Njaala (elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans)

[kap. 81–90]


81.

No er det aa segja fraa Kolskjegg, at han kjem til Norig og er aust i Viki um vintren. Men sumaren etter fór han til Danmark og gav seg i tenest hjaa kong Svein Tjuguskjegg, og der kom han i stor vyrnad. Ei natt drøymde han, at det kom ein mann aat honom. Han var ljos, og Kolskjegg tykte han vekte honom. Han sa: «Statt upp, du, og far med meg.» – «Kva vil du meg?» seier Kolskjegg. Han svara: «Eg skal gjeva deg gifte, og so skal du verta min riddar.» Og han tykte han jatta di. Og so vakna han. Sidan fór han aat ein vismann og sa honom draumen. Men han tydde so, at han skulde fara sud i landi og verta Guds riddar. Kolskjegg tok daapen i Danmark, men han una ikkje aa 143vera der, og so fór han aust til Gardarike og var der ein vinter. Men so fór han fraa der til Miklagard og gjekk i tenest hjaa keisaren. Det spurdest um honom, at han vart gift der nede og var hovding for væringarne, og han vart verande der til sin døyande-dag. Og so er han ute av denne soga.




82.

No er det aa fortelja um det, at Traain Sigfusson kom til Norig. Dei kom til Haalogaland og heldt sud til Trondheim og inn til Hlade. Men so snart Haakon Jarl spurde det, sende han menner aat dei, og vilde vita kva for menner som var paa skipet. Dei kom attende og sa honom, kva menner det var. Jarlen sende bod etter Traain Sigfusson, og han kom. Jarlen spurde, kva folk han var av. Han seier, at han var nærskyld Gunnar paa Lidarende. «Det skal koma deg til gode,» sa jarlen; «for eg hev set mange islendingar, men ingen hans jamning.» Traain mælte; «Vil de, herre, at eg fær vera hjaa dykk i vinter?» Jarlen tok imot honom, og han vart der um vintren, vel vyrd.

Det var ein heitte Kol. Han var ein stor viking. Han var son hans Aasmund Eskesida austan fraa Smaaland. Han laag i Gauta-elvi og hadde fem skip og mykje folk. Fraa der fór han til Norig og gjekk i land i Folden og kom uventande paa Hallvard Sote, der han laag i loftet. Han varde seg vel, alt til dei bar eld aat. Daa gav han seg. Dei drap honom og tok mykje gods, og fór fraa der til Ljodhus.Oversetternote: ved Gauta-elvi; no: Gamla-Lödöse. Denne tidend spurde Haakon Jarl, og han dømde Kol til aa vera utlæg i sit rike og sette gods for hovudet hans. Ein gong var 144det at jarlen tok soleis til ords: «Han er for langt av, Gunnar paa Lidarende; han hadde vore god-til aa taka livet aat denne utlægingen, hadde han vore her; men no gjer islendingarne ende paa honom. Og det er ille, at han ikkje hev fare aat os.» Traain Sigfusson svara: «Ikkje er eg Gunnar, men eg er skyld honom, og eg vil bjoda meg til aa gjera denne ferdi.» Jarlen svarar: «Det vil eg gjerne, og ferdi skal verta budd paa det beste.» Daa tok Eirik, son hans, til ords: «Det er mange du lovar vel, men folk tykkjer det gjeng misjamt med aa halda det. Dette er ei meir en vaagsam ferd; for denne vikingen er hard og vond aa takast med. Du treng velja vel baade skip og menner til den ferdi.» Traain mælte: «Um ferdi er faarleg, so skal eg likevel fara.» Sidan gav jarlen honom fem skip, og alle var skipa paa det beste. Baade Gunnar Lambeson og Lambe Sigurdson var med Traain. Gunnar var brorson hans Traain og var komen aat honom berre ung, og dei heldt mykje av einannan. Eirik Jarl gjekk med dei og saag vel yver baade mennerne og vaapni, og rettleidde, der han tykte det trengdest. Sidan, daa dei var fullt ferduge, gav Eirik dei ein kjentmann med. Dei siglde sud-med landet, men kvar dei kom, hadde jarlen trygda dei alt dei trong aa hava. Dei heldt aust aat Ljodhus. Der fekk dei spurt, at Kol var faren sud til Danmark. Dei drog sudetter dit. Men daa dei kom sud til Helsingborg, raakte dei menner i ein baat, og dei sa, at Kol var tett attmed der og vart verande der eit bil. Det var godt ver. Daa saag Kol skipi som kom, og han fortalde, at han hadde drøymt Haakon Jarl um natti, og sa, at detta var nok av hans menner, og bad dei taka vaapni sine. Dei so gjorde, og striden tok til. Det var lenge det stod som likt. Daa flaug Kol upp paa skipet hans Traain og rudde kvast ikring seg og drap mange menner. Han 145hadde gyllt hjelm. No ser Traain, at dette ber ikkje aat; han eggjar mennerne sine og gjeng sjølv fyrst imot Kol. Kol hogg til Traain og raakte i skjoldet, so det klovna. Daa fekk Kol eit steinkast yver handi, so sverdet datt ned. Traain hogg til Kol og raakte foten, so den gjekk av, og sidan drap dei honom. Traain tok av honom hovudet og gøymde det, men kasta bulen utanbords. Der tok dei mykje gods – fór so nord til Trondheim til aa finna jarlen. Han tok vel imot Traain. Han synte jarlen hovudet. Jarlen takka honom for det verket. Eirik sa, at det var meire verdt en ord aaleine. Jarlen sa, at so var det, og bad dei ganga med seg. Dei gjekk dit som jarlen hadde late byggja mangt eit godt skip. Jarlen hadde late bygt eit som var ulikt andre langskip. Det var eit gam-hovudOversetternote: Gamm elder gamber, ein stor fugl, struss elder gribb (Aasen). paa og overlag fyre seg gjort i alle maatar. Jarlen vende seg til Traain og sa: «Du tykkjer um det staslege, Traain; du likjest paa Gunnar, frenden din, i det. No vil eg gjeva deg dette skipet; det heiter Gammen. Venskapen min fylgjer med, og eg vil du skal vera hjaa meg, so lenge du sjølv vil.» Traain takka for all velgjerdi, og sa han stunda ikkje til Island, som det no var. Jarlen hadde ei ferd aa gjera aust aat land-skilet til møtes med sviakongen. Traain var med honom um sumaren og var skipsstyrar paa Gammen. Han siglde so kvast, at faae vanst fylgja med. Han var mykje ovunda. Men det var ofte aa skyna, kor høgt jarlen vyrde Gunnar; for han sette dei jamleg etter, alle som kleiv innpaa Traain. Traain vart verande der heile vintren. Men um vaaren spurde jarlen honom, um han vilde verta der elder fara til Island. Han sa, han hadde ikkje tenkt yver med seg sjølv endaa; han vilde høyra fraa Island fyrst. Jarlen 146sa, han kunde faa gjera som han tykte det fall seg best. Og Traain vart verande hjaa jarlen. Daa spurdest den tidendi fraa Island, som mange tykte var stor, den at Gunnar paa Lidarende var daud. Daa vilde jarlen ikkje at Traain skulde fara, og so vart han verande hjaa jarlen endaa ei tid.




83.

No er det aa taka attpaa att um Helge og Grim, sønerne hans Njaal. Dei fór fraa Island sama sumaren som Traain og fylgjet hans fór utanfraa, og var paa skip med Olav Elda og Baard hin svarte. Dei fekk so hardt nordan-ver, at det bar sud i havet med dei, og det kom slikt myrker paa dei, at dei visste ikkje, kvart dei fór; og dei vart farande lenge ute. Men so kom dei ein stad det var sterk grunnsjø, og dei tyktest daa vita, at det laut vera land ikkje langt unda. Njaalssønerne spurde Baard, um han kjende noko til, kva for land som var nærast ved. «Det kan vera mange aa gjeta paa,» seier han, «slik verstøa som me hev havt. Anten øyarne, elder Skotland, elder Irland.» Tvo dagar etter saag dei land aat baae bord og store grunnbrot inne i fjorden. Dei kasta anker utanfor grynna. Daa tok veret til aa leggja seg, og um morgoen var det stilt. Dei ser daa, at det kjem trettan skip imot dei. Daa mælte Baard hin svarte: «Kva raad skal me no taka? for desse vil nok setja paa os.» Dei tala seg imillom, um dei skulde verja seg elder gjeva seg yver. Men fyrr dei fekk samraadt seg, kjem vikingarne. Kvar spurde annan etter namnet paa fyremennerne. Fyremennerne paa kjøpmansskipet namngav seg, og spurde imot, kven som stod for vikingom. Den eine kalla seg Grjotgard, og den andre Snækolv. Dei var sønerne 147hans Moldan fraa Dungalsbø i Skotland og frendarne til Melkolv skottekonge. «Me gjev dykk eitt av tvo aa velja,» seier Grjotgard: «At de gjeng paa land, og me tek godset. Det andre, at me søkjer aat dykk og drep kvar ein me naar.» Helge svarar: «Kjøpmennerne vil verja seg.» – «Vaa vere deg, som du talar!» sa kjøpmennerne; «kva hev me aa verja os med? Gull veg mindre en liv.» Grim fann paa, at han ropte aat vikingarne, so dei ikkje skulde høyra korleis kjøpmennerne bar seg. Baard og Olav mælte: «Skynar de ikkje, at islendingarne driv spott med lætet dykkar. Tak no helder vaapni dykkar og lat os verja os.» Dei tok vaapni sine og lova einannan, at dei aldri skulde gjeva seg, so lenge dei var god-til aa verja seg.




84.

Vikingarne skyt paa dei, og striden tek til, men kjøpmennerne vêr seg vel. Snækolv fer mot Olav og køyrer spjotet igjenom honom. Grim støyter til Snækolv med spjotet so hardt, at han stuper utanbords. Helge gjekk saman med Grim, og dei jaga alle vikingarne ned att, og jamnan var Njaalssønerne der det mest trengdest. Vikingarne ropte og baud kjøpmennerne aa gjeva seg. Men dei sa, at dei aldri vilde gjeva seg. Med det sama kom dei til aa sjaa til havs. Daa ser dei, at det kjem skip siglande sunnanfraa framum neset, og det var ikkje færre en tie. Dei rodde kvast og stemnde dit. Det var skjold ved skjold etter skipsbordi. Men paa det skipet som fyrst fór, stod ein mann ved sigla. Han var i silketrøya og gyllt hjelm, haaret var baade stort og fagert; i handi hadde han eit gull-lagt spjot. Han spurde, kven som leikte so ujamn ein leik. Helge nemner seg, og sa at det var Grjotgard og Snækolv dei slost med. 148«Men kven er styresmennerne?» sa mannen. Helge svarar: «Baard hin svarte, som lever. Den andre er fallen for vikingom her, og han heitte Olav. Men denne som fylgjer meg, er bror min og heiter Grim.» – «Er de tvo fraa Island?» seier hin. «Det er so,» seier Helge. Han spurde, kven dei var søner aat. Dei fortalde det. Daa kjendest han ved dei og sa: «Namnfræge er de og far dykkar.» – «Kven er du?» seier Helge. «Kaare heiter eg, Solmundson.» – «Kvar kjem du fraa?» seier Helge. «Fraa Sudrøyom,» seier Kaare. «Du er komen i rette tid,» seier Helge, «um du vil veita os nokor hjelp.» – «Eg skal gjeva den hjelpi de treng,» seier Kaare; «elder kva bed de um?» – «Gaa paa vikingarne,» seier Helge. Kaare sa, at det skulde han gjera. Dei la daa imot dei, og striden tok til andre gongen. Men daa dei hadde halde paa ei rid, so spring Kaare upp paa skipet aat Snækolv. Snækolv vender seg imot Kaare og høgg til honom. Kaare kastar seg med det sama baklengjes yver ei slaa som laag tvers yver skipet, og Snækolv hogg i slaai, so sverdet gjekk nedi meir en breiddi si. Kaare hogg til honom, og sverdet raakte oksli; hogget var so hardt, at det tok av handi, og Snækolv døydde straks. Grjotgard skaut eit spjot etter Kaare. Kaare saag det og sprang til vers, so spjotet glapp honom. Med det sama var baade Grim og Helge komne burtaat Kaare. Helge fór imot Grjotgard og la sverdet igjenom honom, og det vart hans bane. Dei gjekk fram langs med baae bord paa alle skipi. Daa bad mennerne um fred. Dei gav grid aat alle, men tok alt godset. Etter dette la dei alle skipi ut under øyarne og kvilde seg der ei rid.




85.

149Sigurd Jarl raadde for Orknøyom. Han var son aat Lodve, son hans Torfinn Hausakljuv, son hans Torv-Einar, son hans Ragnvald Jarl fraa Møre, som var son hans Øystein Glumra. Kaare var hirdmannen hans Sigurd Jarl og hadde henta skatt hjaa Gille Jarl paa Sudrøyom. Han bad Njaalssønerne vera med til Rossøy, og sa at dei nok vart vel imot-tekne hjaa jarlen. Dei tok ved det og gav seg med Kaare til Rossøy. Kaare fylgjer dei aat jarlen og seier kven dei er. «Korleis bar det til,» seier jarlen, «at dei raakte deg?» – «Eg fann dei i Skotlandsfjorden,» seier Kaare, «med dei heldt paa og slost med sønerne hans Moldan fraa Dungalsbø. Dei varde seg vel og kasta seg jamleg inni der faaren var størst og der det galdt mest paa, og no vil eg, herre, beda um rom aat dei i hirdi.» – «Det skal du raa for,» seier jarlen, «som hev teke so mykje frami med dei fyrr.» Dei vart daa verande der med jarlen um vintren og var vel vyrde. Men paa vaarsida vart Helge so still av seg. Jarlen visste ikkje, kva det kom seg av, og spurde Helge, kofor han var so sturen, elder kva han tyktest. «Tykkjer du ikkje um deg her?» – «Eg likar meg godt her,» seier Helge. «Kva er det daa du grunar paa?» seier jarlen. «Hev de noko land aa vakta i Skotland?» seier Helge. «Det er vel ikkje fritt,» seier jarlen; «men kva daa?» Helge svarar: «Skottarne hev teke livet aat sysselmannen din og fakka alle som kunde bera bod, so ingen er komen yver Pettlandsfjorden.» Jarlen mælte: «Er du framsynt?» Helge svarar: «Lite er det røynt.» – «Auka skal eg sømdi di,» seier jarlen, «um dette viser seg aa vera sant – elles vert det til tjon for deg.» – «Han er ikkje slik han lyg,» seier Kaare, «det er nok sant han seier; for far hans er 150framsynt.» Jarlen sende menner sud til Straumsøy aat Arnljot, sysselmannen sin. Og etter det sende Arnljot menner sud yver Pettlandsfjorden, og der fekk dei spurt, at jarlarne Hunde og Melsnate hadde teke livet av Haavard i Trasvik, maagen hans Sigurd Jarl. Etter dette sende Arnljot bod til jarlen, at han skulde koma sør-paa med ein herstyrke og jaga desse jarlarne fraa riket. Men straks jarlen spurde det, drog han saman herfolk fraa alle øyom.




86.

Jarlen fór sør-paa med heren. Kaare og Njaalssønerne var med paa ferdi. Dei kom sud til Katanes. Jarlen aatte desse riki i Skotland: Ross og Myræve, Suderland og Dale. Det kom menner aat dei fraa desse riki, og dei sa, at jarlarne var der med ein stor her ikkje langt unda. Dag tek Sigurd Jarl vegen dit med heren, og dei møttest ovanfor Dungals-nipa dei kallar. Det bar hardt i hop med det sama. Skottarne let sumt av heren sin fara i lausflokkar, og dei kom i ryggen paa jarlsmennerne, og det vart eit stort mannfall, til des at Njaalssønerne vende seg mot dei, slost med dei og dreiv dei paa flugt. Endaa var striden hard. Daa gjekk Grim og Helge framum merket til jarlen og slost som djervast. Kaare snur seg imot Melsnate Jarl. Melsnate skaut eit spjot etter Kaare. Kaare fata det i lufti, skaut det attende og igjenom jarlen. Daa flydde Hunde Jarl. Dei rak flog-heren, alt til dei fekk spurt, at Melkolv skottekonge drog i hop ein her i Dungalsbø. Jarlen heldt daa raad med mennom sine, og alle tykte det var beste raadi aa venda att og ikkje slaast med ein so stor landher. Dei vende daa att. Men daa jarlen kom til Straumsøy, skifte han herfanget. Sidan fór han nord til 151Rossøy. Njaalssønerne og Kaare fylgde honom. Jarlen gjorde eit stort lag. Og i det laget gav han Kaare eit godt sverd og eit gull-lagt spjot, Helge ein gullring og ei kappa, men Grim skjold og sverd. Etter det gjorde han Grim og Helge til hirdmennerne sine, og takka dei for god framgonga. Dei var med jarlen den vintren og utpaa sumaren, til des Kaare fór i herferd; daa fór dei med honom. Dei herja vidt um sumaren, og vann gjorde dei støtt. Dei slost ved kong Gudrød fraa Man og vann paa honom, og fór so attende. Dei hadde daa vunne mykje gods. Dei var med jarlen um vintren, vel vyrde. Um vaaren bad Njaalssønerne um aa faa fara til Norig. Jarlen sa, at dei skulde faa fara dit dei vilde, og gav dei eit godt skip og raske karar til fylgje. Kaare sa, at han vilde koma til Norig den sumaren med skatten til Haakon Jarl, «og daa raakast me der.» Etter dette fór Njaalssønerne til havs og siglde til Norig, og kom inn ved Trondheim. Der gav dei seg fyre.




87.

Det var ein trøndersk mann heitte Kolbein Arnljotson. Han siglde til Island den sumaren som Traain og Njaalssønerne drog utanfraa. Um vintren var han aust i Breidal; men sumaren etter laga han seg til ferd med skipet sit i Gautavik. Daa dei var ferduge, kom det ein mann roande i ein baat, feste baaten ved skipet og steig um bord for aa finna Kolbein. Kolbein spurde denne mannnen etter namn. «Rapp heiter eg,» sa han. «Kven er du son aat?» seier Kolbein. Rapp svarar: «Eg er son aat Ørgumleide, son hans Geirolv Gjerpe.» – «Kva vil du meg?» seier Kolbein. «Eg vil beda deg,» seier Rapp, «at du tek meg med yver havet.» Kolbein spør: «Kva naudsyn hev du til det?» – «Eg 152hev gjort eit draap,» seier Rapp. «Kven hev du drepe?» seier Kolbein, «og kven er ettermaalsmennerne?» Rapp svarar: «Eg hev drepe Ørlyg Ørlygson, sonarson hans Rodgeir hin kvite. Det er vaapnfirdingarne som er ettermaalsmennerne.» – «Eg gjet det, at det gjeng ikkje den vel som tek deg med,» seier Kolbein. Rapp mælte: «Ven er eg aat venom mine, men den som gjer meg illt fær det att. – Elles so vantar det meg ikkje det eg skal leggja ut i føringsløn for meg.» Kolbein tok so imot Rapp. Lite etter vart det bør, og dei siglde til havs. Der traut nista upp for Rapp, og so sette han seg og aat hjaa dei som sat fyrst for hand. Dei spratt upp og gav vondord, og det vart til det at det bar i hop med dei – og Rapp hev med ein gong tvo mann under seg. Det vart sagt Kolbein, og han baud Rapp vera i matnøyte med honom, og det tok han imot. Dei kom yver havet og la inn ved Agdanes. Daa spurde Kolbein Rapp: «Kvar er det godset du baud i skipsleiga?» – «Det er utpaa Island,» seier Rapp. Kolbein mælte: «Det er nok fleire du kjem til aa gjera prettestykke en meg; men likevel vil eg gjeva deg etter skipsleiga.» Rapp takka for det, «men kva raad gjev du meg?» – «Det fyrst,» seier Kolbein, «at du fer fraa skipet svintast du kan; for alle austmennerne kjem til aa gjeva deg eit laakt lov millom folk. Det andre gagnraadet eg gjev deg er, at du aldri svik husbonden din.»

Sidan gjekk Rapp i land med vaapni sine og hadde ei stor øks med jarnreiva skaft i handi. Han fór til han kom til Gudbrand i Dalom. Han var beste venen til Haakon Jarl. Dei aatte eit hov i hop, og det var aldri upplate, minder jarlen kom dit. Det var det eine største hovet i Norig; det andre var paa Hlade. Son hans Gudbrand heitte Trand, dotteri Gudrun. Rapp 153gjekk fram for Gudbrand og helsa honom vel. Gudbrand spør, kva mann han var. Rapp sa namnet sit, og det med, at han var fraa Island. Etter det bed han Gudbrand um aa taka honom i huset. Gudbrand mælte: «Ikkje ser du meg ut til aa føra lukka med deg.» – «Det tykkjest meg det er loge mykje paa deg og,» seier Rapp, «naar det var sagt, at du tok imot alle som bad deg um det, og at ingen var jamngjæv med deg. Det skal eg avsanna, dersom du ikkje tek ved meg.» Gudbrand mælte: «Du fær vera her daa. «– «Kvar viser du meg til sætes?» seier Rapp. «Paa laag-benken beint for høgsætet mit,» seier Gudbrand. Rapp gjekk aat romet sit. Han hadde mangt aa fortelja, og i fyrstningi tykte Gudbrand og mange av dei andre, at det var gaman; men etter kvart fann nokon kvar, at det vart for mykje flaaskap. Han tok til aa gjeva seg i tal med Gudrun, dotter hans Gudbrand, so folk meinte han kom til aa forlokka henne. Men daa Gudbrand vart var di, so tala han henne til for det, og bad henne agta seg for aa tala noko ved Rapp, utan so alle høyrde det. Ho lova godt fyrst, men det var ikkje lenge, so var det det same upp att. Gudbrand sette daa Aasvard, raadsdrengen sin, til aa gaa med henne, kvar ho fór. So var det ein gong ho bad um aa faa gaa i nata-skogen og trøya seg. Aasvard fylgde henne. Rapp leita etter dei og fann dei i nata-skogen. Han tok Gudrun ved handi og leidde henne med seg i einrøme. Sidan gjekk Aasvard og leita etter henne og fann dei liggjande saman i ein runn. Han løyp til med øksi reidd og høgg etter foten paa Rapp. Men Rapp nykkte seg unda, so hogget gjekk i mist. I det same spratt Rapp paa føterne og fata øksi si. Aasvard vilde hava seg unda, men Rapp hogg sund ryggen paa honom. Daa seier Gudrun: «No hev du gjort so du ikkje kan vera 154hjaa far min lenger. Og endaa er det anna attaat, som han kjem til aa tykkja endaa verre um; for eg er med barn.» Rapp svarar: «Ikkje skal han spyrja det av andre; eg skal fara heim og segja honom baade det og hitt.» – «Daa kjem du ikkje derfraa med livet,» seier ho. «Fær vaaga seg det,» seier han. Etter det fylgde han henne dit dei andre kvinnorne var, og gjekk so heim. Gudbrand sat i høgsætet, og det var faae inne i stova. Rapp gjekk framaat honom og bar høgt øksi. Gudbrand spurde: «Kvi er øksi di blodut?» – «Eg gjorde aat Aasvard, raadsdrengen din, for ryggverk,» seier Rapp. «Det er ikkje av godo,» seier Gudbrand, «du hev vel drepe honom.» – «Det er visst,» seier Rapp. «Kva hev han gjort deg?» seier Gudbrand. «Du tykkjer vel det er lite,» seier Rapp; «han vilde hogga av meg foten.» – «Kva var det du fyrst hadde gjort daa?» seier Gudbrand. «Det som ikkje kom honom ved,» seier Rapp. «Du fær likevel segja, kva det var,» seier Gudbrand. Rapp mælte: «Um du vil vita det, so laag eg hjaa Gudrun, dotter di, og det likte han ikkje.» Gudbrand mælte: «Statt upp, menner, og tak honom; han skal drepast!» – «For lite læt du meg njota godt av maagskapen daa,» seier Rapp; «men du hev ikkje det mannvalet, at du kan faa det fort gjort.» Dei stod upp, men han hôpa attende unda dei og ut. Dei sprang etter, men han kom seg unda aat skogen, og dei fekk ikkje teke honom. Gudbrand samla folk og let dei endefara skogen, men dei fann honom ikkje; for skogen var stor og tett.

Rapp fer i skogen, til han kjem til eit rjod. Der var ein heim, og der stod det ein mann ute og kløyvde ved. Han spurde denne mannen, kva han heitte, og han nemnde seg Tove. Tove spurde Rapp etter hans namn, og han sa som det var til. Rapp spør, 155kofor han bur so langt fraa anna folk. «For di,» seier han, «at her tarv ein ikkje stort aa ampast med andre folk.» – «Me hev det paa ein sers maate, me tvo, med maalemni vaare,» seier Rapp. «Eg skal daa segja deg fyrst, kven eg er: Eg hev vore hjaa Gudbrand i Dalom; men eg laut nøyta meg aa koma fraa der, for eg drap raadsdrengen hans. Men eg veit, at me baae er illgjerdsmennner; du hadde ikkje butt so langt fraa anna folk, utan du var utlæg for nokon; – og eg gjev deg no aa velja eit av tvau: at eg seier fraa kvar du er, eldaug so held me halvt um alt som her er.» Bonden mælte: «Det er som du seier; eg tok denne kvinna som er her hjaa meg, og det er mange som hev leita etter meg.» Etter det tok han Rapp inn med seg. Husi der var smaa, men vel-laga. Bonden sa kona si, at han hadde teke Rapp aat seg. «Flest folk kjem nok til aa njota illt av denne mannnen,» seier ho; «men du vil fulla raa.» Og soleis vart Rapp der. Han var svært vidforug og var aldri heime. Han hev møte med Gudrun alt som oftast. Gudbrand og Trand la seg etter honom, men det vart aldri so dei kom yver honom. Og soleis gjekk det heile det aaret. Gudbrand let Haakon Jarl faa vita um all den ugjegna han hadde av Rapp. Jarlen dømde Rapp utlæg, og baud gods for hovudet hans, og desutan lova han aa koma sjølv og leita etter honom. Men det drogst ut; for jarlen meinte, at dei tok honom vel sjølve, naar han var so skamdjerv.




88.

Denne sama sumaren kom Njaalssønerne til Norig fraa Orknøyom, var paa kjøpstemna der, og bidde so paa Kaare Solmundson, som avtala var. Traain Sigfusson heldt paa stelte skipet sit til Islands-ferd, og var 156no nær-paa buen. Daa fór Haakon Jarl til veitsla hjaa Gudbrand. Rapp fór um natti aat det gudahuset som jarlen og Gudbrand aatte. Han gjekk inn i huset, og saag Torgjerd HorgabrudOversetternote: Horg: steinhaug, steinmur; især eit slags hov elder gude-altar fraa gamal tid. sitja der. Ho var stor som ein fullvaksen mann. Ho hadde ein stor gullring paa armen og fald paa hovudet. Han svipter av falden hennar og tek av henne gullringen. Daa ser han kjerra hans Tor, og tek av honom ein annan gullring. Ein tridje ring tok han av Irpa, og drog so ut alle saman og tok av dei heile bunaden. So sette han eld paa gudahuset og brende det upp. Etter det strauk han sin veg. Det tok daa til aa ljosna. Han gjeng framum ein aaker. Der spratt det upp seks menner med vaapn og gjekk paa honom; men han varde seg vel. Og enden vart, at han drap tri, saara Trand til ulivs, og elter dei tvo til skogs, so dei ikkje kjem til jarlen med tidend. Han gjekk so aat Trand og sa: «Eg kunde drepa deg, men eg vil ikkje; eg vil syna, at eg vyrer maagskapen vaar meir en de hev gjort.» Rapp etlar seg inn i skogen att, men so ser han, at det er kome menner millom honom og skogen. Han trøyster seg ikkje til aa freista der, og so legg han seg inni nokre runnar ei stund. Tidleg sama morgoen gjeng Haakon Jarl og Gudbrand aat gudahuset, og dei finn huset uppbrent og dei tri gudarne ute og all stasen av dei teken. Daa tok Gudbrand til ords: «Det er stor magt dei hev, gudarne vaare, at dei hev sjølve gjenge ut or elden.» – «Det er ikkje gudarne som hev gjort det,» seier jarlen; «det er ein mann som hev brent hovet og bore ut gudarne. Gudarne hemner ikkje alt straks; men den mannen som hev gjort detta, vert jaga fraa Valhall og kjem aldri der.» I det 157bilet kjem fire av mennom aat jarlen laupande og ber ill tidend – seier at dei hev funne tri drepne paa aakren og Trand saara til ulivs. «Kven hev gjort det?» seier jarlen. «Viga-Rapp,» sa dei. «Daa er det han som hev brent gudahuset,» seier jarlen. Dei tykte det kunde vera likt honom. «Kvar kan han no vera?» seier jarlen. Dei seier, at Trand sa han hadde lagt seg i nokre runnar. Jarlen fór dit og leita, men daa var Rapp alt burte. Jarlen sette dei til aa leita, men dei fann honom ikkje. Han var sjølv med i leitingi og; men so sa han dei skulde kvila paa. Jarlen gjekk daa ein-saman fraa dei andre, og baud at ingen skulde fylgja honom, og dvaldest eit bil. Han la seg paa kne og heldt attfor augo. Sidan kom han attende aat dei. Han sa: «Gange med meg.» Dei gjekk med honom. Han tok tvert av fraa den leii dei fyrr hadde fare, og kom burtaat ei dæld. Der spratt Rapp upp fyre dei; han hadde gøymt seg der. Jarlen eggjar mennerne sine til aa setja etter honom; men Rapp var so fotug, at dei naadde honom ikkje paa langt nær. Rapp stemnde aat Hlade. Der laag dei ferduge til aa sigla, baade Traain Sigfusson og Njaalssønerne. Rapp løyp dit der Njaalssønerne er. Han mælte: «Berg meg, gode menner! for jarlen vil drepa meg.» Helge saag paa honom og sa: «Eg ser det paa deg, at det fylgjer deg ugjæva; den er nok best faren som ikkje tek imot deg.» – «Eg skulde ynskja, at de tvo fekk alt som illt er av meg,» seier Rapp. «Det er me menner for aa løna deg,» seier Helge, «naar den stund kjem.» Rapp vender seg aat Traain og bed honom hjelpa seg. «Kva er det som stend paa med deg?» seier Traain. Rapp mælte: «Eg hev brent gudahuset aat jarlen og drepe nokre menner, og no er han her um ei litor rid; for han er sjølv med i leitingi.» – «Lite sømer det seg for meg,» seier 158Traain, «so mykje godt som jarlen hev gjort meg.» Daa synte Rapp honom dei prydstykki han hadde bore med seg fraa gudahuset, og baud honom det. Traain sa, at han vilde ikkje taka det, med mindre han fekk gjeva anna gods imot. Rapp mælte: «Her vil eg staa og lata meg drepa midt for augom dine, so kan du venta deg kvar manns aamæle for det.» Daa ser dei, at jarlen kjem, og mennerne hans. Daa lova Traain aa taka mot Rapp, let skjota ut baat og førde honom ut til skipet. Traain sa: «No er det beste gøymsla aa brjota botnen ut or tvo tunnor, so skal du hava deg inni der.» So vart gjort, og han smaug inn i tunnorne; dei vart daa bundne saman og havde yver bord. Daa kjem jarlen med folket sit aat Njaalssønerne, og spør um Rapp var komen der. Dei sa, at han var det. Jarlen spurde, kvar han tok av fraa der. Dei sa, at det hadde dei ikkje ansa paa. Jarlen sa: «Den skal faa stor løn av meg, som seier meg av Rapp.» Grim sa stilt til Helger: «Kofor kan me ikkje segja um det? Eg veit ikkje um Traain løner os anna en vondt.» – «Me vil ikkje segja um det likevel,» seier Helge, «der det gjeld livet med honom.» Grim mælte: «Det kan gjerne vera, at jarlen snur hemnen mot os: for no er han so vreid, at det slær ned paa einkvarn.» – «Det fær ikkje hjelpa,» sa Helge; «men me skal likevel leggja ut med skipet og gaa til havs, fyrst det vert bør.» – «Skal me ikkje bia paa Kaare?» seier Grim. «Eg kjærer meg ikkje um det no,» seier Helge. Dei la seg utmed ei øy og bidde paa bør. Jarlen gjekk ikring og leita hjaa dei som laag der med skip, men alle dulde, at dei visste um Rapp. Daa sa jarlen: «No skal me fara til Traain, venen min, og han læt meg faa mannen, um han veit noko um honom.» So tok dei eit langskip og fór ut aat kjøpmansskipet. Traain saag det var jarlen; han stod upp og fagna 159honom blidleg. Jarlen tok det vel og sa: «Me leitar etter ein islendsk mann, som heiter Rapp. Han hev gjort os alt som illt er. Og no vil eg beda deg koma fram med mannen elder segja fraa um honom.» Traain mælte: «De veit, eg vaaga livet og drap den utlæge mannen for dykk, og fekk for det stor heidr.» – «Meire skal du no faa,» seier jarlen. Traain æva seg um, og tyktest ikkje vita, kva jarlen kunde mæta mest;Oversetternote: Anten det at han sa kvar Rapp var, elder det at han hadde gøymt honom for jarlen. – men det vart so han negta, at Rapp var der, og bad jarlen leita. Jarlen gjorde ikkje stort av leitingi, men gjekk i land og gjekk burt fraa dei andre. Daa var han so vreid, at ingen torde tala til honom. Jarlen mælte: «Vis meg aat Njaalssønerne, so skal eg nøyda dei til aa segja meg det som sant er.» Det vart honom sagt, at dei var farne ut. «Ikkje kan det gagna daa,» seier jarlen; «men det var tvo vatskjerald ved skipet hans Traain, og der kunde nok ein mann vera gøymd. Og hev Traain gøymt honom, so hev han vore der. Og no skal me fara utpaa aat Traain att ein gong til.» Traain ser, at jarlen etlar seg utpaa att, og mælte: «So vreid som jarlen var fyrr, so er han dubbelt so vreid no, og det stend um livet for alle som her er, um nokon seier av, kvar Rapp er.» Alle lova aa halda det dult; for det var kvar rædd for seg. Dei tok ut nokre sekkjer av bunkarne, let Rapp leggja seg inni i staden og la nokre lettare sekkjer ovanpaa honom. Jarlen kjem, nettupp som dei hadde stelt til med Rapp. Traain helsa vel paa jarlen. Jarlen helsa att, men helder traudt. Dei saag, at han var fælt vond. Jarlen sa: «Kom fram med Rapp; eg veit visst du hev gøymt honom.» – «Kvar kan eg hava gøymt honom, herre?» seier Traain. 160«Det veit du best,» seier jarlen; «men um eg skal gjeta paa, so tenkjer eg du hev havt honom gøymt i vatskjeraldi her ved skipet.» – «Eg vil ikkje de skal hava meg mistrudd for lygn,» seier Traain; «helder vil eg de skal leita etter paa skipet.» Daa fór jarlen upp paa skipet og leita, men fann ingen ting. Traain mælte: «Held de meg no fri, herre?» – «Langt ifraa,» seier jarlen; «men ikkje veit eg, kofor me ikkje finn honom; eg tykkjest sjaa alt so skileg, naar eg er i land, men naar eg kjem her, so ser eg ingen ting.» Han let dei ro seg i land att. Han var so vond, at han var ikkje talande aat. Svein, son hans, var med honom. Han sa: «Det er eit undarlegt lynde det, skapa seg paa uskyldige folk.» Jarlen gjekk sameleis i einrøme no og, fraa dei andre; kom so att og sa: «Me skal ro utpaa aat dei endaa ein gong.» Dei gjorde so. «Kvar tru han hev vore gøymd?» seier Svein. Jarlen mælte: «Det kvittar eitt no, for han er fraa der att. Det laag tvo sekkjer attved bunkarne, og Rapp hev nok vore lagd inni i staden for dei.» Traain tok til ords: «Der set dei skuta utpaa att, og etlar seg nok hit att til os. No skal me taka honom ut or bunkarne og leggja anna i staden, men lata sekkjerne liggja lause lell.» Dei gjorde so. Daa mælte Traain: «No gøymer me Rapp i seglet, som er bunde upp under raai.» Dei gjorde so. Jarlen kjem no til skipet. Han var aalvreid, og mælte: «Vil du no koma fram med mannen, Traain? no er det verre en fyrr.» Traain svarar: «For lenge sidan hadde eg kome fram med honom, hadde han vore i mi varveitsla – elder kvar kan han hava vore?» – «I bunkarne,» seier jarlen. «Kvi leita de ikkje etter honom der daa?» seier Traain. «Ikkje kom det fyre meg,» seier jarlen. Sidan leita dei etter honom yver heile skipet, men fann honom ikkje. Daa mælte Traain: «Vil de no taka 161meg fri, herre?» – «Visst ikkje,» seier jarlen, «for eg veit, at du hev gøymt mannen, endaa eg ikkje kan finna honom. Men eg vil helder at du gjer deg til nidding mot meg, en eg mot deg.» Jarlen fór daa til lands. «No tykkjest eg sjaa,» seier jarlen, «kvar Traain hev gøymt Rapp.» – «Kvar?» seier Svein, son hans. «I seglet,» seier jarlen, «som var bunde upp under raai.» Daa vart det bør, og Traain siglde ut or fjorden og til havs. Daa mælte han dette, som hev vore uppatt-havt lenge etter:

«Lat han gøysa, Gammen,
han gjev ikkje vik, Traain!»

Men daa jarlen spurde ordi hans Traain, mælte han: «Ikkje kom dette av faavit paa mi sida, men fraa detta sambandet deira, og som dreg til bane aat dei baae.» Traain var ikkje lang stundi paa havet, kom til Island og fór heim aat garden sin. Rapp fylgde med Traain og vart verande hjaa honom den vintren. Men um vaaren fekk Traain honom bustad paa Rappstad, og der vart Rapp buande. Lengste tidi var han likevel paa Grjotaa, og der var det som han skjepla alt. Det sa sume, at det var venskap med Hallgjerd og honom, og at han forlokka henne, men sume sa imot det. Traain gav Môrd Urøkja, frenden sin, skipet sit. Det var denne Môrd som drap Odd Halldorson aust i Gautavik i Berufjorden. Alle frendarne hans Traain heldt no honom for hovdingen sin.




89.

No er det aa taka til att der, daa Traain kom seg unda Haakon Jarl. Jarlen mælte daa ved Svein, son sin: «Me tek fire langskip og fer aat Njaalssønerne og drep dei; for dei hev visst um med Traain.» – «Dét er ikkje nokor god raad, «seier Svein, «aa snu saki mot uvaldande menner, og lata den sleppa unda som ber 162skuldi for alt.» – «Eg skal raa i dette,» seier jarlen. Dei held daa ut etter Njaalssønerne, leitar etter dei og finn dei under øyi. Grim saag skipi aat jarlen fyrst og mælte til Helge: «Det kjem herskip her, og eg kan sjaa det er jarlen som kjem farande – og han byd os nok ingen fred.» – «Det er mælt,» seier Helge, «at velgjort gjer den som vêr seg, kven han so hev imot seg. Me skal og verja os.» Alle bad honom raa for det, og dei tok vaapni sine. Jarlen kjem no aat og ropar aat dei, at dei skal gjeva seg. Helge svarar, at dei vil verja seg med dei er god-til. Jarlen baud grid alle som ikkje vilde vera med Helge og verja seg. Men so vensæl var Helge, at dei helder vilde døy med honom alle. Jarlen med sine menner søkjer no aat. Men hine vêr seg vel, og Njaalssønerne var jamnan der som det røyntest mest. Jarlen baud dei ofte grid. Dei svara støtt det sama og sa, at aldri vilde dei gjeva seg. Daa gjekk han hardt paa dei, Aslak fraa Langøy, lendermannen til jarlen, og kom upp paa skipet tri gonger. Daa mælte Grim: «Du søkjer hardt aat; det vøre vel, um du fekk for umaken.» Grim tok upp eit spjot og skaut under kverken paa honom, og det var dauden straks. Lite etter drap Helge Egil, merkesmannen aat jarlen. Daa søkte Svein Haakonson aat og let dei kverrsetja med skjoldar, og daa vart dei handtekne baae Njaalssønerne. Jarlen vilde lata drepa dei straks, men Svein vilde ikkje det skulde gjerast, og sa det var natt. Daa mælte jarlen: «So drep dei i morgo, men bind dei sterkt i natt.» – «Det fær vel so vera,» seier Svein; «men ikkje hev eg møtt stautare karar fyrr, og det er stor mannskade aa taka dei fraa livet.» Jarlen mælte: «Dei hev drepe tvo av raskaste mennom vaare, og dei skal me hemna med det at desse vert drepne.» «So mykje raskare karar var dei daa,» seier Svein; «men kor som er lyt dette 163verta som du vil.» Dei vart bundne og fjetra. Etter dette sovna jarlen og hans menner. Men daa dei var sovna, mælte Grim ved Helge: «Burt vilde eg koma meg, um eg kunde.» – «Ja, lat os finna paa ein utveg daa,» seier Helge. Grim seier, at det ligg ei øks nær honom med eggi upp. Han dreg seg burtaat der og fær skore av seg bogestrengen med øksi; men han fekk og store saar paa henderne. So løyste han Helge. Etter det skreidde dei seg yver bord og kom seg i land, so jarlen og hans folk ikkje vart var det. Dei braut av seg fjetrorne og gjekk yver øyi burt paa andre sida. Daa tok det til aa dagast. Der fann dei eit skip, som dei kjende; det var Kaare Solmundson som var komen. Dei skunda seg dit han var, sa honom, korleis jarlen hadde fare med dei, synte honom saari sine, og fortalde, at no laag jarlen og sov. Kaare mælte: «Det er ille, naar dei som saklause er skal faa lida for ratamenner. Kva tykkjer de no helst skulde gjerast?» – «Fara aat jarlen og drepa honom,» sa dei. «Ikkje vert me lagje til det,» seier Kaare, «endaa um det ikkje vantar dykk heilhug. Men me skal faa vita, um han er der no.» Dei fór dit, men daa var jarlen burte. Kaare fór inn til Hlade og førde jarlen skatten hans. Jarlen mælte: «Hev du teke Njaalssønerne aat deg?» – «So er det,» seier Kaare. «Vil du lata meg faa dei?» seier jarlen. «Det vil eg ikkje,» seier Kaare. «Vil du sverja, at du ikkje etter det tenkte deg til aa taka paa meg?» Daa mælte Eirik, son til jarlen: «Slikt er ikkje noko aa røkja etter; Kaare hev støtt vore ven vaar, og det skulde ikkje vore fare soleis aat, hadde eg vore ved. Njaalssønerne skulde daa gjenge fri alt forfang; men dei skulde fenge refsingi som til hadde gjort. Som det no er, skulde eg tru det var skaplegare aa gjeva Njaalssønerne æresgaavor til bot for uretten og for saari.» Jarlen mælte: «Ja, det 164er visst; men eg veit ikkje, um dei vil taka mot semja.» Daa mælte jarlen til Kaare, at han skulde sjaa aat og faa semja med Njaalssønom. Sidan tala Kaare ved Helge, um han vilde taka mot sømder av jarlen. Helge svarar: «Eg vil taka det av Eirik, son hans, men jarlen vil eg ikkje hava meir med aa gjera.» Kaare sa Eirik svaret aat brørom. «So skal det vera,» seier Eirik, «at dei tek imot sømderne av meg, naar dei tykkjer betre um det; og seg dei det, at eg bed dei aat meg, og far min skal ikkje noko mein gjera dei.» Det tok dei imot, og dei var hjaa Eirik, til des Kaare var buen til aa sigla vester ut. Daa gjorde Eirik ei veitsla for Kaare og gav honom og Njaalssønerne gode gaavor. Sidan fór dei og Kaare vest yver havet til Sigurd Jarl. Han tok imot dei paa det beste, og dei vart verande der um vintren. Men um vaaren bad Kaare dei vera med honom paa herferd. Grim sa, at det vilde dei, um han etterpaa vilde fara med dei til Island. Kaare lova det. Fór dei so med honom paa herferd. Dei herja sudpaa kring Angelsøy og alle Sudrøyarne. Dei styrde til Satiri,Oversetternote: Satiri elder Santiri: halvøyi Cantyre ved Clyde-fjorden i Skotland. – Med Bretland var meint berre Wales i den tid. gjekk paa land og slost ved landsfolket der, vann mykje gods, og fór so til skips. Fraa der heldt dei sudetter til Bretland og herja der. So fór dei til Man. Der møtte dei Gudrød, konge paa Man. Honom slost dei med og vann, og drap Dungal, son aat kongen. Der tok dei mykje gods. Fraa der fór dei nord til Kola,Oversetternote: ei av Sudrøyarne. aat Gille Jarl. Han tok vel imot dei, og der vart dei verande ei tid. Jarlen fylgde dei aat Orknøyarne, til dei kom aat Sigurd Jarl. Men um vaaren gifte Sigurd Jarl Nereid, syster si, med Gille Jarl. Han fór daa aat Sudrøyarne.




90.

165Denne sumaren budde Kaare og Njaalssønerne seg til aa fara til Island. Daa dei var reiseferduge, gjekk dei fram for jarlen. Han gav dei gode gaavor, og dei skildest som dei beste vener. Dei drog til havs, og dei var ikkje lenge paa ferdi; for dei fekk god bør. Dei kom inn ved Øyrarne. Der fekk dei seg hestar og reid fraa skipet til Bergtorskvaal. Daa dei kom heim, vart det stor gleda paa alle. Dei flutte godset sit heim og drog upp skipet og sette det paa lunnar. Kaare var hjaa Njaal den vintren. Men um vaaren bad Kaare um Helga, dotter aat Njaal. Grim og Helge styrkte til, og det vart so ho vart fest Kaare; brudlaupet vart avtala, og det stod ein halv maanad fyre midsumar. Dei heldt til hjaa Njaal den vintren. Men um vaaren kjøpte Kaare seg land paa Dyrholmarne aust i Mydal og sette bu der. Dei fekk ein raads-kar og ei raads-kona til aa staa fyre der, men sjølve var dei hjaa Njaal.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Njaala (elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans)

Njaala/Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans/Njåls saga er den største av islendingesagaene. Den ble skrevet ned på slutten av 1200-tallet, trolig basert på historiske hendelser iblandet diktning og vandrehistorier. Teksten er bevart i en rekke manuskripter, for eksempel i håndskriftet Möðruvallabók, som også inneholder teksten til ti andre islendingesagaer.

Handlingen foregår for det meste på Island i tiden rundt år 1000, og skildrer livene til Gunnar Hammundarsson fra Lidarende og Njål Torgeirsson. De to mennene er svært forskjellige, men har et sterkt vennskap. Vennskapet settes dog stadig på prøve når slektningene deres ofte egger til strid og uvennskap. Sagaen handler også om overgangen fra hedenskap til kristendom.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.