Gunnar reid til tings, og alle Sigfussønerne og Njaal og sønerne hans. Alle gjekk i lag med Gunnar, og det var sagt, at det fanst ikkje fleire flokkar so hardsnudd som denne. Ein dag gjekk Gunnar til Dalmanna-budi. Rut var ved budi, og Hoskuld; dei tok vel 95imot Gunnar. Gunnar fortel alt um maalemnet. «Kva legg Njaal til raads?» seier Rut. Gunnar svara: «Han bad meg aa finna dykk brørne og segja, at i dette vilde han vera samtykt med dykk.» – «Det vil han daa,» seier Rut, «at eg for skyldskapen skuld skal bera det upp, og det skal eg gjera: Du skal stemna Gissur Kvite til holmgang, um dei ikkje byd deg sjølvdom, og Kolskjegg skal stemna Geir Gode, og det er vel og menner aa faa til aa gaa imot Otkjell og brørne hans. So mannsterke er me no tilsaman, so du kan faa det fram slikt du vil.» Gunnar gjekk heim aat budi og fortalde Njaal det. «Detta vontest eg,» sa Njaal.
Ulv Ørgode fekk vita um denna raadgjerdi og sa Gissur det. Gissur mælte til Otkjell: «Kven gav deg det raadet, at du skulde stemna Gunnar?» – «Skamkjell sa meg, at det var raadet dit og hans Geir Gode,» seier Otkjell. «Kvar er den mannfyla,» seier Gissur, «som hev loge slikt?» – «Han ligg sjuk heime i budi,» seier Otkjell. «At han aldri maa staa uppatt meir!» seier Gissur. «Men no skal me alle gaa aa finna Gunnar og bjoda honom sjølvdom; men eg veit ikkje, um han no vil taka imot det.» Det var mange som let ille um Skamkjell, og han laag sjuk alt med tinget var.
Gissur og dei gjekk aat budi hans Gunnar. Folk vart vare dei, og det vart sagt Gunnar inne i budi. Dei gjekk ut alle og fylkte. Gissur Kvite gjekk fyrst. Han mælte, daa dei møttest: «Det er tilbodet vaart, Gunnar, at du dømer sjølv i maalet millom deg og Otkjell.» – «Det var langt ifraa dit raad det,» seier Gunnar, «daa eg vart stemnd.» – «Ikkje var det mit raad,» seier Gissur, korkje mit elder hans Geir.» – «Daa fær du leggja det fraa deg greitt og skilviseleg,» seier Gunnar. «Kva krev du?» seier Gissur. «At du sver 96eid,» seier Gunnar. «Det vil eg gjera,» seier Gissur, «um du vil taka sjølvdom.» – «Det baud eg i si tid,» seier Gunnar, «men no tykkjest eg hava meir aa døma.» Njaal mælte: «Ikkje er sjølvdom aa slaa fraa seg; di at heidren er so mykje større, di større saki er.» Gunnar mælte: «Eg skal gjera venerne mine til lags og døma i maalet; men det raader eg Otkjell, at han ikkje eglar seg innpaa meg heretter.» Det vart sendt bod etter Hoskuld og Rut, og dei kom. Gissur og Geir Gode gjorde eid; men Gunnar tok si avgjerd utan aa spyrja nokon til raads, og sa fram domen. «Dette er avgjerdi mi,» sa han, «at du skal hava verddage for huset og maten som inni var. Men for trælen vil eg ikkje bøta; for du dulde lyte ved honom. Honom eignar eg til deg att; for øyro høver best der dei hev vakse. Eg tek det for, at stemningi var gjord paa nidd, og for det dømer eg meg til handa so mykje som huset var verdt, og det som inne brann. Men um de tykkjer betre um at me er usamde, so stend det dykk fritt fyre. Men til det hev eg endaa eit raad uppgjort, og det skal daa koma fram.» Gissur svarar: «Det vil me, at du ikkje skal bøta noko, men me bed um, at du vil vera ven hans Otkjell.» – «Det skal aldri verta, med eg lever,» seier Gunnar; «han kan hava venskapen hans Skamkjell; den hev han lenge ale paa.» Gissur svarar: «Me vil likevel faa ende paa saki, endaa du raar skildagen aaleine.» Dei handfeste alle desse saattmaali. Gunnar mælte til Otkjell: «Raadlegast er det for deg aa fara aat frendom dine; men vil du bu i grendi der, so øv ikkje med meg.» Gissur sa: «Detta er eit gagnraad, og han skal gjera etter di.» Gunnar hadde stor sømd av saki. Folk rid heim fraa tinget. Gunnar sit paa garden sin, og alt er stilt ei rid.
97Ein mann heitte Runolv, son hans Ulv Ørgode. Han budde i dalen austanfor Markarfljot. Han var til gjesting hjaa Otkjell, daa han reid heim fraa tinget. Otkjell gav honom tvo uksar, kolande svarte og nie vintrar gamle. Runolv takka og bad honom koma aat seg ein gong, naar han so tykte. Men det tok ei tid, fyrr han kom til aa fara. Runolv sende ofte menner til honom, og minte honom paa, at han skulde fara; og han lova det støtt. Otkjell aatte tvo hestar, blakke og med aal etter ryggen. Dei var beste ridehestarne i heile heradet, og so kjære etter kvarandre, at den eine rende etter hin.
Det var ein austmann i huset hjaa Otkjell; han heitte Audulv. Han la hug aat Signy, dotter hans Otkjell. Audulv var stor paa vokster og sterk.
Det var ein gong um vaaren, at Otkjell vilde dei skulde rida aust til Dal, og det lét alle vel for. Skamkjell var med, og brørne hans Otkjell baae tvo, Audulv og tri andre menner. Otkjell reid paa den eine av dessa aal-blakke hestom; hin sprang med laus. Dei stemnde aust til Markarfljot. Hesten flaug ut for Otkjell, og so slo baae seg galne, og tok leii upp i Fljotslidi. Det bar i veg spøggare en Otkjell vilde. Gunnar hadde gjenge ut-um garden sin aaleine med ein saa-mæle i ei hand og ei handøks i hi. Han gjekk aat saa-landet sit, la den gullsauma kappa og øksi si fraa seg, og tok til aa saa. Detta er i sama tidom som Otkjell misser magti med hestom. Han hadde sporar paa. Det bar uppyver saa-landet. Dei saag ikkje einannan, Gunnar og Otkjell, og med sama Gunnar reiser seg upp, rid Otkjell til 98honom og dreg sporarne ved øyra paa Gunnar, so det vart ei stor rispa og blødde svært. Fylgjet kom daa etter. «Alle kan de no sjaa,» seier Gunnar, «at du hev blodga meg – og slikt er vyrlaust aatfare; fyrst stemner du meg, og so trør du meg under fot og rid paa meg.» Skamkjell mælte: «Det her gjeng vel, bonde, og ikkje var du blidare paa tinget, daa du tok sjølvdom med atgeiren i hand.» Gunnar mælte: «Naar me raakast næste gongen, so skal du faa sjaa atgeiren.» Dei skildest med dette. Skamkjell slo i og ropte: «Hardt rid de, sveinar.» Gunnar gjekk heim og gat det ikkje aat nokon, og det var ingen som tenkte, at folk hadde gjort det. Men ein gong sa han det til Kolskjegg, bror sin. Kolskjegg mælte: «Detta skal du fortelja aat fleire, so det ikkje kan segjast, at du gjev daud mann sak; for det hev dei aa setja imot deg, dersom ikkje vitni veit, kva de hev havt med einannan fyrr.» Gunnar sa grannarne sine det, men det kom ikkje vidare ut fyrst.
Otkjell kjem aust til Dal; dei vart vel fagna og vart verande der ei vika. Otkjell sa Runolv, korleis det var gjenge honom og Gunnar. Det var ein som spurde etter, korleis Gunnar tok det. Skamkjell mælte: «Hadde det ikkje vore ein slik knape, so hadde det vorte heitand, at han hadde graate.» – «Ille er dette tala,» seier Runolv, «og det fær du aa segja næste gongen de møtest, at Gunnar ikkje er god aa grøta, og det er vel, kjem ikkje betre folk frami for ilska di. Eg tykkjer det er best, at eg er i fylgje med dykk, naar de vil reisa att; for Gunnar vil ikkje gjera meg mein.» – «Eg vil ikkje det,» seier Otkjell, «og me kan rida yver elvi lenger nede.» Runolv gav Otkjell gode gaavor, og sa, at dei kom ikkje til aa sjaa einannan oftare. Otkjell bad honom – um so skulde bera til – aa lata sonen faa godt av, at dei hadde vore vener.
99No er det um det aa fortelja, at Gunnar var ute paa Lidarende og ser sauemannen sin kjem ridande til gards. Han rid inn paa tunet. Gunnar mælte: «Kvifor rid du so hardt?» – «Eg vil vera deg trulynd,» seier han; «eg saag nokre menner som reid nedyver aat Markarfljot, aatte i alt og fire i leta-klæde.» Gunnar mælte: «Det maa vera Otkjell.» – «Eg vil gjerne segja deg,» seier sauemannen, «at eg ofte hev høyrt ord etter dei som ein kan harmast paa; der aust i Dal sa Skamkjell, at du hadde graate, daa dei reid paa deg. Det tykkjest meg illt aa høyra slike ord av rangvise karar.» – «Ikkje skal me vera ordsjuke,» seier Gunnar; «men heretter skal du faa arbeida berre slikt som du sjølv vil.» – «Skal eg ikkje segja Kolskjegg, bror din, noko?» seier sauemannen. «Gakk stad og sov,» seier Gunnar; «eg skal segja Kolskjegg det eg tykkjer.» Guten la seg og sovna straks. Gunnar tok sauehesten og la paa salen sin. Han tok skjoldet sit og sverdet Ølves-naut og sette hjelm paa hovudet; tek so atgeiren – og det song høgt i den. Rannveig, mor hans, høyrde det. Ho gjekk fram og mælte: «Vreid er du no, son min, og ikkje saag eg deg slik fyrr.» Gunnar gjeng ut, og set atgeiren i marki, sprett upp i salen og rid burt. Rannveig gjekk inn i stova; der var dei svært høgmælte. «Høgrøysta er de,» seier ho, «men høgre lét atgeiren, daa Gunnar gjekk ut.» Kolskjegg høyrde det og sa: «Det er ikkje utan det varslar noko.» – «Det er vel,» seier Hallgjerd; «no kan dei faa freista, um han gjeng graatande unda dei.» Kolskjegg tek vaapni sine, finn seg ein hest og rid etter so fort han vinst.
Gunnar rid tvert yver aakretunga aat geilebuderne, derfraa aat Rangaai og nedaat vadet ved Hov. Det var 100nokre kvinnor ved mjølkestølen der. Gunnar sprang av hesten og batt honom. Dei andre kom ridande. Det var leiren botn og hellor i gota ved vadet. Gunnar mælte: «No er det aa verja seg; de kan faa freista no, um eg græt for dykk.» Dei sprang av hestom og sette paa Gunnar. Hallbjørn var fremst. «Lat vera aa søkja aat, du,» seier Gunnar, «deg vil eg sist illt gjera; men eg sparer ingen, naar det gjeld aa verja meg.» – «Det vil eg ikkje,» seier Hallbjørn; «du vil likevel drepa bror min, og skam vøre det, um eg vilde sitja daa.» Og han dreiv til Gunnar tvihendes med eit stort spjot. Gunnar skaut skjoldet imillom, men Hallbjørn støytte igjenom det. Gunnar sette so hardt ned skjoldet, at det stod i jordi, men tok aat sverdet so kvast, at ein kunde ikkje augo paa det festa. Hogget raakte handi paa Hallbjørn ovantil uvleden, so ho gjekk av. Skamkjell sprang attum Gunnar og hogg til honom med ei stor øks. Gunnar snara seg kvast imot honom og støytte imot med atgeiren, og den kom under kverken paa øksi, so ho dreiv utor handom hans og ut i Rangaai. Gunnar tek aat seg att atgeiren andre gongen; set honom igjenom Skamkjell, veg honom upp og kastar honom paa hovudet i leirgota. Audulv austmann treiv eit spjot og skaut til Gunnar. Gunnar tok spjotet i veret og skaut attende med det sama – og det flaug igjenom skjoldet og austmannen og ned i vollen. Otkjell hogg til Gunnar med sverdet og stemnde etter foten nedanfor kneet. Gunnar spratt upp, so Otkjell hogg i mist. Gunnar legg atgeiren igjenom honom. Daa kjem Kolskjegg og flyg straks paa Hallkjell og høgg honom banehogg med sakssverdet. Soleis vog dei aatte mann. Ei kona sprang heim og sa Môrd det, og bad honom skilja dei. «Det er berre slike,» seier han, «som gjerne kan drepa einannan for meg.» – «Det kan du ikkje vilja segja,» seier ho; «det 101er Gunnar, frenden din, og Otkjell, venen din.» – «Støtt hev du noko aa gala med, di skamfyla,» sa han, og han laag inne, med dei slost. Gunnar og Kolskjegg reid heim, daa detta var gjort, og dei reid hardt uppetter øyrarne. Gunnar rapa av hesten, men kom standande ned. Kolskjegg sa: «Hardt rid du no, frende.» Gunnar mælte: «Skamkjell fann aat meg for det, daa eg sa: «de rid meg ned.» – «Hemnt hev du no det,» seier Kolskjegg. «Ikkje veit eg,» seier Gunnar, «um eg er so mykje ræddare en andre menner, som det ber meg meir imot aa drepa en andre.»
Detta spørst, og det mælte mange, at dei tyktest ikkje det kom fyrr en ventande var. Gunnar reid aat Bergtorskvaal og fortalde Njaal verket. Njaal mælte: «Drjugt hev du vedgjort; men du hev og vore hardt freista.» – «Korleis vert det gangande sidan?» seier Gunnar. «Vil du eg skal segja deg det,» seier Njaal, «det som enno er ukome? Du kjem til aa rida til tings, og du kjem til aa njota godt av mine raad, og du fær den største heidr og æra av denne saki. Dette vert upphavet til draapssakerne dine.» – «Raad meg nokre gagnraad,» seier Gunnar. «Eg skal so gjera,» seier Njaal. «Drep aldri meir en ein gong i same ættgrein, og brjot aldri den semja som gode menner gjer millom deg og andre – og aller sist i denne saki.» Gunnar mælte: «Det meinte eg kunde vera faarlegare for andre en for meg.» – «Det kan nok so vera,» seier Njaal; «men likevel skal du hugsa paa, at ber det so til, daa hev du ikkje lenge ulevt. Men vert ikkje det, so kjem du til aa verta ein gamal mann.» Gunnar mælte: «Veit du, kva som skal verta deg til bane?» – «Eg veit det,» 102seier Njaal. «Kva daa?» seier Gunnar. «Det som alle sist skulde tenkja,» seier Njaal. Sidan reid Gunnar heim.
Det vart sendt ein mann aat Gissur Kvite og Geir Gode; for dei var nærast til aa reisa sak etter Otkjell. Dei kom saman og talast ved um korleis dei skulde gjera det. Dei vart samstelte um aa søkja maalet etter loven, og det vart spursmaal um kven som skulde gjera det, men ingen var huga. «So synest det meg,» seier Gissur, «at her er eitt av tvo aa gjera: anten lyt ein av os søkja maalet – og det dreg me lut um – eldaug fær mannen liggja ubøtt. Det kan me og tenkja os, at saki vert tung aa føra; Gunnar er baade frende-rik og vensæl. Men den av os som ikkje dreg luten, skal vera med, og ikkje gjeva seg fraa, fyrr-for det vert ein endskap med saki.» Dei drog lut, og luten fall paa Geir aa søkja maalet. Lite seinare reid dei austetter yver aaerne, og kom dit som striden hadde stande ved Rangaai, grov upp liki og tok vitne paa saari. Sidan lyste dei draapi og sa til dei nie næraste bønder aa vitna i saki. Det vart sagt dei, at Gunnar var heime med tretti menner. Geir Gode spurde, um Gissur vilde rida imot honom med hundrad. «Ikkje vil eg det,» seier Gissur, «um det er stor mannamun.» Dei reid attende og heim. Denne maalemningi spurdest yver heile heradet, og det gjekk ord um, at det vart nok eit stridsamt ting.
Ein mann heitte Skafte. Han var son aat Torodd. Baade far og son var megtuge hovdingar og store lovmenner. Torodd var halden for aa vera noko innful og sløg. Dei hjelpte Gissur i alle maalemne. Lidværingarne og Rangæingarne gjorde seg overlag mangmente aat 103tinget. Gunnar var so vensæl, at alle var samstelte um aa fylgja honom. Folk kom aat tinget og tjelda buderne sine. I sambandet med Gissur Kvite var desse hovdingarne: Skafte og Torodd, Aasgrim Ellidagrimsson, Odd paa Kidjaberget, Halldor Ørnolvson. So var det ein dag folk gjekk aat lovberget. Stod daa fram Geir Gode og lyste draapssak paa Gunnar for draapet paa Otkjell. Onnor draapssak lyste han paa Gunnar for draapet paa Hallbjørn Kvite og paa Audulv og Skamkjell. Han lyste draapssak paa Kolskjegg for draapet paa Hallkjell. Og daa han hadde lyst alle draapssakerne, var det sagt, at han hadde maalbore det vel. Han spurde etter, kvar dei hadde tingfeste og heimvist. Etter det gjekk folk fraa lovberget. Det lid ut i tinget til den tid daa domsnemnderne skal fara ut til lovberget og søksmaalet fremjast. Baae møtte fram mannsterke. Geir Gode og Gissur Kvite stod sunanfor Rangæingaretten; Gunnar og Njaal stod nordanfor. Geir Gode byd Gunnar aa lya paa eiden hans. Sidan gjorde han eid. Etter det sa han fram saki. So let han føra fram lysingsvitne. So let han bjoda vitnenemndi til sætes. So baud han til rudningar i nemndi.Oversetternote: ɔ: til aa skjota ut dei som maatte vera ugilde til aa vera med. Og etter det bad han nemndi bera fram vitnemaalet sit. Daa gjekk dei uppnemnde bønder fram i retten, nemnde seg vitne og la ned motmæle mot vitnemaal i Audulvs sak, av di at rette ettermaalsmannen hans var i Norig, og dei hadde ikkje med aa skila i saki hans. Etter di bar dei vitnemaal i saki hans Otkjell, og sa Gunnar saka aa vera. So baud Geir Gunnar føra fram vern, og tok vitne paa alt sakgagnet som fram var kome. Etter det kom Gunnar fraa si lei og baud Geir lya paa eiden hans og paa alle dei verjemaal han vilde føra fram i saki. Han gjorde eid og 104mælte sidan so: «Det fører eg til vern i denne sak, at eg nemnde vitne og uhelga Otkjell for grannarne mine, for di han saara meg til blods med sporen sin. Og etter fullmagt fraa goden forbyd eg deg, Geir Gode, aa søkja dette maalet, og eg forbyd domarane aa døma, og med det gjer eg heile dit søksmaal um inkje. Eg forbyd deg med lovlegt forbod, ævlaust forbod, fullt og fast forbod, soleis som eg hev aa bera verjemaal etter Alltings rett og aalmenn lov. Eg skal og segja deg, kva meir eg vil gjera.» – «Du vil bjoda meg paa holm, kanskje,» seier Geir, «som du er van med, og ikkje tola lov.» – «Det vil eg ikkje,» seier Gunnar; «eg vil stemna deg paa lovberget, for di at du nemnde vitnemenner paa det som ikkje kjem saki ved – paa draapet paa Audulv – og difor vil eg lysa deg saka fjørbaugsmannOversetternote: Fjørbaugsmann: dømd utlæg for ei tid av 3 aar, men soleis at ein var fredlyst paa visse stader. aa vera.» Njaal mælte: «Det maa ikkje taka den vegen, for daa vert det gjort av med hardo. Det er her mykje til aa føra i saki paa baae sidor, etter som meg synest. Det er sume av draapi som du ikkje kan segja imot aa verta saka for. Men du hev det taket paa honom for ulovleg maalemning, at han og vert saka. Og det skal du og vita, Geir Gode, at enno er det ikkje gjort noko ved den skoggangs-saki du hev paa deg, og ho skal ikkje liggja nede, vil du ikkje gjera etter mine ord.» Torodd Gode mælte: «So synest det os, at det vøre fredlegast, um de samdest i maalet. Men kvifor er du so faamælt, Gissur Kvite?» – «Det ser meg ut,» seier Gissur, «som det trengst sterke stytter aa setja ved maalet vaart, skal det duga. Og lett er det aa sjaa, at dei stend nære ved, venerne hans Gunnar, og beste vilkaaret var det for os, aa faa gode menner til aa gjera det av, um 105Gunnar vil det.» – «Semjekjær hev eg støtt vore,» seier Gunnar, «og de hev denne gongen mykje aa søkja meg for; men eg tyktest og vera sterkt nøydd.» Med tilraad av dei klokaste menner vart det den endelykten, at seks menner skulde gjera av alt saman. Og saki vart greidd straks paa tinget. Skamkjell skulde liggja ubøtt. Draapet paa Otkjell skulde gaa jamnt upp med sporehogget; dei andre draapi vart bøtte etter takst. Frendarne hans Gunnar la til gods, so alle draapi vart bøtte straks der paa tinget. Gissur og Geir gjekk fram og gav Gunnar trygd. Gunnar reid heim fraa tinget, takka dei som hadde hjelpt honom, og gav mange av dei gaavor og hadde heidr og æra av ferdi. Gunnar sit no heime i heidren sin.
Det var ein mann heitte Starkad. Han var son aat Bork Blaatonnskjegg, son hans Torkjell Bundenfot, som tok land ikring Trihyrningen. Han var gift, og kona hans heitte Hallbera. Ho var dotter hans Roald hin raude og hennar Hildegunn, dotter hans Torstein Titling. Mor hennar Hildegunn heitte Unn; ho var dotter hans Eyvind Karve og syster hans Modolv hin spake paa Mosfell, som Modylvingarne er ætta fraa. Sønerne hans Starkad og hennar Hallbera var Torgeir og Bork og Torkjell. Hildegunn lækjar var syster deira. Det var sjølvgode karar og ovrikne, hardlynde og kranglevorne, og ingen fekk vera i fred for dei.
Ein mann heitte Egil. Han var son aat Kol, son hans Ottar Boll, som tok land millom Stotaløk og Røyvatnet. Bror hans Egil var Ønund i Trollskogen, 106far hans Halle hin sterke, som var med sønom hans Kjetil hin slettmaaluge og drap Holte-Tore.
Egil budde paa Sandgil. Sønerne hans heitte Kol, Ottar og Hauk. Mor deira var Steinvor, syster hans Starkad under Trihyrningen. Sønerne hans Egil var storvaksne karar og kjeppsame, og skøytte lite um, kva dei gjorde ved andre. Dei og sønerne hans Starkad heldt støtt i hop. Syster deira var Gudrun nattsol. Ho var den fagraste og den finaste kvinna ein kunde sjaa. Egil hadde teke tvo austmenner i huset; ein heitte Tore, ein Torgrim. Det var fyrste ferdi deira hit ut. Dei var vensæle og rike, godt stridsføre og framfærlege i alt. Starkad aatte ein god hest, raud paa let, og dei meinte det var ikkje tilbjodande for nokon hest aa slaast med honom. Ein gong var brørne paa Sandgil under Trihyrningen. Dei rødde mykje og mangt um bønderne i Fljotslidi, og det kom paa tal, um det var nokon der som kunde vilja røyna hestar med dei. Men dei som var med der gjorde etter-læte for aa heidra og høla dei, og meinte, at korkje var det nokon som torde elder som hadde slik hest. Daa svara Hildegunn: «Eg veit den som nok torde vaaga aa røyna hestar med dykk.» «Nemn honom,» sa dei. Ho svara: «Gunnar paa Lidarende hev ein brun hest, og han vaagar nok baade med dykk og med kven annan det er.» – «So tykkjer de kvinnor,» seier dei, «at ingen er maken hans Gunnar. Men um Geir Gode og Gissur Kvite rauk stygt for honom, so er det ikkje sagt det gjeng so med os.» – «Med dykk gjeng det aller verst,» sa ho, og dei kjegla hardt um detta. Starkad mælte: «Gunnar vilde eg de sist skulde gaa for nær; det vert tungt for dykk aa gaa imot gjæva hans.» – «Men du gjev os fulla lov til aa bjoda honom heste-ota,» sa dei. «Ja,» seier han, «naar de ikkje prettar honom 107i nokon ting.» Dei lova det. Dei fór aat Lidarende. Gunnar var heime og gjekk ut; Kolskjegg og Hjort var og med. Gunnar tok vel imot dei og spør, kvart dei etlar seg av. «Ikkje lenger,» seier dei; «det er sagt os, at du eig ein god hest – og me vil bjoda deg heste-ota.» – «Det kan ikkje gaa stort ord um hesten min,» seier Gunnar, «han er ung og urøynd i alt.» – «Du møter vel fram,» seier dei; «ho Hildegunn gat um, at ho meinte du ikkje vilde halda hesten din unda.» – «Korleis kom de paa detta?» seier Gunnar. «Det var dei som meinte, at du torde ikkje vaaga til med hesten vaar,» seier dei. «Torer gjer eg nok,» seier Gunnar, «men uvenslegt tykkjest meg detta mælt.» – «Skal me rekna paa det daa,» seier dei, «at du vil møta?» – «De tykkjer vel ferdi dykkar er best,» seier Gunnar, «naar de fær det som de vil. Men eg vil likevel beda dykk um det, at me maatar ota slik, at me gjer andre gaman og os sjølve ingen vanraader med det, og at de gjer meg ingor skam. Gjer de med meg som med andre, daa kan det raaka til, at eg byd til med slikt som kan verta hardt aa ganga paa; for eg gjer etter det som de gjer fyre.» Dei rid no heim. Starkad spurde, korleis ferdi gjekk. Dei sa han gjorde ferdi god og lova aa møta med hesten sin. «Og me tala av, naar møtet skulde vera. Men det var greitt aa skyna, at han kjende seg veikast; han bad seg unda vanraader.» – «Det skal nok ofte røynast,» seier Hildegunn, «at Gunnar er lang aa tøygja, fyrr han vil inni nokor vanraad, men er harddrøg, naar han ikkje kan sleppa unda.»
Gunnar reid aat Njaal og fortalde honom um hesteota og ordi som fall, «elder kor meiner du det gjeng med heste-ota?» – «Du vert vinnaren,» seier Njaal, «men det kjem til aa kosta mange livet.» – «Vert kanskje min bane ogso utgangen av dette?» seier Gunnar. 108«Ikkje av dette,» seier Njaal; «men dei vil minnast gamal fiendskap og leggja nytt attaat, so det vert ikkje annan utveg for deg en aa vægja.» Gunnar reid heim..
I desse tidom fekk Gunnar daudar-ordi hans Hoskuld, værfar sin. Nokre faae næter etter letna ho Torgjerd paa Grjotaa, dotter hennar Hallgjerd, kona hans Traain, og det kom til eit sveinbarn. Ho sende bod aat mor si og bad henne raa for, um han skulde heita Glum etter far hennar elder Hoskuld etter mor-far hennar. Ho sa han skulde heita Hoskuld. Og det namnet vart gjeve guten.
Gunnar og Hallgjerd hadde tvo søner. Ein heitte Hogne, den andre Grane. Hogne var ein dugande kar og stillfærleg, seintruen og sannordig.
Folk rid no aat hestestemna, og der vart det mykje folk samla. Gunnar og brørne hans var der, og Sigfussønerne, Njaal og sønerne hans alle. Der var komne Starkad og sønerne hans, Egil og hans søner. Dei tala aat Gunnar, at dei fekk leia saman hestarne. Gunnar svara, at det var som det skulde. Skarphedin mælte: «Vil du ikkje at eg skal køyra hesten din, Gunnar frende?» – «Ikkje vil eg det,» seier Gunnar. «Det høvde no best,» seier Skarphedin; «daa vart det høgt mot høgt.» – «Eg tenkjer det vart ikkje mykje sagt elder gjort daa,» seier Gunnar, «fyrr det bar burti vanraaderne. Med meg gjeng det seinare, um det elles kan koma paa eitt ut.» Dermed vart hestarne leidde i hop. Gunnar laga seg til aa køyra, og Skarphedin leidde fram hesten. Gunnar hadde raud kjole, eit digert sylvbelte um seg og ein svær hestestav i handi. Hestarne rende paa einannan og beitst lenge, so ingen trong aa eggja dei, 109og det var stor gaman. Daa la dei raad i hop, Torgeir og Kol, at dei skulde skuva til hesten sin, naar dei rende i hop, og sjaa um ikkje Gunnar rauk overende. No rende hestarne i hop, og Torgeir og Kol flaug til og skauv paa lendi aat hesten sin meste, dei orka. Gunnar skauv sin imot, og dermed ber det snart den vegen, at Torgeir og Kol fell att aa bak, og hesten ovanpaa dei att. Dei sprett kvast upp att og flyg paa Gunnar. Gunnar rykkjer seg unda, tek Kol og kastar honom i vollen, so han ligg i uvit. Torgeir Starkadson slær til hesten hans Gunnar, so det flaug ut auga. Gunnar slær Torgeir med hestestaven, og han fell i uvit. Men Gunnar gjeng burt aat hesten sin og mælte til Kolskjegg: «Hogg du hesten – ikkje skal han leva med lyte.» Kolskjegg hogg hovudet av hesten. Daa kom Torgeir paa føterne att, tok vaapni sine og vilde gaa paa Gunnar. Men det vart stadga, og det vart stort stim. Daa mælte Skarphedin: «Eg er lei dette tøvet; det er mykje mannlegare, at folk slæst med vaapn.» Han kvad eit vers um det sama. Gunnar var roleg, so at ein mann heldt honom, og han sa ikkje eit vondt ord. Njaal mælte, at dei skulde semjast og setja grid. Torgeir sa, at han korkje vilde gjeva grid elder taka – han vilde sjaa Gunnar daud for det slaget. Kolskjegg mælte: «Gunnar hev stade for støtt til aa stupa for ord fyrr, og det gjer han nok enno.» Folk reid no fraa hestestemna og heim att kvar aat seg. Det var ingen som gjekk paa Gunnar. Soleis leid det aaret.
Paa tinget um sumaren raakte Gunnar Olav Paa, maagen sin, og han bad Gunnar heim aat seg, men sa han skulde vera var um seg; «for dei gjer deg alt illt som dei kan – hav mange menner um deg støtt.» Olav gav honom mange gode raad, og dei avtala fast venskap millom seg.
110Aasgrim Ellidagrimsson hadde eit maalemne aa søkja paa tinget. Det var ei arvesak. Den som stod til svars var Ulv Uggeson. Aasgrim mistok seg – som det sjeldan hende honom – so motmannen fekk vern i saki. Det var det, at han hadde nemnt berre fem til vitnenemnd, der som han skulde havt nie. No hadde dei detta til vern. Daa mælte Gunnar: «Eg byd deg paa holm, Ulv Uggeson, dersom folk ikkje skal faa retten sin for deg.» – «Eg hev ikkje dette ubytt med deg,» seier Ulv. «Men det fær nok verta so likevel,» seier Gunnar; «Njaal og Helge, venerne mine, ventar at eg tek eikor vern i maalet med deg Aasgrim, naar dei ikkje er her.» Endelykten vart, at Ulv laut greia ut alt godset. Daa mælte Aasgrim til Gunnar: «Eg vil beda deg heim i sumar, og eg skal støtt vera med deg i alle maalemne, og aldri imot deg.» Gunnar reid heim fraa tinget. Lite seinare raakast han og Njaal. Njaal bad honom vera var um seg – det var sagt honom, at dei under Trihyrningen etla seg til aa falla yver honom – og bad honom aldri fara faament og støtt hava vaapni sine. Gunnar sa, at so skulde han gjera. Han fortalde Njaal, at Aasgrim hadde bedt honom aat seg, «og eg etlar meg til aa fara dit i haust.» – «Lat ingen vita fyreaat,» seier Njaal, «kva tid du reiser, elder kor lenge du vert burte. Men eg byd deg til, at sønerne mine rid med deg; daa er det ingen som gjeng paa deg.» Detta avtala dei. No lid sumaren, til aatte viker var att. Daa mælte Gunnar til Kolskjegg: «Gjer deg ferdug; for no skal me rida til gjesting paa Tunga.» – «Skal me gjera bod aat Njaalssønom?» sa Kolskjegg. «Inkje,» sa Gunnar; «ikkje skal dei koma i vanraad for mi skuld.»
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Njaala/Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans/Njåls saga er den største av islendingesagaene. Den ble skrevet ned på slutten av 1200-tallet, trolig basert på historiske hendelser iblandet diktning og vandrehistorier. Teksten er bevart i en rekke manuskripter, for eksempel i håndskriftet Möðruvallabók, som også inneholder teksten til ti andre islendingesagaer.
Handlingen foregår for det meste på Island i tiden rundt år 1000, og skildrer livene til Gunnar Hammundarsson fra Lidarende og Njål Torgeirsson. De to mennene er svært forskjellige, men har et sterkt vennskap. Vennskapet settes dog stadig på prøve når slektningene deres ofte egger til strid og uvennskap. Sagaen handler også om overgangen fra hedenskap til kristendom.
For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.