No er aa segja fraa det, at Unn hadde øydt upp all lausøyra si. Ho fór heimanfraa og kom aat Lidarende. Gunnar tok vel imot henne, og ho vart der um natti. Dagen etter, daa dei sat ute og talast ved, tala ho frampaa um, kor smaatt det var for henne. «Ille er det,» sa han. «Kva raad hev du aa gjeva meg?» sa ho. 39«Tak so mykje du treng av det eg hev standande ute,» sa han. «Ikkje vil eg det,» seier ho, «og øyda upp for deg.» – «Kva vil du daa?» seier han. «Eg vil faa deg til aa krevja att det eg eig i buet hans Rut,» seier ho. «Ikkje tykkjest det vera stor von i det for meg,» seier han, «naar far din ikkje fekk det, han som var ein stor lovmann, og eg er lite kunnug i loven.» – «Det var meir med hardo en med lov at Rut vann i den trætta; men far min var gamal, og folk tykte det var beste raadet ikkje aa stridast meir um det. Og det er ingen av folket mit som kan føra den saki, um ikkje du trur deg til det.» – «Eg skal nok vaaga aa setja fram kravet,» seier han, «men eg veit ikkje, korleis ein skal taka maalemnet upp.» Ho svara: «Far aat Njaal paa Bergtorskvaal; han hev nok ei raad som duger; og han er din gode ven.» – «Eg hev nok den voni, at han eig eit godt raad aat meg som aat alle andre,» seier han. Enden vart, at han tok saki paa seg, og gav Unn det ho trengde til huset. Ho fór daa heim.
Gunnar reid aat Njaal. Han vart vel fagna, og dei gjekk til samtals straks. Gunnar mælte: «Eg er komen for aa søkja gagnraad hjaa deg.» Njaal svara: «Mange av venom mine er vel verd eit godt raad av meg; men likevel er det so, at eg helst legg meg um det, naar det gjeld deg.» Gunnar mælte: «Eg hev teke paa meg aa krevja Rut etter bu-luten hennar Unn.» – «Det er eit stort vandemaal,» seier Njaal, «og eit stort vaagan, korleis det gjeng; men likevel skal eg gjeva det raad som eg tykkjer det er best von i. Og det skal ganga, um du fylgjer det ubrigdeleg; men det gjeld livet dit, um du ikkje det gjer.» – «Eg skal ikkje vika fraa i noko,» seier Gunnar. Daa tagde Njaal nokor stundi, so sa han: «No hev eg tenkt yver maalemnet, og dette skal duga.»
40«No skal du rida heimanfraa sjølv tridje. Du skal hava ei regnkufta ytst, og under henne ein brun kvardagskjole; men under den skal du hava dei gode klædi dine og ei litor øks i handi. De skal hava tvo hestar kvar, ein feit og ein mager. Du skal fara med smid. De skal rida i morgon tidleg, og naar de kjem yver Kvit-aai, skal du slaa ned hatten din. Daa vert det spurt etter, kven det er, denne store mannen. Fylgjet dit skal segja, at det er Kræmar-Hedin hin mikle fraa Øyfjord, som fer med smid. Det er ein illvis og skravlut mann, som tykkjer han veit alt aaleine. Han slær ofte upp att sali og flyg paa folk, naar det ikkje vert som han vil. Du skal rida vest til Borgarfjord og halda falt smidet, men slaa upp att jamt og samt. Daa kjem det ordet ut, at det ingi lygn er, naar det er sagt, at Kræmar-Hedin er den vrangaste ein kan hava med aa gjera. Du skal rida til Nordaadalen, so til Rutafjord og aat Laksaadal, og til des du kjem aat Hoskuldstad. Der skal du vera um natti og sitja ytst og sluta med hovudet. Hoskuld seier ved folket, at dei ikkje skal faast ved Kræmar-Hedin, «han er ein kranglegast,» seier han. Um morgoen skal du taka inn paa grannegarden aat Rutstad. Du skal bjoda fram smidet dit, taka fram det som laakast er, slikt som det er brester i. Bonden ser vel etter og finn bresterne. Daa skal du nykkja det fraa honom og bruka deg paa honom. Daa seier han, at det er ikkje venta du gjev honom godt, naar du gjev vondt alle andre. Daa skal du fljuga paa honom – so lite det elles er din vis – men hegda styrken din, so ikkje folk tek grun og kjenner deg. Daa vert det sendt ein mann aat Rutstad, for aa segja til Rut, at det vøre best faa dykk skilde. Han sender bod 41etter deg, og du skal fara dit straks. Du fær rom paa andre benken midt imot høgsætet hans Rut. Du skal helsa honom; det tek han venleg, og spør deg, um du er fraa nordlandet. «Fraa Øyfjord,» skal du segja. So spør han, um det er mange namngjetne menner der. «Det er nøgdi av skrap,» skal du segja. «Er du kjend i Røykjardal?» seier han. «Eg er kjend paa heile Island,» skal du segja. «Er det gilde kjempor i Røykjardal?» spør han. «Tjuvar og illmenne er der,» skal du segja. Daa lær Rut og hev gaman av det. So kjem de til aa tala um mennerne i Austfirdingafjorungen, og du skal hava noko aa segja paa alle. So kjem talen aat Rangaavollom. Du skal segja, at der er det aller laakaste mannvalet, sidan Môrd Gigja døydde. Du skal kveda ei visa ein gong imillom – for eg veit du er skald – og Rut tykkjer det er gaman. Han spør, kofor du meiner, at det ikkje kan koma mann i staden hans. Paa det skal du svara, at han var so klok og lovkunnug, og so god til aa føra ei sak, at aldri var det noko i vegen med hans førarskap. Daa spør han: «Kjenner du til, korleis det gjekk med meg og honom?» – «Eg veit,» skal du segja, «at han tok fraa deg att kona di, og du fekk ingenting.» Daa vil Rut svara: «Men tykkjer du ikkje han kom i beit, daa han ikkje fekk bu-luten hennar Unn, endaa han saksøkte meg?» – «Det er lett svara paa det,» skal du segja; «du baud honom til holmgang, men han var ein gamal mann, og venerne hans raadde honom fraa aa strida med deg, og dermed vart saki nedkvævd.» – «Det gjorde eg, ja, og faavise folk trudde det var lov; men han kunde teke upp att saki paa eit anna ting, um han hadde havt tiltak til det.» – «Eg veit det,» skal du segja. Daa spør han deg: «Er du noko kunnug i loven?» – «Dei heldt for det der nord,» skal du segja; «men du fær likevel segja meg, 42korleis det maalemnet skulde takast upp att?» Rut vil daa mæla: «Kva for eit maalemne meiner du?» – «Dette,» skal du segja, «som ikkje kjem meg ved, korleis det vert teke upp – dette um kravet hennar Unn.» «Saki lyt stemnast so eg høyrer paa, elder i min lovlege heim,» seier Rut. «Stemn du no daa,» skal du segja, «so skal eg gjera det sidan.» Rut gjer det, og daa skal du ansa vel etter kvart ordet. Daa seier Rut, at no skal du stemna. Det skal du gjera, men so rangt, at berre annakvart ord er rett. Daa lær han aat deg og tek ingen mistanke, men han seier, at det var lite som var rett i det. Daa skal du skulda fylgjet dit og segja, at dei skjepla deg. So bed du Rut segja fyre deg, so du fær segja etter. Han lovar deg det, og stemner saki sjølv. Du skal stemna etter straks, og gjera det rett, og so skal du spyrja Rut, um det var rett stemnt. Og han seier, at no stod det ikkje til aa gjera det um inkje. Daa skal du segja høgt, so fylgjet dit høyrer: «Stemner eg i den meg hand-gjevne saki hennar Unn Môrdsdotter.» Men so snart folk er sovna, skal de staa upp, fara stilt, bera salarne burt i hestehagen, sala dei holdige hestarne, men lata dei magre vera att. De skal rida upp um hamnerne og vera uppi høgfjellet tri næter. So lenge paa lag leitar dei etter dykk. Og so skal de rida sudetter att – rida um næterne, men halda dykk rolege um dagarne. Sidan skal me rida med til tings og stydja uppunder saki.» Gunnar takka honom og reid heim-um fyrst.
Gunnar reid heimanfraa tvo næter etter med tvo mann i fylgje. Dei reid til des dei kom aat Blaaskogsheii; der møtte dei nokre ridande menner, som spør, kven det er, den store mannen, som fer so duld. Fylgjet 43hans sa, at det var Hedin kræmar hin mikle. Dei svara: «Daa kjem det ikkje nokon verre etter, naar ein slik hev fare fyre.» Hedin let som han var ferdug aa fljuga paa dei straks; men det vart so dei fór kvar si lei. Gunnar gjorde i alle maatar som det var honom fyresagt: var paa Hoskuldstad um natti, og fór fraa der nedigjenom dalen, og tok inn paa grannegarden til Rutstad. Der heldt han falt smidet og selde tri smidstykke; men bonden fann veilorne, og sa det var fjusk. Hedin flaug paa honom med det sama. Det vart sagt Rut, og han sende bod etter Hedin. Han fór aat Rut straks og vart vel imot-teken. Rut gav honom sæte midt imot seg, og røa gjekk som Njaal hadde gote paa. Men daa talen kom paa Rangaavollarne, og Rut spurde etter mennom der, kvad Hedin denne visa:
Menner det sist er i sanning som er
sætand paa Rangaavollom;
ofte eg høyrde ordet
oma imillom menner.
Frett hev eg Gigja-Môrd gjorde
gjævaste verk og mange;
ingen hev seinare sote der
slik i visdom og velde.
Rut mælte daa: «Du er skald, Hedin. Men hev du høyrt, korleis det gjekk med meg og Môrd?» Hedin kvad ei visa til:
Høyrde eg at unge vivet
ill-treivst i dinom garden;
med sløg-lagde raader rænte
rikingen kona fraa deg.
Velmeint vene-raad bægde
fraa vaadeverk den gamle,
som fordom med sjugtande sverdhogg
skjoldarne farga raude.
Daa sa Rut honom, korleis saki kunde takast upp att, og stemnde fyre, men Hedin sa det etter og gjorde 44det gale. Daa stor-log Rut og tok ingen grun. Hedin sa, at Rut skulde stemna ein gong til. Rut so gjorde. Hedin stemnde daa andre gongen; daa gjorde han det rett, og tok fylgjet sit til vitne, at han stemnde i saki hennar Unn Môrdsdotter. Han gjekk til sengs um kvelden, som dei andre; men daa Rut var sovna, tok dei tilfanget sit og bar dit hestarne var, og reid yver aai og fór paa Hjardarholtsida uppetter, til dalen vart ende, og til des dei kom inn i fjelli gjenom Haukadalsskaret og fann eit stelle der det var uraad aa finna dei, reid ein ikkje beint paa dei. Salarne og vaapni deira hadde vore inni smidja havde, so dei kunde taka dei att sjølve, og soieis hadde ingen vorte var burtferdi deira.
Sama natti, ei stund etter dei hadde lagt seg, vakna Hoskuld paa Hoskuldstad og vekte alle kararne sine. «Eg vil segja dykk draumen min. Eg tyktest sjaa ein stor bjønn gjekk utor husom, og eg visste det fanst ikkje maken aat detta dyret. Det fylgde det tvo hundar, og dei vilde dyret vel. Det tok vegen aat Rutstad og gjekk inn i husi der. So vakna eg. No vil eg spyrja dykk: Var det ikkje noko ved denne store mannen som de undrast paa?» Det var ein som svara honom og sa: «Eg saag det stakk fram gull-lad og raudt klæde unda ermi hans, og paa høgre handi hadde han ein gullring.» Hoskuld mælte: «Dette hev ikkje anna vore en vardøglet hans Gunnar paa Lidarende. No tykkjest meg eg ser alt. Me skal rida aat Rutstad.» Dei gjekk ut alle; fór aat Rutstad og banka paa døri. Det kom ein ut og let upp, og dei gjekk radt inn. Rut ligg i lok-sengi, og spør kven som er komen. Hoskuld nemner seg, og spør kven som var der til gjest. Han svara: «Kræmar-Hedin er her.» – «Breiare yver ryggen,» seier Hoskuld; «eg gjet paa, at han hev vore her Gunnar paa Lidarende.» – «Daa hev han vore sløgare en eg,» seier 45Rut. «Kva er det som er hendt?» seier Hoskuld. «Eg sa honom, korleis ho skulde takast upp att, saki um godset hennar Unn. Eg stemnde meg sjølv, og han stemnde etter, og no er saki reist paa lovleg maate.» «Det var sløgt gjort,» seier Hoskuld, «og Gunnar hev nok ikkje vore aaleine um dette. Njaal hev nok funne detta paa; ingen er hans make i klokskap.» Dei leita etter Hedin, men han var alt burte. Dei samla folk og leita tri dagar og tri næter, men fann dei ikkje. Gunnar reid aat Haukadalen fraa fjellom austanfor skaret, og so til Holtavards-heierne, og stadna ikkje fyrr han kom heim. Han fann Njaal, og sa honom korleis ferdi gjekk.
Gunnar reid til Alltings. Rut og Hoskuld og reid til tings og gjorde seg mannsterke. Gunnar søkte saki paa tinget og skaut til vitnes. Rut og bror hans hadde etla seg til aa gaa paa honom, men dei trudde seg ikkje. Sidan gjekk Gunnar til Breifjordings-retten og baud Rut aa høyra paa eiden sin, og at han bar upp maalemnet og sette fram sak-gagnet. Etter det gjorde han eid og sa fram saki. So let han bera stemnarvitneOversetternote: at maalet var lovleg stemnt. – so saktakar-vitne.Oversetternote: at han hadde teke saki paa seg etter loven Njaal var ikkje ved retten. Gunnar førde saki, til des ho kom dit at han baud modparten til vern. Rut nemnde seg vitne og sa, at maalemnet var um inkje, for di han ikkje hadde dei tri vitnemaali som skulde til: det eine det som er nemnt framanfyre sengjestokken, det andre framanfyre mannadøri, det tridje paa lovberget. Daa var Njaal komen til retten og baud seg til aa berga saki, um dei vilde gjera henne av med rettargang. «Eg vil ikkje det,» sa Gunnar; «eg vil 46gjera ved Rut som han gjorde ved Môrd, frenden min. Er de brørar so nær ved, at de kan høyra kva eg seier?» «Høyra deg kan me,» seier Rut; «kva vil du?» Gunnar mælte: «Dei er høyrande vitne som her er, at eg byd deg Rut til holmgang. Og skal du slaast med meg i dag paa denne holmen som er her i Øksar-aai. Men vil du ikkje det, so grei ut alt godset i denne dag.» Og dermed gjekk Gunnar fraa retten, og heile fylgjet hans. Hoskuld og Rut og gjekk heim. Og maalemnet vart korkje søkt elder verna sidan. Rut mælte, daa han kom inn i budi: «Det hev aldri hendt meg, at nokon hev bode meg ein-vig, og at eg hev gjenge unda.» «Du etlar deg nok til aa strida,» seier Hoskuld, «men det skal ikkje verta, um eg maa raa; for du held ikkje meir maal med Gunnar en Môrd med deg – me skal helder greia ut godset baae tilsaman.» Sidan spurde dei bønderne som var i fylgje med dei, kva dei vilde leggja til. Alle svara, at dei vilde legja til so mykje som Rut vilde hava. «Lat os daa,» seier Hoskuld, «gaa aat budi hans Gunnar og faa det greitt av handom.» Dei gjekk aat budi hans og kalla honom ut. Han gjekk ut i budadøri, og mennerne med honom. Hoskuld mælte: «No er det aa taka imot godset.» Gunnar mælte: «Grei det ut du. Eg er buen til aa taka imot.» Dei greidde vel fraa seg alt saman. Daa mælte Hoskuld: «Njot som du hev avla til.» – «Laak vert løni du fær,» seier Rut. «Fær gaa med det som det kan,» seier Gunnar. Hoskuld og fylgjet hans gjekk heim att aat budi hans. Han var tung i hugen, og han sa til Rut: «Maa tru han ikkje fær svia for denne misgjerdi si, han Gunnar?» «Ver viss paa det,» seier Rut; «det hemner seg nok; men det vert korkje til hemn elder hevjing for os. Men det kan gjerne vera, at han kjem til snu seg aat ætti vaar etter vener.» Dei sa ikkje meir. Gunnar synte 47Njaal pengarne. «Det gjekk vel,» sa Njaal. «Og det er det deg aa takka for,» sa Gunnar. Folk rid heim fraa tinget, og Gunnar hev den største æra av saki. Han gav Unn alt godset; sjølv vilde han ikkje hava noko av det, men han sa han tyktest hava meir aa venta av henne og folket hennar en av nokon annan. Ho sa, at det var so.
Det var ein mann heitte Valgard. Han budde paa Hov ved Rangaai. Han var son hans Jørund Gode og var ætta fraa Harald Hildetonn. Bror hans var Ulv Ørgode, som Sturlungarne og Oddværingarne er komne fraa. Ulv Ørgode og Valgard hin graa fór friarferd aat Unn, og ho gifte seg med Valgard utan aa raadspyrja frendarne sine. Gunnar tykte ille um det, og Njaal og mange andre, for han var løynsk i sinn og u-vensæl. Dei fekk ein son, som vart heitande Môrd, og han vert mykje med i denne soga. Daa han vart full-vaksen, fekk han vondt aat frendarne sine, og aller verst aat Gunnar.. Han var sløgtenkt og ful og illvis i raad.
No skal nemnast sønerne hans Njaal. Skarphedin heitte den eldste. Han var stor paa vokster, sterk og vaapnferdug, symd som ein sel, og var meire fotug en nokon mann. Han var noko framfus, men uforfærd og sætande, snartenkt og ordkvass og ein god skald, men likevel for det meste still av seg. Han hadde brunt haar og sveipOversetternote: Sveip: slynging, vinding (Aasen og Ross); her kanskje det same som ogso er kalla mareflettor (muruflettor). i haaret, vakre augo, bleik ham-let og skarpe andlitsdrag. Paa nasa var ein krok; tanngarden laag høgt, so munnen hadde noko ljott ved seg, men han var ein overlag røskleg hermann. Grim heitte andre 48sonen hans Njaal. Han var svart i haaret, men meir fridleitt en Skarphedin; han var baade stor og sterk. Helge heitte tridje sonen hans Njaal. Han var baade andlitsfager og haarfager, sterk og vaapnferdug, vitug og stillfærleg. Alle sønerne hans Njaal var ugifte ved denne tid. Hoskuld heitte fjorde sonen hans; han var løyndgjeten. Mor hans heitte Rodny. Ho var dotter aat ein heitte Hoskuld, og syster hans Ingjald fraa Kjeldum. Njaal spurde Skarphedin, um han vilde gifta seg. Han bad far sin raa. Njaal bad um Torhild aat honom, dotter hans Ravn paa Torolvsfell. Skarphedin fekk Torhild. Soleis vart han eigande den garden; men han heldt til hjaa far sin. Aat Grim bad Njaal um Astrid fraa Djupaabakke. Ho var enkja og overlag rik. Grim fekk henne; men han var hjaa far sin.sin.] rettet fra: sin (trykkfeil)
Det var ein mann heitte Aasgrim Ellidagrimsson. Mor hans heitte Jørunn; ho var av folket hans Bjørn Buna paa farssida og av folket hans Vikinge-Kaare paa morssida. Bror hans Aasgrim heitte Sigfus; han var oldefar hans Sæmund hin frode. Gauk Trondilson var fostbror hans Aasgrim; det var ein fagnamann so gjæv som nokon veit av aa segja. Men det gjekk ille med dei; Aasgrim vart banemannen hans Gauk. Aasgrim hadde tvo søner som heitte Torhall. Det var emnelege karar. Ein son var det som heitte Grim, og ei dotter hadde han som heitte Torhalla. Ho var framifraa fager og førde seg fint og vel i alle maatar. Njaal gav seg i tale med Helge, son sin, og sa: «Eg hev tenkt paa gifte aat deg, frende, um du vil gjera etter mit raad.» – «Det vil eg visst,» seier han; «for eg veit, at du baade vil det beste og veit det. Kvar hev du 49tenkt paa?» Njaal svara: «Me vil beda um dotter hans Aasgrim Ellidagrimsson; for det er det beste valet.»
Lite seinare fór dei for aa beda um henne. Dei reid vest yver Tors-aai og fór til des dei kom aat Tunga. Aasgrim var heime; han tok vel imot dei, og dei vart der um natti. Men dagen etter gjekk dei til samtals. Njaal bar fram maalemnet og bad um Torhalla aat Helge, son sin. Aasgrim svara vel paa det, og sa det var ingen han helder vilde gjera eit slikt kjøp med en med dei. Sidan tala dei um maalet, og det vart so, at Aasgrim feste honom Helge dotter si, og det vart avtala, naar gjestebodet skulde vera. Gunnar var i denne veitsla, og mange andre av dei beste mennom. Men etter gjestebodet baud Njaal Torhall Aasgrimson med seg til fostrings, og han vart med og var hjaa honom lenge sidan. Han heldt meir av Njaal en av far sin. Njaal lærde honom loven so til gagns, at han vart største lovmannen paa Island.
Det kom eit skip inn i Arnabølsosen. Styresmannen var Hallvard hin kvite fraa Viki. Han leigde seg kost paa Lidarende og var hjaa Gunnar um vintren, og det var ofte han bad honom fara austpaa. Gunnar svara ikkje stort paa det, men han slo det ikkje av. Og um vaaren fór han aat Bergtorskvaal og spurde Njaal, um han vilde raa honom til aa fara austpaa. «Eg vil raa deg til aa gjera den ferdi,» seier Njaal; «du kjem til aa koma deg godt til, kvar du er.» – «Men vil so du sjaa etter noko med buet mit, medan eg er burte?» seier 50Gunnar; «for eg vil, at Kolskjegg, bror min, skal vera med meg, og daa vilde eg gjerne faa deg til aa sjaa til med mor mi etter gardsstellet.» – «For di kan du nok fara,» seier Njaal, «eg skal hjelpa til med alt du vil.» – «Du er god aa finna,» seier Gunnar og reid heim. Austmannen gat paa austferdi att ved Gunnar. Gunnar spør, um han hadde siglt noko i andre land. Han sa, at han hadde siglt i alle land millom Norig og Gardarike, «og so hev eg vore i Bjarmeland,» sa han. «Vil du vera med i austerveg?» seier Gunnar. «Det vil eg visst,» seier han. Gunnar gjorde seg buen til aa fara med honom. Njaal tok tilsynet med buet hans.
Gunnar fór ut, og Kolskjegg, bror hans, var med. Dei siglde til Tunsberg og var der um vintren. Daa hadde det vore hovdingskifte i Norig. Dei var daude baade Harald Graafeld og Gunnhild. Haakon Jarl raadde riket; far hans var Sigurd Jarl, son hans Haakon Grjotgardson. Mor hans heitte Bergljot. Ho var dotter hans Tore jarl Tegjande. Mor hennar heitte Aalov Aarbot, og ho var dotter hans Harald Haarfager.
Hallvard spurde Gunnar, um han vilde fara aat Haakon Jarl. «Eg vil ikkje det,» seier Gunnar; «men eig du noko langskip?» seier han. «Eg eig tvo,» seier Hallvard. «Daa vil eg, at me skal raa os til folk og fara i viking,» seier Gunnar. «Det vil eg og,» seier Hallvard. Dei fór til Viki, tok dei tvo skipi og budde seg til ferdi. Dei hadde lett for aa faa folk, for det var gjenge stort aagjæte fyre Gunnar. «Kvart vil du no halda av?» seier Gunnar. «Fyrst sud i Hising og finna Ølve, frenden min,» seier Hallvard. «Kva vil du honom?» seier Gunnar. «Han er ein god mann aa 51finna,» seier Hallvard, «og han gjev os nok noko styrk paa ferdi.» – «Lat os fara dit daa,» seier Gunnar. So snart dei vart fullbudde, fór dei aat Hising, og der vart dei vel fagna. Det var ikkje lenge Gunnar hadde vore der, fyrr Ølve tykte overlag vel um honom. Ølve spurde um ferdi hans. Hallvard sa, at Gunnar vilde fara i herferd og vinna seg gods. «Det er ikkje tenkjande paa utan herfolk,» seier Ølve. «Du gjer nok so vel og legg noko til,» seier Hallvard. «Eg tenkjer det er mun i aa styrkja Gunnar noko,» seier Ølve, «og um du eig skyldskap aa rekna, so set eg likevel honom høgre.» – «Kor mykje vil du leggja til?» seier Hallvard. «Tvo langskip, eit paa tjuge sessar og eit paa tretti,» seier Ølve. «Kven skal vera paa dei?» seier Hallvard. «Eg skal manna eitt med hus-karom mine og eitt med bønder. Men eg hev spurt, at det er ufred sør i elvi, so eg veit ikkje, korleis de kan koma ut.» – «Kven er det som er der komne?» seier Hallvard. «Tvo brørar,» seier Ølve; «ein heiter Vandil og ein Karl – dei er sønerne hans Snæulv hin gamle fraa Gautland.» Hallvard fortel Gunnar, at Ølve hadde skipi utreidde, og det var Gunnar glad for. Dei laga seg daa til aa fara fraa der. Daa dei var ferduge, gjekk dei aat Ølve og takka honom. Han bad dei vel fara og agta seg for brørom.
Gunnar heldt ut igjenom elvi – han og Kolskjegg var paa sama skipet baae, men Hallvard styrde eit anna. Dei fekk sjaa skip framanfor seg. «Lat os vera budde,» seier Gunnar, «paa voni um dei vil gaa paa os; men me ansar dei ikkje minders.» Dei gjorde so. Dessa hine skilde skipi sine og gjorde eit lé aat dei. Gunnar fór fram millom skipom. Vandil fata ein 52stamn-ljaa og kasta burti skipet hans Gunnar og drog det aat seg straks. Ølve hadde gjeve Gunnar eit godt sverd. Han drog det, og fyrr han hadde sett hjelmen paa seg, sprang han upp i saks-romet paa skipet hans Vandil og hogg ein mann bane med det sama. Karl la aat paa andre sida aat skipet hans Gunnar og skaut eit spjot tvert yver skipet; det stemnde midt paa honom, men Gunnar ser det og snur seg so kvast, at ingen vann festa augo paa honom, tok spjotet med vinstre handi og skaut det attende aat skipet hans Karl, og den fekk bane som fyre vart. Kolskjegg treiv eit anker og kasta i skipet hans Karl, so hakarne stod tvert igjenom bordet og kol-blaae sjøen fossa inn, og alle mennerne ljop upp paa andre skip. No sprang Gunnar attende paa sit eige skip. Daa kom og Hallvard aat, og no vart striden som hardast. Dei saag, at fyremannen var aa lita paa, og alle gjorde det dei kunde. Gunnar gjorde kvart um anna, takom hogg og takom skaut, og mange fekk bane for honom. Kolskjegg fylgde honom vel. Karl ljop upp paa skipet hans Vandil, og so slost dei fraa der baae um dagen. Kolskjegg kvilde paa ein gong. Daa kvad Gunnar eit vers um det, at Kolskjegg hadde unnt korpen betre en seg sjølv. Kolskjegg tok ei kanna full med mjød, drakk, og slost att. Baae brørne gjekk daa upp paa skipet hans Vandil og gjekk langs med kvar sit bord. Vandil gjekk til møtes med Gunnar og hogg til honom straks, og sverdet kom i skjoldet. Med det sama snara Gunnar so hardt skjoldet, at sverdet brotna tett uppunder hjaltet. Gunnar hogg imot; det var som tri sverd i lufti aa sjaa; Vandil saag ikkje kvar helst han skulde liva seg, og Gunnar hogg unda honom baae føterne. Kolskjegg stakk spjotet igjenom Karl. Der vann dei mykje herfang.
53Fraa der fór dei sudetter til Danmark, og fraa der til Smaaland, slost jamnan og hadde siger stendig. Dei siglde ikkje heimatt um hausten. Sumaren etter heldt dei aust til Reval; der raakte dei i hop med vikingar, slost og vann siger. Sidan fór dei aat ØysyslOversetternote: Øsel. og vart liggjande ei tid ved eit nes der. Dei saag ein mann som kom gangande nedetter aat neset. Gunnar gjekk, upp paa land til møtes med honom, og dei talast ved. Gunnar spurde, kva han heitte, og han nemnde seg Tove. Gunnar spurde kva han vilde. «Eg vilde finna deg,» seier han; «det ligg herskip paa andre sida aat neset, og eg skal segja deg, kven som raar for dei. Det er tvo brørar; den eine heiter Hallgrim, den andre Kolskjegg. Det er dei sværaste stridsmenner eg veit, og hev so gode vaapn, at det ikkje finst maken. Hallgrim hev ein atgeir, som han hev fenge seida til, so ikkje noko anna vaapn en den kan verta honom til bane. Det fylgjer og med den atgeiren, at han varslar um nokon skal verta drepen med honom; for daa syng det i honom fyreaat, so ein høyrer det langan lei. Slik sterk givnad hev han ved seg.» – Gunnar kvad ei visa, og spaadde det skulde ikkje drygjast lenge, fyrr vaapnet skulde vera i hans hender, og daa skulde ikkje seidmannen hava lenge ulevt. – «Kolskjegg hev eit saks; det og er eit ovgodt vaapn. Dei hev tri gonger so mykje folk som de. Herfang hev dei nok av, og det hev dei gøymt innpaa landet, og eg veit vel, kvar det er. Dei hev havt njosnar-skip framum neset og veit vel um dykk. Dei held, paa og bur seg paa det hardaste, og etlar seg til aa leggja aat, det fyrste dei er reide. Det er eitt av tvo for dykk aa gjera; anten aa sigla fraa straks, eldaug aa bu seg snøggast de kan. Men 54gjeng det so; at de vinn, so skal eg syna dykk, kvar alt herfanget er.» Gunnar gav honom ein gull-fingerring og gjekk aat mennerne sine og sa dei, at det laag herskip paa andre sida aat neset. «Dei veit alt um os,» sa han. «Lat os no taka vaapni vaare og bu os baade fort og vel; for no er det herfang aa vinna.» Dei bur seg til, og daa dei det hadde gjort, ser dei, at skipi kjem farande imot dei. Striden tek til; dei slæst lenge, og mange fell. Gunnar fellde mange. Hallgrim og dei ljop upp paa skipet hans. Gunnar vende seg imot Hallgrim. Hallgrim støytte til aat honom med atgeiren. Det var ei slaa tvert yver skipet. Gunnar hoppa att aa bak yver den; skjoldet heldt han, framanfor slaai, og Hallgrim støytte igjenom det og inn i slaai. Gunnar hogg til Hallgrim yver handaleggen, so handi dovna burt. Sverdet beit ikkje, men atgeiren datt ned. Gunnar treiv atgeiren og støytte igjenom Hallgrim, og kvad so ei visa, at no var det ute med seidmannen, og det namnspurde vaapnet hans skulde han sjølv bera til sin døyande-dag. Og det heldt Gunnar; han hadde atgeiren medan han levde. Namnarne slost, og med dei stod det som likt. Daa kom Gunnar og hogg Kolskjegg banehogg. Etter det bad vikingarne um grid. Gunnar lova dei det. Han let mennerne ransaka valen og tok det herfanget som dei daude hadde aatt. Men dei som hadde fenge grid, gav han vaapni og klædi og bad dei fara aat fosterjordi si. Dei reiste, og Gunnar tok alt det godset som var. Tove kom til Gunnar etter bardagen og baud seg til aa finna det som vikingarne hadde gøymt av, og sa, at det var baade meire og betre en det dei hadde fenge fyrr. Gunnar sa han vilde det. Han gjekk daa i land med Tove. Tove gjekk fyre til skogs, og Gunnar etter. Dei kom ein stad det var bore i hop ein stor timber-lunne. Tove sa, at der var godset 55under. Dei rudde fraa timbret, og der under fann dei baade gull og sylv, klæde og gode vaapn. Dei ber alt detta nedaat skipet. Gunnar spurde Tove, korleis han vilde han skulde løna honom. Tove sa: «Eg er ein dansk mann av ætt – og eg bed deg aa flytja meg aat frendarne mine.» Gunnar spurde, kofor han var i austerveg. «Eg var teken av vikingar,» seier Tove, og dei sette meg i land her paa Øysysl, og so hev eg vore her sidan.»
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Njaala/Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans/Njåls saga er den største av islendingesagaene. Den ble skrevet ned på slutten av 1200-tallet, trolig basert på historiske hendelser iblandet diktning og vandrehistorier. Teksten er bevart i en rekke manuskripter, for eksempel i håndskriftet Möðruvallabók, som også inneholder teksten til ti andre islendingesagaer.
Handlingen foregår for det meste på Island i tiden rundt år 1000, og skildrer livene til Gunnar Hammundarsson fra Lidarende og Njål Torgeirsson. De to mennene er svært forskjellige, men har et sterkt vennskap. Vennskapet settes dog stadig på prøve når slektningene deres ofte egger til strid og uvennskap. Sagaen handler også om overgangen fra hedenskap til kristendom.
For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.