nemnde Øyolv seg vitne. «Eg tek meg vitne,» sa han, «at eg byd Mord, som hev saki aa søkja, elder rette saksøkjaren, aa lya paa eiden min og paa framsoga av dei vernemaali og gagni eg vil bera fram. Eg byd rettarbod etter loven, so domararne høyrer paa.» Paa nytt lag nemnde Øyolv seg vitne, «i det vitnemaalet,» sa han, «at eg gjer eid paa boki, lovleg eid, og seier det innfor Gud, at eg skal 288so denne saki verja som eg veit rettast og sannast og mest etter loven, og fremja alle dei skil som loven gjev, og som under meg kjem, so lenge eg er paa dette ting.» Øyolv mælte: «Desse tvo menner nemner eg til vitne, at eg fører fram denne lovlege verni, at saki var søkt i ein annan fjorungsrett en ho skulde. Seier eg for det saki deira spilt. Seier eg dette vernemaalet soleis laga fram i Austfirdingaretten.» Sidan let han føra fram alle dei vitnemaali som høyrde verni til. So nemnde han vitne paa vernegagni, at no var alle framkomne. Enn nemnde Øyolv seg vitne. «Eg tek vitne paa det,» sa han, «at etter fullmagt fraa goden forbyd eg domararne aa døma i saki hans Mord og hans Aasgrim; for di at no er lovleg vern framkomi i retten. Eg forbyd det med forbod fraa goden, lovlegt forbod, ævlaust forbod, fullt og fast forbod, soleis som eg hev aa føra vernemaal etter Alltings rett og aalmenn lov.» Etter det let han vernemaalet ganga til doms. Aasgrim og dei andre saksøkjararne tok upp søksmaali mot dei andre brennemennerne, og dei fekk sine fram.




144.

No sende Aasgrim og Mord ein mann aat Torhall, til aa segja honom kva uføre det no var kome i. «For langt unda var eg no,» sa Torhall; «saki skulde ikkje fare den vegen endaa, hadde eg vore der. Eg ser paa aatferdi deira, at dei etlar seg til aa stemna dykk til femterets for ulovleg rettargang. Dei etlar seg nok til aa vefengjaOversetternote: Sjaa s. 179. brandsakerne, so dei ikkje vert dømde. For dei er no komne i det føret, at dei ikkje hevlar for nokon urett. No skal du ganga dit att, skjotast du kan, 289og segja dei det, at Mord skal stemna baade Flose og Øyolv for det at dei hev gjort handel med retten, og krevja fjørbaugsstraff. So skal han stemna dei ei stemning til, for det at dei bar fram vitnemaal som ikkje kom saki ved, og gjorde med det ulovleg sakføring. Seg dei det, at eg seier, at naar ein mann fær tvo fjørbaugssaker paa seg, er han dømd til skogarmann. Av di skal de vera aat fyre dei til aa bu maalemnet; for daa fær de det fyrst fram til søksmaal og dom.»

Sendemannen gjekk stad og sa Mord og Aasgrim det. Sidan gjeng dei til Logberget. Mord Valgardson nemnde seg vitne. «Eg tek vitne paa det,» sa han, «at eg stemner Flose Tordsson for di at han gav Øyolv Bolverkson gods til lids for seg her paa tinget. Seier eg honom for den saki saka fjørbaugsmann, korkje ferjing elder fristad njotande, med mindre det vert lagt livløysn elder aland-feste i eignalaus-domen, i anna fall vera fullsaka skogarmann. Seier eg alt hans gods forbrote, helvti aat meg, helvti aat fjorungsmennom, dei som eig aa taka forbrote gods etter honom etter loven. Stemner eg dette maalemnet til femteretten, der det eig aa koma fram etter loven. Eg stemner til søksmaal og til full fredløysa. Eg stemner lovleg stemning. Stemner eg i høyrande logn paa Logberget.» Med slik stemning stemnde han og Øyolv Bolverkson, for det at han hadde teke imot gods. Den saki og stemnde han for femteretten. Andre gongen stemnde han Flose og Øyolv i den saki, at dei bar fram vitnemaal i tinget som ikkje kom saki ved etter loven, og gjorde med det ulovleg rettargang. For det med kravde han dei dømde til fjørbaugsstraff. Dei gjekk daa fraa der og til logretten. Her var daa femteretten sett.

Daa Aasgrim og Mord var gjengne fraa, vart ikkje domararne sameinte um korleis dei skulde døma; for 290sume vilde døma med Flose, men andre med Mord og Aasgrim. Flose og Øyolv maatte daa til aa faa vefengt domen. Dei vart heftande med dette, medan stemningarne stod paa. Lite etter vart det sagt Flose og Øyolv, at dei var stemnde paa Logberget med tvo stemningar kvar. Øyolv mælte daa: «Illt gagn var det, at me dvaldest her, so dei vart fyre os til aa stemna. Det er sløgdi hans Torhall som her er framkomi. Det er ikkje nokon honom lik i klokskap. No stend det dei til aa søkja maalemnet sit ved retten fyrst. Og det var det alt stod paa for dei. Men likevel skal me no ganga til Logberget og bu til sak imot dei, endaa det lite gagnar os.» Dei gjekk daa aat Logberget, og Øyolv stemnde dei for ulovleg rettargang. Sidan gjekk dei til femteretten. Daa Mord og Aasgrim kom til femteretten, nemnde Mord seg vitne og baud dei aa lya paa eiden hans, paa framsoga av saki, og paa alle dei søknargagni han tenkte aa bera fram imot Flose og Øyolv. Han baud rettarbod etter loven, so domararne høyrde det tvert yver retten. I femteretten skulde og sannings-menner fylgja eiden, og dei med skulde gjera eid. Mord nemnde seg vitne. «Eg tek vitne paa det,» sa han, «at eg gjer femterets-eid. Bed eg so Gud hjelpa meg i dette ljoset og i det andre, at eg skal soleis denne saki søkja som eg rettast og sannast veit og mest etter loven. Og held eg Flose for saka aa vera i denne saki, so visst som det er prov til det. Og eg hev ikkje lagt til gods her i retten til hjelp for meg i denne saki, og ikkje vil eg gjera det, og ikkje vil eg taka, korkje til lov elder ulov.» Dei tvo sannings-mennerne hans Mord gjekk daa fram i retten og nemnde seg vitne, «i det vitnemaalet,» sa dei, «at me gjer eid paa boki, lovleg eid – bed me Gud so hjelpa os i dette ljoset og i det andre, og me legg vaar mans-æra ved – at me trur at Mord vil søkja denne 291saki soleis som han veit rettast og sannast og mest etter loven, og at han ikkje hev lagt til gods her i retten for denne saki seg til lids, elder vil gjera det, og han hev ikkje teke gods elder vil taka, korkje til lov elder ulov.»

Môrd hadde sagt til nie Tingvalla-buar i saki. Sidan nemnde Môrd seg vitne og sa fram dei fire saker som han hadde butt til mot Flose og Øyolv, og han hadde alle dei ordi i framsoga av saki som han hadde daa han stemnde. Desse fjørbaugssakerne soleis laga bar han fram i femteretten, sameleis som han hadde sagt fram daa han stemnde. Môrd nemnde seg vitne og baud dei nie buarne til sætes vest paa aabakken. Etter det nemnde han seg vitne og baud Flose og Øyolv aa rydja nemndi. Dei gjekk fram og skulde rydja nemndi, og røynde vel etter, men fann ingen til aa reka or. Med dette gjekk dei fraa att, og unde ille ved. Môrd nemnde seg vitne og bad dei nie tilsagde buarne aa bera skilmæle, anten for elder imot. Buarne hans Môrd gjekk daa aat retten; ein sa fram vitnemaalet, men dei andre gav samkvæde. Dei hadde alle gjort femterets-eid, og vitna at Flose var saka, og bar skilmælet imot honom. Dette skilmælet soleis laga bar dei fram i femteretten yver hovudet paa den mannen som Môrd hadde sagt fram saki si yver. Sidan bar dei fram alle dei vitnemaali som dei hadde aa bera fram i alle dei andre saker, og gjorde alt etter loven. Øyolv Bolverkson og Flose sat og gjætte etter aa finna noko aa rengja, men fekk ikkje noko aat-gjort. Môrd Valgardson nemnde seg vitne. «Eg tek vitne paa det,» sa han, «at desse nie buar eg stemnde til i denne saki, som eg reiste imot Flose Tordsson og Øyolv Bolverkson, dei hev bore skilmæle mot dei og sagt dei saka i saki.» Han nemnde dei for seg, desse vitnemenner. Andre gongen nemnde han seg vitne. «Eg tek vitne paa det,» 292sa han, «at eg byd Flose Tordsson, elder kven annan mann som det er handgjeve aa føra vern for honom, aa taka til vern. For no er alle søknargagni framkomne: bode til eid, eiden gjord, sagd fram saki, bore stemnevitne, nemndmennerne bodne til sætes, bode til rudning i nemndi, skilmæle frambore og teke vitne paa.» Desse vitnemennerne nemnde han seg paa dei gagni som var framkomne.

Daa stod den mannen upp som saki var framsagd yver hovudet paa, og reivde maalet. Han tok fyrst upp att det, at Môrd baud dei lya paa eiden sin og paa framsoga av saki og alle søknargagni. So tok han upp att det, at Mord gjorde eid, og like eins sanningsmennerne hans. So tok han upp att det, at Mord sa fram saki, og tok soleis til ords, at han hadde alle dei ordi i reivingi si som Mord hadde havt daa han sa fram saki, og som han hadde i stemningi si, «og denne saki soleis laga sa han fram i femteretten, som han hadde sagt fram daa han stemnde.» So tok han upp att det, at dei bar stemnevitne, og nemnde daa alle dei ordi som Mord fyrr hadde brukt i stemningi si, og som dei hadde i vitneburden sin, «og som eg no,» sa han,han] rettet fra: san (trykkfeil) «hev i reivingi mi. Og dette vitnemaalet sit soleis laga bar dei fram i femteretten, slikt som han sa det fram, daa han stemnde.» Sidan tok han upp att det, at Mord baud nemndmennerne til sætes. Di næst tok han upp att det, at han baud Flose aa rydja nemndi, «elder den mannen som hev lov-vern handgjevi for honom.» So tok han upp att det, at buarne gjekk i retten og bar fram skilmæle imot Flose og sa honom saka i saki. «Dette nie mans skilmælet soleis laga bar dei fram i femteretten.» So tok han upp att det, at Mord tok vitne paa at skilmælet var gjenge Flose imot. So det, at Mord nemnde seg vitne paa sakgagni og baud til 293vern. – Mord Valgardson nemnde seg no vitne. «Eg tek vitne paa det,» sa han, «at eg forbyd Flose Tordsson, elder kven annan som hev lov-vern handgjevi for honom, aa taka til vern. For di at no er alle søknargagni framkomne, dei som skal vera med i saki naar ho er reivd og gagni borne fram.» Sidan tok sakreivaren upp att dette vitnemaalet. Mord nemnde seg daa vitne og baud domararne aa døma i saki. Daa mælte Gissur Kvite: «Meir hev du aa gjera endaa, Mord; for det er ikkje fire tylfter som skal døma.»

Flose mælte til Øyolv: «Kva raad er det no aa taka?» Øyolv svarar: «No spørst det um raad for uraad. Men likevel skal me bia – for eg gjet paa, at no gjer dei rangt i rettargangen, etter di Mord kravde dom i saki straks; men dei hev aa taka seks menner ut or retten. Sidan skal dei vitnefast bjoda os aa taka ut or retten seks andre. Men det skal me ikkje gjera noko ved; for daa stend det til dei aa nemna or dei seks mennerne – og det gløymer dei. Daa er heile saki deira spilt, um dei det gjer; for det er berre trenne tylfter som skal døma i saki.» Flose mælte: «Ein klok mann er du, Øyolv, so det er ikkje mange som gjeng framum deg.» Mord Valgardson nemnde seg vitne. «Eg tek vitne paa det,» sa han, «at eg skyt desse seks menner ut or retten» – han nemnde dei alle ved namn. «De hev ikkje mit løyve til aa sitja i retten. Eg skyt dykk ut etter Alltings rett og aalmenn lov.» Etter det baud han Flose og Øyolv aa nemna vitnehøyrt dei andre seks menner ut or retten. Men Flose og Øyolv vilde ikkje skjota ut nokon. Mord let daa døma i saki. Og daa saki var dømd, nemnde Øyolv seg vitne og lyste domen deira magtlaus, og alt dei hadde ved gjort, for di at halvfjorde tylft hadde dømt, der som trenne skulde døma. «No skal me søkja 294femterets-sakerne vaare mot dei og faa dei dømde.» Gissur Kvite mælte daa til Mord: «Hardt hev du misgaatt deg, at du skulde gjera detta rangt. Og slikt er ei stor uhemd. Elder kva raad skal me no taka, Aasgrim frende?» seier Gissur. Aasgrim mælte: «No skal me enno ein gong senda ein mann aat Torhall, sonen min, og faa vita kva han vil raada os til.»




145.

Snorre Gode fær no spurt, kvart det er kome med maalemnet. Tek han daa til aa fylkja lidet sit nedantil fraa Allmannagjaa – millom den og Ladbudi, og sa mennerne sine fyre, kva dei skulde gjera. Sendemannen kjem no aat Torhall Aasgrimson, og seier honom kvart det no var kome, at Mord Valgardson og alle dei kom til aa verta saka, og at heile draapssaki var øydd. Men daa Torhall høyrde det, tok det honom so hardt, at han fekk ikkje ordet fram. Han spratt upp fraa lega og treiv spjotet Skarphedins-naut med baae hender og køyrde inn i foten paa seg. Holdet og kveis-naglen laag att paa spjotet; for han skar det ut or foten. Men vaagen og blodvellet valt som ein foss, so det stod som ein løk etter golvet. Han gjekk ut or budi uhalt, og fór so hardt, at sendemannen vann ikkje fylgja honom. Han fór til han kjem aat femteretten, og der møter han Grim hin raude, frenden hans Flose. Og med same dei møtest, støyter Torhall til honom med spjotet; det kom i skjoldet, og skjoldet klovna sund, men spjotet rann igjenom honom, so odden kom ut millom herdom. Torhall kastar honom av spjotet daud. Kaare Solmundson saag detta og mælte til Aasgrim: «Han er komen her Torhall, son din, og hev straks gjort draapsverk, og det er stor skam, skal han vera 295aaleine som vil hemna mordbranden.» – «Det skal helder ikkje so vera,» seier Aasgrim; «lat os no venda os mot dei.» Daa vart det ein forfælande gnyr yver heile heren, og so vart det ropt her-rop. Flose og dei med honom snudde seg til mots med dei, og paa baae leier eggja dei kvarandre.

Kaare Solmundson gjekk paa der dei stod, Arne Kolsson og Hallbjørn hin sterke. Og straks Hallbjørn ser Kaare, høgg han til honom og stemnde paa foten. Men Kaare spratt til vers, so Hallbjørn hogg i mist. Kaare snur seg aat Arne Kolsson og høgg til honom; hogget kom i oksli og tok av akslebeinet og kragebeinet og skar kav ned i brjostet. Arne seig daud aat jordi straks. Sidan hogg Kaare til Hallbjørn; det raakte i skjoldet, igjenom det og ned og tok av honom tumarstaai. Holmstein skaut eit spjot imot Kaare. Men han tok spjotet i veret og sende det attende, og det vart mans bane i flokken hans Flose. Torgeir Skorargeir kom framaat der han var, Hallbjørn hin sterke. Torgeir støytte til honom so hardt med den eine handi, at Hallbjørn stupte ved, og det var med naudi han kom paa føterne att, og daa hadde han seg unda straks. Daa møtte Torgeir Torvald Trumkjetilson og hogg straks til honom med Rimmugygi, som Skarphedin hadde aatt. Torvald skaut skjoldet fyre seg. Torgeir hogg i skjoldet og klauv det all igjenom; men framhyrna rende inn i brjostet heilt inn. Torvald stupte straks og var daud.

No er det aa fortelja um, at Aasgrim Ellidagrimsson og Torhall, son hans, Hjalte Skjeggjeson og Gissur Kvite søkte aat der som Flose og Sigfussønerne og dei andre brennemennerne stod. Der vart det eit overlag hardt tak – men det enda med det, at Aasgrim og dei med honom gjekk so fast fram, at Flose og den flokken 296tokka seg unda. Gudmund hin rike, Mord Valgardson, Kaare Solmundson og Torgeir Skorargeir søkte aat der som dei stod Øksfirdingarne, Austfirdingarne og Røykdølerne. Der vart det ein overlag hard strid. Kaare Solmundson kom aat der Bjarne Broddhelgeson var. Kaare treiv upp eit spjot og støytte til honom, og det raakte i skjoldet. Bjarne skaut skjoldet til leds; elles hadde spjotet stade igjenom honom. Han hogg til Kaare og stemnde paa foten. Kaare rykte foten aat seg og snara seg unda paa hælen, so Bjarne hogg i mist. Kaare hogg straks til honom. Daa flaug det ein fram og skaut skjold fyre Bjarne. Kaare kløyvde skjoldet fraa øvst til nedst, og odden gjekk inn i laaret og rispa ned igjenom heile foten. Mannen stupte straks, og vart aldri meinfri sidan, so lenge han levde. Kaare treiv daa spjotet tvihendes, snudde seg imot Bjarne og støytte til honom. Han saag seg ingor onnor raad en aa stupa seg tvert unda støyten. Men straks han kom paa føterne att, drog han seg unda. Torgeir Skorargeir søkte aat der dei var Holmstein Spakberseson og Torkjell Geiteson. Enden vart den, at Holmstein og Torkjell hadde seg unda. Daa vart det eit stort rop etter dei av mennerne hans Gudmund hin rike. Torvard Tjorveson fekk eit stort saar; han vart skoten i armen. Folk meinte det var Halldor, son hans Gudmund hin rike, som hadde skote. Det saaret bar han sidan ubøtt all si æva. No vart det stort skov. Og um det er fortalt her um sume tilburder, so er dei mange fleire som folk ikkje hev noko fraasegn um. Flose hadde sagt til mennerne sine, at dei skulde leita seg verjestad i Allmannagjaa, um dei vart drivne attende; for der var berre aatkomande fraa ei sida. Men den flokken som var med Sidu-Hall og Ljot, son hans, hadde vægt unda for aatgonga hans Aasgrim og hans Torhall. Dei tok 297vegen nedetter austanfor Øksaraai. Hall mælte daa: «Dette ber burt i det største uhevlet, at heile tinglyden slæst. Eg hadde vilja, Ljot frende, at me skulde bidja os hjelp til aa skilja dei aat, um me so skulde faa lastord for det av sume. Du kan bia ved bruarsporden; men eg vil ganga aat buderne og bidja meg lid.» Ljot mælte: «Um eg ser at Flose og dei treng lid av vaare menner, so vil eg straks laupa aat der med dei.» – «Det fær du gjera med som du tykkjer,» seier Hall, men eg vil beda deg, at du bier paa meg.»

No brest fylkingen i Flose-flokken, og alle vest yver Øksaraai. Men Aasgrim og Gissur Kvite sette etter med heile heren. Flose og dei tok vegen nedetter millom Virkesbudi og Ladbudi. Der hadde Snorre Gode fylkt fyre lidet sit so tjukt at dei ikkje slapp fram. Snorre Gode ropte aat Flose:» Kva er det de fer so aakavt etter? Elder kven er etter dykk?» Flose svarar: «Ikkje spør du etter detta for di du ikkje veit det fyrr. Men kvi skal du halda os fraa aa leita os feste i Allmannagjaa?» – «Ikkje er det eg som det gjer,» seier Snorre; «men det er sant, at eg veit kven som valdar det – og det skal eg segja deg, um du vil; dei valdar det Torvald Kroppenskjeggje og Kol.» No var dei daude baae tvo, men det hadde vore dei verste illmenne i lidet hans Flose. Aat den andre leii mælte Snorre til sine menner: «Gakk no paa med baade hogg og stikk, og køyr dei burt her ifraa. Daa vert det stutt stundi dei held seg her, naar dei andre søkjer aat nedantil. Berre ikkje set etter dei; men lat dei sjaa til sjølve med det dei hev seg imillom.» Det vart sagt Skafte Toroddson, at Holmunn, son hans, var i bardagen med Gudmund hin rike, maagen sin. Og straks han fekk vita det, so gjekk han aat budi hans Snorre Gode, og hadde etla seg til aa beda Snorre gaa med seg og 298skilja dei. Men han var ikkje komen heilt fram aat bud-døri hans Snorre, daa var striden som hardast. Aasgrim og dei med honom kom daa aat nedantil. Daa mælte Torhall til Aasgrim, far sin: «Der er Skafte Toroddson no, far.» Aasgrim mælte: «Eg ser det, frende,» og han skaut til Skafte med eit spjot; det raakte nedanfor tjukkaste leggen paa honom og gjekk igjenom baae føterne. Skafte datt overende ved skotet og kunde ikkje risa uppatt. Dei som var attved der, visste seg ikkje onnor raad, en at dei tok og drog honom etter marki inn i budi aat ein sverdslipar.

Aasgrim og flokken hans gjekk daa aat so fast, at Flose og dei fór unda sud-med aai aat Modruvellingabudi. Ute ved ei bud der stod ein mann som heitte Solve. Han kokte i ein stor kjel, og hadde nettupp teke upp kjøtet; kjelen stod i fullt foss-kok. Solve fekk sjaa kor Austfirdingarne flydde; dei var daa komne beint for der han stod. Han mælte daa: «Er dei krukar alle desse Austfirdingarne som kjem flyande her? Torkjell Geiteson flyg, han med. Dei hev vore drjuge til aa ljuga paa honom, alle dei som hev sagt at han var reine hardbeitelen. No renner ingen hardare en han.» Hallbjørn hin sterke var nærstadd der og mælte: «Ikkje skal du hava det aa segja, at me alle er rædde,» og treiv Solve, reidde honom til vers og støypte honom paa hovudet ned i sodkjelen. Solve var daud straks. Daa kom dei og inn paa Hallbjørn, so han laut hava seg unda. Flose skaut eit spjot til Brune Havlideson; det raakte honom midtpaa, og det vart banen hans. Han var i flokken hans Gudmund hin rike. Torstein Lenmeson tok spjotet utor saaret og skaut attende aat Flose, og det kom i foten, so han fekk eit stort saar og stupte overende ved det. Men han stod upp att straks. Dei tok daa vegen aat Vatnfirdingabudi. Ljot og Hall 299gjekk no vest yver aai med heile flokken sin. Men daa dei kom ut paa raunet,Oversetternote: Raun: steinmyrja fraa eldberg, «lava». vart det skote eit spjot fraa flokken hans Gudmund hin rike, og det raakte Ljot midtpaa. Han seig ned og var daud straks. Det kom aldri upp, kven som hadde gjort det draapsverket. Flose-flokken drog seg upp-um Vatnfirdingabudi. Torgeir Skorargeir mælte daa til Kaare Solmundson: «Der er Øyolv Bolverkson, um du vil løna honom for ringen.» «Det tenkjer eg det kan vera tid til no,» seier Kaare, treiv eit spjot fraa ein annan mann og skaut til Øyolv og raakte honom midtpaa, og det flaug igjenom honom. Øyolv datt daud aat jordi straks. Daa vart det som ei logn i bardagen. Snorre Gode kom daa aat med flokken sin. Skafte var i lidet med honom, og dei ljop fram imillom dei, so dei ikkje naadde til aa slaast. Hall gjekk og i lid med dei og vilde leggja seg imillom. Det vart daa sett grid, og den skulde standa tinget ut. So vart liki budde og førde til kyrkja, og saari bundne paa dei som var særde.

Folk gjekk daa aat Logberget. Hall fraa Sida stod upp og kravde seg ljod – det fekk han straks. Han tok so til ords: «Det er harde ting som her hev hendt med manna-tap og saksøkjing. Eg vil no med syna at eg er smaaferdsmann. Eg vil beda Aasgrim og dei andre som stend fyre desse maalemni, at dei unner os jambytt semja.» Han la til mange fagre ord. Kaare Solmundson mælte: «Um alle dei andre gjer semja i sine maalemne, so vil ikkje eg taka semja i mit maal. For de vil setja desse draapi jamnt med brensla, og det vil me ikkje tola.» Det sama sa Torgeir Skorargeir. Daa stod Skafte Toroddson upp og mælte: «Betre hadde det vore av deg, Kaare, at du ikkje hadde 300rent fraa maagom dine, en no aa skiljast or semja ved gode menner.» Kaare kvad daa denne visa:

Sist tarv du meg senda
snei-ord, at snøgt eg renner,
der du flat vart dregen
i dul or vaapnaskuri.
Daa hjalte-tungor hevja
høgmælt ord paa tinge,
krylast rædde raudskjegg
raadvill inst i budi.

Gildsleg gaman var det,
dei Grim og Helge tynte;
veldugt verk aa rosa
det var, daa Njaal brann inne.
Blaasten, som um bergi
byrge laat mun bera,
enn, naar tinget endar,
annan veg skal tjota.

Det vart stor laatt, og Snorre Gode mylte og kvad som for seg sjølv, men likevel so at mange høyrde det:

Vel kan Skafte skilja,
Aasgrim skaut med spjotet,
hardvikt Holmstein vægjer,
Torkjetil huglaust strider.

Folk storlog. Hall fraa Sida mælte: «Alle veit, kor stor harm det hev møtt meg, som miste Ljot, sonen min. Mange vil meina, at han var aa setja dyrast av dei som her hev late livet. Men for at folk kan verta samde, vil eg leggja son min ubøtt, og endaa ganga fram og bjoda motmennerne mine trygd og grid. Eg bed deg, Snorre Gode, og andre dei beste menner, at de bægjer til, so det kjem til sætt med os.» Sidan sette Hall seg ned. Det gjordest stor óm og godlæte yver desse ordi, og 301alle roste dei storleg godviljen hans. Snorre Gode stod daa upp og tala lenge og velstilt, og bad Aasgrim og Gissur og dei andre menner som stod fyre maalemnet paa den sida, aa gaa med paa semja. Aasgrim mælte: «Det tenkte eg, daa Flose reid heim-um aat meg, at med honom skulde eg aldri gjera semja. Men no vil eg gjera det, Snorre Gode, for dei ord du hev sagt, du og andre av vaare vener.» Det same sa Torleiv Kraak og Torgrim hin milde, at dei vilde sættast, og dei trengde paa Torgeir Skorargeir, bror deira, at han skulde gjera det same. Men han drog seg unda, og sa at han vilde aldri skilja lag med Kaare. Daa mælte Gissur Kvite: «No fær Flose velja, um han vil sættast paa det vilkaar, at sume er utanfor.» Flose seier han vil sættast, «med di eg tykkjer det er betre,» seier han, «di færre gode menner eg hev imot meg.» Gudmund hin rike mælte: «Eg vil bjoda handtak for dei draapi det hev vore gjort her paa tinget og som fell paa min lut, men soleis at brandsaki ikkje gjeng upp i det.» Det same sa Gissur Kvite og Hjalte Skjeggjeson, Aasgrim Ellidagrimsson og Môrd Valgardson. Soleis kom semja i stand. Det vart daa handgjeve aat tolv menner aa døma. Snorre Gode stod fyre skilgjerdi, og andre gode menner med honom. Draapi vart jamna imot einannan, og dei draapi bøtte som var umframt. Dei gjorde og skilgjerd i brandsaki: Njaal skulde bøtast med trifeld mannabot, og Bergtora med tvifeld. Draapet paa Skarphedin skulde ganga jamnt med draapet paa Hoskuld Kvitanesgode. Trifeld mannabot skulde det vera for kvar av Grim og Helge. For kvar av dei andre som brann inne skulde det vera ei mannabot. For draapet paa Tord Kaareson vart det ikkje nokor semja. Flose og alle brennemennerne vart dømde til aa fara or landet; men ikkje den sumaren, utan dei sjølv vilde. Men um 302dei ikkje var farne fraa landet naar tri vetrar var lidne, daa skulde han og alle brennemennerne vera utlæge skoggangsmenner. Og det vart sagt ifraa, at domen yver dei skulde lysast paa hausttinget elder vaartinget, det ein helst vilde. Flose skulde vera utanfraa i tri aar. Gunnar Lambeson og Grane Gunnarson, Glum Hildeson og Kol Torsteinson – dei skulde aldri faa koma heim att. Flose vart spurd, um han vilde lata døma for saaret sit. Men han sa, han vilde ikkje gjera seg i pengar. Øyolv Bolverkson vart lagd ubøtt for urettferd og rangskap. Alt dette handtokst dei um, og denne sætten vart halden i eit og alt sidan.

Aasgrim og dei gav Snorre Gode gode gaavor. Han hadde stor heidr av dette maalet. Skafte fekk ikkje bøtt skaden sin. Gissur Kvite og Hjalte Skjeggjeson og Aasgrim Ellidagrimsson bad heim aat seg Gudmund hin rike. Han tok imot det, og dei gav honom ein gullring kvar seg. Gudmund rid nordetter og heim, og hadde alle mans lovord for det han gjorde i denne saki. Torgeir Skorargeir baud Kaare med seg. Men fyrst reid dei med Gudmund hin rike heilt nord paa fjellet. Kaare gav Gudmund ei gullsylgja, og Torgeir gav honom eit sylvbelte; baae desse ting var dei beste eignaluter. Dei skildest med den beste venskap. Gudmund reid daa heim, og han er no ute or denne soga.

Torgeir og Kaare reid sudetter att fraa fjellet og ned i Reppen og til Tjorsaai. Flose og alle brennemennerne med honom reid aust til Fljotslid. Han let Sigfussønerne skipa til med gardarne sine. Flose fekk spurt, at Torgeir og Kaare hadde ride nordetter med Gudmund hin rike, og folk meinte daa, at dei vart verande nordanfor. Daa bad Sigfussønerne um aa faa fara aust under Øyjafjell og taka inn pengar, som dei hadde ute standande aust i Hovdabrekka. Flose gav dei 303lov til det, men bad dei vera vare um seg og snøgge. Flose reid daa upp igjenom Godaland upp i fjellet og nordanum Øyjafjelljøkulen, og stadna ikkje fyrr han kom heim aust til Svinafell.

No er det aa fortelja um, at Hall fraa Sida hadde lagt son sin ubøtt, og gjorde det for aa faa sætt i stand. Daa la heile tinglyden i hop til bøter. Og det vart ikkje mindre gods en aatte hundrad i sylv; det er fire mannabøter. Men alle dei andre som hadde vore med Flose fekk ingor bot for tapi sine, og tykte storleg ille ved det.

Sigfussønerne dvaldest heime tvo næter. Tridje dagen reid dei aust til Rauvarfell og var der um natti. Dei var femtan saman og hadde ingen otte paa seg. Dei reid fraa der seint og etla seg til Hovdabrekka um kvelden. Dei hamna hestarne i Kjerlingardal og tok seg der ei god ykt til aa sova.




146.

Sama dagen reid Kaare Solmundson og Torgeir Skorargeir aust yver Markarfljot, og so aust til Seljalandsmulen. Der møtte dei nokre kvende som kjende dei, og dei sa: «De er mindre kaatfarande de en Sigfussønerne; men lell fær de uvarleg fram.» Torgeir mælte: «Kvi er de soleis haatta mot Sigfussønerne, elder kva veit de um dei?» – «Dei var paa Rauvarfell i natt,» sa dei, «og etla seg til Mydal i kveld. Men det tykte me var godt, at dei hadde otte paa seg for dykk, og spurde etter naar de skulde koma heim att.» So fór konorne sin veg, og desse tvo onna paa hestarne. Torgeir mælte: «Kva hev du helst hug paa? vil du me skal rida etter dei?» Kaare svarar: «Ikkje vil eg 304telja fraa det.» Torgeir mælte: «Kva skal me etla os?» – «Ikkje veit eg det,» seier Kaare; «det hender ofte dei lever langan aldr, dei som berre med ord er drepne. So mykje veit eg, kva du etlar deg; du etlar deg aatte mann. Og likevel er det mindre en daa du rende deg nedi med eit reip og drap dei sju i bergskori.Oversetternote: Det er nok av denne vaagsame ferdi at Torgeir fekk tilnamnet sit – av skôr (bergskor) og geir (spjot). Men me veit ikkje meir um den striden. Men det hev seg so med dykk frendar, at de støtt skal gjera noko som det kan gaa ord um. Og det minste eg kan gjera er aa vera med deg til aa bera fraasegn. No skal me rida etter dei tvo-eine; for eg ser det er det du hev etla deg til.» Sidan reid dei austetter øvrefram, og var ikkje framme paa Holt; for Torgeir vilde ikkje at brørne hans skulde faa skuld for det som kunde verta gjort. Dei reid aust til Mydal. Der møtte dei ein mann som førde eit torv-ripOversetternote: Rip (rép): ei høg firkanta korg av spilar (Ross). paa hesten. Han tok so til ords: «Altfor faa-ment er du no, Torgeir felage.» – «Kva meiner du med di?» seier Torgeir. «For di at daa kunde det vorte noko til veidn,» seier han. «Dei reid framum her Sigfussønerne, og dei vert nok sovande heile dagen i Kjerlingardal, for dei etla seg ikkje lenger en aat Hovdabrekka til kvelds.» Sidan reid kvar si lei.

Torgeir og Kaare reid aust paa Arnarstaksheii, og det er ikkje noko aa segja fraa ferdi deira, fyrr dei kom til Kjerlingardalsaai. Aai var stor. Dei reid uppmed henne; for dei saag hestar med salar paa der. Dei reid dit, og saag at det laag nokre menner og sov i ei dæld der, og spjoti deira stod nedanfor dei. Dei tok spjoti og bar dei ut i aai. Torgeir mælte: «Kva – vil du me skal vekkja dei?» Kaare svarar: «Ikkje 305spør du etter dessa for di du ikkje hev tenkt det yver med deg sjølv fyreaat, at du ikkje vil taka paa liggjande menner og gjera nid-draap.» Sidan ropte dei paa dei. Dei vakna og spratt upp alle og treiv vaapni sine. Torgeir og Kaare gjekk ikkje paa dei, fyrr dei var væpna. Torgeir Skorargeir ljop aat der Torkjell Sigfusson var stadd. Med det sama sprang det ein mann bakanpaa honom. Men fyrr han vann gjera Torgeir noko, hadde Torgeir upp øksi Rimmugygi tvihendes og slo øksahamaren i hovudet paa honom som stod attantil, so at hausen brotna i smaae molar. Han fall straks og var daud. Men som han reidde øksi fram, hogg han Torkjell i oksli og klauv armen heilt av honom, og Torkjell fall daud ned. Imot Kaare reid Mord Sigfusson og Sigurd Lambeson og Lambe Sigurdson. Lambe flaug bakpaa Kaare og stakk til honom med eit spjot. Kaare fekk set honom, og flaug upp for stikket og kasta føterne ut fraa einannan. Stikket kom i vollen, men Kaare hoppa uppaa spjotskaftet og trødde det sundt. Han hadde spjot i ei hand og sverd i hi, men ikkje skjold. Han stakk til Sigurd Lambeson med høgre handi. Det raakte i brjostet, og spjotet gjekk ut millom herdarne. Han stupte og var daud straks. Med vinstre handi hogg han til Mord Sigfusson og raakte hofti, so ho vart spika, og ryggen med. Han stupte framstupes og var straks daud. Etter det snara Kaare seg rundt paa hælen som ein snørekall, og mot Lambe Sigurdson. Men han tok den einaste naudraadi han visste, at han la paa raas. No vende Torgeir seg mot Leidolv hin sterke. Dei hogg til einannan samstundes. Hogget hans Leidolv var so hardt, at det tok av skjoldet heile det stykket som det naadde. Torgeir hadde hogge tvihendes med Rimmugygi. Bakhyrna kom i skjoldet, og det klovna sund; men framhyrna tok 306kragebeinet av og skar seg heilt ned i brjostet. Kaare kom med det same og hogg unda Leidolv foten midt paa laaret. Daa fall Leidolv og var daud straks. Kjetil or Mork mælte: «Lat os laupa aat hestarne vaare; me kan ikkje standa os mot slike ovevlesmenner.» Dei flaug stad aat hestarne sine og sprang upp paa dei. Torgeir mælte: «Vil du me skal setja etter dei? me kan endaa naa atti og faa drepa einkvarn.» – «Den rid sist,» seier Kaare, «som eg ikkje vil drepa – Kjetil or Mork; for me hev kvar si av tvo systrar til kona, og han hev og bore seg best aat i maalemnet vaart fyrr.» Dei steig daa paa hestarne sine og reid til dei kom til Holt. Torgeir let brørne sine fara aust til Skogar; for der aatte dei ein annan gard, og Torgeir vilde ikkje at brørne hans skulde heita grid-niddingar. Torgeir hadde mange menner um seg; det var aldri færre en tretti vaapnføre karar. Der var no stor gleda. Folk tykte at Torgeir og Kaare hadde vakse og fremda seg med dette, og det var mykje i minnet havt millom menner, at dei tvo aaleine reid etter femtan, og drap dei fem, og jaga dei tie som kom unda.

No er det aa fortelja um Kjetil og dei andre, at dei reid det meste dei vann, til dei kom til Svinafell, og fortalde kva ferd dei fór. Flose sa, at det var aa venta, «og denna ferdi kan læra dykk,» seier han, «so de ikkje fer paa den maaten sidan. – Flose var ein framifraa gladværug mann, og den beste aa koma heim aat. Og det hev vore sagt um honom, at honom var dei fleste luter gjevne som pryder ein hovding. Han var heime um sumaren og utyver vintren. Men um vintren etter jol kom Hall fraa Sida og Kol, son hans. Flose vart fegen av koma hans. Dei tala ofte um maalemnet. Flose sa, at dei alt hadde fenge bøta hardt. Hall svara, at med det maalemnet var det gjenge nære 307di som han gat paa. Flose spurde honom til raads, kva han tykte var likast. Hall svarar: «Den raadi gjev eg deg, at du gjer sætt ved Torgeir, um det er aa faa. Men det er visst vandt um aa faa honom til aa gjera nokor semja.» – «Meiner du det daa tek ende med draapi?» seier Flose. «Det meiner eg ikkje,» seier Hall; «men du hev med færre ubytt, naar Kaare er aaleine. Men fær du ikkje sætt med Torgeir, so vert det banen din.» – «Kva sætt skulde me bjoda honom?» seier Flose. «Hard kjem de til aa tykkja ho er, den semja som han vil taka,» seier Hall; «for han vil ikkje paa annan maate en at han slepp bøta for det han hev ved-gjort, og endaa fær sin tridjung av bøterne for Njaal og sønerne hans.» – «Hard sættarkost er det,» seier Flose. «Ikkje for deg er denne sætten hard,» seier Hall; «for det er ikkje du som eig ettermaal etter Sigfussønom – det eig brørne deira og Haamund hin halte etter sonen sin. Men no kan du faa semja med Torgeir; for eg skal rida med deg, og eg vonar han tek nokorleis vel imot meg. Men ingen av dei som hev med denne saki aa gjera torer sitja paa gardom sine i Fljotslid, um dei er utan semja; for det vert dauden deira. Det er noko ein kan vonast, naar ein kjenner huglyndet hans Torgeir.» Det vart daa sendt bod etter Sigfussønerne, og dei bar so dette maalet upp ved dei. Og ved det at Hall talde for dei, vart enden paa samtalen den, at dei vilde sættast, soleis som han talde dei til. Grane Gunnarson og Gunnar Lambeson mælte: «Naar Kaare vert att aaleine, so raar me det sjølve, um ikkje han skal verta likso rædd os som me honom.» – «Seg ikkje det,» seier Hall; «det vert saart kjøpt for dykk aa hava utstand med honom, og de fær mykje aa svida for, fyrr det kjem til endskap millom dykk.» Med det slutta dei samtalen.




147.

308Hall fraa Sida og Kol, son hans, og fem andre med dei reid vestyver Lomagnupsand, og so vestyver Arnarstaksheii, og stadna ikkje fyrr dei kom til Mydal. Der spurde dei aat, um Torgeir var heime i Holt. Det vart sagt dei, at han var heime. Hall vart spurd, kvart han etla seg til aa fara. Men han sa han etla seg til Holt. Dei sa at daa hadde han visst ei god erend. Hall og fylgjet hans dvaldest der ei stund og kvilde paa. Sidan tok dei hestarne sine og reid til Solheim um kvelden, og var der um natti. Men dagen etter reid dei til Holt. Torgeir og Kaare og mennerne deira var ute; for dei kjende ferdi hans Hall. Han reid i ei blaa kaapa og hadde ei litor sylvlagd øks i handi. Men daa dei kom i tunet, gjekk Torgeir til møtes med dei og tok Hall av hesten, og dei kyste honom baade han og Kaare og leidde honom millom seg inn i stova, der dei sette honom paa pallen i høgsætet, og spurde honom um mange tidender. Han vart der um natti.

Um morgoen orda Hall paa ved Torgeir, um han vilde sættast, og sa honom kva sætt dei vilde bjoda, og han tala ved honom um det med mange fagre og godvise ord. Torgeir mælte: «Du veit visst, at eg ingor semja vilde taka med brennemennerne.» – «Alt var daa annarleis,» seier Hall; «de var daa stridsheite. De hev og gjort mykje ved med manndraap sidan.» – «De tykkjer vel det,» seier Torgeir; «men kva semja byd de Kaare?» – «Det skal verta bode honom sømdeleg sætt,» seier Hall, «um han vil taka mot.» Kaare mælte: «Det vil eg beda deg um, Torgeir ven, at du tek semja; for din lut kan ikkje verta betre en god.» – «Det tykkjest meg illt aa sættast og skiljast med deg, minder du tek slik sætt som eg tek,» seier Torgeir 309«Eg vil ikkje sættast,» seier Kaare. «Eg vil nok segja at me no hev hemnt branden; men son min kallar eg aa vera uhemnd, og eg etlar meg til aa hemna honom aaleine, slikt eg kan.» Men dei fekk ikkje Torgeir til aa taka mot sætt, fyrr Kaare truga honom med uvenskapen sin, um han ikkje gjorde det. Torgeir handfeste daa Flose og mennerne hans grid til sættamotet, og Hall gav det sama imot for Flose og Sigfussønerne. Men fyrr dei skildest gav Torgeir Hall ein gullring og ei skarlaks-kaapa, men Kaare gav honom ei sylvspenna, som det var tri gullkrossar paa. Hall takka dei for gaavorne og reid burt med den største heidring, og stadna ikkje fyrr han kom til Svinafell. Flose tok vel imot honom. Hall fortalde Flose alt um erendi si og samtalen sin med Torgeir og Kaare, og at Torgeir ikkje vilde taka mot semja, fyrr Kaare tok frami og bad honom, og la uvenskapen sin ved, um han ikkje gjorde det – men Kaare vilde likevel ikkje sættast. Flose mælte: «Det er faae som er Kaare lik, og eg skulde gjerne vilja havt same huglaget som han.»

Hall og fylgjet hans dvaldest der ei rid. Sidan reid dei vestetter til sættamotet, til fastsett tid, og møttest ved Hovdabrekka, soleis som det var avtala millom dei. Torgeir kom vestanfraa aat møtet. Dei tala daa um sætten, og det gjekk i alt etter det som Hall hadde sagt. Torgeir sa fraa i fyrevegen, at Kaare skulde faa vera hjaa honom so ofte han vilde, «og ingen skal gjera den andre noko illt i min buheim. Helder ikkje vil eg heimta bøterne hjaa ein for ein av dykk; eg vil berre hava med deg, Flose, aa gjera, so fær du heimta inn hjaa dei andre. Og eg vil det skal staa ved lag alt som vart fastsett paa tinget i brandsaki, attaat det eg krev at du Flose skal reida ut min tridjung heilt ut.» 310Flose gjekk radt inn paa alt dette. Torgeir gav ikkje etter korkje lands- elder herads-utlægdi.

Etter det reid Flose og Hall paa heimvegen austetter. Hall mælte til Flose: «Hald vel denne semja, maag, baade utferdi og sudferdiOversetternote: Sudferd: pilegrimsferd. og pengereidslorne. Du vert halden for ein hæv mann, for det um du rørde deg inni dette valds-verket, naar du gjer rett for deg som ein mann i alle maatar.» Flose sa han skulde gjera det. Hall reid no heim austpaa, og Flose reid heim til Svinafell og var no heime ei rid.




148.

Torgeir Skorargeir reid heim fraa sættamotet. Kaare spurde kor det gjekk, um dei vart samde. Torgeir sa at dei vart fullt sameinte. Kaare tok hesten sin og vilde rida burt. «Ikkje tarv du rida burt,» seier Torgeir; «for det vart fraaskila i semja vaiar, at du skulde faa vera her kva tid du vilde.» Kaare mælte: «Ikkje skal det so vera, maag; for straks eg gjer noko draapsverk, so vert det heitande, at du er i raadom med meg, og det vil eg ikkje. Men det vil eg gjerne, um du vilde lata deg handfesta godset mit og eigna det under deg og Helga Njaalsdotter, kona mi, og døtrarne mine. Daa fær ikkje mine motmenner tak i det.» Torgeir lova aa gjera som Kaare bad honom um, og han tok ved godset med handslag. Etter det reid Kaare burt. Han hadde tvo hestar og vaapni og klædi sine og noko lausøyre i gull og sylv.

Kaare reid no vestum Seljalandsmulen og uppmed Markarfljot, og upp i Torsmork. Der er det tri gardar som alle heiter Mork. Paa midgarden budde ein mann 311som heitte Bjørn og var kalla Bjørn Kvite. Han var son hans Kodal Bjaalveson. Bjaalve hadde vore løysingen hennar Aasgjerd, mor hans Njaal og hans Holta-Tore. Bjørn hadde ei kona heitte Valgjerd. Ho var dotter hans Torbrand Aasbrandson. Mor hennar heitte Gudlaug. Ho var syster aat Haamund, far hans Gunnar paa Lidarende. Ho var gjevi Bjørn for pengom si skuld, og ho heldt ikkje mykje av honom; men dei hadde daa born saman. Dei sat i velberga bu. Bjørn var svær til aa høla og rosa seg sjølv; men husfrøya var lei for det. Han var gløggsynt og fotkvat. Dit kom Kaare som gjest, og dei tok imot honom med baae hendom. Han var der um natti, og um morgoen talast dei ved. Kaare mælte til Bjørn: «Eg skulde lika aa faa vera her. Det tykkjest meg som eg er vel til mans komen hjaa dykk. Eg vilde gjerne hava deg med meg paa ferdom; for du er god til aa sjaa og skjot paa foten, og eg tenkjer det er framferd i deg til vaagestykke med.» – «Ikkje vantar det meg korkje paa gløggsyn elder framferd elder manndom i nokon veg,» seier Bjørn. «Og det er vel for di du er komen hit, at det er fokje attfor alle andre skjol. Men naar du bed meg um det, Kaare,» seier Bjørn, «so skal ikkje eg gjera deg lik kvardagsmennom. Eg skal visst hjelpa deg til slikt som du bed meg um.» Husfrøya høyrde det og mælte: «Troll fare i di høling og skrøyting! du skulde ikkje røa dykk baae burt i draum og villa. Eg vil so gjerne hjelpa Kaare med mat og andre gode ting som eg veit kan gagna honom. Men paa djervskapen hans Bjørn skal du ikkje lita, Kaare; for eg ottast det kunde verta annarleis for deg en han seier.» Bjørn mælte: «Du hev ofte brukt deg paa meg. Men eg trøyster meg so vel, at eg hopar ikkje aa hæl for nokon mann. Det er og røynd paa det, at det er faae som legg seg ut med meg, av di at ingen torer.» 312Der var Kaare nokor stund i løynd, og det var faae som visste um det. Folk tenkte at han var riden til nordlandet aat Gudmund hin rike; for Kaare let Bjørn segja det til grannarne sine, at han hadde møtt Kaare paa ferdi, og at han reid fraa der uppetter paa Godaland og nordyver til Gaasasand og til Gudmund hin rike paa Modruvollom. Detta spurdest yver alle bygder.




149.

No er det aa fortelja um Flose, der han er. Han sa til brennemennerne, felagarne sine: «Ikkje duger det os aa slaa os til ro enno. Me fær hugsa paa utanferdi vaar og bøterne me skal leggja, og greia sætten vaar paa karavis, og sjaa til aa faa os føre der kvar tykkjer det er best for seg.» Dei bad honom sjaa til med det. Flose mælte: «Me skal rida aust til Hornafjord; for der stend det eit skip som ein Øyolv Nev, ein trønder, er eigarmann til. Han friar til ei gjenta, men fær ikkje lov paa henne, minder han set seg ned her. No skal me kjøpa skipet av honom; for me kjem til aa hava lite gods med, men vert mange mann. Det er eit stort skip, so det tek os alle.» Dei tala ikkje meir um det. Men lite seinare reid dei austetter, og stadna ikkje fyrr dei kom til Bjarnanes i Hornafjord.Hornafjord.] rettet fra: Hornafjord, (trykkfeil) Der fann dei Øyolv; for han hadde havt kosten der um vinteren. Det vart teke vel imot Flose, og dei vart der um natti. Men um morgoen fala Flose paa skipet. Styremannen sa han skulde ikkje vera tverr paa aa selja skipet, naar han fekk for det som han vilde. Flose spurde kva det var falt for. Austmannen sa han vilde hava jord for det, og som laag nære attaat der. Og Øyolv fortalde Flose, korleis det stod med honom og far aat gjenta han hadde fria til. Flose sa han skulde gjera sit til at giftarmaalet 313vart avgjort, og so skulde han sidan kjøpa skipet av honom. Austmannen vart glad for det. Flose baud honom land i Borgarhamn. Austmannen ber no upp maalemnet ved bonden, ein gong Flose er med. Flose la sit ord med i laget, so det bar saman med giftarmaalet. Flose let austmannen faa jordi i Borgarhamn, og fekk hans handslag paa skipet. Tjuge hundrad i varor fekk Flose og av austmannen i same handelen.

Flose reid daa attende. Han var so vensæl millom mennom sine, at han fekk varor hjaa dei til laans elder til gjevandes, etter som han vilde. Han reid no heim til Svinafell og var heime ei rid. Han sende Kol Torsteinson og Gunnar Lambeson aust til Hornafjorden. Dei skulde vera ved skipet og stella til der, tjelda buder, leggja varorne i sekkjer og raa til det som trengdest.

No er det aa fortelja um Sigfussønerne, at dei seier til Flose, at dei vil rida vest til Fljotslid og faa skipa med gardom sine og føra med seg varor og anna dei trengde fraa der. «Det er ikkje Kaare aa varast for no,» seier dei, «um han er nordanfor, som sagt er. Flose svarar: «Ikkje veit eg kor mykje sant det kan vera i det som er sagt um ferderne hans Kaare. Eg tykkjer det glett sumt av det som ikkje er so langt frett som dette. Det er mit raad, at de fer mange saman og agtar dykk for aa skiljast, og er so vare um dykk som raad er. Du Kjetil fraa Mork skal minnast den draumen eg sa deg, som du bad me skulde halda dult med; for det er no med deg mange som det var ropt paa.» Kjetil mælte: «Mannens liv maa hava sin gang som det fyreetla er. Men det er snildt av deg, at du varar os.» Dei tala ikkje meir um detta.

Sidan budde Sigfussønerne seg til ferdi, og dei andre som skulde med. Dei var attan saman. Dei reid daa burt; men fyrr dei reiste, kystest dei med Flose. 314Han bad dei vel fara, og sa det var visst siste gongen han saag sume av dei som reid burt. Men dei let ikkje det hefta seg og for leii si. Flose bad dei taka varorne hans i Medallandet og føra med seg aust, og like eins det han hadde i Landbrotet og Skogakverve. Dei reid til Skaftaatunga og yver fjellet nordanum Øyafjelljøkulen og ned i Godaland, og so ned til skogarne i Torsmork. Bjørn paa Mork fekk sjaa mannareidi og fór straks til mots med dei. Dei helsast venleg. Sigfussønerne spurde etter Kaare Solmundson. «Eg raakte Kaare,» seier Bjørn; «men det er lenge sidan no. Han reid daa nordetter til Gaasasand og etla seg nord paa Modruvollarne til Gudmund hin rike. Og eg tyktest skyna paa honom, at han ottast for dykk. Han tottest vera svært einsleg vorten no.» Grane Gunnarson mælte: «Han skal verta ræddare os heretter; det skal han verta var, kjem han i kast med os. Me er ikkje dusti rædde honom, no han er einsaman.» Kjetil or Mork bad honom tegja seg og ikkje bruka store ord. Bjørn spurde, naar dei skulde fara attende. «Me vert verande innpaa ei vika i Fljotslid,» sa dei, og dei fortalde honom, kva dag dei vilde rida til fjells att. Med di skildest dei. Reid so Sigfussønerne heim aat gardarne sine, og heimemennerne deira vart fegne ved dei. Dei var heime mest ei vika. No kjem Bjørn heim og gjeng til Kaare og fortel honom um ferdi aat Sigfussønerne og fyreskipnaden deira. Kaare sa at han hadde synt honom stor venskap og truskap med dette. Bjørn mælte: «Det meinte eg nok, at hev eg lova nokon hjelpi mi, so skulde dei sjaa seg mun i det.» Husfrøya hans mælte: «Det vilde vera for ille og, skulde du vera trulaus mot din hovding.» Kaare vart verande der i seks dagar etter dette.




150.

315Kaare talar no til Bjørn: «Me skal rida aust yver fjellet og ned til Skaftaatunga, og fara løynleg gjenom tingbygdi hans Flose; for eg etlar meg til aa faa meg skipsføre aust i Aalptafjorden.» Bjørn mælte: «Detta er ei ferd som er vaagsam til gagns, og faae var det vel som hadde hugen til, andre en du og eg.» Husfrøya mælte: «Fylgjer du ikkje Kaare vel, daa er det so vidt du veit, at aldri ein gong skal du koma i mi seng sidan. Daa skal frendarne mine gjera skifte millom os.» – «Det ser ut til aa verta anna aa leggja raad um no, husfrøya, en aa skiljast,» seier Bjørn; «for no ber det til eg kan faa syna kva for ein hardhaus og yvergangs-kar eg er i vaapnskifte.» Dei rid no yver fjellet um dagen, og aldri allmannvegen, ned til Skaftaatunga og ovanum alle gardarne til Skaftaai; der leidde dei hestarne sine burt i ei dæld. Sjølve heldt dei njosn, og hadde stelt seg soleis at ingen kunde sjaa dei. Kaare mælte daa til Bjørn: «Kva skal me taka os til, um so hender, at dei kjem ridande ned mot os her fraa fjellet?» – «Er det ikkje daa eitt av tvo aa gjera?» seier Bjørn, «anten aa rida unda nord-med brekka og lata dei rida framum, eldaug bia, paa voni um nokon vert att-heftande, og daa gaa paa dei.» Dei tala mangt um dette. Takom tala Bjørn um at han vilde fly som hardast, men takom at han vilde bia der og taka imot dei. Detta tykte Kaare var storleg gaman.

No er det aa segja um Sigfussønerne, at dei reid heiman den dagen dei hadde sagt til Bjørn. Dei kom til Mork, banka paa døri og vilde finna Bjørn. Men husfrøya gjekk aat døri og helsa dei. Dei spurde straks etter Bjørn. Ho sa at han var riden nedanum Øyafjell og austetter til Holt; «med di han hev pengar aa krevja 316der,» sa ho. Dei trudde detta – for dei visste at han hadde pengar til gode der – og reid aust yver fjellet, og stadna ikkje fyrr dei kom til Skaftaatunga, og reid ned-med Skaftaai, og beitte der som Kaare og Bjørn hadde tenkt. Der kløyvde dei flokken. Kjetil fraa Mork og aatte med honom reid aust til Medalland; men dei hine la seg til aa sova, og vart ikkje noko vare, fyrr Kaare og Bjørn kom aat dei. Det gjekk eit lite nes ut i aai. Kaare gjekk frampaa der, og bad Bjørn standa attanaat og ikkje halda seg for mykje frami; «men gjer meg gagn slikt som det fell seg for deg.» – «Eg hadde ikkje tenkt aa hava nokon mann til skjold for meg,» seier Bjørn; «men det er vel so kome no, at du fær raada for det. Men med vitsmunen og kvatleiken min, so skal eg vel endaa faa gjort slikt som er gagn i for deg og ikkje meinlaust for uvenom vaare.»

Dei stod no upp alle og rende paa dei. Modolv Kjetilson var fyrst framme og stakk til Kaare med eit spjot. Kaare hadde skjold for seg, og spjotet raakte i det og tok fast. Kaare snara skjoldet so hardt at spjotet brotna. Han hadde drege sverdet og hogg til Modolv. Modolv hogg imot, og sverdet hans Kaare raakte hjaltet og skeina av og innpaa uvleden paa Modolv og tok av den, so sverdet og handi datt ned, men sverdet hans Kaare flaug inn i sida paa Modolv, millom sidebeini. Modolv fall daa og var daud straks. Grane Gunnarson fata eit spjot og skaut paa Kaare. Men Kaare sette skjoldet ned-med seg so hardt at det stod i vollen, tok spjotet i lufti med vinstre handi og skaut attende til Grane, og tok straks att skjoldet sit med vinstre handi. Grane hadde skjold for seg. Spjotet flaug i skjoldet og igjenom det og inni laaret paa Grane nedanfor smaa-tarmarne, og igjenom og ned i vollen. Og han kom ikkje av spjotet, fyrr felagarne hans drog 317honom av det. Dei stelte honom fraa seg i ei dokk og la skjoldtak yver honom. Ein mann skaut seg til og vilde hogga foten unda Kaare, og kom paa sida aat honom. Bjørn hogg handi av denne mannen og skaut seg attum Kaare straks att, so dei ikkje fekk noko gjort honom. Kaare sneidde til mannen med sverdet og hogg honom midt av. Daa ljop Lambe Sigurdson mot Kaare og hogg til honom med sverdet. Kaare slo flate skjoldet imot, so sverdet beit ikkje, og stakk so til Lambe med sverdet i brjostet, so det gjekk ut att millom herdom. Det vart hans bane. So flaug Torstein Geirleivson paa Kaare og etla seg paa honom fraa sida; men Kaare fekk sjaa Torstein og sneidde til honom med sverdet tvert yver herdarne og skar honom av der. Lite etter hogg han ein annan mann banehogg, ein god bonde heitte Gunnar or Skaal. Bjørn hadde saara tri menner, som hadde etla seg paa Kaare, men hadde endaa aldri vore so langt frami at han kom i berrhogg. Han fekk helder ikkje noko saar i dette møtet, korkje han elder Kaare. Men dei var saara alle som kom unda. Dei ljop aat hestarne og sette ut paa Skaftaai meste dei vann, og var so rædde at dei korkje kom framaat gardom elder torde segja um nokon stad kva som var hendt. Kaare og Bjørn ropte aat dei, daa dei sette ut paa aai. Bjørn ropte: «Renner de no, brennemenner!» seier han. Dei reid aust til Skogakverve, og stadna ikkje fyrr dei kom til Svinafell. Flose var ikkje heime, daa dei kom, og difor vart det ikkje leita etter Kaare og Bjørn fraa der. Men alle tykte at det var ei svivyrleg ferd av ein slik karaflokk. Kaare reid til Skaal, og der lyste han desse draapi paa seg. Han fortalde um dauden aat mannen der og dei fem andre, og um saaret hans Grane, og sa det var best aa faa honom til husa, um han skulde leva. Bjørn sa han nente ikkje aa drepa honom, for 318maagskapen si skuld, men han meinte det kunde vore til høves. Men dei som svara honom sa at det var nok faae som hadde rotna for honom. Bjørn meinte det no var raad til at det kunde faa rotna so mange av mennerne i Sida-grendi som han vilde. Dei sa det var ille, um so var. Kaare og Bjørn reid daa burt.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Njaala (elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans)

Njaala/Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans/Njåls saga er den største av islendingesagaene. Den ble skrevet ned på slutten av 1200-tallet, trolig basert på historiske hendelser iblandet diktning og vandrehistorier. Teksten er bevart i en rekke manuskripter, for eksempel i håndskriftet Möðruvallabók, som også inneholder teksten til ti andre islendingesagaer.

Handlingen foregår for det meste på Island i tiden rundt år 1000, og skildrer livene til Gunnar Hammundarsson fra Lidarende og Njål Torgeirsson. De to mennene er svært forskjellige, men har et sterkt vennskap. Vennskapet settes dog stadig på prøve når slektningene deres ofte egger til strid og uvennskap. Sagaen handler også om overgangen fra hedenskap til kristendom.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.