Njaala (elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans)

[kap. 71–80]


71.

Lite seinare kom dei saman namnarne og Môrd. Dei vart ikkje sameinte. Dei tyktest hava mist mykje gods for Môrd si skuld og ikkje fenge noko att, og bad honom finna paa ei onnor raadgjerd, som kunde vera Gunnar til mein. Môrd sa, at det vilde han gjera. «Og det er no mit raad, at Torgeir Otkjellson legg seg ut um aa daara Ormhild, frenka hans Gunnar; av det vil Gunnar taka utokke aat deg. Eg skal faa ut det ordet, at Gunnar ikkje vil lata det staa til med det. Noko seinare skal de fara imot honom. Men de skal ikkje gaa paa honom heime; for det er ikkje aa meina paa for nokon, so lenge hunden lever.» Dei vart 127samstelte um, at soleis skulde det farast fram. Sumaren gjekk. Torgeir tok til aa gaa aat Ormhild. Gunnar tykte ille um det, og det la seg stor utokke imillom dei. Og soleis gjekk vintren. Sumaren kom, og dei heldt ved aa møtast i løynd alt som oftast daa med. Torgeir unda Trihyrningen og Môrd fanst ofte, og raad-la at dei skulde taka paa Gunnar, naar han reid ned aat øyom for aa sjaa til med arbeidet aat huskarom sine. Ein gong vart Môrd var, at Gunnar reid ned i øyarne, og so sende han ein mann aat Trihyrningen, til aa segja Torgeir, at no var det best von til aa koma yver Gunnar. Dei fekk det braatt med aa koma seg i vegen, og fór heiman tolv mann i fylgje. Men daa dei kom aat Kyrkjebø, var det der tolv andre. Dei tala um, kvar dei skulde setja seg fyre, og dei vart samde um aa fara nedetter aat Rangaai og leggja seg i veg for honom der. Daa Gunnar kom ridande nedantil fraa øyom, reid Kolskjegg med honom. Gunnar hadde boge og piler og atgeiren. Kolskjegg hadde sakset og full væpning.




72.

Som Gunnar og Kolskjegg rid upp med Rangaai, ber det til det hendet, at det fell blod paa atgeiren. Kolskjegg spurde, kva det hadde aa sæta. Gunnar sa, at naar noko slikt hende, so kalla dei det saar-regn i andre land. «Og han sa so Ølve i Hising, at det var jamnan fyre stor-møte.» Dei reid til des dei fekk sjaa mennerne ved aai; dei ser, at dei sat og hadde bunde hestarne sine. Gunnar mælte: «Det er nok fyreseta her.» – «Dei hev lenge vore lite aa tru,» seier Kolskjegg; «kva raad skal me no taka?» – «Me skal rida framum dei,» seier Gunnar, «og uppyver aat vadet og stella os paa der.» Dei hine ser det og set etter straks. 128Gunnar tømer pileholken ned paa marki framfor seg, spenner bogen, og skyt, so snart dei kjem i skotmaal. Med det saara han mange og drap sume. Daa mælte Torgeir Otkjellson: «Dette duger os ikkje; lat os gaa paa som hardast.» Dei gjorde so. Fyrst gjekk Ønund hin fagre, frenden hans Torgeir. Gunnar skaut atgeiren til honom; den raakte i skjoldet, so det klovna i tvau, og atgeiren flaug igjenom Ønund. Øgmund Floke flaug paa Gunnar bakan-ifraa. Kolskjegg saag det og hogg baae føterne unda honom og støytte honom ut i Rangaai, so han drukna med det sama. No vart striden ofsen og hard. Gunnar stakk med eine handi og hogg med hi. Kolskjegg og la ned den eine etter den andre og saara mange. Torgeir Starkadson mælte til namnen sin: «Ein ser lite til, at du hev far din aa hemna.» Torgeir svarar: «Det vantar visst paa, at eg hev gjenge vel fram; men endaa hev ikkje du fylgt i hælarne paa meg. Men likevel skal eg ikkje taka mot fleire neiseord av deg.» Han renner til Gunnar i fullt sinne og støyter spjotet igjenom skjoldet og so igjenom handi paa honom. Gunnar snara skjoldet so hardt, at spjotskaftet brotna i falen. Gunnar ser, at ein annan mann er komen i hoggmaal med honom, og hogg fyrst honom banehogget. Etter det tok han atgeiren med baae handom. Daa var Torgeir komen tett innpaa honom med sverdet i høgste hogg. Gunnar snur seg kvast imot Torgeir i full vreide, set atgeiren igjenom honom, veg honom til vers og kastar honom ut i Rangaai. Han rek nedaat vadet og vart liggjande der yver ein stein, og sidan hev det heitt Torgeirsvadet. Torgeir Starkadson mælte daa: «Lat os fly; som det no er, kan me ikkje venta vinningi denne gongen.» Dermed tok dei vegen ifraa alle saman. «Lat os setja etter dei,» seier Kolskjegg. «Tak du bogen og pilerne; du kan nok 129koma i skotmaal med Torgeir Starkadson.» Gunnar svara: «Pengepungarne vert tome, naar desse er bøtte som ligg her.» – «Sylvet rekk nok til,» seier Kolskjegg; «men Torgeir gjev seg ikkje, fyrr han fær raadt deg bane.» – «Det skal faa staa nokre slike som han i vegen min, fyrr eg er rædd dei,» seier Gunnar. Sidan reid dei heim og seier kva som er hendt. Hallgjerd fegnast ved tidendi og roste verket. Rannveig mælte: «Kan so vera, at verket er godt; men so illt med som eg vart ved det, hev eg vondt for aa tru, at det kan koma noko godt av det.»




73.

Denne tidendi spurdest vidt, og det var mange som syrgde paa Torgeir. Gissur Kvite og Geir Gode reid dit striden hadde stade, lyste draapi og sa til nærbuar til aa møta paa tinget, og reid so vestetter att. Njaal og Gunnar kom saman og talast ved um bardagen. Daa mælte Njaal: «Ver no var um deg; no hev du drepe tvo gonger i sama ættlina; hugs paa, at livet dit ligg ved, um du ikkje held den semja som vert gjord.» – «Paa ingen vis etlar eg aa brjota den,» seier Gunnar; «men eg kjem hardt til aa trenga di hjelp paa tinget.» Njaal svara: «Eg skal halda ved sama truskapen mot deg til min døyande-dag.» Gunnar reid heim. Det leid innaat tinget. Baae flokkarne kom mannsterke. Paa tinget var det dette dei hadde uppe millom seg alle folk, kva ende det kom til aa taka med dette maalemnet. Gissur Kvite og Geir Gode talast ved sins-imillom, kven av dei som skulde lysa draapssaki etter Torgeir. Det vart so, at Gissur tok henne. Han lyste saki paa lovberget og tok soleis til ords: «Eg lyser lovmælt yverfallssak paa Gunnar Haamundson, for di han fór med lovmælt 130yverfall mot Torgeir Otkjellson og gav honom hôl-saar, som vart til eit ulivssaar, og som Torgeir fekk bane av. Nemner eg honom for den saki saka skoggangsmann, ualande, uferjande, uraadande med noko bergingsraad. Nemner eg alt hans gods forbrôte, helvti aat meg, helvti aat fjorungsmennom, dei som eig aa taka forbrote gods etter honom etter loven. Eg lyser til den fjorungsdom som saki høyrer inn under etter loven; eg lyser lovleg lysing. Lyser eg i høyrande logn paa lovberget, og eg lyser til søksmaal i sumar og til full fredløysa yver Gunnar Haamundson.» Andre gongen nemnde Gissur seg vitne og lyste sak paa Gunnar Haamundson, saar-sak, for di han gav Torgeir Otkjellson hôlsaar som ulivssaar vart og som Torgeir fekk bane av paa den vigvangen der Gunnar fór mot Torgeir med lovmælt yverfall. Sidan lyste han denne lysingi som den fyrre. Og sist spurde han etter tingfeste og heimvist. Etter det gjekk folk fraa lovberget. Alle sa han hadde tala godt. Gunnar var still av seg og sa ikkje mykje. Det lid frampaa tinget, til den tid at fjorungsrettarne skal setjast. Gunnar stod nordanfor Rangæinga-retten med mennom sine, men Gissur og hans flokk stod sunnanfor. Gissur nemnde seg vitne og baud Gunnar lya paa eiden sin, paa saki han sa fram, og alle dei gagnmaal han tenkte aa føra i saki. Etter det gjorde han eid. So sa han fram saki si, med same ordlagi som daa han lyste henne. So førde han fram lysingsvitne. So baud han nemndsmennerne til sætes og motflokken til aa rydja nemndi.




74.

Daa mælte Njaal: «No er det ikkje tid til aa sitja og ingen ting gjera; lat os gaa dit nemndi sit.» Dei gjekk dit og rudde fire buar utor nemndi, og nemnde 131dei fem som sat att til aa bera bergingsmaal for Gunnar, um ikkje Torgeir Starkadson og Torgeir Otkjellson hadde fare imot Gunnar med den tanke aa gjera yverfall paa honom, um dei kunde. Alle vitna daa med ein gong, at so var det. Njaal nemnde det som lovleg vern i saki, og sa seg aa vilja bera fram verni, um dei ikkje vilde sættast. Daa var det mange hovdingar som la seg frami og kravde semja; og det vart til det, at tolv menner skulde døma i saki. Baae flokkarne gjekk fram og handfeste semja. Etter di vart saki uppteki til skynsdom, og bøter fastsette, og dei skulde leggjast ut der paa tinget. Gunnar og Kolskjegg skulde fara fraa landet og vera burte i tri aar. Men um Gunnar ikkje reiste, so sant det var raad til det, daa hadde frendarne aat dei drepne lov til aa taka livet hans. Gunnar let seg ikkje merka med, at han tykte sætten ikkje var god. Han spurde Njaal etter det godset som han hadde gjeve honom til varveitsla. Det hadde øksla seg under Njaals hender, og daa han greidde det ut, var det jamnt so mykje som Gunnar skulde ut med. Folk rid no heim. Gunnar og Njaal fylgdest fraa tinget. Daa mælte Njaal til Gunnar: «Sjaa no so til, gode ven, at du held denne sætten, og drag deg til minnes det me hev tala um. So visst som den fyrste utferdi di vart deg til stor sømd, so skal denne verta det endaa mykje meir. Du kjem daa att med stor mannvyrnad og vert ein gamal mann, og det vert ingen her til aa ganga framum deg. Men dersom du ikkje fer, men riv sætten, daa vert du drepen her i landet – og det er illt aa vita for dei som er venerne dine.» Gunnar sa, han tenkte ikkje aa brjota semja. Han rid heim og fortel um avgjerdi som var gjord. Rannveig, mor hans, sa det var vel, at han fór or landet, so dei fekk einkvarn annan aa stridast med so lenge.




75.

132Traain Sigfusson sa til kona si, at han etla seg til aa fara utanfraa den sumaren. Ho sa det var raad til det. Han tinga seg føre med Hogne hin kvite; Gunnar og Kolskjegg med Arnfinn hin vikværske. Grim og Helge Njaalssøner bad far sin um løyve til aa fara utanfraa. Njaal mælte: «Ho vert so meinsam for dykk den ferdi, at de kjem til tykkja det er tvisynt med livet; men noko heidr og vyrnad kjem de til aa vinna millom folk. Men det kan nok vera von, at ferdi dreg vandemaal med seg, etter at de kjem hit ut att.» Dei bad likevel alt i eit um aa faa fara, og det vart so, at han gav dei lov til det, um dei vilde. Dei tinga seg føre med Baard hin svarte og Olav, son hans Kjetil fraa Elda. Og det vart mykje umtala, at so mange av dei beste i bygdi fór burt.

Hogne og Grane, sønerne hans Gunnar, var so vidt vaksne. Det var ulike brørar, desse tvo. Grane hadde mykje av skaplyndet aat mor si, men Hogne var god av seg. Gunnar let varorne sine og hans Kolskjegg føra til skips. Og daa alt reisefanget hans var kome paa skipet, og det var ferdugt til aa sigla, reid han aat Bergtorskvaal og andre gardar for aa finna folk og takka alle som hadde gjeve honom hjelp. Tidleg um morgoen dagen etter gjorde han seg ferdug til aa fara paa skipet, og sa til alt folket sit, at no reid han burt for ollo. Dei tykte dette var stridt, men dei gjorde seg von um, at han kom nok att aat dei ein gong. Gunnar tok farvel med kvar for seg av husfolki sine, daa han var buen, og dei fylgde honom ut alle saman. Han stakk atgeiren i jordi og kasta seg uppi salen, og han og Kolskjegg reid burt. Dei reid nedmed Markarfljot. Daa snaava hesten hans Gunnar, so han rapa av. Han kom til aa sjaa seg 133attende, upp til lidi og bøen paa Lidarende. Daa sa han: «Fager er lidi, so at meg hev ho aldri synst so fager som no – gule aakrar og slegne bøar – eg vil rida heim att og ingenstad fara.» – «Gjer ikkje uvenerne vaare den hugnaden,» seier Kolskjegg, «at du bryt ordet dit; for ingen ventar seg det av deg. Og du kan vera viss um, at det gjeng som Njaal hev sagt.» – «Eg vil ingenstad fara,» seier Gunnar, «og so hadde eg vilja at du og skulde gjort.» – «Eg vil ikkje det,» seier Kolskjegg; «korkje i dette elder i anna vil eg gjera skam paa den tiltru folk hev til meg. Det vert daa so, at dette eine kjem til aa skilja os. Men seg mor mi og frendarne mine, at eg etlar meg ikkje til aa sjaa Island meir; for eg kjem til aa spyrja dauden din, frende, og daa er det ikkje noko her som dreg meg attende.» Soleis skildest dei. Gunnar reid heim, men Kolskjegg reid til skips og fór fraa landet. Hallgjerd vart fegi av Gunnar, daa han kom heim, men mor hans sa ikkje stort. Gunnar sat heime hausten og vintren, og hadde ikkje mange menner um seg. Det lid so vintren gjeng utor garden. Olav Paa sende ein mann aat Gunnar og bad honom og Hallgjerd aa koma der, og lata mor si og Hogne, son sin, styra garden. Gunnar var fyrst huga paa det og sa ja; men daa det skulde verta av, so vilde han ikkje.

Men paa tinget um sumaren lyste Gissur og Geir Gunnar utlæg paa lovberget. Og fyrr tinglyden gjekk fraa einannan, stemnde Gissur alle uvenerne hans Gunnar til Allmannagjaa: Starkad unda Trihyrningen og Torgeir, son hans, Môrd og Valgard hin graa, Geir Gode og Hjalte Skjeggjeson, Torbrand og Aasbrand Torleiksøner, Eiliv og Ønund, sønerne hans Aasbrand, Ønund fraa Trollskogen og Torgrim austmann fraa Sandgil. Gissur mælte: «Eg raader til, at me fer imot Gunnar i 134sumar og drep honom.» Hjalte mælte: «Det lova eg Gunnar her paa tinget, daa han gjorde etter mine ord, at eg skulde aldri vera med imot honom, og so skal det vera.» Dermed gjekk Hjalte fraa. Men dei som att var, avtala yverfall paa Gunnar, og handfeste dette, og sette bøter for den som gjekk utor. Môrd skulde halda nysn med, naar det var best tilføre til aa gaa paa Gunnar. Dei var fyrti mann i dette sambandet. Det tyktest dei uvandt verk aa raa med Gunnar, no dei var burte baade Kolskjegg og Traain og mange andre av venom hans. Folk reid heim fraa tinget. Njaal fór aat Gunnar og fortalde honom baade um utlæg-lysingi og samraadet um aa falla yver honom. «Du gjer vel,» seier Gunnar, «som varar meg.» – «No vil eg,» seier Njaal, «at sønerne mine, Skarphedin og Hoskuld, skal fara hit og vera hjaa deg; dei vil leggja sit liv ved dit liv.» – «Ikkje vil eg det,» seier Gunnar, «at sønerne dine vert drepne for mi skuld; anna eig du aa venta av meg.» – «Det gjer ikkje noko fraa elder til,» seier Njaal; «naar du er burte, vender uveret seg dit sønerne mine er.» – «Ikkje er det ulikt til det,» seier Gunnar, «men likevel vil ikkje eg vera valdand i det. Men det vil eg beda deg og sønerne dine um, at de ser til med Hogne, son min. Grane vil eg ikkje tala um; for han tek seg til mangt som ikkje er etter mit sinn.» Njaal lova det og reid heim. Det er sagt, at Gunnar reid til alle folkemøte og ting, men uvenerne hans vaaga seg ikkje paa honom. Soleis gjekk det ei tid, at han fór som usaka mann.




76.

Um hausten sende Môrd bod, at Gunnar var aaleine kar heime; alt folket var nedpaa øyom og gjorde fraa seg med slaatt-onni. Gissur og Geir reid aust yver aai, 135so snart dei fekk spurt det, og aust yver Sandarne til Hov. Dei sende bod aat Starkad under Trihyrningen, og dei samlast der paa Hov, alle som skulde vera med imot Gunnar, og la raad um korleis dei skulde gjera. Môrd sa, at dei kunde ikkje koma uvart paa honom, minders dei fekk tak i bonden i næste garden – han heitte Torkjell – og tvinga honom til aa vera med dei og gaa inn paa garden aaleine og faa med seg hunden Saam. So fór dei austetter aat Lidarende, og sende nokre menner etter Torkjell. Dei tok honom med magt og gav honom det valet, anten aa verta drepen elder taka hunden. Men han valde aa løysa livet sit og gav seg med dei. Det var geilar nedaat garden paa Lidarende, og der stadna dei med flokken. Torkjell bonde gjekk heim paa garden, der hunden laag uppaa taket, og lokkar honom med seg upp i geilarne. Men i di hunden fær sjaa, at det er folk fyre der, flyg han paa Torkjell og grip honom i veket og riv honom sund. Ønund fraa Trollskogen hogg hunden i hovudet med øksi, so ho gjekk inn i heilen; hunden gav eit læte fraa seg, so høgt, at ingen av dei tyktest hava høyrt slikt, og fell daud ned.




77.

Gunnar vakna i skaalen og mælte: «Hardt er du medfaren no, Saam fostre, og det er kanskje so til-etla, at det skal verta stutt stundi millom os.» Skaalen hans Gunnar var gjord av timber all saman, og bordtekt, og langs med brunaasarne var det gluggar med spjeld attfor. Gunnar sov i eit loftsrom, og Hallgjerd og mor hans. Men daa Gissur og dei kom innaat garden, visste dei ikkje, um Gunnar var heime. Gissur sa, at nokon laut gaa framaat husi og sjaa etter. Dei andre sette seg ned 136paa vollen, men Torgrim austmann gjekk upp paa skaalen.. Gunnar fekk sjaa i ein raud kjole utanfor gluggen, og stakk ut med atgeiren og raakte mannen midtpaa. Torgrim glatt med fotom og slepte skjoldet og datt ned av taket. So gjekk han burtaat der som hine sat. Gissur saag paa honom og spurde: «Kva, er Gunnar heime?» – «Sjaa etter det sjølve; men det fekk eg vita, at atgeiren hans er heime,» seier austmannen. Og so seig han daud ned. Dei søkte framaat husi; men Gunnar skaut piler paa dei, og varde seg so vel, so dei fekk ingen ting gjort. Sume sprang upp paa husi og tenkte aa koma aat med honom fraa der; men Gunnar skaut etter dei, so dei kom ingen veg med det helder. Og slik gjekk det ei rid. Dei kvilte seg og tok paa att. Gunnar skaut, so dei fekk ingen ting gjort, men laut tokka seg unda att andre gongen. Daa mælte Gissur Kvite: «Lat os gaa kvassare paa; dette vert ikkje noko av.» Dei gjekk daa paa tridje gongen, og heldt paa lenge, men laut draga seg fraa att no med. Gunnar mælte: «Det ligg ei av pilom deira utpaa taket; den skal eg skjota paa dei; det er skam, um dei fær mein av vaapnom sine eigne.» Mor hans mælte: «Gjer ikkje det, son min, so du steller dei upp att, no dei hev drege seg attende.» Gunnar treiv pili og skaut paa dei; ho raakte Eiliv Ønundson, og han fekk eit stort saar. Han hadde stade einsleg, so ingen saag, daa han fekk det. «Det kom ut ei hand,» sa Gissur, «med gullring paa, og tok ei pil som laag paa taket, og det hadde visst ikkje vorte leita ute, hadde det vore nøgdi inne; og no skal me freista att.» Môrd mælte: «Lat os brenna honom inne.» – «Det skal aldri verta,» seier Gussur, «um eg so visste det kosta livet mit. Men det stend til deg sjølv aa gjeva eit raad som duger, so sløg som du hev ord for aa vera.» Det laag nokre tog paa vollen der; 137dei var brukte til aa festa husi med (i storm-ver). Môrd mælte: «Lat os taka desse togi og slaa um aas-endarne; so fester me dei andre endarne i steinar og set vindestokkar i og vind taket av huset.» Dei tok togi og gjorde alt som Môrd hadde sagt. Gunnar visste ikkje ordet av, fyrr dei hadde vundet taket av heile huset. Gunnar skyt med bogen, so dei kom honom ikkje nær. Daa mælte Môrd andre gongen, at dei skulde brenna Gunnar inne. Gissur svara: «Ikkje veit eg, kva det skal vera til aa koma med slikt som ingen annan vil, og det skal aldri verta.» I dette bilet spring Torbrand Torleikson upp paa raftestokken og høgg sund bogestrengen hans Gunnar. Gunnar triv atgeiren med baae hender, snur seg kvast imot Torbrand og set atgeiren igjenom honom og kastar honom daud ned paa vollen. Daa sprang han upp, Aasbrand, bror hans. Gunnar stakk etter honom med atgeiren, men han fekk skjoldet fyre seg. Atgeiren rende igjenom skjoldet og imillom handleggjerne paa honom. Gunnar snara atgeiren so kvast, at skjoldet klovna og baae handleggjerne brotna, og han datt ned av veggen. Daa hadde Gunnar saara aatte og drepe tvo mann, og no fekk han tvo saar sjølv; men det sa alle, at han vyrde korkje saar elder bane. Han mælte ved Hallgjerd: «Gjev meg tvo lokkar av haaret dit, so snur du og mor mi ein bogestreng aat meg.» – «Ligg det deg mykje ved?» seier ho. «Det stend um livet mit,» seier han; «for dei skal ikkje faa koma innpaa meg, so lenge eg kan faa bruka bogen.» – «Daa skal eg no,» seier ho, «minnast kinnhesten du gav meg; eg er like sæl, anten du vêr deg lenge elder kort.» – «Kvar hev sit til aa verta aagjeten av,» seier Gunnar, «og eg skal ikkje lenge beda deg.» Rannveig mælte: «Ille ber du deg aat, og skammi di skal lenge minnast.» Gunnar varde seg vel og manneleg, og saarar endaa otte mann 138med so store saar, at mange var dauden nær. Han varde seg til des han seig ned av møda. Daa gav dei honom mange store saar. Men endaa kom han utor henderne paa dei att, og han varde seg lenge endaa. Men enden vart, at dei drap honom. Gissur mælte: «Ein stor knape hev me no lagt i vollen, og hardt hev det røynt os; – og ordet um honom og hans forsvar vert standande uppe, med landet er bygt.» Sidan gjekk han aat Rannveig og mælte: «Vil du gjeva jord dei tvo mennerne vaare som er daude for os, so dei vert hauglagde her?» – «Aat tvo so mykje helder som eg skulde unna dykk alle det,» seier ho. «Det undrar ingen, at du talar so,» seier Gissur, «for du hev mist mykje.» Og han sa fraa, at ingen skulde ræna elder tyna noko der. Deretter fór dei derifraa. Daa mælte Torgeir Starkadson; «Det vert uraad for os aa vera heime paa gardom vaare for Sigfussønom, med mindre du Gissur Kvite elder Geir Gode er her sør eit bil.» – «Det er vel so,» seier Gissur; og dei drog lut, og det vart so Geir skulde vera att. Han fór aat Odde og gav seg til der. Han hadde ein son heitte Roald. Han var løyndgjeten, og mor hans heitte Bjartøy, og ho var syster hans Torvald Veile, som vart drepen ved Hestløk paa Grimsnes. Han kytte av at han hadde gjeve Gunnar banesaar. Han var med far sin der i Odde. Torgeir Starkadson roste seg av eit anna saar han hadde gjeve Gunnar. Gissur sat heime paa Mosfell. Draapet paa Gunnar spurdest og vart ille umtala i alle bygder, og mange syrgde paa honom.




78.

Njaal kunde ille med at Gunnar var drepen, og like eins var det med Sigfussønom. Dei spurde Njaal, um han tykte det kunde vera nokor raad med aa lysa 139draapssak og bua til søksmaal. Han sa, at det nytta ikkje, etter di mannen hadde dom paa seg; helder fekk ein daa sjaa til aa gjera skar i æra deira med aa drepa nokon til hemn for Gunnar. Dei kasta upp haug yver Gunnar, og sette honom sitjande inne i hangen. Rannveig vilde ikkje at atgeiren skulde vera med i haugen, og sa at berre den som vilde hemna Gunnar skulde faa taka den i henderne. Og difor var det ingen som tok i atgeiren. Ho var so hard ved Hallgjerd, at det var snautt ho heldt seg so ho ikkje drap henne, og sa, at ho hadde valda draapet paa son hennar. Hallgjerd rømde unda aat Grjotaa, og Grane, son hennar. Og no vart buet skift millom dei. Hogne skulde taka garden paa Lidarende med alt paa, men Grane skulde hava den utleigde jordi.

Det hende seg paa Lidarende, at saugjætaren og tenestgjenta jaga fé ved haugen hans Gunnar. Dei tyktest at Gunnar var glad og song inni haugen. Dei fór heim og sa det til Rannveig, men ho bad dei fara aat Bergtorskvaal og segja Njaal det. Dei gjorde so, og han let dei segja seg det tri gonger. Etter det tala han lenge i still med Skarphedin. Skarphedin tok øksi si og var med dei aat Lidarende. Hogne og Rannveig tok overlag vel imot honom og var mykje fegne at han kom. Rannveig bad honom vera der lenge, og han lova det. Han og Hogne fylgdest stendig baade ute og inne. Hogne var ein gjæv mann, rask og uforfærd, men ikkje snartruen, og difor torde dei ikkje segja honom fyreburden.

Ein kveld var Skarphedin og Hogne sunnanfor haugen hans Gunnar. Det var klaart maaneskin, men sume tider drog det attfor. Det syntest dei som haugen var open, og Gunnar hadde snutt seg i haugen og saag imot maanen. Dei tyktest sjaa fire ljos som brann, og det 140fall ikkje skugge inni der. Dei saag han var glad, so gleda bragla i andlitet hans, og han song ei visa, og so høgt, at dei høyrde det vel, endaa dei stod langt unda:

Daamlydt or dulde heimar
dygglege ord eg mæler;
mannleg han beitte bjartan
byrtingen, far din, Hogne.
Aldri for uvener veik eg,
der eggjar um val braga;
hjelm-prydd hermann det huga
helder døya en vægja,
helder døya en vægja.

Sidan lukte haugen seg att. «Hadde du vilja trutt detta,» seier Skarphedin, «um andre hadde sagt deg det?» – «Eg hadde vilja trutt det,» seier Hogne, «um Njaal hadde sagt det; for det er sagt, at han lyg aldri.» – «Det er mykje i ein slik fyreburd,» sa Skarphedin; «naar han sjølv vilde visa os, at han helder vilde døy en vika for uvenom, so var det ei raad han vilde læra os.» – «Ingen veg kjem eg,» seier Hogne, «um ikkje du vil hjelpa meg.» – «No skal eg minnast,» seier Skarphedin, «korleis Gunnar tedde seg etter draapet paa Sigmund, frenden dykkar; eg skal gjeva den hjelpi eg kan. Det lova far min Gunnar, naar det galdt deg og mor hans.» Sidan gjekk dei heim aat Lidarende.




79.

Skarphedin mælte: «No skal me ganga straks i natt; for spør dei, at eg er her, so er dei varare um seg.» – «Eg vil gjera etter dine raad,» seier Hogne. Daa dei andre var gjengne til sengs, tok dei vaapni sine. Hogne tek ned atgeiren, og det syng høgt i den. Rannveig spratt upp i stor ødd og mælte: «Kven tek ned atgeiren, 141naar eg hev sagt, at ingen skal røra honom?» – «Eg meinte,» seier Hogne, «aa føra honom aat far min til aa hava med til Valhall og bera fram paa vaapntinget.» – «Fyrst fær no du bera honom,» seier ho, «og hemna far din; for atgeiren song um daude aat ein elder fleire.» Sidan gjekk Hogne ut og fortalde Skarphedin dei ordi som fall millom honom og bestemor hans. Dei fór no til Odde. Det flaug tvo korpar med dei heile vegen. Um natti kom dei til Odde. Dei dreiv fenaden heim aat husi. Roald og Tjorve kom laupande ut væpna og jaga fenaden upp i geilarne. Skarphedin spratt upp og sa: «Du tarv ikkje sjaa etter; det er nett som det synest deg – det er folk her.» Dermed hogg Skarphedin Tjorve bane-hogg. Roald hadde spjot i handi. Hogne fer imot honom, og Roald stakk etter Hogne. Hogne hogg spjotskaftet av med atgeiren og støytte den igjenom honom. Dei let dei liggja der daude, og fór derifraa aat Trihyrningen. Skarphedin flyg upp paa taket og ryskjer upp gras, og dei som inne var, tenkte det var kretur. Starkad og Torgeir klædde seg, tok vaapni sine og gjekk uppum garden; men daa Starkad saag Skarphedin, vart han rædd og vilde snu. Skarphedin hogg honom ned der attved garden. Hogne gjekk imot Torgeir og vog honom med atgeiren. Fraa der fór dei til Hov. Môrd var ute paa vollen. Han bad for seg og baud full semja. Skarphedin fortalde um draapet paa dei fire, «og sama ferdi skal du og fara – elder gjeva Hogne sjølvdom, um han vil taka imot det.» Hogne sa, at han hadde ikkje tenkt aa sættast med fars-banen sin, men sistpaa vart det so han tok sjølvdom.




80.

Njaal hadde samraad med dei som aatte ettermaal etter Starkad og Torgeir, at dei skulde taka mot sætt. 142Og det vart tilkalla heradsmøte og teke menner til aa gjera det av. Og alt vart teke med – yverfallet paa Gunnar des helder, endaa han var lyst utlæg. Dei bøter som vart sette, laut Môrd leggja aaleine; for dei kom ikkje fram med avgjerd i hans sak, fyrr saki med hine var uppgjord, og der let dei det eine gaa upp med det andre. Soleis var dei no sameinte i alle maatar. Men paa tinget vart det tala mykje fram og attende um saki millom Geir Gode og Hogne; men det vart til det, at dei og samdest. Og den semja stod ved lag med dei sidan. Geir Gode budde paa Lid til sin døyandedag, og han er ute or soga.

Njaal bad um Alvheid, dotter hans Vetrlide skald, til kona aat Hogne, og ho vart gjevi honom. Son deira var Are, som siglde til Hjaltland og gifte seg der. Fraa honom er ætta Einar Hjaltlending, ein ferm kar. Um Hogne er no ikkje meir aa fortelja, en at han heldt fast ved venskapen sin med Njaal.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Njaala (elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans)

Njaala/Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans/Njåls saga er den største av islendingesagaene. Den ble skrevet ned på slutten av 1200-tallet, trolig basert på historiske hendelser iblandet diktning og vandrehistorier. Teksten er bevart i en rekke manuskripter, for eksempel i håndskriftet Möðruvallabók, som også inneholder teksten til ti andre islendingesagaer.

Handlingen foregår for det meste på Island i tiden rundt år 1000, og skildrer livene til Gunnar Hammundarsson fra Lidarende og Njål Torgeirsson. De to mennene er svært forskjellige, men har et sterkt vennskap. Vennskapet settes dog stadig på prøve når slektningene deres ofte egger til strid og uvennskap. Sagaen handler også om overgangen fra hedenskap til kristendom.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.