Njaala (elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans)

[kap. 151–159]


151.

Kaare spurde Bjørn: «Kva raad skal me no taka? No skal eg freista vitsmunen din.» Bjørn svara: «Er det so det gjeld um aa vera sløg til gagns?» – «Ja,» sa Kaare, «det er visst.» – «Daa er det snøgt aa vita,» seier Bjørn; «me skal narra dei som tussar alle i hop. Me skal laatast som me vilde rida nordyver fjellet. Men straks me er komne yver leitet, skal me snu attende og fara nedmed Skaftaai og halda os gøymde ein staden det er falligt, medan dei leiter som hardast, dersom dei rid etter.» Kaare mælte: «So skal me gjera det; det var so eg tenkte det og.» – «Der kan du sjaa,» seier Bjørn, «at eg er ikkje mindre hendt i sløgskap en i hardtakom.» Dei reid no, som dei hadde etla, nedmed Skaftaai. Aai gjeng med ei grein i aust og ei onnor i landsud.Oversetternote: Landsud tyder sudaust paa Island som i Norig. Dei fór ned med midkvisli, og stadna ikkje fyrr dei kom til Medalland og ned paa ei myr heiter Kringlemyri. Der var det raun rundt ikring. Kaare mælte daa til Bjørn, at han skulde sjaa etter hestarne deira og vera paa vardhald; «for det kjem paa meg eit svevntyngje.» Bjørn gjætte hestarne, og Kaare la seg. Men han hadde sove berre ei liti ykt, daa Bjørn kom og vakte honom. Han hadde leitt saman hestarne, so dei stod der fram-med dei. Bjørn mælte daa til Kaare: 319«Du kom til aa trenga hardt til meg. Kven annan det hadde vore, so hadde han no ljope fraa deg, var det ikkje ein so hardhuga som eg; for no kjem dei ridande aat deg, uvenerne dine, so no fær du laga deg til.» Kaare gjekk burt under ein bergskut. Bjørn mælte: «Kvar skal eg standa no?» Kaare svarar: «Det er tvo raader for handom; den eine er, at du stend her attaat meg og hev skjoldet aa liva deg med, um du kan hava gagn av det. Den andre er den, at du stig paa hesten din og rid unda, det hardaste du kan.» – «Det vil eg ikkje,» seier Bjørn; «det er mangt i vegen for det. Fyrst det, at leie tungor kunde taka so til ords, at eg rende fraa deg for hugløysa si skuld, um eg reid burt. Det andre er det, at eg veit kva veidn dei tykkjer det er i meg – og daa kan dei radt rida etter meg tvo elder tri. Og so vert eg ikkje deg til noko gagn elder hjelp. Eg vil helder standa saman med deg og verja meg so lenge lagnaden vil det.» Daa var det ikkje langt aa bia, til dei saag klyv-hestar vart drivne frametter myri, og med dei fór det tri mann. Kaare mælte: «Dessa ser os ikkje.» – «Daa læt me dei rida,» seier Bjørn. Dei reid framum. Men dei hine seks reid fram og flaug ned av hestarne straks alle i senn og vende seg imot Kaare og Bjørn. Fyrst fer Glum Hildeson mot dei og stakk etter Kaare med spjotet. Kaare snara seg unda paa hælen, so Glum støytte i mist og inn i berget. Bjørn ser dette og høgg straks spjotet av skaftet for honom. Kaare hogg til Glum paa hallande fot som han stod, og sneidde sverdet i laaret paa honom, so foten gjekk av og Glum døydde straks. Daa fór Torbrandssønerne imot Kaare, Vebrand og Aasbrand. Kaare flaug innpaa Vebrand og rende sverdet igjenom honom. Men sidan hogg han baae føterne unda Aasbrand. I dette svipet vart dei saara baade Kaare og Bjørn. Daa ljop 320Kjetil or Mork imot Kaare og stakk til honom med spjotet; men Kaare spratt upp med føterne, so spjotet gjekk i vollen. Kaare seiste seg paa spjotskaftet og braut det sundt. So treiv han Kjetil med henderne. Bjørn flaug fram straks og vilde drepa Kjetil, men Kaare mælte: «Ver roleg. Eg vil gjeva Kjetil grid. Og um det skulde verta soleis oftare, Kjetil, at eg eig valde yver livet dit, so skal eg aldri drepa deg.» Kjetil svara lite paa det, og reid etter dei andre felagarne sine og sa dei tidendi som ikkje fyrr visste det. Dei fortalde det aat bygdafolket, og dei gjorde stort herlaup straks, og fór etter alle vatsdrag, og so langt nord paa fjellet at dei var burte tri dagar i leitingi. Men so vende dei att og fór heim att kvar aat seg. Men Kjetil og hans fylgje reid aust til Svinafell og fortalde tidendi der. Flose sa ikkje mykje um ferdi deira, men sa det var ikkje visst, um det var slutt med dessa. «Det er ingen mann lik Kaare av dei som no er paa Island.»




152.

No er det aa fortelja fraa Bjørn og Kaare, at dei reid til Sand og leidde hestarne sine under ein marhalmbakke, og skar aat dei av marhalmen, so dei ikkje skulde døy av svult. Kaare var so nærgjeten, at han reid fraa der att straks dei slutta aa leita. Han reid um natti upp igjenom bygdi, og so fjellet sama leii attende som dei reid aust-til, og dei stadna ikkje fyrr dei kom til Midmork. Bjørn mælte daa til Kaare: «No lyt du vera meg ein god ven hjaa husfrøya mi; for ho trur ikkje eit ord av det eg seier, men meg ligg det no mykje ved. Løn meg no for det gode fylgje du hev havt av meg.» «So skal verta gjort,» seier Kaare. Sidan reid dei heim til garden. Husfrøya spurde dei etter tidend og fagna dei vel. Bjørn svara: «Det hev helder auka paa med 321vandemaali, kjering.» Ho svara lite og smilte. Husfrøya mælte daa: «Kva gagn gjorde Bjørn deg, Kaare?» Han svarar: «Berr er brorlaus bak; Bjørn gjorde meg godt gagn. Han saara tri menner og er saara sjølv. Og han var hjelpsam alle stader der han naadde til.» Der var dei i tri næter.

Sidan reid dei til Holt aat Torgeir og fortalde honom tidendi i einmæle; for det hadde ikkje spurst dit fyrr. Torgeir takka Kaare, og det kunde ein skyna, at han var fegen av det. Han spurde Kaare, kor mykje det no var gjort av det han etla seg til aa gjera. Kaare svarar: «Eg etlar meg til aa drepa Gunnar Lambeson og Kol Torsteinson, um eg fær tak til det. Daa hev me drepe femtan med dei fem me var baae um. Men det er noko eg vil beda deg um,» seier Kaare. Torgeir sa at han vilde gjera det han bad um. Kaare mælte: «Denne mannen, som heiter Bjørn og hev vore med meg i desse draapsverki, vil eg at du tek til deg og gjer gardskifte med honom, so han fær ein gard i fullt stand her attaat deg. Og hald so handi yver honom, so ingen hemn vert snudd imot honom. Og det stend i di magt, slik hovding som du er.» – «Det skal eg gjera,» seier Torgeir. Og han gav Bjørn ein gard i fullt stand paa Aasolvsskaalen, og tok sjølv ved garden i Mork. Torgeir fekk husfolket hans Bjørn og all hans buskap flutt til Aasolvsskaalen. Han fekk og gjort semja for Bjørn i alle maalemni, so han vart heilt forlikt med dei. Og folk tykte at Bjørn no var meir til mann for seg en fyrr. Kaare reid burt, og stadna ikkje fyrr han kom vest til Tunga aat Aasgrim Ellidagrimsson. Han tok imot Kaare overlag vel. Kaare fortalde honom alt som til hadde bore med draapsverki. Aasgrim let vel for det, og spurde kva han no hadde etla seg til. Kaare svara: «Eg tenkjer meg til aa fara utantil etter dei og sitja 322etter dei og drepa dei, um eg naar til med det.» Aasgrim sa, at han var ingen mann lik i manndomsverk. Han var der nokre næter. Sidan reid han til Gissur Kvite. Gissur tok imot honom med baae hendom. Kaare vart verande der nokor stundi. Han sa Gissur, at han vilde rida ned til Øyrar. Gissur gav Kaare eit godt sverd i skilnaden. Reid han so nedetter til Øyrar og fekk seg far med Kolbein Svarte. Han var orknøying, ein gamal ven av Kaare, og ein kappfus og spræk kar. Han tok imot Kaare med baae hendom og sa at eitt skulde ganga yver dei baae.




153.

No er det aa fortelja um Flose og dei, at dei reid aust til Hornafjorden. Dei fylgde Flose dei fleste av tingmennerne hans. Dei flutte aust med seg vara si og anna tilfang, og alt det fargagnet dei skulde hava med. Sidan budde dei seg og skipet sit til ferdi. Flose var og der ved skipet, til des dei var ferduge. Men straks dei fekk bør, sette dei til havs. Dei fekk lang utevist og ill veraatta, og fór reint villt. Ein gong fekk dei tri store brotsjøar yver seg. Daa sa Flose, at dei maatte visst vera nære eit elder anna land, so dette var grunnbrot. Tjukk skodda var det, og det auka paa med stormen, so dei fekk eit heilt hardver. Og fyrr dei vardest, køyrde dei kav upp paa land ei natt. Mennerne vart berga alle saman, men skipet vart spika, og godset kunde dei ikkje faa berga. Dei laut sjaa til aa faa seg varme. Men um morgoen gjekk dei uppaa ei høgd der. Veret var daa vorte godt. Flose spurde um nokon av dei kjende dette landet. Det var tvo menner der som hadde fare ute fyrr, og dei sa seg vera visse paa dei kjende det, «og me er komne til Rossøy i Orknøyom,» sa dei. «Me kunde nok fenge betre landtøke,» seier 323Flose, «for Helge Njaalsson, som eg drap, var hirdmannen hans Sigurd jarl Lodveson.» Dei fann seg ei gøymsla og kava yver seg mose, og laag ei stund, men ikkje lenge, fyrr Flose mælte: «Ikkje skal me liggja her lenger, so at landsfolket vert vare det.» Dei stod upp att og gjorde raad. Flose mælte ved mennerne sine: «Me skal ganga aat jarlen og gjeva os i hans vald alle saman – det er ikkje anna aa gjera; for etter all von hev jarlen livet vaart like vel, um han vil staa etter di.»

Dei gjekk daa fraa der alle. Flose sa at dei korkje skulde fortelja noko elder gjeta ferdi si til nokon mann, fyrr han fortalde jarlen det. Dei gjekk til des dei raakte folk som visa dei til jarlen. Dei gjekk daa fram for jarlen og helsa honom, Flose og dei andre. Jarlen spurde, kva for menner dei var. Flose nemnde seg, og kva bygdalag han var fraa paa Island. Jarlen hadde spurt brensla, og av di kjendest han ved mennerne straks. Jarlen spurde daa Flose; «Kva kan du segja meg fraa Helge Njaalsson, hirdmannen min?» – «Det,» seier Flose, «at eg hogg hovudet av honom.» Jarlen mælte: «Tak dei alle.» Det vart gjort. Daa kom Torstein, son hans Sidu-Hall, med det sama. Han var hirdmann hjaa jarlen. Flose var gift med Steinvor, syster hans Torstein. Men daa Torstein saag Flose handteken, gjekk han framfor jarlen og baud for Flose alt det godset han aatte og hadde. Jarlen var stygt vond og tverr lenge. Men ved det at Torstein bad for Flose, og mange gode menner talde til – for han hadde mange vener som la seg i det – so vart det til det umsider, at Jarlen tok sætt og gav grid Flose og alle dei andre. Jarlen fylgde storhovdingars skikk i det, at han let Flose gaa i den tenesta som Helge Njaalsson hadde havt. Flose gjordest daa til hirdmann hjaa Sigurd jarl, og han kom seg braatt i stor kjærleike ved jarlen.




154.

324Kaare og Kolbein Svarte siglde ut fraa Øyrom ein halv maanad etter at Flose fór ut fraa Hornafjorden. Dei fekk god bør og var ikkje lenge ute. Dei tok land paa Fridarøy. Ho er imillom Hjaltland og Ørknøyom. Ein mann som heitte Dagvid Kvite tok imot Kaare. Han sa Kaare alt han visste um ferdi hans Flose. Han var godven med Kaare, og Kaare vart verande hjaa honom um vintren. Heile vintren hadde dei spurlag etter kva dei tok seg fyre der paa Rossøy.

I joli bad Sigurd til seg Gille jarl fraa Sudrøyom. Han hadde Svanlaug, syster hans Sigurd jarl. Daa kom det og ein konge til Sigurd jarl, som heitte Sigtrygg. Han var fraa Irland. Han var son hans Olav Kvaran, og mor hans heitte Kormlôd. Ho var den fagraste millom kvinnor og den mest velvorne i alt som ikkje var sjølvraadt. Men det hev vore folks tale, at alt som ho sjølv kunde um var vondt hjaa henne. Brjaan heitte den kongen som fyrr hadde vore gift med henne; men dei var no skilde. Brjaan var ein konge av gjævaste slag. Han sat i Kunnjaattaborg.Oversetternote: Kunnjaattaborg (elder Kunnaktir): Connaught (?) i Irland; – borg um ein by med mur ikring. Bror hans heitte Ulv Ræda, ein svær kjempekar og hermann. Fosterson hans Brjaan heitte Kjertjalvad. Han var son aat kong Kylve, som hadde mange slag med kong Brjaan og sidan flydde utor landet og gjekk i kloster. Men daa kong Brjaan gjorde sudlandsferd, raakte han kong Kylve – og daa forliktest dei. Brjaan konge tok daa til seg Kjertjalvad, son hans, og han elska honom meir en sine eigne søner. Han var vaksen, daa dette hende, og var ein framifraa mansleg kar. Dungad heitte ein av sønerne 325hans Brjaan, den andre Margad, og den tridje Takt – elder Tann, som me seier det. Han var yngst av dei. Dei hine var vaksne og raske karar. Kormlôd var ikkje mor aat sønerne hans Brjaan. So arg var ho vorti paa kong Brjaan etter skilnaden, at ho vilde gjerne faa drepe honom. – Brjaan gav etter tri gonger utlæge menner for sama brotet; men misgjorde dei seg oftare, so let han døma dei etter loven. Av slikt kan merkast, kva slag konge han hev vore. Kormlôd eggja hardt Sigtrygg, son sin, til aa drepa kong Brjaan. Det var til di ho sende honom aat Sigurd jarl, at han skulde beda um hans hjelp. Sigtrygg kom til Orknøyarne fyre jol. Der kom og Gille jarl, som fyrr er skrive. Mennerne var soleis til sætes skipa, at Sigtrygg konge sat midt i høgsætet, men jarlarne sat ein paa kvar sida aat honom. Mennerne hans Sigtrygg konge og hans Gille jarl sat innarfraa, men utarfraa Sigurd jarl sat Flose og Torstein, son hans Sidu-Hall. Heile hallen var sett. Sigtrygg konge og Gille jarl vilde høyra um branden og det som hadde hendt etterpaa. Daa fekk dei til Gunnar Lambeson, at han skulde fortelja, og det vart sett fram ein stol aat honom.




155.

Ved denne tidi kom Kaare og Kolbein og Dagvid Kvite til Rossøy, utan at nokon visste um det, og gjekk i land straks, men nokre menner var att til aa gjæta skipet. Kaare og fylgjet hans gjekk upp til jarlsgarden, og kom til hallen som dei der sat ved drykken. Det raakte til aa vera i same stundi som Gunnar var aat og skulde segja soga. Medan stod Kaare og dei andre ute og lydde. Detta var sjølve joledagen. Sigtrygg konge spurde: «Korleis heldt Skarphedin seg i branden?» – 326«Han heldt seg vel lenge,» sa Gunnar; «men enden vart daa den, at han gret,» – og alt han fortalde rengde han paa, og laug mykje. Kaare stod ikkje ut med detta. Han ljop inn med drege sverd igjenom hallen, og hogg Gunnar yver halsen, og so kvast var hogget, at hovudet fauk av uppaa bordet framanfor kongen og jarlarne. Bordi vart yver-vætte med blod, og like eins klædi aat jarlarne. Sigurd jarl kjende mannen som hadde gjort draapet, og mælte: «Tak Kaare og drep honom.» Kaare hadde vore hirdmannen hans Sigurd jarl og var vensæl som faa, og det baud ingen til aa staa upp ved det jarlen sa. Kaare mælte: «Det vil mange segja, herre, at dette verket hev eg gjort for deg, til aa hemna hirdmannen din.» Flose mælte: «Ikkje hev Kaare gjort dette saklaust; for han er ikkje i nokon sætt med os. Han gjorde berre det han hadde rett til.» Kaare gjekk burt, og det vart ikkje sett etter honom. Kaare og felagarne hans gjekk aat skipet. Det var daa godt ver, og dei siglde sud til Katanes og fór uppi Trasvik til ein gjæv mann som heitte Skjeggje, og hjaa honom var dei lenge.

Dei paa Orknøyom reinska bordet og bar ut den daude. Det vart sagt jarlen, at dei var siglde sudetter til Skotland. Sigtrygg konge mælte: «Detta var ein herdug og for seg mann, som gjekk paa so kvast, utan aa sjaa seg fyre.» Sigurd jarl svara: «Ingen mann er Kaare lik i kvatleik og heilhug.» Flose tok no til aa fortelja fraa branden. Han gjorde kvar mann rett, og difor vart han trudd.

Sigtrygg konge maalbar erendi si til Sigurd jarl og bad honom fara med seg til slag imot Brjaan konge. Jarlen drog seg unda lenge. Men umsider vart det til di, at han sette sine vilkaar. Han tinga seg det, at han skulde faa mor hans og verta konge i Irland, um 327dei fellde Brjaan. Alle talde jarlen fraa di, men det tydde ikkje. Dei skildest med det, at jarlen lova aa gjera ferdi, men Sigtrygg konge lova honom mor si og kongedømet. Det vart avtala, at Sigurd jarl skulde møta med all heren sin i Dublin palmesundagen.

Med di fór Sigtrygg konge sud til Irland og sa Karmlôd, mor si, at jarlen hadde gjenge inn paa aa vera med, og kva han hadde lova honom for det. Ho let vel for det, men sa at dei likevel skulde draga til seg meir herfolk. Sigtrygg spurde, kvar det helst kunde vera nokor von. Ho sa at det laag tvo vikingar ute vestanfor Man med tretti skip, «og det er slike hardskavlar, at ingen stend mot dei. Den eine heiter Uspak, og den andre Broder. Du skal fara og finna dei, og for aa faa dei med skal du ikkje spara paa nokon ting som dei krev for det.» Sigtrygg fer no ut og leitar upp vikingarne og finn dei utanfor Man. Sigtrygg konge bar straks upp erendi si; men Broder drog seg unda, alt til des Sigtrygg lova honom mor si og kongedømet. Men dette skulde haldast so dult, at ikkje Sigurd jarl fekk vita det. Broder skulde og koma med heren sin til Dublin palmesundagen. Sigtrygg konge fór heim til mor si og sa henne korleis det no stod til. Sidan talast dei ved, Uspak og Broder. Broder fortalde Uspak alt som han og Sigtrygg hadde tala av, og bad honom fara i striden med seg mot Brjaan konge, og sa det laag mykje ved for honom. Uspak sa han vilde ikkje slaast mot so god ein konge. Dei vart sinna baae tvo, og skifte heren sin. Uspak hadde tie skip, men Broder tjuge. Uspak var heidning og ein framifraa vitsam mann. Han la skipi sine inn i sundet, men Broder laag utanfor. Broder hadde vore kristna og vigd til messedekn; men han hadde kasta trui si og gjort seg til gud-nidding, og no blota han aat heidne 328vette og var ein stor trollmann. Han hadde slik herbunad som ikkje jarn beit paa. Han var baade stor og sterk, og hadde haar so stort at han slo det under beltet sit. Det var svart.




156.

Det bar so til ei natt, at det kom ein forfælande gnyr yver der Broder var med sine menner, so dei vakna alle og spratt upp og fór i klædi sine. Attaat regnde det kokande blod paa dei. Dei livde seg med skjoldom, og lell vart mange brende. Detta underet heldt ved heilt til dags, og daa hadde det sett til ein mann paa kvart skip. Dei sov daa um dagen. Andre natti vart det same gnyren att, og alle spratt upp. Daa rende sverdi ut or slirerne, men øksarne og spjoti flaug upp i lufti og slost. Vaapni sette so hardt inn paa dei, at dei laut til aa liva seg; men lell vart mange saara, og no og døydde det ein mann paa kvart skip. Detta underet heldt ved alt til dags. Dei sov att dagen etter. Tridje natti vart det og gnyr paa same maaten. Daa flaug det paa dei korpar, og det syntest dei som baade nebbarne og klørne var av jarn. Og korparne sette so hardt inn paa dei, at dei laut verja seg med sverdom og liva seg med skjoldom. Detta stod paa alt til dags. Daa hadde det gjenge til att ein mann paa kvart skip.

Dei la seg no fyrst til aa sova att. Men daa Broder vakna, drog han tungt etter anden og bad dei skjota ut baaten; «for eg vil finna Uspak.» Han steig daa i baaten, og nokre menner med honom. Men daa han fann Uspak, fortalde han honom alle underi som hadde borest fyre dei, og bad honom segja kva det kunde vera framanfyre. Uspak vilde ikkje segja um det, fyrr Broder gav honom 329grid. Broder lova honom grid. Men Uspak drog det likevel ut alt til natti; for Broder gjorde aldri draap um næterne. Uspak mælte daa: «Naar det regnde blod paa dykk, daa varslar det, at det skal renna ut mykje mannablod, baade dykkar og aat andre. Men den gnyren de høyrde, det var heimsbrestenOversetternote: Heimsbrest er tydt paa ymis maate: brest, brak, som ein høyrer yver all heimen, elder: skilnad fraa heimen, daude. som vart synt dykk, og at de alle braatt skal døy. Og det at vaapni sette paa dykk, det er framanfyre strid. Men naar korparne sette paa dykk, daa er det dei djevlarne som de trur paa, og som vil draga dykk til helvits pinslor.» Broder vart so vreid, at han ikkje var god til aa svara, men han fór aat mennerne sine. Han let heile sundet stengja med skip og leggja festrar i land, og etla seg til aa drepa dei alle saman um morgoen. Uspak saag alt det dei tok seg til. Daa lova han aa taka den rette trui og fara til Brjaan konge og fylgja honom til sin døyand-dag. Han tok daa den raadi, at han let tekkja alle skipi og staka dei fram langs med landet, og hogg av togi hans Broder. Skipi hans tok daa til aa reka saman, og dei som var paa skipi laag og sov. Uspak med sine menner fór no ut or fjorden og vest til Irland, og stadna ikkje fyrr dei kom til Kunnjaatta. Og Uspak sa Brjaan konge alt det han var vorten vis med, og tok skirsl og gav seg kongen i hender. Sidan let Brjaan konge samla mannskap fraa alt sit rike, og heren skulde koma til Dublin all saman i vika fyre palmesundagen.




157.

Sigurd Lodveson jarl budde seg fraa Orknøyom. Flose baud seg til aa vera med; men jarlen vilde ikkje det, med di han hadde sin lovnad um sudlandsferd aa 330løysa inn. Daa baud Flose femtan av mennerne sine til hjelp, og det tok jarlen imot. Men Flose fylgde Gille jarl aat Sudrøyarne. Torstein Siduhallsson fór med Sigurd jarl, og like eins Ravn hin raude og Erling fraa Straumsøy. Jarlen vilde ikkje at Haarek skulde vera med, men sa at honom skulde han fyrst fortelja korleis det gjekk. Sigurd jarl kom med heile heren sin til Dublin palmesundagen. Der var og Broder komen med heren sin. Broder freista etter paa gamal-gjerdi, korleis det skulde ganga med striden. Og svaret gjekk i den leii, at slost dei langfredag, so skulde Brjaan falla, men hava siger; men slost dei fyrr, skulde dei falla alle som var imot honom. Daa sa Broder at dei skulde slaast fredagen. Femtedagen (torsdag) kom det ridande ein mann paa ein apallgraa hest til Kormlôd med ein paalstav i handi. Han tala lenge ved Broder og Kormlôd. Brjaan var komen til borgi med heile sin her. Fredagen fór heile heren ut or borgi, og baae herarne vart fylkte. Broder var i den eine fylkingarmen, Sigtrygg konge i den andre, og Sigurd jarl i midten. No er aa segja um Brjaan konge, at han vilde ikkje slaast paa ein fastedag, og difor vart det slege skjoldborg ikring honom, og heren fylkt framanfor. Ulv Ræda var i den fylkingarmen som var midt imot Broder; men i den andre fylkingarmen, der som Sigtrygg konge var imot, var Uspak og sønerne hans Brjaan. Midt i fylkingen var Kjertjalvad, og framanfor honom vart bore fram merket.

Fylkingarne berst no i hop, og det vart ein overhendig hard strid. Broder gjekk igjenom heren og hogg ned alle som fremst stod; for det beit ikkje jarn paa honom. Daa vende Ulv Ræda seg imot honom og støytte til honom tri gonger, so hardt at han stupte kvar gong, og nære ved han ikkje kom paa føterne att. Men straks han kom seg upp att, daa flydde han unda inn i skogen. 331Sigurd jarl hadde ein hard strid med Kjertjalvad. Kjertjalvad gjekk fram so fast, at han fellde alle dei som fremst var, og sprengde fylkingen hans Sigurd jarl heilt innaat merket og drap merkesmannen. Jarlen fekk daa ein annan til aa taka merket. Det vart endaa ei hard slaasting. Kjertjalvad hogg ned denne merkesmannen og, og den eine etter den andre av dei som kom nær. Sigurd jarl baud Torstein Siduhallsson aa taka merket. Torstein etla seg til aa taka merket upp. Daa mælte Aasmund Kvite: «Ber ikkje merket, du Torstein; dei vert drepne alle som ber det.» – «Ravn hin raude,» sa jarlen, «ber merket du!» Ravn svara: «Ber develskapen dinOversetternote: Merket hadde ord for aa vera forgjort, so det gav siger aat den heren det vart bore for, men dauden aat den som bar det. sjølv!» Jarlen mælte: «Det er likast, at fant og sekk fylgjest aat.» Tok han so merket av stongi og stakk det under klædi sine. Lite etter vart Aamund Kvite drepen. Daa vart Sigurd jarl skoten igjenom med eit spjot. Uspak hadde gjenge gjenom heile den fylkingarmen. Han var vorten hardt saara og hadde mist baae sønerne hans Brjaan. Sigtrygg konge flydde for honom. Daa losna heile heren paa flugt. Torstein Siduhallsson stadna, daa dei flydde alle dei andre, og batt skoreimi si. Daa spurde Kjertjalvad, kvi han ikkje flydde. «For di,» sa Torstein, «at eg vinst ikkje heim til kvelds kor som er; for eg eig heime paa Island.» Kjertjalvad gav honom grid. Ravn hin raude vart jaga ut i ei aa. Han tottest sjaa helvite med sine pinslor nedi der, og djevlar som vilde draga honom nedi. Ravn mælte daa: «Reist hev hunden din, Peter apostel, tvo gonger til Rom, og skal gjera det den tridje, gjev du meg lov.» Daa slapp djevlarne honom laus, og han kom yver aai.

Broder saag no at kong Brjaans folk rak flogheren, og at det var faae menner ved skjoldborgi. Sprang han 332so fram fraa skogen og braut seg igjenom skjoldborgi og hogg til kongen. Takt – den unge sonen hans – slo upp handi imot, og hogget tok handi av honom og hovudet av kongen. Men blodet av kongen kom paa handastuven aat sveinen, og den grodde straks. Broder ropte daa høgt: «Det skal spyrjast fraa mann til mann, at Broder fellde Brjaan!» Daa vart det sendt bod aat dei som rak flogheren, at Brjaan konge var fallen. Dei snudde daa straks um, Ulv Ræda og Kjertjalvad. Dei slo ring um Broder og fylgjet hans og reiste dei ned med timber. Daa vart Broder handteken. Ulv Ræda rispa upp magen paa honom og leidde honom umkring ei eik, og rakte soleis ut or honom tarmarne. Og han døydde ikkje fyrr dei var or honom rakte alle. Alle mennerne hans og vart drepne. Sidan tok dei kong Brjaans lik og stelte det. Hovudet hans var grott attaat bulen. Femtan av brennemennerne fall i Brjaan-striden. Der fall og Halldor, son av Gudmund hin rike, og Erling av Straumsøy.

Langfredags morgoen hende det paa Katanes, at det gjekk ut ein mann som heitte Darrad. Han saag at det reid tolv kvende aat ei bud og vart burte der. Han gjekk burtaat budi og saag inn gjenom ein glugge det var paa den, og daa saag han det var kvende inne der, som hadde sett upp ein vev. Det var mannahovud til kljaasteinar, mannatarmar til veft og renning, sverd til skei og pil til ræl.Oversetternote: Til aa skyna ordi og ordlagi her og i songen maa ein tenkja paa dei gamle vevgognerne, uppstadgogn. Der hekk veven (renningi, varpet) ned fraa ein bom (réven) med steinar (kljaasteinar) bundne i traadarne til aa halda dei strame. Skeii, til aa slaa veften aat med, var daa paa lag som eit sverd elder ein stor kniv (av tre), og rælen, ein kvesst pinne, var i staden for skutelen til aa draga vefttraaden inn i renningi med. Skafti er hovoldskafti, dei stenger som hovoldi («vævsyllerne») heng paa. Dei song denna visa:

333Varpa er veven
som valfallOversetternote: Valfall: mannefall; valen er dei fallne, dei som er valde (av Odin elder valkyrjorne). bodar;Oversetternote: Bòda: varsla.
or breie rev-skyiOversetternote: Rev-skyi: veven (som heng paa reven).
regner blodet.
Høgt heng den graae
herfolk-veven,
varpet ventande
raudan veften,
den i me fyller,
Odins møyar.

Den veven er varpa
med varp av tarmar,
med hovud av menner
harddrøgt spana;
skafti er spjot med
sveiteOversetternote: Sveite: blod. maala;
jarna er reven,
rælarne piler;
med sverdom me slaa skal
sigerveven.

Hild gjeng i veven
og Hjørtrimul,Oversetternote: Hild (herstrid), Hjørtrimul (sverdljom) o. s. b. er namn paa valkyrjor.
Sangrid, Svipul,
med sverdom dregne.
Skaft mun gnesta,
skjold mun bresta;
mune hjelmhundarOversetternote: Hjelmhundar (dei som bit hjelmen): stridsøksar.
hardsøkt bita.

334Vinda, vinda
Darrads-veven,Oversetternote: Darrad (spjotsvingaren) er eit av tilnamni aat Odin. Andre tyder darrads-veven som «spjotveven». Sogeskrivaren hev mistydt ordet, naar han hev teke Darrad for aa vera namnet paa ein mann som hev set det synet han talar um.
som unge kongenOversetternote: Den unge kongen er Sigtrygg, norsk konge i Dublin. At han hev aatt Darrads-veven, vil segja at han alt hev vore i striden fyrr. Den same er ogso meint seinare, med fræge drotten og gauve (gjæving). Som ein ser, er songaren med sin samhug paa ei onnor sida en sogeskrivaren.
fyrr alt aatte.
Fram skal me ganga
og fylkingar vada,
der vener vaare
med vaapnom skifter.

Vinda, vinda
Darrads-veven!
og fræge drotten
me sidan fylgjer.
Bloddrøypt skjold
dei der skal bera,
Gunn og Gondul,
som gauven livde.

Vinda, vinda
Darrads-veven,
der dei fløymer
fylkingmerki.
Lat honomOversetternote: Sigtrygg, unge kongen. ikkje
ved livet skiljast;
val aa velja
eig valkyrjor.

335LydenOversetternote: Med den lyden (folket) som fordom bygde aude utskag (opne, verharde strender utmed havet) er meint nordmennerne. den skal
landi raada
som fordom aude
utskag bygde.
Rikan drottOversetternote: Rikan drotten er irarkongen Brjaan, og med jarlmann ser ut til aa vera meint en son av honom. er
raaden dauden,
og jarlmann er
for oddom nigjen.

Og irar harmen
hard skal freista
som aldri mennom
or minne gjenger. –
No veven er voven
og vollen roden;Oversetternote: Roden, av rjoda: gjera raud.
langt um land
skal lik-frett fara.

No er det rædsla
rundt aa skoda,
og raaslag-dimma
dreg mot himlen;
med ljoske av blod
er lufti leta –
So spaa-diser
syngja kunna.

Vel me kved um
kongen unge,
til heil me syngja
sigerljodet.

336Den som høyrer,
han det næme,
og skjoldmøy-kvadet
sidan kvede.

No ut aa rida
paa avlauseOversetternote: Avlaus: laus og ledig, utan sal elder beisl og slikt. hestom!
med sverdi bragande
burt me fara.

Dermed reiv dei veven ned og sund, og kvar vart havande det ho heldt i. Darrad gjekk no fraa gluggen og heim. Men dei steig paa hestarne sine, og seks reid i sud og seks i nord.

Ein dilik tilburd synte seg for Brand Gneisteson paa Færøyom.

Paa Island – paa Svinafell, kom det blod nedpaa messehakelen aat presten langfredagen, so han laut hava den av seg.

Paa Tvaattaa, langfredagen, tykte presten han saag sjødjup ved altaren, og nede i det mange fælslege ting; og det var eit langt bil han ikkje var god til aa syngja messorne.

Paa Orknøyom hende det, at Haarek tyktest sjaa Sigurd jarl og nokre menner med honom. Haarek tok hesten sin og reid til møtes med honom. Folk saag at dei raaktest og reid attum eit leite. Men ingen saag dei meir, og ikkje aarmolen fanst det etter Haarek.

Gille jarl paa Sudrøyom drøymde, at det kom ein mann til honom, som kalla seg Herfinn, og sa han kom fraa Irland. Jarlen tykte han spurde um tidend fraa der. Han kvad ei visa, og fortalde der, at Sigurd jarl og Brjaan var fallne.

337Flose og jarlen tala mykje um denne draumen. Ei vika seinare kom Ravn hin raude og fortalde dei alt fraa Brjaans-orrosta, og um dei som var fallne: kongen og Sigurd jarl og Broder og alle vikingarne. Flose mælte: «Kva hev du aa fortelja meg um mennerne mine?» – «Dei fall der alle,» seier Ravn, «so nær som Torstein, maagen din; han fekk grid av Kjertjalvad og er no med honom. Halldor Gudmundson sette livet til der.» Flose seier til jarlen, at han maa fara burt; «me hev sudgonga aa gjera,» seier han. Jarlen bad honom aa gjera som han tykte, og gav honom skip og det han turvte, og mykje sylv. So siglde dei til Bretland og dvaldest der ei stund.




158.

Kaare Solmundson sa til Skjeggje bonde, at han gjerne vilde havt eit skip av honom. Skjeggje gav Kaare eit skip med mannskap og full bunad. Dei gjekk um bord med Kaare baade Dagvid Kvite og Kolbein Svarte. Dei siglde no sudetter utfor Skotlandsfjordarne, og der raakte dei folk fraa Sudrøyom. Dei fortalde Kaare tidendi fraa Irland, og so det at Flose og mennerne hans var farne til Bretland. Men daa Kaare spurde det, sa han til felagarne sine, at han vilde halda sud til Bretland og finna Flose. Han bad dei no aa skilja fylgje med honom, alle dei som tykte det var betre, og sa han vilde ikkje dylja det, at han tykte ikkje han hadde hemnt harmen sin endaa. Alle vilde fylgja honom. Han siglde daa sud til Bretland og la aat i ei løyndevik.

Denna morgoen gjekk Kol Torsteinson aat borgi og skulde kjøpa sylv. Han var det som hadde brukt mest hædeord av brennemennerne. Han hadde tala mykje med ei rik frua, og det var nære fastslege, at 338han skulde faa henne og setja seg ned der. Denne sama morgoen gjekk Kaare aat borgi. Han kom burtaat der Kol stod og talde sylvet. Kaare kjende honom og ljop aat med drege sverd og hogg til honom yver halsen – han talde sylvet, han, og hovudet talde «tie» daa det fauk av bulen. Kaare mælte: «Seg Flose det, at Kaare Solmundson er det som hev drepe Kol Torsteinson. Eg lyser dette draapet paa mi hand.» Kaare gjekk daa til skipet sit. Han fortalde skipverjarne sine um draapet. So siglde dei nord til Beruvik, sette upp skipet sit og fór upp til Kvitsborg i Skotland og var hjaa Melkolv jarl den vintren.

No er det aa segja um Flose, at han gjeng upp i borgi og tek liket hans Kol og steller det og gjev mykje gods for gravstaden. Flose slepte aldri vondord utor seg mot Kaare. Flose fór sør um sjøen, og tok paa gonga si og gjekk sudtil, til des han kom til Romaborg. Der fekk han den store sømdi, at han fekk løysing av paven sjølv, og gav mange pengar for det. Han fór attende øystre leii, og dvaldest i mange borger og var framum hjaa stor-menne der, som heidra honom høgt. Han var i Norig vintren etter, og fekk eit skip av Eirik jarl til utferdi. Eirik gav honom og mykje mjøl. Mange andre var det og som heidra honom. Han siglde daa ut til Island, og kom inn i Hornafjorden og fór derfraa heim til Svinafell. Daa hadde han greitt all sætten, baade utanferdi og pengebøterne.




159.

No er det aa fortelja um Kaare, at han tok skipet sit og siglde sør um sjøen, tok so paa med gonga si i Normandi og gjekk sudpaa og tok løysing, Etter det fór han attende vestre leii og tok skipet sit i Normandi 339og siglde nord um sjøen til Dover i England. Fraa der siglde han vest um og nordmed Bretland og nord um Skotlandsfjordarne, og stadna ikkje fyrr han kom nord i Trasvik paa Katanes til Skjeggje bonde. Han gav daa Dagvid og Kolbein byrdingen. Kolbein siglde med det skipet til Norig. Men Dagvid var etter i Fridarøy. Kaare var denne vintren paa Katanes. Same vintren døydde husfrøya hans paa Island. Sumaren etter gjorde Kaare seg buen til aa fara til Island. Skjeggje gav honom ein byrding. Paa den var dei attan mann. Dei var seint ferduge, men sette likevel til havs og fekk lang utevist. Umsider kom dei inn ved Ingolvshovde og fekk skipet brote reint til spon; men mennerne vart berga. Det stod inn med ei kaverid. Dei spurde Kaare, kva dei no skulde taka seg til. Men han sa den raadi, at dei skulde fara til Svinafell og freista Flose, kor manndomsam han var. Dei gjekk til Svinafell i uversridi. Flose satt inne i stova. Han kjende Kaare med same han kom inn i stova. Han spratt upp og gjekk fram imot honom, kyste honom og sette honom i høgsætet hjaa seg. Flose baud Kaare aa vera der um vintren. Kaare tok imot det. Det vart daa heil og full semja med dei. Flose gav Kaare Hildegunn, brordotter si, som Hoskuld Kvitanesgode hadde havt. Dei budde fyrst paa Breiaa.

Det seier folk, at enden hans Flose vart den, at han fór utantil, etter han var gamal vorten, for aa faa seg stovetimber.. Han var i Norig den vintren. Men um sumaren var han seint ferdug. Folk tala um at det var skralt skipet hans. Flose sa det var æveleg godt nok til den som var gamal og feig. Og han steig paa skipet og sette til havs; men til det skipet hev det ikkje spurst noko sidan.

340Desse var borni hans Kaare og hennar Helge Njaalsdotter: Torgjerd, Ragnei og Valgjerd, og Tord, han som brann inne. Men borni hennar Hildegunn og hans Kaare var: Starkad og Tord og Flose. Son hans Flose var Kolbein, ein med dei gjævaste menner det hev vore i den ætti.

Og her sluttar me Brennu-Njaals soga.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Njaala (elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans)

Njaala/Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans/Njåls saga er den største av islendingesagaene. Den ble skrevet ned på slutten av 1200-tallet, trolig basert på historiske hendelser iblandet diktning og vandrehistorier. Teksten er bevart i en rekke manuskripter, for eksempel i håndskriftet Möðruvallabók, som også inneholder teksten til ti andre islendingesagaer.

Handlingen foregår for det meste på Island i tiden rundt år 1000, og skildrer livene til Gunnar Hammundarsson fra Lidarende og Njål Torgeirsson. De to mennene er svært forskjellige, men har et sterkt vennskap. Vennskapet settes dog stadig på prøve når slektningene deres ofte egger til strid og uvennskap. Sagaen handler også om overgangen fra hedenskap til kristendom.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.