Njaala (elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans)

[kap. 61–70]


61.

111Dei reid tri-eine, Gunnar og brørne hans. Gunnar hadde atgeiren og sverdet Ølvesnaut, men Kolskjegg hadde sakset. Hjort og var fullt væpna. Dei rid no aat Tunga. Aasgrim fagna dei vel, og dei vart der nokor tidi. Daa gjorde dei kjent, at dei etla aa fara heim. Aasgrim gav dei gode gaavor og baud seg til aa rida austetter med dei. Gunnar sa det trongst ikkje, og Aasgrim var ikkje med.

Ein mann heitte Sigurd Svinhovde. Han kom under Trihyrningen. Han budde ved Tjorsaa, og han hadde lova aa hava nysn um ferdi hans Gunnar. Han sa dei no fraa ferdi hans, «og det er aldri betre von en no, dei er berre fire i fylgje.» – «Kor mange menner treng me til aa leggja os i veg for honom?» seier Starkad. «Ryrt er smaamenne for honom,» seier Sigurd, «og ikkje er det raadlegt med mindre en tretti mann.» – «Kor skal me leggja os fyre og venta?» seier Starkad. «Ved Knaveholarne,» seier Sigurd; «der ser ein det ikkje, fyrr ein er stums innaat komen.» – «Far aat Sandgil,» seier Starkad, «og seg Egil, at dei lagar seg til med femtan mann derfraa; eg skal koma med femtan andre aat Knaveholarne.» Torgeir mælte til Hildegunn: «Denne handi skal syna deg Gunnar daud i kveld.» – «Eg gjet paa,» seier ho, «at du kjem til bera hovudet laagt fraa møtet med honom.» Desse fire, far og søner, og elleve med dei fór aat Knaveholarne og bidde der. Sigurd Svinhovde kom aat Sandgil og mælte: «Eg er send hit av Starkad og sønom hans, for aa segja deg, Egil, at de, far og søner, skal fara aat Knaveholarne og leggja dykk i veg for Gunnar.» – «Kor mange skulde me vera?» seier Egil. «Femtan med meg,» seier Sigurd. Kol mælte: «I dag etlar eg meg til aa mæla magt med 112Kolskjegg.» – «Mykje tykkjer eg du etlar deg daa,» seier Sigurd. Egil baud austmennerne sine vera med. Dei sa seg ikkje aa hava noko ubytt med Gunnar – «det er svært so mykje som trengst her,» seier Tore, «naar slik ei mannamagt skal fara imot tri.» Egil gjekk fraa dei og var vreid. Husfrøya mælte daa: «Ille hev Gudrun, dotter mi, brote odden av storlætet sit og lege hjaa deg, naar du ikkje torer vera med værfar din – du maa nok vera ein kryp,» seier ho. «Eg skal gjera fylgje med bonden din,» seier han, «men ingen av os kjem att.» Han gjekk aat felagen sin og sa: «Tak kistelyklarne mine, for eg brukar dei ikkje oftare. Eg bed deg, at du tek av godset mit slikt du vil; men far aust att fraa her, og freist ikkje aa hemna meg. Reiser du ikkje, so vert det dauden din.» Austmannen tok vaapni sine og gav seg med dei.




62.

No er det aa taka til der, daa Gunnar reid aust yver Tjorsaai. Men som han kom lite fraa aai, vart han svevnug og bad dei hamna hestarne der. Dei gjorde so. Han sovna hardt og let ille i svevnen. Kolskjegg sa: «No drøymer Gunnar.» Hjort mælte: «Eg vil vekkja honom.» – «Det skal du ikkje,» seier Kolskjegg; «han skal njota draumen sin.» Gunnar laag ei lang rid. Han slengde av seg skjoldet, daa han vakna, og daa var han vorten reint sveitt. Kolskjegg mælte: «Kva hev du drøymt, frende?» – «Slikt hev eg drøymt,» seier Gunnar, «at eg skulde ikkje hava ride fraa Tunga so faament, hadde eg drøymt det daa.» – «Seg os draumen din,» seier Kolskjegg. «Eg drøymde,» seier Gunnar, «at eg reid frammed Knaveholarne. Der tyktest eg sjaa ein stor hop ulvar, og dei sette paa meg alle. Men eg 113skunda meg unda aat Rangaai. Daa tykte eg dei søkte aat fraa alle leier, men eg varde meg. Eg skaut alle dei som fremst var, til dei kom so nære, at eg ikkje fekk bruka bogen. Daa tok eg sverdet i eine handi og atgeiren i hi, og hogg og støytte. Eg varna meg ikkje, og eg kunde ikkje skyna, kva det var som tok hoggi av for meg. Eg drap mange av vargom, og du med, Kolskjegg. Men Hjort tykte eg dei hadde fenge under seg og sleit upp brjostet, og ein stod med hjarta hans i kjeften. Men daa tykte eg eg vart so vill, at eg hogg ulven av attantil bogarne. Etter det tok ulvarne spranget. No er det mit raad, Hjort frende, at du rid attende aat Tunga.» – «Eg vil ikkje det,» seier Hjort; «um eg veit den visse dauden min, so vil eg fylgja deg.» Dei steig til hest og reid langs med Knaveholom. Daa mælte Kolskjegg: «Ser du alle desse spjoti, frende, som kjem fram millom haugom der, og menner med vaapn?» – «Ikkje kjem det uventande paa meg,» seier Gunnar, «at draumen min sannast.» – «Kva skal me no taka til?» seier Kolskjegg; «eg gjet meg til, at du vil ikkje renna unda dei.» – «lkkje skal dei faa det gjera spott av,» seier Gunnar; «men me skal rida framaat Rangaai – fram paa neset. Der er det betre verjestad.» Dei reid fram paa neset og stelte seg paa. Kol mælte, daa Gunnar reid framum: «Kvart renn du av, Gunnar?» Kolskjegg svara: «Fortel um det du, naar dagen er all.»




63.

Starkad eggjar mennerne sine. Dei snur ut paa neset aat dei. Sigurd Svinhovde fór fyrst, og hadde eit stort einspengt skjold i eine handi og ein stake i den andre. Gunnar ser honom og skyt til honom med bogen. Han skaut upp skjoldet, daa han saag pili kom høgt 114fljugande. Pili flaug igjenom skjoldet inn i auga og ut nakken, og han vart den fyrste som let livet. Ei onnor pil skaut Gunnar, som raakte Ulvhedin, raads-karen hans Starkad, midt paa. Han stupte framfyre føterne paa ein bonde, og bonden tvert yver honom att. Kolskjegg kasta ein stein, som raakte bonden i hovudet, og det vart hans bane. Daa mælte Starkad: «Detta duger ikkje for os, at han slepp aat med bogen; lat os ganga fram kvast og uforfært.» Dei eggja einannan. Gunnar varde seg med bogen so lenge det let seg gjera. Sidan kasta han den og tok atgeiren i ei hand og sverdet i hi, og hogg med baae. Bardagen vart hard. Gunnar la ned den eine etter den andre, og det gjorde og Kolskjegg. Daa mælte Torgeir Starkadson: «Eg lova aa gjeva Hildegunn hovudet dit, Gunnar.» – «Ikkje gjer ho so mykje av det, tenkjer eg, um du er kar til aa halda den lovnaden elder ei,» seier Gunnar, «men du maa koma nærare, skal du det millom handom hava.» Torgeir mælte daa til brørne sine: «Lat os laupa paa honom alle i senn; han hev ikkje skjold, og no skal me raa med honom.» Dei flaug fram, Bork og Torkjell, og kom fyre Torgeir. Bork hogg til Gunnar. Gunnar slo atgeiren so hardt imot, at sverdet dreiv ut or handi paa Bork. Han ser Torkjell stend i hoggføre paa andre leii. Gunnar stod noko paa hall. Han sveivde til med sverdet; det raakte Torkjell paa halsen, so hovudet fauk av. Kol Egilson mælte: «Slepp meg framaat Kolskjegg; eg hev støtt sagt, at me maa vera jamføre i strid.» – «Det kan me freista no,» seier Kolskjegg. Kol støyter til honom med spjotet. Kolskjegg hadde det som mest annvint med aa gjera fraa seg ein annan, og fekk ikkje fyre seg skjoldet, og styngen kom i laaret utanbeins og gjekk igjenom. Kolskjegg snudde seg kvast, steig burtaat honom og hogg med sakset yver laaret og unda honom 115foten, og mælte: «Kva? raakte eg elder inkje?» – «Det fekk eg svia for,» seier Kol, «at eg var skjoldberr,» og stod ei stund paa hin foten og saag paa stubben. Kolskjegg mælte: «Ikkje treng du sjaa etter; det er nett som du tykkjer; av er foten.» Kol fell daa daud ned. Men daa Egil, far hans, ser det, løyp han aat Gunnar og høgg til honom. Gunnar støyter imot med atgeiren og raakte Egil midtpaa, veg honom so upp paa atgeiren og kastar honom ut i Rangaai. Daa mælte Starkad: «Ein vesallmann er du, Tore austmann, som sit still no, daa Egil, husbond og værfar din, er drepen.» Daa spratt austmannen upp i stort egse. Hjort hadde vorte tvo manns bane. Austmannen flyg til og høgg honom eit djupt hogg framan i bringa. Hjort fell daud ned straks. Gunnar ser det og kastar seg kvast fram til hogg imot austmannen og sneier honom tvert av midtpaa. Lite seinare skyt Gunnar atgeiren til Bork og raakar honom midtpaa, so atgeiren flaug igjenom honom og ned i vollen. Kolskjegg hogg hovudet av Hauk Egilson, men Gunnar hogg handi av Ottar i olbogeboti. Daa mælte Starkad: «Lat os fly no; det er ikkje folk me slæst med.» Gunnar mælte: «De tykkjer visst, fedgar,Oversetternote: Fedgar: far og son (søner). det er leitt aa bera fraasegn um striden, naar det ikkje syner, at de hev vore med.» Gunnar sprang etter og gav far og son kvar sit saar. Etter det skildest dei; men Gunnar hadde saara mange av dei som kom unda. Det fall fjortan i denne bardagen. Hjort var den femtande. Gunnar førde Hjort heim paa skjoldet sit, og han vart hauglagd paa Lidarende. Det var mange som syrgde paa honom; for han var vensæl. Starkad og kom heim, og Hildegunn grødde saari hans og hans Torgeir og mælte: «De kunde gjeve mykje til, hadde striden med Gunnar vore ugjord.» – «Det er so,» seier Starkad.




64.

116Steinvor paa Sandgil bad Torgrim austmann taka gardsstyret hjaa henne, og ikkje fara aust att, og paa denne maaten minnast dauden aat felagen og frenden sin. Han svara: «Det spaadde han meg, Tore, at vart eg her verande, so kom eg til aa falla for Gunnar, og han visste nok det og, han, som visste sin eigen daude fyreaat.» Ho svarar: «Eg vil gjeva deg Gudrun, dotter mi, og helvti med meg av alt eg hev, um du vil vera.» – «Eg visste ikkje du vilde kjøpa det so dyrt,» seier han. Dette vart daa avgjort, og gjestebodet vart straks den sumaren. Gunnar reid aat Bergtorskvaal, og Kolskjegg var med. Njaal var ute, og sønerne hans; dei gjekk imot dei og fagna dei vel. Gunnar mælte: «Hit er eg komen for aa søkja baade hjelp og gode raad hjaa deg.» – «Det er du vel skyldt til,» seier Njaal. Gunnar sa: «Eg er komen i ein stor vanraade og hev drepe mange menner, og no vil eg vita, kva du vil det skal gjerast.» – «Mange vil segja, at du hev vore hardt nøydd,» seier Njaal, «men no lyt du gjeva meg god tid til aa tenkja yver det.» Njaal gjekk ut ein-saman og tenkte det ut, og kom so att og sa: «No hev eg tenkt yver det noko, og det tykkjest meg, at dette maalemnet lyt drivast med hardo. Torgeir hev barna Torfinna, frenka mi, og eg skal gjeva deg den legomaals-saki paa henderne. Ei onnor skoggangs-sak gjev eg deg paa Starkad, for di han hev hogge i skogen min paa Trihyrningshalsarne. Du skal faa baae desse aa søkja honom med. So skal du fara dit de slost, og grava upp dei daude, nemna vitne paa saari og lysa dei uhelga, for di dei fór imot deg med dei tankom aa gjeva saar og braadaude deg og brørom dine. Men er detta prova paa tinget, og dei set imot det, at du hev slege Torgeir 117fyreaat, og ved det mist retten din til aa søkja saker for deg sjølv og andre, so skal eg gjeva svar paa det og segja, at eg helga deg paa Tingskaaletinget, so du kunde søkja baade eigne maal og andre, og daa er det svara paa det maalemnet. Og so skal du finna Tyrving i Berjanes og faa honom til aa gjeva deg ei sak paa hender, som han hev med Ønund i Trollskog, bror hans Egil; for han er næraste ettermaalsmannen etter honom.» Gunnar reid fyrst heim att, men nokre næter etter reid Gunnar og Njaalssønerne dit som liki laag, grov dei upp alle som var nedgravne, og lyste dei alle uhelga aa vera for yverfall og liv-raad, og reid so heim.




65.

Sama hausten kom Valgard hin graa austanfraa og fór heim aat Hov. Torgeir reiste til Valgard og Môrd og fortalde dei, kva for eit meinbægje det var, at Gunnar hadde uhelga alle dei som var drepne. Valgard sa, at det var nok etter raadom hans Njaal, og dei var nok ikkje enno uppkomne, alle dei han hadde gjeve Gunnar. Torgeir bad dei um hjelp og fylgje. Dei drog seg unda lenge, men sistpaa tinga dei um stor pengeløn. Dei vart samde um, at Môrd skulde fri aat Torkatla, dotter hans Gissur Kvite, og Torgeir skulde rida i fylgje med Valgard og Môrd vest-um aaerne. Dagen etter reid dei ut tolv-saman, og kom til Mosfell. Der vart dei vel fagna og vart der um natti. Dei bar fram maalemnet um friingi, og enden vart den, at dei tok ved giftet, og laget skulde vera paa Mosfell um ein halv maanad. Sidan fór dei heim. Far og son fór med stort fylgje til gjestebods – der var og mange komne fyre, og laget gjekk vel. Torkatla flutte til aat Môrd, men Valgard fór austerpaa att um sumaren. Môrd eggja Torgeir upp 118til at han skulde bu til maalemnet mot Gunnar. Torgeir fór til Ønund i Trollskogen og bad honom bu seg til med draapssak etter Egil, bror sin, og sønerne hans; «men eg vil bu til draapssaki etter brørom mine og for saari som eg og far min fekk.» Ønund sa, at til det var han fullbuen. Dei drog til vigstaden, lyste draapi og nemnde seg nie vigvangsvitne.

Denna maaltilbunaden spurdest aat Lidarende. Gunnar reid for aa finna Njaal og seier honom det, og spør kva han vilde det no skulde gjerast. «No skal du,» seier Njaal, «stemna saman nærbuarne og lysingsvitni dine, og taka dei til vitne paa, at du vêl Kol til draapsmann aat Hjort; for det er rett. Sidan skal du lysa draapet til aa koma paa Kol, like vel um han er daud. So skal du nemna deg vitne og stemna nærbuarne til aa rida til Alltings og bera vitne, um Kol og dei andre var til stadar og var med i paa-laupet, daa Hjort vart drepen. Og so skal du stemna Torgeir for legomaals-saki og so Ønund for saki med Tyrving.» Gunnar gjorde i alle maatar soleis som Njaal hadde raadt honom til. Detta tykte folk var ein undarleg maaltilbunad. Saki kom so til tings. Gunnar reid til tings, og Njaal og sønerne hans og Sigfussønerne. Gunnar hadde sendt ein mann aat maagom sine og bedt dei møta fram mannsterke, og sa at dette vart ei harddrøg sak for honom. Og dei vestantil samla stort fylgje. Môrd reid til tings, og Runolv fraa Dal, dei unda Trihyrningen og Ønund fraa Trollskogen.




66.

Men daa desse mennerne kom til tings, slo dei seg straks i lag med Gissur Kvite og Geir Gode. Gunnar, Sigfussønerne og Njaalssønerne var i ein flokk, og fór 119so kvast fram, at dei som møtte dei laut sjaa seg fyre, at dei ikkje vart drivne overende. Og det var ikkje noko paa heile tinget det var so mykje røtt um som denna store trætta. Gunnar gjekk til møtes med maagom sine, og Olav og dei fagna honom vel. Dei spurde Gunnar um dragsmaalet, og han gjorde vel greia for all ting, tala ingen for nær, og sa dei kva han sidan hadde gjort. Olav mælte: «Det er mykje verdt, so fast som Njaal stend deg ved sida i alle raadgjerder.» Gunnar sa, at han aldri kunde løna det til fullnad. Han bad dei um hjelp og fylgje. Dei sa, at det var deira skyldnad. Baae maali kom for retten, og kvar førde sit. Môrd spurde, kva rett ein mann som Gunnar hadde til aa føra sak, som hadde gjort seg uhelga med aa slaa Torgeir Starkadson. Njaal svara: «Var du paa Tingskaaletinget i haust var?» – «Visst var eg det,» seier Môrd. «Høyrde du, at Gunnar baud honom full semja?» – «Visst høyrde eg det,» seier Môrd. «Daa fredhelga eg Gunnar,» seier Njaal, «til aa føra alle lovlege saker.» – «Rett er detta,» seier Môrd; «men kor ber til, at Gunnar lyste draapet paa Hjort til aa koma paa Kol? for det var austmannen som drap honom.» – «Det var rett,» seier Njaal, «naar han tok vitne paa, at han valde honom ut til draapsmann.» – «Detta er nok rett,» seier Môrd; «men kva var det Gunnar lyste dei uhelga for, alle dei som var drepne?» – «Du treng ikkje spyrja um det,» seier Njaal, «der dei alle var utgjengne paa meinverk og manndraap.» Môrd mælte: «Det vart det ikkje til med Gunnar.» – «Dei var brørne hans Gunnar baade Hjort og Kolskjegg,» seier Njaal, «og den eine fekk bane, og den andre fekk saar.» – «Loven hev de med dykk,» seier Môrd, «endaa det er hard kost aa ganga paa.» Daa gjekk han fram, Hjalte Skjeggjeson fraa Tjorsaadal, og mælte: «Ikkje er eg innblanda i trætta 120dykkar; men no vil eg vita, Gunnar, kva du vil gjera for mine ord og venskaps skuld.» – «Kva krev du?», seier Gunnar. «Det,» seier Hjalte, «at du legg alle maali under skyns-dom og læt gode menner døma.» Gunnar mælte: «Daa skal du aldri vera imot meg, kven eg so hev med aa gjera.» – «Det vil eg lova deg,» seier Hjalte. Sidan tala han ved motmennerne hans Gunnar, og det kom til det, at dei sættest alle og gav einannan full trygd. Saaret som Torgeir hadde fenge, skulde gaa jamnt upp med legomaalssaki, og skoghogsten med saaret hans Starkad. Brørne hans Torgeir vart bøtte med halv bot; den andre halva skulde falla burt for yverfallet paa Gunnar. Draapet paa Egil og saki med Tyrving skulde gaa jamnt upp. Draapet paa Hjort skulde gaa upp med draapet paa Kol og austmannen. Dei andre vart bøtte med halv bot. Njaal var med i denne sættar-nemndi, og Aasgrim Ellidagrimsson og Hjalte Skjeggjeson. Njaal hadde mykje til gode baade hjaa Starkad og hjaa dei i Sandgil, og alt det gav han Gunnar til aa bøta med. So mange vener aatte Gunnar paa tinget, at han kunde greia ut bøter for alle draapi daa med sama, og endaa gjeva mange gaavor aat hovdingom som hadde hjelpt honom, og han hadde den største sømd av saki. Alle var dei samde um, at hans jamning fanst ikkje i Sørlendinga-fjorungen. Gunnar reid heim, og sat no i fred. Men motmennerne hans ovunda honom mykje sømdi hans.




67.

No er det aa fortelja um Torgeir Otkjellson. Han mannast vel, vart ein staut mann, stor og sterk, trulynd og godtruen og vel mykje etterhøyren etter andre. Han var vensæl millom dei beste menner og elska av frendom 121sine. Ein gong kom Torgeir Starkadson aat Môrd frenden sin. «Eg likar ille den vending ho tok, saki med Gunnar,» seier han. «Du veit eg hev kjøpt hjelp av deg, so lenge me baae er i live. Og no vil eg, at du skal tenkja ut ei elder onnor raadgjerdi som kan verta Gunnar til mein. Og legg deg no i det! Eg talar so beint ut, av di eg veit, at du er verste uvenen hans Gunnar, og han din; eg skal storleg auka sømdi di, um du gjer dit beste.» – «Det syner seg jamnan,» seier Môrd, «at eg er pengekjær, og like eins her med. Men det vert vandt aa stella det so, at du kan faa dit fram, og endaa sleppa verta grid-nidding og trygdarrovs-mann. Men det er meg sagt, at Kolskjegg etlar seg til aa løysa inn att fjorungen av Moeidarkvaal, som far din fekk i sonarbot. Detta maalemnet hev han teke for mor si, og det er raadi hans Gunnar aa leggja ut lausøyre og ikkje sleppa jordi. Det er best aa bia, til det er gjort, og daa segja, at han hev brote semja med dykk. Han hev og teke saaland fraa Torgeir Otkjellson, so sætten med honom er og broten. Du skal fara til Torgeir Otkjellson og faa honom med deg mot Gunnar. Men um det glett for dykk einkvarn gongen, so de ikkje fær gjort det av med honom, so skal de gaa paa honom oftare. Eg kan segja deg, at Njaal hev spaatt Gunnar og sagt honom lagnaden hans, at drep han meir en ein gong i sama ættgreini, og so det kjem attaat, at han riv sætten som daa vert gjord, so hev han ikkje att lenge ulevt. Og det er for di du skal draga Torgeir inn i maalemnet dit, at Gunnar hev drepe far hans fyrr. Naar de so baae kjem i kast med Gunnar, so skal du halda deg attende. Men Torgeir gjeng fram vel, han, og vert felld av Gunnar; daa hev han drepe tvo gonger i sama ættgreini, og daa skal du fly fraa striden. Men um dette vil draga honom daude paa, daa kjem 122han og til aa riva sætten. Til des fær ein daa bia.» Etter dette fór Torgeir heim og seier far sin detta i løynd. Dei vart samde um aa halda denna raadgjerdi for seg sjølve.




68.

Noko seinare fór Torgeir Starkadson til Kyrkjebø for aa finna namnen sin, og dei gjekk til samtals og tala tvo-eine heile dagen. Men sistpaa gav Torgeir Starkadson namnen sin eit gull-lagt spjot; sidan reid han heim. Dei vart no dei beste vener. Paa Tingskaaletinget um hausten søkte Kolskjegg den jordluten av Moeidarkvaal, men Gunnar nemnde seg vitne og baud dei fraa under Trihyrningen lausøyre elder anna land etter lovleg takst. Torgeir nemnde seg vitne, at Gunnar braut semja med dei. Etter dette slutta tinget. Det aaret gjekk. Namnarne er ofte saman, og det er skripgodt med dei. Kolskjegg sa ein gong til Gunnar: «Det er meg sagt, at det er overlag hæv venskap med Torgeir Otkjellson og Torgeir Starkadson, og det er mange menns tale, at dei ikkje er aa tru; og eg vil beda deg vera var um deg.» – «Feigdi mi kjem fulla,» seier Gunnar, «kvar eg er stadd, er det so etla meg.» Dei tala ikkje meir um det.

Gunnar sa fyre um onni, at fyrst skulde dei onna ei vika heime, og so den andre nede paa øyom, til dei fekk gjort fraa seg høyonni, og alle skulde vera med, so nær som han og kvinnorne. Torgeir unda Trihyrningen fór aat namnen sin. Straks dei fanst, talast dei ved, som dei var van. Torgeir Starkadson mælte: «Eg hadde vilja, at me skulde herda os til aa fara mot Gunnar.» – «Slike hev møti med Gunnar vore,» seier Torgeir Otkjellson, «at faae hev gjenge fraa dei med 123siger; og illt tykkjest meg det er aa heita gridnidding.» – « Dei hev brote semja; ikkje me,» seier Torgeir Starkadson; fraa deg tok han saalandet dit, og fraa meg og far min tok han Moeidarkvaal.» Dei vart samstelte um aa fara imot Gunnar. Torgeir Starkadson sa, at um nokre faae næter vart Gunnar verande aaleine heime; «du skal møta med tolv mann, og eg skal hava jamnt like mange. Sidan reid Torgeir heim.




69.

Daa tenestkararne og Kolskjegg hadde vore tri næter nedpaa øyom, fekk Torgeir Starkadson nysn um det og sende bod aat namnen sin, at han skulde møta honom under Trihyrningshalsarne. Sidan laga han seg til med elleve menner. Han reid innpaa halsen og bidde paa namnen sin. Gunnar var aaleine heime paa garden. Namnarne reid inni noko skog; der vart dei so svevnuge, at dei kunde ikkje anna en sova. Dei hengde skjoldi paa greinerne, batt hestarne sine og sette vaapni frammed seg. Denne natti var Njaal paa Torolvsfell. Han fekk ikkje sova, men gjekk ut og inn. Torhild spurde, kvifor han ikkje fekk sova. «Det er mangt som berst for augo mine,» sa han. «Eg ser mange fylgjor, som vil Gunnar vondt; men det er so undarlegt: Dei ser olme ut, men fer likevel raadlaust fram.» Lite etter kom det ein mann innaat døri ridande, steig av hesten og kom inn; det var saugjætaren hennar Torhild. Ho sa: «Kor gjekk det, fann du sauerne?» – «Eg fann det som meir var,» seier han. «Kva er det,» seier Njaal. «Eg fann fire-og- tjuge menner uppi skogen,» seier han; «dei hadde bunde hestarne sine og sov sjølve. Dei hadde fest skjoldi sine paa greinerne.» Og so vel hadde han set etter, at han sa fraa, korleis kvar var klædd og 124væpna. Daa visste Njaal, kven kvar var, og sa ved honom: «Ein god tenar er du – berre det var mange slike – detta skal du stendig njota godt av; men likevel, eg vil senda deg i vegen att.» Han jatta aa fara. «Du skal fara aat Lidarende,» seier Njaal, «og segja til Gunnar, at han fer aat Grjotaa og samlar folk; men eg skal fara aat dei som i skogen er, og skræma dei fraa. Dette hev bore so vel til, at dei ingenting skal vinna med detta, men missa mykje.»

Sauemannen fór og fortalde Gunnar greitt alt saman. Gunnar reid aat Grjotaa og stemnde aat seg folk. Njaal reid stad og fann mennerne. «Uvarleg ligg de til,» seier han, «elder kva skal denna ferdi vera til? Gunnar er ingen godsau. Og um sant skal segjast, so er detta aa liggja hardt etter livet hans. Og det skal de og vita, at Gunnar samlar folk og kjem yver dykk og drep dykk, um de ikkje skundar dykk og rid heim att.» Dei skvett upp, reint forstøkte, tek vaapni sine, kastar seg paa hestarne og legg i vegen heim att aat Trihyrningen. Njaal fór aat Gunnar og bad honom ikkje aa sleppa hjelpi fraa seg; «eg skal fara imillom og faa dykk forlikte; dei er so høveleg rædde no. Men for desse raadi mot livet dit, som dei er alle um, skal det ikkje verta mindre bøter en for ein av namnarne, um so ber til, at ein av dei vert felld. Eg skal taka sylvet i vareign, so det er til handa for deg, um du fær bruk for det.»




70.

Gunnar takka Njaal for hjelpi. Njaal reid under Trihyrningen og sa dei, at Gunnar skilde ikkje flokken, fyrr det var greitt med dei. Dei baud bot for seg, og var overlag ottefulle, og bad Njaal fara med sættar-bod. Han svara, at berre daa vilde han fara med det, naar 125ingi svikraad var under. Dei bad honom vera med og faa det stilt att, og lova ut aa halda den sætten som han vilde gjera. Njaal sa han vilde ikkje gjera noko ved det fyrr paa tinget, naar dei beste menner var med. Dei gjekk med paa det. Njaal gjekk daa imillom dei, so dei handfeste kvarandre grid og semja. Njaal skulde vera skilsmann og taka med i skynsnemndi dei han vilde. Straks etter raaktest namnarne og Môrd Valgardson. Môrd tala dei hardt til, for di dei hadde lagt det under Njaal, som var slik ven med Gunnar, og meinte at det stod dei seg ikkje paa.

Folk rid til Alltings som vanleg. Baae flokkarne er paa tinget. Njaal kravde ljod, og spurde hovdingarne og dei beste menner som der var komne, kva krav dei tykte Gunnar kunde hava paa namnarne for det dei hadde stade etter livet hans. Dei svara, at dei tykte ein slik mann hadde stor rett for seg. Njaal spurde, um han hadde krav paa alle som var med, elder um fyremennerne skulde svara for alt. Dei sa, at førarane hadde aa svara mest, men dei andre helder ikkje so lite. «Det vil mange mæla,» seier Môrd, «at det var ikkje saklaust; for Gunnar hev brote semja ved namnarne.» – «Ikkje er det sættar-rov,» seier Njaal, «at kvar søkjer sin rett etter loven. For med lov skal landet vaart byggjast, og ikkje med ulov øydast.» Og Njaal sa mennerne, at Gunnar hadde bode onnor jord for Moeidarkvaal elder gods i staden. Namnarne tykte, at dei var snytte av Môrd, gav honom vondord, og sa dei hadde honom aa takka for detta utlegget. Njaal tok ut ei tolvmannsnemnd til aa avgjera dette maalet. Dei som hadde vore med, laut ut med eit hundrad i sylv kvar, men namnarne med tvo hundrad kvar seg. Njaal tok imot alt godset til varveitsla. Dei gav kvarandre trygd og grid, og Njaal sa fyre. Gunnar reid fraa tinget vest aat Dalom til 126Hjardarholt. Olav Paa tok vel imot honom. Han vart der ein halv maanad. Gunnar fór mange stader ikring, og alle tok imot honom med fegne hender. Men i skilnaden sa Olav til Gunnar: «Eg vil gjeva deg tri dyre ting: ein gullring og ei kappa, som Myrkjartan, irekongen, hev aatt, og ein hund, som eg og fekk i Irland. Han er stor, og det er likso godt fylgje i honom som i ein rask mann. Og han er slik, at han hev mannevit. Og han vil søkja paa kvar ein som han veit er uvenen din, men aldri paa dine vener; for han ser det paa kvar mann, um han vil deg vel elder ille. Og han set livet inn paa aa vera deg tru. Han heiter Saam.» Sidan sa han til hunden: «No skal du fylgja Gunnar og vera honom til all den hjelp du kan.» Hunden gjekk burtaat Gunnar straks og la seg ved føterne hans. Olav bad Gunnar vera var um seg, og sa han hadde ovundsmenner, «for di at du no er den mest aagjetne mannen i landet.» Gunnar takka honom for gaavorne og dei gode raad, og reid heim. Han sit no heime ei rid, og alt er stilt.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Njaala (elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans)

Njaala/Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans/Njåls saga er den største av islendingesagaene. Den ble skrevet ned på slutten av 1200-tallet, trolig basert på historiske hendelser iblandet diktning og vandrehistorier. Teksten er bevart i en rekke manuskripter, for eksempel i håndskriftet Möðruvallabók, som også inneholder teksten til ti andre islendingesagaer.

Handlingen foregår for det meste på Island i tiden rundt år 1000, og skildrer livene til Gunnar Hammundarsson fra Lidarende og Njål Torgeirsson. De to mennene er svært forskjellige, men har et sterkt vennskap. Vennskapet settes dog stadig på prøve når slektningene deres ofte egger til strid og uvennskap. Sagaen handler også om overgangen fra hedenskap til kristendom.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.