Njaala (elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans)

[kap. 31–40]


31.

Gunnar tok honom med og mælte til Kolskjegg og Hallvard: «Lat os no stemna aat nord-landom.» Dei let vel um det og bad honom raa.

Gunnar sigler fraa austerveg med mykje gods. Han hadde tie skip, og med dei heldt han aat HeidabøOversetternote: Slesvik. i Danmark. Harald Gormsson, kongen, var der. Det var kongen sagt um Gunnar, at ingen paa Island var maken hans. Kongen sender menner til honom til aa beda honom aat seg. Gunnar fór aat kongen straks. Kongen tok vel imot honom og sette honom næst seg. Der var Gunnar ein halv maanad. Kongen hadde gaman av aa lata Gunnar kappast i ymse itrottar med mennom sine; men det fanst ingen itrott der dei kunde jemna seg med honom. Kongen mælte ved honom: «Det tykkjest meg som det lyt leitast etter din jamning.» Han baud Gunnar gifte og stor magt, um han vilde slaa seg til der. Gunnar takka kongen for tilbodet, men sa: «Fyrst vil eg fara til Island og finna vener og frendar.» – «Daa kjem du aldri aat os meir,» seier kongen. «Lagnaden maa raa for det, herre,» seier Gunnar. Han gav 56kongen eit godt langskip og mange andre dyre eignemuner som han hadde fenge paa herferdi. Kongen gav honom stasklædi sine, eit par gull-sauma hanskar, eit panne-band med ein gull-knut paa, og ein gerdsk hatt.

Gunnar fór nordetter til Hising. Ølve tok imot honom med baae handom. Han gav Ølve alle skipi sine, og seier at det skal vera lut-skiftet hans. Ølve tok imot gaava og gav honom det lovet, at han var ein raust mann, og bad honom vera der eit bil. Hallvard spør, um han vil fara til Haakon Jarl. Gunnar sa, at han hadde hug til det; «for eg hev freista eit og anna no, sidan sist du gat paa det.» Sidan gjorde dei seg ferduge og fór nord i Trøndelagen til Haakon Jarl. Han tok vel imot Gunnar og bad honom vera der um vintren. Han vart der, og var vel likt av alle og høgt heidra. I joli gav jarlen honom ein gullring. Gunnar la hug aat Bergljot, frenka til jarlen. Og det var aa skyna paa jarlen ofte, at Gunnar gjerne hadde fenge henne, um han hadde gjort noko for det.




32.

Um vaaren spurde jarlen Gunnar, kva han daa hadde tenkt seg til. Han svara, at han vilde til Island. Jarlen sa, at det var laakt med aaringen og litor utsigling, «men likevel skal du faa mjøl og timber, slikt som du vil.» Gunnar takka, og reidde til skipet so fort han vanst. Hallvard og Kolskjegg fylgde honom. Dei kom ut tidleg paa sumaren og tok inn i Arnabølsosen; dette var fyre Alltinget. Gunnar reid heim fraa skipet straks, men fekk folk til aa rydja av skipet. Kolskjegg fylgde Gunnar. Daa dei kom heim, vart folk fegne. Dei var godslege og blide mot heimemennom sine, og hadde ikkje vorte storfellte. Gunnar spurde, um Njaal var 57heime, og det vart sagt honom, at han var det. Han let dei henta hestarne, og han og Kolskjegg reid til Bergtorskvaal. Njaal vart fegen, daa dei kom, og bad dei vera der um natti. Dei gjorde so, og Gunnar fortalde um ferderne sine. Njaal sa, at no var han meir til mann en alle dei andre. «Du hev set og freista mangt no, men det stend meir att til sidan; for det vert mange til aa ovunda deg.» – «Eg vil gjerne hava venskap med alle,» seier Gunnar. «Det hender so mangt,» seier Njaal, «og du kjem ofte til aa vera nøydd til aa verja deg.» – «Daa er det um aa gjera, at eg hev gode maalemne,» seier Gunnar. «So vert det nok og,» seier Njaal, «berre du ikkje kjem frami for andre.»

Njaal spurde Gunnar, um han vilde rida til tings. Gunnar seier, at han vilde det, og spør um Njaal vilde det. Men han sa, at han vilde ikkje det, «og soleis hadde eg vilja du skulde gjort det og.» Gunnar gav Njaal gode gaavor og takka honom for at han hadde teke vare paa buet hans, og reid heim. Kolskjegg talde honom til aa rida til tings: «Du veks baade i heidr og æra av det; for det er mange som vil slaa seg til deg.» – «Lite hev eg havt det med aa brauta,» seier Gunnar, «men eg tykkjest godt um aa vera saman med gode menner.» Hallvard og var komen og baud seg til aa fylgja dei.




33.

Gunnar og alle dei andre reid til tings. Men daa dei kom paa tinget, var dei so stasleg klædde og vel væpna, at det var ikkje nokon slik der, og folk fraa kvar ei bud fór ut og undra seg. Gunnar reid aat Rangæinga-budi og var der hjaa frendarne sine. Det 58var mange som vilde finna Gunnar og spyrja um tidender. Han var lettværug og venleg mot alle, og fortalde aat kvar det dei helst vilde vita.

Det var ein dag Gunnar gjekk fraa lovberget. Han gjekk nedanfor Mosfellinga-budi. Daa saag han nokre gildt klædde kvinnor koma gangande imot honom. I brodden gjekk ho som var staslegast klædd, og daa dei møttest, helsa ho paa honom. Gunnar tok vel helsingi hennar, og spurde kven ho var. Ho heitte Hallgjerd, sa ho, og var dotter hans Hoskuld Dalakollsson. Ho tala djervt til honom og bad honom fortelja seg um ferdi si. Han sa han vilde ikkje negta henne det; og dei sette seg ned og talast ved. Ho var soleis klædd, at ho hadde raud kjole – den var overlag stikka og utsauma. Yver seg hadde ho ei skarlakens kaapa, og den var kanta med gullband fraa øvst til nedst. Haaret laag nedetter bringa paa henne, og var baade stort og fagert. Gunnar var i dei stasklædi som kong Harald Gormsson gav honom. Paa armen hadde han ringen han fekk av Haakon Jarl. – Dei tala lenge høgt. Det kom til det, at han spurde, um ho var ugift. Ho sa, at det var ho. «Og det er ikkje mange som vaagar seg der,» seier ho. «Tykkjer du ingen er god nok aat deg?» seier han. «Ikkje nettupp det,» seier ho, «men mannvand mun eg vera.» – «Kva vil du svara, um eg baud meg til?» seier Gunnar, «Det er ikkje i hugen din,» seier ho. «Det er ikkje fritt for det,» seier Gunnar. «Um du hev nokon hug paa det,» seier ho, «so fær du finna far min.» Med dette skildest dei; men Gunnar gjekk aat Dalamanna-budi straks, og spurde nokre menner, som stod utanfor budi, um Hoskuld var heime. Dei sa, at det var han visst. Gunnar gjekk inn. Hoskuld og Rut tok vel imot honom. Gunnar sette seg imillom dei, og det var ikkje aa merka paa røa deira, at det hadde 59vore noko mistykkje dei imillom, og det bar so til, at Gunnar spurde, korleis dei vilde svara, um han bad um henne Hallgjerd. «Vel,» seier Hoskuld, «um det er fullt aalvor.» Gunnar sa, at det var aalvor; «men soleis skildest me sist, at mange maatte tykkja det var lite likt til aa verta noko samband med os.»? – «Kva tykkjer du, Rut frende?» seier Hoskuld. Rut svara: «Inkje tykkjer eg dette er hjonslegt.» – «Kofor det?» seier Gunnar. Rut mælte: «Eg vil svara deg paa dette, som sant er. Du er ein staut og veltenkt mann, men ho er ikkje all der ho er sedd. Eg vil ikkje svika deg i noko.» «Dette er vel av deg,» seier Gunnar, «men likevel lyt eg taka det i den lei, at det er gamal fiendskap som ligg under, um de slær det av.» – «Det er langt fraa,» seier Rut; «det er meir det, at eg ser du er ikkje deg sjølv raadug. Men um me ikkje gjeng med paa giftet, so vil me endaa vera venerne dine.» Gunnar mælte: «Eg hev tala ved henne, og det er ikkje henne imot.» Rut mælte: «Eg skynar nok, at de baae hev huglagt dette, og de hev og mest aa vaaga, kor det so gjeng. Rut sa Gunnar uspurt alt um huglyndet hennar Hallgjerd. Gunnar tykte det fyrst, at det var vel mykje av det som aafaatt var. Men enden vart, at dei kjøpslo. Dei sende bod etter Hallgjerd, og det vart avgjort, medan ho var til stadar. Dei gjorde det no som fyrre gongen, so ho feste seg sjølv. Brudlaupet skulde vera paa Lidarende. Dei var samde um aa halda det dult for det fyrste; men det vart no snart til det, at alle visste det. Gunnar reid heim fraa tinget, og fór aat Njaal straks og sa honom det. Han vart ikkje vel ved. Gunnar spurde, kofor han tykte det var so uraadelegt. Njaal svara: «Det kjem til aa staa alt som illt er fraa henne, kjem ho hit aust.» – «Aldri skal ho spilla venskapen vaar,» seier Gunnar. «Det vert no so nær som 60det kan, likevel,» seier Njaal; «men du kjem no jamnan til aa bøta det ho gjer ille.» Gunnar bad Njaal til gjestebods, og alle som han vilde skulde vera med fraa der. Njaal lova aa koma. Gunnar fór heim. Sidan reid han ikring i heradet og bad folk aat laget.




34.

Ein mann heitte Traain. Han var son aat Sigfus, son hans Sighvat hin raude. Han budde paa Grjotaa i Fljotslidi. Han var nærskyld Gunnar, og ein overlag velvyrd mann. Han hadde Torhild Skaldekona. Ho var lei til aa fara med fantord og slengjestev. Traain heldt ikkje mykje av henne. Han og kona hans var bedde til Lidarende, og ho og Bergtora Skarphedinsdotter, kona hans Njaal, skulde vera framburds-konor i laget.

Andre sonen hans Sigfus heitte Kjetil; han budde paa Mork austanfor Markarfljot. Han var mannen hennar Torgjerd Njaalsdotter.

Torkjell heitte tridje sonen; den fjorde Môrd, den femte Lambe, den sette Sigmund, den sjuande Sigurd. Alle var dei store kjempekarar. Dei hadde Gunnar bedt til gjestebods alle saman. Valgard hin graa og Ulv Ørgode var bedde, og sønerne deira, Môrd og Runolv. Hoskuld og Rut kom med stort fylgje. Sønerne hans Hoskuld, Olav og Torleik, var med. Bruri og var med i den ferdi, og Torgjerd, dotter hennar. Ho var daa fjortan vintrar gamal og framifraa fager. Mange andre kvinnor var det og med henne. Der var og Torhalla, dotter hans Aasgrim Ellidagrimsson, og baae døtrarne hans Njaal, Torgjerd og Helga.

Gunnar hadde alt fenge mykje gjestebodsfolk, og han skipa dei soleis til sætes: Han sjølv sat midt paa benken, men innetter fraa honom sat Traain Sigfusson, 61so Ulv Ørgode, so Valgard hin graa, so Môrd og Runolv, so Sigfussønerne. Lambe sat innst. Næst Gunnar utetter sat Njaal, so Skarphedin, so Helge, so Grim, so Hoskuld, so Havr hin spake, so Ingjald fraa Kjeldum, so sønerne hans Torer austanfraa Holt. Torer vilde sitja ytst av heidrsmennom; for daa vilde kvar finna sit rom godt. Hoskuld sat midt paa andre benken, og sønerne hans innetter fraa honom. Rut sat næst honom utetter; men det er ikkje noko sagt um korleis dei andre sat. Bruri sat midt paa pallen, men paa eine handi aat henne Torgjerd, dotter hennar. Paa andre handi sat Torhalla, dotter hans Aasgrim Ellidagrimsson. Torhild gjekk og beinka til, og ho og Bergtora bar maten paa bordet. Traain sat og ni-stirde paa Torgjerd Glumsdotter. Dette ser Torhild, kona hans; ho vart vond og kvad eit vers til honom:

Ei er gapferder gode –
geigrOversetternote: Geigr: skeik, skeiving (Ross). er deg i augom.

Han steig fram yver bordet straks, nemnde seg vitne og sa seg skild fraa Torhild; «eg vil ikkje hava fantordi og slengjestevi hennar etter meg.» Og so tvert og stridt tok han det, at han vilde ikkje vera i laget, med mindre ho vart jaga burt. Og det vart so ho strauk. Og no sat dei kvar i sine rom og drakk og var gladværuge. Daa tok Traain til ords: «Eg vil ikkje det skal verta mytemæle.av det eg hev i hugen. Det vil eg spyrja deg um, Hoskuld Dalakollsson – vil du gifta meg Torgjerd, frenka di?» – «Eg veit ikkje um det,» sa Hoskuld, «eg tykkjer du hev skilt deg ille ved den du hadde fyrr; elder kva er han til mann, Gunnar?» Han svarar: «Ikkje vil eg segja noko um det; for han er skyld meg – men seg du, Njaal. Det du seier vil alle 62tru.» Njaal mælte: «Det er aa segja um mannen, at han er i godt stand, og ein fulldugande og gjæv mann, so for di kan de nok lata honom faa viljen sin.» Daa mælte Hoskuld: «Kva synest du er raadlegt, Rut frende?» Rut svara: «For den ting maa du vel gjera det, at han er jamgod henne.» Dei tala daa um vilkaari og vart samde um alt. Gunnar reiser seg fraa benken, og han og Traain gjeng burt aat pallen. Gunnar spør mor og dotter, um dei vilde taka ved denne raadgjerdi. Dei seier, at dei vil ikkje setja seg imot. Og Hallgjerd fester Traain Torgjerd, dotter si. Daa vart kvinnorne skipa til sætes andre gongen. Torhalla sat daa imillom brurerne. Laget gjekk godt, og daa det var slut, reid Hoskuld vest att og Rangæingarne kvar aat seg. Gunnar gav mange av dei gode gaavor, og det vart vel fagna.

Hallgjerd tok ved husstellet; ho var fengsam og drivande, men skipasam – skulde hava eit ord med i alt. Torgjerd tok husstyret paa Grjotaa og var ei god husfrøya.




35.

Det var sedvanen hans Gunnar og hans Njaal, at dei gjorde lag for einannan kvar sin vinter for venskaps skuld. Denne gongen var det Gunnar som skulde vera i lag hjaa Njaal, og Gunnar og Hallgjerd fór aat Bergtorskvaal. Helge og kona hans var ikkje heime, daa dei kom. Njaal tok vel imot dei. Daa dei hadde vore der eit bil, kom Helge heim, og Torhalla, kona hans. Bergtora gjekk aat pallen, og Torhalla med henne, og Bergtora mælte til Hallgjerd: «Du fær tokka paa deg for denne kona.» Ho svara: «Ingen stad vil eg tokka meg; for eg vil ikkje vera nokor kraakjering.» – «Her skal eg raa,» sa Bergtora. Og Torhalla sette seg. – Bergtora 63gjekk aat bordet med handlaug. Hallgjerd tok handi hennar og mælte: «De er ikkje ufallige i hop, du og Njaal; du hev kartnagl paa kvar ein finger, og han er skjegglaus.» – «Sant er det,» sa Bergtora, «men ingen av os sneier den andre for det. Han var ikkje skjegglaus Torvald, bonden din, men lell so raadde du honom bane.» – «Det er lite ved aa eiga sprækaste mannen paa Island,» seier Hallgjerd, «um du ikkje hemner dette, Gunnar.» Han spratt upp og steig yver bordet og mælte: «Heim vil eg fara – det er betre du tennest ved heimemennerne dine og ikkje i annan manns hus. Eg hev mang ei sømd aa løna Njaal. Og ikkje vil eg vera skaketeinen din.» Og dei gjekk. «Minnast det, Bergtora,» sa Hallgjerd, «me skal ikkje vera skilde med detta.» Bergtora svara, at det skulde ikkje verta ho som stod seg paa det.» Gunnar la seg ikkje frami det. Han fór heim aat Lidarende, og var heime all den vintren. Og det lid framyver sumaren til tingtidi.




36.

Gunnar rid til tings. Men fyrr han reid heiman, mælte han til Hallgjerd: «Ver no godkynd og snill, medan eg er burte, og syn ikkje rangsida fram, der det er venerne mine det kjem ved.» – «Troll have venerne dine!» seier ho. Gunnar reid til tings; han saag det gagna ikkje tala aat henne. Njaal reid til tings, og alle sønerne hans.

No er det aa fortelja um, kva som hende heime. Dei aatte skog i hop i Raudskridom, Gunnar og Njaal. Dei hadde ikkje skift skogen; kvar var van ved aa hogga det han trong, og den eine tala ikkje den andre til for det. Husbondskaren hennar Hallgjerd heitte Kol. Han hadde vore hjaa henne lenge, og var det verste ill-menne.

64Ein mann heitte Svart. Han var hus-kar hjaa Njaal og Bergtora, og dei likte honom vel. Bergtora sa til honom, at han skulde burti Raudskridorne og hogga ved; «eg skal faa kararne til aa draga veden heim.» Han sa han skulde gjera som ho baud, og fór upp i Raudskridorne og tok til aa hogga. Han skulde vera der ei vika. Der kom nokre fatigmenner til Lidarende austan fraa Markarfljot. Dei fortalde, at Svart var i Raudskridom paa hogging og hadde aaverka svært i skogen. «Bergtora etlar seg nok til aa ræna fraa meg mykje,» seier Hallgjerd; «men eg skal raa for, at han høgg ikkje oftare.» Rannveig høyrde det – mor hans Gunnar – og sa: «Dei hev tykst vore gode husfrøyor her aust, um dei ikkje hev stade menner etter livet.» Natti leid, men um morgoen tala Hallgjerd til Kol: «Eg hev tenkt ut arbeid aat deg,» og gav honom ei øks. «Far aat Raudskridom; der finn du Svart.» – «Kva skal eg honom?» seier han. «Spør du etter det,» seier ho, «du som er slikt eit illmenne? Drepa honom skal du.» – «Eg kan nok gjera det,» seier han, «men det er all von til det kjem til aa kosta livet mit.» – «Øgjest du for det?» seier ho; «daa løner du ille, so trutt som eg hev stade paa di sida i alle ting. Eg skal faa ein annan mann til det, um du ikkje vaagar.» Han fatar øksi i fullt sinne, og tek ein hest som Gunnar aatte, og rid til des han kjem aust til Markarfljot. Der steig han av og bidde i skogen, til des dei hadde bore veden ned, og Svart var att aaleine. Daa spring Kol framaat honom og mælte: «Det er fleire som kan hogga stort en du aaleine,» og sette øksi i hovudet paa honom og gav honom banehogg; rid han so heim og seier Hallgjerd draapet.» – «Til lukka med verket,» seier ho, «og eg skal taka vare paa deg, so ikkje du fer ille.» – «Kan vera det,» seier han, «men anna drøymde eg fyrrfor 65draapet var gjort.» Kararne kom upp i skogen og fann Svart drepen; dei førde honom heim.

Hallgjerd sende ein mann til tings til aa segja Gunnar draapet. Gunnar tala ikkje hardt um Hallgjerd ved sendemannen – og folk visste ikkje, um han likte det vel elder ille. Men lite etter stod han upp og bad mennerne sine ganga med seg, og dei gjekk til budi hans Njaal. Gunnar sende ein inn etter Njaal og bad honom koma ut. Njaal gjekk ut straks, og han og Gunnar gjekk til samtals. Gunnar mælte: «Det er eit draap eg hev aa segja deg. Hallgjerd, kona mi, hev valda det; Kol, gardsstyraren min, gjorde det; men det er Svart, tenestkaren din, som hev vorte fyre.» Njaal tagde, medan Gunnar fortalde. Daa sa Njaal: «Det trengst du held atti, so ho ikkje slepp fram med alt.» Gunnar mælte: «Sjølv skal du døma.» Njaal mælte: «Det vert leitande paa aa bøta alle slysnorne hennar Hallgjerd, og det vert nok ein større slode aa draga andre stader en her, som me hev det os imillom. Men her og vantar det mykje paa at det er vel, og me treng aa minnast gamal venskap. Eg vonast du maa koma vel ifraa det; men du kjem til aa verta hardt røynd.» Njaal tok sjølvdom av Gunnar og mælte: «Eg vil ikkje ganga hardt paa i denne saki; du skal leggja tolv aurarOversetternote: 12 aurar (øyrar) = 1 1/2 mork (i vegt). sylv. Men det vil eg tinga paa, at du ikkje set boti høgre, um noko kjem paa fraa vaar gard og du dømer.» Gunnar sa, at det var som det skulde. Gunnar la ut boti og reid heim. Njaal kom fraa tinget, og sønerne hans. Bergtora saag pengarne og mælte: «Detta er vel avmaata; men det skal verta det sama for Kol, naar ei tid er lidi.» Gunnar kom heim fraa tinget og tala Hallgjerd til for det. Ho sa, at betre menner 66laag ubøtte mange stader. Gunnar svara, at ho fekk raa for tiltaki sine; «men eg skal raa for, korleis maali endar.» Hallgjerd gilda seg støtt av draapet paa Svart, men Bergtora harma seg.

Njaal og sønerne hans fór til Torolvsfell for aa stella til med garden der. Men sama dagen bar det so til, ein gong Bergtora er ute, at ho fær sjaa ein mann kjem ridande til gards paa ein svart hest. Ho gav seg til aa bia, og gjekk ikkje inn. Ho kjende ikkje mannen. Han hadde spjot i handi og sakssverd i beltet. Ho spurde, kva han heitte. «Atle heiter eg,» sa han. Ho spurde, kvar han var fraa. «Eg er fraa austfjordom,» seier han. «Kvart skal du av?» seier ho. «Eg er ein heimlaus mann,» seier han, «men eg hadde etla meg til aa finna Njaal og Skarphedin, og spyrja um dei vilde taka imot meg.» – «Kva er det du er hendtast til aa gjera?» seier ho. «Eg er aakrebrjotar, og elles er eg hendt til noko av kvart,» seier han; «men eg skal ikkje dylja, at eg er hardlynd, og det hev hendt ofte, der eg vanka, at det hev vorte saar aa binda.» – «Ikkje skal eg lasta deg for det,» seier ho, «at du ikkje er skvetten.» Atle mælte: «Er det so du raar noko her?» – «Eg er kona hans Njaal,» seier ho, «og eg leiger folk likso vel som han.» – «Vil du leiga meg?» seier han. «Eg skal gjera det, um du gjeng inn paa aa gjera alt eg legg fyre deg, um eg so vil gjera deg i vegen til aa taka liv.» – «Du hev so nøgdi av menner til slikt,» seier han, «du treng ikkje meg til det.» – «Det gjer eg av, som eg vil,» seier ho. «Me fær semjast um det daa,» seier han. So feste ho honom. Njaal kom heim, og sønerne hans. Njaal spurde, kven den mannen var. «Han er tenestkaren din,» seier ho, «eg leigde honom; for han let som han ikkje er lat.» «Storverk kjem han visst til aa gjera,» seier Njaal; «men 67eg veit ikkje, um det vert godverk.» Skarphedin tykte godt um Atle.

Njaal rid til tings, og sønerne hans. Gunnar var paa tinget. Njaal fann fram pengepungen, fyrr han reid heiman. Skarphedin spør, kva det er for pengar. «Det er dei pengarne,» seier Njaal, «som Gunnar gav for karen vaar fyrre sumaren.» – «Dei kan verta gode aa taka til,» sa Skarphedin og kaldflein.




37.

No er det aa fortelja fraa heime, at Atle spurde Bergtora, kva han skulde gjera um dagen. «Eg hev tenkt ut arbeid aat deg,» seier ho. «Du skal fara i vegen og leita etter Kol, til des du finn honom; for du skal drepa honom no i dag, um du vil gjera meg til viljes.» – «Det kan høva i hop,» seier Atle; «me er illmenne baae. Men eg skal vel faa det til det med os, at ein av os skal døy.» – «Det gjer du rett i,» seier ho, «og du skal ikkje hava gjort det for inkje.» Han gjekk og tok vaapni sine og hest, og reid burt. Han reid upp i Fljotslidi, og møtte der nokre menner som kom fraa Lidarende. Dei aatte heime aust i Mork. Dei spurde Atle, kvart han etla seg av. Han sa, at han leita etter ein øyk. Dei sa det var lite erend aat ein slik yrkesmann; «men daa er det best aa spyrja seg fyre med dei som hev vore uppe heile natti.» – «Kven er det?» seier han. «Viga-Kol, hus-karen hennar Hallgjerd,» sa dei; «han fór fraa selet nett no, og hev vore uppe heile natti.» – «Ikkje veit eg um eg torer spyrja honom,» seier Atle; «han er vondlynd, og det er vel best aa varast av annan manns skade.» – «Du er slik under brunom aa sjaa, som du ikkje skulde vera rædd,» sa dei, og sette honom paa vegen til Kol. 68Han jagar paa hesten og rid fort. Og daa han møter Kol, mæler Atle til honom: «Sit det godt, aabendet?» «Det skil ikkje deg, mannfyla,» seier Kol, «elder nokon fraa dykk.» Atle mælte: «Det tyngste hev du endaa att, og det er aa døy.» Og so støytte han til honom med spjotet og sette det midt igjenom honom. Kol sveivde til honom med øksi, men hogg i mist. Han stupte av hesten og var daud straks. Atle reid, til han raakte arbeidskararne hennar Hallgjerd, og mælte: «Far upp og sjaa til hesten hans Kol; Kol er dotten av og er daud.» – «Hev du drepe honom?» sa dei. Han svarar: «Hallgjerd kjem vel til aa finna, at han ikkje er sjølvdaaen.» Sidan reid Atle heim og seier Bergtora draapet. Ho takkar honom for verket og for ordi han hadde sagt. «Ikkje veit eg,» seier Atle, «kva Njaal vil tykkja.» – «Han seier ikkje noko um det,» seier ho, «og eg skal segja deg mark paa det: Han tok med seg paa tinget den trælaboti som me tok imot fyrre sumaren, og den vert no lagd ut for Kol. Men um det og kjem til semja, so skal du vera var um deg; for Hallgjerd held ikkje nokor semja.» – «Vil du senda noko bod,» seier Atle, «og segja honom draapet?» – «Ikkje vil eg det,» seier ho; «eg tykkjer det var rettast, at Kol var ubøtt.» Dei sa ikkje meir. Draapet vart sagt Hallgjerd, og ordi hans Atle. Ho sa, at det skulde verta lønt honom. Ho sende ein mann til tings til aa segja Gunnar draapet. Han svara ikkje stort paa det, og sende ein mann til aa segja Njaal det. Han svara ingen ting. Skarphedin mælte: «Det er svært til framferd det hev vorte i trælarne no imot fyrr; daa flaug dei paa einannan – og det tykte ingen aat – men no vil dei gjera manndraap,» sa han og kaldflein. Njaal tok ned pungen, som hekk i budi, og gjekk ut. Sønerne hans gjekk med honom. Dei gjekk aat budi 69hans Gunnar. Skarphedin sa til ein mann som stod i budardøri: «Seg til Gunnar, at far min vil tala ved honom.» Han so gjorde. Gunnar gjekk ut straks og fagna vel Njaal og sønerne hans. Sidan talast dei ved.» Det er vondt vorte no,» seier Njaal, «at husfrøya mi skal hava brote freden og fenge drepe hus-karen din.» – «Ikkje skal ho hava aamæle for det,» seier Gunnar. «Døm no du i maalet,» seier Njaal. «Det skal eg gjera,» seier Gunnar, «og læt eg daa mennerne vera jamndyre, Svart og Kol; du skal leggja tolv aurar sylv.» Njaal tok pungen og flidde Gunnar, og han kjende pengarne, at det var dei same som han hadde lagt ut aat Njaal. Njaal fór aat budi si, og venskapen var den same som fyrr millom dei. Daa han kom heim, tala han Bergtora til for det; men ho sa, at ho aldri skulde vægja for Hallgjerd. Hallgjerd lasta hardt paa Gunnar for det han hadde gjort semja. Men Gunnar sa, at han aldri vilde snu seg fraa Njaal og sønerne hans. Ho hekste og frøste. Gunnar gav ikkje gaum aat di. – Dei gjætte vel etter, so ikkje det vart noko aat, det aaret.




38.

Um vaaren tala Njaal til Atle: «Eg hadde vilja du skulde fara aust i fjordarne, so ikkje Hallgjerd vart raadande for aldren din.» – «Ikkje ræddest eg for det,» seier Atle; «eg vil vera her, um eg fær vera.» – «Det er likevel uraadelegt,» seier Njaal.» Betre tykkjest det meg aa missa livet i huset dit,» seier Atle, «en aa skifta husbondsfolk. Men det vil eg beda deg um: Vert eg drepen, so lat det ikkje verta trælabot for meg.» – «Daa skal det verta bøtt for deg som for ein fri mann,» seier Njaal; «men Bergtora lovar nok det, som ho evler 70aa halda, at du vert hemnd.» Atle vart daa verande i tenesti.

No er det aa segja fraa Hallgjerd, at ho let senda ein mann vest i Bjarnarfjorden etter Brynjolv Rosta, frenden sin. Han var son hans Svan, løyndgjeten. Han var det verste illmenne. Gunnar visste ikkje um det. Hallgjerd sa han var høveleg til arbeidsstyrar. Brynjolv kom, og Gunnar spurde, kva han skulde. Han svara, at han skulde vera der. «Ikkje kjem du til aa gjera det betre i huset,» seier Gunnar, «etter det eg hev høyrt um deg; men ikkje vil eg visa burt frendarne hennar Hallgjerd, som ho vil hava hjaa seg.» Gunnar gav seg lite av med honom, men synte honom ikkje uvilje helder. Lid det so fram til tings. Gunnar rid dit, og Kolskjegg med honom. Og daa dei kom aat tinget, raakast Gunnar og Njaal og sønerne hans. Dei var mykje saman, og alt var vel. Bergtora mælte til Atle: «Du fær fara upp i Torolvsfell og arbeida der ei vika.» Han fór uppi, og var der og brende kol i skogen. Hallgjerd sa til Brynjolv: «Det er meg sagt, at Atle er ikkje heime; han er nok paa Torolvsfell og arbeider.» – «Kva trur du helst han driv paa?» seier han. «Eitkvart i skogen,» seier ho. «Kva skal eg honom?» sa han. «Drepa honom skal du,» seier ho. Han tykte ikkje um det. «Tjostolv hadde nok ikkje kvidt seg mykje for det aa drepa Atle, um han hadde vore i live,» seier ho. «Ikkje skal du hava lenge bo aa eggja no helder,» seier han. Han tok vaapni sine og hest, og reid til Torolvsfell. Han saag stinn kol-røyk austanfor garden. Han rid dit; stig av og bind hesten, og gjeng der som røyken ligg tjukkast. Ser han daa, kvar kolmila er, og at det er ein mann der. Han saag, at han hadde eit spjot i vollen frammed seg. Brynjolv gjeng etter røyken kav burtaat honom. 71Men mannen stod so i med arbeidet, at han ikkje saag Brynjolv. Brynjolv hogg øksi i hovudet paa honom, men Atle spratt i so kvast, at han sleppte øksi. Daa fata Atle spjotet og skaut etter honom. Brynjolv kasta seg aat marki, og spjotet flaug yver honom. «Det var godt for deg, at ikkje eg var fyrebudd,» seier Atle. «Detta tykkjer Hallgjerd vel um; for du hev dauden min aa fortelja um. Men det gled meg,meg.] rettet fra: X (trykkfeil) at det vert stutt stund, fyrr du fer sama vegen. Men tak no att øksi di, som er her.» Brynjolv svara ikkje, og tok ikkje øksi att, fyrr Atle var daud. Reid han so aat Torolvsfell og sa fraa um draapet. Sidan reid han til Lidarende og sa Hallgjerd det. Ho sende ein til Bergtorskvaal og let segja Bergtora, at no var det lønt draapet paa Kol. Sidan sende ho ein mann til tings til aa segja Gunnar draapet paa Atle. Gunnar stod upp og Kolskjegg med. Kolskjegg mælte: «Dei vert til ugagn for deg, frendarne hennar Hallgjerd.» Dei gjekk for aa finna Njaal. Gunnar mælte: «Draap paa Atle hev eg aa segja deg.» Og han fortel honom, kven som gjorde det, «og eg vil bjoda deg bot; og eg vil, at du seier fraa.» Njaal mælte: «Det hev me etla os til, ikkje aa brjota venskapen; men eg kan likevel ikkje setja Atle likt med ein træl.» Gunnar sa, han tykte det var rimelegt, og rette fram handi. Njaal nemnde seg vitne, og dei sameintest. Skarphedin mælte: «Hallgjerd læt ikkje kararne vaare døy av alderdom.» Gunnar mælte: «Men mor di steller det so, at hoggi fell i ymse gardar.» – «Det er vissa nok av det,» seier Njaal. Sidan sette Njaal boti til eit hundrad i sylv, og Gunnar la ut alt straks. Mange som stod der sa, at det var høgt sett. Gunnar vart harm og sa, at mang ein var bøtt med full bot som ikkje var sprækare mann en 72Atle. Etter dette reid folk heim fraa tinget. Bergtora tala ved Njaal, daa ho saag sylvet: «No tykkjest du, at du hev halde din lovnad, men min stend att.» – «Det trengst ikkje du held den,» seier Njaal. «Du hev gote paa anna,» seier ho, «og so skal det vera.» – Men Hallgjerd sa til Gunnar: «Hev du lagt ut hundrad i sylv for Atle, og gjort honom til fri mann?» – «Fri var han fyrr,» seier Gunnar, «og eg skal ikkje gjera til ubots-menner tenestkararne hans Njaal.» – «De er jamgode, du og Njaal; blautingar baae tvo,» sa ho. «Det fær røynast,» seier han. Daa var Gunnar kort mot henne lenge, til des ho mjukna og tydde seg aat honom att. No er det stilt det aaret. Um vaaren leigde ikkje Njaal att nokon tenestkar. No rid folk til tings um sumaren.




39.

Ein mann heitte Tord; dei kalla honom Lausingeson. Far hans heitte Sigtrygg; han var lausingen hennar Aasgjerd og bleiv i Markarfljot. Og for di var Tord hjaa Njaal sidan. Han var ein stor og sterk mann. Han hadde fostra alle sønerne hans Njaal. Tord hadde lagt hug aat frenka hans Njaal; ho heitte Gudfinna Torolvsdotter. Ho var raadsgjenta der heime, og var med barn denne gongen. Bergtora gav seg i tale med Tord og sa: «Du skal fara i vegen,» seier ho, «og drepa Brynjolv Rosta, frenden hennar Hallgjerd.» – «Ikkje er eg nokon draapsmann,» seier han, «men eg skal vaaga paa det, um du vil.» – «Det vil eg,» seier ho. Sidan tok han ein hest, reid upp til Lidarende, let kalla Hallgjerd ut, og spurde kvar Brynjolv var. «Kva vil du honom?» seier ho. Han mælte: «Eg vil han skal segja meg, kvar han hev gøymt liket hans Atle; 73det er sagt meg, at han hev stel det ille.» Ho synte honom det og sa, at han var nede paa aakretunga. «Sjaa til,» seier Tord, «at det ikkje gjeng honom som Atle.» – «Ikkje er du nokon mannadrepar,» seier ho, «og lite hev det paa seg, kvar de møtest.» – «Aldri hev eg set mannablod, og ikkje veit eg, korleis haatta eg kan verta ved det,» seier Tord, og rende ut or tunet og nedetter aat aakretunga. Rannveig, mor hans Gunnar, hadde høyrt dei talast ved, og mælte: «Du var strid til aa neisa honom for blautskap, men eg tenkjer han er ein mann som er sætande, og det kan frenden din faa sanna.» Dei møttest paa bygdavegen, Brynjolv og Tord. Tord mælte: «Vêr deg, Brynjolv; for eg vil ikkje snikja meg innpaa deg.» Brynjolv reid fram og hogg til Tord, men han hogg imot med øksi, og hogg sund spjotskaftet framanfor henderne hans Brynjolv, og gjorde so eit hogg til straks, og det kom i bringa framantil og gjekk inn i livet paa honom. Brynjolv stupte av hesten og var daud straks. Tord fann saugjætaren hennar Hallgjerd; han lyste draapet paa si hand, sa honom kvar Brynjolv laag, og bad honom segja Hallgjerd draapet. Sidan reid han til Bergtorskvaal og fortalde Bergtora og andre um draapet. «Lukka med verket,» seier ho. Saumannen sa Hallgjerd draapet. Ho vart beisk ved, og sa at det skulde draga mykje illt etter seg, um ho fekk raa.




40.

No kjem tidendi til tings, og Njaal let dei segja seg det tri gonger, og daa sa han: «Fleire vert draapsmenner no en eg hev tenkt.» Daa mælte Skarphedin: «Den mannen maa ha vore braafeig, som hev late livet for fosterfar vaar, han som aldri hev mannablod 74set.» Njaal mælte: «Dei som kjenner skaplyndet aat kvar dykk, hadde visst tenkt seg, at de skulde vorte hans fyremenner til slikt. Helder ikkje er vel dykkar tid langt unda, og sume vil daa segja, at for dykk var det ikkje anna aa gjera.» Dei gjekk til møtes med Gunnar og sa honom draapet. Gunnar sa, at det var liten mannskade, «men han var likevel ein fri mann.» Njaal baud honom straks semja. Gunnar tok ved det, og skulde døma sjølv. Han gjorde det straks, og gjorde det upp til eit hundrad i sylv. Njaal la det ut straks, og soleis var dei forlikte.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Njaala (elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans)

Njaala/Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans/Njåls saga er den største av islendingesagaene. Den ble skrevet ned på slutten av 1200-tallet, trolig basert på historiske hendelser iblandet diktning og vandrehistorier. Teksten er bevart i en rekke manuskripter, for eksempel i håndskriftet Möðruvallabók, som også inneholder teksten til ti andre islendingesagaer.

Handlingen foregår for det meste på Island i tiden rundt år 1000, og skildrer livene til Gunnar Hammundarsson fra Lidarende og Njål Torgeirsson. De to mennene er svært forskjellige, men har et sterkt vennskap. Vennskapet settes dog stadig på prøve når slektningene deres ofte egger til strid og uvennskap. Sagaen handler også om overgangen fra hedenskap til kristendom.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.