Ein mann heitte Sigmund. Han var son aat Lambe, son hans Sighvat hin raude. Han var stor farmann, ein ven og høvisk mann, stor og sterk. Han var mykje etter mætnad og æra, ein god skald og vel upplagd til dei fleste itrottar, men stor paa det, spottsam og lei vera i lag med. Han kom i land aust i Hornafjorden. Skjold heitte felagen hans. Det var ein svensk mann og ill aa eigast med. Dei fekk seg hestar og reid vestetter fraa Hornafjorden, og stadna ikkje fyrr dei kom i Fljotslidi til Lidarende. Gunnar tok vel imot dei. Det var no og mykje skyldskap millom honom og Sigmund. Gunnar bad Sigmund vera der um vintren. Sigmund sa, at han vilde taka imot det, dersom Skjold, felagen hans, fekk vera der. «So er sagt meg um honom,» seier Gunnar, «at han ikkje bøter paa huglaget dit; men det er det du best treng. Det er ikkje beint aa bu her helder; det vil eg no raada frendarne mine, at dei ikkje løyp i vegen, straks Hallgjerd eggjar til det; for ho tek seg mangt til som ikkje er etter mit sinn.» – «Den valdar ikkje vondt som varar seg,» seier Sigmund. «Daa 75gjeld det aa agta vel paa raadet,» seier Gunnar. «Du kjem til aa verta hardt freista; men hald deg attaat meg og lyd mine raad.» Sidan var dei i fylgje med Gunnar. Hallgjerd gjorde mykje av Sigmund, og det kom til slik fysna med det, at ho stakk gaavor til honom, og gjorde ikkje mindre for honom en for mannen sin, so det tok til aa gaa ord um dette millom folk, og mange undrast paa, kva som kunde liggja under. Hallgjerd mælte til Gunnar: «Eg hev ikkje godt for aa finna hugnad i dette hundradet du tok for Brynjolv, frenden min; so sant eg kan, so skal eg faa hemnt honom like godt for det,» seier ho. Gunnar sa, at han vilde ikkje skifta ord med henne, og gjekk fraa henne. Han fann Kolskjegg og sa til honom: «Far aat Njaal og seg, at Tord skal vera var um seg, alt det er gjort forlik; for eg trur ikkje det er aa lita paa.» Han reid i vegen og sa det til Njaal, og Njaal sa det til Tord. Njaal takka dei for truskapen deira, og Kolskjegg reid heim.
Det var ein gong dei sat ute, Njaal og Tord. Det var ein bukk som var van ved aa ganga i garden, og det skulde ingen jaga honom burt. Tord mælte: «Undarleg berst det meg fyre no!» – «Kva ser du, som tykkjest deg so undarlegt?» seier Njaal. «Eg tykkjer eg ser bukken liggja i dældi her, som han skulde fljota i blod.» – «Njaal sa, at det var korkje bukk elder noko anna der. «Kva er det daa?» seier Tord. «Du maa vera feig,» seier Njaal; «det er fylgja di du hev set; ver no var um deg.» – «Ikkje hjelper det meg,» seier Tord, «naar eg er lagje til det.»
Hallgjerd kom til tals med Traain Sigfusson og mælte: «Daa skulde eg tykkja du var maag, um du drap Tord Lausingeson.» – «Ikkje vil eg det gjera,» seier han, «for di at daa fekk eg vreiden hans Gunnar, frenden min. Og det hadde mykje med seg; for det draapet 76vilde braatt verta hemnt.» – «Kven vilde hemna?» seier ho. «Denna skjegglause kallen kanskje?» – «Ikkje det,» seier han, «men sønerne hans vil hemna det?» Sidan talast dei ved lenge i still, og ingen visste, kva dei hadde i raadgjerdom. Det var ein dag at Gunnar var burte, men Sigmund og Skjold var heime. Traain fraa Grjotaa var komen der. Daa sat dei og Hallgjerd ute og tala. Daa mælte Hallgjerd: «Det hev de lova meg, Sigmund og Skjold, frendar, at de vil drepa Tord Lausingeson, fosterfar aat Njaalssønerne; men du Traain hev lova meg aa vera med.» Dei stod ved det alle, at det hadde dei lova henne. «No vil eg gjeva mit raad,» sa ho. «De tvo skal rida aust i Hornafjord etter godset dykkar, og koma heim etter at tinget er sett. Er de heime, so vil Gunnar at de skal rida med honom til tings. Njaal og sønerne hans fer til tings, og Gunnar, og daa skal de drepa Tord.» Dei sa dei vilde fylgja dette raadet. Sidan gjorde dei seg reiseferduge aust aat fjordom. Gunnar tok ingen grun paa det og reid til tings. Njaal sende Tord Lausingeson aust under Øyafjell, og bad honom vera burte ei natt. Han fór austetter, men kunde ikkje koma attende; aai hadde flôge upp, so det var ei lang lei det ikkje var komande yver. Njaal bidde paa honom ei natt; for han hadde etla seg til, at Tord skulde rida med til tings. Njaal sa til Bergtora, at ho skulde senda Tord etter dit, straks han kom heim. Tvo næter etter kom Tord att austantil. Bergtora sa, at han skulde rida til tings; «men no skal du fyrst fara upp til Torolvsfell og sjaa til med buet der, men ikkje vera burte meir en ei natt elder tvo.»
Sigmund og Skjold kom att austantil. Hallgjerd sa dei, at Tord var heime, men at han skulde rida til 77tings, naar det leid um eit par dagar. «No kan de koma yver honom, men glett det no, so naar de honom aldri.» Det kom nokre menner til Lidarende fraa Torolvsfell og sa Hallgjerd at Tord var der. Hallgjerd gjekk aat Traain og Sigmund og mælte: «No er Tord i Torolvsfell, so no hev de raad med aa drepa honom, naar han fer heim.» – «Det skal me no gjera,» seier Sigmund. Gjekk dei so ut, tok vaapni sine og hestarne og reid til vegs for honom. Sigmund mælte til Traain: «No skal ikkje du gjera noko; det trengst ikkje vera alle.» – «So skal eg gjera,» seier han. Litt etter kjem Tord ridande. Sigmund mælte til honom: «Gjev upp vaapni dine, for no skal du døy.» – «Det er ikkje visst,» seier Tord; gakk til einvig med meg.» – «Det vert ikkje noko av,» seier Sigmund; «me skal gjera os gagn av det, at me er fleire. Men det er ikkje undarlegt, um Skarphedin er mykje til kar; for det er sagt, at fjorde luten sveiper paa fosterfaren.» – «Det vert de var,» seier Tord; «for Skarphedin hemner meg nok.» Sidan gjekk dei paa honom, men han braut av spjotskafti for baae tvo; so vel varde han seg. Daa hogg Skjold av honom eine handi, men han varde seg ei stund med den andre, til Sigmund stakk igjenom honom. Daa fell han daud aat jordi. Dei la honom ned med torv og stein. Traain mælte: «Det er eit vondt verk me no hev fullført, og Njaalssønerne skal ikkje una vel, naar dei spør draapet.» Dei rid daa heim og fortel Hallgjerd det. Ho let vel for draapet. Rannveig mælte, mor hans Gunnar: «Det er sagt, Sigmund, at stutt stund fegnast hand av hogg; og so vert det gangande her med, endaa um Gunnar løyser deg ut or dette maalet. Men læt du Hallgjerd gjera deg til fluge-gap ein gong til, so vert det banen din.» Hallgjerd sende ein mann til Bergtorskvaal til aa segja fraa um draapet. Ein annan sende ho til tings 78til aa segja Gunnar det. Bergtora sa, at ho vilde ikkje taka paa Hallgjerd med vondord for slikt – det var ingen hemn i so stort eit maalemne.
Men daa sendemannen kom til tings og sa Gunnar draapet, mælte Gunnar: «Detta er ille vorte, og aldri kom det meg tidend for øyro som tyktest meg verre. Men kor som er vil me skunda os aa finna Njaal; eg ventar, at han enno er god aa koma til rettes med, um det so leitar hardt paa honom.» Dei gjekk for aa finna Njaal, og fekk bedt honom til samtals med seg. Han kom straks. Dei talast ved – fyrst var ingen annan til stadar en Kolskjegg. «Det er ei hard tidend eg hev aa segja deg,» seier Gunnar, «Tord Lausingeson er drepen. Eg vil bjoda deg sjølvdom for draapet.» Njaal tagde ei rid, og mælte daa: «Vel er det bode,» seier han, «og eg tek imot det; men det er nok von eg fær aamæle for det av kona mi og sønom mine; for dei kjem til aa mislika det mykje. Men likevel vil eg vaaga paa det; for eg veit, at eg hev med ein grei mann aa gjera, og ikkje vil eg, at venskapen vaar skal skiplast fraa mi sida.» – «Vil du lata sønerne dine vera med?» seier Gunnar. «Ikkje,» seier Njaal; «for dei bryt ikkje den semja som eg gjer; men er dei til stadar, so tel dei ikkje til.» – «Kan vel vera det,» seier Gunnar; «gjer det av aaleine.» Dei tok einannan i henderne og samdest fort og vel. Daa mælte Njaal: «Tvo hundrad i sylv set eg det til – du tykkjest vel det er mykje?» «Ikkje tykkjer eg det er for mykje,» seier Gunnar, og gjekk heim aat budi si. Sønerne hans Njaal kom heim aat budi, og Skarphedin spør, kvar alt det gode sylvet var kome fraa, som far hans hadde i handom. Njaal 79mælte: «Eg seier dykk draapet paa Tord Lausingeson, fosterfar dykkar; me er samde i saki, eg og Gunnar; han bøtte med tvigild mannabot.» – «Kven hev drepe honom?» seier Skarphedin. «Sigmund og Skjold; men Traain var og nære stadd,» seier Njaal. «Dei tyktest trenga til aa vera mannsterke daa,» seier Skarphedin; «men kor lenge skal det gaa, fyrr me skal lyfta henderne?» «Det vert ikkje lenge,» seier Njaal, «og daa skal de ikkje verta hefte – men det er meg mykje um aa gjera, at de ikkje bryt denne semja.» – «Daa skal me halda den,» seier Skarphedin; «men kjem det noko meir attaat, so skal me minnast den gamle fiendskapen.» – «Daa skal eg ikkje bægja fraa,» sa Njaal.
Folk rid heim fraa tinget. Og daa Gunnar kom heim, mælte han til Sigmund: «Du er eit større vaaemenne en eg tenkte, og til vondt brukar du manndomen din. Denne gongen hev eg gjort semja for deg med Njaal og sønom hans; men no skal du ikkje vera gap ein gong til. Du er av eit anna huglag en eg; du fer med spott og haan, og det er ikkje mit lag. Difor er du so til lags aat Hallgjerd, for di de er meir samlynde.» Gunnar hadde honom for seg ei lang rid. Sigmund tok det vel upp, og sa han vilde retta seg meir etter hans raad heretter en han til den tid hadde gjort. Gunnar sa, at det stod han seg paa. Soleis gjekk det ei tid. Dei var støtt godlynde med einannan, Gunnar og Njaal og sønerne hans, endaa det var faatt millom dei andre av folket.
Det bar so til, at det kom nokre lauparkjeringar til Lidarende fraa Bergtorskvaal. Dei var maaluge og leie til aa fara med fantord. Hallgjerd sat i kvendebudi, 80som ho jamleg gjorde. Torgjerd, dotter hennar, var der, og Traain og Sigmund og mange kvinnor. Korkje Gunnar elder Kolskjegg var der. Desse lauparkjeringarne gjekk inn i budi. Hallgjerd helsa paa dei og let gjeva dei rom. Ho spurde etter nytt. Men dei sa dei visste ikkje noko. Hallgjerd spurde, kvar dei hadde vore um natti. Dei sa dei hadde vore paa Bergtorskvaal. «Kva hadde Njaal fyre seg?» seier Hallgjerd. «Han strita med aa sitja,» sa dei. «Kva gjorde sønerne hans Njaal?» sa Hallgjerd; «dei tykkjest no vera mykje til karar.» – «Dei er ruvne paa res,» sa dei; «men dei hev so lite freista. Skarphedin kvatte øksi, Grim skjefte eit spjot, Helge klinka hjalt paa eit sverd. Hoskuld feste handfanget paa eit skjold.» – «Til eitkvart stor-raad etla dei seg daa,» seier Hallgjerd. «Ikkje veit me noko um det,» seier dei. «Kva gjorde tenestkararne hans Njaal?» seier Hallgjerd. Dei svara: «Me veit ikkje, kva sume gjorde; men ein køyrde møk upp paa haugarne?» – «Kva skulde det vera godt for?» seier Hallgjerd. «Han sa det skulde verta meire paa der en andre stader,» svara dei. «Det var ikkje vitugt av Njaal,» seier Hallgjerd, «han som veit so raad for alt.» – «Kvi daa?» seier dei. «Jau det meiner eg rett,» seier Hallgjerd, «naar han ikkje helder køyrer møk i skjegget sit, so han fær skjegg, han som andre menner – lat os kalla honom den skjegglause kallen, og sønerne hans tadskjeggingarne, og gjer ei visa um det, du Sigmund, so me kan faa njota noko godt av at du er skald.» – «Det skal eg ikkje vera lenge um,» seier han, og so kvad han ei visa paa tri vers um Njaal og sønerne hans, med «tadskjeggingar» og andre slengjeord i kvart vers. «Du er ein gull-gut, er du,» sa Hallgjerd, «so hæv du er til aa gjera meg til lags.» Gunnar kom med det sama. Han hadde stade utfor budi og høyrt paa heile røa. Det gav eit sett i 81dei, daa dei saag han kom inn, og dei tagna alle; fyrr hadde der vore laatt og høgmæle. Gunnar var stygt vond og sa til Sigmund: «Du er ein faame og ein uraadsmann. Du neiser Njaalssønerne, og Njaal sjølv, som er den ein sist skulde gjera slikt med. Etter det som du hev gjort mot dei fyrr, so kan du no venta banen din, av dette. Men um nokon hermer desse ordi, daa skal han her ifraa, og dertil hava min vreide. Og slik ein otte hadde dei av honom, at ingen torde hava uppatt desse ordi. Sidan gjekk han ut att. Rekarkjeringarne tala paa seg imillom, at dei visst fekk løn av Bergtora, naar dei fortalde henne det. Dei tok daa vegen dit ned og fortalde Bergtora det i løynd, uspurt. Bergtora mælte, daa folk sat til bords: «Det er gjeve dykk gaavor, baade faren og sønerne, og laake karar er de, gjev de ikkje noko att.» – «Kva gaavor er det?» seier Skarphedin. «De, sønerne mine, hev fenge ei gaava i hop alle saman – de er kalla tadskjeggingar, og mannen min er kalla den skjegglause kallen.» – «Ikkje hev me kvende-haatt,» seier Skarphedin, «so me vert sinna for allting.» – «Gunnar vart daa sinna for dykkar skuld,» seier ho, «endaa han er kjend for aa vera eit godmenne; og tek de dykk ikkje til rettes for dette, so hemner de aldri nokor skam.» – «Kjeringi, mor vaar, tykkjer det er gaman aa erta os,» seier Skarphedin og kaldflein. Men sveitten spratt i skallen paa honom, og det kom raude flekkjer i kinnerne hans, noko som ikkje var titt aa sjaa. Grim tagde, men beit seg i lippa. Helge synte det ikkje paa. Hoskuld gjekk burtaat døri med Bergtora, men ho kom setjande attende og var kokande harm. Njaal mælte: «Den kjem og fram som fer i mak, husfrøya. Og det er gjerne so, at um noko gjeng ein imot, og ein hemner det, so hev folk ymist aa segja um det og.»
82Men um kvelden, daa Njaal var gjengen til sengs, høyrde han det kom ei øks innaat bordveggen, og det song høgt i henne. Det var ei onnor lok-seng der inne, der dei vanleg hadde skjoldarne hangande; men no ser han at dei er burte. Han mælte: «Kven hev teke ned skjoldarne vaare?» – «Sønerne dine gjekk ut med dei,» seier Bergtora. Njaal kipte skoerne paa seg og gjekk ut og paa andre sida aat huset, og ser dei stemner upp paa hólen. Han mælte: «Kvart skal de av?» Skarphedin svara: «Ut aa leita etter sauerne dine?» – «De brukar ikkje kvast paa dei,» seier Njaal; «det er anna som er erendi.» – «Laks skal me veida, finn me ikkje sauerne,» seier Skarphedin. «Vel vøre det daa, um veidni ikkje slapp unda,» seier Njaal. Dei fór sin veg; Njaal gjekk inn att og la seg. Han mælte til Bergtora: «Dei var ute med vaapn alle sønerne dine; du hev nok no eggja dei til noko.» – «Innarleg skal eg takka dei, ber dei heim daudar-ordi hans Sigmund,» sa Bergtora.
No er det aa segja um Njaalssønerne, at dei fór upp i Fljotslidi og var der i lidi um natti, og fer tett framum Lidarende i dagrenningi. Sama morgoen var Sigmund og Skjold tidleg uppe og etla seg til aa sjaa aat stohesten. Dei hadde beisl med seg, og tok kvar sin hest paa tunet og reid burt. Dei leita etter hesten i lidi, og fann honom millom tvo løkjer, og leidde øykjerne ned aat geilarne. Skarphedin saag Sigmund; for han hadde leta-klæde. Han sa: «Ser de raud-alven, karar?» Dei saag etter, og sa dei saag honom. Daa sa Skarphedin: «Du skal ikkje vera med i dette, Hoskuld; for du er ofte send i erend einsleg og uvarleg. Men eg etlar meg Sigmund; det tykkjer eg er meste karsstykket. 83Og de, Grim og Helge, skal gaa paa Skjold. Hoskuld sette seg, men dei andre gjekk til des dei kom nær dei. Skarphedin mælte til Sigmund: «Tak vaapni dine og vêr deg; du hev betre bo det no en aa kveda nidvisor um os brørne.» Sigmund tok vaapni sine, men Skarphedin bidde medan. Skjold snudde seg mot Grim og Helge, og dei slost paa hardo. Sigmund hadde hjelm paa hovudet og skjold ved sida, var gyrd med sverd og hadde spjot i handi. Han snur seg mot Skarphedin og støyter til honom med spjotet straks, og det kjem i skjoldet. Skarphedin slo sund spjotskaftet og fører øksi upp andre gongen og høgg til Sigmund. Hogget kom i skjoldet og kløyvde det fraa kanten til nedmed handtaket. Sigmund dreg sverdet med høgre handi og høgg til Skarphedin; det gjekk inn i skjoldet og beit seg fast. Skarphedin snara skjoldet so hardt, at Sigmund slepte sverdet. Skarphedin hogg til Sigmund paa nytt lag med øksi Rimmugygi. Sigmund var i panserklædning. Øksi kom i oksli og kløyvde akslebladet. Han nykkjer aat seg øksi, og Sigmund stupte paa baae sine kne, men han spratt upp att straks. «No gjekk du i kne for meg,» seier Skarphedin, «men flat skal du liggja paa jordi, fyrr me skilst.» – «Det er ille daa,» seier Sigmund. Skarphedin slo honom yver hjelmen og gav honom banehogget. Grim hogg Skjold i foten, so den gjekk av i rist-leden, men Helge sette sverdet igjenom honom, og han hadde daa bane. Skarphedin saag saugjætaren hennar Hallgjerd. Hadde han daa nettupp hogge hovudet av Sigmund. Han gav gjætaren det i henderne, og sa han skulde føra henne Hallgjerd det, og beda henne sjaa etter, um det var dette hovudet som hadde kvede nidvisor um Njaal og sønerne hans. Saugjætaren kasta hovudet, so snart dei skildest; for han torde ikkje, med dei var der. Brørne gjekk til 84des dei raakte folk ved Markarfljot, og sa dei tidend. Skarphedin lyste draapet paa Sigmund paa si hand; Grim og Helge lyste hans Skjold paa seg. Dei fór daa heim og fortalde Njaal tidendi. Njaal mælte: «Lukka med gjort gjerning. Her skal det ikkje verta sjølvdom, slikt som det no stend.»
No er det aa nemna, at sauemannen kjem heim til Lidarende. Han seier Hallgjerd det som hendt var. «Skarphedin la i henderne mine hovudet av Sigmund og baud meg aa gjeva deg det, men eg torde ikkje gjera det,» seier han; «for eg visste ikkje, korleis du kunde lika det.» – «Det var ille du ikkje gjorde det,» seier ho; «eg skulde gjeve Gunnar det, so hadde han anten lote hemna frenden sin, eldaug havt kvar manns aamæle.» Ho gjekk aat Gunnar og sa: «Eg seier deg, at Sigmund, frenden din, er drepen. Skarphedin hev drepe honom, og han hadde vilja senda meg hovudet.» «Slikt hadde han aa venta,» seier Gunnar; «vonde raad hev vondt fylgje, og du og Skarphedin er like gode til aa eggja kvarandre.» Dermed gjekk Gunnar fraa henne. Han gjorde ingen ting ved saki, korkje søksmaal elder anna. Hallgjerd minte honom ofte paa, at Sigmund laag ubøtt. Gunnar letst ikkje høyra det. Det gjekk tri ting, som folk tenkte han hadde vilja søkt retten sin. Daa hende det, at Gunnar fekk eit vandemaal paa seg, som han ikkje visste korleis han skulde taka upp. Daa reid han aat Njaal. Han tok vel imot honom. Gunnar mælte til Njaal: «Eg er komen for aa faa gagnraad hjaa deg i eit vandemaal.» – «Det er ikkje meir en du hev rett til,» seier Njaal, og gav honom raad. Gunnar reiste seg og takka for raadet. Njaal tok daa atti honom og sa: «For lenge hev Sigmund, frenden din, vore ubøtt.» «For lenge sidan er han bøtt,» seier Gunnar; «men eg vil daa ikkje staa i vegen for min eigen heidr.» Gunnar 85hadde aldri sagt eit vondt ord um Njaalssønerne. Njaal vilde ikkje anna høyra, en at Gunnar skulda gjera maalet av. Han sette det til tvo hundrad i sylv, men let Skjold liggja ubøtt. Utlegget greidde dei seg imillom med det same. Gunnar kunngjorde semja paa Tingskaaletinget, daa meste folket var samla, og heldt fram, kor vel baade faren og sønerne hadde fare fram, og han fortalde um dei vonde ordi som valda dauden hans Sigmund, og ingen skulde herma dei sidan, men falla ubøtt kvar den som det gjorde. Dei mælte det baade Gunnar og Njaal, at det skulde ikkje den ting koma paa dei imillom, som dei ikkje skulde greia sjølve. Og soleis var det sidan; dei var vener støtt.
Det var ein mann heitte Gissur Kvite. Han var son hans Teit Kjetilbjørnson fraa Mosfell. Mor hans Gissur heitte Aalov. Ho var dotter aat Bodvar Herse, son hans Vikinge-Kaare. Isleiv bisp var son hans Gissur. Mor hans Teit heitte Helga. Ho var dotter aat Tord Skjeggje, son hans Rapp, son hans Bjørn Buna, son hans Grim Herse fraa Sogn. Gissur Kvite budde paa Mosfell og var ein stor hovding.
Ein mann i soga er nemnd Geir Aasgeirson; dei kalla honom Geir Gode. Mor hans heite Torkatla og var dotter hans Kjetilbjørn paa Mosfell. Geir budde i Lid paa Biskopstunga. Geir og Gissur heldt i hop og fylgdest aat i alle maalemne.
I desse tider budde Môrd Valgardson paa Hov paa Rangaavollom. Han var sløg og illgjerdsam. Valgard, far hans, var daa austpaa, men mor hans var daud. Han ovunda svært Gunnar paa Lidarende. Han var rik paa gods, men uvensæl.
86Ein mann heitte Otkjell. Far hans heitte Skarv Hallkjellson. Hallkjell var brorson hans Kjetilbjørn, og det var han som fellde Grim i Grimsnes paa holmen.Oversetternote: i holmgang elder einvig. Otkjell budde paa Kyrkjebø. Kona hans heitte Torgjerd. Otkjell var rik. Son hans heitte Torgeir. Han var berre ung, men ein emneleg gut. Ein mann heitte Skamkjell. Han budde paa andre Hovs-garden. Han aatte mykje gods. Det var ein illvistug mann og lygjen, rangvis og ill eiga ubytt med. Det var stor venskap med honom og Otkjell. Bror hans Otkjell heitte Hallkjell; det var ein stor og sterk mann. Han heldt til hjaa bror sin. Ein tridje bror hadde dei, som heitte Hallbjørn Kvite. Han hadde med seg ut ein træl som heitte Melkolv. Han var irsk og lite umtykt. Hallbjørn tok tilhald hjaa Otkjell saman med Melkolv træl. Trælen ordast ofte ut um, kor sæl han skulde vore, um Otkjell hadde aatt honom. Otkjell tykte godt um honom, og gav honom kniv og belte og full klædnad, og trælen gjorde alt Otkjell vilde. Otkjell fala paa honom ved bror sin. Han sa, han kunde faa honom til gjevandes, men la attaat, at det var ikkje so god eignaluten som han meinte. Og straks Otkjell aatte honom, gjorde trælen alt arbeidet laakare. Otkjell nemnde det ofte aat Hallbjørn, at han tykte trælen gjorde so lite, og det med, at det var sumt verre ved honom.
I desse tider var det slikt eit hardaar, at det vart smaatt for folk baade med høy og mat i alle bygder. Gunnar hjelpte mange baade med mat og høy. Alle fekk, som til honom kom, so langt det rakk til. Men paa slutten vart han og lens baade for høy og mat. 87Han fekk Kolskjegg med seg ut i bygdi, og like eins Sigfussønerne og Lambe Sigurdson. Dei fór til Kyrkjebø og fekk Otkjell til aa koma ut. Han helsa dei. Gunnar mælte: «Det er soleis vorte, at eg er komen for aa fala paa høy og mat hjaa deg, um det er aa faa.» Otkjell svarar: «Baae slagi hev eg, men eg vil ikkje selja deg noko av det.» – «Vil du gjeva meg daa,» seier Gunnar «og vaaga paa, korleis eg vil løna deg?» – «Ikkje vil eg det,» seier Otkjell. Skamkjell la illt frami. Traain Sigfusson mælte: «Dei er verd at me tok høy og mat og la verddage i staden.» – «Aaldaude laut Mosfellingarne vera daa,» seier Skamkjell, «um de Sigfussønerne skulde ræna dei.» – «Med ran vil eg ikkje fara,» seier Gunnar. «Vil du kjøpa ein træl av meg?» seier Otkjell. «Det sparar eg ikkje,» seier Gunnar. Han kjøpte trælen, og reiste, daa det var gjort.
Dette spør Njaal og mælte: «Ille er slikt gjort, aa neita Gunnar aa faa kjøpt. Det er ikkje god von for andre daa, naar ein slik ikkje fær.» Bergtora, husfrøya, mælte: «Kofor skal du tala so mykje um detta? Daa var det meir manndomsamt av deg aa gjeva honom baade mat og høy. Det tryt ikkje deg paa noko av det.» Njaal mælte: «Detta er dagsens sanning, og eg skal visst hjelpa honom med noko.» Og han og sønerne hans fór upp i Torolvsfell og klyvja femtan hestar med høy og fem med mat. Njaal kom til Lidarende og kalla Gunnar ut. Han tok vel imot dei. Njaal mælte: «Her er høy og mat, som eg vil gjeva deg, og so vil eg, at du aldri skal høyra aat hjaa nokon annan en meg, naar det er noko du treng.» – «Gode er gaavorne dine,» seier Gunnar, «men endaa meire verdt tykkjest det meg aa vera i venskap med deg og sønerne dine.» Deretter fór Njaal heim. Lid det so frametter vaaren.
88Gunnar rid til tings um sumaren. Men det var eit heilt gjestelag i huset hans av folk som kom austan fraa Sida. Gunnar bad dei aa koma inn-um att, naar dei reid fraa tinget. Dei lova aa gjera det – og reid so til tings. Njaal og sønerne hans var paa tinget. Tinget var stilt. No er det um det aa fortelja, at Hallgjerd tala til Melkolv træl. «Det er ei sendeferd eg hev tenkt ut aat deg,» seier ho; «du skal fara til Kyrkjebø.» – «Og kva skal eg der?» seier han. «Du skal stela mat paa tvo hestar, smør og ost, og setja varme paa staburet; daa tenkjer alle, at det hev vorte av vanagt, og det kjem ikkje for nokon, at det hev vore stole.» Trælen mælte: «Vond hev eg vore, men aldri hev eg vore tjuv.» – «Høyr paa makeløysa!» seier Hallgjerd; «han gjer seg god; du som hev vore baade mordar og tjuv. Og du skal ikkje anna tora en fara, eldaug skal eg lata drepa deg.» Han tyktest vita, at ho det gjorde, um han ikkje fór. Og um natti tok han tvo hestar, la klyv-salar paa og fór aat Kyrkjebø. Hunden søkte ikkje; for han kjende honom og flaug imot honom, flikra og var fegen. Han gjekk daa aat staburet, let upp og klyvja baae hestarne med mat, men brende buret og drap hunden. Han fer uppmed Rangaai. Daa slitna sko-reimi hans, og han tek upp kniven og vøler um det. Kniven og beltet vart att-liggjande etter honom. Han fer til han kjem til Lidarende. Daa saknar han kniven, men torde ikkje fara attende. – Han flidde henne Hallgjerd maten, og ho lét vel for ferdi hans. Um morgoen, daa folk kom ut paa Kyrkjebø, saag dei den store skaden som var gjord. Det vart sendt ein til tings for aa segja Otkjell det; for han var der. Han tykte ikkje vidare aat di, men sa det maatte vera kome av 89det, at eldhuset stod for nær buret. Og det meinte alle daa, at det var det som hadde gjort det. Folk reid no heim fraa tinget, og det var mange som kom til Lidarende. Hallgjerd bar mat paa bordet, og det kom inn ost og smør. Gunnar visste det var ingor von til slik mat der, og spurde Hallgjerd, kvar det var kome fraa. «Fraa slikt stelle at du vel kan eta det,» seier ho; «elles kjem det ikkje kararne ved aa leggja seg frami matreidsla.» Gunnar vart harm og mælte: «Ille er det, skulde eg vera tjuv-nøyte,» og gav henne ein kinnhest. Ho sa, at den skulde ho hugsa og løna, um ho kunde. Ho gjekk fraa bordet, og Gunnar med. Det vart bore av bordet alt saman, og innpaa-att bore kjøtmat, og alle tenkte med seg, at det vart frambore det som meir rettfengt var. Tingfolki reiste att.
Det var ein dag Skamkjell reid upp-med Rangaai og saag etter sauom sine. Han ser det blenkjer paa noko i gota, stig han so av hesten og tek det upp, og det var kniv og belte. Han tykkjest kjenna baae, og fer aat Kyrkjebø. Otkjell var ute og fagna honom vel. Skamkjell mælte: «Kjenner du desse greiorne?» – «Visst gjer eg det,» seier Otkjell. «Kven eig?» seier Skamkjell. «Melkolv træl,» seier Otkjell. «Daa skulde fleire kjenna det en me,» seier Skamkjell – «for tru skal eg vera deg til aa gjeva deg raad.» Dei synte mange det, og dei kjende att det alle. Daa mælte Skamkjell: «Kva vil du no gjera?» Otkjell svara: «Me skal fara til Môrd Valgardson, syna honom det, og faa vita kva han vil raada os til.» Sidan fór dei til Hov og synte Môrd greiorne, og spurde um han kjende dei. Han sa han kjende dei; «men korleis daa? tykkjest de hava noko aa sjaa etter paa Lidarende?» 90– «Me tykkjer det er uført aa faast ved slikt,» seier Skamkjell, «naar slike ovevles-karar er i væle med.» – «Det er visst,» seier Môrd; «men eg veit likevel noko fraa huset hans Gunnar som ingen av dykk veit.» – «Me skal gjeva deg gods for det, vil du taka dette maalemnet paa deg.» Môrd svarar: «Det godset kunde nok verta dyrt kjøpt; men det kan nok vera eg vaagar paa det.» Dei gav honom tri merker sylv, for at han skulde vera med dei med raad og hjelp. Han gav det raadet, at dei skulde gjera ut nokre konor med smaa-vara aat husfrøyom, og soleis faa vita, kven som lønte best; «for alle hev den haatten,» seier Môrd; «at dei skil seg fyrst med det som stole er, um dei hev noko slikt i gøymslom. Det skal me faa sjaa her og, er det so det er folk som hev skuldi. Og kjem det for dagen soleis, so vil eg vera laus fraa maalet.» So skulde det vera, sa dei, og fór so heim. Môrd sende konor ut i heradet, og dei var burte ein halv maanad. Dei kom att og hadde store børar. Môrd spurde, kvar det hadde vore dei mest gjeve. Dei sa, at det var paa Lidarende; det var Hallgjerd som hadde vore den raustaste mot dei. Han spurde, kva dei fekk der. «Ost,» seier dei. Han bad um aa faa sjaa. Dei synte honom, og det var mange sneier. Han tok og gøymde dei. Lite etter fór Môrd til Otkjell og bad honom finna fram oste-kista hennar Torgjerd, og so vart gjort. Han la sneierne nedi, og dei fyllte jamt i ostekista. Dei saag det hadde vore gjeve dei ein heil ost. Daa mælte Môrd: «No kan de sjaa, at Hallgjerd hev nok stole osten.» Og alt dei visste vart lagt i hop. So sa Môrd, at han tykte seg vera laus fraa dette maalemne. Dei skildest med di.
Kolskjegg tala til Gunnar og mælte: «Det er illt aa segja det; men det er utyver heile bygdi, at Hallgjerd hev stole og valda den store skaden som vart 91paa Kyrkjebø.» Gunnar sa han meinte det var so; «men kva raad skal eg no taka?» Kolskjegg svara: «Du er vel den næraste til aa bøta, det kona di hev brote, og eg tykkjer det er beste raadi, at du fer aat Otkjell og byd honom god bot.» – «Detta er vel tala,» seier Gunnar, «og so skal det vera.» Lite seinare sende Gunnar bod etter Traain Sigfusson og Lambe Sigurdson, og dei kom straks. Han sa dei kva han etla seg til, og dei lét vel um det. Sjølv tolvte reid Gunnar til Kyrkjebø og kalla Otkjell ut. Skamkjell var der, og han sa: «Eg skal gaa ut saman med deg; for her gjeld det aa hava vitsmun. Eg vil gjerne staa deg nær, naar du treng det best, soleis som no; eg tykkjer no du skal halda deg strid.» Sidan gjeng dei ut, Otkjell og Skamkjell, Hallkjell og Hallbjørn. Dei helsa Gunnar. Han tok det vel. Otkjell spør, kvart han etla seg av. «Ikkje lenger en hit,» seier Gunnar, «og det er erendi mi hit aa tala um den store og vonde skaden som her er vorte; den er valda av kona mi og trælen eg kjøpte av deg.» – «Det var aa vonast,» seier Hallbjørn. «Eg vil gjeva god bot,» seier Gunnar, «og bjoda til, at dei beste menner i heradet dømer.» Skamkjell sa: «Detta bodet høyrest vel ut, men det er ubillegt. Du er vensæl av bøndom, men Otkjell er uvensæl.» – «Eg byd til,» seier Gunnar, «aa gjera det av sjølv og faa ende paa det straks, og leggja venskapen min attaat; greia ut alt godset no, og bøta med tvenne bøter.» Skamkjell mælte; «Detta tilbodet skal du ikkje taka imot; det er eintenkt gjort, um du gav honom sjølvdom, der det tilkjem deg aa taka den.» Otkjell sa: «Eg vil ikkje gjeva deg sjølvdom, Gunnar.» Gunnar mælte: «Eg skynar det er dei som legg seg frami med raad her; berre det maa verta lønt. Men døm no sjølv.» Otkjell lutte seg innaat Skamkjell og sa: «Kva skal eg no 92svara?» Skamkjell mælte: «Detta skal du segja er vel til-bode, men vikja maalet under Gissur Kvite og Geir Gode. Daa vil mange segja, at du er lik Hallkjell, bestefar din, og han var ein yvergangs kar.» Otkjell mælte: «Vel er detta bode, Gunnar, men eg vil, at du gjev meg tomstund til aa tala med Gissur Kvite og Geir Gode.» Gunnar mælte: «Gjer med det som du vil; men det vil sume segja, at du skyna lite di eigi sømd, naar du ikkje tok ved som eg baud deg.»
Gunnar rid heim. Daa Gunnar var riden, seier Hallbjørn: «Her var det skil paa folk aa sjaa; um Gunnar baud deg aldri so gode bod, so tok ikkje du imot. Elder trur du deg til aa hava vondt ubytt med honom, som ingen kan mæla seg med? Og endaa er han so gjæv ein mann, at han vil staa ved bodet sit, um du vil taka det sidan. Eg tykkjer det er beste raadi, at du fer aat Gissur Kvite og Geir Gode no straks.» Otkjell let henta hest og gjorde seg heilt ferdug. Otkjell saag ikkje vel. Skamkjell gjekk med honom eit stykke paa vegen. Han sa: «Eg tykte det var eit under, at ikkje brørne dine vilde taka av deg detta strævet. Eg vil bjoda til aa gjera denne ferdi for deg; for eg veit ho vert plaagsam for deg.» – «Det tek eg imot,» seier Otkjell, «men seg som det er.» – «Det skal eg gjera,» seier Skamkjell. Skamkjell tok hesten og bytte klæde med Otkjell, men Otkjell gjekk heim. Hallbjørn var ute og mælte til Otkjell: «Det er illt eiga træl til ven. Og det kjem me til aa angra støtt sidan, at du vende att no. Og det er vitlaust verk aa senda verste ljugaren i dette erendet, der ein maa segja det stend um liv.» «Rædd maatte du vera,» seier Otkjell, «um Gunnar lyfte atgeiren, naar du kan vera so rædd no.» – «Ikkje veit eg det,» seier Hallbjørn, «kven som vart ræddast daa; men det kan du koma til aa sanna, at Gunnar meiter 93ikkje lenge med atgeiren, naar han er vreid.» Otkjell mælte: «Rædde er de alle saman, so nær som Skamkjell.» Baae var sinna.
Skamkjell kom til Mosfell og fortalde Gissur, kva Gunnar hadde bode. «So synest det meg,» seier Gissur, «som detta hev vore overlag godt til-bode; men kofor tok ikkje Otkjell imot det?» – «Det var mest for di,» seier Skamkjell, «at alle unte deg sømd av det, difor vilde han beda um di meining; for det er til best gagn for alle.» Skamkjell var der um natti. Gissur sende ein mann etter Geir Gode, og han kom der tidleg paa morgoen. Gissur seier honom alt, som, til-gjenge var – og spurde, korleis dei skulde gjera det. Geir mælte: «Soleis som du visst alt hev tenkt deg det, so at saki kan faa den enden som best gagnar. No skal me lata Skamkjell fortelja uppatt soga ein gong til, for aa høyra um det svarar.» Dei gjorde so. Geir mælte: «Rett hev du visst fortalt denne soga; men du ser meg ut som det verste illmenne, og lite er leten aa sæta, um du er aa tru.» Skamkjell reid heim. Fyrst fór han til Kyrkjebø og fekk Otkjell ut. Han tok vel imot honom, og Skamkjell ber fram helsing fraa Gissur og Geir, «og um maalemnet trengst det ikkje aa tala stilt; det er viljen hans Geir Gode og hans Gissur, at du ikkje gjer semja i dette maalet. Det er raadet deira, at du fer til Lidarende og stemner Hallgjerd for stuld, og Gunnar for avnøytsla.» Otkjell svarar: «Det skal verta gjort i alle maatar som dei hev raadt til.» – «Dei tykte overlag godt um,» seier Skamkjell, «at du hadde vore so storfellt, og eg gjorde deg no til ein ovmann i alt.» Otkjell fortel brørne sine det. Hallbjørn mælte: «Detta er den største 94lygn.» Tidi lid innaat siste stemnardagen fyre Alltinget. Otkjell byd brørne sine og Skamkjell rida med seg i stemnarferd til Lidarende. Hallbjørn sa, at han nok kunde vera med; «men den ferdi kjem me nok til aa angra, naar ei stund er lidi.» Dei reid til Lidarende, tolv mann. Gunnar var ute, men dei kom kav inn paa tunet, fyrr han vart var, at dei kom til gards. Difor gjekk han ikkje inn. Otkjell sa fram stemningi straks. Men daa dei hadde bore stemningi fram, mælte Skamkjell: «Er det rett stemnt, Gunnar bonde?» – «Det veit de,» seier Gunnar; «men ein gong skal eg minnast deg for denna ferdi, Skamkjell, og dei raad du hev lagt til.» «Det sakar os ikkje,» seier Skamkjell, «so lenge atgeiren ikkje er i lufti.» Gunnar var fælande vreid og gjekk inn og fortalde Kolskjegg det. Kolskjegg mælte: «Ille var det, at me ikkje var ute. Det skulde vorte ei snøype-ferd hit, hadde me vore til stadar.» Gunnar mælte: «Alt bier stundi si; men ikkje vert denna ferdi dei til heidr.»
Lite seinare fór Gunnar aat Njaal og sa honom det. Njaal mælte: «Lat det ikkje gaa innpaa deg; for dette vender seg til den største sømd for deg, fyrr dette tinget er slut. Alle skal me og fylgja deg baade med raad og daad.» Gunnar takka honom og reid heim. Otkjell rid til tings, og brørne hans og Skamkjell.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Njaala/Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans/Njåls saga er den største av islendingesagaene. Den ble skrevet ned på slutten av 1200-tallet, trolig basert på historiske hendelser iblandet diktning og vandrehistorier. Teksten er bevart i en rekke manuskripter, for eksempel i håndskriftet Möðruvallabók, som også inneholder teksten til ti andre islendingesagaer.
Handlingen foregår for det meste på Island i tiden rundt år 1000, og skildrer livene til Gunnar Hammundarsson fra Lidarende og Njål Torgeirsson. De to mennene er svært forskjellige, men har et sterkt vennskap. Vennskapet settes dog stadig på prøve når slektningene deres ofte egger til strid og uvennskap. Sagaen handler også om overgangen fra hedenskap til kristendom.
For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.